Språkåret 2013. Prosjektplan 10.8.2012

Like dokumenter
Del I - Oversikt over fagkoder skoleåret 2003/2004 videregående opplæring og teknisk fagskole

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Vedtaksprotokoll styremøte og styreseminar

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Til deg som bur i fosterheim år

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -


Illustrerte ordbøker for brukarar på alle språkmeistringsnivå. Tove Bjørneset Prosjektleiar, Uni Computing, Bergen

Nynorsk i nordisk perspektiv

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Tiltaksplan

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Prioritert løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok

Vel nynorsk for barnet ditt!

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Fråsegn om norskfaget og nynorsken


Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Samansette tekster og Sjanger og stil

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Forslag frå fylkesrådmannen

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Samordna opptak 2016: Talet på studentar som vel framandspråk aukar. Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 5/2016

Informasjon til elevane

INTERNASJONAL STRATEGI

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Vedtaksprotokoll styremøte

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Psykologisk førstehjelp i skulen

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Eksamen i tamil - erfaringer

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Høyringsfråsegn frå Språkrådet til NOU 2010:7

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Brukarrettleiing. epolitiker

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Frå novelle til teikneserie

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Fagkode Tittel Årstimetall

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Vedtaksprotokoll styremøte II

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?


P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

HORDALANDD. Utarbeidd av

Transkript:

Språkåret 2013 Prosjektplan 10.8.2012 1813 abkhasisk adouma adja adygeisk afrikaans aizi akan (twi) albansk amharisk arabisk armensk aseri-tyrkisk assyrisk azerbajdsjansk bahasa Indonesia balutsji bamileke bariba basiri basjkirsk bemba bengali berbersk bhoipuri bissa bokmål bosnisk bulgarsk burmesisk cebuano chichewa crioulo dansk darginsk dari diola djerma dzongkha enaresamisk engelsk eshita estisk ewe fang filippinsk finsk flamsk fransk fulani færøysk ga-dangbe galisisk gbandi georgisk gola grebo gresk grønlandsk gujarati haitisk hakka hausa hebraisk hindi iban ibo ilocano ingusjisk irsk gælisk islandsk italiensk Ivar Aasen japansk kabardinsk kabre kachin kannada kantonesisk kanuri karakalpakisk karelsk karen kasakhisk kashmirsk khasi khmer khoekhoe kikongo kikuyu kimbundu kinesisk kinyarwanda kirgisisk kirundi kongo konkani kono koreansk kpelle krahn krio kroatisk kurdisk kvensk kviterussisk ladino lak 1913 lao latvisk limba lingala litauisk livisk loma luganda lulesamisk luo adagassisk makedonsk malawi malayalam malayisk maldivisk maltesisk mande mandingo marathi mende mëankieli min moldavisk mongolsk moru nederlandsk nepali nilotisk nordsamisk nyanja nynorsk oriya oromo ovambo pahari pashto persisk pitesamisk polsk portugisisk punjabi romani romansch rumensk russisk sango sanskrit sao sarakole senoufo serbisk serer setswana shona sindhi singalesisk skoltesamisk slovakisk slovensk somalisk spansk suno susu svensk swahili sørsamisk tadsjikisk tamasjek tamil tatarisk teiknspråk telugu tem temne thai thonga tibetansk tigré tigrinja tonga tsjekkisk tsjetsjensk tsonga turkmensk tuvinsk tyrkisk tysk ujgurisk ukrainsk umbundu umesamisk ungarsk urdu usbekisk vietnamesisk wolof yoruba zulu 2013 Året som vil gjere tilskodarane til deltakarar 3

Velkomen til Språkåret 2013 Raus feiring: Språk har vi felles, sjølv om vi ikkje har det same språket. Språkåret 2013 skal bli ei raus, inkluderande og samlande feiring av språklege skilnader og språkleg mangfald. Alle har eit språk, og Språkåret vender seg til alle. Vi vil gjere tilskodarane til deltakarar. Allspråkjubileum for Ivar Aasen: Språkåret 2013 skal vere eit allspråkjubileum på nynorsk grunn. Utgangspunktet er 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret. Med Språkåret 2013 blir for første gong også bokmålet feira nasjonalt, saman med samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk. Planen er forma på grunnlag av kontakt med om lag 70 aktuelle aktørar. 200 språk: Eit språk treng brukarar. Berre det siste tiåret har om lag 200 språk vore i bruk i den norske kvardagen. Toleransen for nynorsk har auka i seinare tiår, men på fleire område har bruken av nynorsk minka. Fem mål: Språkåret 2013 bør arbeide ut frå fem mål: 1. Skape større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarar og større aksept for den språkdelte norske kulturen 2. Gjere også bokmålsbrukarane stolte av den nynorske skriftkulturen 3. Få fram meir kunnskap om, og skape større respekt for urfolkspråk, minoritetsspråk, innvandararspråk og teiknspråk 4. Setje den norske språksituasjonen inn i internasjonale og samanliknande perspektiv 5. Skape breiare kontakt mellom språkpolitiske aktørar med felles interesser på tvers av språkgrenser og etnisitet Sjølvstendig og effektivt: Språkåret blir organisert som eit sjølvstendig prosjekt, administrert av Nynorsk kultursentrum, men klart skilt frå den ordinære verksemda. Språkåret får sekretariat med tre stillingar i Ivar Aasen-tunet. Styret i Nynorsk kultursentrum svarar for bruken av midlane. Ei strategisk samansett referansegruppe og eit Språkårsforum sikrar breidda og gir råd om etterbruken. Hundrevis av arrangement: Prosjektplanen inneheld nærmare 100 planlagde, moglege og tenkte tiltak i Språkåret. Språkåret 2013 bør ha seks basisarrangement frå opning i Kristiansand i januar via verdskonferanse i Tromsø til avslutning i Ørsta i desember markerer både breidda i språkmangfaldet i landet og ytterpunkta for Ivar Aasens reiser. Enno er mange idear utenkte, og mange aktørar og miljø kjem til etter kvart. Språkåret blir difor endå mykje større enn det prosjektplanen syner no. 19 millionar: Mange nordmenn tenkjer annleis om språk i dag enn for 25 eller 50 år sidan. Verdien av dette kan ikkje målast i kroner, men treng kroner for å feirast. Budsjettet for Språkåret er på 19 millionar kroner. Det meste av dette blir brukt til innhaldsproduksjon. For 2013 trengst 16,5 millionar kroner i statlege driftsmidlar. For åra 2011 og 2012 disponerer Nynorsk kultursentrum alt 2,1 millionar kroner frå Kulturdepartementet. Tek aldri slutt: Språkåret 2013 er året som aldri sluttar det går berre over i ei anna form. Med sitt perspektiv på samspelet mellom språk og demokrati vil Språkåret gå saumlaust over i Grunnlovsjubileet 2014. Eit sentralt kriterium for prioritering er nettopp kva tiltak som kan vare lenge etter 31. desember 2013. Språkåret skal gi eit løft for språkmangfaldet i Noreg, vere ein handfast reiskap for å følgje opp språkmeldinga og byggje opp nye møteplassar for ulike grupper av språkbrukarar. 4

