Musikk+ Dans.London.Cuba Bu & Arbeidstrening Kunst.Europa

Like dokumenter
Multisport Dans+ Musikk+ Kunst+ Sjø.Snø.Surf

Multisport Dans Dans+Idrett.Friluftsliv Dans.Scene Musikk+Idrett/Friluftsliv

Multisport Dans+ Musikk+ Aktiv Sjø.Snø.Surf

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

Til deg som bur i fosterheim år

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Internasjonal vidaregåande skule

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Ungdom med særlege behov

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

FORVENT MYKJE, FÅ MEIR!

Juvet Landskapshotell

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Informasjon til elevane


mmm...med SMAK på timeplanen

6-åringar på skuleveg

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Psykologisk førstehjelp i skulen

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Informasjonshefte Tuv barnehage

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Plassebakken Barnehage

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Plassebakken Barnehage

Frå novelle til teikneserie

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

6. trinn. Veke 24 Navn:

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Velkommen til DUGNAD!

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Med god informasjon i bagasjen

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Velkomen som konfirmant!

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Velkommen til kulturskulen.

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Sandeid skule SFO Årsplan

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

FORVENT MYKJE, FÅ MEIR!

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

KRISTNE VIDAREGÅANDE SKULE. Ein av Noregs største internatskular

Velkomen som konfirmant

Transkript:

Musikk+ Dans.London.Cuba Bu & Arbeidstrening Kunst.Europa Sjø.Snø.Surf Idrett.Ballspel Multisport Golf.Idrett.Sør-Afrika Internasjonal linje skuleåret 2013 og 2014 www.sufh.no post@sufh.no Tlf 70009600

"Skulen er ein heim, denne heimen er ein skule" Ålesund lufthavn, Vigra Ålesund Ulsteinvik Ørsta-Volda lufthamn, Hovden 45 minutt frå Ålesund sentrum med buss og hurtigbåt 45 minutt frå Vigra lufthavn med buss og hurtigbåt 30 minutt frå Ørsta/Volda lufthavn Hovden med buss Velkomen til oss Har du planen klar? Brosjyra du sit med i handa er eit av mange studietilbod som haglar inn over deg som skal velje vegen vidare. Kva er spesielt med vårt tilbod, og kva skil oss frå dei andre folkehøgskulane? På Sunnmøre folkehøgskule har vi ein visjon: vi skal få utrulige ting til å skje, noko vi opplever kvart år på ulikt vis. Vi lovar ikkje at vi kan endra livet ditt på ti minutt (slik enkelte reklamer lovar), men vi trur dette året vil vere med å prege livet ditt vidare. Vi som jobbar her likar det vi held på med, og vi ynskjer å legge til rette for at du kan vere deg sjølv og utvikle deg vidare. Ein av styrkene våre, er breidda. Vi har linjer innan både musikk, dans, idrett, og friluftsliv, noko som gjer at vi har ei flott samansetning av elevar med ulike interesser som inspirerer og lærer av kvarandre. Ein annan styrke er alle fellesopplegga og fellesturane i inn og utland, som ved skuleslutt er noko av det elevane har sett mest pris på. Vi må vel også få lov å skryte litt av fasilitetane våre. Vi har eit fantastisk bygg med utrulege moglegheiter. Likevel er det først og fremst dei menneska du møter her som gjer året kanonbra. Eg har enno ikkje snakka med ein einaste elev som har angra på at dei valde folkehøgskule eller at dei valde SUFH, og eg ser ingen grunn til at du skal bli den første. Vi håper denne brosjyra gjev deg lyst til å bli med på å få utrulige ting til å skje, for nettopp her vil du, saman med dei andre, spele ei viktig rolle. Velkomen til Sunnmøre folkehøgskule! Helsing Arnt Ole Grimstad - rektor - Ulsteinvik Sunnmøre Folkehøgskule ligg i Ulsteinvik på Sunnmøre, midt i eit eventyrlandskap med kysten. Frå rommet ditt ser du storhavet og skjærgård på den eine sida, og når du snur deg rundt så ser du Sunnmørsalpane kneise opp frå fjordane. Vi er ein aktiv skule som i linjefag, valfag og fellesturar utnyttar dette til det fulle. «Det er nesten som å vere med på 71 grader nord, berre at ingen vert sendt heim» sa ein elev ein gong, og det er ikkje så langt frå sanninga. Ulsteinvik vart i 2012 kåra til landets mest attraktive tettstad og er regionssenter for eit område på ca. 25000 menneske. Det er ein liten by som har mykje å by på med eit aktivt idretts- og kulturliv. Fotballaget HØDD er vår store stoltheit og har i år vore god reklame for byen ved å sensasjonelt slå Tromsø i cupfinalen på Ullevål! Heia Hødd! SUFH er ein mellomstor skule med omlag hundre elevar. Vi har stor breidde på linjetilbod, valfag og fellesturar. Dette gir oss elever frå heile Norge, frå andre land og utruleg mange ulike og spennande menneske. Eit folkehøgskuleår er fylt av heftige opplevingar, undervisning, internatliv og fritid. Slik er det og hos oss. Prisen på dette vil variere litt ut i frå linjeval og valfrie turar. Sjå innom nettsida vår på www.sufh.no for oppdatert info om økonomi, utstyrslister, reiser, fagtilbodet m.m. side 3 På SUFH ynskjer vi at du i eit kreativit og sosialt miljø tufta på kristne verdiar som kjærleik, respekt og likeverd skal få utvikle deg på ein positiv måte. Arnt Ole Grimstad - rektor. Har vore ved skulen i 11 år. Jostein Sæbø - undervisningsinspektør. Har vore ved skulen i 16 år.

