Etikkreglement for Gaular kommune Godt samhald Gode tilbod TRIVSEL - HUMØR - OMSORG - RESPEKT Vi vil i fellesskap utvikle organisasjonen ved å vere inkluderande, opne og lærande, og prioritere oppgåver gjennom myndiggjorte medarbeidarar.
Kommunen sin leiarfilosofi Vi vil i fellesskap utvikle organisasjonen ved å vere inkluderande, opne og lærande, og prioritere oppgåver gjennom myndiggjorte medarbeidarar. Innleiing Føremålet med etikkreglement er å førebyggje etiske brot i den kommunale teneste, og å beskytte kommunen sine tilsette og folkevalde mot mistankar om etisk misleghald. Gaular kommune legg stor vekt på dei allmenngyldige etiske verdiar og normer som for eksempel rettferd, lojalitet, ærlegdom, pålitelegheit, sannferdigheit og at ein skal handsame andre slik ein sjølv ønskjer å verte handsama. Leiaransvar inneber at leiarane På alle nivå har eit særleg ansvar for å oppretthalde, vidareutvikle, tydeleggjere og skape aksept for etisk forsvarleg åtferd, samt å leggje føresetnadene til rette for praktisering av dette. Dei har også ansvar for at medarbeidarane er kjend med og etterfølgjer kommunen sine retningslinjer. Til ei kvar tid må syte for at mynde og ansvar innafor eige ansvarsområde er klart definert, oppfatta og akseptert. Skal organisere, utvikle og ta i bruk tildelte ressursar slik at dette samsvarer på best mogleg måte med dei vedtekne rammer. Skal gje medarbeidarane rask attendemelding på korleis dei utfører sine oppgåver. Aktivt følgje opp og synleggjere at det skal løne seg å vise initiativ og ta ansvar.
Det krevst at leiarar må Kunne samarbeide Vise respekt for andre sine synspunkt og meiningar Kunne motivere og støtte medarbeidarane til kreativitet, Menneskeverd og respekt Vi handsamar alle menneske med respekt og likeverd. Vi tek alle menneske på alvor, og alle skal oppleve rettferdig handsaming. Vi diskriminerer ikkje. nytenking, engasjement og initiativ Vere resultatorientert Kunne ta beslutningar Vere lojal og vise tillit Kunne kommunisere ope Personleg åtferd Tilsette i Gaular kommune representerer kommunen utad og tek dermed ansvar for kommunen sitt omdøme. Tilsette har ansvaret for å rette seg etter desse prinsippa. Som forvaltar av samfunnet sine fellesmidlar vert det stilt særskilt
høge krav til den einskilde si etiske haldning i si verksemd for kommunen. Alle tilsette pliktar å halde dei lover, føresegner, reglement som gjeld for verksemda i kommunen. Teieplikt Alle tilsette pliktar å følgje reglane om teieplikt i forvaltningslova. Vidare gjeld det særskilt tilsette som handsamar saker etter særlover. Teieplikta gjeld også etter at arbeidstilhøvet er avslutta. Interessekonflikt, habilitet og spelereglar mellom tilsette Vi i Gaular kommune skal unngå å komme i situasjonar som kan føre til at vedkommande kjem i ein konkurransesituasjon eller lojalitetskonflikt i høve til eige arbeidsområde i kommunen. Vi er lojale mot organisasjonen sine interesser. Alle tilsette skal vere lojale mot dei vedtak som er fatta utan å verte freista til eigenmarkering. Vi let ikkje eigeninteresse eller interessene til menneske med nære relasjonar til oss (slekt og vener) påverke våre handlingar, saksførebuing eller vedtak. Eit særleg ansvar kviler på tilsette som også er folkevalde. Vi skal vere opne om verv og organisasjonsarbeid som, kan medføre tvil om habilitet eller lojalitet i samband med dei tenestene vi er sett til å utføre. Vi skal ikkje ha eigarskap, verv, styreverv eller andre løna oppdrag som kan skade kommunen sine interesser eller svekke tilliten og omdømet til kommunen. Dersom vi er i tvil, skal vi avklare dette med næraste overordna.
