HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Opplærings- og helseutvalet Dato: 23. august 2011 Kl.: 11.00 13.30 Stad: Møterom Sunnhordland 4. etg. Fylkeshuset, Bergen Saknr.: 31/11-37/11 MØTELEIAR Femoen, Dan Stian (H) DESSE MØTTE Robberstad, Hans Otto (A) Haraldsen, Guro Fosse (A) Aakvaag, Bjørn Arne (FRP) Femoen, Dan Stian (H) Hellesøy, Aslaug (KRF) Sørland, Even Oleson (R) Sylta, Lene Fløysand (SP) Oen, Aud Karin (SV) Christensen, Joril (A) Klepsvik, Renate Møgster (FRP) Tangen, Ottar Magnar (FRP) Brunsvik, Linda Rongved (H) Nilsen, Tom-Christer (H) FORFALL Johnson, Jan (A) Fosse, Rosalind (FRP) Schjelderup, Cathrine E (H) Stenseide, Roald (FRP) Nilssen, Jan Arthur (H) DESSUTAN MØTTE Opplæringsdirektør Inger Øvsthus Tønder Inntaksleiar Nils Skavhellen Fagopplæringssjef Inge Alver Seniorrådgjevar Petter Borthen Seniorrådgjevar Linda Farestveit Leiar HMT Ruth Brudvik Utvalssekretær Øydis Rydland Ziem MERKNADER TIL INNKALLINGA Innkallinga vart godkjend utan merknader 1
GODKJENNING AV SAKLISTA Saklista vart godkjend utan merknader GODKJENNING AV MØTEBOKA 31.05.11 Møteboka vart godkjend med følgjande merknad: Even O. Sørland (R ) stemte imot at melding 40/11 ikkje vart handsama som sak. YMSE Markering av tragedien i Oslo og på Utøya 22. juli 2011. Tre elevar ved vidaregåande skular i Hordaland mista livet på Utøya 22. juli, og Opplærings- og helseutvalet markerte tragedien med eitt minutts stillhet før møtet starta. Inntak 2011/2012. Inntaksleiar Nils Skavhellen informerte om status rundt inntaket til vidaregåande skole 2011/2012. Sommerskolen 2011. Seniorrådgjevar Petter Borthen orienterte om gjennomføringa av Sommerskolen 2011(jfr. melding 59/11). OPEN TIME Aud Karin Oen sette fram følgjande oversendingsforslag: Opplærings- og helseutvalet ber om at det vert utgreidd sak i høve til at dei vidaregåande skulane opnar sine anlegg for bruk på kveldstid. Dette sett i høve til: Folkehelseperspektivet Hallkapasiteten i Bergen er låg og unytta og tomme lokale bør stillast til disposisjon Samarbeid med idrettskretsar osv. Even O. Sørland sette fram følgjande oversendingsforslag: Helleren-prosjektet, der Hordaland Fylkeskommune og Bergen kommune saman skal byggja svømmeanlegg og ny vidaregåande skule, er kraftig forseinka og vil få langt større kostnader enn opphavleg budsjettert. Bergen har bestilt ein rapport om prosjektet Kvalitetssikringsrapporten. Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune har fått kvar sin rapport fordi dei er byggherrar for kvar sin del. Bystyret har fått rapporten og skal behandle den neste veke. Forslag: Fylkeskommunens rapport sendast (på raudt papir) til utvalsmedlemene snarast mogleg. Linda Rongved Brunsvik stillte spørsmål vedk. spanskundervisninga i den vidaregåande skolen. Opplæringsdirektøren kjem tilbake med svar i neste møte i OPHE. 2