Det er litt som 71 grader nord, berre at ingen vert sendt heim igjen - Ole-Kristoffer Tveiten, elev Linjefaget inneheld: - Toppturar i Sunnmørsalpane - Grotte/Breklatring - Bølgjesurfing/Juving - Klatring både inne og ute - Downhill/Crosscountry (sykkel) - Ski/Brett (pudderjakt i Sunnmørsalpane) - Multi-10-kamp - Møte med det ukjende - Squash/Treningssenter - Curling - Snøscooter - Vannski/Dykking - Kajakk - Snøhuletur - Høve til å ta dykkarlappen Alle elevar reiser på valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/Zanzibar i november. Eit hendelsesrikt år i sterkt samhold gjennom fartsfylte aktivitetar og stille ro! MULTISPORT Multisport er ei linje prega av sterkt mangfald både innan friluftsliv og idrett. Linja er for deg som er glad i å trene og ynskjer ein aktiv kvardag. På hausten tek vi i bruk minibussen, sykkel, ribbåt, fjellsko, klatretau og stegjern, alt for å nå fjelltoppane i Sunnmørsalpane. Vi ferdast også på eller i sjøen. Her brukar vi kajakk, surfebrett, vannski og våtdrakter. Etter ein aktiv og krevande dag er det godt å sette seg ned rundt leirbålet med god mat og dele dagens kjensler. I november har du også høve til å reise til Sør-Afrika for å utøve ein god del Multisport-aktivitetar. Sunnmørsalpane er kjent for fantastiske forhold for ski og brett. Etter å ha auka ferdigheitene våre på ski og brett i trekk, ser vi fram til våren når vi skal få bestige toppane med hjelp av fellar og truger. Køyringa ned ei urørt fjellside i perfekt puddersnø er heilt fantastisk! Multisport er den linja på SUFH som har flest overnattingsdøgn ute, og du må vere innstilt på at du ikkje alle dagar er ferdig til middagstid. Følg gjerne med på årets multisportelevar i loggboka, der dei delar sine erfaringar og bilete. side 5 - Utvikle evner til å takle nye utfordringar - Utvikle personlegdomen din i eit miljø og natur som er unik - Større tru på deg sjølv: dette fikser eg - Lære deg å takle naturens villkår - Kunnskapar i å planlegge og gjennomføre turar - Fjellvett og sjøvett - Betre fysisk form Henrik Petersson - Lærar, 15 års erfaring frå sjø og fjell på Sunnmøre, brei aktiv idrettsbakgrunn.

