PLANNOTAT 04.02.2010 Grunnlag for diskusjon Langsiktig generell del, kommuneplanen Samfunnsdelen Nord-Aurdal kommune 2011-2023 Velkomen til temakveld/folkemøte kl 1800-2200, torsdag 25.02.2010 på rådhuset
INNLEIING Kommunen ønskjer at innbyggarane i kommunen skal engasjera seg i planprosessen. Av erfaring veit ein at det er vanskelegare å skapa engasjement kring samfunnsdelen enn arealdelen. Det er viktig at alle forstår at planen vil ha konsekvensar for seinare kommunale vurderingar og prioriteringar. Dette er ein plan som skal dra opp visjonar og mål for kommunen i planperioden og legga føringar for seinare prioriteringar m.o.t. til korleis me skal forvalta areala i kommunen (det vil bli gitt klare føringar for utarbeidinga av arealdelen i samfunnsdelen), korleis eldreomsorga, barnehage- og skuletilbodet skal vera, helsetenesta, prioriteringane til kommunen når det gjeld næringsutvikling osb. Kommunestyret vedtok planprogrammet for revisjonen av samfunnsdelen i møtet 17.12.09, sak 099/09. Planprogrammet skal ligga til grunn for utarbeidinga av samfunnsdelen. Her finn ein litt om kva føremålet med planen er i tillegg til rammer og premissar for planarbeidet. Planprogrammet omtaler aktuelle tema som må vurderast/takast omsyn til under planprosessen, viser behovet for nødvendige utgreiingar, opplegg for informasjon og medverknad samt organisering og framdrift. Notatet er basert på gjeldande plan, innspel ved varsel om planoppstart, arbeidsseminaret i administrasjonen 27.10.09, arbeidsmøte i formannskapet 24.11.09 og godkjent planprogram. Plannotatet er meint å skulle skapa debatt kring det kommunestyret har vedteke at - er verdigrunnlaget til kommunen for planperioden (6 punkt) - er hovudutfordringane til kommunen i planperioden (6 hovudutfordringar) - skal vera satsingsområde for kommunen i planperioden (8 hovudtema i planen) Innbyggarane i kommunen vart invitert til å koma med synspunkt på dette sommaren 2009, då forslag til planprogram låg ute til offentleg ettersyn og det vart varsla oppstart av planarbeidet. Plannotatet tek utgangspunkt i verdigrunnlaget, hovudutfordringane og tema (satsingsområda) som kommunestyret har fastsett. Under kvart av desse til saman 20 punkta blir det peika på noko av det ein meiner det må arbeidast vidare med, og som må inngå i ei nærare vurdering og diskusjon kring det enkelte punkt under verdigrunnlaget, hovudutfordring og tema. Det kommunen på noverande tidspunkt treng innspel til er korleis ein skal møta hovudutfordringane, korleis ein skal arbeida med verdigrunnlaget og hovudtema/ satsingsområda. Kva meiner de som innbyggarar i kommunen manglar under dei enkelte punkta, og kva bør ikkje vera med? Kva synspunkt har de på det som er nemnt? Det er skissert forslag til ulike strategiar for å styrka verdigrunnlaget, møta hovudutfordringane og å styrka satsingsområda /hovudtema. Kva andre strategiar bør/kan kommunen ha? Kommunen håpar at plannotatet skal skapa engasjement, og at mange stiller på temakvelden 25.02.2010, som er omtalt på neste side, for å koma med innspel. Kommunen håpar dessutan at dei som ikkje har mulegheit til å vera med på temamøta, vil koma med skriftlege innspel anten i forkant av temamøta eller i etterkant. Frist for dette er sett til 26.03.2010.
