Behandling av ordsamband i norske einspråklege eittbandsordbøker

Like dokumenter


Sprog i Norden. Hva ønsker språkrøkten av språkforskningen? Forholdet mellom. Titel: språkundervisning og språknorm. Aagot Landfald.


NORDISKE STUDIER I LEKSIKOGRAFI

Sprog i Norden. Titel: Språksamarbeid i Norden Forfatter: Ståle Løland. Kilde: Sprog i Norden, 1987, s URL:

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.


6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Nynorsk i nordisk perspektiv

Morfologioppgåva om Kongo-swahili

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor


Refleksjon og skriving

Sprog i Norden Betingelser for brug af denne artikel Søgbarhed

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Jan Terje Faarlund [Norsk Ordbok, baand VIII] Norsk ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske

Å løyse kvadratiske likningar


Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

MEDBORGERNOTAT. «Ei oversikt over spørsmåla i Meningsfelle-testen» Marta Rekdal Eidheim Universitetet i Bergen August 2017

Vel nynorsk for barnet ditt!


Sprog i Norden Betingelser for brug af denne artikel Søgbarhed

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Til deg som bur i fosterheim år

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Sprog i Norden. Titel: Språksamarbeid i Norden Forfatter: Ståle Løland. Kilde: Sprog i Norden, 1995, s URL:

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Ny norsk dialektinnsamling gir ny forståing av grammatikken. Åshild Søfteland, Universitetet i Oslo, doktorgradsstipendiat i nordisk språkvitskap

Tilgangskontroll i arbeidslivet

NORDISKE STUDIER I LEKSIKOGRAFI

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Biletbruk på nettet 1 2

Brukarrettleiing E-post lesar

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Barnerettane i SKULEN

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Språkstatistikk for departementa i 2011

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Informasjonsgrafikk, Essay 1. The Visual Display of Quantative Information Håvard Hvoslef Kvalnes, 13hbmeda,

NORDISKE STUDIER I LEKSIKOGRAFI

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Til deg som bur i fosterheim år

NORDISKE STUDIER I LEKSIKOGRAFI

LexicoNordica. Håvard Hjulstad [Ordboksterminologi]

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

EasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0

S1-eksamen hausten 2017

UNIVERSITETET I OSLO

Forstår elevane desimaltal?

Sprog i Norden. Titel: Grunnskole, grammatikk og språkrøkt: Om hvordan det kan henge sammen. Sigurður Konráðsson.

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Sprog i Norden. Titel: Føresetnader for å ta vare på dei nordiske språka i språkteknologien. Arne Kjell Foldvik. Forfatter: Kilde:

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Elevundersøkinga 2016

Sprog i Norden. Titel: Språksamarbeid i Norden Forfatter: Ståle Løland. Kilde: Sprog i Norden, 1988, s URL:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Evaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009

Med nynorsk til betre skriving med skriving til betre læring


Vurderingsrettleiing 2011

MEDBORGERNOTAT. «Sympatibarometer for norske politiske parti i perioden »

Retningslinjer for gjennomføring

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren


Språkstatistikk for departementa i 2013

Stillaste jenta i klassa

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Nysgjerrigper-konkurransen Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke?

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

Referat fra 8. Konference om leksikografi i Norden, Sønderborg, Danmark mai 2005

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for alle. Då er det særleg viktig at språket er klårt og tilpassa brukarane.

Språkstatistikk for departementa i 2012

Språkstatistikk for departementa for 2009

Transkript:

LexicoNordica Titel: Forfatter: Behandling av ordsamband i norske einspråklege eittbandsordbøker Lars S. Vikør Kilde: LexicoNordica 16, 2009, s. 241-253 URL: http://ojs.statsbiblioteket.dk/index.php/lexn/issue/archive LexicoNordica og forfatterne Betingelser for brug af denne artikel Denne artikel er omfattet af ophavsretsloven, og der må citeres fra den. Følgende betingelser skal dog være opfyldt: Citatet skal være i overensstemmelse med god skik Der må kun citeres i det omfang, som betinges af formålet Ophavsmanden til teksten skal krediteres, og kilden skal angives, jf. ovenstående bibliografiske oplysninger. Søgbarhed Artiklerne i de ældre LexicoNordica (1-16) er skannet og OCR-behandlet. OCR står for optical character recognition og kan ved tegngenkendelse konvertere et billede til tekst. Dermed kan man søge i teksten. Imidlertid kan der opstå fejl i tegngenkendelsen, og når man søger på fx navne, skal man være forberedt på at søgningen ikke er 100 % pålidelig.

