Kvinnherad kommune MØTEPROTOKOLL Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 14.01.2014 Møtestad Samfunnskroken, Rådhuset Møtetid 10:00 - Følgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Repr Hilde Enstad Leiar AP Eskil Moen Nestleiar FRP Heidi Aakre Medlem FRP Kjell Yri Medlem V Arne Bjørnevik Medlem H Leif Sverre Enes Medlem H Følgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Repr Hans Inge Myrvold MEDL SP Følgjande varamedlemar møtte: Namn Vara for Repr Følgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Gunn Tove Petterteig Kommunalsjef MERKNADER: Orienteringar: 1. Presentasjon av berekning av einingskostnadar i pleie og omsorgtenestene. Verktøy utarbeida av KS, NHO og hovudorganisasjonen Virke. 2. Rådmannen vil drøfta budsjettvedtaket med komiteen: Kva tenkjer politikarane om effektiviseringstiltak styrking til PLO 2,2 mill og 200 000 til frivillig sektor? Innspel frå komiteen: Rådmannen finna saker som kan letta arbeidet for dei tilsette. (døme: dør til bad Husnestunet) Opplæring i bruk av profil Korleis premiera gode effektiviseringstiltak smarte løysingar? Utstyr som kan letta arbeidet Kvinnherad kommune side 1
Alarm madrassar Sonene må føreslå løysingar/effekiviseringstiltak komiteen vurderer søknadane Kr.200.000,- til frivillig sektor Belønna frivillige organisasjonar? Korleis bruka desse midlane? Utfordra soneleiarane til og koma med forslag. Eldre/psykisk sjuke/rus/herøysund kompetansesenter. Utfordra frivilligsentralen. Permisjonar: Inhabile: Evt. endring på saksrekkefølgje: Tilleggssaker: Neste møte, 4.mars, startar kl. 09.00. Kvinnherad kommune side 2
SAKLISTE Saksnr PS 2014/1 PS 2014/2 PS 2014/3 Innhald Eigenbetaling for tilbod i Frisklivssentralen Samordna tiltak for ungdom og eldre i Kvinnherad kommune Status Sandvikfondet Kvinnherad kommune side 3
PS 2014/1 Eigenbetaling for tilbod i Frisklivssentralen Behandling i Komité for helse, omsorg, miljø den 14.01.2014 NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ ESKIL MOEN (Frp): 1. Som innstillinga frå rådmannen 2. Endringane vert evaluert før budsjettet for 2015 skal vedtas. Evalueringa skal sjå på utviklinga i antall deltakarar, fråfall blant deltakarane og deltakaranes eige syn på eigenbetaling. 3. Inntektene som følgje av denne endringa skal tilfalla Frisklivssentralen. Det skal brukast på tiltak som vil styrkja tilbodet til brukarane ved Frisklivssentralen. Røysting: Det vart røysta punktvis: 1. Fire røysta for, 2 mot (H) 2. Samrøystes 3. Samrøystes Innstillinga til rådmannen, med nye framsette forslag, vart vedteke. Vedtak frå Komité for helse, omsorg, miljø den 14.01.2014 1. Kvinnherad kommune vurderer individuell helsesamtale som ei lovpålagd helseteneste, og tilbod om temabaserte kurs og gruppeaktivitetar i eigen Frisklivssentral som ikkje lovpålagde tenester. Fylgjande eigenbetaling for tilboda gjeld frå 01.02.2014: Individuell helsesamtale Gratis Fysisk trening i grupper Kr 400 Bra mat kurs Kr 100 Snus- og røykjesluttkurs Kr 500 2. Endringane vert evaluert før budsjettet for 2015 skal vedtas. Evalueringa skal sjå på utviklinga i antall deltakarar, fråfall blant deltakarane og deltakaranes eige syn på eigenbetaling. 3. Inntektene som følgje av denne endringa skal tilfalla Frisklivssentralen. Det skal brukast på tiltak som vil styrkja tilbodet til brukarane ved Frisklivssentralen. PS 2014/2 Samordna tiltak for ungdom og eldre i Kvinnherad kommune Behandling i Komite for helse, omsorg, miljø den 14.01.2014 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Innstilling frå Komite for helse, omsorg, miljø den 14.01.2014 1. Komite for helse, omsorg og miljø tek utgreiinga til etterretning 2. Kvinnherad kommune vil styrka og vidareutvikla Kvinnherad ungdomssenter, Husnes, og eksisterande ungdomsklubbar i Uskedalen og i Rosendal. Ny ungdomsklubb på Halsnøy vert løyst ved tilskot og i samarbeid med frivillig sektor 3. Kultur og fritid v/ Frivilligsentralen vert tillagt eit overordna ansvar for samordnande tiltak innan sektoren Kvinnherad kommune side 4
PS 2014/3 Status Sandvikfondet Behandling i Komite for helse, omsorg, miljø den 14.01.2014 NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ KJELL YRI (V): Verdien av leilegheita i Spania skal haldast utanfor utrekninga av grunnkapitalen. Fondet sin grunnkapital skal reduserast med sum tilsvarande leilegheita noverdi. Fondets grunnkapital skal indeksregulerast kvart år, slik at det bevarer verdi etter at verdien av leilegheita i Spania er trokke vekk. Leilegheita i Spania skal framleis vera underlagt vilkåra frå Johannes Sandviks testamente. Søknad for 2014 behandlast på neste møte i komiteen. Røysting: Kjell Yri (V) sitt forslag vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Komite for helse, omsorg, miljø den 14.01.2014 Verdien av leilegheita i Spania skal haldast utanfor utrekninga av grunnkapitalen. Fondet sin grunnkapital skal reduserast med sum tilsvarande leilegheita noverdi. Fondets grunnkapital skal indeksregulerast kvart år, slik at det bevarer verdi etter at verdien av leilegheita i Spania er trokke vekk. Leilegheita i Spania skal framleis vera underlagt vilkåra frå Johannes Sandviks testamente. Kvinnherad kommune side 5