Etiske retningsliner Utv.saksnr Utvalg Møtedato

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Etiske retningsliner Utv.saksnr Utvalg Møtedato"

Transkript

1 Etiske retningsliner Utv.saksnr Utvalg Møtedato 1/2008 Administrasjonsutval /2008 Kommunestyret

2 ETISKE RETNINGSLINER I eit velfungerande lokaldemokrati er det ein føresetnad at innbyggjarane har tillit til korleis offentleg tilsette og folkevalde forvaltar fellesskapet sine ressursar. Vi kan ikkje vedta å ha eit godt omdømme, det må vi heile tida jobbe aktivt for å få. Ein kommune med godt omdømme forvaltar og handlar på ein måte som er mest mogleg i samsvar med innbyggjarane si oppfatting av kva som er rett og gale. Etiske standardar på alle nivå i organisasjonen må jamleg takast opp og drøftast, for på den måten skape eit eigarforhold til dei. Dei etiske retningslinene er meinte å vera hjelpemiddel til å bevisstgjere våre tilsette og folkevalde på etiske problemstillingar som vi kan stå overfor i vår forvalting. Retningslinene har som mål å vera ei rettesnor for etisk framferd. Alle tilsette og folkevalde i Lom har som forvaltarar av felles verdiar eit særleg ansvar for å byggje opp tillit og omdømme for kommunen ved å opptre på ein etisk forsvarleg måte. Andre relevante reglement Økonomireglement for Lom kommune Reglement for finansforvalting i Lom kommune. Reglement for registrering av verv og økonomiske interesser i styreversregisteret. Innkjøpsreglement for Vågå, Skjåk, Lom, Lesja, Dovre og Sel kommunar. Delegasjonsreglement Personalhandboka Retningsliner for varsling Plan for informasjon og kommunikasjon (må utarbeidast) Endringar i reglementet Redaksjonelle og mindre endringar av desse retningslinene blir gjort av administrasjonssjefen. Vesentlege endringar går til Formannskapet til avgjerd. Retningsliner for etisk framferd Retningsliner for etisk framferd på område som er viktige er: 1. Respekt for den enkelte Alle som utfører arbeid eller verv skal opptre venleg, korrekt og imøtekomande. Det er særleg viktig å respektere den enkelte innbyggjar sin personlege integritet og alltid overhalde lovføresegner om teieplikt og personvern. 2. Fagleg nøytralitet Dei tilsette skal leggje sine faglege kunnskapar og sitt faglege skjønn til grunn i tenesteytinga. Ein skal vere merksam på etiske dilemma som kan oppstå i møte mellom tilsett og brukar. Det same gjeld saker der det kan bli reist spørsmål om habilitet.

3 3. Effektiv utnytting av ressursane Alle tilsette og folkevalde pliktar å forvalte kommunen sine ressursar på ein mest mogleg økonomisk og rasjonell måte. Som døme på kommunen sine midlar blir nemnde arbeidstid, budsjettmidlar, arbeidskraft, bygningar, bilar, maskiner, materiell og elektroniske tenester. Utlån av kommunen sitt utstyr skal skje i samsvar med fastsette retningsliner. 4. Økonomiforvalting, innkjøp, tilbod, finansforvalting og fordelsskatting Alle innkjøp skal følgje lov og forskrift om offentlige anskaffelser. Det blir vist til Innkjøpsreglement for Vågå, Sel, Lom, Skjåk, Lesja og Dovre kommunar. All finansforvaltning skal følgje gjeldande lover, reglement og god forretningsskikk. Det skal arbeidast for å oppnå best mogleg avkasting på forvalta midlar, der varsemd er eit overordna prinsipp. Det blir vist til reglement for finansforvalting og budsjettvedtak i kommunestyret. Reglar for korleis økonomiforvaltinga skal skje, som delegasjon, attestering, tilvising, bilagshandtering, kontantkasse, tildeling av startlån / bustadtilskott, budsjettprosess m.m er nedfelte i eige økonomireglement. Det blir også vist til delegasjonsreglementet. Når arbeidsgjevar fullt ut dekkjer utgifter til bruk av mobil / datakommunikasjon skal arbeidstakar / folkevald skatte av denne fordelen fordelsskatting. Det blir vist til personalhandboka. 5. Openheit og informasjon Det skal vere ein kultur blant dei tilsette for å utvise openheit så vel ut mot innbyggjarane som innafor eigen organisasjon. Openheit er eit viktig demokratisk prinsipp og ein føresetnad for at innbyggjarane skal få innsyn i og utøve kontroll med offentleg forvalting. Kommunelova slår fast at kommunen pliktar å leggje til rette for at innbyggjarane får mest mogleg utfyllande informasjon om verksemda. Måten vi informerer på, opptrer og kommuniserer med andre tilsette, innbyggjarane og omverda på, skal bidra til at kommunen får eit godt omdømme. Det er understreka at ingen skal føle at dei ikkje kan uttale seg til media om forhold dei arbeider med. Det er ein føresetnad at slik uttale blir gjort i samsvar med overordna lovverk og evt eige reglement eller plan for informasjonsområdet. Innsyn i den offentlege forvaltinga skal førebyggje klanderverdig handling, korrupsjon og ukultur i organisasjonen. I tillegg er det eit individuelt ansvar hjå dei tilsette å varsle om kritikkverdige forhold. 1. januar 2007 vart dette ytterlegare skjerpa ved at det i arbeidsmiljølova vart innarbeidd eit punkt om varsling. Det er vedtatt eige reglement for varsling som følgjer dei etiske retningslinene. Det er eit leiaransvar at den som varslar ikkje blir utsett for represaliar eller liknande frå overordna eller kollegaer. Det er vidare svært viktig å vidareutvikle ein open organisasjonskultur, der det blir oppfordra til dialog for å ta opp kritikk og forslag til forbetringar. Ein open organisasjonskultur vil førebyggje behov for å varsle overordna leiing, administrativt eller politisk. Prinsippet om at løysingar skal løysast lengst mogleg ut i organisasjonen blir lagt til grunn.

