VELKOMEN TIL RØDE KORS HAUGLAND REHABILITERINGSSENTER

Like dokumenter
VELKOMEN TIL RØDE KORS HAUGLAND REHABILITERINGSSENTER

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS. Presentasjon nettverksmøte fredag v/ Linda Meier og Jo Inge Gåsvær

Næringsreiser Sogn og Fjordane 2013

Søknad fra Lions Club Fjaler

Informasjon til pasientar og pårørande

Velkomen til Mork Rehabiliteringssenter

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

GLADE ELDRE PÅ SYKKEL EIT PROSJEKT I REGI AV NASJONALFORENINGEN JØLSTER HELSELAG

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Strategidokument

Strategidokument Varhaug Misjonshus

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Nystarta leirskule -med ledig kapasitet i 2012

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Å bli gamal i eigen heim

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

Velkomen til Lærdalsturneringen 2017

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2008/1/0468. Dette prosjektet er støtta med EXTRA-midlar frå

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Årsplan Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane

Velkommen til sjukeheimen i Selje Kommune SELJETUNET OMSORG OG REHABILITERING

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

Til deg som bur i fosterheim år

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Varafjell avlastningssenter

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Bjørnehiet SFO - informasjon

TYSNES KOMMUNE INTRODUKSJONSPROGRAM FOR NYTILSETTE

6-åringar på skuleveg

SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE

FØRDE TOMTESELSKAP. Brendeholten

Internasjonal vidaregåande skule

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Velkomen til Røde Kors!

Kap. 496, post 62, Jobbsjansen del B Rapporteringsskjema Tilskudd til Jobbsjansen del B. Tilskuddsrapport for 2017

UNG I RADØY SOMMARCAMP FOR UNGDOM 2017

Kommunedelplan for oppvekst

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Tenesteavtale 5. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

1. Mål med samhandlingsreforma

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Årsplan for

Info til barn og unge

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Undersøking av pasienterfaringar med bruk av legevakta

Frisklivssentralen i Øygarden kommune fyller år! Frisklivssentralen fyller 1 år! ØYGARDEN KOMMUNE. Praksisstudentar

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kvifor og korleis lage årsplan som ressurssjukepleiar i lag med leiar? Av Marit Eikemo Halsnes

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Foreldremøte 19. september 2018

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Tiltak frå førebyggande helse; Jordmor, helsestasjon og skulehelsetenesa

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM, ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILD TILRETTELAGD FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIUM OG

Lønnsundersøkinga for 2014

Transkript:

VELKOMEN TIL RØDE KORS HAUGLAND REHABILITERINGSSENTER Vi håpar at du vil finne deg godt til rette hjå oss den tida du skal vere her. For oss er det viktig å leggje tilhøva til rette for at du skal kunne gjere deg nytte av rehabiliteringsopphaldet på best mogleg måte. Om du skulle sakne noko eller har spørsmål, ta kontakt så skal vi hjelpe deg så godt vi kan. Som dagpasient bur du heime, men er ved institusjonen på dagtid. Aktiv tid på senteret er kl. 09.00-16.00. Lengde på opphaldet og kva dagar du skal møte, vert bestemt ved innkomst. Meistring Motivasjon Mangfald Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er eit rehabiliteringssenter innan spesialisthelsetenesta. Vi tek imot 1 300 pasientar årleg, med variasjon i funksjonsnivå, tilstand og diagnose. Behandlingsideologien er inspirert av Erling Stordahl sin visjon om å leggje til rette for aktivitet og deltaking uavhengig av funksjonsnivå. Vi set pasienten i sentrum for sin eigen rehabiliteringsprosess, og tverrfagleg stab vil motivere og rettleie undervegs. Vi har ei ressursfokusert tilnærming, der pasientane sine ressursar er viktigare enn begrensingane. I prosessen nyttar vi friluftsliv, tilpassa fysisk aktivitet og samtale, samt undervisning basert på kognitiv/ metakognitiv terapi. Heilskapstanken står sentralt i rehabiliteringsprosessen. Fagideologien byggjer på skulemedisinske prinsipp der måla er å: Auke sosial og/ eller arbeidsdeltaking Redusere følgjetilstander etter sjukdom Betre psykisk helse Betre fysisk helse Med ynskje om eit godt og innhaldsrikt opphald, Inger Johanne Osland Adm.dir