FOLKEMØTE I planprogrammet inngår eit kapittel om medverknad frå innbyggarane. Kommunen har m.a. valt å arrangera ein temakveld der 5 (hovudtema 1,2,3,6og7) av dei 8 hovudtema i planarbeidet vil stå sentralt. Ein håpar at flest muleg vil møta opp for å vera med å diskutera kva utfordringar kommunen står overfor innan desse hovudtema/satsingsområda den neste 10- årsperioden, og koma med innspel til kva verdiar kommunen bør ha/legga vekt på for å møta dei utfordringane som er innan områda. 1. Barn og unge sine oppvekstvilkår; - herunder skule, barnehage, fritidstilbod, generelle oppvekstvilkår 2. Helsetilbod; - førebyggande helsearbeid, pleie og omsorg 3. Næringsutvikling 6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur 7. Kulturtilbod Velkomen til temamøta den 25.02.10! Du har mulegheit til å delta på to tema denne kvelden: Gruppenr. 1 2 3 4 5 Tid/Ansvar Ordførar Varaordførar Frp H Ap/Frp/Sp 1800-2000 Kultur Næringsutvikl Natur og miljø helse, omsorg Barn og unge 2000-2200 Barn og unge helse, omsorg Kultur Natur og miljø Næringsutvikl Det blir sett av tid på slutten av kvar 2 timarsbolk til ein open post. Du står fritt til å bytta gruppe etter 2 timar slik at du får vera med på dei to tema som engasjerer deg mest. Dersom det er nokre av dei andre tema som du ønskjer å koma med innspel til enn dei to du får vore med på, kan du anten koma med dette under den opne posten eller senda dette skriftleg til kommunen innan 26.03.2010.
1. VERDIGRUNNLAG Verdigrunnlag til kommunestyret for 2011-2023 går fram av planprogrammet (prioritert rekkefølgje). Under kvart av dei 6 punkta er det sagt noko om kva ein ser på som viktige faktorar ved enkeltpunkta i verdigrunnlaget (ikkje uttømande). Kva andre faktorar bør kommunen legga vekt på for dei ulike punkta 1-6 i verdigrunnlaget? 1. Kunnskapskommunen Nord-Aurdal som satsar på å - legga til rette for gode skular og utdanningstilbod for alle - arbeida for eit godt kulturtilbod for skuleelevar og studentar i kommunen 2. Helsekommunen i hjartet av Valdres som vil arbeida - for desentraliserte helsetenester som eit utvida tilbod til innbyggarane, lokalmedisinsk senter - for helsetilbod som utvikling og rekreasjon - med førebyggande helsearbeid 3. Kulturkommunen i hjartet av Valdres - der ein legg vekt på kultur som helsefremmande arbeid - som vil legga til rette for festivalar for innbyggjarar og tilreisande - med eit mangfaldig kultur- og naturtilbod for alle - som ser på kultur som næring - som tilbyr kultur for gode arbeidsplassar med mulegheit for utvikling 4. Tilflyttingskommunen Nord-Aurdal som - skal vera ein attraktiv plass å bu og arbeida - skal vera ei servicebedrift - tilbyr arbeidsplassar med mulegheit for utvikling - har mange mulegheiter i kraft av plasseringa si sentralt på Austlandet 5. Kulturlandskapet i Nord-Aurdal kommune som kan tilby - levande grender - utvikling med basis i det kulturlandskapet som finst (stølsområda) - næringsutvikling 6. Næringsutvikling i Nord-Aurdal kommune
2. HOVUDUTFORDRINGAR I PLANPERIODEN Kommunestyret har i planprogrammet peika ut 6 hovudutfordringar for kommunen (ikkje prioritert rekkefølgje) dei neste 10-12 åra (jf. under). Under kvar av dei 6 hovudutfordringane peiker ein her på noko av det ein ser for seg at må inngå i ei nærare vurdering og diskusjon kring den enkelte hovudutfordring (ikkje uttømande). Er det fleire eller andre forhold som bør settast på dagsorden og vurderast i samband med vurderinga og diskusjonen kring den enkelte hovudutfordring? * Utvikling av Fagernes by (regionsenteret i Valdres) - byutvikling og rolla som regionsenter medfører ekstra