<F> Fitjar kommune Postboks 83 5418 Fitjar HORDALAND FYLKESKOMMUNE Postboks 7900 5020 BERGEN Høyringssvar - etablering av Vestlandsregionen Vedlagt følgjer eit brev frå Fitjar kommune. Fitjar kommune sender posten digitalt. Posten blir distribuert til innbyggjaren sin digitale postkasse hjå Digipost eller eboks, eller til Altinn. Mottakaren får varsel via sms og e-post om at dokumentet kan lesast i den valde postkassen eller i Altinn. Innbyggjarar blir oppmoda om å oppretta ein digital postkasse. Dette kan gjerast på nettstaden www.norge.no. Verksemder og organisasjonar kan lesa dokumentet elektronisk i «Min meldingsboks» i Altinn via rollen «Kommunale tjenester». Varsel blir sendt via sms til registrert mobilnummer eller til registrert e- postadresse. Dokument som ikkje er opna i Altinn innan to verkedagar etter at det er tilgjengelig i meldingsboksen, blir skrive ut og sendt via Posten. For meir informasjon på nett, sjå www.fitjar.kommune.no/digitalpostkasse Dersom du har spørsmål kan du senda e-post til fitjar@fitjar.kommune.no eller ringja til 53 45 85 00. Med helsing Fitjar kommune
<F> HORDALAND FYLKESKOMMUNE Postboks 7900 5020 BERGEN Dykkar ref: Vår ref: Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2016/737 Andreas Moe Larsen 020 21.11.2016 Høyringssvar - etablering av Vestlandsregionen _ Det blir vist til brev frå Hordaland fylkeskommune dagsett 14.10.2016 med høyring av intensjonsplan for etablering av Vestlandsregionen. Fitjar kommunestyre gjorde 16.11.2016 samrøystes vedtak i saka: 1. Fitjar kommune støttar samanslåinga av fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestlandsregionen, som skildra i intensjonsplanen. 2. Dersom ei slik samanslåing ikkje lukkast, skal Fitjar kommune vera del av Hordaland fylke eller den regionen som Hordaland vert del av. 3. Fitjar kommune ønskjer at Vestlandsregionen skal ha nynorsk som målform. 4. Fitjar kommune ønskjer at tannhelsetenesta skal bli overført til kommunane, og meiner denne tenesta ikkje skal vera premissgjevande for ei samanslåing av fylka. Med helsing Fitjar kommune Andreas Moe Larsen assisterande rådmann Dette dokumentet er elektronisk godkjent og sendt utan signatur Vedlegg: 1 Særutskrift Høyring - etablering av Vestlandsregionen Kopi til: ROGALAND FYLKESKOMMUNE Postboks 130 Sentrum 4001 STAVANGER Postboks 83, 5418 FITJAR E-post: fitjar@fitjar.kommune.no Rådmannen Telefon: 53 45 85 00 Fitjar kommune Org.nr. 944 073 310 Direktetlf. 53458511
<F> Fitjar kommune Arkivkode: 020 Saksmappe: 2016/737 Sakshandsamar: Andreas Moe Larsen Dato: 26.10.2016 MØTEBOK Høyring - etablering av Vestlandsregionen Utval sak Utval Møtedato 80/16 Formannskapet 09.11.2016 64/16 Kommunestyret 16.11.2016 Vedlegg: Bakgrunn: Stortinget handsama St.meld. 14 (2014-15) «Kommunereforma nye oppgåver til større kommunar» i vårsesjonen 2015, og vedtok å invitera fylkeskommunane inn i kommunereforma Med grunnlag i vedtaket i Stortinget vart fylkeskommunane, i brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet 02.07.2015, inviterte til å «ta nabosamtalen» og å fatta vedtak om strukturendringar på regionalt nivå i løpet av hausten 2016. Som ei oppfølging av denne invitasjonen er det gjennomført nabosamtalar og forhandlingar om ein intensjonsplan for samanslåing av fylkeskommunane Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland til ein ny Vestlandsregion. Fylkestinget vedtok 05.10.2016 å legge denne intensjonsplanen ut på høyring før endeleg vedtak om etablering av Vestlandsregionen på fylkestinget i desember 2016: «Fylkestinget ser på forhandlingsresultatet i intensjonsplanen for samanslåing av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar som eit godt utgangspunkt for endeleg handsaming av etablering av Vestlandsregionen på fylkestinget i desember 2016.» Med grunnlag i vedtaket har Hordaland fylkeskommune sendt intensjonsplanen for etablering av Vestlandsregionen ut på open