HISTORIA OM HAUGLAND Christian Bekker, f. 1877 1980, son til Sofie Cecilia Haugland og Frantz Friedrich Bekker, fekk skøyte på Haugland i 1906. Christian var ugift og budde på Haugland frå 1939. Før han døydde testamenterte han eigedomane sine til Sogn og Fjordane distrikt av Norges Røde Kors. Christian Bekker sette som vilkår i testamentet at midlar og eigedomen skulle nyttast til humanitære og inspirerande føremål. Sogn og Fjordane Røde Kors starta restaurering og utbygging i 1981, og første byggjesteg stod ferdig i 1985. Senteret var då eit ferie-, fritids- og aktivitetssenter for personar med eller utan funksjonshemmingar. I denne perioden vart det starta leirskule. Utbygginga heldt fram og 24. oktober 1992 vart Haugland Helsesportssenter opna av kong Harald. Anlegget vart røyndom grunna Lions sin Røde Fjær aksjon i 1987, som gav midlar til føremålet. I 1993 vart institusjonen godkjent som rehabiliteringssenter gruppe I med 50 sengeplassar. Institusjonen hadde 8500 kvm. bygningsmasse til rådvelde og dekka for det meste etterspurnad frå Vestlandet. Institusjonen la stor vekt på oppbygging av fagleg kompetanse innan rehabiliteringsfeltet og utvikla i første omgang tilbod til personar med muskel,- skjelettlidingar, kronisk smerte og kreft. Frå 2006 har institusjonen hatt avtale med Helse Vest regionale helseføretak og tilbyr spesialiserte rehabiliteringstenester til eit mangfald av pasientgrupper. Røde Kors si satsing på Haugland førde til at organisasjonen United World College vart knytt til senteret. September 1995 vart skulen opna av Dronning Sonja og Dronning Noor av Jordan. Skulen har eit to-årig program der ein tek International Baccalaureate (IB), ein eksamen som gjev tilgang til dei fleste universitet i verda. Internasjonal solidaritet, miljø og menneskerettar vert vektlagt i undervisninga. Skulen legg spesielt til rette for at studentar med funksjonshemming og studentar frå utviklingsland skal få eit tilbod.

PRAKTISK INFORMASJON: Ankomstdag Når du kjem til senteret, vil du få samtale med fagstab som saman med deg lagar plan for opphaldet. Alle pasientar får ein individuell timeplan med oversikt over treningsaktivitetane ein skal delta på, utarbeida av sin kontaktperson. I tillegg legg vi opp til undervisningstimar, og i nokre tilfelle samtalegrupper. Avreise Mot slutten av opphaldet vil det bli oppsummering/ avreisesamtale med fagstab, der det blir fokus på din vidare plan etter opphaldet. Du vil få naudsynte avreiseskjema frå resepsjonen. Når du avsluttar, må du sjekke ut og levere inn nøklar til posthylle og garderobeskap. Eigenandel Privatpersonar skal sjølv betale ein del av kostnadane når dei brukar det offentlege helsevesenet ved å betale ein eigenandel. Opphald ved RKHR kjem inn under ordninga om eigenandelstak 2. Når eigenandelstaket er nådd, vil du få tilsendt frikort. Du vil også få tilbakebetalt dersom du har betalt for mykje (meir informasjon om dette finn du på www.helfo.no). Det er eit ynskje at du betalar eigenandelen på opphaldet i resepsjonen i løpet av den fyrste helga du er her. Senteret har betalingsterminal. Brann Ignorer aldri ein brannalarm. Bruk trappene ved evakuering, ikkje bruk heis. Samlingsstad ved brannalarm er ved blomsterurnene på plenen nedanfor senteret sitt hovudbygg (utanfor inngangen til Matsal 2). Brukarevaluering Vi ønskjer å bli betre, og set difor stor pris på å få di tilbakemelding. Vi håpar du vil nytte brukarevalueringsskjemaet vårt og gje oss tilbakemelding på korleis du opplevde opphaldet her hos oss. Du vil få informasjon om brukarevalueringa mot slutten av opphaldet, og du kan svare elektronisk eller på papir. Buffet Det er buffetservering til alle måltid. På grunn av allergiar ber vi om at du ikkje blandar serveringsbestikka på fata i buffet en. Tidspunkt for måltid står på oppslag i matsalen.

Fotografering Av omsyn til personvern, ber vi om at du ikkje fotograferer andre pasientar. Garderobeskåp Som dagpasient har du tilgang til låsbart oppbevaringsskåp i hovudbygget. Du vil få utdelt nøkkel til dette i resepsjonen. Like ved skåpa finn du eit stort toalett/bad, om du treng ein plass til å skifte kle. Internett Det er trådlaust nettverk på senteret, du finn òg gjeste-pc i 1.etg i hovudhuset. Namn på nettverk: Haugland Passord: hauglandgjest Kultur og fritid Det vert arrangert fleire kultur- og fritidsaktivitetar på ettermiddag og helg, sjå vekeoversikt på oppslagstavla. Arrangement kan vere konsertar, foredrag, kurs, ulike turar m.m. Nokre arrangement må ein melde seg på, andre er opne. Som dagpasient kan du nytte deg av slike tilbod om du ynskjer. Mobiltelefon Det kan vere forstyrrande med mobiltelefon under aktivitet og undervisning. Vi set derfor pris på at du har den på lydlaus eller avslått. Pasientalarm Det er pasientalarm i alle hus. Post, avtaler og informasjon Post og beskjeder vert fortløpande lagt i posthyllene i gangen i hovudhuset. Noko informasjon vert hengt opp på oppslagstavlene, som òg er ein nyttig stad for å finne informasjon om aktivitetar og andre tilbod ved senteret. Fint om du sjekkar posthylla di og oppslagstavlene i samband med måltida. Registrering Det er fint om du tek kontakt med resepsjonen kvar dag når du kjem og når du reiser for dagen. På den måten vil du hjelpe oss å halde oversikt over kven som er på området. Om du berre er borte nokre timar, kan du registrere deg på eige skjema i gangen ved sidan av resepsjonen.