241 Lars S. Vikør Behandling av ordsamband i norske einspråklege eittbandsordbøker The theme of the article is the treatment of word combinations in Norwegian monolingual one-volume dictionaries. It examines the most recent editions of four such dictionaries, three covering Bokmål and one Nynorsk. First, the word combinations under the largely synonymous headwords håp and von ( hope ) are registered. The biggest dictionaries contain a reasonable selection of these; most of them are verb phrases or sentences. They are not structured in any systematic way, apart from being grouped under the different senses of the headwords. Then a comparative look is taken at the treatment of a selection of verb collocations in the same dictionaries. These are reasonably well covered; most of them are included under the base (i.e. the object of the collocation), or under both base and collocator. 1. Innleiing Leksikografisk behandling av ordsamband er eit emne det har vore forska lite på i Noreg; denne artikkelen må altså reknast som eit tidleg spadestikk. Som materiale tek eg utgangspunkt i norske einspråklege eittbandsordbøker, ordbøker der metaspråket er identisk med objektspråket. Dette er i seg sjølv eit relativt nytt fenomen: Den første var Tor Guttus Riksmålsordboken frå 1977, deretter kom Bokmålsordboka og Nynorskordboka i 1986. Enda seinare kom ei mindre ordbok for bokmål, mest for skolebruk. I denne artikkelen baserer eg meg på dei nyaste utgåvene som no ligg føre av desse ordbøkene. Det er desse fire: Bokmålsordboka (Boye Wangensteen) (Kunnskapsforlaget 2005) (BOB) Norsk ordbok (bokmål) (Aagot Landfald og Kjell M. Paulsen) (Cappelen 2006) (CNB) Norsk ordbok med 1000 illustrasjoner (Tor Guttu) (Kunnskapsforlaget 2005) (NOI) Nynorskordboka (Dagfinn Worren o.a.) (Samlaget 2006) (NOB) Eg refererer heretter til dei med initialforkortinga i parentes. Dei tre første gjeld bokmål, den siste nynorsk. Av dei som gjeld bokmål, er NOI størst, 81000 lemma på 1350 sider. BOB har 65000 LexicoNordica 16 2009

242 lemma på drygt 1200 sider, og CNB er klart mindre med 45000 lemma på 680 sider. NOB på si side har 95000 lemma på nesten 1500 sider. Denne forskjellen må vi anta også viser seg på utvalet av ordsamband, særleg når det gjeld CNB. Alle ordbøkene har, som ordbøker flest, hatt enkeltorda som utgangspunkt og fokus, og så har dei valt ut ordsamband og setningseksempel for å vise bruken av enkeltorda etter beste skjønn innanfor dei plassrammene dei hadde. Ei meir systematisk behandling av ordsambanda på lingvistisk grunnlag har det vore mindre rom for; leksikografane har prioritert det dei har meint at folk har hatt mest bruk for, og da brukt seg sjølve som kjelder i rolla som vanlege språkbrukarar, i nyare tid supplert med elektroniske tekstkorpus. I dei større vitskaplege dokumentasjonsordbøkene i fleire band har det vore tenkt meir på systematikk. I Norsk Ordbok har vi arbeidd ein del med denne materien, som ikkje er enkel, og i 2007 la eg fram eit utslag av det på leksikografikonferansen i Akureyri (Vikør 2008). Eg presenterte der ein typologi basert på eit lingvistisk grunnlag, den grammatiske oppbygginga til ordsambanda. Problemstillinga i tittelen kan angripast på mange måtar. I ein kort artikkel som dette er det ikkje rom for meir enn eit lite spadestikk eller to, som nemnt innleiingsvis. Eg tek derfor sikte på eit punktnedslag der eg jamfører ordbøkene innbyrdes og ser kva eg får ut av det, og gjer ei jamføring med tilsvarande svenske data. Eg har valt å ta utgangspunkt i Sven-Göran Malmgrens artikkel i Lexicographica nr. 14 om kollokasjonar i svenske ordbøker (Malmgren 2008). Undersøkinga hans har to delar: Først tek han eit bestemt lemma og jamfører tilfanget av ordsamband på det lemmaet i ulike ordbøker, både ein- og tospråklege og allmenne og fraseologiske. Han har valt ordet hopp håp. I tillegg har han så gjort eit utval av verbfrasar, dvs. verb i infinitiv pluss direkte objekt, der objektet da fungerer som basis og verbet som kollokator, og jamført behandlinga av desse frasane i ulike ordbøker. Denne framgangsmåten har eg kopiert her, tilpassa til det norske materialet. Det følgjande blir da ein gjennomgang av re sultata. 2. Ordsamband med håp og von For det begrepet som på svensk heiter hopp og på dansk håb, har vi på norsk to synonyme ord, nemleg håp og von. Håp er i utgangspunktet eit bokmålsord (opphavleg frå dansk, som igjen har det frå lågtysk), men