høyring, og ønskjer synspunkt på om Hordaland fylkeskommune bør inngå i eit nytt regionalt folkevald nivå saman med fylkeskommunane Rogaland og Sogn og Fjordane. Intensjonsplanen med tilhøyrande dokument er lagt ut på www.hordaland.no/regionreform. Høyringsfristen er 30.11.2016, og saka skal handsamast i fylkestinget i desember. Rogaland fylkeskommune sin høyring er å finna her: http://www.rogfk.no/aktuelt/regionreformen-paa-hoering. Intensjonsavtalen skildrar korleis den nye regionen skal utvikla Vestlandet vidare, som eit regionalt folkevald nivå frå 01.01.2020. Det overordna målet med samanslåinga er at «Vestlandsregionen skal vera ein sterk, attraktiv og kompetent samfunnsutviklar og tenesteytar under regional folkevald styring». Det er sett fram seks hovudmål med delmål: 1. Sterkare demokrati gjennom ein ny folkevald region Vestlandsregionen skal ha større demokratisk påverknad regionalt og nasjonalt, og skal sikre fleire statlege ressursar, etableringar og prioriteringar på Vestlandet enn det fylkeskommunane kunne fått til kvar for seg
Delmål: Viktige samfunnsoppgåver blir overførte frå statleg til regionalt folkevalt nivå, og desse vert sett i samanheng med fylkeskommunane sine noverande oppgåver og ansvarsområde. Politiske og administrative nettverk skal vidareutviklast og styrkast. 2. Framtidsretta samfunnsutvikling på Vestlandet Vestlandsregionen skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke byområde. Delmål I samarbeid med kommunar og andre samfunnsaktørar skal Vestlandsregionen sikre busettingsmønster, attraktivitet og eit allsidig næringsliv i heile regionen. Vestlandsregionen leier ein regional partnarskap som utviklar berekraftige og miljøvenlege byområde som sentra for næringsliv, kultur og høgare utdanning. Verkemiddelapparatet for næringsutvikling og innovasjon skal i større grad bygge opp under dei regionale partnarskapane sine satsingsområde. Vestlandsregionen skal medverke til å etablere ein god og tydeleg balanse mellom dei store byområda. 3. Høg kvalitet i tenestene Vestlandsregionen skal vidareutvikle og sikre høg kvalitet i dei regionale tenestene til innbyggjarane, organisasjonane og næringslivet på Vestlandet. Delmål Vestlandsregionen skal tilby brukarnære og gode tenester innanfor ein effektiv og desentralisert tenestestruktur. 4. Strategisk infrastrukturbygging Vestlandsregionen skal sikre ein framtidsretta infrastruktur på Vestlandet, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet og ut i Europa. Delmål Vestlandsregionen skal gjennom ei kontinuerleg satsing på infrastruktur og kommunikasjonar nytte synergiar mellom vekstkraftige sentra og omlandet betre. Auka samhandling og utvida bu- og arbeidsmarknadsregionar skapar sjølvgenererande vekst- og utvikling. Realisering av opprusta og ferjefri E39 vil vere ein viktig faktor for å utvikle Vestlandet som nasjonal vekstregion. Vestlandet er samla om at det er vesentleg med gode sambindingsvegar aust-vest, og at dei hovudkorridorane som vert valde dekker regionen samla best muleg. Gjennom strategisk infrastrukturplanlegging skal vi i større grad få tilgang til, og nytte, tilgjengelege ressursar og all tilgjengeleg kompetanse i regionen. Eit sentralt element i satsinga er ein sterkare digital infrastruktur, noko som styrkar regionen sin attraktivitet for busetnad og næringsetableringar. 5. Kultur og identitetsbygging Vestlandsregionen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, utan at dette går ut over innbyggarane sin identitet til lokalsamfunna dei bur i. Vestlandsidentiteten har lange historiske tradisjonar. Frå demokratisk samling og utvikling i mellomalderen til å vere ein landsdel med stor grad av internasjonalt samarbeid og handel i vår tid. Nynorsk har vore, og er, ein viktig felles identitetsbyggar. Lokale skilnader i kultur vil, og skal framleis vere, viktig og eit felles mål å ta vare på. Delmål Vestlandsregionen skal utviklast som merkevare og symbol. Eit breitt og mangfaldig kulturtilbod skal sette Vestlandsregionen på kartet som ein sterk og inkluderande kulturformidlar. 6. Berekraftig forvaltning av samla ressursar
