Møteprotokoll Nasjonalparkstyret for Reinheimen Utvalg: Møtested: Billingen seterpensjonat Dato: 27.06.2016 Tidspunkt: 11:00 16:00 Følgende faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer Per Magnus Berdal LEIAR Bjarne Eiolf Holø NESTLEIAR Marit Nauste Elias Sperstad Svein Blankenborg Magnhild Vik Aud Hove Kari Ramen Mariann Skotte Merknader Per Magnus Berdal ønskja velkommen til møtet. Marianne Stensgård ønskja velkommen til Billingen seterpensjonat og orienterte om verksemda og historikken i området. Per Olav Haugen orienterte om oppsynet sitt arbeid så langt i år, og litt om tidligare prosjektet på Billingen, «Målstyret forvaltning» 2009-2012. Kristine Sørlie informerte om vidareutvikling av Billingen som innfallsport til nasjonalparken, og aktuelle tiltak i 2016. Heile styret gjekk diktarstigen før lunsj. Olav Nor-Varhaug, Miljødirektoratet, orienterte om prosessen med lokalisering av ekstra forvaltar for Reinheimen. Det vart opna for synspunkt frå styremedlemmane. Olav Nor-Varhaug og Marte Eliasson frå Miljødirektoratet reiste etter si orientering, og før styremøte og behandling av styresaker. Aud Hove reiste etter behandling av sak ST 26/16 Fra administrasjonen møtte: Navn Stilling Kristine Sørlie Nasjonalparkforvaltar Per Olav Haugen SNO Olav Nor-Varhaug Miljødirektoratet, seksjonsleder Marte Eliassen Miljødirektoratet, jurist Underskrift: Vi bekrefter med underskriftene våre at det som er ført på de sidene vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som ble vedtatt på møtet. Per Magnus Berdal Elias Sperstad Sign. Sign.
Saksliste Utvalgssaksnr ST 19/16 Innhold Lukket Arkivsaksnr Godkjenning av protokoll og innkalling - Val av ein representant til å skrive under protokoll saman med styreleiar ST 20/16 Referatsak Ber om innspill - Sykling og organisert ridning i nasjonalparker og landskapsvernområder Melding om vedtak - Romsdalen landskapsvernområde - Utvidelse av massedeponi ved Styggfonngrova gnr. 71/1 - Jan Magnus Fladmark Referatsaker 2016/33 2015/710 DS 49/16 Trollstigen LVO - Dispensasjon - Motorferdsel - 2016 - Lavtflyging og landing med helikopter på Gråfonnfjell - Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) DS 50/16 Reinheimen NP - Dispensasjon - Motorferdsel - 2016-2020 - snøscootertransport av ved og bensin til naust ved Leirungsvatnet og Torsvatnet - Skjåk jeger og fiskeforeining DS 51/16 Ottadalen LVO - Reinheimen NP - Dispensasjon - Motorferdsel - 2016 - bruk av snøscooter for transport av båt til Utletjønn - Kjell Arne Jøingsli DS 52/16 Reinheimen NP - Dispensasjon - Motorferdsel - 2017 - Bruk av snøskuter for transport av materialer og utstyr i forbindelse med vedlikehold av hytte - Reidar Bjørstad DS 53/16 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Motorferdsel - 2016 - Bruk av bil og motorbåt for transport av utstyr og proviant til Troldstølen - Inger Johanne Monge DS 54/16 DS 55/16 Romsdalen landskapsvernområde - Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - 2016 - Plassering av garnkasse ved Dørvatnet - Lars Storlien Reinheimen nasjonalpark - Tafjorden-Reindalen LVO - Romsdalen LVO - Dispensasjon - Motorferdsel - 2016-2019 - helikoptertransport til Reindalsseter, Pyttbua og Vakkerstølen, og køyring med bil over Tunga og båt på Ulvådalesvatnet - DNT-ÅST 2016/2582 2016/2651 2016/2781 2015/1906 2016/2535 2016/2329 2016/2817
