VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL UTVAL: Livsløpsutvalet Møtestad: Møterom 2 - Rådhuset, Fiskå Dato: 06.10.2016 Møtet tok til 09:00 Møtet slutta 11:05. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 30.08.2016. Øystein Blom leia møtet. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Øystein Blom Leiar KRF Hilde Bjørg Almklov Medlem KRF Hermansen Marte Myklebust Medlem V Ottar-Inge Rusten Medlem AP Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Mona Stenersen Nestleiar SP Solveig Menes Medlem SP Knut Ingvald Bøstrand Medlem V Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Katrin Brekke Sunde Knut Ingvald Bøstrand H Bjørnar Magne Berge Solveig Menes V Randi Stokke Thunem Mona Stenersen AP
Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Arnhild Nordaune Kommunalsjef helse- og omsorgssektor. T.o.m.sak 43/2016. Frode Vik Skulefagleg rådgjevar Kåre Kvangarsnes Møtesekretær Dessutan møtte økonomileiar Hallvard Takset i sak 43/2016 og kyrkjeverje Inger Anne Vidnes orientering om kyrkjegardsforvaltning. Underskrifter: Vi stadfestar at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet 6143 Fiskå, den
SAKLISTE Saksnr. PS 39/2016 PS 40/2016 PS 41/2016 PS 42/2016 PS 43/2016 PS 44/2016 Sakstittel Godkjenning av innkalling Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Skriv og meldingar Orientering frå kyrkjeverje Inger Anne Vidnes om kyrkjegardsforvalting Orientering frå sektorane Innføring av rammeplan for kulturskulen i Vanylven kommune Leigesatsar Olivinhallen - prinsippendringar Skilting av sjåverdigheiter og attraksjonar Eventuelt
PS 39/2016 Godkjenning av innkalling Ottar Inge Rusten peikte på at endring av møtedato kom i seinaste laget. Innkallinga vart godkjend med merknad om sein endring av møtedato. PS 40/2016 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Hilde-Bjørg Almklov Hermansen peikte på at under «Eventuelt» vart brukarundersøking Olivinhallen teke opp. Dette var ikkje kome med i protokollen. Møteprotokollen frå siste møte vart godkjend med framsett merknad om at brukarundersøking Olivinhallen var utegløymt under «Eventuelt». PS 41/2016 Skriv og meldingar Skriv av 02.10.2016 frå Landsgruppen av Helsesøstre Norsk Sykepleierforbund, lokal faggruppe i Møre og Romsdal: Korleis har din kommune prioritert å bruke pengane som skal styrke helsestasjon- og skulehelsetenesta og gi barn og unge dei tenestene dei har krav på? Kommunalsjef Arnhild Nordaune orienterte om situasjonen i Vanylven og delte ut kostraoversikt: Årsverk av helsesøstre pr. 10.000 innbyggarar 0-5 år. Vanylven ligg i toppen både nasjonalt og regionalt. Kyrkjeverje Inger Anne Vidnes orienterte om kyrkjegardsforvaltninga i Vanylven, med vekt på St. Jetmund kyrkjegard. Skriftleg orientering var utsend på førehand, og også utdelt på møtet. Informasjonsfaldar om gravstadane i Vanylven vart utdelt. Også gravferdslova og gravferdsforskrifta vart delt ut. Orientering frå oppvekstsektoren v/skulefagleg rådgjevar Frode Vik SFO-tilbod; jfr. sak teke opp under «Eventuelt» i førre møte. Ein vil kartlegge behovet for utvida opningstid. Innhaldet i SFO vil bli drøfta med rektorane. Også mogleg SFO-tilbod neste sommar vert teke opp med rektorane. Kjem tilbake til saka i neste møte. Notat, vedlagt vedtekter, vart utdelt. Rovde barnehage (kommunestyrevedtak om nedlegging frå nyttår); jfr. sak teke opp under «Eventuelt» i førre møte. Prosessen er godt i gang. Dei tilsette får tilbod om arbeid i Syvde barnehage. Vitjar Syvde barnehage kvar torsdag. Born blir kjende i barnehagen. Har også besøkt Lauvstad barnehage.
Flytting i romjula. Nærare orientering i neste møte. Notat vart delt ut. Kommunalsjef helse- og omsorgssektor Arnhild Nordaune orienterte frå sektoren; m.a. fylgjande: Stort behov for tenester i heimebasert omsorg, tyngre brukarar. Stort press på institusjonane. Har betalt for pasientar på sjukehus. Har teke i mot 7 mindreårige flyktningar. Omorganisering av flyktningtenesta. Ingen søkjarar til stilling som kommuneoverlege. Skal møte Helseforetaket vedk. anbod pasientreiser. Framlagde skriv og orienteringar vart tekne til vitande. PS 42/2016 Innføring av rammeplan for kulturskulen i Vanylven kommune Samrøystes vedtak som framlegget. 1) Vanylven kommune innfører Rammeplan for Kulturskulen i Vanylven kommune. 2) Vanylven kommune ynskjer å drive kulturskulen i Vanylven etter prinsippa og føringane i rammeplanen, innafor dei driftsrammer som kommunestyret fastset. 3) Når fagplanane for kulturskulen er ferdigstilte frå Kulturskulerådet, utarbeider kulturskulen lokale fagplanar i tråd med desse. Fagplanane skal så leggast fram til godkjenning. PS 43/2016 Leigesatsar Olivinhallen - prinsippendringar Tilråding: Livsløpsutvalet tilrår: Alt. 1 Alt 2. Satsane i høve kommunestyrevedtak 77/2013 vert fortsatt gjeldande. Satsane vert endra med ei omfordeling av ressursar i budsjettet frå vaksenaktivitetar til barneaktivitetar. Saka vert å legge fram saman med nye retningslinjer for kulturmidlar.
Økonomisjef Hallvard Takset orienterte. Etter framlegg frå Marte Myklebust vart det gjort slik samrøystes Livsløpsutvalet ber administrasjonen utarbeide eit forslag på kva ein kan gjere for å få ned driftskostnadane i Olivinhallen, slik at born under 18 år kan bruke hallen gratis. PS 44/2016 Skilting av sjåverdigheiter og attraksjonar Tilråding: Vanylven kommune ber Statens Vegvesen prioritere skilting av fylgjande sjåverdigheiter og attraksjonar: Stad Type skilt Sjåverdigheit/attraksjon Åheim (kryss v/bedehus, synleg for køyrande frå Stadt) 640.10 Severdighet St. Jetmund Kyrkje Samrøystes tilråding som framlegget med slikt tillegg: Peridotplassen. Livsløpsutvalet tilrår: Vanylven kommune ber Statens Vegvesen prioritere skilting av fylgjande sjåverdigheiter og attraksjonar: Stad Type skilt Sjåverdigheit/attraksjon Åheim (kryss v/bedehus, synleg for køyrande frå Stadt) 640.10 Severdighet St. Jetmund Kyrkje Peridotplassen.
Eventuelt: Ottar Inge Rusten sette fram ynskje om at tertialrapportane vert lagde fram for livsløpsutvalet. Marte Myklebust tok opp BPA brukarstyrt personleg assistanse. Rettigheitsfesting kva skjer i Vanylven? Bad om nærare orientering frå kommunalsjefen i neste møte. Rett utskrift 06.10.2016 Kåre Kvangarsnes