Uttak og undersøking av fecesprøvar for parasittære strukturar av Bjørn Gjerde 2007 2011 Bjørn Gjerde Figur 1: Unngå helst å ta fecesprøvar frå golvet eller bakken (a). Ved uttak av fecesprøvar rektalt frå storfe og hest kan ein nytta ein rektaliseringshanske. Påfør hansken litt glidemiddel (b), før deretter handa inn i rektum (c), og ta ut ein passe porsjon med feces (d). Vreng hansken (e), klem ut luft (f) og knyt att for å unngå lufttilgang. Noter individnummer eller andre opplysningar om dyret på hansken. Foto: I. Catrinius. 1
Figur 2: Ved uttak av fecesprøvar frå vaksne småfe og gris kan ein nytta ein kort plast- eller gummihanske (a). Påfør hansken litt glidemiddel og før eit par fingrar inn i rektum (b). Ta varsamt ut ein passe porsjon med feces (c), vreng hansken, skriv på individnummer (d), og rull saman hansken (e) slik at lufta blir klemt ut. Foto: I. Catrinius. Figur 3: Uttak av fecesprøve frå gris skjer på same måte som frå sau. Hos dyr som ikkje er fikserte, bør ein gå roleg bak dei og ta ut prøven når dei er opptekne med andre ting, t.d. fôropptak. Foto: I. Catrinius. 2
Figur 4: Ved uttak av prøvar frå lam og andre mindre dyr kan ein nytta sentrifugerøyr av plast som er skorne av på skrå i nedre ende (a). Snittflata er blitt avrunda ved å halda røyret ei kort stund over ei gassflamme. Røyret blir påført litt glidemiddel og ført forsiktig inn i anus (b). Motsett ende blir halden i ein plastpose med lynlås. Ved tuntflytande avføring, renn denne rett gjennom røyret og ned i posen. Pelletert feces trillar gjennom røyret, medan pastøs avføring blir sitjande fast i røyret. Foto: B. Gjerde/O. Helle. Figur 5: Før vidare undersøking bør overflata av feces inspiserast for eventuelle ledd av bendelorm. Biletet viser ledd av Moniezia expansa på sauefeces (a) og ledd av Mesocestoides sp. på overflata av feces frå hund (b). Ein registrerer også konsistensen på avføringa (fast, pastøs, flytande). Foto: B. Gjerde 3
Figur 6: Ei enkel form for undersøking er nativpreparat. Ein liten porsjon feces (a) blir overført til, og rørt ut i, ein drope vatn eller fysiologisk koksalt på eit objektglas (b). Eit dekkglas blir lagt over (c) og preparatet blir mikroskopert. Det er berre når parasittstrukturane finst i store mengder, at ein kan venta å påvisa dei nokolunde sikkert ved denne metoden, t.d. ved kryptosporidiose eller koksidiose. Foto: I. Catrinius. Figur 7: Konsentrasjon av parasittane ved hjelp av flotasjon. Ein porsjon feces blir rørt ut i flotasjonsvæske i eit sentrifugerøyr. Ein let blandinga stå i eit par minutt. Parasittstrukturane vil då flyta opp og vil finnast i toppsjiktet. Dei kan så overførast med ein glasstav til eit objektglas (a, b). Til slutt legg ein på eit dekkglas og mikroskoperer. Ein kan også fylla glaset heilt opp med flotasjonsvæske og leggja dekkglaset på toppen. Etter eit par minutt overfører ein dekkglaset til eit objektglas og mikroskoperer (c, d). Foto: I. Catrinius. 4