243 blir også brukt ein del i moderne nynorsk. Von er eit nynorsk ord, opphavleg frå norrønt, som nok kan brukast også på bokmål, men som sjeldan blir det. Eg har funne det tenleg å ta med begge her i denne minigranskinga. Eg gjengir tydingsstrukturen og definisjonane (understreka) for desse orda i alle dei aktuelle ordbøkene, og og så fører eg opp alle ordsambanda med eventuelle forklaringar og kommentarar (som det er få av). Eg skriv oppslagsorda fullt ut også der ordbøkene (alle utan NOI) berre skriv initial (til dømes oppgi håpet der BOB har oppgi h-et). Og dette er fangsten min: BOB: håp: forhåpning, forventning: ha, gjøre seg håp om noe oppgi håpet leve i håpet trøste seg med framtidsdrømmer tro, håp og kjærlighet (1.Kor 13,13) om person: han er Norges håp på femmila I von: håp, utsikt, forventning: det er von om utbytte aldri miste vona leve i vona CNB: håp: forventning, ønske: leve i håpet gjøre seg håp om noe sette sitt håp til han er familiens håp NOI: håp: 1 forventning: håpet brast tilstanden gir håp om bedring oppgi alt håp om redning fatte nytt håp gjøre seg håp om erstatning, om å bli ferdig leve i håpet trøste seg til at fremtiden vil bringe det en ønsker mulighet for en lykkelig vending e.l.: det er ikke håp for ham lenger så lenge det er liv, er det håp (e. Pred. 9,4)

244 tro, håp og kjærlighet (jf. 1. Kor. 13,13) fortrøstning: sette sitt håp til en / noe 2 noe (især person) som man knytter forventning til: han er familiens håp NOB: håp: 1 von (I,3); ynske, tru (på at noko godt blir røyndom); lit, trøyst; (god) sjanse: leve i håpet gje opp håpet setje sitt håp til ein det finst ikkje håp for deg 2 von (I,4): du er vårt håp i konkurransen I von: 1 det at noko er rimeleg, truleg, tenkjeleg: det er von og inga visse det er von det blir sein vår det er størst von til det det er mest rimeleg 2 (tru på) mogleg (tenleg el. skadeleg) hending i framtida; eventualitet: det er von både til vinst og tap bu seg på alle voner ho våga vona ho lét det stå til på alle voner for å vere heilt trygg 3 det at ein ventar el. ynskjer seg noko godt; det å sjå fram til at noko godt el. tenleg skal hende; håp: svaret hennar kveikte voner for han von er fattigmanns rikdom gjere seg falske voner leve i vona kome or vona miste trua på vona på slump, på lykke og fromme gammal genitiv: vones før før ein ventar det, heller snart gammal dativ fleirtal (og genitiv): vonom(s) før vones før 4 noko som lovar godt; noko(n) som det knyter seg lyse framtidsutsikter til oljen er vår von det er von i hangande snøre 5 stad der ein kan gjere god fangst, få stor grøde o l: dei fiska i alle vonene

