Miljøpartiet Dei Grøne sitt mål er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal underordna seg sunne økologiske prinsipp og fremja

Like dokumenter
Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Politisk program for Jølster KrF

Vår politikk vil du kjenne att i tre hovudemne:

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Ål Venstre. Ål Venstre

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Program OSTERØY HØGRE

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

6-åringar på skuleveg

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Hemsedal KRF Program

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Kommunedelplan for oppvekst

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Utkast til program Meland Høgre 2015

Program for Masfjorden Venstre

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Sandeid skule SFO Årsplan

Valprogram Sel SV

Til veljarane i Tysnes

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Midt-Telemark SV VALPROGRAM 2019

Til deg som bur i fosterheim år

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

HOVUDNETT FOR SYKKEL

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Miljø, Mangfold, Menneskeleg medverknad. - eit friskt pust. mdg.no/meland

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Valprogram for Austevoll SV

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

Oversyn over økonomiplanperioden

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Program for. Seljord Venstre

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Eit trygt og godt lokalsamfunn

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Samnanger. der du vil leva og bu Kommuneplan

Frivilligpolitisk plattform

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

billeg mat har ein høg pris

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Psykologisk førstehjelp i skulen

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Plan for overgangar. for barn og unge

Kapittel 13: Næring og nytenking 19. Kapittel 1: Bolig og byutvikling 4. Kapittel 14: Landbruk 20. Kapittel 2: Oppvekst 6. Kapittel 3: Skole 7

Miljøpartiet De Grønnes mål er et medmenneskelig samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal underordnes sunne økologiske prinsipper og fremme fred

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Høyring - Framlegg til endringar i forskrift til opplæringslova - om skulen sitt høve til å regulere sykling på skulevegen m.m.

HOVUDTILLITSVALTE INNSPEL TIL KOMMUNEPLANEN SIN SAMFUNNSDEL. 23. februar 2017

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Transkript:

1

Miljøpartiet Dei Grøne sitt mål er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal underordna seg sunne økologiske prinsipp og fremja fred og rettferd både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn, i hovudsak basert på lokale ressursar, er ein føresetnad for å nå målet. kort OM Programmet Dette er Miljøpartiet Dei Grøne sitt lokalprogram for Bergen kommune. Programmet er delt tematisk inn i kapittel. Me strekar under at rekkjefølgja følgjer emne, ikkje prioritering. Me har vald å skriva ein liten tekst i forkant av kvart kapittel, der me gjev eit generelt bilete av kva me meiner, og der me også gjerne grunngjev dei meir konkrete punkta som følgjer under. 2

INNHALD Kapittel 1: Bustad og bustadbygging 4 Kapittel 2: Oppvekst 6 Kapittel 3: Skule 7 Kapittel 4: Barnehage 8 Kapittel 5: Idrett og folkehelse 9 Kapittel 6: God helse for alle 10 Kapittel 7: Eldreomsorg 12 Kapittel 8: Sosialpolitikk 13 Kapittel 9: Natur og grøntområde 14 Kapittel 10: Tiltak mot luftforureining 15 Kapittel 11: Transport 16 Kapittel 13: Næring og nytenkjing 19 Kapittel 14: Landbruk 20 Kapittel 15: Dyrevern 21 Kapittel 16: Kultur 22 Kapittel 17: Levande demokrati 23 Kapittel 18: Kommunal eigedom 24 Kapittel 19: Skattar og avgifter 25 Kapittel 20: Innkjøp 26 Kapittel 21: Vatn og avløp 27 Kapittel 22: Avfall 28 Kapittel 23: Kommunen som arbeidsgjevar 29 Kapittel 12: Syklistar og fotgjengarar 18 3

Kapittel 1: Miljøpartiet Dei Grøne har ein visjon om ein klimanøytral by, og dette er også berebjelken i bustadpolitikken vår. Frå overordna planlegging til det enkelte bygg vil me leggja til rette for å gjera byen meir berekraftig. Me vil også leggja til rette for ein by beståande av gode nærmiljø der innbyggjarane trivst. Me vil laga nabolag i byen der det finst bustader for alle menneske. Den framtidige Bergen er ein klimanøytral by prega av menneske som tek gatene i bruk. Me ønskjer ein by med færre bilar for å få frigjort plass til både bustader, grøne byrom, sykkelstiar og leikeplassar, og me ønskjer i størst mogleg grad å unngå bilbasert handel. Me vil leggja til rette for fleire lokalsenter og arbeida aktivt mot etablering av store bilbaserte kjøpesenter. Bergen veks, det vert bygd mange nye bygningar og me vert fleire innbyggjarar. Det er trong for å byggja tett. Dette kan gjerast ved å byggja innimellom dei eksisterande husa og ved å riva og byggja nytt, slik at det vert plass til fleire bustader og arbeidsplassar. Den store fordelen med å bu i ein tett og mangfaldig by er korte avstandar mellom heim og barnehage, skule eller arbeidsplass, samtidig som ein når det ein treng av handel, tenester og kulturtilbod utan å måtta reisa langt. Dette vil gjera sykkel og fortau til naturlege transportløysingar, den totale pendlinga vil bli redusert, og ein kan bruka tida på andre ting. Me ønskjer også å imøtegå trafikkveksten ved å leggja mykje av utbygginga av bustader og arbeidsplassar nær kollektivlinjer med høg kapasitet. BUSTAD OG BYUTVIKLING Byggjebransjen er blant dei største kjeldene til utslepp av klimagassar. Det går enorme mengder energi med til å byggja sjølve husa, samtidig som mykje energi vert brukt til oppvarming. Me vil at det skal byggjast energieffektive hus som er godt isolerte, og vil gjerne stimulera til solfangarar, solceller og varmepumper. Me ønskjer også at nye bygg skal verta bygd med miljøvenlege materiale med lang levetid. All bruk av olje til oppvarming av bustader skal erstattast med fornybar energi og fjernvarme. Bergen kommune må bli eit førebilete når det gjeld effektiv bruk av energi til bustader, kontor, idrettshallar og andre lokale. Me vil følgja i København sine fotspor og påby grøne tak på alle nye bygningar med takvinkel under 30 grader. Me er også positive til å anleggja takhagar. Bergen er ein by med ein pressa bustadmarknad som er utfordrande for mange. Å gje alle ein god bustad er ei stor oppgåve, og ikkje alle treng store bustader. Mange er studentar eller einslege og treng ein enkel og rimeleg bustad. I tillegg finst det nye løysingar der fellesrom vert kombinerte med mindre bueiningar. Etter kvart som byen vert fortetta, aukar faren for alvorlege støyplager. Støy kan medføra alvorlege søvnforstyrringar, psykiske og somatiske lidingar. Me ønskjer at det skal stillast strenge krav til korleis nye område vert bygde ut, og er positive til alternative buformer der ein har fokus på økologi, energibruk eller medverknad frå innbyggjarane. Dei Grøne vil støtta og leggja til rette for lokale initiativ som søkjer å endra byen i ei meir miljøvenleg og sosial retning. Berekraftige liv er eit døme på korleis eit sterkt lokalt miljø kan vera med på å skapa ein god by for framtida. 4

