Utgiver: Datatilsynet, 2017 Produsert av: We Are Live Illustrasjoner & Design: I saw John first

Like dokumenter
Utgiver: Datatilsynet, 2017 Produsert av: We Are Live Illustrasjoner & Design: I saw John first

Utgiver: Datatilsynet, 2018 Produsert av: We Are Live Illustrasjoner & Design: I saw John first

Retningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Til deg som bur i fosterheim år

Barnerettane i SKULEN

ER DET OM ULOVLEG DELING AV BILETE BLANT UNGDOMMAR

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Skjema for eigenvurdering

6-åringar på skuleveg

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Info til barn og unge

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Refleksjon og skriving

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Barnerettane i HEIMEN

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SAMNANGER KOMMUNE. IKT-reglement. for tilsette i Samnanger kommune. Vedteke av rådmannen Gjeld frå

Gode råd til deg som stiller til val

Å løyse kvadratiske likningar

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Elevundersøkinga 2016

Til deg som bur i fosterheim år

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Barnet si stemme i NAV. Loen

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Du må tru det for å sjå det

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Skuleåret 2017/2018.

NYNORSK TANKAR OG FAKTA OM PERSONVERN OG NETTVETT FOR DEG MELLOM 9 OG 13 ÅR

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Brukarrettleiing E-post lesar

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Døme på eit skrivebord i P360, beståande av: Det same skrivebordet sett frå redigeringsmodus. Namnet til skrivebordet. Eigendefinert tekst.

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

SoMe-retningslinjer. Os kommune i sosiale medium

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

HØGSKULEN I VOLDA Avdeling for mediefag. Studieprogram for PR, kommunikasjon og media

Innsats i BTI Barnevern

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Retningslinjer for ekstern kommunikasjon

Minnebok. Minnebok NYNORSK

ORDBOKA OMGREP FORKLARING Omgrepet i ei setning

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

mmm...med SMAK på timeplanen

NYNORSK TANKAR OG FAKTA OM PERSONVERN OG NETTVETT FOR DEG MELLOM 13 OG 18 ÅR

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv.

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

Informasjonsreglement for Åmli kommune. Vedtatt i kommunestyret , sak K-15/45

Journalføring av epostrekkjer

Når foreldre ikkje bur saman. Retningsliner for å sikre samarbeid mellom barnehagane og foreldre som ikkje bur saman.

443NDA-V NOR0215 Norsk sidemål 10. årstrinn, skriftlig

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Informasjon til elevane

Bjørnehiet SFO - informasjon

Transkript:

Utgiver: Datatilsynet, 2017 Produsert av: We Are Live Illustrasjoner & Design: I saw John first

Mange av oss har sikkert kjent på ønsket om å ta bilete av barn anten det er av våre eigne eller andre barn vi har ein relasjon til. Vi tek bilete fordi vi er stolte og har lyst til å forevige minnet. Vi gjer det i beste meining. Det er så mykje lettare å hugse stemninga, luktene og kjensla når vi har eit bilete å sjå på. Mange ønskjer òg å dele desse minna og kjenslene med andre. Sosiale medium er fulle av barnebilete søte og blide barn i alle moglege positive situasjonar. Frå kvardag og fest, frå barnehage, skule og fritidsaktivitet til private minneverdige hendingar. Men vi finn òg bilete av sjuke barn, nakne barn, barn i uheldige situasjonar eller gråtande barn den første dagen i barnehagen. Det verkar evig lenge sidan vi hadde bileta våre i fysiske album sorterte etter år i bokhylla. Stolte besteforeldre fekk kanskje biletkopiar i gåve. No har vi bileta lagra i ulike digitale einingar og skytenester, og vi deler bileta i sosiale medium slik at endå fleire enn berre besteforeldra kan få glede av dei. Teknologien gir oss mange moglegheiter og gleder. Men han fører òg til at vi vaksne i rolla som føresett, tilsett i skule eller barnehage, leiar for ein fritidsaktivitet eller helsepersonell må tenkje oss ekstra godt om. Vi har alle eit medansvar for kva inntrykk som blir skapt av barna på nett. Derfor er vår oppgåve å stille fleire spørsmål for å beskytte barna. Vi må vere så sikre som mogleg på at det vi gjer med bileta, ikkje forfølgjer barna og gir uønskte følgjer når dei blir større. Med dette heftet ønskjer vi å gi deg som vaksen nokre hugsereglar for korleis bilete av barn bør handterast anten du er føresett eller jobbar med barn. Vi vil prøve å gi ei forståing for kvifor det er viktig å vere bevisst både når du fotograferer og når du deler bilete av barn. Vi stiller dessutan spørsmål som kan vere til ettertanke eller brukast i diskusjon på personal- og foreldremøte. Målet er å skape auka bevisstheit og refleksjon rundt dette temaet, slik at vi i større grad kan vurdere kva som er det beste for barnet. 3

