Årsmelding 2012 Fusa sokneråd A. Innleiing 2012 har vore eit år med stort engasjement arbeid med ny gudstenesteordning bispevisitas stor opprusting av Fusa kyrkje, Strandvik kyrkje og Visitasgudsteneste 2. september 2012 Baldersheim kapell eit år med masse dugnad og endringar i ressurstilgang med m.a. reduksjon av om lag 40% presteressurs og reduksjon i statlege løyvingar til trusopplæringsarbeidet vårt. Bispevisitasen vart til inspirasjonsjon for mange. Det vedlagde visitasføredraget summerer opp biskopen sine inntrykk frå visitasen. I dette ligg også ei vurdering av kyrkjelydsarbeidet, som vi legg til grunn for årsmeldinga og årsmøtet. Denne meldinga innheld såleis fyrst og fremst korte faktaopplysingar, illustrert med bilete frå kyrkjelyden sitt liv. B. Gudstenester Gudstenestene er pulsslaget i kyrkjelyden! Sjølv om ein har hatt færre gudstenester i 2012 enn 2011, er samla oppslutning om gudstenestene relativt stabil. I 2012 hadde vi i Fusa 110 gudstenester med til saman 8051 deltakarar. Gjennomsnitts-deltakinga har auka frå 72 i 2011 til 73,2 i 2012. Talet på nattverddeltakarar har hatt ei stor auke frå 1480 i 2011 til 1770 i 2012. Det vart innført ny gudstenesteliturgi frå 1.sundag i advent. Årsmøtet vert invitert til å kome med førebelse reaksjonar på denne. Om lag 25 av gudstenestene er familiegudstenester. Dei fleste av desse er knytte til ulike faser i trusopplæringa. Friluftsgudsteneste i Lygrepollen C. Trusopplæring Trusopplæring har vore eit satsingsområde gjennom mange år og aldersspekteret er 0-18 år! Vi hadde 44 dåp i 2012 (46 i 2011). Av dåpsborna var 31 busett i Fusa (34). Vi har stor oppslutning om trusopplæringsarbeidet; kring 90% på nokre av tiltaka. Av arbeid kan nemnast m.a.: Musikk ved livets begynnelse tilbod for born 0-2 år med føresette. 40 deltakarar. Tiltaket skjer i samarbeid med Fusa kommune, men soknerådet har det daglege ansvaret for gjennomføringa. Foreldrefest tilbod til dei som har fått barnet sitt døypt det siste året. Ca 70 deltakarar. Musikk ved livets begynnelse Familiemix ei familiegudstenesteform der ein ønskjer å samle alle generasjonar! Samstundes skal det vere lagt til rette for borna. Til vanleg 90 110 deltek. Familiemix 1
3-årsfasen Adventsamling eit tilbod for alle døypte treåringar, knytt til advent og førebuing til jul. Ca 20 deltok. 4-årsfasen eit tilbod til alle døypte 4-åringar. Fellessamling og utdeling av Barne-Bibel i lokalkyrkja til 36 born. Dåpsskule Felles 4-årssamling 6-årsfasen Dåpsskule eit tilbod som er under utvikling kring i soknet. Gjev 6-åringane grunnleggjande kunnskap og oppleving av kristen tru gjennom ulike aktivitetar. 22 born deltok i 2012 8-årsfasen Tårnagenthelg eit helgetilbod til alle døypte 8- åringar, som gjev grunnleggjande kyrkjekunnskap. 20 born deltok. Tårnagentene i Hålandsdal kyrkje Misjonstivoli 9-10-årsfasen Misjonsdag/Misjonstivoli. Misjon er eit viktig tema i trusopplæringa. Til saman meir enn 100 var med på tivoliet. 11-årsfasen NyTestamente m.m. eit tilbod til 11-åringane. 36 born fekk NyTestamente Konfirmantåret eit omfattande tilbod til alle 14- åringane. I 2012/2013 om lag 95% oppslutning! 39 vart konfirmerte i 2012 (46). Kyrkjelyden driv sundagsskule i Fusa kyrkje når der er høgmesse. Konfirmantane på leir 2
