HELSE SUNNMØRE HF SAKSFRAMLEGG Vår ref.: PR Ark.nr.: 008 23.01.07 Styresak - 02/2007 EIGARSTRATEGIPROSJEKT FOR HELSE MIDT-NORGE HØYRINGSSVAR FRÅ HELSE SUNNMØRE Som eit ledd i i prosjektet Eierstrategi 2010 vedtok styret for Helse Midt-Norge RHF i møte den 30. mai 2006 at det skal vere åtte somatiske sjukehus i helseregionen og at alle sjukehusa skal ha lokalsjukehusoppgåver. For å vurdere kva for andre oppgåver sjukehusa skal ha, ba det regionale styret om ei utgreiing av følgjande prosjekt: * Utgreiing av fødetilbodet ved Orkdal sjukehus Utgreiinga skal omfatte ei mogleg omlegging av fødeavdelinga ved Orkdal sjukehus til fødestue. Styret har vedtatt å oppretthalde dagens fødetilbod ved dei andre fødeinstitusjonane i regionen. * Utgreiing av det akuttkirurgisk tilbodet Framlegget om delt beredskap innan akuttkirurgi skal greiast ut som eigne prosjekt for følgjande sjukehus: Namsos, Orkdal, Molde, Kristiansund og Volda. * Utgreiing av røntgentenestene Styret har vedtatt at røntgen og laboratorietenester skal inngå i lokalsjukehusa, men har samstundes bedt om ei vurdering av auka bruk av regionale vaktordningar. * Utgreiing av PCI-tilbodet (Utblokking av kransarteriene i hjerte). Styret for Helse Midt-Norge har vedtatt å greie ut ei mogleg oppretting av ein satellitt for PCI-behandling ved sjukehuset i Ålesund. * Utgreiing av tilbodet til ekstremt tidleg fødde Styret for Helse Midt-Norge har bedt om ei utgreiing av korleis det framtidige tilbodet til særleg krevjande fortidleg fødte skal vere i regionen. Desse utgreiingane vart starta opp i september 2006 med frist for arbeidsgruppene til november 2007. Det er desse rapportane som no ligg føre og som skal bli behandla av styret for Helse Midt-Norge i februar 2007. Rapporten frå arbeidsgruppa som har utgreidd fødetilbodet ved Orkdal sjukehus har ikkje konsekvensar for Helse Sunnmøre, og vi avstår derfor frå å kommentere denne.
Alle fem rapportane følgjer saka som vedlegg. I tillegg har sekretariata for dei ulike arbeidsgruppene ein eigen kommentar. Desse kommentarane følgjer også som vedlegg. Det kan elles nemnast at styret for Helse Midt-Norge har vedtatt å greie ut eigedomsforvaltninga og laboratorietenestene med oppstart november 2006. Desse arbeidsgruppene er i arbeid, og ein vil kome attende til desse sakene når rapportane ligg føre. Vidare skal det i regi av eigarstrategiprosjektet greiast ut som eigne underprosjekt administrativ effektivisering og utflytting frå St Olavs Hospital. Desse underprosjekta vil bli starta opp i mars 2007. Hovudkonklusjonar frå dei 5 delrapportane: Fødetilbodet: Prosjektgruppa har rådd til at dagens fødetilbod ved Orkdal sjukehus vert vidareført til ein lågare kostnad under føresetnad av minst 400 fødslar pr år. Akuttkirurgi: For Volda sjukehus foreslår prosjektgruppa at det blir døgnvakt i generell kirurgi og ortopedivakt frå kl 0800 til kl 2000 evt. 2400 om kvelden samt overgang frå 3-sjikts til 2-sjikts vaktordning. Dette fører til at Volda må få tilført 3 nye legestillingar. Alternativet føreset 4-delt vaktordning. For dei andre sjukehusa viser vi til prosjektrapporten. Røntgentenestene: Prosjektgruppa har vurdert: - Mulegheiter for å redusere kostnader ved etablering av samarbeid om radiologvakt på tvers av sjukehus og helseforetak. - Mulegheiter for å redusere omfanget av undersøkingar tilvist frå legar utanfor sjukehus - Mulegheiter for å redusere kostnader ved manuell (CD-basert) overlevering av undersøkingar utført utanfor sjukehus. Det er gjennomført ei konsekvensanalyse av tre scenarier