Time kulturskule sin grunnmur, generell del

Like dokumenter
Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6:

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6:

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6:

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6:

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6:

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6:

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6:

Pedagogisk plattform

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Time kulturskule. Visjon: Alle barn og unge har oppvekstvilkår som gir dei lyst på livet og evne til å meistra det.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Helge Andreas Pareli Notland Fjell kommune

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Stordal kommune Skule

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Saman om Ørstabarnehagen

Høringsuttale frå Time kommune - Kulturskuleløftet

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Kommunedelplan for oppvekst

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Informasjon og kvalitetsplan

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6:

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Årsmelding Fjell kulturskule 2018

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Vaksenopplæringa i Sula

Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

VEDTEKTER FOR SNILLFJORD KULTURSKOLE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Verksemdsplan for Flatdal skule

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

Årsmelding for Urhei barnehage

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Rammeplan for Samnanger kulturskule

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

KS S&Fj: Utdannings og oppvekstmøtet i Førde : RAMMEPLANARBEIDET I KULTURSKULANE

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Du må tru det for å sjå det

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

Velkommen til Kleppskulen

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Barnehagebruksplan

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Den kulturelle nistepakken

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

UTVIKLINGSPLAN FOR NESSE OPPVEKSTSENTER

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

SAMARBEID HEIM OG SKULE

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

POTET BLIR KUNST. Breidablikk kulturbarnehage KORT OM PROSJEKTET

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert oktober 2016

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

Transkript:

FAGPLAN FOR TIME KULTURSKULE SKAPANDE SKRIVING 1. Rammefaktorar for undervisning i kulturskulen Time kulturskule sin grunnmur, generell del 1.1 Lovforankring Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6: «Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskuletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles.» 1.2 Lokal organisering Time kulturskule er organisert under kommunaleining for oppvekst og er ein skule for undervisning innan kunstnariske og kulturelle fag. Skulen har fem ulike fagretningar med tilbod innan musikk, dans, drama, kunstfag og skapande skriving. Kulturskulen samarbeider med barnehage og grunnskule samt aktørar i det lokale kunstog kulturlivet. Kulturskulen er arbeidsgjevar for dirigentar og instruktørar i skulekorpsa. 1.3 Visjon for Time kulturskule «Kulturskulen tilbyr barn og unge oppvekstvilkår som gir dei lyst på livet og evne til å meistre det» 1

1.4 Overordna mål Time kulturskule er ein sentral del av den kulturelle grunnmuren i Time kommune. Kulturskulen gir barn og unge opplæringstilbod innan musikk, kunst- og kulturfag. Verksemda bidreg til å løfte fram kunst og kultur som bærande element i det daglege liv og i samfunnsutviklinga generelt. Kulturskulen er eit ressurssenter for kunst- og kulturverksemd i lokalsamfunnet. 1.5 Pedagogisk plattform Både drift og undervisning i Time kulturskule tek utgangspunkt i Rammeplan for kulturskulen «Mangfald og fordjuping» (Norsk kulturskoleråd 2015-16) og tilhøyrande nasjonal fagplan. Time kulturskule gir tilpassa og kvalitetsbasert undervisning til barn og unge busett i Time kommune. Undervisninga gir rom for læring, skapande verksemd, oppleving og formidling av kunstnariske ferdigheter. Kulturskulen bidrar til barn og unge si danning, fremmer respekt for andre sin kulturelle bakgrunn, bevisstgjer eigen identitet og utviklar eigen livskompetanse. Undervisninga blir gitt som allmenndannande breiddetilbod innan kulturskulen sitt grunnprogram, kjerneprogram og fordjupingsprogram. Tilboda er individuelt tilpassa den enkelte elev. 1.6 Tildeling av elevplass Tildeling av elevplass skjer via elektronisk søknad. Søknadsfrist er 1. mai for komande skuleår. Elevplass i kulturskulen er eit betalingstilbod med kontingent fastsett av kommunestyret. 1.7. Arbeidsavtalar, teieplikt, politiattest, pedagogisk ansvar, rapporteringslinje Lærarane i Time kulturskule er tilsett etter sentrale avtaleverk, men med lokalt utarbeidde personlege arbeidstidsavtalar. Alle tilsette i Time kulturskule er pålagt teieplikt på lik linje med anna pedagogisk personale i kommunen. Det er krav om politiattest for tilsetting. Dette gjeld også for arbeid knytt til frivillige organisasjonar som t.d. skulekorpsa. Den enkelte lærar har, med forankring i nasjonal rammeplan og fagplan, det pedagogiske ansvaret for sin undervisning. Lærarane arbeidar i pedagogiske team. Administrasjonen har det overordna pedagogiske ansvaret. 2