4 Det er eit individuelt og partiuavhengig ansvar hjå dei folkevalde å ta opp kritikkverdige forhold som ein får kjennskap til i eigenskap av å vera folkevald. 6. Uhilda åtferd Tilsette og folkevalde skal ikkje bruke stillinga si til å oppnå fordelar for seg sjølv, heller ikkje når desse fordelane ikkje påverkar tenestehandlingane. Innbyggjarane skal kunne føle seg trygge på at avgjerder blir tekne upåverka av omsyn som ikkje vedkjem saka. 6.1 Habilitet Alle tilsette og folkevalde skal arbeide for å unngå å koma i situasjonar som kan føre til konflikt mellom kommunen sine interesser og personlege interesser. Habilitetsreglane skal m.a. bidra til å hindre misbruk av mynde. Habilitet er m.a omtala i forvaltingslova og kommunelova og gjeld for all utøving av offentleg verksemd. Lova slår fast at ein offentleg tenestemann, eller andre som handlar på vegne av stat og kommune, er ugild når han/ho eller familiemedlemmar er part i den gjeldande saka, eller er representantar for ein part i saken. Personen er og ugild dersom saka kan avgjerast på ein måte som inneber ein særlig fordel, tap eller ulempe for han/ho sjølv eller nokon som han/ho har nær tilknyting til. Den enkelte har sjølv ansvar for å melde frå om situasjonar der det kan reisast tvil om eigen habilitet. Spørsmål om dette skal takast opp med næraste overordna. 6.2 Å ta i mot gåver Det er forbode for tilsette og folkevalde å ta i mot gåver, provisjon, tenester eller liknande som av gjevar er meint å påverke den kommunale tenestehandlinga eller politiske utfall. Mottak av gåver eller fordelar i kraft av å vere tilsett i kommunen vil kunne bli sett på som korrupsjon, og kan medføre straff etter straffelova 276 a-c. Det er viktig å presisere at det ikkje er forbode å ta i mot gåver innafor vanleg høflegheit som t.d. bøker, vin, blomster eller anna merksemd. Det kan i fleire høve oppstå tvilstilfelle knytte til kva som kan oppfattast som smørjing. Når slike situasjonar oppstår, skal følgjande leggjast til grunn: Strengt forbode å ta i mot! - raud sone: Pengar, lån, rabattar, eller tenester/gjenstandar som lett kan omsetjast i pengar. Gåver med vilkår. Gåver som blir gjevne i det skjulte for å påverke vedtak i ei sak. Invitasjonar til overnatting, måltid, framsyning, sports- eller kulturarrangement som blir betalt fullt ut av andre og som skjer i samband med forhandlingar om kontraktar og avtaler, eller for å få demonstrere produkt og/eller tenester. Dekkjing av andre utgifter enn overnatting og nødvendig bevertning på hotellrekninga. Rabattordningar som ikkje har karakter av å vere ei ordning som gjeld for alle tilsette. Må vurdere nøye og ta opp med overordna! - gul sone: Faglege arrangement der alle utgifter til reise og/eller opphald blir betalt av andre. Deltaking på faglege arrangement / reise når arbeidsgjevar eller eigen kommune dekkjer reise og opphald for følgje.

5 Personlege gåver av større verdi ved feiring av ulike anledningar på arbeidsplassen, t.d. fødselsdag, avskjedsfest, andre jubileum. Takk-for-hjelpa gåver av større verdi. Større verdi er her meint utover det som er vanleg høflegheit. Invitasjonar til måltid, sports- eller kulturarrangement, som ikkje er ein del av eit fagleg opplegg. Invitasjonar til måltid, sports- eller kulturarrangement som krev reise og opphald. Reiser i samband med faglege arrangement som krev reise med dyre billettar utanfor Europa. Kan ta i mot! grøn sone: Profilgåver med ubetydeleg verdi. Takk-for- hjelpa - gåver med verdi innafor det som er vanleg høflegheit. Arbeidslunsj og arbeidsmiddag. Faglege arrangement der kommunen dekkjer reise og opphald. Betaling og reisekostnader som foredragshaldar. Billettar og bevertning til arrangement av mindre omfang. 6.3 Tilbod om gåver Kommunalt tilsette og folkevalde skal ikkje gje eller tilby gåver, tenester eller andre fordelar som er meint til å påverke tenestehandlingane til mottakaren. Det kan bli rekna for å bidra til korrupsjon dersom tilsette eller folkevalde i kraft av si stilling / ombodsrolle tilbyr nokon ei gåve eller fordel, t.d. for å få gjennomslag i forhandlingar om kjøp eller levering av varer eller tenester. 7. Ekstraverv og tilleggserverv Det skal vere openheit om tilsette og folkevalde sine tilleggserverv, styreverv og økonomiske interesser. Det er ikkje lov å ta på seg verv eller erverv som er i direkte konflikt med interessene til kommunen, og som gjer at ein kan koma i illojal konkurranse med kommunen sitt tenestetilbod. For å unngå interessekonfliktar er det oppretta eit kommunalt register der alle politisk valde, administrasjonssjefen, tenesteleiarar og tilsette som har oppgåver knytte til innkjøp og tilbod m.m., blir oppfordra til å opplyse om sine verv og økonomiske interesser. Alle tilsette og folkevalde har ei sjølvstendig plikt til å opplyse om slike tilfelle der det kan vera tvil om tilleggservervet er i konflikt med interessene til kommunen. 8. Oppfylgjing og kontroll Alle tilsette og folkevalde pliktar å melde frå om ulovlige eller uetiske forhold eller handlingar, eller grunna mistanke om slike. Vidare pliktar alle tilsette og folkevalde å opptre i samsvar med kommunen sine interesser og fylgje dei reglementa og etiske retningslinene som til ei kvar tid gjeld i kommunen. Alle tilbod om smørjing / ureglementerte hendingar skal rapporterast via næraste overordna til administrasjonssjefen. Administrasjonssjef rapporterer til ordførar. Ordførar rapporterer til formannskapet. Kommunestyremedlemane rapporterer til ordføraren. Ordførar og

6 administrasjonssjef vurderer om ureglementerte hendingar skal rapporterast til kontrollutvalet. Det er eit leiaransvar å følgje opp at tilsette er kjende med og arbeider etter kommunen sine etiske retningsliner og stettar arbeidet med omdømmebyggjing. Gjennom aktivt fokus på kommunen sine prinsipp for leiing skal etiske dilemma og haldningar jamleg vera tema på alle arbeidsplassar via personalmøte og faglege samlingar. Leiarsamlingar skal jamleg ha etiske problemstillingar som tema. Det er vidare eit ansvar for leiarar av folkevalde organ å følgje opp at dei folkevalde er kjende med og arbeider etter kommunen sine etiske retningsliner. Etikk skal vera ein del av folkevaldopplæringa som blir gjennomført ved oppstart av kommunestyreperioden. Vidare skal det leggjast opp til temasamlingar knytte til omdømmebyggjing / etikk gjennom kommunestyreperioden.

