Møteprotokoll Utval: Ungdomspanelet 2012-2013 Møtestad: Rica Parken Hotell, Ålesund Dato: 21.- 23.04.2013 Tid: Kl. 17.00 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Åse Kristin Ask Bakke Leiar Asgeir Stavik Hustad Nestleiar Georg Michaelis Peder Gjerstad Elin Anita Kvisvik Ramona Breivik Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Marcus Svenning Sjur August Waagbø Marte Emilie Hansen Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Mathias Dybvik Sjur August Waagbø Frå administrasjonen møtte: Namn Monica Molvær Harald Johnny Tomren Ingunn Bekken Sjåholm Anne Berit Svenkerud Halle Stilling Elev- og lærlingombod Rådgivar utdanningsavdelinga Seksjonsleiar Rådgivar/koordinator Elev og lærlingombod, Monica Molvær, fungerte som koordinator frå fredag kveld til koordinator var på plass måndag morgon. Ungdomsmidlar mm Møtet starta søndag med hovudsaka under møtet; fordeling av ungdomsmidlar. Vidare jobba UP med ein gjennomgang av arbeidet knytt til ansvarskommunar og regionskonferansar.
Undervisningsevaluering Peder Gjerstad fremme ei ny sak om undervisningsevaluering. UP diskuterte saka og ble einige om ein uttale om undervisningsevaluering som vart sendt vidare til utdanningsavdelinga og utvalet. Saka skal opp i utdanningsutvalet i mai. Uttala blei overlevert til ass.utdanningssjef Sverre Hollen under fylkestinget. 2 Uttale om undervisningsevalueringa Ungdomspanelet hadde på møte 22. april 2013 besøk av rådgivar Harald Johnny Tomren frå utdanningsavdelinga i fylket. Han orienterte litt om mellom anna undervisningsevalueringa, og ungdomspanelet ønskjer derfor å komme med ein uttale i forkant av at saka skal opp i Utdanningsutvalet den 2. mai. Vi er veldig nøgde med at fylket har ei slik teneste. Vi erfarer at undervisningsevalueringa har god effekt, fordi vi får peika på ting som ikkje er slik som det skal vere, samstundes som at vi får gi gode tilbakemeldingar på forhold vi er fornøgde med, og som fortjener ros. I tillegg viser utviklinga på at evalueringa faktisk fører til betring. Vi meiner likevel at ho på fleire områder har rom for mykje forbetring. Etter vår meining spør evalueringa i fleire tilfelle om feil ting, og spørsmåla kan av og til opplevast som diffuse for elevar. Det bør vere mogleg å redusere spørsmålsmengda og vinkle dei betre. Her bør fokuset ligge på å vurdere læraren og undervisninga, og ikkje eleven. Heilt konkrete eksempel på at evalueringa kan rettast meir frå elev til lærar er: Læraren er presis til timen, heller enn Eg møter presis til timen. Læraren gjer det arbeidet som forventas av han, som til dømes å rette prøvar i tide, gje gode tilbakemeldingar og vere førebudd til timen, heller enn Eg gjer det arbeidet som læreren forventar av meg. Læraren er opptatt av å få elevane til å prestere godt i faget, heller enn Eg synes det er viktig å få gode resultat i faget. Den første delen, Eiga deltaking i undervisninga, kan etter vår meining strykast frå undervisningsevalueringa. Vi ser at det kan vere hensiktsmessig å kartlegge dette, men fleire av spørsmåla blir ivaretekne av Elevundersøkelsen. Spørsmåla er lite relevant når ein skal evaluere sjølve undervisninga. Spørsmålet/påstanden Læraren gjennomgår og forklarer det vi skal lære på ein god måte er etter vår meining sjølve kjernen i ei undervisningsevaluering. Dette spørsmålet kan utvidast