2. 2.1 Skapande skriving Stort og romsleg, men intimt undervisningsrom Tilgjengeleg datarom med pcar for alle elevar i nærleiken Gode sitteplassar med bord og stolar til alle elevane Gode lysforhald Elevane skal ha eigen skissebok med linjeark Eigen skrivemappe Eigen loggbokføring Elevane skal ha god skrivereiskap/blyantar/pennar Elevane samlar alle sine tekstar i ei eiga bok ved slutten av kvart skuleår. Tilgjengeleg rom med skriveprogram og datamaskinar ved behov Undervisningsressurs 2 klokketimar pr veke på ettermiddagstid Nokre samlingar på helgedag med utflugt «skrive og opplevingsdag» Undervisning i gruppe med 5 12 elevar, ikkje delingsgrupper etter alder/nivå Fast timelærar 3. Fagplan 3.1 Skapande skriving Overordna mål Overordna mål er at eleven skal få kunnskap om det å skrive, kjenne glede ved å skape eigne tekstar, meistre språket i skapande skriftleg form, få utvikle sitt kunstnariske potensiale og oppleve mestringskjensle, noko som gir sjølvrespekt og byggjer eleven sin karakter. Vi ønskjer at eleven skal kunne bruke skriveeigenskapen sin gjennom utøving og deling av innhaldet frå tekstane med andre. Eleven skal kunne fungere som ein ressurs i det lokale skule- og kulturlivet, til glede for seg sjølv og andre. Målgruppe: Elevar i grunnskulen frå 5. trinn som liker å skriva og vil utvikla «sin eigen skrivestemme». Læraren sitt ansvar Vera godt førebudd, ha god kommunikasjon med elev og heim, stille krav som er realistiske og oppmuntre eleven til innsats og deltaking. Rettleie tydeleg i kva og korleis eleven kan arbeide for å kome seg vidare i læring og utvikling, melde tydeleg frå om eventuelle heimeoppgåver. Eleven sitt ansvar Møte til rett tidspunkt på timane, innarbeide gode øvingsrutinar, halde orden på beskjeder og materiell. Være førebudd til ny undervisningstime, følgje opp eventuelle 3

heimeoppgåver. Ved fråvær skal ho/han gi beskjed til lærar. Elevar på mellom- og vidaregåande nivå skal ta del i val av fordjupingsoppgåver og nedfelle mål for undervisninga etter initiativ frå og i samarbeid med sin lærar. Elevane har høve til å ta med tekstar dei har skrive heime tilbake til timen for å få respons frå lærar og eventuelt frå resten av skrivegruppa. Foreldre/ føresette sitt ansvar Foreldre/føresette skal hjelpe og oppmode eleven til gode arbeidsvanar, innsats og eventuelt gjennomføring av heimeoppgåver. Ved fråvær skal dei gi beskjed til lærar eller kulturskulen sin administrasjon. Dersom eleven møter vanskar eller særlege utfordringar, skal foreldre/føresette ta kontakt med lærar og/eller administrasjon for på ein god måte å finne løysning på dette. Foreldre/føresette skal støtte opp om aktuelle arrangement i kulturskulen. Målsetting for faget Elevane skal verte glade i å skrive og lese Elevane skal utvikla eit personleg og sjølvstendig språk gjennom utforsking av skriving og skrift Elevane læra seg å uttrykkja eigne kjensler, meiningar og erfaringar, og slik utvikle identiteten sin. Elevane skal få øva seg i å oppfatta bodskap og verkemiddel i ulike slag tekstar Elevane skal verta dristigare i å bryta med vanetenking og ordinær språkbruk Elevane skal læra seg å bruka verktøy for tekstutforming, tradisjonelle og elektroniske Elevane skal få muligheit til å utvikla evna til å vurdera eigne og andre sine tekstar Elevane skal få øving i prosessorientert skriving Dei skal få ta del i val av tema og aktivitetar Læring om ulike teknikkar og genre, refleksjon Skapande skriving skal først og fremst vera eit fagfelt der elevane får høve til å arbeida med eigne erfaringar og tekstar gjennom sjølvstendig arbeid. For å meistre dette, treng dei innføring i teknikkar og uttrykks- middel som gjeld dei ulike sjangrane i skriftspråket. For lyrikk vil dette i byrjinga kunna vera linjedeling, samanlikning og gjentaking. Så kan ein laga meir originale arbeid som dannar grunnlaget for kommentarar og utveksling av skriveerfaringar. Læraren skal sleppe elevane tidleg til med eigne ord, og støtte og rose bruken av eigne erfaringar og eige språk, slik at dei lærar seg at dette er verdfulle byggjesteinar i prosessen vidare. Ved seinare høve kan læraren trekkja inn døme frå andre - i samtidslitteraturen, frå songtekstar og litteratursoga - for å illustrera problemstillingar som dukkar opp i deira eigne arbeid. Å søkja å innføra likeverd mellom elevane sine eigne tekstar og profesjonelle sine tekstar skapar auka evne til kritisk sans og mot til å ha meiningar om både eigne og andre sine tekstar. Læraren skal derfor leggje til rette for at elevane får trening i å vurdere kvarandre sitt arbeid. På den måten styrker ein evna til tolking og forståing, og evna til å gi kvarandre konstruktiv tilbakemelding, både medan tekstane blir utvikla og etterpå. 4