Etiske retningsliner Vågå kommune

Etiske retningsliner Vågå kommune Etiske retningsliner Vågå kommune www.vaga.kommune.no Etiske retningsliner Vågå kommune Innleiing I eit velfungerande lokaldemokrati er det ein føresetnad at befolkninga har tillit til korleis offentleg

Detaljer

Reglar for god etisk åtferd i Nord-Fron Kommune

Reglar for god etisk åtferd i Nord-Fron Kommune Reglar for god etisk åtferd i Nord-Fron Kommune «Dine handlingar skapar Nord-Fron Kommune sitt omdømme» Folk som bur i Nord-Fron har krav på at offentleg tilsette og folkevalde forvaltar ressursane til

Detaljer

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Voss kommune Side 1 av 5 Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Voss kommune Versjon : 1.0 godkjend i Kommunestyret 23.06.2005 Dato : 25.

Detaljer

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER Revidert av kommunestyret 22.06.09 Saksnr. Dok.nr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref. 08/1437 9554/09 000 FSK/PER/STDA 1 OM RETNINGSLINENE...3 1.0 KVA ER ETIKK 3 1.1

Detaljer

Luster kommune. Rådmannen sitt framlegg. Handsama:

Luster kommune. Rådmannen sitt framlegg. Handsama: Luster kommune Handsama: Rådmannen sitt framlegg Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: 57 68 55 00 Faks: 57 68 55 01 E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr: 964 968 241 Innhold Innleiing...

Detaljer

ETISKE PRINSIPP FOR POLITIKARAR OG TILSETTE I HERØY KOMMUNE

ETISKE PRINSIPP FOR POLITIKARAR OG TILSETTE I HERØY KOMMUNE ETISKE PRINSIPP FOR POLITIKARAR OG TILSETTE I HERØY KOMMUNE Side 1 av 7 INNHALDSLISTE A Prinsipp s. 3 1. Lojalitet s. 3 2. Objektivitet s. 3 3. Redelegheit og ærligheit s. 4 4. Ansvarlegheit og respekt

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I FRÆNA KOMMUNE

ETISKE RETNINGSLINER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I FRÆNA KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I FRÆNA KOMMUNE Vedtatt i Kommunestyremøte 23.05.16 sak 59/16 1 ETISKE RETNINGSLINER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I FRÆNA KOMMUNE Dei etiske retningslinene

Detaljer

www.forde.kommune.no Visjon: Førde kommune ei drivkraft med menneska i sentrum Verdiar: I Førde kommune er vi engasjerte, inkluderande, tydelege og vi viser andre respekt. Førde kommune skal vere ein god

Detaljer

Etikkreglement for Gaular kommune

Etikkreglement for Gaular kommune Etikkreglement for Gaular kommune Godt samhald Gode tilbod TRIVSEL - HUMØR - OMSORG - RESPEKT Vi vil i fellesskap utvikle organisasjonen ved å vere inkluderande, opne og lærande, og prioritere oppgåver

Detaljer

Etiske retningslinjer Jølster kommune

Etiske retningslinjer Jølster kommune Foto: Laila Ommedal Etiske retningslinjer Jølster kommune 2018-2020 Visjon Skaparkraft i verdas vakraste ramme Verdiar: Raus Inkluderande Modig Løfte til omverda: Reindyrka Ekte Innhaldsrik - Skapande

Detaljer

Etisk reglement for tilsette og folkevalde i Radøy kommune

Etisk reglement for tilsette og folkevalde i Radøy kommune for tilsette og folkevalde i Radøy kommune Vedteke av Radøy kommunestyre 2009 Føremålet med reglementet er å skapa medvit om haldningar og etiske verdiar og dermed styrkja innbyggjarane sin tillit til

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINJER FOR FOLKEVALGTE OG ANSATTE

ETISKE RETNINGSLINJER FOR FOLKEVALGTE OG ANSATTE ETISKE RETNINGSLINJER FOR FOLKEVALGTE OG ANSATTE Vedtatt i Kommunstyret 19.06.2018 (KS 051/18) Formål Etiske retningslinjer har til formål å sikre en god praksis og definere felles standarder for folkevalgte

Detaljer

Rutine for varsling av kritikkverdige forhold i Seljord kommune.

Rutine for varsling av kritikkverdige forhold i Seljord kommune. Rutine for varsling av kritikkverdige forhold i Seljord kommune. INTERN VARSLINGSRUTINE Bakgrunn Frå 1. januar 2007 blei det innført nye regler for varsling av kritikkverdige forhold, jf arbeidsmiljøloven

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINJER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I HJELMELAND KOMMUNE (KSAK 039/17)

ETISKE RETNINGSLINJER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I HJELMELAND KOMMUNE (KSAK 039/17) ETISKE RETNINGSLINJER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I HJELMELAND KOMMUNE (KSAK 039/17) Hjelmeland kommune er ansvarleg for grunnleggjande velferdstenester og forvaltar store ressursar på vegne av fellesskapet.

Detaljer

TYSNES KOMMUNE Rådhuset Uggdalsvegen UGGDAL Telefon TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

TYSNES KOMMUNE Rådhuset Uggdalsvegen UGGDAL Telefon TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER TYSNES KOMMUNE Rådhuset Uggdalsvegen 301 5685 UGGDAL Telefon 53437014 TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER INNHALD 1 OM RETNINGSLINENE... 3 1.1 Kva er etikk... 3 1.2 Føremål... 3 1.3 Omfang... 3 1.4 Verknadstid

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINER. Saman for folk i Finnøy

ETISKE RETNINGSLINER. Saman for folk i Finnøy FINNØY KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER Saman for folk i Finnøy Retningslinjene er meint som eit tillegg til lovverket som styrer kommunal verksemd (forvaltningslov, offentligheitslov, kommunelov, plan og

Detaljer

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE Vedteke i Tysnes kommunestyre 12. desember 2007 Revidert i Tysnes kommunestyre 16. desember 2010 UGGDAL, 03.01.2011 Saksnr. Dok.nr

Detaljer

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE TYSNES KOMMUNE Rådhuset Uggdalsvegen 301 5685 UGGDAL Telefon 53437014 TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE INNHALD 1 FØREMÅL... 3 2 OMFANG... 3 3 DEFINISJONAR... 3

Detaljer

Mandal kommune. Etiske regler For ansatte og folkevalgte i Mandal kommune. Vedtatt av bystyret:

Mandal kommune. Etiske regler For ansatte og folkevalgte i Mandal kommune. Vedtatt av bystyret: Mandal kommune Etiske regler For ansatte og folkevalgte i Mandal kommune Vedtatt av bystyret: Hvorfor etiske regler? Etikk handler om at vi skal kunne stå for valgene vi gjør som ansatt eller i rollen

Detaljer

Etiske retningslinjer for folkevalgte og ansatte Kongsberg kommune.