forpliktingar og mulegheiter - næringsutvikling og bustadutbygging er viktig for den vidare utviklinga - Fagernes og Leira eller Fagernesleira/Leirafagernes vs. Fylkesdelplan for lokalisering av varehandel - stimulera til utvikling av urbane tilbod som gjer at det blir meir liv i gatene om ettermiddagen/på kveldstid - utnytta bystatusen til Fagernes - utvikla rimelegare butilbod Kva er sentralt/sentrumsnært sett i høve til Fagernes? * Legga til rette for næringsutvikling - rolla til kommunen m.o.t. næringsutvikling med hovudvekt på bevaring og etablering av arbeidsplassar - utvikla eksisterande næringar - legga til rette for nye næringsetableringar - stimulera til å tenka etablering innan andre område enn berre reiseliv og landbruk - kommunen manglar varierte arbeidsplassar - det er lita fornying i næringslivet i kommunen * Etablering og vedlikehald av god infrastruktur - betra standarden på vegar - betre rutetilbud Leirin - elektronisk veg - større omfang av gang- og sykkelvegar, ikkje berre Fagernes og Leira - styrka kollektivtilbodet * Kompetanse høgskule - behalda og tiltrekka seg ungdom - auka fokusen på Opus og utdanning * Stabilisera folketalet/auka det - viktige faktorar for at folk skal bli buande og at kommunen skal bli ein tilflyttingskommune er m.a. butilhøve, jobbmulegheiter, det kommunale teneste- og fritidstilbodet - gode oppvekstmiljø (kultur/idrett/friluftsliv m.m.) - endringar i folkesamansettinga med fleire eldre og færre i yrkesaktiv alder - utvikla ein kommune det er interessant å bu i
* Vidareutvikla tenestetilbodet og servicenivået i kommunen - sikra at kommuneadministrasjonen til ei kvar tid har tilstrekkeleg med fagpersonar med relevant kompetanse, få taki dei rette folka Andre utfordringar som det vert peika på i planprogrammet: * Endringar i folkesamansettinga med fleire eldre og færre i yrkesaktiv alder. * Miljø- og klimautfordringar, energi - attgroing av kulturlandskapet. - utbyggingspress vs klimautfordringar (beredskap, ras, flaum, grunnforhold) og berekraftig utvikling - samfunnstryggleik og beredskap - strategi for utbygging og arealbruk i utmark - klimatiltak * Utvikling og effektivisering av interkommunalt samarbeid, kommunesamanslåing. * Universell utforming, tilgjengelegheit for alle til alt
3. SATSINGSOMRÅDE 2011-2023/HOVUDTEMA I PLANEN Kommunestyret har i planprogrammet i prioritert rekkefølgje peika ut 8 hovudtema/satsingsområde for kommunen dei neste 10-12 åra (jf. under). Under kvar av dei 8 hovudtema/satsingsområda peiker ein her på noko av det ein ser for seg at må inngå i ei nærare vurdering og diskusjon kring det enkelte hovudtema/satsingsområde (ikkje uttømande). Er det fleire eller andre forhold som bør settast på dagsorden/faktorar som bør vera med og vurderast i samband med vurderinga og diskusjonen kring det enkelte hovudtema/satsingsområde? 1. Barn og unge sine oppvekstvilkår vidareutvikla skule- og helsetenestene, arbeida for å gjera dei betre bygga vidare på prosjekt retta mot ungdom, og utvikla tilboda for ungdom legga til rette for gode, trygge og stimulerande oppvekstmiljø - fritidstilbod som kan engasjera fleire barn og unge - støtta frivillig organisasjonsarbeid, idrett, kultur - samhandling, miljøarbeid NAUS og helsesøstertilbod NAK/Valdres vgs - fokus på utviklingsarbeid og rus/psykiatri, må sjå utfordringane på eit tidleg tidspunkt. - skal ha levande grender sjølv om ein ikkje har skular korleis hjelpa ungdom til å få ein god start på det vaksne liv? 2. Helsetilbod, førebyggande helsearbeid, pleie og omsorg - vidareutvikla helsetenestene - utvikling av helsetun kva faktorar påverkar helsa og trivselen vår? korleis ta i bruk dei eldre som ressurs? kva/kor vil ein med eldreomsorga i kommunen? 