1. Set deg inn i reglane Hovudregelen er at du alltid skal be om samtykke frå alle som direkte eller indirekte kan kjennast att på eit bilete, før det blir publisert. Om dei som er avbilda er under 15 år, må òg dei føresette samtykkje til publiseringa. Om du deler bilete utan lov, vil du i verste fall kunne hamne i straffansvar. Merk at dersom du ikkje tek bileta i privat regi, men som tilsett ved skule, barnehage, fritidsaktivitet eller liknande, må du ha tillating òg før biletet blir teke. Fram til eit barn er 15 år, er det altså dei føresette som har det overordna ansvaret for å godkjenne biletpubliseringa. Men frå barnet er 7 til 15 år, skal det få stadig større medråderett. Dette gjeld anten biletet skal delast opent på ei nettside, på ei lukka Facebook-side eller via e-post. Vi må særleg vere bevisste reglane i situasjonar der òg andre sine barn kjem med på bileta som blir tekne, for eksempel på ei skuleavslutning eller ein luciafrukost i barnehagen. Der er det lett å få med andre barn på biletet. Då er det viktig at vi spør dei føresette om lov før det blir delt. Vi veit aldri kva situasjonar andre menneske er i, og mange kan ha gode grunnar til å ikkje ha bilete av seg sjølv på nett. Dessutan er det eit godt nok argument rett og slett å ikkje ønskje å vere publisert. Dersom du jobbar med barn og arrangerer samankomstar for barn og dei føresette, kan eit godt råd vere å starte med å oppfordre føresette til å vere ekstra varsame med kva bilete dei tek, og minne om at det ikkje er lov å dele bilete av andre sine barn utan tillating. 4

Unntak Nàr aktiviteten er i fokus På nokre bilete er det sjølve situasjonen, eller aktiviteten, som er hovudtema. Kva personar som er på biletet, er då mindre viktig. Dette kan for eksempel gjelde avstandsbilete av eit 17. mai-tog eller av publikum på ein konsert. Slike bilete kan delast utan tillating frå dei fotograferte, så lenge bileta er harmlause og ikkje på nokon måte kan kjennast krenkjande for dei som er på bileta. Ha likevel som hovudregel alltid å spørje alle på biletet før det blir delt, for ikkje å trø feil. Det er dessutan ein høfleg gest å spørje dei det gjeld, før biletet i det heile blir teke, så langt det lar seg gjere. SpÖ r barnet og Allereie frå særs låg alder har barn sterk sjølvkjensle og ei meining om seg og sitt. Sjølv om det er dei føresette som har ansvaret og som må vurdere ei eventuell biletdeling, bør alltid barnet òg bli spurt først. Tilpass spørsmålet til kor gammalt barnet er, og bruk spørsmål dei kan forstå: «Synest du det er greitt at eg deler dette biletet med familien eller vennene mine?» Dersom dei svarer nei, bør det bli respektert utan diskusjon. På den måten blir integriteten til barnet vareteken i større grad, og du lærer dei å alltid spørje før dei deler bilete av andre. Til diskusjon Spør du både barna og dei føresette før du deler bilete av dei? Korleis kan du i rolla di (anten du er føresett eller jobbar med barn) sjå til at barnet får integriteten sin og retten til privatliv vareteken? Kvifor deler du dei bileta av barna du gjer? Er det for barnets skuld, eller er det for å framstille deg sjølv, skulen, barnehagen eller fritidsaktiviteten i eit positivt lys? Kva er eit samtykke? Eit samtykke må vere informert, frivillig og aktivt for å vere gyldig. Det betyr at du: Skal vite nøyaktig kva du seier ja til (for eksempel kvar biletet vil bli delt) Ikkje skal føle deg pressa (for eksempel til å følgje fleirtalet under handsopprekking på foreldremøtet) Skal ha gitt eit tydeleg svar (å sende ut ein e-post og seie at «den som ikkje ønskjer publisering må seie ifrå» er for eksempel ikkje godt nok) Det er ikkje eit krav, men det kan vere ein fordel å ha det skriftleg for å ha dokumentasjon. Eit samtykke kan dessutan trekkjast tilbake når som helst, og opplysningane må slettast. 5