245 Som ein ser, har BOB og NOB artiklar på begge orda 1, mens von manglar i CNB og NOI. I CNB står det rett nok ein artikkel på von med synonymdefinisjonen håp, men den har ingen eksempel på frasar, så derfor er ikkje den med her. I NOI har fråværet av von noko å gjere med ideologi; NOI konsentrerer seg om det meir tradisjonelle bokmålet og har høgare terskel for å ta med nynorskord som også er tillatne, men lite brukte, i bokmålet. Så ser vi konkret på resultata. Dei tre bokmålsordbøkene er lettast å samanlikne direkte. Vi ser at NOI er den mest innhaldsrike, med 11 eksempel. BOB er atskilleg knappare med fem eksempel på håp og tre på von, til saman sju, sidan eitt er felles for begge: leve i håpet eller vona. CNB er enda knappare (fire eksempel). Vi ser også på det nynorske tilfanget før eg seier litt meir samanfattande om heilskapen. Håp, som er ganske vanleg i den moderne nynorsken, har fått ein artikkel som liknar mye på den i BOB, også i storleik: fem eksempel. Som vi ser, har både BOB, NOI og NOB to tydingar: 1) den abstrakte kjensla håp, 2) noko eller nokon som konkret representerer eit håp. Den siste tydinga er så spesiell at kontekst må visast i form av ei heil setning, som er den same i grunnstrukturen i alle ordbøkene, men varierer i konkret utforming. Men så ser vi at NOB har ein mye større artikkel på von, med heile 18 eksempel. Korfor det, kan ein spørje seg. Det er ein openberr semantisk grunn, som tydingsinndelinga viser. Von er ikkje fullstendig synonymt med håp, men har eit vidare tydingsområde. Tyding 5 (fiskeplass) tek eg med berre for fullstendigheitas skyld, den er eigentleg irrelevant i vår samanheng. Men elles har von ei opphavleg tyding som er nøytral i forhold til faktoren positiv eller negativ forventning. Den er delt i to tydingar i ordboka, som ein ser: 1: det at noko er rimeleg, truleg, tenkjeleg, og 2: (tru på) mogleg (tenleg el. skadeleg) hending i framtida; eventualitet. Desse tydingane står først fordi dei nok er dei eldste. Så vidt eg veit, er forholdet det same ved det islandske ordet von, og i norske dialektar kjenner eg ordet brukt slik: om noko ein ventar seg, men som verken er positivt eller negativt. Men i moderne skriftspråk er det mest tyding 3 og 4 som gjeld: det at ein ventar el. ynskjer seg noko godt; det å sjå fram til at noko godt el. tenleg skal hende; håp og: noko som lovar godt; noko(n) som det knyter seg lyse framtidsutsikter til. Dei er heilt 1 Når både BOB og NOB har homografnummer i I von, så er det på grunn av det tyske von i etternamn, som har fått eigen artikkel som homograf II i BOB, mens det i NOB er enda to homografar til.

246 parallelle med dei to tydingane på bokmål, og det er nokså openbert at for moderne urbane nordmenn, også dei som skriv nynorsk, så er det desse tydingane som gjeld. Dei ser ordet som ein rein ekvivalent til håp. Dette forholdet skaper eit spesielt brukarbehov for eit meir rikhaldig tilfang av brukseksempel. Dermed blir det også behov for eit større tilfang på tyding 3 og 4, for ikkje å skape ubalanse i artikkelen, kan ein tenkje seg. Ein del av uttrykka der er også særnynorske og treng forklaring for bokmålsbrukarane, som på vona; det finst ikkje nokon parallell *på håpet i bokmål. Det er ikkje noko uvanleg uttrykk i og for seg, men urbane nordmenn treng som sagt gjerne litt ekstra hjelp i slike tilfelle. Ein ser også eit par veldig spesielle uttrykk under tyding 3, med gamle og stivna kasusformer: vones før og vonom(s) før. Dette er relativt arkaiske uttrykk, heilt ukjende i bokmål, og heller (nesten) ikkje brukte i vanleg nynorsk og i talemåla. Ein må til ganske gamle tekster for å finne desse uttrykka, men det gjer det desto viktigare å få dei forklarte. Ei anna sak er at det truleg er feil å ha dei under tyding 3; så vidt eg kan sjå, hører dei eigentleg heime under tyding 1. Under tyding 4 har også NOB sett det som nødvendig å kontekstualisere med setningar, litt meir originale enn dei i bokmålsordbøkene, særleg med det er von i hangande snøre, som betyr noko i retning av så lenge det er liv, er det håp (den bokstavelege tydinga er: så lenge snøret heng ute, er det framleis håp om å få fisk ). Dette uttrykket har komme litt på moten dei siste åra, også i bokmål; det hender at slike gamle uttrykk og sentensar blir brukte av ein kjend person og plutseleg får eit nytt liv i medie- og anna språk. Denne kunne altså godt ha forsvart plassen sin også i ei ordbok over bokmål, i forma det er håp i hengende snøre. Malmgren er i artikkelen sin ikkje heilt tilfreds med situasjonen i dei svenske ordbøkene, sjølv om han ikkje meiner det står dårleg til. No drøftar han både dei fraseologiske ordbøkene og ei engelsk-svensk ordbok, og desse ordbokstypane er ikkje med i mi vesle gransking. I NEO, som svarer best til dei norske ordbøkene, sjølv om den er i tre band, har han sju eksempel, men han noterer at eit par viktige uttrykkstypar (med tydingane miste håpet og setje sitt håp til nokon) ikkje er med. På den andre sida er det med eit par andre frasar i NEO som Malmgren ikkje tek med i artikkelen sin: han er Sveriges stora hopp i OS, og konstruksjonane (i el. med) hopp (om ngt), (i el med) hopp (att + INF el. SATS ). Slike eksplisitte konstruksjonsopplysningar har ikkje dei norske ordbøkene, men totalt sett er dei to største av dei likevel rikare enn den svenske.