Beskrive "It is almost musikk impossible på SUFH to remember i ei setning? how Du tragic ber oss a place om det this umulige world is when Cathrine one Nyrud, is playing elev golf." R.Lyn Golf - Trening på ulike slag og slagteknikk - Rettleiing av PGA pro ved Sunnmøre GK - Deltaking i lokale og regionale turneringer - «Veien til golf» for dei som ikkje har dette kurset - Spel på ulike baner i regionen Idrett - Ski/snowboard, paragliding, bølgjesurfing - Fotball, volleyball, andre ballidrettar - Utnytte våre fantastiske fasilitetar - Fellesundervisning med linja; Idrett.Ballspel Reise - Golf og opplevingstur til Sør-Afrika og Cape Town - Strandafjellet og Sunnmørsalpane - Om du heller vil på ein av dei andre utanlandsturane er dette mogleg! - Vår tur til England. Golfsportens vugge og Premie League fotball - Ulike golf og sosiale turar på Sunnmøre Alle elevar reiser på valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/ Zanzibar i november. Utslag på hol 4 på Sunnmøre Golfklubb GOLF.IDRETT.SØR-AFRIKA "Golf er en ødelagt spasertur!" sa Mark Twain og vi kan forstå han, men samtidig så er eit perfekt balltreff i golf like deilig som å skru ein fotball opp i krysset. På denne linja får du kombinere golf, idrett og opplevingar. Ballspel og ski/snowboard vil dominere utanom golfsesongen, medan aktivitetar som surfing, paragliding og paintball er med på å sprite opp kvardagen og skape eit godt klassemiljø! Linja passar for dei som er hekta på golf og for dei som vil prøve ein ny sport. Både nybyrjaren og den erfarne vil få eit tilpassa opplegg, der vi bl.a PGA-pro på Sunnmøre Golfklubb vil vere ein viktig del av opplegget. Saman skal vi skape eit godt og aktivt miljø der idrettsglede og stå-på-vilje skal stå i sentrum uansett om vi putter for birdie i Cape Town, ser Premie League i England, køyrer i pudder på Strandafjellet eller har ein kvardag med ballspel i gymsalen. For utfyllande info sjå www.sufh.no For meir informasjon, sjå www.sufh.no Musikkfaget utgjer 75% av linjefaget og idrett/friluftsliv 25%. I tillegg til at du får fordjupe deg i musikk-faget, ynskjer vi at du skal få oppleve naturen på Sunnmøre og få nye fysiske utfordringar vekk frå skulebygget. Eit mål er å hente inspirasjon frå friluftslivturar til vidare bruk i linjefaget. side 7 - Utvikle deg som golfar - Ta vegen til golf-kurs - Finne ut om golf er noko for deg - Prøve mange ulike aktivteter Per Bernt Aske har vore i drømmejobben i 14 år! Glad i idrett, men hekta på golf (hc 5).

"If I could tell you what I mean, there would be no point in dancing Isadora Duncan Linjefaget inneheld: - Dans - Koreografi - Formidling - Danseteknisk trening i jazz, moderne og klassisk ballett - Improvisasjon og koreografi - Pilates - Temabasert undervisning med gjestelærar - Framsyningar både internt og eksternt - Oppsetting av danseforestilling - Musikal (fellesprosjekt for heile skulen) - London med musikalar, dansestudio m.m. - Cuba med dans, musikk, sol og strender Alle elevane reiser på utenlansturar i november. Dersom du heller vil til Tanzania, Sør-Afrika eller Europa/Backpacker så er dette mogleg! Opptreden i Sjøborg kulturhus - finaste scena på Sunnmøre. DANS.LONDON.CUBA Kan du snakke uten ord? I dansen kan du! Dans fins i alle samfunn, i heile verda og til alle tider. Dansen og rytmen er grunnleggande uttrykksform for menneske, og dette vil du særleg få oppleve på studieturen til Cuba! Her er dans, rytmer og musikk overalt, eit pulserande og levande samfunn. Her kan du ta klasser i m.a. tango og reggaeton og alle får sin eigen salsainstruktør i ei heil veke! Dans er fysisk og psykisk helse, idrett, kunst og kultur. Dans er sjølvtillit og glede over eigen kropp i rørsle. Dans er meistring, musikk, rytme, oppleving, rørsle, berøring, glede, kroppsbeherskelse, kontakt, samspel, og sjølvutvikling. Dans gir nærheit til livet, rytmen og pulsen. Undervisninga tek høgde for at elevane har ulik grad av danserisk erfaring, kunnskap og ferdigheiter. Gjennom timar på skulen og reiser til London og Cuba ønskjer vi at du skal få nye erfaringar og bli endå meir motivert og glad i å danse! Vi legg vekt på å ha eit godt klassemiljø der vi tar vare på, støttar og lærer av kvarandre! For meir info og bilete sjå innom nettsida vår www.sufh.no side 9 - Du har lært grunnleggande teknikk og trinn i ulike dansestilar - Du har blitt mjukare, sterkare og har trent opp balanse - Du har fått din eigen cubanske danseinstruktør Hilde Charlotte R. Hanken er utdanna dansepedagog ved Universitetet i Stavanger. Ho har jobba som dansar og koreograf på ulike prosjekt både i Stavanger og Ålesund. Våren 2008 vart ho også utdanna Pilatesinstruktør.