1.1 Byggja fleire bustader som ligg sentralt i nærleiken av kollektivtransport og grøntområde. 1.2 Stilla høge krav til energisparing og miljøvenlege byggjemateriale når ein byggjer bustadhus. 1.3 Fasa ut all bruk av fossil oppvarming. 1.4 Setja av areal til studentbustader. 1.5 Hindra forfall av kommunale verneverdige bygg. 1.6 Forbetra støtteordningar som gjer det lettare for private å ta vare på verna og freda bygningar. 1.7 Sikra at brustein snart vert lagt på ny etter gravearbeid. 1.8 Leggja til rette for at det vert bygd fleire bustader i Fana og Ytrebygda og fleire arbeidsplassar i Åsane, for å gje bydelane ei meir balansert samansetjing og slik redusera trongen for pendling. 1.9 Auka talet på kommunale utleigebustader, styrkja vedlikehaldet og redusera leiga. 1.10 Leggja til rette for alternative buformer og støtta opprettinga av ideelle bustadstiftingar. 1.11 Innføra fleire forsøksområde for alternativ byutvikling. 1.12 Støtta lokale omstillingsinitiativ, som Berekraftige liv. 1.13 At lokaldemokratiet skal vera med på å forma lokale byutviklingsprosjekt ved å styrkja bydelane si involvering i planprosessar. 5

Miljøpartiet Dei grøne vil at Bergen skal vera ein barnevenleg by som ivaretek og styrkjer borna si helse, fysiske og sosiale ferdighetar, og deira kjærleik til naturen og samfunnet. Me vil la borna ta uterommet i byen tilbake, og at borna skal ha tilgang til naturen. Naturlege område som sletter, tre, elvar og fjell stimulerer borna til å vera aktive. Det å kunna røra seg fritt i eige nærmiljø, styrkjer tilknytinga til geografiske plassar, og dermed det å høyra til. Positive opplevingar i naturen er viktig for born og kan også på sikt vera viktige for naturen. kapittel 2: OPPVEKST Verksemda i skulen og barnehagen bør i større grad vera basert på tillit til pedagogane sin fagkunnskap, og mindre på målstyring, byråkratiske ordningar og konkurranseutsetjing. Miljøpartiet Dei Grøne vil leggja til rette for pedagogisk mangfald og ulike former for barnehagar og skular. Me vil at borna sin skuleveg skal bli trygg ved å byggja ut gang- og sykkelstiar som er opplyste når det er mørkt. Slik kan ein enkelt kunna røra seg fritt og trygt til fots eller på sykkel over heile byen. Skogsområde i nærleiken av barnehagar og skular er uerstattelege område for leik, spaning, pedagogisk verksemd, oppleving og studiar av naturen, og må sjølvsagt takast vare på. 2.1 Styrkja Bergen kommune sitt fritidstilbod til born og unge ved å støtta idrettslokale, kafear, kulturaktivitetar og andre møteplassar basert på ungdommen sine eigne premissar. 2.2 Bevara skogsområde i nærleiken av barnehagar og skular. 2.3 Arbeida for å sikra gang- og sykkelvegar kring barnehagar og skular i kommunen. 2.4 Støtta aktivitetshus for ungdom. 2.5 Ha fleire lærlingeplassar i kommunen sine eigne verksemder. 2.6 Sikra eit kunst- og kulturtilbod i alle skular og barnehagar i kommunen. 2.7 Leggja til rette for å sykla til og frå skulen. 6

Skulen skal vera ein plass for nysgjerrigleik og kunnskap der born og unge skal veksa som samfunnsansvarlege medmenneske. Skulen er ein viktig arena for å fanga opp vanskar på eit tidleg stadium, og for å byggja trivnad og tryggleik seinare i livet. Alle elevar skal læra å utvikla seg ut frå sine eigne føresetnader og få den støtta dei treng. Lærarane sine oppgåver er mange, og elevgruppene store. For å frigjera lærarane si tid må me ha mindre elevgrupper og fleire lærarar. Me vil begrensa rapporteringskrava, redusera talet på elevar per lærar og sørgja for at læraren får støtte av andre yrkesgrupper med ansvar for psykososial oppfølgjing. Me anerkjenner at læraren sjølv har størst innsikt i korleis skulekvardagen fungerer. Difor vil me ta innspela frå læraren på alvor, og lytta til deira behov og ønskje for den framtidige skulen. (ombyte av ønskje og behov gjer setninjen meir forståeleg) kapittel 3: Me vil ta vare på både dei kommunale skulane som finst, og private skular som representerer eit pedagogisk alternativ. Lærarar, elevar og foreldre skal ha dialog om korleis det går i skulen, men i grunnskulen utan karakterar eller karakterliknande vurderingar. Alle elevar skal ha tilgang til rådgjevar, psykolog og helsepersonell samt ein studie- og yrkesrettleiar når dei treng det. Alle vaksne i skulen har eit ansvar for å gripa inn mot mobbing, og skulane skal arbeida ut frå eit handlingsprogram mot mobbing. SKULE 3.1 Auka lærartettleiken med mål om 20 elevar som eit øvre tak på elevgruppene. 3.2 Ikkje ha karakterar i barneskulen. 3.3 Redusera talet pålagde testar i skulane. 3.4 Sikra alle elevar tilgang til rådgjevar, psykolog og helsepersonell. 3.5 At helsesøster skal vera til stades på skulen minst 2 dagar i veka. 3.6 At alle skulane skal ha ein effektiv handlingsplan mot mobbing, med særleg fokus på å førebyggja. 3.11 Kreva at alle skular har eit tilstrekkeleg vegetarisk og vegansk mattilbod i kantinene. 3.12 At skulane i kommunen skal miljøsertifiserast etter ISO 14001 eller tilsvarande standard. 3.13 At alle skulane skal vera helseverngodkjende. 3.14 Laga betre vaktmeisterordningar og vedlikehaldsprogram for skuledrift, og sørgja for at alt nødvendig vedlikehaldsarbeid vert gjort fortløpande. 3.15 Ikkje byggja fleire baseskular, for slike gjev dårlegare læringsmiljø. 3.7 Innføra meir fysisk aktivitet i skulen. 3.8 Gje alle skulane ein skulehage. 3.9 Sørgja for auka fokus på plantebasert kosthald i matlagingsundervisning ved skulane. 3.10 Innføra skulefruktordning med økologisk frukt og grønt ved alle grunnskular. 3.16 Arbeida mot å leggja ned kommunale skular. 3.17 Vidareføra Nygård skole sitt tilbod til nykomne flyktningar og innvandrarar, og gjenoppretta tilbodet til born. 3.18 Arbeida for å redusera rapporteringskrava. 3.19 Vidareføra ordninga der kommunen tilbyr sommarjobbar til ungdom. 7