ST 21/16 ST 22/16 Delegerte saker Romsdalen landskapsvernområde - Dispensasjon - 2016 - Sikkerhetstiltak på E 136 - Monge - Skiri - Statens vegvesen Region midt ST 23/16 Romsdalen LVO - Dispensasjon - 2015-2016 - Etablering av jordkabel mellom Verma kraftverk og Grytten trafostasjon - Rauma Energi AS ST 24/16 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - 2016 - Innsamling arkeologiske funn Krynkelen - Universitetet i Bergen ST 25/16 Tafjorden - Reindalen landskapsvernområde - Dispensasjon - Utbedring av bygg - Reindalsetra i Tafjord - Jan Erik Dale 2016/2894 2015/5832 2015/8091 2016/908 ST 26/16 Finndalen lvo - Dispensasjon - 2016 - Flytting av gammel løe - Vangen 159/1/73 - Arve Bakken 2016/726 ST 27/16 Finndalen landskapsvernområde - Dispensasjon - 2016 - Inngjerding og utviding av seterkve på Breistulen, 159/1/42 - Evy og Hallgeir Vang 2016/522 ST 28/16 Reinheimen NP - Finndalen LVO - Dispensasjon - 2016 - Gjerde rundt seterhus på Oppigard Bøje gnr. 159/1/48 på Breistulen - Amund Bakken 2016/4188 ST 29/16 Eventuelt ST 19/16 Godkjenning av protokoll og innkalling - Val av ein representant til å skrive under protokoll saman med styreleiar Ingen merknader til innkalling. Elias Sperstad vart vald til å skrive under protokoll saman med styreleiar.
Referatsak Ber om innspill - Sykling og organisert ridning i nasjonalparker og landskapsvernområder Melding om vedtak - Romsdalen landskapsvernområde - Utvidelse av massedeponi ved Styggfonngrova gnr. 71/1 - Jan Magnus Fladmark ST 20/16 Referatsaker Referatsakane vert teke til etterretning.
DS 49/16 Trollstigen LVO - Dispensasjon - Motorferdsel - 2016 - Lavtflyging og landing med helikopter på Gråfonnfjell - Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) 2016/2582 DS 50/16 Reinheimen NP - Dispensasjon - Motorferdsel - 2016-2020 - snøscootertransport av ved og bensin til naust ved Leirungsvatnet og Torsvatnet - Skjåk jeger og fiskeforeining 2016/2651 DS 51/16 Ottadalen LVO - Reinheimen NP - Dispensasjon - Motorferdsel - 2016 - bruk av snøscooter for transport av båt til Utletjønn - Kjell Arne Jøingsli 2016/2781 DS 52/16 Reinheimen NP - Dispensasjon - Motorferdsel - 2017 - Bruk av snøskuter for transport av materialer og utstyr i forbindelse med vedlikehold av hytte - Reidar Bjørstad 2015/1906 DS 53/16 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Motorferdsel - 2016 - Bruk av bil og motorbåt for transport av utstyr og proviant til Troldstølen - Inger Johanne Monge 2016/2535 DS 54/16 Romsdalen landskapsvernområde - Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - 2016 - Plassering av garnkasse ved Dørvatnet - Lars Storlien 2016/2329 DS 55/16 Reinheimen nasjonalpark - Tafjorden-Reindalen LVO - Romsdalen LVO - Dispensasjon - Motorferdsel - 2016-2019 - helikoptertransport til Reindalsseter, Pyttbua og Vakkerstølen, og køyring med bil over Tunga og båt på Ulvådalesvatnet - DNT-ÅST 2016/2817 ST 21/16 Delegerte saker Delegerte saker vert teke til etterretning.
