KSL-STANDARD Versjon 11, oktober 2015 nynorsk SJEKKLISTE FOR EIGENREVISJON 11 - Inn på tunet Namn: Dato for utført eigenrevisjon: 11.0 IPT-VERKTØY: MÅL OG ORGANISERING 11.0.1 Har du fylt ut opplysingar for mål og organisering i Inn på tunet-verktøyet? GENERELLE INN PÅ TUNET-KRAV GARDEN 11.1 FORHOLDET TIL RELEVANT LOVVERK 11.1.1 Kjenner du til kva for lover, reglar og offentlege krav som til ei kvar tid er relevante for verksemda generelt og spesielt? 11.1.2 Politiattest Kjenner du til lovgjeving rundt politiattestar og dei krav som blir stilt til eigne tilsette og eventuelt krav om å levera attest ved tilbod innan bestemte brukargrupper? 11.1.3 Eigendefinerte krav? 11.2 KOMPETANSE 11.2.1 Fagleg opplæring Er det rutinar for å halde seg sjølv og tilsette fagleg oppdaterte innan IPT? 11.2.2 Eigendefinerte krav? 11.3 PERSONOPPLYSNINGAR OG TEIEPLIKT Produsentnr.: Underskrift: 11.3.1 Personopplysningar Er det etablert eit sikkert system for behandling av personopplysingar? 11.3.2 Teieplikt for tilsette Finst det rutinar for at tilbydar og dei tilsette underteiknar teieerklæring? 11.3.3 Teieplikt for brukar Blir andre brukarar oppfordra til å praktisere teieplikt når det gjeld personlege opplysningar om kvarandre? Ja Nei Ikkje Tiltaksplan finn du lenger bak.
11.3.4 Teieplikt for familie Finst det rutinar for å gjere familie og andre som får tilgang til opplysningar og innsikt i forhold som gjeld brukarane oppmerksam på at dei må praktisere teieplikt om slike opplysningar? 11.3.5 Foto Ligg det føre godkjenning frå fotograf og personar som er avbilda før eit bilete blir publisert? 11.3.6 Eigendefinerte krav? 11.4 ANSVAR, OPPLÆRING OG ROLLEAVKLARING 11.4.1 Ansvar og avklaring av roller Er det avklart kven (tilbydar/følgjar/andre) som til ei kvar tid har ansvaret for den enkelte brukar? 11.4.2 Opplæring Har dei ansvarlege for tilbodet fått relevant opplæring, for eksempel om tryggleiksrutinar, lokale forhold og korleis ein skal introdusere nye brukarar? 11.4.3 Areal Er du som tilbydar bevisst på kva for delar av garden som inngår i tilbodet, og kva for delar som blir haldne utanfor? 11.4.4 Eigendefinerte krav? 11.5 INTRODUKSJON OG TRYGGLEIKSRUTINAR 11.5.1 Introduksjon Er det rutinar for at nye brukarar får ein tilrettelagt introduksjon om lokale forhold, tryggleiksrutinar, spesielle forhold og rutinar og kva som er lov/ikkje lov? 11.5.2 Repetisjon Finst det rutinar for å vurdere behovet for gjentaking og gjennomgang av informasjon som beskrive i punkt 11.5.1? 11.5.3 Tryggleiksrutinar Finst det rutinar for at tilbydar, tilsette/andre involverte gjennomgår tryggleiksrutinar i samsvar med nærare fastsette intervall? 11.5.4 Eigendefinerte krav? 11.6 FORSIKRINGAR 11.6.1 Forsikring Tilbydaren må, i samarbeid med kjøpar og forsikringsselskap, vurdere kva for forsikringar som er nødvendige å ha som følgje av IPT-verksemda. Er det avklart kva for forsikringar som IPT-tilbydaren er ansvarleg for og som kjøparen er ansvarleg for? 11.6.2 Finst det dokumentasjon på kva for forsikringar som faktisk ligg føre? 11.6.3 Eigendefinerte krav? 11.7 DYRA PÅ GARDEN 11.7.1 Kva for dyr Er det teke stilling til kva for dyr som passar inn og kan brukast i tilbodet? 11.7.2 Opplæring Finst det rutinar for å vurdere kva slags opplæring av brukar og/eller tilsett som er nødvendig når stell og omsorg av dyr er ein del av tilbodet?
