Søknad om midlar til skilting og merking av stigar. Bakgrunn. Kultur og idrett. v/idrettssjef Britt Karen Spjeld. postboks 7900.

Like dokumenter
Søknadsskjema for Bolyst. Søknadsfrist: 3. mai a) Forprosjekt b) Hovedprosjekt X c) Videreføring av eksisterende prosjekt X

Slutt rapport BOLYST

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Tilskot til friluftsliv

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Tilskuddsordninger for friluftsliv: - Turskiltprosjektet. -Tilskudd til friluftsaktivitet (kap post 78)

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Prosjektplan Oppgradering av stisystemet i Brandsøyåsen Utkast pr. 29 oktober 2013.

Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge

2 av 7 næringsområdet på Gaupholm. Det vert heller ikkje gått vidare med andre alternative plasseringar, men kommunen vil arbeida tett mot vegvesenet

Regionale føringar og utfordringar knytt til idrett og fysisk aktivitet Britt Karen Spjeld.

Idrett og fysisk aktivitet

Idrett og fysisk aktivitet. Rullering av handlingsplanen 2016

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

FASE II: TILTAK INNAN MERKING OG GRADERING AV TURSTIAR FOR VANDRING, SYKKEL, SKI OG PADLING

Friluftslivets år 2015

Turstiar i Kvinnherad

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Forslag til planprogram Kommunedelplan for anlegg hus og område for idrett, fysisk aktivitet og kultur

RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV. Handlingsprogram Revidert Saksnr.

TILSKOT TIL KULTURMINNEÅRET 2009

Til veljarane i Tysnes

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Tilskot til kulturminne i Hordaland 2017

Bygdeutviklings programmet Korleis skape utvikling i eit verna område

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

Program OSTERØY HØGRE

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

SLUTTRAPPORT REHABILITERINGSPROSJEKT 2009/03/0240 AKTIVITETSHAGE FOR DEMENTE OG ANDRE SØKJAR ORGANISASJON: NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN

Tilskot til regionale prosjekt knytt til folkehelse/ sykkelvanar for barn og ungdom

SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKTET: «UNIVERSIELT UTFORMA BADEPLASS VED ØYRAVATNET» EXTRASTIFTELSEN HELSE OG REHABILITERING

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Avtale om bruk av utmark i Vinje kommune

Rullering av kommunetemaplan for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv, kulturbygg og kulturminne for 2015

[kommunenavn] for [planperiode]

Korleis utviklar Hordaland fylkeskommune idrett og friluftsliv?

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Eit prosjekt utført av:- Nasjonalforeininga for folkehelsa Hosanger Helselag

MØTEINNKALLING. Råd for likestilling av funksjonshemma - arbeidsnemnda Møtestad: Hjørundfjord Dato: Tid: 14:30

Mitt SULA. Rune Liavåg Molde Multietnisk turmiljø i Sula

Kvam herad. Arkiv: N-245 Objekt:

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

INNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimesida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Lars Gotaas. Hedmark fylkeskommune. Fagdag tur- og friluftsruter

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Idrettscruise Spelemidlar. Bjørg Larsen, Hordaland fylkeskommune

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid: og frå kl

Bevaringsprogram for utvalgte arkeologiske kulturminne (BARK) - Prioritering av søknader til Riksantikvaren 2016

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

HARAM KOMMUNE Sakspapir

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

Skifjorden på langs- eit streif av ro. Tre begivenheitsrike år under bygdeutviklingsprogrammet er omme. Korleis gjekk det?