Barnehagar og skular er ansvarlege for bilete tekne i deira regi. Dette gjeld òg for fritidsaktivitetar eller liknande. Allereie før bilete blir teke, må ein ha samtykke frå dei føresette. Då kan det vere ein fordel å lage eit samtykkeskjema der det kjem tydeleg fram kva dei føresette faktisk samtykkjer til. Forslag til innhald i ei samtykkeerkläring, mà tilpassast kvar enkelt skule/barnehage: Er det greitt at det blir teke bilete/film av barnet? Er det greitt at bileta blir publiserte på opne/passordbeskytta nettsider? Er det greitt at bileta blir publiserte i trykksaker relaterte til skulen/barnehagen? Er det greitt at bileta blir hengde opp / brukte i barnehagen? Er det greitt at bileta blir delte i sosiale medium? (Ver spesifikk ang. kva sosiale medium det gjeld, og om det er opne eller lukka grupper.) Barnehagen/skulen vil ikkje frigi digitale biletkopiar av barnet utan spesifikt samtykke frå dei føresette. Barnehagen/skulen vil ikkje ta bilete av barna når dei er særs lettkledde. Bileta som blir publiserte på nett, vil alltid vere i ein kvalitet som gjer det lite attraktivt for andre å manipulere dei eller nytte dei i andre samanhengar. Barnehagen/skulen vil alltid be om spesifikt samtykke frå foreldra dersom det skal bli teke bilete av barna til journalistiske formål, eller dersom utplasserte studentar ønskjer å ta bilete av barna. Underskrift frå verksemda og dei føresette, og gjerne barnet sjølv. 6

ldene 2. Tenk over innhaldet i bileta I løpet av ein dag er det mange rare, morosame og søte situasjonar som kan oppstå. Då er det fort gjort å ta bilete. Men sjølv om vi har moglegheita til å dokumentere det meste heile tida, er det kanskje ikkje alt som må delast med andre? Ta vare pà integriteten til barna At bilete og film kan hamne i feil hender og bli misbrukte, er noko mange er bevisste på. Det vi kanskje gløymer, er at barna har rett til privatliv. Det er vår oppgåve som vaksne på sjå til at denne retten blir vareteken. Vi liker ikkje å bli fotograferte i uheldige situasjonar, slik som når vi har sølt mat på oss eller gret så snørra renn. Endå mindre liker vel dei fleste av oss at desse bileta blir delte med andre. På same måte kan det kjennast ubehageleg for eit barn å sjå igjen bilete av seg sjølv gråtande og snørrete. Og ein kan jo spørje seg om slike bilete i det heile bør bli tekne. Det treng ikkje vere situasjonar som er ubehagelege eller negative i utgangspunktet, det er berre private situasjonar. Barn med smokk, hos legen, i bleie, febersjuk i senga eller bilete frå ein fødsel kan vere typiske eksempel på dette. Rett nok er dette bilete frå livet, men det er òg bilete frå situasjonar som barna kanskje ikkje vil like at andre ser dei i. Jo meir privat ein situasjon er, jo meir bør vi vurdere å halde han nett slik privat. Ei rettesnor kan vere å sjå for seg om du sjølv ville vore komfortabel i ein liknande situasjon. Det kan dessutan vere uheldig når barna blir nytta i kommersielle samanhengar, der privatliv og reklame blir blanda. Problematisk blir det òg når barna frontar politiske haldningar som heilt klart er dei vaksne sine. Barna blir ståande som passive medspelarar utan rett til å seie kva dei faktisk meiner. Kva vil du fortelje? Tilsette i skular og barnehagar tek bilete for å dokumentere aktiviteten til barna. Då bør du som tilsett samtidig vurdere kva det faktisk blir teke bilete av. Dersom det er aktiviteten som skal dokumenterast, er det kanskje ikkje nødvendig å ha med bilete der barna kan kjennast att? Nærbilete av aktivitetane der berre hendene til barna synest, eller bilete der ansikta ikkje synest, er enkle grep for å unngå problema med attkjennelege barn på nett. 8