11.7.3 Ansvar Finst det ein oversikt over kven av dei tilsette/hjelparane som har ansvaret for det einskilde dyret? 11.7.4 Er det gode rutinar for hald av dyr? 11.7.5 Eigendefinerte krav? 11.8 SMITTEVERN OG HYGIENEFORHOLD FOR BRUKARAR 11.8.1 Smitte mellom brukarar Er det lagt vekt på betydninga av god handhygiene, og er det lagt til rette slik at det er enkelt for brukarane å ha god handhygiene? 11.8.3 Sjukdom Finst det retningsliner for når ein ikkje bør delta i tilbodet, og rutinar for å handtere sjukdomstilstandar som oppstår i løpet av dagen?? 11.8.5 Eigendefinerte krav? 11.9 MATSERVERING 11.9.1 Reglar mat Finst det rutinar som sikrar at verksemda blir driven i samsvar med relevante reglar for produksjon, handtering og servering av mat? 11.9.2 Eigendefinerte krav? 11.10 FØREBYGGING AV UØNSKTE HENDINGAR 11.10.1 Risikovurdering Er det gjort ei risikovurdering av garden og omgjevnadane med tanke på konkrete brukargrupper, og gjennomført sikring av risikoelement? Risikoelement som ein skal gjennomgå med utgangspunkt i dei brukargruppene ein har, kan vere: - farlege arbeidsforhold - drukningsfare - brann- og eksplosjonsfare - fallfare - farlege kjemiske og biologiske stoff - maskinar 11.10.2 Målsetjing og tiltak Er det utarbeidd ei målsetjing og tiltak for å hindre mobbing og overgrep? 11.10.3 Avviksregistrering Blir det ført logg over uønskte hendingar? Dette gjeld både for relasjonar mellom menneske, skadar og øydeleggingar. 11.10.4 Informasjon Er målsetjinga kjend for alle tilsette/involverte og brukarar? 11.10.5 Eigendefinerte krav? 11.11 BEREDSKAPSPLAN OG AVVIKSRAPPORTERING 11.11.1 Beredskapsplanar Er det utarbeidd skriftlege beredskapsplanar for uønskte situasjonar?
11.11.2 Gjennomgang av beredskapsplanar, beredskapsøvingar Blir alle beredskapsplanar gjennomgått jamleg med tilsette og andre involverte, og blir det gjennomført regelmessige beredskapsøvingar? 11.11.3 Førstehjelp Har tilbydar og tilsette grunnleggjande og oppdatert brukartilpassa førstehjelpskunnskap? 11.11.4 Avvik Er det utarbeidd skriftlege rutinar for rapportering av hendingar/situasjonar som avvik frå det som ein vurderer som akseptabelt? Kva for hendingar/situasjonar dette gjeld avtalast med kjøpar. 11.11.5 Redningsutstyr Finst det tilstrekkeleg rednings-, førstehjelps- og sløkkeustyr tilgjengeleg i samband med utøving av aktivitetane? 11.11.6 Rapporteringsrutinar Er rapporteringsrutinane kjende for alle tilsette og andre involverte? 11.11.7 Eigendefinerte krav? 11.12 ETIKK OG HALDNINGAR, INTEGRERING 11.12.1 Etiske retningslinjer Er det laga etiske retningslinjer for verksemda? 11.12.2 Introduksjonsprogram Finst det skriftlege rutinar for introduksjon av nye brukarar? 11.12.3 Finst det eit introduksjonskurs for tilsette? 11.12.4 Er etiske retningslinjer kjent? 11.12.5 Eigendefinerte krav? GENERELLE INN PÅ TUNET-KRAV AKTIVITETANE 11.13 KOMPETANSE 11.13.1 Kunnskap og erfaring Har du som tilbydar god kunnskap om og erfaring med dei aktivitetane som blir tilbydd? 11.13.2 Formelle kompetansekrav Kan du som tilbydar leggje fram dokumentasjon knytt til formelle kompetansekrav i forbindelse med aktivitetane, t.d. sertifikat? 11.13.3 Evaluering Blir det jamleg gjort ei evaluering av verksemda med tanke på utvikling og forbetringar? 11.13.4 Trivsel og måloppnåing Finst det rutiner for å vurdere individuell trivsel og måloppnåing hos brukaren? 11.13.5 Eigendefinerte krav? 11.14 TRYGGLEIK 11.14.1 Orden Er det ryddig og oversiktleg i dei omgivnadane der aktivitetane går føre seg i? 11.14.2 Risikovurdering Er risikomoment som er knytt til brukargruppa og dei enkelte individa si deltaking i aktivitetane vurdert?