Vestlandsregionen skal, innanfor strukturane som vert valde, sikre ei betre forvaltning av dei samla ressursane på Vestlandet enn dagens fylkeskommunar gjer kvar for seg, der kompetansen og ressursane i heile regionen vert nytta. Delmål Naturgjevne føresetnader og menneskelege ressursar på Vestlandet skal nyttast på ein heilskapleg og berekraftig måte. Faglege og administrative ressursar i Vestlandsregionen skal nyttast gjennom ei desentralisert organisering og effektiv samhandling. Intensjonsplanen listar opp premiss for samanslåinga: a. Viktige samfunnsoppgåver blir overført frå statleg til regionalt folkevalt nivå, og desse vert sett i samanheng med sentrale oppgåver og ansvarsområde som fylkeskommunane no har. b. Det er ein føresetnad at ansvaret for kollektivtransport og vidaregåande opplæring framleis skal liggje til regionen/fylkeskommunane. c. Regionen skal ha ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta. d. Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar føreset at fylka i sin heilskap inngår i den nye Vestlandsregionen. e. Dei tre fylkeskommunane legg til grunn at fylkesmannsembetet får ei organisering og ei regional inndeling som samsvarer med det nye folkevalde regionale nivået sin geografiske struktur. Det vert lagt til grunn at fylkesmannsembetet skal ha ei desentralisert forvaltning lokalisert i dagens fylke, med leiing frå Sogn og Fjordane. Den politiske leiinga består av eit regionting med 71 representantar, eit regionutval og fire fagdelte hovudutval. Regionen skal vera ein valkrins for fylkestings- og stortingsval. Bergen blir administrasjonssenter for Vestlandsregionen. Rådmannen og politisk leiing blir lokalisert her. Næring, opplæring og kollektivtransport blir lagt til Rogaland, medan veg og kultur blir plassert i Sogn og Fjordane. Det blir oppretta eit fond for Sogn og Fjordane, som skal byggjast opp fram til samanslåinga i 2020, mellom anne med midlane frå salet av Fjord1 AS. Fondsmidlane skal ikkje overstiga 1,5 mrd. kroner, og skal forvaltast av regiontinget eller eit eige fondsstyre. Det er ikkje avklart kva som skal vera målforma i den nye regionen, men det står i intensjonsplanen at «Nynorsk har vore, og er, ein viktig felles identitetsbyggar». Vurdering: Ein sterk Vestlandsregion vil truleg kunna driva meir aktiv samfunnsutvikling. Ei aktiv samfunnsutvikling krev einingar som kan handtera gjennomgripande heilskapstenking der ein ser på tvers av geografiske grenser, forvaltningsnivå og sektorar. Større breidde og djupne i kompetanse vil gje betre tenester og forvaltning og gjera regionen rusta til å konkurrera både med andre norske regionar og med europeiske regionar. Ein sterk Vestlandsregion kan demma opp for sentralisering mot Austlandet og skapa meir mangfald og balanse i eit nasjonalt perspektiv. Med intensjonsplanen vil Sunnhordland verta ein sentralt plassert del av ein større Vestlandsregion. Ein unngår at regionen vert splitta, og regionen kan saman med Haugalandet vidareutvikla eit bu- og arbeidsmarknad mellom Bokken og Bjørnen. Når Rogfast og Hordfast kjem vil Bergen og Stavanger koma tettare på kvarandre og dette kan gje ei positiv utvikling for ein ny Vestlandsregion. Ein ny Vestlandsregion, med folkevald forankring, vil kunna styrkja demokratiet og fremja maktspreiing. Rådmannen meiner det vil vera positivt for alle dei tre fylka å samlast i ein region. Langs kysten på Vestlandet er det stor verdiskaping og mykje eksportretta industri, og utfordringsbiletet er samanfallande i dei tre fylka. Dei petromaritime næringane er svært viktige for Sunnhordland, og svært viktige for Vestlandet som heilskap. Ein vil difor lokalt dra nytte av at Vestlandsregionen vil vera opptatt av desse næringane.