Barnehagen er ein viktig del av barndommen. Her skal borna få ein god, sunn og trygg kvardag som ivaretek det dei treng av omsorg og leik, og fremjar læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Miljøpartiet Dei Grøne vil at barnehagane skal gje borna ei gryande forståing av berekraftig utvikling, kor viktig naturvern er og forståing for kor maten vår kjem frå. Barnehagane bør servera økologisk mat, og bør kunna tilby vegansk mat. Kjeldesortering og anna konkret miljøarbeid for born skal vera med som eit naturleg innslag og som ein del av leiken. KAPITTEL 4: Barnehage Både kommunale og private barnehagar skal halda høg kvalitet, med små barnegrupper, rett utdanna personell og god bemanning. Alle born skal bli sett og få den oppfølginga dei treng. Me vil gjera det enklare for dei som ønskjer seg meir tid saman med borna sine. Foreldre skal ha ein reell valfridom til barnehageplass, og for dei miste borna vil me tilby kontanstøtte. Me vil også støtta Opne barnehagar: eit leike- og samverstilbod som born i følgje med omsorgsperson spontant kan nytta seg av utan påmelding eller avtale. Me ønskjer å hindra at private tek ut store gevinstar på barnehagedrift. 4.1 Oppnå full barnehagedekning innanfor kvar enkelt bydel. 4.2 Oppretta byttetorg for barnehageplassar på internett. 4.3 Støtta Opne barnehagar. 4.4 Fremja friluftsliv i barnehagar og skular, og bruk av naturen som klasserom. 4.5 Auka andelen friluftsbarnehagar. 4.6 Tilby vegetarisk og økologisk mat i barnehagane 4.7 At kommunen sine barnehagar på sikt skal miljøsertifiserast etter Miljøfyrtårn eller tilsvarande standard. 4.8 Innføra stopp i å byggja basebarnehagar. 4.9 Styrkja arealnorma som set grenser for kor mange born som kan vera til stades i barnehagen samtidig. 4.10 Hindra at private tek ut gevinstar på barnehagedrift 4.11 At det vert planlagd tilstrekkeleg mange nye barnehageplassar i tilknytning til planar om nye bustadområde. 8

Idrett og friluftsliv er viktige faktorar for livskvalitet, for å førebyggja livsstilssjukdomar og for god folkehelse. Det er viktig at friområde ikkje forsvinn når byen veks og vert utvikla. Me må ta vare på og forbetra høvet til friluftsliv og rekreasjon i parkane og på byfjella. Idrettsanlegga må vera tilgjengelege og godt vedlikehaldne. Lokale til trening og lagring av utstyr må vera tilgjengeleg, for å stimulera til organiserte aktivitetar og breiddeidrett. Sømjekunnskap er enkel livreddande kunnskap for ein kystby som Bergen. Vårt nye store sømjeanlegg på Nygårdstangen dekkar ikkje plassbehovet for innbyggjarane i kommunen. Me vil arbeida for å oppretthalda tilgangen til dei andre sømjeanlegga. kapittel 5: IDRETT OG FOLKEHELSE 5.1 Vidareføra gratis tilgang til offentlege idrettsanlegg. 5.2 Sørgja for tilfredsstillande vedlikehald av idrettsanlegg. 5.3 Leggja til rette for fysisk aktivitet og leik i byrommet, som utandørs treningsapparat og leikeplassar. 5.4 Oppretta nye turvegar og sikra godt vedlikehald av eksisterande turvegar. 5.5 Sikra tilbod som «open hall» med tilrettelagd tilbod for born i alle bydelane. 5.6 Sikra betre lys slik at turløypene kan brukast vinterstid. 5.7 Betre tilgang og senka prisane på dei offentlege sømjeanlegga. 5.8 Auka støtta til Den norske turistforening, slik at dei kan organisera fleire frivillige. 5.9 Leggja til rette for lading av elbil og elsykkel ved idrettsanlegg. 9

Dei Grøne ønskjer at helse i større grad skal sjåast i samanheng med andre politikkområde. Grøn politikk vil førebyggja helseproblem, ved å sikra reinare luft og mindre forureining, fremja sunn mat og bidra til utjamning av sosiale skilnader. Me vil også leggja betre til rette for aktivitet i form av gange og sykling, og fremja trivsel t.d. gjennom grøne lunger og bevart natur i nærområda. Samtidig bør det offentlege tilby god behandling av fysiske og psykiske helseplager med ei heilskapleg tilnærming der kropp, sinn og livssituasjon vert sett i samanheng. kapittel 6: GOD HELSE FOR ALLE Me vil også leggja til rette for at dei med redusert arbeidsevne kan få arbeida med tilpassa og meiningsfullt arbeid. Dei Grøne meiner det framleis er grunn til å auka ressursane til psykisk helsevern, slik at alle med psykiske lidingar får god behandling og oppfølgjing. Me ønskjer òg å førebyggja rusproblem i tidleg alder m.a. ved å ha ein heilskapleg plan og strategi for psykisk helsearbeid for born og unge. 10

6.1 Sørgja for at psykisk helsearbeid får ei meir brukarvenleg organisering på tvers av avdelingar og sektorar. 6.2 Sikra at det vert utvikla lågterskeltilbod for lettare og moderate psykiske lidingar. 6.3 Aktivt bruka dei statlege tilskotsordningane for kommunepsykologar til å få fleire psykologar til kommunen. 6.4 Førebyggja rusproblem i tidleg alder m.a. ved å ha ein heilskapleg plan og strategi for psykisk helsearbeid for born og unge. 6.5 Sikra eldre tilgang på psykisk helsehjelp inkludert betre tilgang på psykolog og samtaleterapi på sjukeheimar. 6.6 Oppretta brukarrom i lag med andre helsetilbod. 6.7 Ha døgnope tilbod på STRAX-huset og ha fleire sengepostar. 6.8 Auka praktisk og økonomisk støtte til Natteravnane. 6.9 Styrkja ettervernet innan rusbehandlinga. 6.14 Betra tilbodet til innvandrarar som har flykta frå krig og vald, med t.d. språk-, samfunnsog integreringskurs. 6.15 Bruka moderat kvotering ved kommunale tilsetjingar som eit verkemiddel for likestilling. 6.16 Sikra god tilgjenge av helsetenester for studentar og ungdom gjennom m.a. gjennom helsestasjonar. 6.17 Tilby gratis lokale til frivillige organisasjonar som «Helsehjelp for papirløse». 6.18 Styrkja tilskota til aktivitetar for psykisk utviklingshemma. 6.19 Arbeida for at helsestasjons- og skulehelsetenesta formidlar vidare relevant informasjon vidare til brukaren sin fastlege. 6.20 Jobba for at det alltid er tilstrekkjeleg med fastlegar i Bergen kommune. 6.21 Oppretta eit avlastningstilbod for åleineforeldre som kan brukast til barnevakt og overnatting, etter Rødhette-modellen i Oslo. 6.10 Auka økonomisk og praktisk støtte til Megafon. 6.11 Støtta krisesenteret, utekontakten, Bymisjonen sin omsorgsbase for kvinner, samt støtta valdsførebyggjande tiltak som stiftinga Alternativ til Vold. 6.12 Innføra på ny prositusjonsteamet for å motverka hallikverksemd og menneskehandel. 6.13 Sikra godt opplyste gater. 11