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid: 13.00

Anleggsutvikling i Hordaland. Kjell Gitton Håland nestleiar i Utval for kultur, idrett og regional utvikling

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato Møtetid: Kl. 17:55-19:15 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Kommunal planlegging behovsvurdering og medverknad gjev betre planar

MØTEPROTOKOLL. Andre som var til stades på møtet: Leiar for Sosial og helse Thore Austnes under faste saker og sak 5/12 fram til kl

6-åringar på skuleveg

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Oppgradering av 300 kv-kraftledning Mauranger Samnanger

Årsrapport Føremål. Overordna mål. Nærmiljøsentralen Askvoll. Innhald

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: Marielund Møtedato: Tid:

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Transkript:

Kultur og idrett v/idrettssjef Britt Karen Spjeld postboks 7900 5020 Bergen Søknad om midlar til skilting og merking av stigar Samnanger kommune søkjer med dette om midlar til merking og skilting av stigar med internasjonal standard. Arbeidet inngår som del av Samnanger kommune si systematiske satsing framover på å motivera alle samningar til gode naturopplevingar, friluftsliv og fysisk eigenaktivitet, mellom anna gjennom eit nettverk av varierte stigar. Informasjon er viktig med tanke på å leggja opp til turar ut frå eigne føresetnadar. Målet er i første omgong å setja opp informasjonstavler og skilta med internasjonal standard dei stigar i nærmiljøet (rundturar) og stigar i nærliggjande fjellområde som vert mest nytta pr. i dag. Skiltinga skal vera ein faktor i å motivera mange fleire samningar til å ta seg ut i det flotte turterrenget me har rett utanfor stovedøra, og at dei kan kjenna seg trygge undervegs på kor dei er. Vidare er vona at også dei som ikkje er lokalkjende i Samnanger, kan oppdaga og nytta seg av dei gode tilhøva for friluftsaktivitetar. Bakgrunn Samnanger kommune skal i gang med å etablera ein kommunedelplan for friluftsliv, fysisk aktivitet og idrett, som vil vera ferdigstilt i løpet av 2011. Planen vert utvikla som del av det førebyggjande folkehelsearbeidet i kommunen, der kultur og idrett er viktige innsatsfaktorar. Forutan rehabilitering og vidareutvikling av Hagabotnane idrettsanlegg og ny fleirbrukshall, vil kommunen satsa mykje på å leggja til rette for og stimulera til friluftsliv og eigenaktivitet for alle. Vidare vert det lagt opp til førebyggjande aktivitetar retta mot grupper med særskilte behov. I samband med dette ønskjer kommunen, i samarbeid med Bolyst -prosjektet i Samnanger og idrettslag og foreiningar, å byrja arbeidet med merking og skilting av aktuelle stigar. Samnanger kommune legg opp til eit breitt samarbeid med det frivillige organisasjonslivet i bygdene. Idrettslaget, trimgrupper og skyttarlaget i Samnanger vert naturlege bidragsytarar og nære samarbeidspartar for kommunen. I tillegg vert det i desse dagar inngått partnarskapsavtale mellom kommunen og fem grendalag og ungdomsforeiningar (Vonheim, Nordbygda, Tveit, Rolvsvåg, Frøland). Ekstra tilskot frå kommunen vil mellom anna verte nytta til dugnadsarbeid i samband med rydding av stigar og skilting. Målet med partnarskapsavtalen for kommunen sin del er at større delar av bygda og også dei som ikkje er aktive i den organiserte idretten vert del av dugnadsarbeidet i terrenget og er såleis med på en friluftsaktivitet. Vona er at dette kan stimulera til ei kjensle av eigarskap til friluftssatsinga. Samnanger kommune har eit eige Bulyst-prosjekt som fekk tilslag på midlar frå KRD for å gjera Samnanger til ein enno betre stad å leva og bu. Det er sentralt for Styret i prosjektet å leggja til rette

