OSTERØY KOMMUNE Møteprotokoll for Eldrerådet Møtedato: 23.02.2016 Møtestad: Formannskapssalen - Osterøy rådhus/osterøy sjukeheim frå kl. 13.30. Møtetid: 12:00 15:20 Frammøtte medlemmer Parti Rolle Aslaug Gjerstad Medlem Atle Eide Medlem Audun Mosevoll KRF Medlem Berge Litland Medlem Magne Reigstad Medlem Ove Kleiveland Nestleiar Åge Clausen Utvalsleiar Følgjande frå administrasjonen møtte: Utvalssekretæren. Kommuneplanleggjar Jostein Klette vart til stades i starten av møtet. Han orienterte om Kommunedelplan for sjø og strandsone 2016 2025. Han svarte og på spørsmål frå rådet. Han orienterte og kort om pågåande planarbeid i kommunen. Styrar for Osterøytunet Nina Kvamme orienterte om tenestene og om nye tankar på Osterøytunet. Sektorleiar Mette Fauskanger orienterte om effektiviseringsnettverket som kommunen er med på gjennom KS. Dei svarte og på spørsmål frå rådet. ----------------- Det vart ikkje gjort vedtak i samband med orienteringane. Sakliste Saknr Tittel 005/16 Godkjenning av innkalling og sakliste 006/16 Godkjenning av møtebok 007/16 Referatsaker og meldingar 008/16 Kommunedelplan for sjø og strandsone 2016-2025 - 1. gongs offentleg ettersyn 009/16 Oppstart av planarbeid med høyring og offentleg ettersyn av planprogram for Kommunedelplan for kulturminner i Osterøy kommune, 2016-2026, PlanID 12532015007
005/16: Godkjenning av innkalling og sakliste Innkalling og sakliste vert godkjent. Det var ikkje merknader til innkalling og sakliste. ELD - 005/16 VEDTAK: Innkalling og sakliste vert godkjend. 006/16: Godkjenning av møtebok Møtebok frå 19.01.16 vert godkjend. Det var ikkje merknader til møteboka. ELD - 006/16 VEDTAK: Møtebok frå 19.01.16 vert godkjend. 007/16: Referatsaker og meldingar Referatsakene vert tekne til vitande. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. ELD - 007/16 VEDTAK:
Referatsakene vert tekne til vitande. 008/16: Kommunedelplan for sjø og strandsone 2016-2025 - 1. gongs offentleg ettersyn 1. Plan- og kommunalteknisk utval tilrår Formannskapet å leggja Kommunedelplan for sjø og strandsone (Sjø- og strandsoneplanen), planid 12532010001, med tilhøyrande dokument vedlegg 1 til 8 ut til fyrste gongs høyring og offentleg ettersyn, jf. PBL 11-14. 2. Plan- og kommunalteknisk utval tilrår Formannskapet å opna for ny innspelsrunde innafor rammene sett i vedteke planprogram for Kommunedelplan for sjø- og strandsone i same periode som offentleg ettersyn av planen. 3. Plankart og føresegner for Kommunedelplan for sjø- og strandsona skal erstatte gjeldande plankart og føresegner tilhøyrande Kommuneplanen sin arealdel, planid 12532010001. Plan- og kommunalteknisk utval tilrår Formannskapet å leggja endra føresegner og plankart for kommuneplanen sin arealdel ut på avgrensa høyring og offentleg ettersyn til offentlege styresmakter. 4. Plan- og kommunalteknisk utval tilrår Formannskapet å vedta oppstart av prosess for oppheving av Kommunedelplan for kystsona 1997-2007 Osterøy kommune, planid 20010101,jf. PBL 11-17. 10.02.2016 PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL Det vart halde pause i drøftingane frå kl. 14.25 - kl. 14.35 med gruppemøte for H og FRP og frå kl. 15.00 - kl.15.05 med gruppemøte for AP --------------------------------- Siren Tyssebotn, FRP, gjorde slikt framlegg: "Innspela 19, 21 og 35 blir endra frå ikkje tilrådd til tilrådd." S. Tyssebotn sitt framlegg fall med 5 røyster (1H,2AP, 1MDG,1KRF) mot 2 røyster (2FRP) Rådmannen sitt framlegg vart tilrådd med 5 røyster (1H,2AP, 1MDG,1KRF) mot 2 røyster (2FRP) PL - 011/16 VEDTAK: 1. Plan- og kommunalteknisk utval tilrår Formannskapet å leggja Kommunedelplan for sjø og strandsone (Sjø- og strandsoneplanen), planid 12532010001, med tilhøyrande dokument vedlegg 1 til 8 ut til fyrste gongs høyring og offentleg ettersyn, jf. PBL 11-14. 2. Plan- og kommunalteknisk utval tilrår Formannskapet å opna for ny innspelsrunde innafor rammene sett i vedteke planprogram for Kommunedelplan for sjø- og strandsone i same periode som offentleg ettersyn av planen. 3. Plankart og føresegner for Kommunedelplan for sjø- og strandsona skal erstatte gjeldande plankart og føresegner tilhøyrande Kommuneplanen sin arealdel, planid 12532010001. Plan- og kommunalteknisk utval tilrår Formannskapet å leggja endra føresegner og plankart for kommuneplanen sin arealdel ut på avgrensa høyring og offentleg ettersyn til offentlege