kapittel 7: ELDREOMSORG Dei Grøne meiner det er viktig å sikra gode omsorgstenester for eldre og andre med omsorgsbehov. Dette inneber naturlegvis også at eldre har tilgang til ein bustad som kan imøtekoma omsorgs- og pleiebehovet. Me i Dei Grøne ønskjer særleg å bidra til å betra tilbodet av helsefremjande aktivitetar både på sjukeheimane og for eldre og omsorgstrengjande som ikkje bur på sjukeheim. Me vil særleg arbeida for livsglede m.a. gjennom bruk av musikk og kontakt med dyr. 7.1 Leggja betre til rette for helsefremjande aktivitetar for eldre. 7.2 Leggja til rette for musikk og kontakt med dyr i eldreomsorga. 7.3 Styrkja grunnbemanninga og tilsetja fleire miljøterapeutar og aktivitørar. 7.4 Styrkja kommunal heimehjelpsteneste. 7.5 Byggja fleire omsorgsbustader. 7.6 Sikra eit kunst- og kulturtilbod på sjukeheimar og eldresenter. 7.7 Testa ut sertifiseringsordning «Livsglede for eldre» på sjukeheimar eller institusjonar i Bergen, for å gje dei eldre god livsglede gjennom aktivitetar som hagestell, sosiale aktivitetar og dyr. (fjerna: i aktivitetstilbodet) 7.8 Auka omsorgsløn for dei som bidrar med omsorgstenester til pårørande. 7.9 At alle som bur på omsorgssenter og sjukeheimar skal ha tilbod om trådlaust internett. 7.10 Leggja til rette for å involvera dei pårørande meir i det sosiale og kulturelle tilbodet på sjukeheimar og eldresenter. 7.11 Støtta brukarstyrte aldersheimar. 12

KAPITTEL 8: Dessverre startar ikkje alle livet med dei same muligheitene. Grunna t.d. sjukdom og vanskelege livssituasjonar er det ein del som treng ei eller anna form for støtte for å kunna leva eit godt liv. Det er lett å sjå på dette som ein kostnad og gløyma at dette også er ei investering som bidrar til at mange med litt hjelp kan bidra positivt til samfunnet på ulike måtar, samtidig som det førebyggjer mange samfunnsproblem. I eit samfunn vil eit mangfald ha mange fordelar. Dei Grøne meiner alle bør sjåast på som likeverdige bidragsytarar til samfunnet. SOSIALPOLITIKK 8.1 Sikra framleis støtte til Robin Hood-huset, Kirkens bymisjon og liknande frivillige organisasjonar og foreiningar. 8.2 Sørgja for årleg indeksregulering av sosialsatsane. 8.3 På ny innføra 80%-regelen som sikrar at varig uføre får behalda 80 % av minstepensjon etter at bu-utgifter er betalt. 8.4 Sørgja for at mottakarar av sosialhjelp får kontantstøtte og nedkomststøtte. 8.5 At Bergen kommune skal ta imot fleire flyktningar. 8.6 Sikra at barnevernstenester og psykisk helsetilbod er tilgjengeleg nær der ein bur. 13

Byen vår er omkransa av fjell og me har kort veg til naturen. Natur og grøntområde er viktig for trivsel og livskvalitet, gunstig for den psykiske og fysiske helsa, og bidrar til biologisk mangfald og betre luftkvalitet. Me skal alle ha tilgang til naturen og til grøntområde, og det er viktig å forvalta dette på ein god måte. Byfjella skal framleis vera eit område for fritid og rekreasjon, og for å sikra dette vil me verna området. Bergen har mange biologisk verdifulle område som er utsett for eit sterkt utbyggjingspress. Trass i intensjonar om å bevara, har biologisk verdifulle område vorte bygde ned, fordi andre omsyn har vore viktigare. Kapittel 9: NATUR- OG GRØNTOMRÅDE Parsellhagar er viktige for folkehelsa og for nærmiljøet, og må i større grad med i byplanleggjinga. Me vil sikra område der dei som ønskjer det, kan dyrka eigne blomar, grønsaker, frukt og bær. Me vil arbeida for at alle som vil, skal kunna skaffa seg parsellhagar. Dette gjeld også skular, barnehagar og eldrebustader. 9.1 Styrkja vernet om byfjella, gjerne med å oppretta landskapsvernområde. 9.2 Verna strandområde og hindra privatisering av strandsona. 9.3 Bevara og restaurera parkane og friluftsområda 9.4 Anleggja fleire parsellhagar. 9.5 Begrensa utbreiinga av sitkagran i Bergen. 9.6 At kommunen brukar frø som er tilpassa økosystemet, som lokale plantar og eldre plantetypar. 9.7 Planta matnyttige plantar og buskar. 9.8 Unngå å byggja midlertidige bygg i parkar og grøntområde. 9.9 Byggja offentlege toalett. 9.10 Vera svært restriktive til å byggja ut i landbruksareal, strandsone og naturområde. 14

Bergen er etter kvart kjend for si høge luftforureining, og nokre plassar i Bergen vert grenseverdiane i EUdirektivet som Noreg forplikta seg til i 2008, jamnleg overskridne. Helseproblem ved luftforureining er godt dokumenterte, og kan bli mykje meir alvorlege i åra som kjem fordi dei verste områda truleg òg får fleire innbyggjarar. På kalde og vindstille dagar er «giftloket» ekstra påfallande slik at sjølv dei som ikkje reagerer særleg til dagleg, får kjenna svevestøvet i lungene. Det er avgjerande å få ned luftforureininga gjennom heile året. I delar av vintermånadane, når problema er størst, vert det ropt etter ei løysing mot sterk luftforureining. Men strakstiltak vil i beste fall kun redusera forureininga når den toppar seg. Miljøpartiet Dei Grøne vil begrensa utslepp frå båtar i hamna, bilar og tungtransport, og begrensa svevestøv frå vegslitasje og vedovnar. I tillegg vil me ivareta grøntareal og grøne tak for å betra luftkvaliteten. I dei neste kapitla viser me fleire døme på konkrete tiltak for å stimulera til å gå, sykla eller bruka kollektivtransport framføre å bruka bil. Kapittel 10: TILTAK MOT LUFTFORUREINING 10.1 Vidareføra vrakpant på gamle og mindre miljøvenlege ovnar, og støtta montering av etterbrennarar på gamle vedovnar. 10.2 Fjerna fossilt brensel frå fjernvarmenettet. 10.3 Oppretta fleire målestasjonar som måler luftforureining i Bergen. 10.4 Elektrifisera hamna med landstraum, og slik hindra at båtar brukar eigen motor ved kai. 10.5 Innføra differensierte havneavgifter knytta til utslepp. 10.6 Arbeida for å redusera talet på cruiseskip. 10.7 Innføra vinterfartsgrense på bilvegane. 15