i tillegg til å vidareføre noverande ordning. To av scenariene (vakt berre ved St Olavs Hospital, og vakt ved St. Olavs Hospital og Ålesund sjukehus) blir ikkje vurdert som akseptable. Alternativet med lokalt vaktsamarbeid framstår som fagleg akseptabelt, men vil føre med seg at nokre undersøkingar og behandlingsprosedyrar ikkje kan bli utført lokalt. Pasienten må derfor bli transportert ved akutte behov. Dette medfører ulemper og alternative kostnader. PCI-tilbodet: Prosjektgruppa rår til at ut frå dagens PCI-volum i regionen og ressursmessige forhold at PCI-aktiviteten i Helse Midt-Norge framleis blir samla ved St Olavs Hospital HF (St Olav). Tilbodet til ekstremt tidlige fødde: Prosjektgruppa er samd om ikkje å tilrå sentralisering av tilbodet til born født før 28. veke i denne omgang. Ei slik sentralisering vil føre til reduksjon i tal pasientar og nedbemanning som igjen vil føre til at intensivbehandlinga av sjuke nyfødte vanskeleg kan bli vidareført i Ålesund. Dette fordi personalet får lite trening noko som igjen vil føre til problem med kompetansenivå, rekruttering, bemanningsplanar og turnusplanlegging. Når det gjeld sentralisering av tilbodet til born født før 26. veke, er gruppa delt i sitt syn. Det eine synet legg vekt på at når ein ikkje kan påvise ulikskap i kvalitet, skal ein ta omsyn til økonomi og nærleik og dermed ikkje sentralisere. Andre delar av gruppa 2
meiner at ein i famtida vil få ein kvalitativ gevinst ved å sentralisere born født før 26. veke, og at dette vil forsvare auka kostnader. Analysen har vist at ei sentralisering av tilbodet til born født før 28. veke vil føre til ein kostnadsauke på 2,9 3,1 mill kr. Ytterlegare sentralisering av tilbodet til born født før 26. veke vil auke kostnadene med 1,3 1,5 mill kr. Arbeid med høyringa i Helse Sunnmøre: Alle rapportane er sendt ut til samtlege avdelingar i Helse Sunnmøre, arbeidstakarorganisasjonane og til kommunane på Sunnmøre. Vidare har rapportane vore drøfta i møte med kommunane eit møte for kommunane på nordre Sunnmøre og eit møte med kommunane på søre Sunnmøre. I tillegg har vi hatt eit eige møte med styret for Ålesundregionens utviklingsselskap. Vidare er rapportane behandla i brukarutvalet og i arbeidsmiljøutvalet. Det ligg føre følgjande høyringssvar: Avdelingar/utval i Helse Sunnmøre - anestesiavdelinga, Ålesund sjukehus - kirurgisk avdeling, Volda sjukehus - medisinsk avdeling, Volda sjukehus - brukarutvalet Høyringssvar frå eksterne instansar: - Ålesundregionens utviklingsselskap - Søre Sunnmøre Regionråd - Volda kommune - Ørsta kommune - Ulstein kommune - Herøy kommune Alle dei innkomne høyringssvara følgjer som vedlegg. Vurdering av rapportane: Utgreiinga av fødetilbodet ved Orkdal sjukehus har ikkje konsekvensar for Helse Sunnmøre og vil derfor ikkje bli kommentert frå vår side. Vi kjenner dessutan for lite til dei lokale tilhøva til å ha ei velgunna meining om rapporten. Akuttkirurgi: Rapporten om den akuttkirurgiske beredskap gjeld mellom anna Volda sjukehus. Vi vil avgrense vår kommentar til å gjelde dette sjukehuset. For Volda sjukehus foreslår prosjektgruppa at det blir døgnvakt i generell kirurgi og ortopedivakt frå kl 0800 til kl 2000 evt. 2400 om kvelden samt overgang frå 3-sjikts til 2-sjikts vaktordning. Dette fører til at Volda må få tilført 3 nye legestillingar. Alternativet føreset 4-delt vaktordning. For nærare omtale av situasjonen ved Volda sjukehus og grunngjeving for framlegget viser vi til rapporten og til kommentarane frå sekretariatet. Det ligg føre ein grundig rapport som vurderer ulike sider ved den akuttkirurgiske beredskapen ved dei aktuelle sjukehusa også ved Volda sjukehus. Alle dei innkomne høyringssvara med unnatak av kommentaren frå anestesiavdelinga i Ålesund stør konklusjonen i rapporten. I nokre av høyringssvara blir det også peikt på at ei utgreiing frå Den norske lægeforening om lokalsjukehusfunksjonane seier at lokalsjukehus bør ha full akuttkirurgisk og indremedisinsk beredskap. 3
