Rullering av tiltaksstrategiar for SMIL ordninga for Stord og Fitjar, 21.01.16 SMIL: Særskilte miljøtiltak i jordbruket Dette er ein fleirårig tiltaksstrategi for Stord og Fitjar som skal gje grunnlag for og vera rettleiande når Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor skal handsama søknader og fordele tilskotsmidlar i desse kommunane. Søknadsfristen er 15. mai. Søknader som kjem inn etter dette kan handsamast «løpande» så lenge det er tilskot til løyving. Planperiode Tiltaksstrategien gjeld frå den er vedtatt politisk i Stord kommune og i Fitjar kommune 2016 til 31.12.2019. Då skal strategiplanen revurderast på nytt. 1
1. Overordna planar og målformuleringer Forskrift om tilskot til særskilde miljøtiltak i jordbruket ligg til grunn. Den er fastsett av Landbruksdepartementet 16. februar 2015 med heimel i Jordlova av 12. mai 1995, 3 og 18. Landbruksplanen for 2005-2015 har følgjande visjon for landbruket i Stord og Fitjar; Landbruket i Stord og Fitjar Mangfald, verdiskaping og trivsel. I visjonen ligg det at kulturlandskap, kultur og oppleving er viktige element i desse to kommunane. Når dette går hand i hand med tradisjonell landbruksdrift og etablering av landbrukstilknytta tilleggsnæringar får visjonen tyngde og meining. Landbruksplanen skal revurderast i 2016. Kommuneplanane sine kartlegging av kjerneområde landbruk er kommunane sine overordna mål for kor dei vil tilrettelegge for landbruk med verdiar knytt til kulturlandskap. Omsynssoner knytt til kystgarder og kystlynghei i tillegg til kulturlandskap skal gje desse områda spesiell oppmerksem i kommunal forvaltning. Kulturminneplan: kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø Stord kommune, vedteke 26.11.2009. Kulturminneplan for Fitjar, vedteken i 2015. RMP Regionalt miljøprogram for Hordaland sine satsingsområde er retningsgjevande for Stord og Fitjar sine prioriteringar, der dei høyrer naturleg til i våre kystkommuner. Det gjeld skjøtsel av freda kulturminne, kulturminne med omsynssoner, steingarder og kystlynghei. Naturmangfaldlova (Lov 2009,nr 100) er ein naturleg del av all forvaltning og eit viktig verktøy i vurdering av løyving og vilkår ved løyving. Prosjektplaner for istandsetting av kystlynghei i Fitjarøyane. Det er lokalt utarbeida beitebruksplan( 2008) for heile øyområde og plan for fjerning av sitkagran (2010). Regional plan for vassregion Hordaland 2016-2021 har fokus på utfordringar som gjeld forureining frå landbruket til vassdrag. Vatndatabase med konkrete vannførekomstar skal nyttast ved handsaming av aktuelle SMIL søknader. 2
2. Tematiske prioriteringar Tiltak som gir eit ope og velskjøtta kulturlandskap Auka tal beitedyr Gjerde Rydding av attgrodd kulturlandskap Hydrotekniske tiltak (opne kanaler og grøfter) mot forsumping av jordbruksareal Tiltak mot uønska vekster og svartelista arter Tiltak som ivaretar kulturminne, bygningar og bygningsmiljø som er og har vore viktige i det lokale landbruket knytt opp mot produksjon knytt til aktivitetar som trekkjer menneske inn på garden Knytt til historie og identitet lokalt Tiltak som stimulerer til samarbeid. Mellom gardsbruk Mellom gardsbruk og andre Tiltak som kjem folk flest (ålmenta) til gode. informasjon om verdier i landbruk og natur. Tilrettelegging av turstier (skilt, merking, grinder ol) i kulturlandskapet 3
3. Geografiske prioriteringar av ordningar/tiltak Fitjarøyane: Stimulering til tiltak til tradisjonell skjøtsel av kystlandbruk. E39 er hovudferdselsåra mellom Stavanger og Bergen. Det passerer mellom 4-6000 bilar her dagleg og i sommarhalvåret er mange av desse knytt til turistnæringa. Kulturlandskapet er fleire stader i ferd med å gro igjen. Her har det tradisjonelt vore ope kulturlandskap med utsyn til sjø. Mange av gardane har redusert talet på beitedyr dei seinaste åra. Tiltak som kan stimulere til samarbeid, og andre tiltak for å motarbeide attgroing, vil bli prioritert. Stord: Gode tiltak knytt til det bynære kulturlandskapet, som kjem både landbruksnæringa og innbyggjarane til gode. Huglo stimulere til tiltak som ivaretar kulturlandskapsverdiar i dette tradisjonelle landbruksområde og spesielle natur og historieverdiar. Omsynsoner: Omsynsoner i kulturminneplan og kommuneplan som er knytt til jordbrukets kulturlandskap skal prioriterast. 4
Forventa trong for økonomiske verkemidlar I både Stord og Fitjar har bruken av tilskotsmidlar vore jamn dei siste åra. I begge kommunane har nye brukarar fått viktig stimuleringshjelp til gode tiltak. Dette er særs positivt for å stimulere unge bønder og nye brukarar. Løyvde tilskot frå kommune til SMIL tiltak er større enn løyvd tilskot frå FMLA til Stord og Fitjar. Dette pga at sluttutbetaling for ferdig godkjente tiltak av ulike årsakar kan være lågare enn løyvinga var. Dette gir ledige tilskot som SFLMK ynskjer å bruke om det er behov i kommunane. Tabell 2: Oversikt over omsøkte og tildelte midlar i Stord og Fitjar Løyvd tilskot frå FMLA Løyvd frå kommune til kommune til SMIL tiltak Innkomne søknader/løyvingar Stord Fitjar Stord Fitjar Stord Fitjar SMIL 2015 200 000 *293 177 365 250 414 500 12/9 16/9 SMIL 2014 200 000 280 000 344 815 330 800 10/9 13/12 SMIL 2013 200 000 300 000 226 600 363 000 5/5 18/15 SMIL 2012 200 000 200 000 213 500 227 900 7/4 11/9 SMIL 2011 200 000 250 000 269 750 495 750 14/11 14/12 *inkl. tilleggsløyving på kr 103 177,- Tabell 3: Oversikt over forventa behov for årlege tilskotsmidlar til fordeling Fitjar 400 000 Stord 300 000 5