for rehabilitering av kulturminne langs dei aktuelle stigane og i traseane. Målet for prosjektet er mellom anna å skapa attraktive utferdsmål for alle og at dei er universelt utforma. Bulystprosjektet vert samarbeidspart for kultureininga i kommunen i arbeidet med å leggja til rette for auka utferd for alle i nærområda. Kommunen har koordineringsansvar for satsinga og er ein av finansiørane. Mål Om lag 30 km av dei mest brukte stigane med lav terskel for å verte nytta og tilgjenge i nærmiljøet er skilta innan våren 2011 Samningar så vel som vitjarar til kommunen har lett tilgjenge på informasjon slik at dei kan leggja opp til passande turar. Mange fleir nyttar terrenget og er aktive friluftsmenneskje, og universelt utforma løyper er merkte. Samnanger-terrenget er enno meir attraktivt som turområde Aktuelle område for merking og skilting av stigar Kommunen har teke utgangspunkt i dei nærområda som er lett tilgjengelege og har låg terskel for å kunne bli nytta som friluftsområde. Det er mellom anna lagt opp til skilting av trasear med ulik lengd og der desse er i forgreining eller forlenging av kvarandre. Vidare er det lagt opp til rundtur og stigar som er universelt utforma. Områda er merkte med grønt på vedlagte kart. Område 1. Trasé 1; Stølen via skogen til Erikajorda (5 km) Trasé 2; Raunekleiva-Raudvatnet via Bjørnås til Erikajordet ( 2 mil) Trasé 3; Kulturstien - Reistad-Nordvika (7 km). Universelt utforma Område er pr. i dag mykje nytta av den del av lokalbefolkninga som er lommekjend frå før. Dei som er innflyttarar til kommunen er mindre fortrulege med å gå i terrenget, og det er også stort behov for internasjonalt merkte stigar for vitjarar. Området er tiltenkt ein sentral rolle i utviklinga av Samnanger som velegna for førebyggjande folkehelsetiltak og som mål for geoturisme. Vidare er det ei føremon at det finst mange interessante kulturminne langs traseen, og desse er under restaurering og ferdigstilling. Dette kan motivera til at fleire nyttar området: Forutan frisk luft og mosjon får ein gode naturopplevingar og interessante kulturopplevingar undervegs. Det er mellom anna ein treskoverkstad, husmannsplass, ishus og eit gamalt kvernhus langs trasé 3. I det nærliggjande fjellområdet er det mange setre som vert mykje nytta om sumaren som rasteplass, utsiktspunkt og hytter (trasé 2). Stigen byrjar ved havnivå og når over 500 meter. Det vert sett opp Informasjonstavle ved to stader: Vegen ved Reistad/Nordbygda grendehus og Raunekleiva.