I høyringssvaret frå anestesiavdelinga, Ålesund sjukehus går avdelingssjefen inn for ortopedisk beredskap framfor døgnberedskap innan bløtdelskirurgi. Grunngjevinga er at eit forsøk på å bygge opp ein beredskap innan både ortopedi og generell kirurgi slik arbeidsgruppa legg opp til vil kunne utarme det samla tilbodet i Helse Sunnmøre både fagleg og økonomisk. Innanfor ortopedien vil det være eit stort nok driftsgrunnlag til å forsvare ei slik satsing, men ikkje innanfor generell kirurgi. Der vil det i tillegg kunne bli ein svært problematisk rekrutteringssituasjon. Spesialiteten generell kirurgi er på full fart ut og den mest nærliggande greinspesialiteten gastrokirugi, har rekrutteringsvanskar til og med på regionsjukehusnivå. I vurderinga vil direktøren legge vekt på at Volda sjukehus har eit tilbod innan både generell kirurgi, urologi og ortopedi, og at det innan desse fagområda er gjennomført ei viss oppgåvefordeling mellom dei to sjukehusa i Helse Sunnmøre. Dette fungerer godt, og dei tilbakemeldingane vi får frå brukarane stør denne organiseringa. Ut frå dette er det derfor liten grunn til å endre denne organiseringa, og direktøren vil derfor gå inn for at noverande oppgåvefordeling mellom sjukehusa i Volda og Ålesund blir oppretthalde med ei akuttkirurgisk beredskap innan generell kirurgi. Direktøren vil likevel ut frå ei økonomisk grunngjeving ikkje gå inn for ei dobbel vaktordning generell kirurgi og ortopedi heilt fram til kl 2400 om kvelden. Ein må her vurdere alternative løysingar. Når det gjeld behovet for nye legestillingar, blir dette å vurdere i budsjettsamanheng opp mot foretakets økonomiske situasjon og behovet for nye legestillingar innan andre fagområder. Konklusjonen blir altså ei vidareføring av dagens organisering. Dersom det skjer endringar i behovet for sjukehustenester, i rekrutteringssituasjonen for fagfolk eller økonomiske tilhøve, kan organiseringa bli tatt opp til ny vurdering. Vurdering av røntgentenestene: Sluttrapporten om den framtidige organiseringa av det billeddiagnostiske tilbodet i Helse Midt-Norge er særs grundig både når det gjeld kartlegging av noverande aktivitet og av det faglege tilbod i dei ulike røntenavdelingane. Rapporten har vurdert ulike alternative modellar for vaktsamarbeid og konkludert med at modellen med lokalt vaktsamarbeid er fagleg akseptabelt, men at det vil føre med seg at einskilde undersøkingar og behandlingsprosedyrer ikkje kan bli utført lokalt, og at pasienten derfor må transporterast. Dette fører til ulemper og til alternative kostnader. Rapporten frarår sentralisering av vaktordningane anten berre til St Olavs Hospital eller til St Olav/Ålesund sjukehus for heile regionen. I Helse Sunnmøre er røntgenavdelingane i Volda og Ålesund slått saman til ei avdeling med felles leiing og med utstrakt internt samarbeid både fagleg og ressursmessig. Det er allereide eit samarbeid om vakt for legane ved at det i Volda er 2 spesialistar og ein assistentlege. Bakvaktberedskapen for assistentlegen skjer frå Ålesund slik at legane i Volda har 3-delt vakt. Den interne organiseringa av desse