Kapittel 11: Tradisjonelt har transport i Bergen vore prega av bilisme, noko som fører til køar, støy og utslepp av luftforureining. Tonnevis av stål som spyr ut eksos og overdøyver samtalane på gater og fortauskaféar, dominerer byen vår. Det er på høg tid å få på plass ein langt betre kollektivtrafikk enn det me har no. Me har ein tydeleg politikk der det gradvis skal verta mindre attraktivt å bruka fossilbil, samtidig som me ønskjer fleire bussar, syklistar og fotgjengarar. TRANSPORT Når folketalet aukar, vil transportbehovet auka. Me må planleggja langsiktig og byggja opp ein infrastruktur som kan hanskast med dette. Då er det ikkje lurt å la det meste av vegnettet fyllast med privatbilar med litt over éin person pr kjøretøy. Sjølv i dag har bussane alvorlege vanskar med å koma fram. Difor kan ikkje dette gjerast utan å redusera trafikken med privatbilar. Dette betyr fleire buss- og baneavgangar, fleire banevogner, bytog med høg fart og frekvens, og å byggja ut bybana og trolleybussnettverket. åsane Me vil gjera det enklare å leva utan bil, noko som sjølvsagt kan betra økonomien til dei som ikkje treng den meir. Mange vil få betre helse om dei går eller syklar i større grad, samtidig som gater, parkar, haldeplassar og stasjonar blir tryggare når det alltid er folk som går, syklar eller ventar på bussen. Dei Grøne sitt mål er at tiltaka våre er bra for lommeboka, helsa, miljøet og tryggleiken. Nokre treng framleis bilen, og me må leggja endå betre til rette for nullutsleppbilar som elbilar. 16

11.1 Attinnføra gratisbussen. 11.12 Oppretthalda piggdekkavgifta. 11.2 Sikra lysprioritering av kollektivtrafikk. 11.13 Innføra nullutsleppsone eller lågutsleppssone i Sentrum, som inkluderer forbod mot dieselbussar. 11.3 Innføra kollektivfelt der det trengst på større innfartsårer. 11.14 Redusera vegsalting. 11.4 Sikra at det snart vert bygd bybane eller annan skinnegåande kollektivtransport til alle bydelane, med prioritering av Åsane. 11.15 Innføra eit selektivt system for bompengeavgift som tek omsyn til rusjtid, grad av luftforureining og bilen sitt utsleppsnivå. 11.5 At Bergen kommune skal vera ein pådrivar for høgfartsjernbane mellom Bergen/Stavanger og Oslo. 11.16 Arbeida mot tomgangskøyring gjennom å få dette inn i politivedtekta. 11.6 Ikkje byggja Flesland flyplass vidare ut. 11.17 Avstå frå nye store vegprosjekt. 11.7 Arbeida for å flytta passasjertrafikk frå land til sjø. Greia ut båtruter til Sandviken, Solheimsviken og Laksevåg. 11.8 Redusera talet på parkeringsplassar i Sentrum, og auka parkeringsavgiftene. 11.9 Prioritera bilkollektiv i regulering av parkeringsplassar. 11.10 Betra vegstykket ved Grimesvingane, slik at tungtrafikk vert leia utanom Sentrum. 11.18 Innføra fleire ladestasjonar for elbilar, inkludert på drosjehaldeplassar. 11.19 At nye kommunale bilar skal vera elektrisk drivne. 11.20 Gjera det enklare for eldre og rørslehemma å gå i byen, m.a. med lengre «grøn mann» og smalare bilfelt. 11.21 Sterk auke i løyvingane til trafikksikring. 11.11 Planta tre langs gatene der det ikkje er til hinder for syklistar. 17

Gatene og vegane skal vera godt tilrettelagde for at fotgjengarar og syklistar kan ta seg fram effektivt og trygt. Det er dei mjuke trafikantane som skal dominera gatene. Me vi ha ein by med menneske som syklar og går, og kanskje stoppar og slår av ein prat eller nyt sola og trea medan dei kryssar ein park. Sentrum må gjerast bilfritt der ein kun har begrensa mulighetar for gjennomkøyring. På denne måten kan ein flytta seg effektivt i bykjernen utan å stadig måtta stoppa opp for bilar og inhalera eksos. Eit bilfritt Sentrum vil auka trivnaden. Me vil ha eit nett av sykkelvegar. Dette er vegar reserverte for syklistar, og som tillet høgare fart og betrar tryggleiken for både syklistar og fotgjengarar. På den måten blir det å sykla over større avstandar praktisk og trygt, og det blir også lett å bruka elektriske syklar. Byen må utformast slik at den vert hyggjeleg og trygg. Altfor ofte har det kome prosjekt som favoriserer bilismen, som underjordiske garasjer for bilar, breie vegar og kryss som er enkle å køyra gjennom, men tungvinte å gå over. Me må auka trafikktryggleiken ved å redusera farten for bilar, og separera fotgjengarar og syklistar der sykkeltrafikken er størst. Kapittel 12: SYKLISTAR OG FOTGJENGARAR 12.1 Starta arbeidet med eit bilfritt Sentrum, ved å stengja Torget, Bryggen, Vestre Torggate, Nedre Korskirkealmenningen og Klosteret for bilar. 12.2 Oppretta fleire bilfrie soner, også utanfor Sentrum. 12.3 Byggja eit godt og samanhengjande sykkelvegnett som er skild frå gangvegane. 12.4 Oppretta eit sykkelvegkontor. 12.5 Prioritera snø- og isrydding på sykkelvegar og fortau like høgt som på bilvegane. 12.6 At kommunen overtek ansvar for brøyting av fortau. 12.7 Redusera fartsgrensene, m.a. med å utvida 30-sona i Sentrum. 12.8 Stilla krav om sykkelparkering under tak ved større nybygg, i nærleiken av offentleg transport og ved knutepunkt. 12.9 Innføra utlånsordning for bysyklar. 12.10 La størsteparten av bompengeinntekter gå til sykkelvegar og kollektivtilbod. 12.11 Starta å planleggja ekspressykkelvegar frå Bergen Sentrum til bydelane og nabokommunane, med traséar i tunnel der dette er føremålstenleg. 18