Barns rettar Ifølge personvernregelverket er det ikkje lov å publisere bilete av barn på ein måte som klart set interessene til barna til side. Eksempel på slik publisering kan vere bilete, film og andre personopplysningar i barnefordelingssaker eller barnevernssaker, eller deling av bilete som er veldig utleverande eller belastande for barnet. Moment for vurderinga av om publiseringa er ulovleg, er særleg om biletet avslører sensitive personopplysningar, kor mange som kan få tilgang til biletet, om barnet sjølv er høyrt, og om det er teke nødvendig omsyn til andre barn. Internasjonale konvensjonar skal òg gi barn integritetsvern: FNs Barnekonvensjon ARTIKKEL 12 - Å SEIE MEININGA SI OG BLI HÖyyyyyYRD Barnet har rett til à seie meininga si om alt som vedkjem det, og meiningane til barnet skal bli tillagde vekt. ARTIKKEL 16 - RETT TIL PRIVATLIV Barnet skal ikkje utsetjast for vilkàrleg eller ulovleg innblanding i privatlivet sitt, i familien, i heimen eller i korrespondansen sin. Det skal beskyttast mot ulovleg angrep mot äre og omdömme. 9

Til diskusjon Still fölgjande spörsmàl för du publiserer : Kvifor önskjer eg à dele dette biletet med andre? Kva er hensikta med det? Kan eg oppnà det eg önskjer utan à dele närbilete av barna? Viser eg barnet respekt ved à ta dette biletet? Er det til det beste for barnet à publisere dette biletet? Fortel biletet noko eg önskjer andre skal vite eller andre treng à vite? Er det eit hyggeleg bilete barnet vil like à sjà om 10 àr? Ville eg ha lagt ut bilete av ein vaksen i same situasjon? 10

Tips! For å sikre deg mot at bilete og informasjon blir misbrukt, kan det vere lurt å ta nokre praktiske forholdsreglar: Legg ut bilete i låg oppløysing eller med ulike filter, då er det vanskelegare å bruke eller misbruke dei i andre samanhengar. Ta bileta på avstand eller frå ein annan vinkel så barna ikkje blir kjende att like lett. Ikkje del namn og stad saman med bileta av barna. Ta bilete der barna er i aktivitet bilete med personar i bevegelse er mindre eigna for vidare bruk. Unngå nakne/lettkledde barn. Få andre til å sjå gjennom bileta du ønskjer å dele, og diskuter med dei kva dei tenkjer. 11