MELDINGAR Periode: 01. juni 2011-23. august 2011 Nr. Arkivsak Referatsakstittel 48/11 201007890-6 Forslag til rammer for organisering av framtidig TAF-opplæring 49/11 200903349-26 Forskningsrapport "Sjukefråvær i den vidaregåande skulen - Korleis blir det opplevd av lærarane?" Funn og tilrådde tiltak 50/11 201107916-1 Vedk. revidert skolereglement 51/11 201106594-2 Partipolitisk verksemd i skoletida 52/11 201007278-8 Statsbudsjettet 2011 - Kap. 552, post 72 Nasjonale tiltak for regional utvikling - tilsegn om tilskot på inntil 200 000 kroner til føraropplæring i tilknyting til vidaregåande skular i Hordaland 53/11 201108404-1 Vg3 som alternativ til ordinær læretid 54/11 201106101-2 Vedk. køyreopplæring for elevar i vidaregåande skole 55/11 201108446-1 Om mindreårige asylsøkjarar i vidaregåande opplæring 56/11 201001094-4 Vedk. vurdering av terapiridning på Stend 57/11 200800168-92 Tilhøva ved Årstad videregående skole 58/11 201108581-1 Forsøk med videregående opplæring på arbeidsplassen - kunngjøring 59/11 201109066-1 Rapport om Sommarskolen 2011 60/11 201106578-2 Oppfølgingsnotat i henhold til Årsrapport 2010 Utdanning for vaksne 61/11 201102840-2 Informasjon om "Ungdomsmottaket i Bergen" - tiltak mot fråfall i vidaregåande opplæring 62/11 201102840-4 Praktisk krisepedagogikk i skulekvardagen - Seminar 63/11 201109051-10 Utøya-tragedien og skulestarten 3
SAKNR. 31/11 KARTLEGGING AV TILBOD OM SKULEHELSETENESTE VED VIDAREGÅANDE SKULAR I HORDALAND Aslaug Hellesøy sette fram følgjande forslag på vegner av KRF/H/FRP: Opplærings- og helseutvalet har i lang tid hatt fokus på elevane sin tilgong på ei tilfredsstillande skulehelseteneste. Hordaland Fylkeskommune går i samtale med kommunane med siktemål om å auke tilbodet om skulehelseteneste i vidaregåande opplæring. Fokusområde: Økonomi, areal, kapasitet, kompetanse og ansvar. Hellesøy sitt forslag vart samrøystes vedteke saman med fylkesrådmannen sitt forslag til pkt.1. På bakgrunn av vedtak i Fylkestinget 07.06.11, sak 40/11, vart det ikkje røysta over fylkesrådmannen sitt forslag til pkt. 2. VEDTAK 1 Opplærings- og helseutvalet tek Deloitte-rapporten til etterretning. 2 Opplærings- og helseutvalet har i lang tid hatt fokus på elevane sin tilgong på ei tilfredsstillande skulehelseteneste. Hordaland Fylkeskommune går i samtale med kommunane med siktemål om å auke tilbodet om skulehelseteneste i vidaregåande opplæring. Fokusområde: Økonomi, areal, kapasitet, kompetanse og ansvar. 32/11 REVIDERT FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE Tom Christer Nilsen sette fram følgjande forslag til vedtak: Opplærings- og helseutvalet godkjenner den reviderte forskrifta om felles ordens- og åtferdsreglement ved dei vidaregåande skolane i Hordaland Fylkeskommune med desse endringane: 2, andre avsnitt endrast til: Reglementet gjeld i timane, friminutta, på veg til og frå skolen og ved opplæringsformer og aktivitetar i skolen sin regi både på og utanfor skolen sitt område (til dømes ekskursjonar og elevreiser). 3, nytt fjerde avsnitt under punkt 3: Læraren har høve til å stenge av pc-utstyr eller tilgang til nettverk/internett dersom utstyret blir brukt på ein måte som hindrar, forstyrrar eller vanskeleggjer undervisninga. 3, femte punkt, første avsnitt, første setning, endrast til: Dersom elevar gjennom sitt arbeid, oppdrag eller verv i samband med vidaregåande opplæring blir kjend med bestemte opplysningar som ikkje bør gis vidare, kan skolen påleggje elevane teieplikt. 3, femte punkt, første avsnitt, andre setning, endrast til: 4