Ein føresetnad er likevel av det vert lagt til nye oppgåver både som samfunnsutviklar og tenesteprodusent. Rådmannen legg til grunn at fylkeskommunane kvar for seg er store nok til å handtera dagens driftsområde, og at statlege oppgåver som ikkje kan overførast til kommunane må vurderast overført til regionane. Endringa kan føra til at vedtak blir gjort lengre vekke frå den vedtaket gjeld enn i dag. Det må difor leggjast opp til styrka medverknad i vedtaksprosessar, og at kommunane i større grad blir høyringsinstans i saker som gjeld eigne innbyggjarar eller næringsliv. Betre samferdsle og auka bruk av kommunikasjonsteknologi vil redusera effekten av større avstand. Fylkeskommunane set som premiss at dei skal ha ansvar for tannhelsetenesta i framtida. Fitjar kommune har tidlegare vedteke at ein ønskjer denne tenesta overført til kommunane. Rådmannen meiner denne tenesta ikkje bør vere eit premiss for samanslåing mellom fylka. Eit alternativ som Rogaland fylkeskommune har sendt på høyring, er at regiongrensa samsvarar med grensene for politidistrikta. Dette gjev at Fitjar, saman med Stord, Bømlo, Etne og Sveio blir del av Rogaland. Rådmannen meiner dette ikkje er akseptabelt, og kjem difor med framlegg om at høyringssvaret òg blir sendt til Rogaland fylkeskommune. Rogaland fylkeskommune viser til at Stord og Fitjar (men ikkje Bømlo) er vedteke flytta til Vest politidistrikt når Hordfast er på plass, men det er ikkje avklart kva det har å seie for grensedraginga før dette. Som Fitjar kommune har vedteke i samband med sakene om nærpolitireforma, plassering av hovudsete i Sør-Vest politidistrikt, inndeling 110-regionar og inndeling av fylkesmannsembete, ønskjer Fitjar kommune å vera del av same region som resten av Hordaland fylke. Det er difor oppsiktsvekkjande at Rogaland fylkeskommune kjem med eit slikt framlegg utan at dei aktuelle kommunane er informert, og mot kommunane sine meiningar i saka. Dei kommunane som ei slik inndeling i størst grad vil påverka, er ikkje høyringsinstans i saka. Det er og viktig å understreke at Stortinget har vedteke at kommunane Stord, Bømlo og Fitjar skal verta del av Vest politidistrikt (med Bergen som administrasjonsstad) når dei store transportløysingane (Hordfast) er på plass. Dersom bygging av forventa transportløysingar ikkje er starta innan 2023, skal ein likevel vurdera å leggja Bømlo, Fitjar og Stord til politidistrikt Vest. Sunnhordland samhandlar i større grad med Hordaland og Bergen enn med Stavanger. Reiseavstanden mellom Sunnhordland og Bergen er betydeleg kortare enn til Stavanger, og med ferjefri kyststamveg vil det vera mogleg å bu i Sunnhordland og arbeida i Bergensregionen og omvendt. Innbyggjarane i Sunnhordland oppfattar seg som hordalendingar, og denne identiteten er viktig for dei. Ei deling av Sunnhordland i ulike regionar vil i tillegg gjera det innarbeidde samarbeidet mellom sunnhordlandskommunane vanskelegare. Då vert kommunane spreidd i ulike statlege organiseringar som no, men i tillegg tilhøyrande to regionar. Ein konsekvens av dette er at Sunnhordland truleg ikkje kan fortsetja å opptre som ein samla region. Det er ikkje teke stilling til kva målform den nye regionen skal nytta, noko som har skapt debatt. Rådmannen meiner det er viktig for Fitjar kommune å arbeida for at nynorsk skal vera administrasjonsspråk. Regionen inneheld mange kjerneområde for nynorsk i landet, og regionen har difor eit særskilt ansvar for målforma. Det er i tillegg mange fleire nynorskkommunar enn bokmålskommunar i regionen samla sett. Rådmannen meiner val av målform er eit svært viktig spørsmål, men meiner likevel ikkje at ein bør setja nynorsk målform som føresetnad for samanslåinga. Framlegg til vedtak/tilråding: 1. Fitjar kommune støttar samanslåinga av fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestlandsregionen, som skildra i intensjonsplanen. 2. Dersom ei slik samanslåing ikkje lukkast, skal Fitjar kommune vera del av Hordaland fylke eller den regionen som Hordaland vert del av. 3. Fitjar kommune ønskjer at Vestlandsregionen skal ha nynorsk som målform.
4. Fitjar kommune ønskjer at tannhelsetenesta skal bli overført til kommunane, og meiner denne tenesta ikkje skal vera premissgjevande for ei samanslåing av fylka. Behandling i Formannskapet - 09.11.2016: Ordførar Wenche Tislevoll (H) orienterte om bakgrunn for saka. Formannskapet drøfta saka. Tilråding til kommunestyret: (Samrøystes) 1. Fitjar kommune støttar samanslåinga av fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestlandsregionen, som skildra i intensjonsplanen. 2. Dersom ei slik samanslåing ikkje lukkast, skal Fitjar kommune vera del av Hordaland fylke eller den regionen som Hordaland vert del av. 3. Fitjar kommune ønskjer at Vestlandsregionen skal ha nynorsk som målform. 4. Fitjar kommune ønskjer at tannhelsetenesta skal bli overført til kommunane, og meiner denne tenesta ikkje skal vera premissgjevande for ei samanslåing av fylka. Behandling i Kommunestyret - 16.11.2016: Vedtak: (Samrøystes 16 røyster) Som framlegg. Atle Tornes Rådmann Saksframlegget er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.