247 Vel så interessant som ei tevling basert på teljing av antal eksempel, er det å sjå på kva slags frasetypar dei representerer, jf. typologien i Vikør 2008: 470 475. Det er ikkje så veldig mange typar som er representerte. Ein viktig distinksjon er den mellom det eg vil kalle eksplisitt og implisitt fraseologi; det vil seie frasar presenterte som separate heilskapar (eksplisitt; også kalla daude eksempel, jf. Fjeld og Vikør 2008: 216 217) vs. frasar innbakte i setningar (implisitt; levande eksempel). I NEO er alle frasane presenterte i setningar (unnateke dei to konstruksjonseksempla). I dei norske ordbøkene er det meir av eksplisitt fraseologi; berre NOB har mange setningseksempel: 12 av til saman 23 eksempel totalt på håp og von. Elles har BOB to setningseksempel, CNB eitt og NOI fem. Her kan ein spørje seg om dei to presentasjonsmåtane har ulike funksjonar. Ein kunne til dømes tru at dei eksplisitt presenterte frasane indikerer at frasane er faste, mens setningseksempla representerer meir tilfeldige eller lause ordsamband. Men eg kan ikkje sjå noko slikt mønster; det verkar meir som at årsaka er eit stilistisk ideal om variasjon i presentasjonsmåte. Setningane kan delast i to typar: setningar med innhaldstungt subjekt, og upersonlege setningar med strukturen det er håp / von + eventuell utfylling. Denne strukturen er så vanleg at han må reknast som idiomatisk, men i dette materialet er han meir representert ved von enn ved håp, og særleg ved von i den nøytrale tydinga: det er von det blir sein vår det ser ut til at det blir sein vår. Jamvel i BOB er det berre under von at denne strukturen er representert: det er von om utbytte, og her er von klart synonymt med håp. Det vanlegaste setningsmønsteret av denne typen er elles: det er (ikkje) håp for nokon / om noko. Eg gir ei kort oversikt over frasetypar i det norske materialet: 1: Nominalfrasar med ordet håp i sentrum: Norges håp, håp om bedring, håp for deg. Alle desse er innbakte i fulle setningar. Talmessig pr. ordbok blir det slik: BOB 3 av (totalt) 8, CNB 3 av 4, NOI 6 av 11, NOB 8 av 23. 2: Preposisjonsfrasar finst berre i NOB, og berre 2: på vona og på alle voner. (Ein kan rett nok òg rekne vones og vonom(s) før som ein slags preposisjonsfrasar eller (den elles ikkje-eksisterande kategorien) postposisjonfrasar (med styring i stivna kasusform) men dei er så sjeldne og spesielle at dei ikkje kan innpassast i ein typologi (i oversikta i Vikør 2008: 470 475 er denne typen såleis ikkje med; eg tenkte rett og slett ikkje på han).)