"Livet er ikke bare en lek, det er også en dans på roser" - Rolf Wesenlund Butrening: - Mat og helse - Rydding og vask av eige rom - Klesvask - Eigen økonomi - Personleg hygiene Arbeidstrening: - Utplassering i bedrift eller arbeidstrening på skulen nokre dagar i løpet av skuleåret Andre fag: - Kunst og handverk - Musikk/Drama - Tema/refleksjonsgruppe - Data: Loggbok/fotobok - Modulfag (valgfag) - Kroppsøving Fritid: - Treningssenter - Musikk/band - Elevkveldar - Torsdagsmøte - Husgruppe - Turar og bålkos Turar: - Opningstur (Bli-kjent tur med heile skulen) - Linjeturar - Fjell- og skogsturar - Skiveke i Sunnmørsalpane - Tur til fuglefjellet Runde - Tur til Geiranger - Klassa legg i november opp til ein 10-dagars studietur til utlandet. Reisemålet vil verte endeleg bestemt når inntaket på linja er sluttført slik at vi kan ta omsyn til den enkelte. Fellesskapsopplevingar er viktig både på linja og på folkehøgskulen generelt. BU- OG ARBEIDSTRENING Dette er ei linje som tilbyr tilrettelagt opplæring for deg som etter kvart ynskjer å flytte i eigen bustad. Her bur du på eige rom med bad, og gjennom det øver på å bli meir sjølvstendig. Noko av undervisninga på linja er fag som mat og helse, stell av rom og klede, økonomi, idrett og leik, musikk og song, kunst og handverk, data, sosial trening og aktiv bruk av fritida. Dette året vil bety mykje for deg, og for alle oss andre som blir kjende med deg. Organisering Linja har plass til inntil 8 elevar. Innhaldet i undervisninga vil variere noko ut i frå gruppesamansetjing og individuelle føresetnader og målsetjingar. I samarbeid med heimen og evt. hjelpeapparatet i heimkommunen kan vi utarbeide ein individuell opplæringsplan for deg. Du får trening i eit mest mogleg sjølvstendig liv i eigen bustad gjennom opplæring i aktivitetar i dagleglivet (ADL). Undervisninga blir organisert i einetimar og linjetimar. Nokre valfag og fellesfag har du saman med elevar frå dei andre linjene. Opplegget på denne linja krev ekstra økonomiske ressursar frå di heimkommune, NAV, fylkeskommune eller andre. - Du blir meir sjølvstendig - Du får utvikle deg gjennom å prøve nye ting - Du får fleire vener - Du får reiseerfaring - Du får prøvd deg i arbeidslivet - Du får eit år i eit kreativt og positivt miljø side 11 Martin Endresen er utdanna både lærar og vaktmester i tillegg til at han har utdanning innan arbeidslivskunnskap. Beate Hopland Langnes, adjunkt med hovudvekt på kunst og handtverk, er også inne som timelærar i tillegg til stipendiatar og assistentar. Ingfrid Grimstad er utdanna adjunkt med hovudvekt på musikk og vegleiing. Ho har vore ved skulen i 14 år.

Kreativitet er å finne opp, å eksperimentere, å vokse, ta sjanser, bryte regler, gjere feil og ha det gøy Mary Lou Cook Innhald og metode: - Individuelle prosjekt - Gruppeoppgåver - Kunsthistorie og teori - Utstillingsprosjekt og galleribesøk - Redesign kle, møblar, lamper o.l. - Maling akryl, collage, linotrykk - Serigrafi (silketrykk) t-skjorte design, mønsterdesign - Foto bildekomposisjon, bildebehandling, styling, portrett, landskap - Trendy handarbeid hue, veske, vottar, kle o.l. - Kostyme, scene, lys - Døme på andre prosjekt: smykke, støyping i sement, handlaga papir, land art, longboard - Fellesprosjekt saman med andre linjer - Musikal (fellesprosjekt for heile skulen) London: kunstekskursjon med utstillingar og forestilling (foto, mote, design, scenekunst). Både på skulen og i området rundt er det lagt godt til rette for å vere kreativ. KUNST.EUROPA Mål Utvikle kreativitet gjennom ei rekke ulike kunstneriske uttrykksformer. I arbeid med ulike teknikkar utvikle seg som ein skapande person og bli tryggare på eige uttrykk og slik styrke sjølvtillit og frimot generelt, og i høve til det kunstenriske spesielt. Året vil innehalde både gruppeoppgåver og eigne prosjektoppgåver innanfor ein eigen valgt teknikk. Undervisninga tek høgde for at elevane har ulik grad av erfaring, kunnskap og ferdigheiter, og vi ynskjer å legge til rette for at du skal få utvikle deg. Elevane får valfri utanlandstur til Europa Sør-Afrika, Cuba, eller Tanzania/Zanzibar i november. Turen i Europa blir ekstra retta mot kunstklassa. På fjorten dagar med tog gjennom Europa vil du ha moglegheit til å sjå eit stort utval av verdens mest berømte bilete og arkitektur. For utfyllande informasjon og bilete, sjå www.sufh.no side 13 - Du har møtt likesinna kreative personar som du har inspirert og latt deg inspirere av - Du har sett ideane dine ta form og verte til eit ferdig produkt - Du har lært ulike teknikkar - Du har stilt ut dine eigne prosjekt, og fått erfaring med kreative fellesprosjekt - Du har fått styrka sjølvtilliten din - Du har fått lært litt om kunst før og no. Beate Hopland Langnes, utdanna adjunkt med tilleggsutdanning, med vekt på kunst og design.