Etiske retningslinjer for folkevalgte og ansatte Kongsberg kommune. Etiske retningslinjer for folkevalgte og ansatte Kongsberg kommune. Vedtatt 11/9 2013 1 Etiske retningslinjer for folkevalgte og ansatte i Kongsberg kommune. Vedtatt 11/9 2013, administrativt revidert

Detaljer

Etiske retningslinjer i Fjord1. Fjord1 slik gjer vi det.

Etiske retningslinjer i Fjord1. Fjord1 slik gjer vi det. Etiske retningslinjer i Fjord1 Fjord1 slik gjer vi det www.fjord1.no Personleg åtferd Fjord1 krev høg etisk standard av alle som handlar på vegne av selskapet. Tilsette må rette seg etter dei til ei kvar

Detaljer

Etiske retningsliner for folkevalde og tilsette i Gol kommune

Etiske retningsliner for folkevalde og tilsette i Gol kommune Arkivkode Vår ref. Dykkar ref. Dato 007 &00 08/432-1 - AKV 12.02.2008 Etiske retningsliner for folkevalde og tilsette i Gol kommune Behandla i kommunestyre i møte 06.05.08 sak 41/08 Vedlegg til Leiarperm

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINER FOR TILSETTE OG FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE (herunder eigne foretak og heileigde selskap)

ETISKE RETNINGSLINER FOR TILSETTE OG FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE (herunder eigne foretak og heileigde selskap) ETISKE RETNINGSLINER FOR TILSETTE OG FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE (herunder eigne foretak og heileigde selskap) Vedteke av kommunestyret 19. november 2015 i sak 92/15. Innhald 1. FØREMÅL... 2 2. GRUNNLEGGJANDE

Detaljer

Etiske retningslinjer

Etiske retningslinjer Etiske retningslinjer for Hitra kommune Vedtatt av Hitra kommunestyre den 13.12.12 1 Innholdsfortegnelse 1. Innledning.... 3 2. Generelt... 3 3. Omdømme myndighetsmisbruk... 3 4. Åpenhet og varsling...

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINJER

ETISKE RETNINGSLINJER ETISKE RETNINGSLINJER HORTEN KOMMUNE Administrasjonssjefen har det overordnede ansvaret for de etiske retningslinjene og for at disse blir fulgt. Kommunalsjefer og ledere av underliggende enheter har et

Detaljer

Revisjon av dei etiske retningslinene

Revisjon av dei etiske retningslinene ØKONOMI - OG ORGANISASJONSAVDELINGA Arkivnr: 2014/23249-12 Saksbehandlar: Johan J Meyer Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Hovudarbeidsmiljøutvalet 12.05.2017 Administrasjonsutvalet 18.05.2017

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINJER

ETISKE RETNINGSLINJER ETISKE RETNINGSLINJER FOR STATENS INNKJØPSSENTER Publisert: 04. juli 2016 Versjon 01 1 INNHOLD 2 BAKGRUNN OG HOVEDPRINSIPPER... 1 3 HVEM RETNINGSLINJENE GJELDER FOR... 1 4 OMDØMME... 2 5 HABILITET...

Detaljer

Etiske retningslinjer for Vestby kommune

Etiske retningslinjer for Vestby kommune Etiske retningslinjer for Vestby kommune Vedtatt av kommunestyret 9. desember 2016 1. INNLEDNING Etiske retningslinjer kan sies å danne en norm for hva som er god og ansvarlig opptreden. Målet med de etiske

Detaljer

INNKJØPSREGLEMENT FOR

INNKJØPSREGLEMENT FOR INNKJØPSREGLEMENT FOR DOVRE LESJA LOM SEL SKJÅK VÅGÅ KOMMUNAR INNHALDSLISTE Innleiing 3 1. MÅL FOR INNKJØPSARBEIDET... 1.1 Ansvar...... 3 3 1.2 Grunnleggjande prinsipp for innkjøp... 3 1.3 Etiske prinsipp

Detaljer

HJELP TIL Å HANDLE OG VELGE RIKTIG

HJELP TIL Å HANDLE OG VELGE RIKTIG HJELP TIL Å HANDLE OG VELGE RIKTIG Etiske RINGERIKE KOMMUNE retningslinjer VEDTATT AV KOMMUNESTYRET MARS 2017 ETISKE RETNINGSLINJER HJELP TIL Å HANDLE OG VELGE RIKTIG NYSKAPENDE ÆRLIG Etikk innebærer å

Detaljer

Etiske retningslinjer for ansatte og folkevalgte

Etiske retningslinjer for ansatte og folkevalgte Etiske retningslinjer for ansatte og folkevalgte Vedtatt av Administrasjonsutvalget i sak 07/669 den 21.9.2007 Side 1 av 5 Innhold Formål... 3 Lojalitet, respekt og forståelse... 3 Ansvar... 3 Taushetsplikt

Detaljer

REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL

REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL Vedteke i Kommunestyret Dato : 18.2.2004 Sak : 04/2004 15.11.03 - Reglement for politiske utval 2003 2007 K-sak? - side 1 1. KOMMUNESTYRET OG ANDRE FOLKEVALDE ORGAN SIN RETT

Detaljer

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI 1 INNLEEING... 3 1.1 Rådmannen sitt forord... 3 1.2 Lov og forskrift... 3 2 ARBEIDSGJEVARSTRATEGI... 4 2.1 Etikk og samfunnsansvar:... 5 2.2 Politikk og administrasjon:...