Ungdomsarbeid her har ein ungdomsklubb i Eikelandsosen og Fusa. Klubbane er eit lavterskeltilbod for ungdomane i soknet, som skaper fellesskap og gjev grunnleggjande trusopplevingar. Der er kveldsmøte og eit eige opplegg som heiter Basic for ungdomar som ønskjer meir djupnetilbod om den kristne trua. Ungdomsklubben samla i 2012 gj.sn. 44 deltakarar, dvs. om lag 1/3 av målgruppa. D. Diakoni På ungdomsklubben Diakoni Diakoniutvalet har sett fokus på fellesskap og omsorg, og dessutan Fairtrade og internasjonal diakoni. Nødhjelpsarbeid er ein del av det. I samarbeid med frivilligsentralen har ein tilbod om besøksteneste. Det vart gjennomført 75 besøk. Nødhjelp Det mest kjende er den årlege fasteaksjonen. Konfirmantar klar med fastebøssene Grøn kyrkjelyd Fusa er grøn kyrkjelyd og er bevisst på bruk av fairtradevarer. Institusjonstenester Det vart gjennomført 58 institusjonsandaktar og mange besøk til enkeltpersonar på institusjonane Rusførebyggjande arbeid Det rusførebyggjande arbeidet skjer særleg på ungdomsnivå gjennom soknerådet sine vekefaste ungdomstilbod. Ungdomsklubben som ofte samlar meir enn 40 ungdomar er eit godt røsførebyggjande tiltak! E. Misjon Fusa sokneråd prioriterte misjon i 2012. Frå 2012 samla ein seg i Fusa om eit misjonsprosjekt elevstipend til ungdom i Awassa i Etiopia. Dette gir ungdom som elles ikkje vil hatt høve til det eit Bibelskule- og utdanningstilbod. Det vart etablert eit eige fagutval med fokus på misjon. Innan trusopplæringa vart det gjennmført misjonsdag for 4. og 5.klasse med stor oppslutning. Det var tre misjonsgudstenester med misjonstivoli, misjonskonsert, og det vart planlagt misjonstur til Etiopia i 2013. Misjonsgudsteneste i Holmefjord 3
F. Anna kyrkjelydsarbeid Forbønsteneste Fusa sokn har eigen bønekontakt som enkeltmenneske kan ta direkte kontakt med for forbøn. Sjølvsagt kan ein også ta kontakt med prest eller andre i kyrkjelyden som ein har tillit til om det er ønskje om forbøn. Bibel, bøn og lovsongskveldar ca 4 gongar i året har ein samlingar der det vert set ekstra fokus på bøn og lovsong. Her kan ein vere deltakande på ulikt vis, og folk kan kome for å få forbøn. Bibel og samtalegrupper der er fleire bøne- og samtalegrupper nokre av desse er kome i gong etter intitiativ frå soknerådet. Ta kontakt med soknepresten om du ønskjer å vere med i ei slik gruppe. Felleskyrkjeleg arbeid Soknet har godt samarbeid med kristne lokale lag og organisasjonar; m.a. bedehus, søndagskular, barne/ungdomsklubbar og kor. Kyrkjemusikk Det vart gjennomført 6 konsertar m.m. i kyrkjelyden sin regi.. Der var til saman 634 til stades på desse arrangementa. Kyrkjekoret har berre tre medlemmer, men er ein viktig ressurs i gudstenesta. Misjonskonserten 2012 Informasjon Fusa kyrkjeblad vart gitt ut 6 gongar i 2012. Dessutan er ein bevisst bruken av lokalmedia med annonsering og informasjon. Ein har også bygd opp ein base der ein sender ut SMS med jamne mellomrom. Fusa sokneråd har ei eiga ressursside på internett: www.fusasokn.no. Og ungdomsklubben har nettstaden www.fusaungdomsklubb.no. G. Samarbeid skule, barnehage og kyrkje Der er eigen plan for samarbeidet skule barnehage kyrkje som er vedteken av både kommune og sokneråd. Av tiltak her kan nemnast julevandring, påskevandring og pinsevandring; Sjekk kyrkja, Vandring gjennom Bibelen eller anna tilbod for 11-åringane, diverse skule- og barnehagebesøk, skulegudstenester i adventstida m.m. Påskevandring er blant fleire samarbeidsområde. 4