Område 2. Trasé: Ådland til Kvernes via Prestevegen. Dette er eit friluftsområde med etablerte badeplassar og fiskevatn. Området er relativt flatt og lett framkommeleg for alle. Med noko tilrettelegging vert delar av vegen og området universelt tilgjengeleg. Det er også sandvolleyballbane og lafta bygning som vert nytta til grilling og sosial samvere om sumaren. Prestevegen er den eldste handelsvegen i Samnanger. Presten kom frå Os og la inn i Skuteviken og vart skyssa derfrå inn til kyrkja. Historielaget i Samnanger har arbeidd mykje med å dokumentera kulturminne langs vegen og har organisert vandringar langs vegen med formidling. Det vert lagt opp til ei vidareutvikling av dette, som motiverande faktor for å få folk ut på tur og i tillegg å læra noko på vegen. Informasjonstavle vert plasserte ved Ådland (ved kyrkja). BOF har ansvar for delar av området, men dette er ikkje skilta med internasjonal standard. Område 3. Trasé 1; Tusenårsstaden Ytre Tysse over Tyssereinane og tilbake (2 km). Universelt utforma. Trasé2; Vidareføring av trasé 1 fører frå Tyssereinane til Smådalen (8 km tur-retur). Trasé 3; Vidareføring av trasé 1 og 2 via skytarbana i Gaupholmsmarka til Nymark (8 km ein veg). Området vert mykje nytta som turområde/rundtur mellom anna av pensjonistar og ein del ungdomskuleelevar. Ei av målsettingane er også å gjere området attraktivt for at fleir ungdomskuleelevar nyttar området til friluftsaktivitetar. Her finst badeplass/rasteplass langs Smådalselva, benkar og utsiktspunkt. Ytre Tysse vert også i aukande grad bustad for ikkje-etnisk norske samningar og flyktningar utan lokalkjennskap til staden. Merking og skilting vil vera ei føremon i arbeidet med å gjera friluftsområde lettare tilgjengeleg for alle, inkludert dei utan lokal kjennskap til staden. Området har i tillegg kulturhistorisk meining for mange samningar. Langs traseen finst kvernhus, krigsminnesmerke (tyskarholane - tunnelar og bunkers frå 2. verdskrig) og den verneverdige og restaurerte Jonastova frå 1850. Området er óg forbunde med lokale segn og mytiske figurar (den såkalla underbuksemannen på kartet). Informasjonstavle vert sett opp ved tre stader: Like ved tusenårsstaden/kaia Ytre Tysse På Tyssereinane På Nymark Område 4. Rundtur Lønnebakken Hagabotnen. Dette området er under planlegging, og mykje må på plass med avtalar med grunneigarar før det kan opparbeidast stigar med merking i dette området. Her har vore mykje boligbygging, noko som har ført til at tradisjonelle stigar har delvis falt bort. Her må delvis opparbeidast ny sti og etter kvart merke desse. Vona er å utvikla eit spanande friluftsområde tilrettelagt for barnefamiliar i området kring idrettsanlegget og med forgreining til Lønnebakken-

området. Målet er på ei side å sikra at dei nye familiane i boligbyggingsfeltet får eit lavterskel friluftstilbod og at det vert eit friluftstilbod båe for idrettsutøvarar men også for dei som står på sidelinja under idrettsarrangementa på Hagabotnane. Dette vert det søkt om seinare når prosessen er lengre komen. Aktivitetar Det skal setjast opp ca 150 skilt med om lag 200 m avstand, til saman ca 30 km. I tillegg vert det sett opp 4 informasjonstavlar. Bulyst-prosjektet sin koordinator Tone Tysseland Holmefjord vert ansvarleg for å etablera ein detaljert handlingsplan for organisering av dugnad og innkjøp av skilt i samråd med driftseininga i kommunen. Ho har blitt kursa av Innovasjon Norge i samband med prosjektet ( Kurs i merking og gradering av turløyper ). Gjennom samrådsmøte mellom dei frivillige laga og organisasjonane og kommunen og eventuelt BOF, vert arbeidet fordelt på ulike dugnadslag. Grende- og ungdomslaga inngår i dei dugnadslaga som tar for seg dei mest nærliggjande nærområda, medan idrettslaget og skyttarlaget dannar dugnadslag som får ansvar for dei meir krevjande stigane. Arbeidet vert sikra av driftsleiar ved Samnanger kommune, og NAV Samnanger er interessert i eit samarbeid med tanke på arbeidstrening/rydding av stigar. Budsjett Innkjøp oppslagstavlar à ca 10.000 x 4 40.000 Innkjøp kartlaminatar à kr. 2.000 x 4 8.000 Innkjøp 150 skilt x 300 kr (45.000 eks mva) 56.250 inkl mva Betaling dugnad (Oppsetting av skilt 150 skilt à 300 kr (2 t) Oppsetting av 4 tavler (støyping, med meir) til saman 12 t 45.000 kr 3.600 kr Material, transport og andre kostnadar 8000,00 SUM 160.850 kr

Finansiering Bulyst 50.425 Kommunen (betaling til lag og foreiningar) 30.000 Søknad HFK 80.000 SUM 160.850 kr På vegne av samarbeidspartane, og med von om at Hordaland fylkeskommune vil gje støtte til satsinga på friluftsliv for alle i Samnanger; Marit Brendbekken kultursjef