3. Vurder mengda I tillegg til å vere bevisst på innhaldet i bileta du deler, bør du vurdere kor mykje du deler. Det er stor skilnad på å leggje ut eit par bilete på sosiale medium innimellom og å leggje ut hundrevis av bilete på ein blogg. Summen av alt Det er viktig å ta omsyn til det totale biletet som blir danna av barna. For når både føresette, slekt, venner, barnehage, skule og fritidsaktivitetar kvar for seg deler bilete og annan informasjon om barna i mange ulike kanalar blir det fort vanskeleg å halde oversikt over mengda som er publisert. Etter kvart som barna blir eldre, overtek dei retten til å bestemme over sin eigen digitale identitet. Frå dei fyller 15 år, skal dei i stor grad sjølv vareta personvernet sitt. Spørsmålet blir då om dei eigentleg får høve til å starte med blanke ark? Dersom det florerer av bilete av og annan personinformasjon om dei på nett, har dei allereie ein ganske detaljert digital profil. Er det rett å ta frå dei moglegheita til å setje sine eigne grenser og ta vare på sitt eige personvern? Dersom foreldre og andre har delt mykje informasjon om eit barn på nett, vil dette danne eit bilete av barnet som det kan vere vanskeleg å endre eller bli kvitt. Dette kan vere eit bilete dei sjølv ikkje kjenner seg att i eller føler seg komfortable med. Jo fleire bilete som blir delte, jo meir detaljert blir den digitale profilen. Vi vaksne bør vere bevisste på kva rollemodellar vi er for barn og unge. Vi bør gå føre som gode eksempel, og ikkje ukritisk dele mengder av bilete av dei på nett. www.dubestemmer.no Datatilsynet og Senter for IKT i Utdanninga samarbeider om undervisningsopplegget Du Bestemmer for barn og unge mellom 9 og 18 år. Det er eit opplegg skular kan ta i bruk, og handlar om personvern og nettvett. Dei unge lærer der korleis dei sjølv kan ta kontroll over personopplysningane sine, og korleis dei skal respektere at andre har rett til personvern. Til diskusjon Har du ei bevisst haldning til kva bilete du deler av barn anten det er dine eigne eller andre sine barn? Korleis kan du påverke den totale mengda bilete på nett ut frå rolla di? Kva heilskapleg bilete blir gitt av barna basert på alle bileta av som er delte av dei? 12

Open eller lukka profil Det første som bør sjekkast, er om kontoen er lukka og avgrensa til venner eller andre som har fått lov til å følgje profilen. Det er mogleg å setje slike avgrensingar på dei fleste sosiale medium, slik som Facebook og Instagram. 4. Ver bevisst pà val av kanal Om du har bestemt deg for å dele bilete av barn, bør du vurdere kva for nokre og kor mange kanalar du skal nytte.du bør sjå til at bileta berre blir delte med dei du faktisk ønskjer å dele med, og ta forholdsreglar for at ikkje bileta hamnar i feil hender. Gå òg gjennom relevante personverninnstillingar for å gjere delinga så sikker som mogleg. Dersom du eigentleg ønskjer å dele bilete med besteforeldra, bør du gjere nett det. Då vil det kanskje vere mest riktig å sende bileta for eksempel via e-post eller via ei lukka gruppe, og ikkje leggje dei opent ut på nett. Ha som rettesnor å dele bilete av barn mest mogleg lukka, med færrast mogleg mottakarar. Lukka gruppe eller samtalar På ein del sosiale medium kan ein òg opprette lukka grupper eller samtalar. Då kan delinga avgrensast til berre nokre heilt få. Gruppa kan i mange tilfelle setjast så ho ikkje er søkbar. Du kan òg gjere val for kvart enkelt bilete, og velje heilt konkret kva grupper og personar som skal få sjå kva. Ver obs på at innstillingane plutseleg kan vere endra, og at det er vanskeleg å vere heilt sikker på at eit bilete faktisk er skjult. Det kan vere ein fordel å ha ein administrator som godkjenner kven som er med, og som jamleg går gjennom medlemsmassen. Passordbeskyttet nettside/blogg Dette kan vere ei grei løysing for mange skular, barnehagar eller andre som ønskjer å dele bilete av barn. Det er likevel viktig å hugse at sjølv om nettsida er passordbeskytta, må det hentast inn samtykke frå dei føresette før bilete av barnet blir publisert. Det bør òg finnast ein plan for kva ein gjer dersom eitt av barna sluttar, eller når hausten kjem og mange barn (og føresette) blir bytte ut med nye. Dette bør løysast ved å gi dei føresette eigne brukarnamn og passord, slik at tilgangar kan styrast når det er nødvendig. Minnepinne eller skytenester Nokre barnehagar og skular vel å dele bilete med dei føresette på minnepinnar, eller via sky-baserte tenester. Dette kan vere eit greitt alternativ, men òg her er det viktig å ha samtykke på plass før bilete blir delte med andre enn barna sine eigne føresette. 14