og brytast ned til meir detaljerte spørsmål innanfor temaet. Det MÅ også vere kommentarboksar kor elevane kan utdjupe kommentarane og komme med konkrete forbetringsforslag til læraren. Ungdomspanelet meiner at talet på svaralternativ for kvart spørsmål er litt for høgt. Fleire alternativ gjer at testen tar lengre tid og kan virke noko overveldande. Å redusere antall svaralternativ fra 6 til 4 vil gjere undersøkinga meir effektiv, men framleis behalde presisjonen i svara. Vi er óg kritisk til at det i dag er skoleleiinga/koordinatorane som vel kva for lærarar som blir evaluert i kvart fag og elevgruppe. Dette fordi skoleleiinga kan unngå kombinasjonar dei veit vil gi eit mindre bra resultat, men som kanskje ville vore mest konstruktivt. Vi meiner at alle lærarar skal vurderast. I dag er 1 av 20 lærarar ikkje evaluert, og det er ikkje optimalt. I dag får ein lærar berre ei vurdering, men ein kan jo prestere ulikt i ulike fag. Vi ser for oss ei evaluering som er meir lik modellen som blir brukt på Akademiet. Der har dei ei nettside kor eleven får ei rullegardinmeny med alle lærarane sine, og sjølv kan velge kva for lærarar dei vil vurdere. Optimalt sett burde kvar elev vurdere kvar lærar. Frekvensen bør også aukast til to gonger i året, ein seint på hausten og ein på våren. Då vil det vere mogleg å måle utvikling over tid.
3 Vi forstår at dette innebærer økt administrasjon og byråkrati, men vi meiner at det bør gå an å strømlinjeforme evalueringstenesta slik at dette ikkje blir tilfelle. For eleven og læraren sin del er tida det går med på ei slik evaluering ubetydeleg. Særleg er dette god investert tid når vi ser på kor mykje nytte ein har av tenesta. Vi trur ikkje suksessen til ei undervisningsevaluering står og fell på haugevis med planar og rapportar som blir utarbeidd og fulgt i større eller mindre grad, men på refleksjonen elevane, læraren og avdelingsleiar gjer, og tiltaka dei kjem fram til i fellesskap. Då kan vi i større grad utnytte det enorme potensialet til ei slik undervisningsevaluering. For Ungdomspanelet, Leiar Åse Kristin Ask Bakke Elevorganisasjonen Asgeir orienterte om at Elevorganisasjonen hadde tatt kontakt med UP. UP vedtok at dei vil inviterer dei til eit møte samt at UP ønskjer å delta på ei elevsamling. Stemmerettjubileet Monica orienterte om arrangementet under stemmerettjubileet. Monica og Anne Berit har laga eit forslag til program som er sendt vidare til Bjørnsonfestivalen. Besøk frå Vest-Agder Måndag fekk UP besøk frå Vest Agder. Dei var på besøk for å lære meir om korleis vi organiserer arbeidet knytt til ungdom og medverknad. Seksjonsleiar Ingunn Bekken Sjåholm orienterte om Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkestingspolitikarane Heger Merethe Gagnat (Ap)og Ole Bjørn Sandøy (H) møtte gjestane og fortalde om dette frå sin ståstad. Vi hadde vidare ein dialog om korleis vi organisert vårt arbeid og korleis dei ser for seg at dei vil gjere det. Vest-Agder har valt ein modell som liknar på vår. En eller to frå UP vil bli invitert til å delta på det første konstituerande Ungdommens fylkesting i Vest Agder helga frå den 1.-3. november. Orientering om vidare- og etterutdanning av lærarar. Rådgivar Harald Johnny Tomren frå utdanningsavdelinga orienterte om vidare- og etterutdanning av lærarar i den vidaregåande skolen i Møre og Romsdal. Saker til møte i Juni: Setebelte og tryggleik i buss UFT Tryggleik til sjøs Ladestasjonar av EL-bilar på vgs skolar Nynorsk sak frå handlingsprogrammet Oppfølging sak om undervisningsevaluering Korleis få saker frå avdelingane Stunt? Plakater el. Møte i september Google drive, ansvarskommunar og konferansar
