Kriseorganisasjon Kriseplan for Sogn og Fjordane fylkeskommune Del 1: kriseorganisasjon og opplegg for varsling Versjon 4, datert 26.02.2014. Generelt Føremålet med kriseplanen er å vere best mogeleg førebudd på å handtere uønska hendingar. Kriseplanen for Sogn og Fjordane fylkeskommune er samansett av fylgjande 3 dokument: Del 1: Kriseorganisasjon og opplegg for varsling Del 2: Konkrete handlingsplanar for kriseleiinga og institusjonane Del 3: Risiko- og sårbarheitsanalyse Første versjon av del 1 vart utarbeidd i august 2006. I 2007 vart det utarbeidd risiko- og sårbarheitsanalyse, datert 19.10.2007. Det er ikkje utarbeidd konkret handlingsplan for kriseleiinga. Del 1 av kriseplanen er revidert (versjon 2) og godkjent av leiargruppa/fylkesrådmannen den 13.08.2012. Del 1 omfattar: Mål for kriseorganisasjonen Kriseorganisering (den øvste kriseleiinga i fylkeskommunen) Varsling/varslingslister Denne planen gjeld for alt personell som har oppgåver i samband med fylkeskommunen sine kriseaktivitetar. Fylkesrådmannen har det overordna ansvaret for oppdatering, revisjon og endringar av planen. Det skal vere ein årleg gjennomgang av planen i leiargruppa. Ved den årlige gjennomgangen skal også ros-analysane vurderast for å sjå om det er kome endringar i plangrunnlaget. Gjeldande utgåve av planverket vil være den utgåva som til ein kvar tid ligg på fylkeskommunen sitt intranett og heimeside. Tore Eriksen fylkesrådmann
1 MÅL FOR KRISEORGANISASJONEN Målet med kriseleiing i Sogn og Fjordane fylkeskommune er å planlegge, organisere, sette i verk og følgje opp aktivitetar som er nødvendige for å handtere uønska hendingar. Kriseplanar i fylkeskommunen skal: Hindre at ein faresituasjon utviklar seg til ein ulykkessituasjon Redusere skadeverknadene av ein oppstått ulykkessituasjon Sikre normalisering av den daglege drifta så raskt som mogleg. 2 KRISEORGANISASJON 2.1 ORGANISASJONSSTRUKTUR Krisehandtering er eit linjeansvar. Oppgåvene skal løysast på lågast moglege nivå i organisasjonen og så nær hendinga som mogleg. Dei fleste uønska hendingane/krisene er av eit slikt omfang at dei truleg kan handterast på institusjons-/skulenivå. For å handtere kriser av noko større omfang er det organisert ei eiga kriseleiing på øvste nivå i fylkeskommunen. Den øvste kriseleiinga i fylkeskommunen er organisert slik: Overordna leiing: Fylkesrådmannen utøver den overordna leiing. Fylkesrådmannen gjer vedtak om iverksetting av kriseleiinga og gjev nødvendige fullmakter. Dersom fylkesberedskapsrådet finn det naudsynt å etablere kriseleiing, vil fylkesrådmannen vurdere å sette i verk kriseleiinga. Fylkesrådmannen har kontakten med media. Fylkesrådmannen held fylkesordføraren orientert. Kriseleiar: Kriseleiaren leiar den operativ handteringa av krisa og rapporterer til fylkesrådmannen. Medarbeidarar: Kriseleiaren har fylgjande medarbeidarar i kriseorganisasjonen: Operativ medarbeidar: utfører oppgåver for kriseleiaren, etter behov Informasjonsmedarbeidar: førebur informasjonstiltak Personell- og pårørandekontakt: er kontaktperson for pårørande og andre som er råka av krisa
Loggførar: fører løpande logg over alle hendingar som bør dokumenterast Driftskoordinator: syter for praktisk tilrettelegging for kriseleiinga når dert gjeld ikt, kriserom, sentralbord, krisetelefonar, mat ol. Kriseleiaren kallar inn medarbeidarane etter behov. I tillegg kan andre medarbeidarar kallast inn når det er turvande. 2.2 KRISEROM Møterommet Sygna skal nyttast som kriserom for kriseleiinga. Rommet skal vere førebudd for dette når det gjeld turvande utstyr og naudstraum. 2.3 SATELLITT-TELEFONAR Kriseleinga har 2 satellitt-telefonar til disposisjon. Telefonnr.: Tel 1: 881631848481 Tel 2: 881631848480 For å ringe til telefonane må ein taste 00 eller + før nummeret. 2.4 NAUDSTRAUM Kriserommet, resepsjonen, IKT-tenesta sin rom (medrekna tekniske rom), fylkesrådmannen og fylkesordføraren sine rom er prioriterte når det gjeld naudstraum. 2.5 ØVINGAR Kriseorganisasjonen har minst ei øving for året, leia av fylkesrådmannen. 3 VARSLING Når det har skjedd ei uønska hending av betydning eller det er varsla ekstremver så skal fylkesrådmannen orienterast om det omgåande. Fylkesrådmannen vurderer om kriseorganisasjonen skal iverksettast, eller om dette skal handterast gjennom den ordinære linjeorganisasjonen på avdelingsnivå eller institusjons- /skulenivå. Ved iversetting av kriseorganisasjonen varslar fylkesrådmannen kriseleiaren om dette.
Kriseleiaren varslar medarbeidarane i kriseorganisasjonen og dei møter snarast mogeleg i kriserommet. 4 VARSLINGSLISTER Varslinga skjer på desse telefonnummera: (Dersom ein ikkje oppnår kontakt med hovudmedlem så skal avløysar varslast/kallast inn.) Fylkesrådmann Tore Eriksen 41 53 09 32 Bjørn Birger Bremer 970 35 419 Velaug Veum 415 30 974 Fylkesrådmannen varslar: Kriseleiar Ole Ingar H. Hæreid 41 53 09 54 Kriseleiaren varslar: Tor-Einar Holvik Skinlo 95 83 90 29 Eli Nes Killingrød 91 71 07 88 Operativ medarbeidar Ingeborg Fredheim 95 14 06 22 Reidun L. Fimreite 41 53 09 73 Endre Høgalmen 95 20 77 89 Informasjonsmedarbeidar Ingvild Ramstad 97 51 44 66 Birthe Johanne F Finstad 99 61 04 64 Knut H. Grepstad 95 80 01 53 Personell- og pårørandekontak t Toril Einarsen 41 53 06 07 Arvid Stenehjem 91 57 68 80 Inger K. Slinde 97 77 28 33 loggførar Siri Merete Nedland 97 03 08 93 Svein Jarle Svedal 48 00 54 00 Monica Åsnes 95 20 77 51 Driftskoordinator Tore Oddvin Stølen 41 53 09 80 Tom Sølve Myklebust 41 53 09 77 Anders Cristian Fjøsne 41 69 26 67 Sentralbord- medarbeidar Ingrid Rishovd 91 58 69 43 Sean Sabanovic 95 03 13 90