Beskrive musikk på SUFH i ei setning? Du ber oss om det umulige Cathrine Nyrud, elev Innhald og metode: - Sang - Samspel - Formidling - Grunnleggande opplæring på ulike bandinstrument, med vekt på besiringsspel på piano og gitar - Grunnleggande sangteknikk - Musikkteori og høyrelære - Arrangering og komponering - Studioarbeid - Seminar om ulike tema, både teori og praksis - Konsertar og musikalske bidrag internt og eksternt - CD-prosjekt med sjølvskrive materiale - Musikal (fellesprosjekt for heile skulen) Alle elevar reiser på valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/ Zanzibar i november. Musikklinja er ein viktig del av det miljøskapande arbeidet ved skulen, slik som til dømes elevkveldar og konsertar. MUSIKK+ Mål Gjennom arbeid med sang, samspel og formidling vil vi legge til rette for at elevane får vidareutvikle og bruke sine musiske og musikalske evner og ferdigheiter, og slik styrke sjølvtillit og frimot generelt, og i høve til det musiske og musikalske spesielt. Fagkombinasjon musikk+idrett/friluftsliv Musikkfaget utgjer 75% av linjefaget og idrett/friluftsliv 25%. - Undervisninga i idrett/friluftsliv skjer i vekeperiodar, som utgjer 2-3 linjeveker i haustsemesteret og tilsvarande i vårsemesteret - Opplegget vert gjennomført haust, vinter og vår i fjellet, i skogen eller på sjøen - Eksempel på opplegg: ballspel, klatring, bølgjesurfing, golf, topptur, kano, ski/ brett - Ein bør disponere eigen sykkel Undervisninga tek høgde for at elevane har ulik grad av musikalsk erfaring, kunnskap og ferdigheiter. For utfyllande informasjon, sjå www.sufh.no For meir informasjon, sjå www.sufh.no Musikkfaget utgjer 75% av linjefaget og idrett/friluftsliv 25%. I tillegg til at du får fordjupe deg i musikk-faget, ynskjer vi at du skal få oppleve naturen på Sunnmøre og få nye fysiske utfordringar vekk frå skulebygget. Eit mål er å hente inspirasjon frå friluftslivturar til vidare bruk i linjefaget. side 15 - Du forstår kvintsirkelen og kan bruke den i teori og praksis - Du kan akkompagnere deg sjølv og andre på piano og gitar - Du har framført musikk i ulike genrar og på fleire ulike instrument i samspel med andre elevar - Du har komponert og arrangert eit musikkstykke - Du har sunge solo, live og på CD - Du har fått styrka sjølvtilliten din Øyvin Sønnesyn, utdanna adjunkt med tilleggsutdanning, med vekt på musikk og kristendom. Han er utøvande musikar på bass, gitar, piano og sang.

"Og dette får du betalt for?" elev Eirik Bøchmann til lærar på Sjø.Snø.Surf Linjefaget inneheld: - Bølgjesurfing - Segling med små og store båtar - Vannski/ wakeboard - Kajakk/ Våttkort/ - Kajakkekspedisjon - Sjøliv/ båtturar - Hausttur til ein av toppane i Sunnmørsalpane - Fisketur med fiskeskøyte - Fridykking/ Bassengtrening - Solodøgn - Klippehopp/stuping - Møte med det ukjende - Multi 10-kamp - Ski/brett (pudderjakt i Sunnmørsalpane) - Toppturar i Sunnmørsalpane (ski/snowboard) - Hjørundfjorden rundt - Båttur med topptur. - Snøholetur - Elvebuldring - Høve til å ta dykkarlappen - Sjødykk for dei som har tatt dykkarlappen på hausten, eller har den frå før På vannski rett utanfor Ulsteinvik Alle elevar reiser på valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/Zanzibar i november. SJØ.SNØ.SURF Som_elev_p linja_sj og_sn vil_du_ trenge_dette.doc ) berre på heimesida SUFH ligg nær vatn. Anten du er ute etter fossande elvar, brølande hav eller vatn i laus fin pudderform, finn du det her. Vi leikar i, over og under vatn med surfing, segling, kajakk eller dykking. Når snøen kjem, vil vi utfalde oss både i preparerte skibakkar og i laussnøen langt frå skitrekk og varmestove. Ingenting er som å trakke opp ei nysnødd fjellside, ta på seg tørre kle og legge inn på ei skive med brunost og litt sjokolade. Og så kjem høgdepunktet; ei urørt fjellside utan eit spor, før du kjem ned med laussnøen rundt øyrene. Snødelen blir i hovudsak saman med Multisport. Vi har mykje vêr på Sunnmøre. Og det er vi glad for. Det skiftande vêret og det spesielle lyset gir oss unike opplevingar i variert natur. Vi forsøker å drive eit aktivt og enkelt friluftsliv på SjøSnøSurf, og uansett vêr blir det ein god del netter ute i det fri slik at du får oppleve Sunnmørsnaturen frå alle sider! Du treng ein del utstyr for året. Vi har laga ei liste som dekker det meste. Bruk imidlertid sunn fornuft, og kjøp ikkje det dyraste utstyret. Om du lurer på noko, kan du sende mail til jer@sufh.no. Då vil Jan-Einar, lærar på linja svare så godt han kan. side 17 : - Du vil lære å surfe og segle og får god vannkjensle - Du får høve til å ta båtførarprøven (som alle må ha) - Du har lært å ferdast trygt på sjøen - Du blir betre på ski eller brett - Du har klive opp på fleire Sunnmørsfjell på snø, og køyrt ned igjen - Du har lært om tryggleik og ferdsel i fjellet - Du har lært mykje om å vere ute i all slags vér - Du blir glad i å være ute i all slags vér - Du veit at du tør Jan-Einar Roos, utdanna adjunkt med vekt på kristendom og friluftsliv. 15 års erfaring frå sjø og fjell på Sunnmøre.