11.14.3 Tryggleiksutstyr Finst det tilstrekkeleg og forskriftsmessig tryggleiksutstyr og rutinar for bruk av slikt utstyr? 11.14.4 Tryggleikstiltak Kan det dokumenterast kva for tiltak som er sett i gang for å redusere risiko for skadar og uhell? 11.14.5 Eigendefinerte krav? 11.15 INFORMASJON 11.15.1 Informasjon tilsette Finst det rutinar for informasjonsutveksling mellom dei som arbeider på garden? 11.15.2 Informasjon pårørande Finst det rutinar for informasjonsutveksling med føresette/pårørande? 11.15.3 Informasjon kjøparar Finst det rutinar for informasjonsutveksling mellom tilbydaren og kjøparen? 11.15.4 Aktivitetsplan Er det utarbeidd skriftleg aktivitetsplan, t.d. vekeplan, halvårsplan? 11.15.5 Informasjon aktivitet Får brukaren tydeleg informasjon om aktivitetane og kva som skal skje? 11.15.6 Informasjon til kjøparar Er det lagt ut informasjon om eige tilbod på Matmerk si Inn på tunet-heimeside? Informasjon skal oppdaterast etter behov og kontrollerast minst kvart år. 11.15.7 Forventingar Brukaren skal få tydeleg informasjon om kva som er forventa av han/henne. 11.15.8 Varsling Finst det varslingsrutinar om pågåande aktivitetar til dei som kjem på garden (tankbil, naboar osv.)? 11.15.9 Areal Går det tydeleg kva for fysiske område som kan brukast i aktivitetane? 11.15.10 Eigendefinerte krav? 11.16 TILRETTELEGGING 11.16.1 Tilrettelagt aktivitet Er ativitetane tilrettelagt med tanke på brukarane sine individuelle ferdigheiter, meistringsnivå og læringsbehov? 11.16.2 Talet på brukarar Blir det vurdert kor mange brukarar ein aktivitetsleiar kan ha ansvar for? 11.16.3 Tilgang til maskiner og utstyr Finst det rutinar for vurdering av tilgang til og bruk av maskiner og utstyr? 11.16.4 Eigendefinerte krav? 11.17 BEREDSKAP 11.17.1 Beredskapsplanar Er det utarbeidd skriftlege beredskapsplanar for situasjonar som kan oppstå i samband med utøving av aktivitetane?
11.17.2 Gjere beredskapsplanane kjent Er alle som arbeider på garden kjende med beredskapsplanane? 11.17.3 Beredskapsøvingar Blir det gjennomført regelmessige øvingar med dei som arbeider på garden og med brukarane? 11.17.4 Redningsutstyr Finst det tilstrekkeleg rednings-, førstehjelps- og sløkkeutstyr tilgjengeleg i samband med utøving av aktivitetane? 11.17.5 Eigendefinerte krav? 11.18 GARDEN SOM LÆRINGSARENA FOR BARN OG UNGE 11.18.1 Avtale mellom tilbyder og skole Er det skriven ein eigen avtale knytt til skolen sine behov for dokumentasjon? 11.18.2 Undervisningsplanlegging Blir vekeplan brukt aktivt i tilbodet? 11.18.3 Aktiviteter og kompetansemål Er kompetansemåla for brukarane avklart med skolen?
Tiltaksplan KRAV NR. FORBETRINGAR/TILTAK ETTER EIGENREVISJON Frist dato Utført dato
Rettleiarar og sjekklister utgjer til saman KSL-standarden, og begge skal brukast når ein gjennomfører eigenrevisjonen. Rettleiarane finn du på våre nettsider, eller dei kan bestillast frå Matmerk. Utfyllande informasjon om gjennomføring av eigenrevisjon finst i sjekkliste og rettleiar 1 Generelle krav til garden. Eigenrevisjonen er enklast å gjere på KSL-bondeweben Din egen gard (pålogging ksl.no - Logg inn KSL ). Her er rettleiar, lovverk og tiltaksplan direkte knytt til sjekklista. MATMERK Besøksadresse: Tollbugt. 32 Postboks 487 Sentrum 0105 Oslo Telefon: 24 14 83 00 ksl@matmerk.no ksl.no