Dette må ikkje vera til hinder for å varsle om kritikkverdige og ulovlege tilhøve. Nilsen sitt forslag til vedtak vart samrøystes vedteke. Fylkesrådmannen sitt forslag til vedtak fekk ingen røyster. VEDTAK Opplærings- og helseutvalet godkjenner den reviderte forskrifta om felles ordens- og åtferdsreglement ved dei vidaregåande skolane i Hordaland Fylkeskommune med desse endringane: 2, andre avsnitt endrast til: Reglementet gjeld i timane, friminutta, på veg til og frå skolen og ved opplæringsformer og aktivitetar i skolen sin regi både på og utanfor skolen sitt område (til dømes ekskursjonar og elevreiser). 3, nytt fjerde avsnitt under punkt 3: Læraren har høve til å stenge av pc-utstyr eller tilgang til nettverk/internett dersom utstyret blir brukt på ein måte som hindrar, forstyrrar eller vanskeleggjer undervisninga. 3, femte punkt, første avsnitt, første setning, endrast til: Dersom elevar gjennom sitt arbeid, oppdrag eller verv i samband med vidaregåande opplæring blir kjend med bestemte opplysningar som ikkje bør gis vidare, kan skolen påleggje elevane teieplikt. 3, femte punkt, første avsnitt, andre setning, endrast til: Dette må ikkje vera til hinder for å varsle om kritikkverdige og ulovlege tilhøve. 33/11 RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVER Tom-Christer Nilsen sette fram følgjande forslag: Opplærings- og helseutvalet tek saka til orientering. Forsøket vert utvida neste skuleår til å omfatte fleire skular. Opplærings- og helseutvalet får framlagt sak om den praktiske gjennomføringa, med særskilt vekt på å sikre at lærar/elev kan få god oppfølging av progresjonen til den enkelte. Even O. Sørland sette fram følgjande forslag til vedtak: OPHE tek saka til orientering. Administrasjonen kjem attende med forslag til organisering av det systematiske arbeidet for å oppnå meir eintydeleg vurdering Fylkesrådmannen sitt forslag til vedtak vart samrøystes vedteke. Nilsen sitt forslag vart vedteke mot 5 røyster (SP/SV/R/2 AP). Sørland sitt forslag vart vedteke mot 4 røyster (SP/SV/2 FRP). VEDTAK 1 Opplærings- og helseutvalet tek saka til orientering. 2 Forsøket vert utvida neste skuleår til å omfatte fleire skular. Opplærings- og helseutvalet får 5
framlagt sak om den praktiske gjennomføringa, med særskilt vekt på å sikre at lærar/elev kan få god oppfølging av progresjonen til den enkelte. 3 Administrasjonen kjem attende med forslag til organisering av det systematiske arbeidet for meir eintydeleg vurdering 34/11 OPPLÆRING I KINESISK SPRÅK I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN I HORDALAND Fylkesrådmannen sitt forslag til vedtak vart samrøystes vedteke. VEDTAK Opplærings- og helseutvalet sluttar seg til framlegget om satsing på innføring av kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland. 35/11 HØYRING: FORSLAG TIL RAMMER FOR ORGANISERING AV FRAMTIDIG TAF-OPPLÆRING Tom-Christer Nilsen sette fram følgjande forslag til innstilling: Fylkesrådmannen sluttar seg til høyringsutkastet saman med dei endringsforslaga som kjem fram i kommentarane: 2.1: Hordaland fylkeskommune meiner at eit framtidig TAF-tilbod må ha krav om fordjuping i programfag henta frå studiespesialiserande utdanningsprogram i eit omfang på 20 timar. 2.3: Hordaland fylkeskommune ønskjer å halda på dagens modell, der den teoretiske opplæringa foregår på skulen og den praktiske opplæringa skjer i bedrift. 