tenestene blir heile tida vurdert slik at endringar i behovet for tenester vil kunne få konsekvensar for korleis vaktberedskap og fagleg tilbod ved dei to einingane blir organsiert. Direktøren vil derfor gå inn for at ein held fast ved det vaktsamarbeid ein no har ved røntgenavdelinga i Volda/Ålesund. Direktøren vil vidare stø arbeidet med å redusere behovet for røntgendiagnostikk både for inneliggjande pasientar og for pasientar frå primærhelsetenesta. Utgreiing av PCI-tilbodet: Rapporten frå arbeidsgruppa konkluderer med at berre St Olavs Hospital skal ha tilbod om PCI (kartlegging og utblokking av kransarteriene i hjarte), og at dette tilbodet skal dekke behovet i heile helseregionen. Rapporten belyser både faglege og økonomiske 4
konsekvensar av ei PCI-satelitteining i Ålesund. Likevel har rapporten i for liten grad greid ut og tatt konsekvensen av at tilbodet til befolkninga på Sunnmøre og i Romsdalen blir dårlegare enn for befolkninga elles i regionen ved at denne behandlinga berre skal skje ved St Olav. Prosjektgruppa grunngjev sitt syn mellom anna med at utviklinga har vist at det etter måten er få pasientar frå vår del av helseregionen som har behov for omgåande PCI, og at talet slike pasientar har avtatt. Vidare blir det hevda at St Olav må ha alle pasientane frå helseregionen for å oppretthalde og vidareutvikle naudsynt kompetanse på dette området. Det nye St Olav vil dessutan ha utstyr og bygningsmessige tilhøve som gjer det mogleg å dekke behovet for heile helseregionen. Dersom PCI-tilbodet for heile helseregionen blir lokalisert til St Olavs Hospital, vil tilbodet for befolkninga på Sunnmøre og i Romsdal bli dårlegare enn for pasientar frå andre delar av helseregionen. Ved behov for omgåande PCI ved hjarteinfarkt/truande hjarteinfarkt vil ikkje pasienten kome til behandling i tide for å ha optimal nytte av behandlinga. Alternativet er primær trombolysebehandling. Det ligg føre ein SMM-rapport 5/2002 som vurderer 17 studier som samanliknar trombolyse med PCI - behandling ved hjarteinfarkt. Det blir konkludert med at primær PCI behandling er betre enn trombolytisk behandling. Det går også fram at tidstap påverkar behandlingsresultatet negativt både for primær PCI og trombolyse. Ved den framtidige organiseringa av behandlingstilbodet til pasientar med akutt hjarteinfarkt er det viktig at pasientar frå alle delar av helseregionen får eit godt og mest mogleg likeverdig behandlingstilbod. Uansett kor godt transporttenesta blir lagt opp vil det ta lenger tid å kome til St Olavs Hospital frå Sunnmøre/Romsdal enn frå dei fleste andre delane av helseregionen. Tidsfaktoren er vist å ha betydning for utfallet av behandlinga. Det er altså fleire gode grunnar for at PCI behandling skal bli etablert ved Ålesund sjukehus. Høyringssvara går sterkt inn for at det blir etablert eit PCI-tilbod ved Ålesund sjukehus, og grunngjevinga er i hovudsak at ein ikkje kan akseptere at tilbodet til pasientar med hjarteinfarkt er dårlegare for Sunnmøre/Romsdal enn ellers i helseregionen. Det blir arbeidd for å organisere transporttenestene slik at ressursane blir utnytta best mogleg, og at befolkninga kan få den hjelp dei treng innan dei fastsatte tidskrav. Dei største hasteoppdraga blir utført med ambulansehelikopteret. Som følge av dei nye behandlingsmetodane for hjarteinfarkt vil behovet for helikoptertransporter auke. Vi ser allereide no korleis antall transportar med hjartepasientar til St Olavs Hospital har auka mellom anna som følgje av behovet for PCI-behandling. Mulegheitene for