Sjekk personvernsinstillingar: Skaff oversikt over kva som blir delt. Dei fleste sosiale medium har moglegheiter for å tilpasse personverninnstillingar på ulikt nivå. Gå gjennom dei med jamne mellomrom og ver bevisst på kva du deler med kven. Skru av stadstenester: Nokre kanalar viser kvar ein fysisk er når eit bilete blir delt. Dette er stort sett ein unødvendig funksjon, og kan gi både kjende og ukjende detaljert oversikt over kvar bestemte barn oppheld seg til ulike tider. Er profilen sökbar? Det er som regel mogleg å skru av at ein profil er søkbar. Dersom biletet ditt kjem opp ved biletsøk, er det enklare at det blir misbrukt i kommersielle samanhengar. Til diskusjon Er dei digitale bileta eller albumet sikra godt nok? Kor sikker er eigentleg ei passordbeskytta nettside? Har du ei gjennomtenkt haldning til kven du vil vise barnebileta til berre til venner og familie, eller til heile verda? Kan e-post eller oppslagstavler erstatte nettet som kanal for deg i rolla di? Har du ei bevisst haldning til korleis bilete og film blir distribuerte på nettet? HUGS! Uavhengig av kanal og personverninnstillingar, er reglane dei same nàr du deler med andre. SjÖlv om du deler bileta pà ein lukka profil, kan du ha mange venner. Pass derfor pà at du fàr samtykke frà dei föresette til alle barna pà biletet du önskjer à dele. 15

5. Slett med jamne mellomrom Haldningar endrar seg med tida, noko som gjerne blir tydelegare når ein ser tilbake på gamle bilete eller statusoppdateringar i sosiale medium. Bilete og informasjon kan ha mista relevansen sin og verke utdaterte stilen er annleis og meiningar endra. Derfor kan det vere greitt å jamleg ta ein gjennomgang av det du har delt på nett og i sosiale medium. Ei «vårreingjering» kan vere ein grei hugseregel. Særleg er dette viktig når det kjem til bilete og film av barna, då både dei og meiningane deira kan endre seg fort etter som dei blir eldre. Slett det som ikkje lenger er relevant, og nytt sjansen til å ta ein ekstra runde på om du framleis synest bileta tek vare på integriteten til barnet. Det kan vere at nokon og kvar vil bli overraska over kva som tidlegare er delt med andre. Dersom bileta ikkje er tekne eller lagra i privat regi, men ved barnehage, skule, fritidsaktivitet eller liknande, gjeld eigne reglar for sletting. Dette har dei sjølv ansvar for å setje seg inn i og følgje opp. 16

Merk! Dersom føresette eller barn ber deg om å slette bilete som er delte anten det er i opne eller lukka kanalar må du gjere det. Ikkje spør om årsak, berre slett med ein gong. Hugs at sjølv om dei i utgangspunktet gav samtykke, kan det alltid trekkjast tilbake. Til diskusjon Gå gjennom bilete som er delte for eit par år sidan. Vurder det du har lese i denne rettleiaren (om samtykke, innhald, mengd og kanal). Er det bilete du kan slette? Vart du overraska over noko av det du hadde delt? Dersom eit barn sluttar (anten i barnehage, på skule eller i ein fritidsaktivitet), korleis blir då dei digitale spora som ligg att etter barnet behandla? Blir bileta sletta? 17

1. Set deg inn i reglane 2. Tenk over innhaldet i bileta Oppsummering Gå gjennom desse hugsereglane før du deler barnebilete anten det er av eigne barn eller andre sine 18

3. Vurder mengda 5. Slett med jamne mellomrom 4. Ver bevisst pà val av kanal 19

Denne rettleiaren finn du og pà datatilsynet.no/ibestemening