ST 22/16 Romsdalen landskapsvernområde - Dispensasjon - 2016 - Sikkerhetstiltak på E 136 - Monge - Skiri - Statens vegvesen Region midt 2016/2894 Samrøystes om innstillinga. Med heimel i verneforskrift for Romsdalen landskapsvernområde 3 pkt. 1.3, m), får Statens vegvesen, region midt, dispensasjon til nødvendige trafikksikkerheitstiltak på eksisterande vegbane, E 136 Skiri Monge, som skissert i søknaden. Vegbana skal utvidast med 1,5 meter, og sideterrenget skal utbetrast og sikrast der det er nødvendig. Fjerning av fjell og stein og sikring av sideterreng skal utførast på dei punkta som skissert i søknaden. Overskotsmasse som ikkje vert nytta mellom anna for oppfylling mot jernbanen (strekning 23140-23280), skal ikkje deponerast eller mellomlagrast i landskapsvernområdet. Terrenginngrepet langs vegbana skal gjennomførast slik at det ikkje vert skjemmande i landskapet. Ved tilpynting av vegskjeringa og grøftekant skal det nyttast stadeigen masse, og ikkje såast til med framande artar. Trafikksikringstiltak E 136 Skiri - Mogne er viktig av omsynet til samfunnsinteresser og tryggleik i trafikken, og vil ikkje føre til nemneverdig ulempe for verneverdiane i landskapsvernområdet. ST 23/16 Romsdalen LVO - Dispensasjon - 2015-2016 - Etablering av jordkabel mellom Verma kraftverk og Grytten trafostasjon - Rauma Energi AS 2015/5832 Marit Nauste vart som styremedlem i Rauma Energi AS, erklært som inhabil, og var ikkje til stade under behandling av saka. Utan Marit Nauste tilstade, vart innstillinga frå forvaltar samrøystes vedteke. Med heimel i verneforskrift for Romsdalen lvo, 3, pkt. 1.3, p), får Rauma Energi AS dispensasjon til etablering av jordkabel i Romsdalen landskapsvernområde, frå Foss bru til Skiri, slik som skissert på vedlagde kart. Jordkabelen på 22 kv skal erstatte ein av dagens luftline i Romsdalen. Tiltaket skal ikkje føre til at anlegga vert meir eksponerte i landskapet. Det skal ikkje deponerast eller mellomlagrast overskotsmasse i landskapsvernområdet i samband med nedgraving av jordkabel. Det skal ikkje gravast eller køyrast med tungt utstyr over areal som er registrert i naturbasen som viktig og svært viktige område.
Gravearbeid i Romsdalen landskapsvernområde må utførast på ein skånsam måte, og traseen må pyntast til etter nedgraving av jordkabel. I prinsippet skal det ved tilpynting ikkje såast med framande artar, men nyttast stadeigen masse. Ved slåttemarka på Gravdehaug 71/1 (A-område, svært viktige område) skal ein unngå å køyre med tungt i kanten ved graving under jernbana. På arealet sør for slåttemarka, mellom jernbane og riksveg, skal ein ved graving fjerne jorda frå området for å unngå spreiing av Parkslirekne, som er ein framandart, og uønskt i verneområdet. Kors kyrkjegard er automatisk freda/særleg verdifullt kulturmiljø, og her skal traseen for jordkabelen følgje dagens luftline. Kongevegen er statleg listeført, men delar er i følgje kulturminnemynde truleg så gamle at dei bør reknast som automatisk freda. Vegen er synleg i fleire parti, og det skal ikkje gravast i den gamle vegen. Dersom det dukkar opp noko som kan vere automatisk freda kulturminne skal Rauma Energi AS kontakte rette mynde, jf. Kulturminnelova 8.2. Dispensasjon gjeld i høve til verneforskrifta. Tiltaket må og avklarast med grunneigarar, Rauma kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune (kulturvern). ST 24/16 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - 2016 - Innsamling arkeologiske funn Krynkelen - Universitetet i Bergen 2015/8091 Nasjonalparkstyret røysta slik over kvart punkt i innstillinga frå forvaltar: Pkt. 1. samrøystes som innstillinga Pkt. 2. 