Grøn økonomi er økonomien for framtida. Målet er å fjerna rovdrift på livsgrunnlaget og overforbruk av ressursar, klimagassutslepp, sosial urettferd og uetisk behandling, og å erstatta dette med ei berekraftig og sunn haldning overfor naturen og behovet til komande generasjonar. Nye grøne arbeidsplassar og inntektskjelder skal utviklast i takt med at olje- og gassnæringa vert trappa ned. Dette er ei stor utfordring, men nedtrappinga i petroleumsnæringa vil letta kostnadspresset og konkurransen om kompetent arbeidskraft som i dag hindrar alternativ næringsutvikling. Me vil bidra til at teknologi som kan føra til ei meir berekraftig næringsog samfunnsutvikling, kan prøvast ut i større skala. Me vil leggja til rette for sosialt entrepenørskap og grøn innovasjon gjennom å etablera senter for dette. Desse kan tilby opplæring og hjelp til å starta nye verksemder. Det er også viktig å framheva verdien av attbruk gjennom t.d. byttetorg. kappitel 13: NÆRING OG NYTENKJING Me vil gjerne sikra arbeid til alle som ønskjer det med trygge og føreseielege arbeidsplassar, men vil samtidig leggja meir til rette for å kunna velja redusert arbeidstid framføre auka løn. Turistane som vitjar Bergen skal møta ein vakker by der ein kan oppleva lokal natur, smaka på mat frå nærområdet, og lett få tilgang til lokalhistorie og ting som er verdt å sjå. Då er det viktig at Torget og Bryggen presenterer det beste me har av lokale handelsvarer og framstår estetisk og med historiske særpreg. 13.1 Arbeida for fleire «Bondens marknad». 13.2 Oppretta byttetorg i Sentrum. 13.3 Støtta opp om attbruk ved å gje redusert leige for loppemarknad o.l. i byrommet. 13.4 Sikra at Torget blir ein arena for lokalt handverk og lokal mat. 13.5 Avvikla Business Region Bergen og ta næringspolitikk tilbake til bystyret. 13.6 Jobba for å revitalisera Bryggen med m.a. kunstinstallasjonar og leikeplassar. 13.7 Opna for fiskesal direkte frå båtar. 13.8 Oppretthalda kommunalt finansierte gryndarkurs og inkludera samvyrke og sosialt entrepenørskap i undervisninga. 13.9 Oppretta eit senter for miljøteknologi for at det skal vera attraktivt for aktørar innan miljøteknologi å lokalisera seg i Bergen. 13.10 Nei til å etablera nye, og utvida eksisterande, bilbaserte kjøpesenter. 13.11 Leggja til rette for sosialt entrepenørskap. 13.12 Tilby turistar lokale produkt, økologisk mat og villfisk på Torget. 13.13 Betre skilting av attraksjonane i byen. 19

kapittel 14: Landbruket si oppgåve er å produsera nok og trygg mat med minst muleg belastning på natur, klima og ressusar. Dei Grøne vil styrkja landbruket over heile landet ved å betra økonomien og vri næringa i økologisk retning. Landbruk Me er opptekne av at jorda skal vera varig fruktbar, av naturmangfald, dyrevelferd og lokal mattryggleik. Då kjem økologiske driftsmåtar betre ut. No vert dei beste matjordareala snøggt bygde ned, samtidig som folketalet aukar. Dei Grøne ønskjer ein større sjølvforsyningsgrad. Omsynet til naturmangfald og klima set grenser for nydyrking, so attverande areal i både sentrale strok og i utkantane må sikrast. Dei må også utnyttast betre ved å prioritera menneskemat framføre dyrefor der det er råd, samtidig som beiteressursane må utnyttast betre. 14.1 Fremja støtteordningar for økologisk landbruk. 14.2 Verna landbruksjord mot å verta bygd ned. 14.3 Støtta lokal matproduksjon og system for omsetning av lokal matproduksjon, slik som Bondens marknad. 14.4 Fremja jordbruk i bynære strok m.a. med å støtta opp om lokale initiativ som andelslandbruk og matkooperativ. 14.5 Kartleggja all dyrka og potensiell dyrkbar jord. 20

Miljøpartiet Dei Grøne er kjend for innsatsen for å betra dyr sine rettighetar og vilkår. Lokalt her i Bergen vil me arbeida for heimlause dyr, ville dyr, og dyr som vert brukte i sirkus. Heimlause dyr er eit offentleg ansvar, og me støttar gjerne Dyrebeskyttelsen sitt arbeid med å hjelpa desse dyra. Dyr sine lidingar er ikkje underhaldning, og MDG Bergen vil nekta dei sirkusa som brukar dyr å bruka kommunale anlegg og areal, for slike sirkus let ikkje dyra få leva ut sine naturlege behov. Kapittel 15: DYREVERN Me vil sikra områda for ville dyr i kommunen. Alle utbyggingsplanar skal ta omsyn til dyra, og det må byggjast viltovergangar eller undergangar (bindestrek plassert feil i originalen) der ville dyr hyppig kryssar vegen. Av omsyn til dyra vil me avvisa eventuelle søknadar om pelsfarmar. Me vil heller aldri gje økonomisk eller praktisk støtte til pelsnæringa. Me vil også ta vare på vassdrag, og dermed auka gytemoglegheiter for aure og laks. Elvar og vassdrag skal attopnast og restaurerast, og vassmengda og vasskvaliteten skal sikrast slik at fisk har høve til å vandra naturleg. 15.1 Avvisa alle søknadar om pelsfarmar i kommunen, samt nekta økonomisk eller praktisk støtte til pelsnæringa. 15.2 Nekta sirkus med dyr i fangenskap å bruka kommunale anlegg. 15.3 Byggja viltovergangar eller undergangar der mange dyr kryssar vegen. 15.4 Auka økonomisk og praktisk støtte til dyrevernorganisasjonane i kommunen. 15.5 Sørgja for at dyrevern er eit definert ansvarsområde i Grøn etat. 15.6 Ta omsyn til dyrevern i kommunale innkjøp. 15.7 Subsidiera kampanjar for å sterilisera og ID-merka kjæledyr. 15.8 Arbeida for at ordninga med dyrepoliti vert utvida også til Bergen. 15.9 Sikra leveområde for ville dyr i kommunen. 15.10 Byggja fisketrapp ved Hopsfossen. 15.11 Støtta habitatsforbetrande tiltak i vassdrag, som planting av tre, betring av gytemuligheiter for fisk, og betre fiskepassasjar. 15.12 Beplanta parkar med bie- og humlevenlege plantar. 21