"Av alle uviktige ting i verden er fotball den viktigste." - Pave Johannes Paul II Linjefaget inneheld: - Fotball - Golf - Volleyball/beachvolleyball - Ski, telemark, alpint, snowboard - Squash/badminton - Basketball/handball - Bølgjesurfing på Stadt - Klatring inne og ute - Stup/svømming - Topptur haust og vår - Treningsstudio med eigentrening - Grunntrening - Multi 10-kamp - Go-kart - Frisbeegolf - Bowling - Taekwondo-Mudo - Paintball og teambuilding - Leirdueskyting - Paragliding; teori og testdag Osnessanden ligg berre ein kort sykkeltur unna skulen. Alle elevar reiser på valfrie utenlandsturar til Cuba, Sør-Afrika, Tanzania eller Europa i november. IDRETT.BALLSPEL Ei avgjerande scoring i fotballturneringa, det perfekte balltreffet på golfbana eller ein knallhard blokk rett i bakken i volleyball. Ein deilig kjensle av glede! Den gode kjensla når skia eller brettet set spor etter seg i pudderet i skibakken og hyttekos med taco på bordet etterpå. Smerten når ein paintballkule treff deg i ryggen. Ei blanding av frykt, glede og spenning når paraglideren får luft og du flyg åleine eit lite stykke! Opplev skuffelsen av å tape eller gleda ved å vinne. Gjennom året vil du føle og oppleve mykje, og det beste er at du får dele dette i ei klasse med idrettsungdom frå heile Norge! For meir info, bilete og filmar om kva du vil få oppleve: sjå innom oss på heimesida, youtube eller facebooksida vår. - Få prøve nye idrettar og aktiviteter - Kome i form ved deltaking i timar og fritidsøkter - Få grunnleggande kunnskap om ulike idrettsgreiner - Ta kurset vegen til golf - Ta brattkort i klatring side 19 Per Bernt Aske, utdanna adjunkt med vidareutdanning innan idrettsfag. Hilde Maria Nicolaisen. Har 4-års utdanning frå Norges Idrettshøgskule