248 3a: Verbfrasar med objekt: oppgi håpet (nynorsk: gje opp håpet), fatte nytt håp, setje sitt håp til ein. Av desse har BOB 3, CNB 2, NOI 4, NOB 5. Ein av desse er innbakt i ei setning (i NOB: svaret hennar kveikte voner for han), men vanlegare er det å kombinere verb- og nominalfrase i eksempel som gjøre seg håp om noe, sette sitt håp til en. 3b: Verbfrasar utan objekt, men med komplement: leve i håpet (som er ein gjengangar i alle ordbøkene), bu seg på alle voner, kome or vona. Av desse er det få; når vi ser bort frå leve i håpet / vona, er det berre NOB som har nokre (2, begge siterte ovanfor), og det er relativt lite brukte uttrykk. 4: Parataktiske ordsamband er ein sjeldsynt type som her berre er representert med eit bibelsitat frå 1. Kor 13,13: tro, håp og kjærlighet. 3. Verbfrasar i ulike ordbøker Eg går så over til den andre delen av undersøkinga, som er å sjå på representasjonen av ei rekkje eksempel på ein bestemt frasetype: transitive verb med objekt (ovanfor grupperte som 3a), i dei fire ordbøkene. Her har eg teke utgangspunkt i Malmgren (2008:156), der det står ei liste med 28 slike verbfrasar med eit transitivt og relativt innhaldstomt verb som kollokator og eit meir eller mindre abstrakt objekt som basis. Han har 28 ulike verb og har valt eit typisk substantiv som dette verbet kollokerer med. Det var ikkje mogleg for meg utan vidare å overføre hans eksempel til norsk her er norsk for ulikt svensk, og bokmål og nynorsk for ulike kvarandre. Eg måtte redusere og endre litt på Malmgrens ordutval, og i tillegg splitte jamføringa av ordbøkene i to grupper og lage ei særleg liste for nynorsk. Dette er nødvendig fordi det her er ein del relativt store idiomatiske forskjellar mellom dei to norske målformene, og det har å gjere med dei stilistiske tradisjonane deira. I bokmål, med sine røter i dansk og tysk kansellispråk, er det ikkje noko stort problem å fylle opp ein stor bestand av slike kollokasjonar, med innhaldstomt verb og abstrakt substantiv. På nynorsk har vi tradisjonelle stilideal som favoriserer eit konkret og anskueleg språk, basert på ordlegginga i talemålet. Delvis har det vore eit ideal å erstatte slike verbfrasar med innhaldstunge verb: heller sverje enn avleggje eid, heller teie enn iaktta tausheit, heller undertrykkje enn utøve undertrykking. Dette fungerer ikkje alltid så godt i isolerte uttrykk, men oftast langt betre i konkrete setningssamanhengar:

249 han svor på at han ville snakke sant heller enn han avla eid på at han ville snakke sant; ho tagde still heller enn ho iakttok tausheit; regimet undertrykte all motstand heller enn regimet utøvde undertrykking overfor all motstand. Ein sideeffekt av dette er at ein i nynorsk har eit mindre utval av kollokatorar i vanleg bruk enn bokmål; ein nøyer seg ofte med gjere der bokmål har ein større bestand av innlånte danske eller tyske ord: begå, fatte, foreta og utføre vil på nynorsk ofte bli erstatta med gjere, når ein altså ikkje gjer heile setninga verbtung. I dag er nok desse tradisjonelle ideala mindre dominerande enn før, og dei bokmålsnære uttrykka står sterkare. Samtidig er det slik at bokmålet frå sin kant også har nærma seg det nynorske idealet, og fleire av denne typen uttrykk (som har rot i dansk og til dels er felles med svensk) har fått ein noko gammaldags klang der også, til dømes: avgi et løfte (heller: gi ), framføre kritikk, foreta en reise (heller: gjøre ), iaktta taushet, føle forakt (heller: forakte), utøve undertrykkelse. Slike frasar er altså meir sjeldne på bokmål enn før, men kan likevel stå i ordbøkene. Det er jo eit faktum at ordbøker, både innanfor bokmål og nynorsk, ofte baserer seg på eldre stilnormer enn språkbruken gjer, og nynorskens tradisjon med å ha få innhaldstomme verb mot bokmålets tradisjon med meir kansellispråk kan ha gjort skilnaden mellom ordbøkene større enn skilnaden i språkbruk. Det er interessant at fleire av dei uttrykka Malmgren undersøkjer, også har førekomme i bokmål i det stadiet da det enno var dansk, som avgi et løfte, iaktta taushet, anlegge et synspunkt, by motstand, føle forakt, utøve undertrykkelse. Eg hadde dei på lista mi og har undersøkt dei òg, men dei var ikkje belagde i noka av ordbøkene. Det tyder på at dei ikkje lenger er i bruk eller rekna som brukbare i moderne bokmål. Eg har ikkje teke desse med i oversikta nedanfor (og dermed blir det ei lita feilkjelde i forhold til Malmgrens liste, for han har med to uttrykk han ikkje har funne belegg på, slik at resultatet for dei svenske ordbøkene blir ørlite grann dårlegare enn for dei norske). På grunn av dei forholda eg her har beskrive, har eg teke bort ein del av uttrykka hos Malmgren, så eg sit igjen med 18 uttrykk på bokmål og 12 på nynorsk. Ved alle uttrykka har eg gjort som Malmgren og kontrollert både under kollokator og under basis i alle ordbøkene. Eg har ordna listene, som står alfabetisk på verbet, slik at eg først nemner dei ordbøkene som har teke inn frasen under verbet (kollokator), så ein skråstrek, så dei ordbøkene som i staden eller i tillegg har teke det inn under objektet (basis). Står skråstreken først, betyr det at ingen av ordbøkene har frasen under verbet. Manglar skråstreken, betyr det at ingen av ordbøkene har