Detaljer

Arbeidsmiljølova gjev arbeidstakarar rett til å varsla om kritikkverdige tilhøve i eiga verksemd:

Arbeidsmiljølova gjev arbeidstakarar rett til å varsla om kritikkverdige tilhøve i eiga verksemd: Varsling: Rettleiing for deg som mottek eit varsel Rutine og sakshandsamingsprinsipp 1. Innleiing Fedje kommune ønskjer at kritikkverdige tilhøve i kommunen vert avdekka og rydda opp i. Tilsette og andre

Detaljer

ARBEIDSREGLEMENT FOR SUNNFJORD KOMMUNE

ARBEIDSREGLEMENT FOR SUNNFJORD KOMMUNE ARBEIDSREGLEMENT FOR SUNNFJORD KOMMUNE 1 Målsetting og omfang Arbeidsreglementet skal vise dei krav og forventningar Sunnfjord kommune har til sine tilsette. Det skal òg bidra til at arbeidsvilkåra er

Detaljer

Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i. Aukra kommune E-phorte: sak 2017/1076. Vedteke: PS

Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i. Aukra kommune E-phorte: sak 2017/1076. Vedteke: PS Aukra kommune Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Aukra kommune 2018-2022 E-phorte: sak 2017/1076 Vedteke: PS ETISKE RETNINGSLINJER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I AUKRA KOMMUNE Definisjon

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINJER I MODUM KOMMUNE

ETISKE RETNINGSLINJER I MODUM KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINJER I MODUM KOMMUNE Vedtatt av kommunestyret 29.03.2016 ETISKE RETNINGSLINJER For ansatte og folkevalgte i Modum kommune Virksomhetskulturen i Modum kommune skal gjenspeile etiske kjerneverdier.

Detaljer

LYNGEN KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINJER

LYNGEN KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINJER LYNGEN KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINJER VEDTATT AV LYNGEN KOMMUNESTYRE I SAK 60/13 I MØTE 16.12.13 I tillegg til tidligere vedtatte etiske retningslinjer, avløser dette dokumentet «Reglement for registrering

Detaljer

Generelle retningsliner for konflikthandtering i Flora kommune

Generelle retningsliner for konflikthandtering i Flora kommune Generelle retningsliner for konflikthandtering i Flora kommune FLORA KOMMUNE Vedteke i administrasjonsutvalet, sak 009/15, dato 27.10.2015 Skrevet av: Personalsjef Trond Ramstad Olsen RETNINGSLINER FOR

Detaljer

Folkevalgte og ansatte skal være seg bevisst at de danner grunnlaget for innbyggernes tillit og holdning til kommunen.

Folkevalgte og ansatte skal være seg bevisst at de danner grunnlaget for innbyggernes tillit og holdning til kommunen. Reglement for etikk Kommunestyrets vedtak 18. september 2007 1. Generelle bestemmelser 1.1. Generelle holdninger Siljan kommune legger stor vekt på at folkevalgte og ansatte framstår med redelighet, ærlighet

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINJER FOR ANSATTE OG FOLKEVALGTE I TVEDESTRAND KOMMUNE

ETISKE RETNINGSLINJER FOR ANSATTE OG FOLKEVALGTE I TVEDESTRAND KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINJER FOR ANSATTE OG FOLKEVALGTE I TVEDESTRAND KOMMUNE Vedtatt av kommunestyret i sak 29/18 den 13.03.2018 Side 1 av 5 Innhold 1.0 Formål... 3 2.0 Lojalitet, respekt og forståelse... 3

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINJER FOR HORTEN

ETISKE RETNINGSLINJER FOR HORTEN ETISKE RETNINGSLINJER FOR HORTEN KOMMUNE Kortversjon vedtatt av kommunestyret 19.11.2007 1. GENERELLE BESTEMMELSER Ansatte og folkevalgte i kommunen skal ledes av både allmennetiske og forvaltningsetiske

Detaljer

«Det du gjør som tjenestemann i Alvdal kommune skal til enhver tid tåle offentlighetens lys»

«Det du gjør som tjenestemann i Alvdal kommune skal til enhver tid tåle offentlighetens lys» 1 ALVDAL KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINJER «Det du gjør som tjenestemann i Alvdal kommune skal til enhver tid tåle offentlighetens lys» Retningslinjene er ment som et supplement til lovverket som styrer kommunens

Detaljer

Etiske retningslinjer

Etiske retningslinjer SIRDAL KOMMUNE Etiske retningslinjer For folkevalgte og medarbeidere i Sirdal kommune Vedtatt i kommunestyre 26.06.10, sak 10/53 Etiske retningslinjer for folkevalgte og medarbeidere i Sirdal kommune 1.

Detaljer

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar SKODJE KOMMUNE Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar Vedtatt i kommunestyret 24.05.2016 Innhald 1. Føremål... 2 2. Etikk... 2 3. Val og samansetjing...

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINJER I MODUM KOMMUNE

ETISKE RETNINGSLINJER I MODUM KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINJER I MODUM KOMMUNE Vedtatt av kommunestyret xx.xx.2016 ETISKE RETNINGSLINJER For ansatte og folkevalgte i Modum kommune Virksomhetskulturen i Modum kommune skal gjenspeile etiske kjerneverdier.

Detaljer

vvv Et levende øyrike ETISKE RETNINGSLINJER FOR KARLSØY KOMMUNE Behandling: AMU 5/ Vedtatt kommunestyret 15/

vvv Et levende øyrike ETISKE RETNINGSLINJER FOR KARLSØY KOMMUNE Behandling: AMU 5/ Vedtatt kommunestyret 15/ vvv Et levende øyrike ETISKE RETNINGSLINJER FOR KARLSØY KOMMUNE Behandling: AMU 5/12-2016 Vedtatt kommunestyret 15/12-2016. 1. Innledning Etiske retningslinjer er et sett av normer og verdier som legges

Detaljer

Etiske retningsliner for folkevalde og tilsette i Hemsedal kommune Vedteke av Hemsedal kommunestyre 7.februar 2008

Etiske retningsliner for folkevalde og tilsette i Hemsedal kommune Vedteke av Hemsedal kommunestyre 7.februar 2008 Arkivkode Arkivsaknr. Dato 007 &00.. 15. januar 2008 Etiske retningsliner for folkevalde og tilsette i Hemsedal kommune Vedteke av Hemsedal kommunestyre 7.februar 2008 GENERELT Hemsedal kommune legg stor

Detaljer

Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den 11.12.2008

Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den 11.12.2008 Rutine for varsling FORORD Vedteke i kommunestyret den 11.12.2008 Rutinar for varsling skal vere ein beredskap når lovstridige, uetiske eller uforsvarlege forhold vert oppdaga og må stoppast. Masfjorden

Detaljer

Møteinnkalling. Partssamansett utval Nye Øygarden kommune Skjenet 2, møterom i andre etasje. Dato: Tid: 09:00 11:00

Møteinnkalling. Partssamansett utval Nye Øygarden kommune Skjenet 2, møterom i andre etasje. Dato: Tid: 09:00 11:00 Møteinnkalling Utval: Møtestad: Dato: 23.04.2019 Tid: 09:00 11:00 Partssamansett utval Nye Øygarden kommune Skjenet 2, møterom i andre etasje Forfall med grunngjeving må meldast snarast på e-post politisksekretariat@nyeoygardenkommune.no

