Nynorskprisen for journalistar

Like dokumenter
Prisvinnar Ronny Brede Aase får nynorskprisen for journalistar for 2009 av juryleiar Gry Molvær. Nynorskprisen for journalistar

Nynorskprisen for journalistar

Prisvinnar frå Dagsavisen

KULTURDEPARTEMENTET SIN

KULTURDEPARTEMENTET SIN

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Til deg som bur i fosterheim år

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Kåffår ha Skåbu-dialekta forandra sê?

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Innkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg.

Finnøy og Rennesøy kommunar

Nominasjonsreglement for xx lokallag

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

KULTURDEPARTEMENTET SIN

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Brukarrettleiing E-post lesar

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Vel nynorsk for barnet ditt!

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

Vedtaksprotokoll styremøte

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

#Norge 2030 Eit annleis OL

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Saman om Ørstabarnehagen

Biletbruk på nettet 1 2

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

SAKLISTE. Ekstraordinært idrettskrinsting. Førde 15.desember Sogn og Fjordane Idrettskrins - 1 -

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Last ned Språkplanlegging og språkstrid - Ernst Håkon Jahr. Last ned

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

ÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

ORDBOKA OMGREP FORKLARING Omgrepet i ei setning

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Høyringssvar frå Bjørgvin biskop om ordning for vigsel og vigselsliturgi og forbønsliturgi for likekjønna og ulikekjønna par

ÅRSRAPPORT BYGDEUTVIKLINGSLAGET NYE BREMANGER 2013

Eksamen. 19. mai SSA1001 Planlegging. Programområde: Service og samferdsel. Nynorsk/Bokmål

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Frå novelle til teikneserie

EKSTRAORDINÆRT IDRETTSKRINSTING Protokoll. Ekstraordinært Idrettskrinsting

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Velkommen til. årsmøte!

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

INFOBREV 7 / 18. Presentasjon av nytilsette i toppleiargruppa På gata i Balestrand

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

Etablering og drift av kraftselskap

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

INTERNASJONAL STRATEGI

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Transkript:

Nynorskprisen for journalistar Årsrapport 2010

Nyfiken og intellektuell prisvinnar - Astrid Brekken har i ein kvinnealder vore markant til stades i norsk samfunnsdebatt, på mange arenaer, og heile tida hatt eit særs medvite forhold til nynorsk. Ho er ein nyfiken og intellektuell journalist, som er oppteken av korleis vi lever liva våre i både bygd og by, lokalt og internasjonalt. Det finst knapt det emne ho ikkje har laga godt journalistikk av, sa jurymedlem Olaug Nilssen, då ho overrekte Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar til NRK-journalist Astrid Brekken. Denne nynorskprisen vart delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 25. juni, der programposten Medietimen er den årlege råma kring prisutdelinga. Prisen er på 50.000 kroner og i år var det eit relieff i aluminium som var kunstverket som fylgde med. Relieffet var laga av biletkunstnar og skulptør Geir Hjetland i Balestrand. - Det er ei stor glede for meg å stå her, sa prisvinnar Astrid Brekken. I takketalen sin heldt ho fram landsgymnaset på Vinstra, og takka dei for at ho valde å halde seg til landsmål og aldri forlate det. Også arbeidsgjevaren NRK fekk ros for å vere raus med nynorskbrukarane. I NRK har det aldri vore god tone å tyne nynorskbrukaren, det har på mange måtar vore ein oase, sa Brekken. Astrid Brekken tenkte høgt om framtida for nynorsken i NRK i talen sin. Ho meiner at det framleis bør vere normalisert bokmål og nynorsk i nyhendesendingar. Dialektbruk i andre typar sendingar er ok, men då bør dei ha sin eigen ver varsam plakat når det gjeld språk. Altså ta vekk det som er vanskeleg for folk flest å skjøne. Ho meinte det er herleg at vi her i landet er stolte over dialektane våre, og at det er aksept for å bruke dei

i mange samanhengar. Nynorsken treng styrkast, sa ho, og gav honnør til opprettinga av NRK Nynorsk mediesenter i den samanhengen. Finst det nynorsk humor? Det var det store spørsmålet under debatten i Medietimen, som vart arrangert i samband med prisutdelinga. - Det fins ingen eigen nynorsk humor, kvalitet går heim overalt. Det meinte komikar og tekstforfattar Fredrik Steen. Han meiner det er det same om du snakkar nynorsk eller bokmål dersom du er ein god historieforteljar, men det er viktig å arbeide for å skape dei gode referansane. Frå venstre: Fredrik Steen, Halvor Folgerø, Agnes Ravatn, Ragnar Hovland og Hilde Sandvik (Foto: Wenche Eikum/NRK) Debatten under Dei nynorske festspela hadde meir preg av samtale enn debatt. Samfunnsredaktør Hilde Sandvik i Bergens Tidende var ordstyrar. Saman med Fredrik Steen i panelet, sat journalist Halvor Folgerø, journalist og forfattar Agnes Ravatn og forfattar Ragnar Hovland. Deltakarane i panelet reflekterte kring temaet nynorsk humor og kor vidt den finst. Noko eintydig svar fekk vi ikkje. Halvor Folgerø trur ikkje det finst lettbeint nynorsk humor, men lettbeint journalistikk finn ein over alt. Fredrik Steen, kanskje meir kjende som figuren Hildegunn Moltubakk, funderte over årsakene til at figuren var meir levande då han budde i Oslo. Han har ikkje jobba særleg med den sidan han flytta til Ulsteinvik. Kanskje er det fordi du aldri kjenner så nært på heimstaden din som når du er vekke? Finst det bokmålshumor? spurde Ragnar Hovland. Kva skulle i so fall det vere? Det vert ofte snakka om regionale skilnadar i humoren, som den saftige nordnorske, den ironiske vestlendingen og den nesten usynlege sørlendingen. Han meiner dette er myter, og at det handlar meir om kvalitative skilnadar.

