MØTEPROTOKOLL Arbeidsmiljøutvalet AM U Møtedato: 24.05.2016 kl. 12:00-13.20 Møtestad: BK 220 Arkivsak: 15/00145 Møtt : Øyvind Hagen ( møteleiar i dette møtet) Henriette Hafsaas Tsakos, vara for Aud Folkestad Ingunn Welle Arne Myklebust Marit Holstad Aarsæther Reidulf Ottar Botn Elin Øye Halkjelsvik Nina Cathrin Garshol( Observatør) Hennie Anett Viseth, Stamina bedriftshelseteneste Forfall : Jacob Kjøde, grunna at melding om fråfall vart gitt 24.mai v art ikkje vara kalla inn Protokollfør a r: Solbjørg Nossen Leite 1
SAKLISTE Saksnr Sakstittel Side ssaker 11/16 Godkjenning av innkalling og protokoll etter AMU-møte 16.02.16 2 12/16 AKAN 3 13/16 Rapport frå BHT 4 14/16 HMS-dag 5 15/16 Sjukefråvær 6 Orienteringssaker 5/16 Status ARK 7 6/16 Status vernerundar 2015 7 7/16 Opplæring HMS 2016 7 8/16 Ny inndeling av verneområde 7 9/16 Status ombygging Kaarstad-huset 7 11/16 Godkjenning av innkalling og protokoll etter AMU-møte 16.02.16 Innkalling og referat frå førre møte vart godkjent utan merknader. 2
12/16 AKAN Hildegunn Sagvaag deltek i internopplæring om rus og arbeid, 8. november. Målgruppa er leiarar, verneombod, tillitsvalde og AMU-medlemmer. Arbeidsutvalet sender ut invitasjon hausten 2016. Hovudverneombod Øyvind Hagen orienterte kort om Alor-samling i Molde. Alornettverssamling i Møre og Romsdal er organisert av Kompetansesenteret rus Midt Norge og Ålesund og Molde behandlingssenter. Målgruppa er alle som gjennom arbeid er i kontakt med problemstillinga rus og arbeid. Samlinga var nyttig, og det vil bli prioritert å vere med på vidare samlingar. 3
13/16 Rapport frå BHT Tenester er så langt i år levert som avtalt. Oppfølging etter ARK er planlagt. BHT har delteke i dialogmøte etter innkalling. Arbeidsplassvurderingar har blitt gjennomført etter behov. Kurs i medarbeidarsamtale er gjennomført. AMU tek orienteringa til vitande. 4
14/16 HMS-dag Fagmiljøet ved Idrett- og friluftsliv bidreg på HMS-dagen 2017, tidspunkt januar-mars. Det blir lagt opp til tre timar med ulike aktivitetar samt lett servering. Arbeidsutvalet undersøker om Institutt for realfag, mat, kosthald og helse, også kan vere med. BHT informerte om at dei kan delta med ulike tilbod: «Mini-helsekontrollar» som inneheld måling av blodtrykk, kolestrol og blodsukker. Måling av vekt som viser kroppsmasse. Korte førstehjelpskurs med aktuelle tema. AMU tek med informasjonen i den vidare planlegginga av HMS-dagen. HMS-rådgivar undersøker om det kan søkast om midlar frå NAV-arbeidslivssenter for å støtte tiltaket. 5
15/16 Sjukefråvær Personaldirektør informerte om at oppfølging av sjukmelde er ein del av leiaropplæringa ved HVO. Personalkontoret og BHT deltek i oppfølginga ved behov eller ynskje. Tilrettelegging er alltid tema i oppfølginga. God dialog om behov for tilpassing av arbeid grunna livsfase eller kronisk sjukdom kan førebygge fråvær. BHT informerte om at det er viktig å vere «tett på», dvs halde god kontakt med tilsette som er sjukmelde. Økonomidirektør informerte om at 2/3 av kostnadane ved HVO er knytt til lønn. Statistikkar som viser kostnadane knytt til sjukefråvær er ønskeleg. Ønsket blir formidla til IT som jobbar med saka. AMU tek orienteringa til vitande. 6
Saknr Arkivsak Tittel 5/16 15/01301-5 Status ARK 6/16 15/01067-11 Status vernerundar 2015 Det er ynskje om at det blir gitt tilbakemelding frå drift til leiar om status i saker der det er bestemt at drift skal følgje opp. Hovudverneombod og HMS-rådgivar tek opp saka med driftssjef og eventuelt høgskuledirektør for å få på plass ein rutine som sikrar ryddig saksgang. 7/16 14/00644-15 Opplæring HMS 2016 8/16 16/00497-3 Ny inndeling av verneområde 9/16 14/01431-6 Status ombygging Kaarstad-huset: Ombygging er venta ferdigstilt 9.juni. Huset er klart for innflytting 13.juni, med unntak av handicap-toalett i 1.etg. og deler av kjellar, dette vil bli ferdigstilt 20.juni. Kortlås vil bli montert så snart ombygginga er ferdig, då vil bygget vere tilgjengeleg for alle tilsette. - Det er gjort litt endringar i rom-inndelinga - Alle undervisningsrom er universelt utforma med teleslynger, ny armatur, nytt AV-utstyr og nye stolar og bord - Alle rom er isolerte med branngips og mala, trinnlyd plater er montert - Ventilasjonen er ny i heile bygget - AHL skal stort sett disponere dei 13 undervisningsromma, romma ligg i time-edit - 4 undervisningsrom skal fortsatt vere igjen i Sunnmørsheimen - Uavklara kva som skal skje med ting som ligg lagra i container og som ikkje skal brukast til undervisning. - Uteområde: Ventar med asfaltering grunna økonomi - Offisiell opning 16.august? 7