Skriving er eit langsamt medium. Når vi skriv produserar vi tankar og refleksjon. Presentasjon av ferdige tekstar for andre Det er viktig at elevane av og til får sjå tekstane sine som eit ferdig produkt. Derfor har me kvart år laga ei bok der kvar einskild elev får presentera sine tekstar. Me har og laga små bøker der me saman har skrive ein historie. I samband med utgjeving av bok, har me avslutta vårsemesteret med å invitera familiane og andre interesserte til «releaseparty» med bevertning, musikkinnslag og opplesing. Time kulturskule legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid. Dette skaper gode samarbeidsprosjekt. Kunstfagelevane har laga illustrasjonar til våre tekstar, og me har og ambisjonar om å jobba motsett, det vil seia at skriveelevane skriv tekstar til uttrykk frå kunstfagelevane. Elevar på skapande skriving får også oppdrag i samband med konsertar og førestillingar der dei blir utfordra til å presentera eigne tekstar for eit publikum. Dersom elevane sjølv ikkje ønskjer å lese opp sine tekstar, har vi nytta elevar på drama eller faglærar til dette. Undervisningstimen Læraren møter i god tid og tek godt i mot eleven. Undervisningssituasjonen skal vera forutsigbar og trygg. Læraren motiverer og oppmuntrar til glede over mestring, kunstnarisk skaping, utøving og læring. Læraren deltek aktivt i arbeidet med å skriva saman med elevane, slik at hovudmetoden blir kreativ samskriving. Me vil skriva alle slags tekstar med utgangspunkt i ulike metodar for sprudleskriving», og med utgangspunkt i tankeøvingar, litterære tekstar eller samtalar i gruppa. Elevane får jamleg høve til å gi einannan respons, og dei vil få sine tekstar presenterte for resten av gruppa. Elevane skriv loggbok kvar gong, og får respons frå lærar. ta seg tid til å bearbeide arbeidsoppgåver og opplevingar frå ulike situasjonar i lag med eleven. Gruppeundervisning Sidan dette er eit gruppefag, må metodikken vera slik at me ofte har same utgangspunktet for tekstar, men elevane blir heile tida oppmuntra til å våga å eksperimentera og til å våga å sjå og finne ut av ting på sin eigen måte. I skriveundervisninga tek me oss tid til leik og oppvarmingsøvingar kvar gong me møtest. Dette gjer me for å skapa ei trygg og open gruppe og for å varma opp slik at eigen kreativitet skal vera godt tilgjengeleg når skriveøkta tek til. Element i opplæringa Opplæringa vil ha ein naturleg progresjon med aukande vanskegrad tilrettelagd for den enkelte elev. Undervisninga skal ha ein kombinasjon av kjend stoff og nye utfordringar for vidareutvikling. Eleven vert heile tida rettleia og ført vidare på den kunstnariske vegen av sin lærar. Det er viktig å presisere at alle elevar skal ha eit eige tilpassa undervisningstilbod og at progresjon og utvikling vil vera individuell. 5

Skapande skriving som del av 10.trinnprosjektet Kulturskulen har ekstra tilbod om valfri deltaking i skrivegruppe for manusarbeid til ungdomsførestillinga av og med elevar på 10.trinn frå kulturskule og skulekorps. Denne skrivegruppa utarbeider tema, tekstinnhald og replikkar til ei heil førestilling godt rettleia av faglærar på skapande skriving. 6