samtidigheitskonflikter aukar tilsvarande, og transportberedskapen for verkelege hasteoppdrag vil derfor bli redusert for Møre og Romsdal. Ein ser allereide no at fagpersonellet i aukande grad står overfor vanskelege prioriteringar mellom hasteoppdrag. Ein helikoptertransport til Trondheim betyr at helikopteret er ute av beredskap for andre oppdrag i bortimot 3 timar. Jamvel om talet omgåande hjelp PCI frå vår del av helseregionen no er etter måten lågt, er det ingen grunn til å tru at det relle behovet for slik behandling frå Sunnmøre/Romsdal vil vere mindre enn for andre delar av helseregionen/landet. Det er derfor viktig å følgje utviklinga vidare og kome attende til ei ny vurdering av behovet for eit tilbod om PCI ved Ålesund sjukehus etter ei tid. Eit PCI-tilbod i Ålesund vil også kunne nyttast av pasientar frå Nordfjord. Avstanden frå Nordfjord til Ålesund er mindre enn avstanden til Bergen, og det vil derfor i så fall vere naturleg at eit slikt tilbod for befolkninga i Norfjord blir drøfta med Helse Vest. Sekretariatet for prosjektgruppa seier mellom anna Sekretariatet forutsetter at kardiologimiljøene følger opp arbeidet med utjevning av regionale forskjeller og sikrer pasienter i regionen lik tilgjengelighet til PCI-behandling. 5
Dette kan berre fullt ut bli oppnådd ved at det på sikt blir oppretta eit PCI-tilbod ved Ålesund sjukehus. Vi vil derfor rå til at ein følgjer utviklinga nøye og tar opp at saka etter 3 år. Tilbodet til for tidleg fødte: Prosjektgruppa tilrår samrøystes at tilbodet til born født før 28. veke ikkje bør sentraliserast til St Olavs Hospital for heile helseregionen, men at også Ålesund sjukehus framleis skal ha dette tilbodet. Når det gjeld sentralisering av tilbodet til born født før 26. veke, er gruppa delt i sitt syn. Det eine synet legg vekt på at når ein ikkje kan påvise ulikskap i kvalitet, skal ein ta omsyn til økonomi og nærleik og dermed ikkje sentralisere. Andre delar av gruppa meiner at ein i famtida vil få ein kvalitativ gevinst ved å sentralisere born født før 26. veke, og at dette vil forsvare auka kostnader. Analysen har vist at ei sentralisering fører til auka kostnader utan at det kan påvisast betring av kvaliteten. Det går fram av rapporten at begge sjukehusa har høg kvalitet på tilbodet til for tidleg fødde. Vi viser elles til rapporten som har gått grundig gjennom tilbodet ved dei to sjukehusa og trekt sine konklusjonar på grunnlag av resultatet av dei gjennomførte analysene. Alle høyringssvara stør konklusjonen i rapporten og argumenterer sterkt for at tilbodet i Ålesund blir oppretthalde og gitt høve til å vidareutvikle seg faglig, ressursmessig og arealmessig. Adm. direktør viser til saksutgreiinnga og rår styret for Helse Sunnmøre til å gjere slikt VEDTAK: 1. Styret sluttar seg til saksutgreiinga i sak 02/2007 som Helse Sunnmøre si høyringsfråsegn til følgjande eigarstrategiprosjekt for Helse Midt-Norge: - Utgreiing av framtidig organisering av fødetilbodet i Orkdal - Utgreiing av framtidig organisering av akuttkirurgisk/ortopedisk tilbod i Helse Midt-Norge. - Framtidig organisering av billeddiagnostisk tilbod i Helse Midt-Norge - Evaluering av PCI-tilbodet i Helse Midt-Norge - Framtidig organisering av tilbodet til ekstremt tidleg fødte i Midt-Norge 2. Styret rår til at utviklinga av behovet for PCI-behandling frå Sunnmøre blir følgd nøye, og at saka blir greidd ut på nytt om 3 år med tanke på å vurdere etablering av ein satellitt for PCI ved Ålesund sjukehus. Astrid J. Eidsvik adm. direktør Saksbehandlar: Fagsjef Per Roland 6
7