3. Næringsutvikling - legga til rette for attraktive område for næringsutvikling - legga til rette for at talet på arbeidsplassar aukar kva er det viktigaste kommunen kan bidra med når det gjeld næringsutvikling? kva er dei største utfordringane ved næringsetablering i kommunen? kor vil me ha ny næringsutvikling i kommunen? 4. Infrastruktur - fornying av kommunalt leidningsnett - redusera den kommunale bygningsmassen - E16 ut av Fagernes sentrum, må få fastsett endeleg trasé - fjernvarme og biovarme 5. Aktiv rekruttering - dialog med Opus - vera aktive i høve til vidaregåande skule og høgskular - behalda og tiltrekka seg ungdom
korleis få nok tilsette med relevant kompetanse til ulike stillingar i kommunen (t.d. helsefaglege stillingar)? 6. Natur og miljø, arealforvaltning - prioritering av utbyggingsområde - vurdering av utbyggingsomfang - vurdering av tak på tal på hytter - vurdera kor og korleis folk vil bu - jamnleg revisjon av gjeldande arealplanar 7. Kulturtilbod støtta opp om det frivillige organisasjonslivet slik at kommunen også i framtida kan ha eit rikt kulturtilbod 8. Ein Valdreskommune Primært: - vil sikra eit større fagmiljø, det blir lettare å rekruttera - kan gje ei betre politisk styring og ein meir effektiv organisasjon - spisskompetansen blir betre, vil få betre fagmiljø ved større einingar. - får ein meir kostnadseffektiv produksjon Subsidiært: - arbeida for meir heilskapstenking i Valdres med Nord-Aurdal med regionsenteret Fagernes i førarsetet - samhandling innan tenesteyting saman med dei andre Valdreskommunane
4. STRATEGIVAL Korleis skal kommunen møta utfordringane ein står overfor dei neste åra? Er det fleire eller andre strategiar som bør vera med? Kommunestyret vedtok 19.02.09, sak KS-015/09, at planen skal legga vekt på å utvikla strategiar for: - Virksomheitsområda og kommunale tenester - Utfordringar med å skaffa nok og kvalifisert arbeidskraft på dei fleste tenesteområde - Utfordringar på områda miljø, energi og samferdsel - Utbygging og arealbruk i utmark - Utvikling og effektivisering av interkommunalt samarbeid - Rolla til kommunen ved tilrettelegging for næringsutvikling - Fagernes by, som tettstad og regionsenter i tråd med måla for byutviklingsprosjektet Forslag til strategiar * Samla kommunale tenester i større einingar. * Målretta tiltak (fagmiljø, løn, seniorpolitikk, gode kulturtilbod, bustadpolitikk) * Infrastruktur - fleksibelt kollektivtilbud (bestillingsruter) - rutetider på Leirin må tilpassast arbeidslivet - halda oppe det politiske presset mot statlege og regionale styresmakter for å sikra utbygging av E16 og rv 33 * Interkommunalt samarbeid - fører til betre styring, meir effektiv organisasjon, bedre spisskompetanse, meir kostnadseffektiv tenesteproduksjon - arbeida for ein kommune i Valdres, vil føra til ei betre politisk styring * Valdres kommune - starta aktivitet for kommunesamanslåing * Utbygging i utmarka: - konsentrera ny hyttebygging til satsingsområda, fortetting av eksisterande område - attgroing, verneplanar, * Næringsutvikling - tilrettelegga (for) (sentrumsnære) næringsareal, vera ein tydlegare næringsaktør herunder - tilrettelegga for infrastruktur og bustader - arbeida for å få statlege arbeidsplassar hit * Fagernes by - helsesenter/ lokalmedisinsk senter - leilegheiter i sentrum - legga til rette for forretningar/næringar - slå saman Leira og Fagernes til ein tettstad, sjå Fagernes/Leira saman ved planarbeid - bustadtomter nær Fagernes/Leira - sentralisering av tenester