Dei Grøne meiner det er ein viktig rettighet å kunna engasjera seg i kulturlivet, og kunstnariske uttrykk er ein sentral del av eit levande demokrati. Kultur har ein naturleg plass på offentlege budsjett, men kulturlivet i seg sjølv må vera fritt og uavhengig. Alle skal ha høve til å dyrka og oppleva kultur, og då er det viktig med ein låg terskel for både å kunna skapa-, og å gleda seg over eit mangfald av kulturuttrykk. Dei Grøne vil leggja til rette for dette gjennom å støtta lokale aktørar innan både breie og smale kulturuttrykk. Me vil også jobba for at kunstnariske uttrykk i større grad kan utgjera ei motvekt til den aukande kommersialiseringa av det offentlege rommet. Kapittel 16: Kultur Bergen har mange profesjonelle kunst- og kulturutøvarar, noko som er viktig for eit levande kulturliv, og noko kommunen framleis bør leggja til rette for. Utøvarane og institusjonane i kulturlivet må sikrast gode og føreseielege løyvingar, samt tilgang til utstyr, lokale og formidlingsarenaar. Mange av morgondagens kunstnarar og kulturarbeidarar startar si utvikling i kulturskulen. Me vil styrkja dette tilbodet og sørgja for at kulturskulen er mangfaldig, rimeleg og held høgt fagleg nivå. Me vil at alle born som ønskjer det, skal få plass i kulturskulen, og vil også at den skal vera tilgjengeleg i folk sine nærområde. 16.1 Oppretta fleire plakattavler på offentlege plassar. 16.2 Behalda gratis bibliotek, utvida opningstidene og innføra forsøk med søndagsopne filialar i bydelane. 16.3 Sikra framleis gode vilkår for Bergen Internasjonale KulturSenter. 16.4 Sikra rimelege øvingslokale til lokale musikarar. 16.5 Støtta lokale festivalar. 16.6 Redusera eigenbetalinga til kultur- og musikkskulane og styrkja kapasiteten i kulturskulen. 16.7 Oppretta fleire lovlege grafittiveggar. 16.8 Støtta meir kunst i bybiletet. 16.9 Innføra strengare reguleringar av reklame i byrommet, og redusera den totale mengda. 16.10 Støtta kulturprosjekt som er initiert, igangsett og gjennomført av ungdom. 16.11 Opna skular og offentlege bygg for bruk av foreiningar, kultur og organisasjonar på ettermiddagen. 16.12 Styrkja det frie kunstfeltet gjennom å satsa på kommunale prosjektmidlar, stipendordningar og støtte til produksjonslokale. 16.13 Bruka lokale kunstnarar og formgjevarar i profilering av kommunen sine eigne arrangement. 22 16.14 Realisera kulturhus i bydelssentra og prioritera Fyllingsdalen og Åsane.

Lokaldemokrati og medverknad er viktig for Dei Grøne. Me ønskjer at alle skal vera med på å forma framtida og me trur at for at det skal verta røyndom, må lokaldemokratiet styrkjast og utviklast. Altfor mykje makt er i dagens bergenske parlamentarisme samla i byrådet. MDG vil fordela makt frå byrådet til bystyret, og frå bystyret og ut i bydelane, slik at demokratiet kjem nærare folk flest. Me meiner innbyggjarane må få meir direkte innflytting over kommunen også utanom valdagen, både ved fleire folkeavrøystingar og ved at bystyret må røysta direkte over framlegg fremja som innbyggjarinitiativ. Når engasjerte innbyggjarar samlar 300 underskrifter for ei sak, skal bystyret handsama det konkrete framlegget. kapittel 17: LEVANDE DEMOKRATI 17.1 Oppretta direkte folkevalde bydelsstyre med eigne bydelsbudsjett og innflyting over bydelen. 17.2 Seinka røysterettsalderen til 16 år ved val til bystyret og bydelsstyre. 17.3 Auka støtta til frivillige organisasjonar. 17.4 Leggja om styringsforma frå parlamentarisme til formannskapsmodellen. 17.5 Vidareføra strøyming av bystyremøte på nett. 17.6 At bystyret må røysta over konkrete vedtaksframlegg sette fram i innbyggjarinitiativ. 17.7 Bruka folkeavrøystingar i prinsipielt viktige saker som engasjerer. 17.8 At kommunen skal bruka den kjønnsnøytrale forma «hen» i staden for «han» eller «ho». 17.9 At kommunen tek initiativ til nabolagsmøte der innbyggjarane kan få meir innflytting på korleis kommunen regulerer i deira område. 17.10 Redusera bruken av styringsprinsipp som New Public Management i offentleg sektor. 23

Bergen kommune eig ei rekkje eigedommar, bygningar og selskap. Primært er Dei Grøne skeptisk til å selja nokre av desse, fordi me ønskjer å behalda demokratisk kontroll over dei. Me støttar ikkje privatisering av offentlege tenester. Kommersielle aktørar er neppe dei beste til å ta vare på våre eldre eller pleietrengjande, men det offentlege tilbodet må gjerne supplerast av ikkje-kommersielle aktørar som ideelle stiftingar. Kommunen forvaltar òg eit stort pensjonsfond, som Dei Grøne vil bruka som eit verkemiddel for å støtta opp om økologiske og sosiale initiativ. Kommunale pengar skal ikkje investerast i fossilindustrien. kapittel 18: KOMMUNAL EIGEDOM 18.1 Offentlege tenester skal primært vera kommunalt drive, sekundert kan dei vera drivne av frivillige og ideelle organisasjonar med støtte frå kommunen. 18.2 Avvisa sal av kommunale eigedomar og selskap med mindre det er heilt spesielle forhold. 18.3 Styrkja feilmeldingstenester frå innbyggjarane til kommunen. 18.4 Unngå finansieringsløysingar som tek i bruk Offentleg-Privat-Samarbeid med kommersielle aktørar. 18.5 Innføra strengare retningslinjer for etiske og miljømessige krav til investeringane i pensjonsfondet. 18.6 Etablera ein frivilligsentral på internett, der innbyggjarane kan utveksla tenester. 24

Kapittel 19: Dei seinare åra har kommunen måtta føreta store investeringar, m.a. som følgje av etterslepet i vedlikehaldet på fleire skular. Mykje av dette har vorte finansiert med låneopptak, noko som ført til at gjelda har vakse snøgt, og stadig meir pengar må brukast på å betala renter og avdrag. Investeringsbehovet vil også vera høgt mange år framover, men å byggja opp gjeld er ikkje berekraftig politikk. SKATTAR OG AVGIFTER Norske kommunar har ikkje mange muligheiter til å skaffa seg eigne inntekter den einaste som monnar er kommunal eigedomsskatt. Miljøpartiet Dei Grøne meiner det er nødvendig å ha dette for å unngå at kommunen hamnar i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon. Eigedomsskatt er heilt nødvendig for at Bergen kommune skal kunna tilby alle innbyggjarane eit tilfredsstillande tilbod. 19.1 Ha eigedomsskatt for bustader, med sosialt botnfrådrag, i tillegg til skatt på næringsbygg. 19.2 Innføra renovasjonsgebyr med betaling etter mengde restavfall. 19.3 Arbeida for ein varig sunn økonomi i Bergen kommune, og sørgja for at gjeldsgraden vert halde på eit forsvarleg nivå. 25