Halvårskurs Valgfag og fritid INTERNASJONAL LINJE DETTE ER DITT ÅR! Halvtårskurset vil ha base på Sunnmøre folkehøgskule (SUFH). Vi vil jobbe med eit lokalt utgangspunkt og eit globalt perspektiv. Kurset er lagt opp som ei god blanding av praktiske erfaringar, foredrag og refleksjon i grupper. Eit folkehøgskuleår er meir enn berre linjefaget du vel. Vi har fellesfag der vi tek opp verdiane vi er opptekne av å formidle. Vi har eit stort musikalprosjekt som alle deltek på. Vi har over 20 valfag du kan velge mellom og ikkje minst flotte fasiliteter å utnytte på fritida di! Her er nokre tema vi vil jobbe med: - kultur- og religionsforståing - dialog og konfliktløysning - møte med norsk kultur og natur - globalisering og internasjonal politikk - utvikling og bistand - kampanjearbeid - teambuilding og gruppedynamikk - samfunnsansvar i næringslivet - menneskerettar - miljø og klimautfordringar - praksisplass hjå partnerar (Norges KFUK-KFUM og Kirkens Nødhjelp) og lokale aktørar på Sunnmøre - fellesskapsopplevingar i sunnmørsnatur Korleis jobbar vi? Vi jobbar med tema mellom anna gjennom gruppeoppgåver, foredrag frå fagpersonar, besøk hjå institusjonar og praksisplass. Opplegget er utarbeida i samarbeid med SUFH sine partnerar, Norges KFUK-KFUM og Kirkens Nødhjelp og deira internasjonale søsterorganisasjonar. Mykje av den erfaringsbaserte læringa vil skje i samarbeid med dei. På linja vil vi ha med oss ca 15 internasjonale elevar. Ein viktig ledd i kulturforståing og utveksling skjer difor internt i gruppa. Første del av opplegget vil vere på Sunnmøre folkehøgskule. Ein vil då få input i nokre av tema som er nemnde ovanfor. I tillegg vil ein denne perioden få innføring i informasjonsarbeid. Neste bolk er praksisbasert. Ein vert delt i grupper og vitjar einingar av KFUK-KFUM, kyrkjer, skular, ungdomsklubbar. Denne erfaringsbaserte delen vert fulgt av ei oppsummeringsrunde med praksisrefleksjon og evaluering. Siste del vil sette fokus på utvikling, rettferd og kulturforståing gjennom møte med ulike fagpersonar og besøk hjå institusjonar. Heile vegen vil vi jobbe med gruppedynamikk internt i gruppa og sosialpedagogisk saman med dei andre elevane på huset. Dette vil mellom anna skje gjennom turar og opplegg i lokalområdet. Vi legg opp til dagsturar til; Geiranger, Ålesund, Runde og topptur til ein av Sunnmørsalpane for dei som ønsker det. Tre dagar i februar reiser vi til Fjellsetra i Sunnmørsalpane og har skidagar både for vidare-komande og for dei som aldri har hatt ski på beina før. Musikal Valgfag Stort prosjekt der alle deltek på scene, band, kulisser, sminke, lyd, lys++ Tidlegare har musikalversjonen av m.a Løvenes konge, Annie, High School Musikal, Jungelboken, Fame og Grease vore vist fram for eit publikum på ca. 2000 i Ulsteinvik! Fritid Valgfag er halvårsfag der du vel nokre fag på hausten og velger igjen over nyttår. Du kan velge å supplere linjefaget ditt eller velge fag som utfordrar deg på nye områder. Frillufssliv/segling, Golf, Fotball, Vokalgruppe/kor, band/ samspel, primitiv mat, gitar, knivlaging, turn, volleyball, hiphop, diakoni, hybelmat, sykkel, maling, klatring m.m. - Topp moderne treningssenter ligg på tunet vårt (inkludert i skulepengane) - Beachvolleybaner, kunstgrasbaner til fotball, klatrehall, gymsal, turnhall - Tilgang på alt vi har på skulen av musikkutstyr for jamming - Spinning, biljard, bordtennis, squash, brettspel, - Bølgjesurfing i Hoddevika på Stadt eller Strandafjellet skisenter innan kort reiseveg side 21 - Du får forståing for vår rolle som verdsborgarar - Du får engasjement for forandring - Du vil kunne gi handlingsalternativ i kampen for ei rettferdig verd Vi skal få utrulege ting til å skje! - Du får praksis i informasjonsarbeid knytt til fattigdom og rettferd