Saksnr Innhald 4 UP-9/13 Ungdomsmidlar 1.tildeling 2013 UP-10/13 UP-11/13 UP-12/13 UP-13/13 Orientering om vidare- og etterutdanning av lærarar i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dialogmøte om ungdom og medverknad i store samferdselsprosjekt i Trondheim 24. mai Setebelte og tryggleik i buss Handlingsprogram - gjennomgang og planlegging UP-14/13 Førebuing UFT 2013 9-13 Ungdomsmidlar 1.tildeling 2013 Under behandling av søknaden frå Rauma ungdomsråd deltok ikkje Peder Gjerstad da han var inhabil. Ramona Brevik deltok heller ikkje i behandlingane av søknadane frå ungdommens kommunestyre i Ørskog og Ørskogdagane da ho var inhabil i desse sakene. Samrøystes vedtak i Ungdomspanelet - 21.04.2013 Søkjer Kommune Søkjer midlar til Kr: Vartdalstranda skatepark Ørsta Etablering av Skatepark 15000 Ingebrigt Davik-huset KF Haram Kurs/workshop 15000 Blåkors barn og unge Ålesund Kjøp av musikkutstyr 10000 Rauma Ungdomsråd Rauma Inventar ungdomlokale 10000 DNT Ung Romsdal Romsdal Basecamp amb. Instruktør 10000 Gjemnes Ungdomsråd Gjemnes Div arrangement 9000 Haram Ungdomsteater Haram Leie lys/lys til forestilling 8000 Stordal Ungdomsklubb Stordal Innkjøp utstyr - scene 8000 Hjelset Fram IL, bordtennis Molde Aktiv ungdom pro. + utstyr 8000 Grimstadhøgda 4H Tingvoll Villmarksleir 8000 Bluesfest, rusfritt arrangement 5000 Ungdommens Kommunestyre Ørskog Norsk fosterhjemforening MR Samlingshelg-kino/akt. 5000 Eide Ungdomsråd Eide Volleyballturnering 5000 Natur og Ungdom MR Ålesund/Molde To åpne møter, tema miljø 4300 Ørskogdagane Ørskog Skateboard kurs/show 3500 Avlastningen Fræna kommune Fræna Innkjøp av Wii og spill 1200 SUM 125000
10-13 Orientering om vidare- og etterutdanning av lærarar i dei vidaregående skolane i Møre og Romsdal 5 Samrøystes vedtak i Ungdomspanelet - 21.04.2013 Orienteringa var teken til vitande. 11-13 Dialogmøte om ungdom og medverknad i store samferdselsprosjekt i Trondheim 24. mai UP fortsett planlegginga og brukar facebook sida til dette. 12-13 Setebelte og tryggleik i buss Marthe meldte forfall til møtet og kunne ikkje legge fram saka. Saka vert difor utsett til juni. 13-13 Handlingsprogram - gjennomgang og planlegging UP gjekk gjennom handlingsprogrammet og fordelte oppgåver. Nokre av sakene vil bli sett på sakslista til møtet i juni. 14-13 Førebuing UFT 2013 Informasjonsbrev vert snart sendt ut til kommunane. UP må då ta kontakt med sine kontaktpersonar i ungdomsråda i kommunane og sende ut same informasjon. Endeleg arrangementsstad er ikkje avgjort enda. To viktige saker som må ut til ungdomsråda i år: 1. Alle saker må sendast inn før UFT. Alle andre som blir fremme under sjølve UFT vil kun bli teke opp i samband med saka knytt til handlingsprogram for neste år. UFT vil kunne sette den opp som ei sak UP skal jobbe med i året som kjem. 2. Alle nominasjonar til Årets ungdomskommune må sendast inn før UFT. Eventuelle presentasjonar må sendast inn seinast ei veke før. Får ikkje UP nokon nominasjonar innan fristen vil ein velje å ikkje dele ut prisen i år.