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINJER FOR ANSATTE I SKI KOMMUNE

ETISKE RETNINGSLINJER FOR ANSATTE I SKI KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINJER FOR ANSATTE I SKI KOMMUNE 01.06.06 Vedtatt av kommunestyret 14.06.06. Forord: Etisk kvalitet i tjenesteytingen og myndighetsutøvelse er en forutsetning for at våre innbyggere skal

Detaljer

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE Side 1 av 5 PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE 1. Delegasjon 1.1. Kva: Delegasjon inneber at nokon (A) med mynde gir ein annan (B) mynde av same art som ein sjølv (A) har. Ein delegasjon frå kommunestyret

Detaljer

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN Vedteke i Tysnes kommunestyre 12. april 2000 Revidert i Tysnes kommunestyre 26. april 2016 1. Delegering etter kommunelova Med heimel i kommunelova 23,

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINJER FOR NEDRE EIKER KOMMUNE

ETISKE RETNINGSLINJER FOR NEDRE EIKER KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINJER FOR NEDRE EIKER KOMMUNE Vedtatt i kommunestyret 15. juni 2016 1 Etiske retningslinjer for ansatte og folkevalgte i Nedre Eiker kommune. Etiske normer uttrykker hva som er rett og

Detaljer

Etiske retningslinjer for Herøy kommune. -Å pen og redelig-

Etiske retningslinjer for Herøy kommune. -Å pen og redelig- Etiske retningslinjer for Herøy kommune. -Å pen og redelig- Innhold 1. Generelt... 2 1.1. Ansvar... 2 1.2. Hensynet til innbyggerne... 2 1.3. Hensynet til kommunens omdømme... 2 1.4. Hensynet til kolleger

Detaljer

ADMINISTRATIVT DELEGERINGSREGLEMENT

ADMINISTRATIVT DELEGERINGSREGLEMENT ADMINISTRATIVT DELEGERINGSREGLEMENT Vedteke av prosjektrådmann 28. MAI 2019 VOSS HERAD 1. BAKGRUNN For å sikra og utvikla eit funksjonsdyktig og levande lokaldemokrati, ei rasjonell og effektiv forvaltning,

Detaljer

Etiske retningslinjer og rutiner for varsling

Etiske retningslinjer og rutiner for varsling Saltdal kommune Etiske retningslinjer og rutiner for varsling for Saltdal kommune Vedtatt av kommunestyret 27.10.2016 Innhold 1 Formål... 2 2 Folkevalgte og ansatte... 2 2.1 Verdiforankring... 2 2.2 Møte

Detaljer

Etiske retningslinjer for folkevalgte og ansatte i VFK. Sist godkjent dato:

Etiske retningslinjer for folkevalgte og ansatte i VFK. Sist godkjent dato: Etiske retningslinjer for folkevalgte og ansatte i VFK Sist godkjent dato: 14.09.2011 Emnekategori Styrende dokumenter Dokumenttittel Etiske retningslinjer for folkevalgte og ansatte i VFK Organisasjonsnivå

Detaljer

Aurland kommune Rådmannen

Aurland kommune Rådmannen Aurland kommune Rådmannen Kontrollutvalet i Aurland kommune v/ sekretriatet Aurland, 07.10.2013 Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Arkiv 13/510-3 Steinar Søgaard, K1-007, K1-210, K3- &58 Kommentar og innspel

Detaljer

Etiske retningslinjer. for ansatte og folkevalgte i Molde kommune

Etiske retningslinjer. for ansatte og folkevalgte i Molde kommune Etiske retningslinjer for ansatte og folkevalgte i Molde kommune Hvorfor etiske retningslinjer? Molde kommune ønsker å være en organisasjon med en god etisk praksis. De etiske retningslinjene skal være

Detaljer

Kommunikasjonsstrategi

Kommunikasjonsstrategi Kommunikasjonsstrategi Jølster kommune 2015 2020 Vedteke av kommunestyret sak 028/15 28.04.2015 INNLEIING Jølster kommune har definerte mål i overordna planar vedtatt av Jølster kommunestyre. Dette er

Detaljer

Etiske regler for ansatte og politikere i Molde kommune

Etiske regler for ansatte og politikere i Molde kommune Etiske regler for ansatte og politikere i Molde kommune Hjelp til å ta de riktige valgene Her settes inn et passende bilde. Lay-out må tilpasses Nye Molde kommune. Det vil bli laget lederveiledning til

Detaljer

Etiske retningslinjer. gjeldende for politikere og ansatte i. Skiptvet Kommune

Etiske retningslinjer. gjeldende for politikere og ansatte i. Skiptvet Kommune SKIPTVET KOMMUNE Klart vi kan! Kvalitet Engasjement - Samspill Etiske retningslinjer gjeldende for politikere og ansatte i Skiptvet Kommune Vedtatt av kommunestyret i sak 48 /2008 og revidert i K.sak 28/2011

Detaljer

(Her skal det settast inn eit bilete ihht. grafisk profilmal) Etiske retningslinjer for Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret

(Her skal det settast inn eit bilete ihht. grafisk profilmal) Etiske retningslinjer for Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret (Her skal det settast inn eit bilete ihht. grafisk profilmal) Etiske retningslinjer for Åmli kommune Vedteke i kommunestyret 29.10.2009, sak K 09/129 INNHALD: Innleiing...3 Habilitet...3 Bruk av kommunalt

Detaljer

FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16)

FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16) FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16) 1.1 Føremål Føremålet med dette reglementet er: Gje hovudretningsliner for arbeidet i dei politiske organa Gje einsarta og like retningsliner for

Detaljer

Etiske retningslinjer for folkevalgte og ansatte i Loppa kommune

Etiske retningslinjer for folkevalgte og ansatte i Loppa kommune Etiske retningslinjer for folkevalgte og ansatte i Loppa kommune Vedtatt i kommunestyre 22.06.17 i sak 22/17 Generelt Loppa kommune legger stor vekt på redelighet, ærlighet og åpenhet i all sin virksomhet.

