KVU E134 Nokre kommentarar Oktober 2016 Ketil Kvaale
Kvifor er eg engasjert i saka? Generelt samfunnsinteressert Trigga av useriøsitet og bevisst feilinformasjon... Ekspressvegen markedsført med store mediaoppslag i alle år som innsparing på 46 km, 35 minutt og 300 høgdemeter Også etter at tunnelen Gvammen-Århus blei vedteken, finansiert og starta utbygging!! Tunnelen reduserer skilnaden til vel 30 km og 0 høgdemeter (Nutheimsbakkane forsvinn) Ytterlegare tiltak i alternativ SØR reduserer skilnad til ca 21 km.
Ny E134 om Rauland for å spare 13 minuttar? I mange år har debatten gått om framtidig traséval for E134 frå Grungebru i Vinje til Gvammen i Hjartdal. Skal det byggast ny veg via Rauland eller skal den gå gjennom Seljord som i dag? Ordstyrar i debatten har vore organisasjonen Ekspressvegen og seinare Vegforum Øst-Vest med Nicolai Østhus og Svein Sem i spissen. Dei har sikkert gjort ein god jobb for E134 totalt sett, men på denne strekningen har argumentasjonen i alle år vore usakleg; - i den forstand at alternativet om Rauland har blitt samanlikna med dagens trase gjennom Seljord. Ei akademisk tilnærming til spørsmålet må sjølvsagt ta utgangspunkt i dei 2 alternativa ferdig utvikla og med nokolunde lik ressursbruk. I VTB for laurdag held denne organisasjonen fram med sin useriøse og lite faglege samanlikninga av alternativa. Det har inspirert meg til dette innlegget... Mitt innlegg i VTB februar 2016 Mange såkalla ekspertar hevda då at eg for med feilinformasjon, men så kom KVU n
Statens Vegvesen KVU august 2016 SOM SLÅR FAST: Kjøretidsforskjell på alternativ NORD og SØR: Om Lognvik/Tansosen (Rauland) 13 minutt Om Straume/Vehus (Øyfjell) 15 minutt men det som SVV prioriterte å få ut i media og som blei fokusert på under presentasjonen på Granvin var innsparing på 51 minutt (i høve til dagens løysing) og at NORD var suveren både på lengde og høyde, som M. Ask stadig blir sitert på..og som er veldig forvirrande for alle som ikkje kjenner saka i detalj
Mercedes og T-Ford. Forvirrande fordi han då samanliknar ny NORD mot SØR etter dagens trase og kvalitet og i tillegg har teke med innsparing ved tunnel frå Haukeli til Rafdalmoen (ved Vågslid) Det blir som å samanlikne ny Mercedes mot ein gamal T-Ford. Bør i det minste samanlikne ny Mercedes mot ny Ford (eller ein alternativ Mercedes). Eg trudde det var heile vitsen med KVU n.???
NORD er 15 minutt kortare/raskara enn SØR, men. Har same stigningsforhold (samla stigning er lik), sjå figur lenger ned. Har større total høgdeforskjell (50 meter), sjå figur lenger ned. Ligg i snitt 150-200 meter høgare over havet (vinterføre tidlegare) Går igjennom dei mest snorike og kalde områda i Vest-Telemark (Drivarbekkdalen..) Har minst 100% meir tunnel (truleg 200% i praksis pga av at Ambjørndalen og Kosttveitheii nok må leggast i tunnell) og tunnellane er lange. Ein ynskjer minst mogeleg tunnell av omsyn til risiko og kostnader. Traseen er uavklart gjennom verneverdig natur- og kulturlandskap i Hjartdal og Svartdal. Kan stoppe heile prosjektet (?) den tid den sorg, som Morten Ask sa på Granvin i august. Går gjennom uberørt natur langs Gjevarvatn og over Kostveitheii Kulturlandskapet i Våmartveit får store inngrep (rasering)
Er ei dårlegare løysing for trafikk frå/til Larvik, Grenland, Agder. Køyrelengda blir 7 km lenger og 40 fleire høgdemeter (dette er heller ikkje med i SVV sin analyse) Krev opprusting av tilførselsvegar, Åmot-Vehus og H.mo-Straume (ca 25 km) Heller ikkje med i kostnadsanalysen Vil gje krise for trafikkbasert næringsliv i Seljord, Kviteseid, Tokke og Åmot E134 blir liggande lenger frå alle 6 kommunesenter i Vest-Telemark Alle sentra får lenger veg mot vestlandet. Alle unntatt Seljord og Åmot får lenger veg mot aust (Oslo). Lik for Seljord, 5 km kortare for Åmot, men må opp bakakne til Vehus.
Rv36 vil bli 70 km lenger enn i dag Tunnelen Gvammen-Århus vil få vesentleg mindre trafikk, dvs eit samfunnsøkonomisk tap Nord vil ikkje ha nytte før heile traseen er ferdig. Sør vil byggast strekning for strekning og ha umiddelbar nytte. Mitt forslag til rekkefylgje: Vinjesvingen Åmot (Vinjevatn vest) Morgedal- Nordbygdi i Seljord Bjørge- Krokan i Seljord (tunell) Høydalsmo sentrum (tunell/bru aust for sentrum) Osv
Mi vurdering: Velg alternativ Sør! Bruk heller dei innsparte tunnellkilometrane på Haukelifjell! Det vil kunne gje mykje meir enn 15 minutt innspart.