Rus Vi har null-toleranse for bruk av alle rusmiddel medan du er på senteret. Det er heller ikkje ønskeleg at du nyttar alkoholfritt øl. Røyking Det er røykeforbod på senteret sitt område. Røyking er lov på anvist røykeplass. Alle aktivitetar i senteret sin regi er røykfrie. Dette gjeld også bruk av elektroniske sigarettar. Telefon Telefonnummeret til resepsjonen er 57 73 71 00. UWC Red Cross Nordic Vår næraste nabo er United World College Red Cross Nordic (UWC). Her bur 200 studentar i alderen 16 til 19 år frå meir enn 90 ulike land. I skuleåret vil du kunne møte nokre av studentane i enkelte aktivitetar. Dei arrangerer òg aktivitetar som er opne for pasientar, og informasjon vert hengt opp på oppslagstavla ved matsalen. BEMANNING: Kontaktperson Alle pasientar får ein kontaktperson under opphaldet. Kontaktpersonen er institusjonen sin representant, og har ansvar for oppfølging og koordinering medan du er her hos oss. Lege Legekonsultasjon får ein etter behov. Legetimane er tverrfaglege, andre faggrupper vil derfor kunne delta. Resepsjon Resepsjonen er bemanna heile døgnet. Det er sal av diverse kioskvarer i resepsjonen frå kl. 08.00 og 21.00. Resepsjonen har vaktskifte kl. 14.45 15.00.

Tverrfagleg stab Helsefagleg stab består av fysioterapeutar, ergoterapeutar, idrettspedagogar, sosionomar, ernæringsfysiolog og samhandlingskoordinator. Desse er på senteret frå kl. 08.30 15.30 på kvardagar. Det er sjukepleiar på senteret heile døgnet. Øvrig stab er reinhaldspersonale, kokker/kjøkkenassistentar, teknisk avdeling, inntakskontor, kultur- og fritidsavdeling, system/it-avdeling og administrasjon. FASILITETAR: Arbeidsstova Arbeidsstova er tilrettelagt for å kunne drive med ulike fritids- og handarbeidsaktivitetar, og du kan kjøpe materiale til eigen produksjon. Det vert arrangert kurs i ulike handverksaktivitetar, informasjon vert annonsert på oppslagstavla ved matsalen. Basseng Du har tilgang på basseng når det står på timeplanen din. Det er ikkje anledning til å gå ut i bassenget før fagstab har gitt klarsignal. Handkle vert utlevert i bassengområdet etter avslutta aktivitet. Tenk på miljøet og bruk kun eitt handkle per person. Det lille naustet Dette er eit lokale som er tilrettelagt for maling med staffeli, palett og anna. Du kan kjøpe lerret, penslar og akrylmaling i resepsjonen. Gamma Nedanfor hovudhuset har vi ei gamme som ein kan nytte. Nøkkel til gamma får du i resepsjonen. Stillehuset Stillehuset er ein stad du kan komme til stille bøn, meditasjon, yoga eller sitte roleg med eigne tankar. Huset ligg på Hesteneset, forbi UWC-landsbyen. Nøkkel får du i resepsjonen. TV stover/ kvilestover På hovudhuset er det tre TV-stover. Her har du anledning til å slappe av mellom aktivitetane dersom du ynskjer det.

Utefasilitetar Senteret har tilrettelagte turstiar på holmen og nærområdet. Kart ligg i resepsjonen. Kaier og brygger er tilgjengelige for fisking. Utlån av fiskeutstyr i resepsjonen. Pasientar har tilgang til gapahuk og gamme, samt aktivitetsbana nedanfor bassengbygget og ballbinge (forbi UWC landsbyen). I sommarhalvåret er det mogeleg å låne kano, robåt og sykkel etter avtale med kontaktperson. Kontakt resepsjonen for lån. Utstyr å ha med deg Det er fint om du som dagpasient har tilgjengeleg ulikt personleg utstyr, då det kan førekomme endringar på aktivitetsplanen på kort varsel. Ha gjerne med deg badetøy, treningskle og kle til å vere ute i kvar dag. Ein liten sekk og drikkeflaske, samt kleskift kan òg vere lurt å ha. Ventesona i aktivitetsbygget I 2. etasje i aktivitetsbygget er det venterom for avtaler med fagstab. Det er òg mogleg å drive aktivitetar som biljard, bordtennis og fotballspel.