6 stemde for innstillinga og 3 stemnde mot bruk av drone. Pkr. 3. samrøystes som innstillinga, med tillegg om tur-retur etter punktum, for ei presisering. Med heimel i naturmangfaldlova 48 får Universitetet i Bergen dispensasjon frå verneforskrifta for Reinheimen nasjonalpark 3 pkt. 4.1, pkt. 7.2 og pkt. 6.1 til: 1. innsamling av arkeologiske funn på Krynkelen under feltarbeid 3 dagar hausten 2016. 2. bruk av drone (klasse RO1, under 1,5 kg) for filmopptak over funnstad på Krynkelen. 3. bruk av helikopter for transport av feltutstyr til Krynkelen, tur-retur. Dispensasjon til helikoptertransport gjeld for inntil 2 tur-returar/landingar 9. og 12.august 2016. Det skal takast spesielt omsyn til dyreliv og ferdsel under transporten, og køyringa skal skje skånsamt, og haldast på eit minimum av omsyn til natur og miljø. Tal turar skal avgrensast til det som strengt tatt er nødvendig. I forkant av transporten skal Universitetet i Bergen v/fagansvarleg varsle lokalt SNO v/ Thomas Rødstøl, mob: 915 47 617, og skaffe informasjon om dyreliv og ferdsel. Dispensasjon til bruk av drone er avgrensa til flyging over funnområdet på Krynkelen. Det skal ikkje flygast med drone nær dyr, hekkeplasser og hi-lokalitetar. Det skal haldast avstand til eventuelle turfolk som er i området. Etter avslutta feltarbeid skal det ryddast på leirplassen, og alt søppel skal takast med ut av området.
Det skal sendast ein rapport til nasjonalparkforvaltninga om helikoptertransporten og om samla omfang av bruken av droneflyginga ved avslutning av opptaksperioden. Rapporten skal sendast nasjonalparkforvaltar innan 31.desember det aktuelle året. ST 25/16 Tafjorden - Reindalen landskapsvernområde - Dispensasjon - Utbedring av bygg - Reindalsetra i Tafjord - Jan Erik Dale 2016/908 Samrøystes. Med heimel i verneforskrift for Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde 3, pkt. 1.3, c) får Jan Erik Dale dispensasjon til fasadeendring og ombygging på si hytte på Reindalsseter, gnr. 40 bnr.1. Fordelane ved tiltaket er vurdert som stor, og tiltaket vil ikkje føre til auka bruk eller få negativ innverknad på verneverdiar eller verneformål. Mønet på taket skal endrast slik at det vert ein heilskapleg takvinkel, som skissert i søknaden. Takmaterialet skal vera i torv, tre eller med matt overflate for å vera minst mogleg synleg. Vindauga kan skiftas ut, og endrast til storleik 90x90 cm. Dei skal vera todelt med sprosseinndeling. Det kan settast inn eit nytt vindauge ved inngangspartiet. Hytta skal påførast mørk brunfarge for å vera minst mogeleg synleg. Motorisert transport av byggematerialar skal avklarast nærare med nasjonalparkforvaltar, slik at transporten blir tilrettelagt utan at det oppstår unødig ulemper og uro av dyreliv og ferdsel. Transporten skal om mogleg samordnast med med DNT-ÅST sin årlege varetransport med helikopter til Reindalsseter. Før motorisert transport skal lokalt SNO varslast seinast dagen før; Thomas Rødstøl, mob: 915 47 617. ST 26/16 Finndalen lvo - Dispensasjon - 2016 - Flytting av gammel løe - Vangen 159/1/73 - Arve Bakken 2016/726 Kari Ramen stilte spørsmål om sin habilitet som styremedlem i Finndalen fjellstyre. Nasjonalparkstyret drøfta Kari Ramen sin habilitet, og fann ho habil til å vera med å behandle saka. Innstillinga frå forvaltar vart samrøystes vedtatt. Med heimel i verneforskrift for Finndalen landskapsvernoområde 3, pkt. 1.3, f) får Arve Bakken dispensasjon til å flytte den antikvariske løa på 4,2 x 4,1 m (5,7 m med utstikk frå dør), til setertunet som skissert i søknaden. Fordelane ved ei ny plassering er vurdert som stor, og ulempene for verneverdiane er nemneverdig liten. 1. Løa skal plasserast mellom utedo/uthus og fjøs som skissert i søknaden. 2. Løa skal bevarast og restaurerast etter forslag i tilstandsrapport frå bygningsrådgjevar i Gudbrandsdalsmusea 2012.