250 frasen under objektet. Under nynorsk, der eg berre har éi ordbok å arbeide med, har eg berre sett eit kryss for kvart belegg i NOB, men elles gjort det på same måten. Eit problem i registreringa er at uttrykka somme stader er inkorporerte i ei setning eller eit utvida uttrykk; det har eg markert med ein s resp uu. Uttrykket fatte en beslutning står til dømes slik i BOB under fatte: f- en beslutning, mens det under beslutning står: styret har fattet følgende b.:. Da skriv eg BOB føre skråstreken ved dette uttrykket, og BOBs etter skråstreken. Tilsvarande har CNB under holde: h- en tale, mens det under tale står: holde en glimrende t-. Da skriv eg CNB føre skråstreken og CNBuu etter skråstreken. Og ingen av ordbøkene har gi ordre i naken form; alle har gi ordre om (noe / noko), og får derfor tillagt uu. Variasjon mellom bruk eller utelating av ubestemt artikkel i objektet har eg markert med ein parentes i oppslaga, men ikkje spesifisert i enkeltbelegga, trass i at det kan markere ein semantisk skilnad (som forøvrig aldri blir forklart i ordbøkene, men tydeleg rekna som underforstått). Variasjon i grammatisk form (numerus) nemner eg i det eine tilfellet eg har funne det. Og her følgjer listene: Bokmål avlegge ed BOB CNB NOI / BOB CNB NOIs begå selvmord BOB / BOB NOI 2 bruke vold / BOB NOI drive handel / BOB NOI fatte en beslutning BOB NOI / BOBs CNB NOIuu felle (en) dom BOB CNB NOI / BOB CNB NOIuu foreta en reise NOI / NOI framføre kritikk BOB føre en samtale BOB CNB NOI / NOIuu gi ordre / BOBuu CNBuu NOIuu gjøre et forsøk / BOBs CNB NOIs ha illusjoner / BOBuu holde (en) tale CNB / BOB CNBuu NOI pleie omgang (med) NOIuu / NOIs stille (et) spørsmål BOB CNB NOIuu / BOBuu CNBuu NOIs trekke en slutning CNB NOI / BOB CNBuu NOI (slutninger) utføre et arbeid CNBuu NOI / NOI vise hensyn / BOB CNB NOI 2 Ordet selvmord manglar heilt i CNB, noko som kan verke litt påfallande, i og med at det er eit vanleg ord i språket.

251 Nynorsk bruke vald / x dra ei slutning xuu / x drive handel x x felle ein dom x x føre samtaler x gi ordre / xuu gjere eit forsøk x x ha illusjonar / xuu halde tale x x stille eit spørsmål x xuu utføre eit arbeid x vise omsyn / x Resultatet gir stort sett eit rimeleg bra inntrykk av utførlegheitsgraden til dei ulike ordbøkene. NOI har med 16 av desse 18 frasane, BOB 15, mens CNB berre har 10. Malmgren gir opp 21 av 28 for NEO, men som nemnt favoriserer det dei norske ordbøkene at eg berre har teke med uttrykk som er belagde i minst éi av ordbøkene. I forhold til totalstorleiken er BOB og CNB om lag like utførlege, mens NOI har relativt sett færre. Men ein skal vere forsiktig med å ta ei slik beskjeden punktundersøking som altfor representativ, ein påliteleg statistikk krev sjølvsagt eit mye større materiale. For NOB sin del er ei slik evaluering umogleg, sidan det ikkje er noko å jamføre med, og lista berre består av belagde uttrykk. Meir interessant er det å undersøkje kor frasane er oppførte: under basis eller under kollokator (eller begge)? Og her er mønsteret klart: Det er markant at frasane stort sett er representerte under basis eller under begge, relativt sjeldan under berre kollokator. Dette siste gjeld framføre kritikk i BOB, føre en samtale / føre samtaler i BOB, CNB og NOB, og utføre et / eit arbeid i CNB ( u- arbeidet til alles tilfredshet ) og NOB. Det er altså i to av tre tilfelle snakk om dei same uttrykka i to eller tre ordbøker. Ein kunne jo da tenkje på at eksisterande ordbøker ofte er blant kjeldene til dei nyare. Men ser ein på Malmgrens svenske materiale, finn ein at mønsteret er ganske parallelt: Også der står frasane primært under basis, i mange tilfelle begge stader, men sjeldan under berre kollokator. Og blant dei få unntaka finn vi der også utföra arbete i to av ordbøkene (i tillegg til företa en resa, bruka våld, hysa förhoppningar). Grunnen til at ein i ordbøker helst fører opp frasen under basis, er i og for seg klar nok: Basis er normalt den mest spesifikke delen av frasen, den som ber det sentrale semantiske innhaldet, mens kollokator