styresmakter. 4. Plan- og kommunalteknisk utval tilrår Formannskapet å vedta oppstart av prosess for oppheving av Kommunedelplan for kystsona 1997-2007 Osterøy kommune, planid 20010101,jf. PBL 11-17. 17.02.2016 FORMANNSKAPET Jon Flydal Blichfeldt, MDG, gjorde slikt framlegg: "Alle 8 anlegg som i dag har konsesjon for produksjon av matfisk får 0 areal for vidare drift." Pkt. 6.9-6.13 under føresegner: For alle område i fjordane kring Osterøy: Det skal ikkje vera utslepp av organiske partiklar til resipienten." ----------------------------- Det vart halda pause i drøftingane med gruppemøte for V, MDG, KRF og SP ---------------------------- Jon F. Blichfeldt sitt framlegg 1 -fall med 8 røyster mot 1 røyst (1MDG) Jon F. Blichfeldt sitt framlegg 2 - fall med 8 røyster mot 1 røyst (1MDG) Innstilling frå plan- og kommunalteknisk utval - samrøystes Protokolltilførsel KRF, MDG, V og SP fekk høve til å gi slik protokolltilførsel: "KRF, MDG, V og SP er skeptiske til veksten i areal for akvakulturanlegg og miljøkonsekvensen dette kan gje." FS - 026/16 VEDTAK: 1. Plan- og kommunalteknisk utval tilrår Formannskapet å leggja Kommunedelplan for sjø og strandsone (Sjø- og strandsoneplanen), planid 12532014007, med tilhøyrande dokument vedlegg 1 til 8 ut til fyrste gongs høyring og offentleg ettersyn, jf. PBL 11-14. 2. Plan- og kommunalteknisk utval tilrår Formannskapet å opna for ny innspelsrunde innafor rammene sett i vedteke planprogram for Kommunedelplan for sjø- og strandsone i same periode som offentleg ettersyn av planen. 3. Plankart og føresegner for Kommunedelplan for sjø- og strandsona skal erstatte gjeldande plankart og føresegner tilhøyrande Kommuneplanen sin arealdel, planid 12532010001. Plan- og kommunalteknisk utval tilrår Formannskapet å leggja endra føresegner og plankart for kommuneplanen sin arealdel ut på avgrensa høyring og offentleg ettersyn til offentlege styresmakter. 4. Plan- og kommunalteknisk utval tilrår Formannskapet å vedta oppstart av prosess for oppheving av Kommunedelplan for kystsona 1997-2007 Osterøy kommune, planid 20010101,jf. PBL 11-17. Kommuneplanleggjar Jostein Klette orienterte om planen og svarte på spørsmål frå rådet. ELD - 008/16 VEDTAK: "Kommunedelplan for sjø og strandsone 2016-2025 vert teken til førebels orientering."
009/16: Oppstart av planarbeid med høyring og offentleg ettersyn av planprogram for Kommunedelplan for kulturminner i Osterøy kommune, 2016-2026, PlanID 12532015007 1. Formannskapet vedtek oppstart av planarbeid for Kommunedelplan for kulturminne i Osterøy kommune 2016-2026, PlanID 12532015007, jf. Plan- og bygningslova 11-12. 2. Planprogram for kommunedelplan for kulturminner i Osterøy kommune 2016-2026, PlanID 12532015007 vert vedteken lagt ut på høyring og offentleg ettersyn, jf. Plan- og bygningslova 11-13. 3. Formannskapet fastset politisk arbeidsgruppe med minimum 5 medlemmer frå Heradstyret til planarbeidet: 25.11.2015 FORMANNSKAPET Berit Moslett Borge, H, gjorde på vegner av valnemnda slikt framlegg til val av arbeidsgruppe: "Kjersti I. Vevatne, V, Ingemar Tepstad, H, Johannes Bysheim, AP, Johannes Haugland, SP, Kari Mjøs, KRF og Alf T. Mortensen, FRP." Rådmannen sitt framlegg - samrøystes Valnemnda sitt framlegg - samrøystes FS - 096/15 VEDTAK: 1. Formannskapet vedtek oppstart av planarbeid for Kommunedelplan for kulturminne i Osterøy kommune 2016-2026, PlanID 12532015007, jf. Plan- og bygningslova 11-12. 2. Planprogram for kommunedelplan for kulturminner i Osterøy kommune 2016-2026, PlanID 12532015007 vert vedteken lagt ut på høyring og offentleg ettersyn, jf. Plan- og bygningslova 11-13. 3. Formannskapet fastset politisk arbeidsgruppe med 6 medlemmer frå Heradstyret til planarbeidet: Kjersti I. Vevatne, V, Ingemar Tepstad, H, Johannes Bysheim, AP, Johannes Haugland, SP, Kari Mjøs, KRF og Alf T. Mortensen, FRP." ELD - 009/16 VEDTAK: "Høyringsutgåve - planprogram for kommunedelplan for kulturminne i Osterøy kommune vert
teken til førebels orientering." Andre saker: Audun Mosevoll tok opp spørsmålet kring kommunesamanslåing, og han informerte om at formannskapet i sitt møte 17.02.16 sette ned eit forhandlingsutval på tre medlemmer i tillegg til rådmann. Desse er: Ordførar, varaordførar og Johannes Bysheim. Eldrerådet vil gjerne vera ein del av prosessen og ønskjer difor ein dialog med ordføraren, eller heile gruppa, for å drøfta tema som er av særleg verdi for eldre. Leiaren tek kontakt med ordføraren. Sekretæren fekk i oppdrag å kontakta rådmannen i samband med gjennomgang av økonomiplanen for Eldrerådet. -------------------------------- Til å skriva under møteboka saman med møteleiaren vart desse valde: Ove Kleiveland og Atle Eide. Lonevåg, 25.02.16 Turid Reigstad Utvalssekretær -------------------------- --------------------------------- ------------------------------- Åge Clausen Ove Kleiveland Atle Eide