Gåver: Det er fleire ting ein må tenkje på før ein som tilsett tek i mot ei gåve: 1. Kva er gåva sin verdi? 2. Kvifor får akkurat eg denne gåva? 3. Vil eg ha god samvittigheit dersom eg tek i mot? 4. Er det uproblematisk å fortelle min overordna om gåva? 5. Er det ok om det står om gåva i avisa i morgon? Vi avklarar med næraste overordna før vi inngår avtale om løna arbeid/ oppdrag utover ordinært tilsettingsforhold. Vi skal unngå personlege fordelar som gjer oss ugilde i saker. Dersom arbeidstakar er i tvil om fordelane, skal næraste overordna kontaktast. Vi tek ikkje i mot gåver eller andre fordelar som kan påverke tenestehandlingane våre, eller kan vere eigna til å verte oppfatta slik. Vi gjev heller ikkje gåver, tenester eller andre fordelar som kan påverke tenestehandlinga til mottakaren. Gåver omfattar ikkje berre materielle gjenstandar, men også andre fordelar f.eks i form av personlege rabattar ved kjøp av varer og tenester. Gåver som ikkje er omfatta av retningslinjene: Gåver av lav verdi, som blomster, vin, konfekt o.l. omfattast ikkje av retningslinjene. Reise-, kost- og andre utgifter i faglege, tenestesak- og forretningsmessig samanheng skal dekkjast av kommunen. Unntak frå dette prinsippet kan berre skje etter særskilt vedtak. Gåver vi mottek som er i strid med retningslinjene skal returnerast saman med eit brev som gjer greie for kommunen sine reglar på området.
Vi snakkar med kvarandre og ikkje til og om kvarandre. Vi tek opp usemje der den høyrer heime og direkte med den det gjeld. Vi har lov å vere usamde, og konstruktiv kritikk skal kunne gjevast utan redsle for negative konsekvensar. Vi har plikt til å spørje dersom noko er uklart for den einskilde og vi har informasjonsplikt om ting kollegaer og leiing bør vite noko om. Samfunnsansvar, miljø og tillit: Alle tilsette har eit personleg ansvar for at kompetansen til den einskilde vert nytta til beste for menneske, miljø og samfunn. Vidare må tilsette vere medvitne om at dei dannar grunnlaget for innbyggarane sin tillit og haldning til kommunen. Dette inneber at den einskilde pliktar å følgje dei etiske retningslinjene ved utføring av eige arbeid. Vidare skal tilsette ha ein medviten haldning i høve til innbyg gjarane og omverda.
Tilsette skal til ein kvar tid opptre venleg, korrekt og imøtekommande. Vi skal opptre i samsvar med god forvaltningsskikk. Dette inneber at: Vi skal hjelpe på ein god måte. Vi skal svare raskt og seriøst på alle spørsmål. Vi skal utføre rask og korrekt sakshandsaming. Vi skal praktisere likebehandling. Ansvar for kommunen sine verdiar og økonomi Vi skal nytte arbeidstida effektivt. Vi skal nytte kommunen sine ressursar på ein mest mogleg økono misk og effektiv måte. Vi tek vare på kommunen sine eigedelar og nyttar dei med varsemd. Privat bruk av kommunen sitt driftsutstyr skal berre skje etter avtale med aktuell einingsleiar/etatsjef. Bruk av data og internett i arbeidstida skal samsvare med kommunen sitt behov. Tilhøve til media og informasjon Vi følgjer kommunen sine retningslinjer for kontakt med media. Vi handsamar intern informasjon slik at uvedkommande ikkje får ta del i det. Opplysningar som vert mottekne i samband med arbeid i kommunen, må ikkje brukast til personleg vinning, eller til skade for andre. All informasjon som vert gjeve i samband med kommunen, skal vere sakleg og korrekt.
Varsling Varsling er å seie i frå om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen. Arbeidstakar har plikt til å melde frå dersom vedkommande gjennom arbeidet vert kjend med tilhøve som ikkje er i samsvar med lov, almeint aksepterte etiske normer eller kommunen sine etiske retningslinjer. Varslinga skje på ein forsvarleg måte der ein seier i frå til næraste leiar eller rådmannen. Alternativt kan tillitsvalde og verneombod varslast. Gjengjeldelse mot varslar er forbode ved lov (AML 2-5 pkt. 1-3). Konsekvensar ved brot på dei etiske retningslinjene: Brot på retningslinjene kan medføre personalsak. Etikktest Er det lovleg? Stemmer dette med Gaular kommune sine verdiar? Kjenner eg ubehag ved å gjere det? Tåler det å komme i media? Er det galt? Stopp Er eg usikker? Spør! Får eg ikkje svar? Spør igjen! Framside foto: www.gaular.kommune.no / design og foto: Vilde Kristin Grevsnes Flem / www.bildevilde.blogg.no