252 helst er eit meir innhaldstomt verb. Ein må slutte seg til Malmgren når han meiner at dette er den mest tenlege leksikografiske praksisen. Det kan rett nok hende at verbet knyter seg så sterkt til eit bestemt substantiv som objekt, eller oftare ei semantisk avgrensa gruppe objekt, at det må markerast under sjølve verb-artikkelen. Eg kan ikkje sjå at dette er tilfellet i noko av dei siterte eksempla, i alle fall ikkje dei norske. Meir relevant er det at det kan vere eit ledd i markering av polysemi: Ulike typar objekt må nemnast for å markere ulike tydingar av verbet. Ved føre og utføre på norsk kan det vere ei relevant forklaring: Dei er utprega polyseme, og objekta eller adverbiala dei knyter til seg, er ofte det som bestemmer tydinga. Vi kan ta nokre eksempel frå artikkelen føre i BOB. Der er det fem tydingar, og følgjande ordsamband markerer dei ulike tydingane eintydig: føre vill fører De batterier? føre en hær føre seg med verdighet føre protokoll. Her er det opplagt rasjonelt og informativt å føre (!) opp ordsambanda under kollokator. Men det skulle ikkje hindre at same uttrykket kjem igjen under basis, slik det altså er gjort i ei rekkje tilfelle. Men jarnhard konsekvens er umogleg i denne bransjen, og det er ein umogleg tanke at ein skal kunne finne bastante overgripande forklaringar på alt. Derimot kan vi finne delforklaringar på tendensar vi finn i materialet, og slike delforklaringar kan også gi ein peikepinn på kva som er rasjonelt i ei papirordbok. 4. Oppsummering Malmgren konkluderer si undersøking med at situasjonen på dette området i svenske ordbøker er by no means bad, men at det likevel er considerable potential for improvement. Eg må vel kunne seie omtrent det same om dei norske einspråklege eittbandsordbøkene. Skal eg presisere dette, måtte det bli at tilfanget av ordsamband verkar ganske tilfredsstillande innanfor den storleiken ordbøkene no ein gong har. Plassering og presentasjonsmåte kan derimot verke litt tilfeldig. Dei norske ordbøkene tek primært feste i semantiske, ikkje formelle ordningskriterium. Spørsmålet er om dette er god leksikografi, eller om ein meir systematisk fraseologisk presentasjonsmåte hadde vore å ønskje. Den mest fruktbare måten å undersøkje dette vidare på, må vere å ta det på brukarnivå. Spørsmålet er om ordbokstradisjonen er moden for ei omlegging på dette punktet, eller om det tvertimot er slik at brukarane, som ikkje er lingvistar, ikkje har noko reelt behov for fraseologisk klassifisering av ordsambanda, men berre treng forklaring og bruks-

253 informasjon om konkrete uttrykk. Det kan hende at den meir overgripande klassifiseringa og kategoriseringa heller bør gjevast i særskilde fraseologiske ordbøker. Men slike har vi ikkje for norsk, og dermed er det heller ingen som har gjort det grunnarbeidet som ei meir systematisk frasebehandling i allmennordbøkene nødvendigvis vil måtte vere avhengig av. Litteratur Fjeld, Ruth Vatvedt og Lars S. Vikør 2008: Ord og ordbøker. Ei innføring i leksikologi og leksikografi. Kristiansand: Høyskoleforlaget. Malmgren, Sven-Göran 2008: Collocations in Swedish Dictionaries and Dictionary Research. I: Lexicographica 14/2008.149 158. Vikør, Lars S. 2008: Behandling av fraseologi i Norsk Ordbok. I Ásta Svavarsdóttir o.a.: Nordiske Studier i Leksikografi 9. Skrifter udgivet af Nordisk Forening for Leksikografi 10. Reykjavík, 465 476. Lars S. Vikør Professor Norsk Ordbok 2014 Institutt for lingvistiske og nordiske studium Universitetet i Oslo Postboks 1021 Blindern NO-0315 Oslo l.s.vikor@iln.uio.no