H. Medarbeidarskap Tal tilsette og tal uløna medarbeiarar har vore stabilt i 2012. Det har vore lite endringar i staben og blant kyrkjetenarane, men kapellanstillingen er redusert med inntil 40% frå 1. januar 2012. Vi har også fått reduserte ressursar til trusopplæringsarbedet, men målet er å oppretthalde stillingane vi har for born og ungdom. Talet på uløna medarbeidarar er stabilt, ca 140. Desse saman med dugnadsfolk utførte meir enn eit og eit halvt årsverk i 2012. Vi ser at utfordrinane først og fremst står på å få frivillige Medarbeidartur hausten 2012 medarbeidarar som kan binde seg over tid! Medarbeidarskap er eit av satsingsområda til soknerådet. Medarbeidarane får årlege tilbod og helsingar som t.d. inspirasjonssamling, medarbeidartur, medarbeidargudsteneste og tilsendt Bibelleseplan Utval Soknerådet har i drift 7 fagutval, 5 kyrkjeutval og 1 gudstenesteutval. Alt utvalsarbeid er frivillige tenester. I 2012 har ein dessutan hatt eit utval som har arbeid med ny gudstenesteliturgi. Det er ( sjølv -)oppnemnt utval til å arbeide med BBL-kveldane, og soknerådet har oppnemnt ulike kontaktpersonar, m.a. til forbønsteneste og Kirkens Nødhjelp. Gudstenesteutvalet på ein av sine møte I. Bispevisitas 28. august til 2. september 2012 Eit av høgdepunkta i 2012 var bispevisitasen. Det vert vist til visitasmeldinga som vart laga på førehand, visitasforedraget og oppsummeringa i årsmeldinga Kyrkjelydsfest Pilegrimsvandring med 7-klassingane Biskopen møter torsdagsklubben Møte mellom sokneråd, biskop og Fusa kommune Frå visitasgudstenesta 5
J. Vigsler Det var 8 vigsler (4 i 2011) K. Gravferder Det var 38 kyrkjelege gravferder (37 i 2011) L. Eigedomar Dugnadsarbeid Det har truleg aldri vore utført så mykje dugnadsarbeid som dette året. Det er utført dugnadsarbeid på alle fem kyrkjene og Baldersheim kapell, og på minimum åtte av dei ti kyrkjegardane i Fusa. Dugnad i Strandvik kyrkje Dugnadsgruppe på Fusa kyrkjegard Dugnad på Baldersheim kapell Fusa kyrkje 50 år opprusting av Fusa kyrkje Opprusting i Fusa kyrkje Samstundes med bispevisitasen vart det feira at Fusa kyrkje var 50 år! Dette vart markert med m.a. at Anders Holmefjord utarbeidde eit jubileumshefte, jubileumskonsert og jubileumsgudsteneste. Fusa kyrkje fekk ny fargesetting dette året, og det vart utført masse godt frivillig arbeid. Fusa kyrkje har fått ny fargesetting Strandvik kyrkje opprusting Strandvik kyrkje vart mala innvendig og fekk ein heilt ny glans! Gipsfigurane vart flytta fram i kyrkja, og det vart utført masse flott frivillig arbeid, m.a. opprusting av dåpssakristiet. Oppusting i Strandvik kyrkje Vi samlast til gudsteneste att i Strandvik 6