Detaljer

ETISK VEILEDER. for ansatte i Akershus fylkeskommune

ETISK VEILEDER. for ansatte i Akershus fylkeskommune ETISK VEILEDER for ansatte i Akershus fylkeskommune NAVIGASJONSHJULET Er det lovlig? Lar det seg begrunne? ETIKK JUS IDENTITET Er det i samsvar med verdiene våre? Hva bør du gjøre? ØKONOMI MORAL Lønner

Detaljer

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI ARBEIDSGJEVARSTRATEGI PersonalPolitiske verdiar Stram arbeidsmarknad Vi vil: vera opne og ærlege Vi vil: samarbeida Auka behov for arbeidskraft Vi vil: visa respekt og likeverd for kvarandre Vi vil: gi

Detaljer

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE FOR KOMMUNALE FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE FOR KOMMUNALE FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE REGLEMENT FOR GODTGJERSLE FOR KOMMUNALE FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE 1. KVEN REGLEMENTET GJELD FOR Reglementet gjeld for kommunale folkevalde i Hareid kommune. Som folkevald vert rekna medlemer av kommunestyret,

Detaljer

Etiske retningslinjer. for folkevalgte og ansatte

Etiske retningslinjer. for folkevalgte og ansatte Etiske retningslinjer for folkevalgte og ansatte Oppegård kommunes etiske standard skal hjelpe ansatte og andre som jobber for kommunen med å ta riktige valg i jobbsituasjonen. Husk at vi forvalter samfunnets

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINJER OG RETNINGSLINJER FOR VARSLING I RINGEBU KOMMUNE

ETISKE RETNINGSLINJER OG RETNINGSLINJER FOR VARSLING I RINGEBU KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINJER OG RETNINGSLINJER FOR VARSLING I RINGEBU KOMMUNE Ringebu kommune har utarbeidet etiske retningslinjer for alle ansatte for å sikre en uavhengig forvaltning. Kommunestyret vedtok 29.01.2009

Detaljer

REGLEMENT FOR MØTEGODTGJERSLE, DEKKING AV TAPT ARBEIDSFORTENESTE OG UTGIFTER ELLES I HØVE POLITISKE VERV I VOLDA KOMMUNE.

REGLEMENT FOR MØTEGODTGJERSLE, DEKKING AV TAPT ARBEIDSFORTENESTE OG UTGIFTER ELLES I HØVE POLITISKE VERV I VOLDA KOMMUNE. REGLEMENT FOR MØTEGODTGJERSLE, DEKKING AV TAPT ARBEIDSFORTENESTE OG UTGIFTER ELLES I HØVE POLITISKE VERV I VOLDA KOMMUNE. Vedteke av Volda kommunestyre i møte 30.09.93, sak 159/93, endra i møte 22.06.94,

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Etiske retningslinjer i Nasjonalbiblioteket

Etiske retningslinjer i Nasjonalbiblioteket Etiske retningslinjer i Nasjonalbiblioteket 1. Innledning... 3 2. Generelle bestemmelser... 3 2.1. Hensynet til brukerne... 3 2.2. Hensynet til NBs omdømme... 4 3. Lojalitet... 4 3.1. Lydighetsplikt...

Detaljer

Etiske retningslinjer

Etiske retningslinjer Etiske retningslinjer For ansatte og folkevalgte i Kvinesdal kommune Utgave Beskrivelse Dato 1 For godkjenning 7.5.17 2 Kommentarer fra høringsrunden inkludert, for godkjenning 16.5.18 Etiske retningslinjer

Detaljer

Verdier og etisk reglement for Tingvoll kommune

Verdier og etisk reglement for Tingvoll kommune Verdier og etisk reglement for Tingvoll kommune Formål og virkeområde Formålet med Tingvoll kommunes verdier og etiske retningslinjer, er å sikre en felles plattform, definere felles standarder og bidra

Detaljer

GAVER, REPRESENTASJON OG UTGIFTSDEKNING Særskilt veiledning til forretningsetiske retningslinjer i EVRY

GAVER, REPRESENTASJON OG UTGIFTSDEKNING Særskilt veiledning til forretningsetiske retningslinjer i EVRY GAVER, REPRESENTASJON OG UTGIFTSDEKNING Særskilt veiledning til forretningsetiske retningslinjer i EVRY BAKGRUNN Forretningsetiske retningslinjer Korrupsjon og bestikkelser 2.6 EVRY tar avstand fra alle

Detaljer

IKT-reglement for kommunane i SING

IKT-reglement for kommunane i SING IKT-reglement for kommunane i SING Det er lagt ned eit stort arbeid, både teknisk og organisatorisk, for å etablere eit godt fundament for ei trygg og god digital forvaltning og tenesteyting i kommunane.

Detaljer

Folkevalgte og ansatte skal være seg bevisst at de danner grunnlaget for innbyggernes tillit og holdning til kommunen.

Folkevalgte og ansatte skal være seg bevisst at de danner grunnlaget for innbyggernes tillit og holdning til kommunen. Reglement for etikk Kommunestyrets vedtak 5. februar 2019 Erstatter kommunestyrets vedtak 18. september 2007 1. Generelle bestemmelser 1.1. Generelle holdninger Siljan kommune legger stor vekt på at folkevalgte

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINJER. For personer i tjeneste for Nordland fylkeskommune

ETISKE RETNINGSLINJER. For personer i tjeneste for Nordland fylkeskommune ETISKE RETNINGSLINJER For personer i tjeneste for Nordland fylkeskommune 2 INNLEDNING Personer i fylkeskommunal tjeneste er ansatte, politikere, tillitsvalgte, personer i fylkeskommunale råd og utvalg

Detaljer

SAKSPAPIR. Arkiv: Kl -060 SAKSGANG. Styre, råd, utval m.v. Motedato /07. Arkivsaknr : 07/

SAKSPAPIR. Arkiv: Kl -060 SAKSGANG. Styre, råd, utval m.v. Motedato /07. Arkivsaknr : 07/ Fra: Inger Helen Hellesund Sendt : 03.01.2008 Til: Postmottak KRD Kopi: Emne: 98131 2 P Vedlagt oversendes formannskapet sitt vedtak i møte den 19.12.2007 sak 168/07. ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINJER

ETISKE RETNINGSLINJER ETISKE RETNINGSLINJER for ULLENSAKER KOMMUNE Vedtatt av Ullensaker herredstyre 29.06.99 i sak 36/99. Sist endret 03.09.07 i HST sak 76/07. 1 Verdigrunnlag og formål Ullensaker kommune legger stor vekt

Detaljer

1.1.3 a) Leiarane i Planutvalet 4 % av ordførargodtgjersle ,-

1.1.3 a) Leiarane i Planutvalet 4 % av ordførargodtgjersle ,- Reglement for GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE i Fusa kommune - vedteke i kommunestyret 20.02.13. Revidert av kommunestyret i sak nr 30 /2017 den 27.04.2017: Vedtaket er innarbeidd i reglementet nedanfor: Reglement

Detaljer

Etiske retningslinjer. gjeldende for. politikere, ansatte og oppdragstakere i Skiptvet Kommune