Bergen kommune kjøper inn store mengder varer og tenester, og må forvalta si forbrukarmakt på ein fornuftig måte. Økologiske og sosiale omsyn må vega tungt, og kommunen må redusera bruken av fly til fordel for tog og videokonferansar. Kommunen bør auka sine innkjøp av økologisk mat og laga ein ny innkjøpspolitikk med klare krav til miljø, dyrevelferd og global rettferd. Erfaringar frå Danmark viser at dei auka kostnadane kan sparast inn ved å fokusera på sesongvarer, mindre bruk av kjøt og redusert svinn. Dei Grøne meiner det var feil å avvikla Bergen som by for rettferdig handel («fairtrade»-by), og me vil fremja framlegg om at kommunen atter satsar på rettferdig handel. kapittel 20: Innkjøp 20.1 Auka andelen økologiske og fairtrade-merka innkjøp, og få tilbake status som by for rettferdig handel («fairtrade»-by). 20.2 Tilby veganske og vegetarianske alternativ i kommunale kantiner og institusjonar, og innføra ein kjøtfri dag i veka i kommunen. 20.3 Leggja om til fri programvare og opne lisensar. 20.4 Bruka videokonferansar framføre reiser. 20.5 Prioritera miljøvenlege reiser, som tog. 20.6 Forplikta kommunen til å kjøpa berekraftige varer og tenester. 20.7 Støtta ordningar for å ta vare på og fordela overskotsmat. 26

Kapittel 21: Me vil sikra innbyggjarane betre vasskvalitet ikkje berre i sjøen, men også i elvane og innsjøane i byen, slik at dyr og planar på ny kan leva i vassdraga. VATN OG AVLØP I Bergen finst det mange elveløp som er innsnevra og lukka. Kombinert med meir forventa regn vil dette føra til meir overvatn og flaum (fjerna: «i byen»). I staden for å reparera skadane er det både billegare og meir samfunnstenleg å førebyggja dette. Fleire naturlege bekkar og elvar må opnast opp att, utvidast og restaurerast, samtidig som dei vassdraga og elveslettene som er att, må vernast mot inngrep. På den måten kan me skapa ein betre tryggleik mot flaum. Slike tiltak vil også gje rom blå-grøne friområde som folk kan oppleva i det daglege livet. Dette er òg gunstige tiltak for bestandane av aure, sjøaure, laks og andre artar ferskvassfisk me finn i kommunen. Dette vil gje betre høve for sportsfiske og friluftsliv i nærområdet der folk bur, og bidra til meir fysisk aktivitet og betre folkehelse. Me vil styrkja vass- og avløpsetaten med ressursar, slik at kloakknettet får nødvendig oppgradering og betre vedlikehald. Forureining av vatn må forhindrast ved god overvaking av vassdrag, og aktiv bruk av lover og regelverk. 21.1 Krevja at alle byggjeprosjekt skal etterfølgja krav om gode avrenningsforhold for overvatn. 12.2 Sikra avrenningsområde som parkar, grøntareal, elvar og bekkar, og prioritera grøne og gjennomtrengjelege flater framføre asfalt, samt etablera fleire regnbed. 21.3 Stimulera til å ta i bruk «grøne tak» på kommunale og private nybygg som hallar mindre enn 30 grader. 21.4 Verna naturlege vassløp og våtmarksområde, opna opp att lukka vassløp og sikra god miljøtilstand i vassdag i tråd med vassforskrifta. 21.5 Støtta å oppretta Bergen Elveforum, eit forum for forvaltning av vassdrag i Bergen. 21.6 At «Bergen vann» ikkje skal privatiserast eller konkurranseutsetjast. 21.7 Arbeida for at sterkt forureina havbotn vert slamsugd, og at gifta vert deponert på land. 21.8 Sikra eit robust vass- og avlaupsleidningsnett som tåler eit større press på vassrøyra. 27

Kapittel 22: Det skal vera enkelt å levera frå seg søppel til kjeldesortering og attvinning. Avfallshandteringa i kommunen må utbetrast og me ønskjer etableringa av bossug velkommen. På denne måten kan me levera ulike typar avfall i same nedkast. Dette kombinert med fleire returpunkt, vil få Bergen opp på eit akseptabelt nivå. AVFALL Organisk avfall, som matavfall, er ein verdifull ressurs som i større grad må brukast til å framstilla biogass og gjødsel. Til å framstilla biogass bør det byggjast eit biogassanlegg som kan produsera gass til bussar. Resten av det organiske avfallet bør utnyttast som gjødsel. 22.1 Arbeida for bossug. 22.2 Byggja biogassanlegg der organisk avfall og slam vert brukt til å framstilla biogass og gjødsel. 22.3 Innføra henteordning for organisk avfall. 22.4 Oppretta fleire byttetorg, attvinningsstasjonar og returpunkt. 22.5 Auka tilskotet til dei husstandane som ønskjer å kompostera matavfallet sitt. 22.6 Handheva forbodet mot forsøpling. 22.7 At kjeldesortering skal løna seg økonomisk. 28

kapittel 23: Bergen kommune er ein av dei største arbeidsgjevarane i Noreg. Kommunen skal vera eit førebilete, der arbeidsplassane skal vera fri for diskriminering og ha eit godt arbeidsmiljø. Tilsette skal bruka mindre tid på å rapportera, og skal føla at det er trygt å ta opp kritiske spørsmål. Dei Grøne vil redusera bruken av kommersielle vikarbyrå ved å styrkja kommunen si eiga vikarordning med fast tilsette vikarar. KOMMUNEN SOM ARBEIDSGJEVAR Me vil gjera forsøk med anonyme jobbsøknader etter at eit tilsvarande prosjekt i Oslo kommune førte til at talet på søkjarar med minoritetsbakgrunn som vart kalla inn til intervju, vart dobla. 23.1 Tilby fleire lærlingplassar i kommunen og ved kommunale kontraktar. 23.2 Innføra forsøk med anonyme jobbsøknader ved kommunale stillingar. 23.3 Redusera ufrivillig deltid i kommunal sektor. 23.4 Utvida kommunen si ringjevikarordning og oppretta kommunal vikaravtale 29

bergen.mdg.no bergen@mdg.no @MDGBergen facebook.com/mdgbergen Design: Bianca Midbøe Foto: Krister Myrlønn Illustasjon: André Myrlønn 30