ST 27/16 Finndalen landskapsvernområde - Dispensasjon - 2016 - Inngjerding og utviding av seterkve på Breistulen, 159/1/42 - Evy og Hallgeir Vang 2016/522 Samrøystes. Med heimel i verneforskrift for Finndalen landskapsvernområde 3, pkt. 1.3, e) og h), får Evy og Hallgeir Vang dispensasjon til å gjerde inn den gamle seterkvea (8,3 daa), og nytt areal (3,9 daa) på si seter 159/1/42 på Breidstulen. Det skal brukast tradisjonelle gjerdetypar som t.d stakitt, for å få eit heilskapleg preg i landskapet. Nasjonalparkstyret for Reinheimen kan be om at gjerdet blir fjerna dersom det ikkje lenger er drift med beitedyr, eller det vert til ulempe for verneverdiane i området. ST 28/16 Reinheimen NP - Finndalen LVO - Dispensasjon - 2016 - Gjerde rundt seterhus på Oppigard Bøje gnr. 159/1/48 på Breistulen - Amund Bakken 2016/4188 Samrøystes. Med heimel i verneforskrift for Finndalen landskapsvernområde 3, pkt. 1.3, e) og h), får Amund Bakken dispensasjon til å gjerde inn og utvide den gamle attgrodde seterkvea kring seterhusa på si seter Oppigard Bøje setra (159/1/48), på Breidstulen. Det kan gjerdast inn eit areal på inntil 3 daa. Det skal brukast tradisjonelle gjerdetypar som t.d stakitt, for å få eit heilskapleg preg i landskapet. Nasjonalparkstyret for Reinheimen kan be om at gjerdet blir fjerna dersom det ikkje lenger er drift med beitedyr, eller det vert til ulempe for verneverdiane i området. Amund Bakken får og dispensasjon til å stille opp ei campingvogn til bruk i samband med oppsetting av gjerdet. Campingvogna skal plasserast slik at ho ikkje vert dominerande i landskapet. Campingvogna skal fjernast etter at arbeidet er avslutta i utgangen av oktober 2016. ST 29/16 Eventuelt
Tiltak i Reinheimen 2016, status gjennomføring v/forvaltar Nye saker til behandling 76 saker behandla i Reinheimen 1.halvår. Avklare behandling av saker i løpet av sommaren. Orientering om aktuelle saker i Finndalen etter synfaring med Finndalen fjellstyre 11.06.16 Opplegg for møte med fagleg rådgjevande utval 2016 drøfting og innspel Møteplan haust 2016 avklare opplegg og evt. samkøyring med møte i fagleg rådgjevande utval. Nye saker forvaltar avklarar kva som hastar, og om det evt er nødvendig å kalle inn til telefonmøte før neste styremøte i september. Møte med fagleg rådgjevane utval (FRU) 2016 møtet med FRU vert lagt til siste styremøte på Åndalsnes 14.november. Forvaltar utarbeidar forslag til opplegg til neste styremøte. Møteplan haust 2016: Måndag 19.september: Styremøte i Valldal, etter synfaring på Trollstigplatået og omegn, i Trollstigen lvo. Måndag 14. - tysdag 15. november: - Møte med FRU måndag 14.nov - Felles middag på Spiret, Norsk Tindesenter - Styremøte tysdag 15.nov.