Etiske retningslinjer. gjeldende for. politikere, ansatte og oppdragstakere i Skiptvet Kommune SKIPTVET KOMMUNE Klart vi kan! Kvalitet Engasjement - Samspill Etiske retningslinjer gjeldende for politikere, ansatte og oppdragstakere i Skiptvet Kommune Vedtatt av kommunestyret i sak 48 /2008 og revidert

Detaljer

HEMNE KOMMUNE Etiske retningslinjer Vedtatt av kommunestyret i sak 13/11 den 22.03.11

HEMNE KOMMUNE Etiske retningslinjer Vedtatt av kommunestyret i sak 13/11 den 22.03.11 10/2773-6 007 HEMNE KOMMUNE Etiske retningslinjer Vedtatt av kommunestyret i sak 13/11 den 22.03.11 Etiske retningslinjer for Hemne kommune Vedtatt i Kommunestyret 22.03.2011, sak 13/11 Ansatte og folkevalgte

Detaljer

Saman om ein betre kommune

Saman om ein betre kommune 15 feb 2012 Saman om ein betre kommune Nettverk omdømme 16.02.2012 Attraktive arbeidsgjevarar Lom kommune sitt omdømmearbeid -Korleis måle framgangen i prosjekta? -Prosessmål og resultatmål -Døme på måling

Detaljer

1. GENERELLE BESTEMMELSER

1. GENERELLE BESTEMMELSER Horten kommune «Soa_Navn» Saksbehandler: Direkte telefon: Vår ref.: Arkiv: Deres ref.: «Sbr_Navn» «Sbr_Tlf» «Sdo_DokID» / «Sas_ArkivSakID» - «Sdo_DokNr» «Sas_ArkivID» Dato: «Sdo_DokDato» KVALITETSHÅNDBOK

Detaljer

Vi skal være skapende Olav Thon (90 år)

Vi skal være skapende Olav Thon (90 år) 1 Vi skal være skapende Olav Thon (90 år) I tråd med Olav Thons visjon skal vi ha våre etiske retningslinjer med oss når vi skaper verdier. Dette er viktig for å bygge tillit blant våre medarbeidere, gjester,

Detaljer

SOGNDAL KOMMUNE. Retningsliner for intern varsling

SOGNDAL KOMMUNE. Retningsliner for intern varsling SOGNDAL KOMMUNE Retningsliner for intern varsling Vedteke i administrasjonsutvalet den 24.09.08 Revidert i administrasjonsutvalet den 21.12.12, sak 2/12. 1 Rutinar for intern varsling i Sogndal kommune

Detaljer

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Vedteke i kommunestyret 12.12.2013, sak K 13/169 Endra i kommunestyret 27.8.2015, sak K 15/96 Gjeldande frå ny kommunestyreperiode 2015-2019 INNHALD:

Detaljer

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune I. INNLEIING Formål I Hordaland fylkeskommune er det ønskjeleg at tilsette seier frå dersom dei får kjennskap til kritikkverdige forhold i fylkeskommunen.

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINJER

ETISKE RETNINGSLINJER RANDABERG KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINJER Retningslinjene er ment som et supplement til lovverket som styrer kommunens virksomhet (forvaltningsloven, offentlighetsloven, kommuneloven, særlover) Vedtatt av

Detaljer

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Nye kommunar i Møre og Romsdal Nye kommunar i Møre og Romsdal INFO-skriv nr. 2/2017 Innhald 1. Krav til felles kommunestyremøte 2. Unntak frå krav om felles kommunestyremøte 3. Saksbehandling fram til kongeleg resolusjon 4. Nærare om

Detaljer

RANDABERG KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINJER OKTOBER Etiske retningslinjer. Randaberg kommune. Elevregler på Harestad skole Foto: Ove Tennfjord

RANDABERG KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINJER OKTOBER Etiske retningslinjer. Randaberg kommune. Elevregler på Harestad skole Foto: Ove Tennfjord RANDABERG KOMMUNE OKTOBER 2010 ETISKE RETNINGSLINJER Etiske retningslinjer Randaberg kommune Elevregler på Harestad skole Foto: Ove Tennfjord Randaberg kommune Etiske retningslinjer Retningslinjene er

Detaljer

Etiske retningslinjer for folkevalgte og ansatte i Flekkefjord kommune

Etiske retningslinjer for folkevalgte og ansatte i Flekkefjord kommune Etiske retningslinjer for folkevalgte og ansatte i Flekkefjord kommune Revidert av Flekkefjord bystyre 11.05.2017 sak 23/17. - --...- - 1. Innledning Flekkefjord kommunes virksomhet skal være tillitsskapende

Detaljer

1. Retningslinjene. Vedtatt: Kommunestyret/ k-sak 82/09 Dato:

1. Retningslinjene. Vedtatt: Kommunestyret/ k-sak 82/09 Dato: 1. Retningslinjene Vedtatt: Kommunestyret/ k-sak 82/09 Dato: 19.11.2009 Retningslinjene gjelder for kommunens folkevalgte og ansatte. Kommunestyret anmoder kommunalt eide selskaper om å innføre tilsvarende

Detaljer

Etiske retningslinjer for føretaksgruppa Helse Vest

Etiske retningslinjer for føretaksgruppa Helse Vest Etiske retningslinjer for føretaksgruppa Helse Vest 0 Generelt Vi i føretaksgruppa Helse Vest (heretter kalla Helse Vest) 1 har ansvar for å yte spesialisthelsetenester til befolkninga på Vestlandet.

Detaljer

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den SEKOM-sekretariat www.sekom.no post@sekom.no Notat Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den 26.3.15 Dato: 12.11.2014 Vår referanse: 14/698 Arkiv: FE-033, Komnr-1433

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: VALNEMND Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: Etter val av valnemnd i kommunestyret SAKLISTE

MØTEINNKALLING. Utval: VALNEMND Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: Etter val av valnemnd i kommunestyret SAKLISTE MØTEINNKALLING Utval: VALNEMND Møtestad: Rådhuset : 27.10.2011 Tid: Etter val av valnemnd i kommunestyret SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/11 11/794 VAL AV ADMINISTRASJONSUTVAL 2011-2015 2/11 11/795

Detaljer

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023 Vestnes kommune MIDT I BLINKEN Arbeidsgjevarpolitikk 2019-2023 Arbeidsgjevarstrategi mot 2023 Vedtatt av Vestnes kommunestyre 23. mai 2019 VESTNES KOMMUNE ARBEIDSGARSTRATEGI MOT 2023 Innleiing Vestnes

Detaljer