Baldersheim kapell Baldersheim kapell har hatt ein fullstendig renovering både utvendig og innvedig - som gjer at det no er godt å kome inn i kapellet. Arbeidet er utført på dugnad. Delar av dugnadsfolket markerer at kapellet er pussa opp! Gravferdsverksemd Det vart i Fusa gjennomført 43 gravleggingar (39 i 2011). Av desse var 2 (3) utanbygds kister, 4 (2) utanbygds urner og 2 (1) urner frå Fusa M. Soknerådet sin økonomi Kommunale overføringar I 2012 fekk Fusa sokneråd overført kr.3.364.000,- (kr.3.254.000,- i 2011), ei auke på ca 3,4%. Det vart løyvd kr.0,- til opprustingstiltak/investeringar i 2012 (kr.700.000,- i 2011). Fusa kommune løyvde kr.300.000,- til Fusa kyrkje i 2012 Statleg tilskot Fusa sokneråd fekk utbetalt til trusopplæringsarbeidet kr.379.000,- mot 484.000,- i 2011. Fusa sokneråd fekk for lite utbetalt i 2012, og vil difor få ei ekstra løyving på om lag kr.75.000,- i 2013. Det statlege tilskotet til trusopplæring vert redusert i åra som kjem samanlikna med kva vi har fått utbetalt tidlegare år. Andre inntekter: Fusa sokneråd har hatt mange innsamlingsaksjonar m.m. i 2012, og fått inn til saman kr.1.432.000,- (kr.701.000,- i 2011). Tidlegare år har ein samla inn om lag kr.700.000,-. Det i seg sjølv er eit svært godt resultat. Særlege innsamlingar i 2012: Fusa kyrkje, benkar og jubileum: kr.162.900,- (0) Strandvik kyrkje: kr.106.200,- (0) Baldersheim kapell: kr.14.000,- (0) Kyrkjeoffer: kr.241.000,- (242.000,-) Misjonsprosjekt: kr.55.700,- (52.000,-) Fasteaksjonen: kr.46.039,- (49.700,-) Misjonstivoli var nytt og populært tiltak i 2012 7
Kalenderaksjonen: 66.200 (72.700,-) Gjevarteneste: kr.78.500,- (127.000,-) Kyrkjeblad: kr.85.600,- (77.600,-) Gåve frå Fusa Fråhaldslag: kr.104.000,- (0) I tillegg har ein tatt med i den samla oversikten sal ved Bruktbuo då det er soknerådet som eig Frivilligsentralen, ein del andre gåver og tilskot. Fusa sokneråd er truleg blant dei kyrkjelydane i Noreg som har samla inn mest midlar til både eksterne og interne føremål i 2012. Her vil kyrkjestatistikken vise resultatet seinare i år! N. Utfordringar framover Biskopen avslutta visitasforedraget sitt den 2.september 2012 med følgjande utfordringar til kyrkjelyden: Biskopen utfordra oss: Alle generasjonar samla på kyrkjelydshelg Gå til gudsteneste regelmessig for Guds skuld og dykkar eiga skuld sjølv om de må kryssa ei gamal grense Fullfør arbeidet med gudstenestefordelinga og gudstenesteordninga Fortsett med kreativ pengeinnsamling og slutt opp om gjevartenesta Ta vare på alle medarbeidarane ved å prioritera 25 % stilling til koordinator Styrk soknefellesskapet ved å ha kyrkjelydshelg kvart år Andre utfordringar som kjem fram som følgje av årsmeldinga: Må vi stengje Strandvik kyrkje i 2013? Reduksjon i presteressursar gir færre gudstenester, mindre kontinuitet i dialog mellom tilsette og mellom tilsette og utval/frivillige. Dette vil stille krav til ein stab og medarbeidarar som allereie har mange oppgåver om vi ikkje skal redusere verksemda enno meir! Mindre økonomiske ressursar frå bispedøme/kyrkjeråd til trusopplæring stiller større krav å rekruttere fleire økonomiske støttespelarar Færre gudstenester større bevisstgjering til å krysse gamle geografiske grenser kva kan kvar einskild av oss gjere? Mindre økonomiske ressursar frå Fusa kommune til Fusa sokneråd frå 2013 det vert store utfordringar med tanke på å kunne halde oppe alle kyrkjeve våre i framtida - og vi vil sjå eit svekka vedlikehald på kyrkjer og kyrkjegardar. Utfordringane vi har må sjåast i samanheng med strategiarbeideti kyrkjelyden og soknerådet sine vedtekne satsingsområde for perioden 2011-2015. Sjå neste side. 8