2.4: TAF-utdanninga kan berre tilbydast der det er eit nært og tett samarbeid mellom skule og bedrift. 2.6: TAF-tilboda må ha ei utforming som gjer det mogeleg å avslutta utdanninga for å byrja på eit nytt utdanningsløp. 2.8: Ein TAF-elev må få den naudsynte praksisen som gjer det mogeleg å gå opp til fagprøve etter endt TAF-utdanning. 2.10: Hordaland fylkeskommune ønskjer å halda på dagens organisering sjølv om det inneber at me tilbyr elevane både kroppsøving (2+2) og Prosjekt til fordyping over 2 år. Dette vil også gjera det lettare for dei elevane som eventuelt vil avslutta TAF-utdanninga å begynna på ei anna utdanning. 2.11: Hordaland fylkeskommune ønskjer at det skal bli meir synleg på vitnemålet at eleven har gjennomført TAF-utdanninga. Namn: Det er viktig at me held på TAF-navnet, som gjennom 20 år er godt innarbeidd. Nilsen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke. Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling fekk ingen røyster. INNSTILLING 6
Fylkesrådmannen sluttar seg til høyringsutkastet saman med dei endringsforslaga som kjem fram i kommentarane: 2.1: Hordaland fylkeskommune meiner at eit framtidig TAF-tilbod må ha krav om fordjuping i programfag henta frå studiespesialiserande utdanningsprogram i eit omfang på 20 timar. 2.3: Hordaland fylkeskommune ønskjer å halda på dagens modell, der den teoretiske opplæringa foregår på skulen og den praktiske opplæringa skjer i bedrift. 2.4: TAF-utdanninga kan berre tilbydast der det er eit nært og tett samarbeid mellom skule og bedrift. 2.6: TAF-tilboda må ha ei utforming som gjer det mogeleg å avslutta utdanninga for å byrja på eit nytt utdanningsløp. 2.8: Ein TAF-elev må få den naudsynte praksisen som gjer det mogeleg å gå opp til fagprøve etter endt TAF-utdanning. 2.10: Hordaland fylkeskommune ønskjer å halda på dagens organisering sjølv om det inneber at me tilbyr elevane både kroppsøving (2+2) og Prosjekt til fordyping over 2 år. Dette vil også gjera det lettare for dei elevane som eventuelt vil avslutta TAF-utdanninga å begynna på ei anna utdanning. 2.11: Hordaland fylkeskommune ønskjer at det skal bli meir synleg på vitnemålet at eleven har gjennomført TAF-utdanninga. Namn: Det er viktig at me held på TAF-navnet, som gjennom 20 år er godt innarbeidd. 36/11 SØKNAD OM AUKE I ELEVTALET VED HOP VIDEREGÅENDE SKOLE UTTALE Aud Karin Oen sette fram følgjande forslag på vegner av SV/AP/R/SP: Den etablerte skulestukturen har nok kapasitet til å ta imot elevar frå Askøy. Difor går Opplærings- og helseutvalet imot ei utviding av undervisningstilbodet ved Hop videregående skole. Oen sitt forslag til innstilling fekk 6 røyster (AP/SV/R/SP) og fall. Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart vedteke med 7 røyster (FRP/H/KRF) INNSTILLING Fylkesutvalet har ingen merknader til foreslått utviding av utdanningstilbodet ved Hop videregående skole. 37/11 SØKNAD OM AUKE I ELEVTALET VED KROKEIDSENTERET AS - UTTALE Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke. INNSTILLING Fylkesutvalet har ingen merknader til foreslått utviding av utdanningstilbodet ved Krokeidsenteret AS. 7
Inger Øvsthus Tønder Dan Femoen Øydis Rydland Ziem opplæringsdirektør nestleiar OPHE utvalssekretær 8