Figur 8: Kvantitativ undersøking av feces med McMaster-metoden. Feces blir vegd opp (a, b) og overført til ein hurtigmiksar med vatn. Mengde og volum varierer etter kva type teljekammer ein nyttar; ofte nyttar ein 3 gram feces og 57 ml vatn, eventuelt 87 ml (c). Blandinga blir homogenisert (d) og suspensjonen silt (e) for å fjerna grove fecespartiklar. Silt suspensjon blir overført til eit 15 ml sentrifugerøyr (f), og sentri-fugert (g). Supernatanten blir slått av (h). Egg/oocyster er blitt att i botnfallet (i). Botnfallet (sedimentet) blir rista laust (j) og resuspendert til same volum med flotasjonsvæske (k). Suspensjonen blir blanda godt ved å snu glaset oppned fleire gonger (l). Ein fyller så teljekammeret med suspensjon (m, n). Ein må blanda suspensjonen mellom kvar gong ein fyller opp pipetta. Det finst ulike typar teljekammer; McMaster til venstre og Whitlock til høgre (o). Etter eit par minutt undersøkjer ein innhaldet i teljekammeret for egg og oocyster. Ein må fokusera mikroskopet like under øvre glasplate, slik at hjelpestrekane blir synlege (p). Foto: I. Catrinius 5
Figur 9: Undersøking av feces for lungeormlarver med Baermanns metode. Ein porsjon feces (ca. 5 gram) blir vegd opp blir lagt i ei trekt med vatn (a). Nede i trekta er det ein sil som hindrar feces i å tetta til utløpet. Feces kan eventuelt leggast inni inni eit gazestykke. Til trekta er det festa ein kort gummislange med klemme. Lungeormlarvene (L1) kryp ut av feces, og sedimenter ned i væskesjiktet like over klemma. Etter 12-24 timar tappar ein av væska like over klemma, og undersøkjer denne porsjonsvis for larver. Metoden er mykje brukt for å undersøkja feces av geit for larver (L1) av lungeormen Muellerius capillaris (b). Foto: B. Gjerde. Figur 10: Egg av den store leverikta, Fasciola hepatica, og den vesle leverikta, Dicrocoelium dendriticum. Dei førstnemnde egga er ikkje embryonerte og har eit lokk i den eine enden (til høgre i biletet). Egga til den vesle leverikta er embryonerte, dvs. dei inneheld alt eit miracidium. Foto: B. Gjerde. 6
Figur 11: Koksidieoocyster og ulike eggtypar i feces frå sau. Foto: B. Gjerde. Figur 12: Ulike eincella parasittar i feces frå kalv. Foto: B. Gjerde 7
Figur 13: Ulike parasittstrukturar i feces frå gris. Foto: B. Gjerde. Figur 14: Ulike eggtypar i feces frå hest. Foto: B. Gjerde. 8
Figur 15: Gravide ledd (øvre rad) og egg (nedre rad) av ulike bendelormar hos hund og katt. (a, b): Taenia. (c, d): Dipylidium caninum; egg inni eggkapslar (d). (e, f): Mesocestoides; egg samla i parauterint organ i ledda (e). Foto: B. Gjerde. Figur 16: Ulike parasittære strukturar i feces frå hund og katt. (a) To Giardia duodenalis-cyster (rosa) ved sukroseflotasjon. (b) Giardia-cyste farga med jod (Lugol). (c) Giardia-trofozoit farga med jod (Lugol). (d). Oocyste med storleik og form som oocyster til Toxoplasma gondii, Hammondia spp. og Neospora caninum (må nytta genotyping for sikker identifikasjon) (e). Sporocyste av Sarcocystis sp.; oocysteveggen rivnar som regel under under utskilijinga slik at ein finn frie sporocyster i feces. Ulike Sarcocystis-arter dannar tilnærma like oocyster/sporocyster, slik at ein må nytta genotyping for sikker identifikasjon. (f) Oocyste av Isospora ohioensis hos hund. (g) Oocyste av Isospora felis hos katt. (h) Egg av Toxocara cati hos katt. Toxocara canis hos hund har same eggtype. (i) Egg av Toxascaris leonina hos hund (arta finst også hos katt). (j) Egg av Uncinaria stenocephala hos hund (arta finst også hos katt). Foto: B. Gjerde. 9