SUNNMØRSALPANE RUNDE GEIRANGER CUBA TANZANIA/ZANZIBAR SØR-AFRIKA BACKPACKER/EUROPA Alle elevane reiser på valfri skuletur til Cuba, Sør-Afrika, Europa eller Tanzania/Zanzibar i november. Fellesturar På SUFH set vi fellesopplevingar høgt i verdi. Dette viser i undervisninga og turane våre. Vi har valfrie utanlandsturer på tvers av linjene, og fleire kortare fellesturar rundt om på Sunnmøre. Her er ein kort presentasjon av nokre av dei; Opningstur Vi reiser ei veke på til den idylliske leirstaden Orreneset. Denne ligg ved eit lite vatn og elevane bur tett og sosialt i små hytter. Vi blir betre kjent gjennom aktiviteter som; lesestund, sjøslag, volleyball, samarbeidsløype og sosiale kveldar med ulikt program. Skiveke Å setje sin eigen signatur ned ei fjellside i Sunnmørsalpane burde alle få oppleve! I skiveka reiser vi til Fjellsetra skisenter. Dette er ei anlegg med opp og nedfarter som passer både nybyrjaren og ned erfarne skientusiasten! Gjennom køyring, øving og litt instruksjon kan vi få det endå kjekkare på telemark, alpint og brett. Området er og svært flott tilrettelagt for langrenn med flotte løyper. Avslutningsturar Turistattraksjonen Runde ligg berre drøye 30 minutt frå skulen. I det berømte fuglefjellet kan du sitte stille og oppleve eit ein heil koloni av Lundefugl lander rundt deg. Over deg sirklar det havørner og under deg slår storhavet inn mot klippene. Magisk! Med buss og båt reiser vi til UNESCO sitt verdsarvområde i Geiranger der vi besøker fjellgarden Skageflå. Kjent frå serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»! Møte med framande kulturar er ein naturleg del av det å vekse opp i eit moderne samfunn. Sunnmøre folkehøgskule er ein del av dei verdsvide organisasjonane YWCA og YMCA. Utenlandsreiser I samarbeid med partnarane våre arrangerer vi turar der vi legg til rette for at du skal få lære og oppleve ting du ikkje får gjennom ein vanleg chartertur eller når du reiser på eiga hand. Målet for turane våre er å lære meir om eit anna land og ein annankultur, få reiseerfaring og spennande og minneverdige opplevingar i lag med medelevar og dei vi møter. Cuba Heftige rytmer, tropisk klima, krittkvite strender og hjertevarme. Ei reise tilbake i tid der tida går sakte og amerikanske bilar frå 50 og 60-talet framleis dominerer i trafikken saman med hestedrosjer og syklar. Cuba er ei karibisk perle, eit annleis land med ei spesiell historie. Bli med og opplev musikken, historia, rytmen og dansen slik berre cubanarane gjer det. Havanna, Trindid, Cienfuegos og Vinales står på programmet og du vil få oppleve m.a. salsakurs med eigen cubansk instruktør, bading med delfiner og katamarantur i det karibiske hav, storbyar med marknader og storslått arkitektur. Cuba er gjennomsyra av dans og musikk og dette vil vere hovedfokus på turen, og gjennom møter med folk lærer vi meir om deira kvardag, historie og utfordringar. Cuba er eit land det er verdt å besøke for det vil nok ikkje gå mange år før det karakteristiske cubanske samfunnet ser annleis ut. Sør-Afrika, Cape Town Reis til den spennande byen Cape Town, som er ein smeltedigel både når det gjeld folkeliv og musikk. I 1994 vart apartheid oppheva i Sør-Afrika, men det er framleis store sosiale skilnader. Området rundt Cape Town har også fantastisk natur og folk er svært imøtekomande og sjenerøse, sjølv om dei har lite. Vi vil m.a. overnatte i vertsfamiliar, besøke Robben Island, Table Mountain og Kapp det gode håp. Du vil også kunne få med deg aktivitetar som t.d. verdas høgste strikkhopp, safari, dykking, rappellering frå Table Mountain, tur og gudstenester i township ane. Elevar på linja Golf.Idrett.Sør-Afrika vil vere med på denne turen og ha eige opplegg delar av turen med fokus på golf. Dei vil få med seg dei fleste av fellesopplegga og her vil det vere ein god del valfridom korleis ein prioriterer. Tanzania/Zanzibar Opplev afrikansk kultur, natur og folkeliv på nært hald. Gjennom lokale partnarar får vi sjå ulike sider av Tanzania, også sider som ein vanlegvis ikkje opplever som turist. Vi besøker lokale familier, kyrkje, ein barneheim og andre prosjekt som jobbar med bekjemping av fattigdom. Vi startar i Dar es Salaam og reiser derifrå innover i landet til ein typisk tanzaniansk småby. Deretter går turen til ein av dei flotte nasjonalparkane i Tanzania. Her er det gode sjansar for å sjå både løver, elefantar og sjiraffar i fleng i sitt rette element. Turen vert runda av på krydderøya Zanzibar, med nokon av dei vakraste strendene i verda. Karibuni (velkommen til) Tanzania! Europa Backpacker. Paris-Istanbul Ei reise frå vest til aust. Frå Paris og Champs- Élysées til Istanbul og Bosporos-stredet. Undervegs ser vi Frankrike frå togvindauget, rastar i Milano før vi vandrar i Venezias gater. For den romantiske lokkar Trevi-fontenen og is i Roma. Etter ein båttur over middelhavet, har vi eit spennande møte med vår YMCA-partner i Makedonia. Til slutt triller vi inn i Istanbul, etter å ha vore ei natt i Bulgarias hovudstad Sofia. Ei reise med uendelege inntrykk av lyd, bilete, mat, lukt og mennesker. Denne turen er inkl. i skulepengane. For alle turane Kvar gruppetur har si minimums- og maksimumsgrense når det gjeld antal elevar. side 23 1 2 3 1. Lars Erling B. Hovlid Leiar for kurs og arrangement 2. Bodil Muren Voldsund Kontorfullmektig 3. Kathrine H. Sætrenes Husvert Norges KFUK-KFUM eig og driv skulen. KFUK-KFUM kurs-senter, som er det nasjonale kurssenteret til organisasjonen, ligg på SUFH. Også krinskontoret for Noregs KFUK-KFUM i Møre og Romsdal, ligg på folkehøgskulen. Opptak frå 1.februar 2013. For søknad og utfyllande informasjon sjå: www.sufh.no

Søk no på www.sufh.no Layout og utarbeiding: www.osberget.no Sunnmøre folkehøgskule 6065 Ulsteinvik Tlf 7000 9600 Faks 7000 9601 post@sufh.no