Agnes Ravatn trudde på si side at det finst ein nynorsk humor, kanskje litt nærsynt, men det har ei naturleg forklaring. Nynorsklesande og skrivande søkjer ofte mot kvarandre, sa ho. Folgerø framheva at alle som brukar nynorsk bør bruke nynorsk i alle samanhengar, og at dei som har talarstolar i samfunnet slepp til nynorsken. Val av prisvinnar Juryen hadde to korte telefonmøte for å planlegge Medietimen 25. juni, og endeleg avgjerd om prisvinnar vart teke på eit møte i Førde 14. mai. Det kom inn 26 framlegg på 21 namn til Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2010. Juryen vurderte fire kandidatar i finalen. Valet av Astrid Brekken var samrøystes: Astrid Brekken har i ein kvinnealder vore markant til stades i norsk samfunnsdebatt på mange arenaer, og har heile tida hatt eit svært medvite forhold til nynorsk. I dag er Brekken journalist i NRK P2-programmet På livet laus, og sidan 1971 har ho leia ei rekkje radioprogram i NRK. I periodar har ho også vore leiar for ulike redaksjonar. Astrid Brekken er fødd i Lesja i 1943. Ho har ein cand. mag. frå Universitetet i Oslo i engelsk, fransk og folkeminnevitskap, og hovudfag i sosiologi ved New York University (1963-71), og har seinare studert spansk og litteratur same stad (1995-96). Ho har sidan 1976 drive heimegarden i Lesja, det meste av tida med sau, attåt jobben i NRK. Brekken var blant dei som skapte bladet Sirene i 1973, eit feministisk alternativ til vekeblada. Ho var redaktør i Syn og Segn frå 1980-1983 (fyrste kvinnelege redaktør saman med Sigrid Straand). Brekken har sete i Norsk språkråd, Alternativ Framtid, vore nestleiar i Norsk Kvinnesaksforeining og styremedlem i Forum for Systemdebatt. Brekken har også gjeve ut fleire sakprosabøker. Ho er ein nyfiken og intellektuell journalist, oppteken av korleis vi lever liva våre i både bygd og by, lokalt og internasjonalt. Brekken var sentral i samfunnsmagasinet Sånn er livet heilt frå starten i 1984. Det finst knapt det emne Brekken ikkje har teke føre seg og laga god journalistikk av. I dei seinare åra har Brekken konsentrert seg mest om intervju som går i djupna, om menneskeleg åtferd og gjeremål. Ho er svært oppteken av at programma skal bringe både lyttarane og henne vidare, dei skal vere ein annan stad etter radioprogrammet. Naturleg nok var det ho som tok i bruk mottoet for På livet laus: For deg som vil vidare. Brekken snakkar flytande fransk og engelsk, og kan difor gå i djupna med til dømes filosofar, samfunnsvitarar og forfattarar som vi sjeldan høyrer i norsk media. Ho gjer lyttarane sitt liv rikare gjennom undring, tanke og kunnskap. Astrid Brekken er eit naturleg førebilete for yngre kollegaer. Ho nyt stor respekt i NRK, utan å framheve eigen kunnskap og dugleik. Men ho har heile tida nytta ein nynorsk med Brekken-signatur: sobert, og med eit svært medvite forhold til tillatne sideformer som høver til dialekten hennar frå Lesja. Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar går i 2010 til NRK-journalist Astrid Brekken. Ny frist 1. mars Juryen har bestemt at fristen for å sende inn framlegg til prisvinnarar skal vere 1. mars frå neste år, to månader tidlegare enn no. Prisen må då lysast ut i februar.

Bakgrunnen er eit ynskje om betre tid til å undersøkje bakgrunnen til innkomne namn, som ikkje alltid er like godt grunngjevne, og om mogeleg få inn fleire framlegg. Prisvinnaren vert offentleggjort når juryen har bestemt seg, og det brukar å vere ein del merksemd kring tildelinga, særleg i nettaviser. I år var det oppslag om både prisvinnar og debatt i lokalavisene i Ørsta/Volda. Oppstuss om nynorskprisen Dagens Næringsliv hadde 7. oktober eit oppslag om nynorskprisen, med overskrifta To av ti kroner til prisvinner. Dei peika på at prisen var på 50.000 kroner og eit kunstverk, medan det var sett av 275.000 kroner til prisen i statsbudsjettet. - Det vil alltid være knyttet administrasjonskostnader til en slik pris. Den kostnaden vil variere, sa statssekretær Lubna Jeffery Fjell i Kulturdepartementet til avisa. I dette tilfellet brukes den til å dekke juryarbeidet, reise og opphold. Departementet mener at denne prisen har et svært viktig formål, nemlig å fremme bruk av nynorsk i mediene og å ære journalister som er forbilder for andre, sa Fjeld. Juryleiar Gry Molvær sa at juryen ikkje er råflott, men at det nødvendigvis kjem ein del kostnader i tillegg. Utlysinga av prisen i avisene kostar vel 50.000 kroner, det same brukar ein på arrangementet kring prisutdelinga, til reiser, honorar og leige av lokale. Førearbeid og sekretariat kostar og rundt 45.000 kroner. Men kvart år har det vorte betalt attende mellom 20.000 30.000 kroner til departementet. I år vert det betalt attende vel 20.000 kroner. Førde 11. 11. 2010 Magni Øvrebotten