Innhald Forord 3 1 Oversyn 5 1.1 Tilråding frå styringsgruppa 5 1.2 Språkåret: arrangement i utval for eit heilt år 6 2 Bakgrunn 7 2.1 Norsk språk og språk i Noreg 7 2.2 Norsk og nordisk 12 2.3 Språk i verda 12 3 Kvifor Språkåret 2013? 13 3.1 Viktige jubileum 13 3.2 Norsk språkpolitikk 14 3.3 Brei interesse 14 3.4 Politisk plattform 14 3.5 Det overordna grepet: språk 16 3.6 Bodskap 18 3.7 Samarbeidspartnarar 18 4 Organisering 20 4.1 Eit sjølvstendig tiltak 20 4.2 To basisinstitusjonar 20 4.3 Styre 21 4.4 Referansegruppe 21 4.5 Sekretariat 21 4.6 Lokalisering 22 4.7 Språkårsforum for samarbeid 22 4.8 Samspel med andre nasjonale jubileum 2013 2014 23 5 Kommunikasjon 24 5.1 Kommunikasjonsstrategi 24 5.2 Mål og målgrupper 24 5.3 Gjennomføring 26 5.4 Logo og profilprogram 26 5.5 Nettstad 27 5.6 Sosiale medium 28 5.7 Deling 28 5 5.8 Nyhendebrev 28 5.9 Språkmagasinet 29 6 Kalender 30 7 Basisarrangement 34 7.1 Opning i Kristiansand 2. januar 34 7.2 Dei nynorske festspela 27. 30.6. 35 7.3 Ivar Aasen 200 år 5. august 35 7.4 Folkefest i Oslo 6. oktober 36 7.5 Verdskonferanse i Tromsø 37 7.6 Avslutning i Ivar Aasen-tunet 38 8 Arrangement for eit heilt år 39 8.1 Internasjonale arrangement 39 8.2 Samiske tiltak 42 8.3 Kvenske tiltak 44 8.4 Digitale tenester 47 8.5 Radio, tv og film 54 8.6 Aviser, blad og bøker 55 8.7 Utstillingar 59 8.8 Scenekunst 61 8.9 Samtalar, debatt, foredrag 64 8.10 Vandringar, turar og reiseliv 72 8.11 Mynt, frimerke og varer 75 8.12 Konkurransar 76 8.13 Grunnskule og vidaregåande 78 8.14 Universitet og høgskular 81 8.15 Offentleg forvaltning 83 8.16 Offentlege og private jubileum 84 9 Etterbruk og verknader 87 9.1 Eit løft for språkmangfaldet 87 9.2 Oppfølging av språkmeldinga 87 9.3 Nye kontaktflater 88 9.4 Eit rammeverk for langvarige verknader 88 10 Økonomi 89 10.1 Økonomistyring 89

10.2 Finansiering 89 10.3 Oppdatert søknad til Kulturdepartementet 91 10.4 Drift og innhaldsutvikling 92 10.5 Kommunikasjon 93 10.6 Innhald basisarrangement 93 10.7 Innhald andre sentrale tiltak 94 10.8 Støtteordning for eksterne arrangørar 94 10.9 Prosjekt innanfor eigne budsjett 94 11 Arbeidet vidare 96 11.1 Oppfølging frå Nynorsk kultursentrum 96 11.2 Saker til særleg oppfølging 97 11.3 Miljø for rask oppfølging 97 11.4 Oppfølging av kontaktar 97 Med atterhald om endringar I denne utgåve er prosjekt som ikkje var med i prosjektplanen 1.2.2012, merkte med NY Vedlegga i prosjektplanen av 1.2.2012 er ikkje med Illustrasjon framsida Liste med skriftspråk i Norden og alle morsmål i norsk skule 2001 2012 Nynorsk kultursentrum Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda 70 04 75 70 www.aasentunet.no Sist oppdatert 10. august 2012 4

Forord På grunnlag av ei omfattande tilråding frå styringsgruppa for Språkpåret legg Nynorsk kultursentrum med dette prosjektplan og prosjektbudsjett for Språkåret 2013. Plan og budsjett er på alle hovudpunkt i samsvar med tilrådingane frå styringsgruppa. Nynorsk kultursentrum har arbeidd med 200-årsjubileet for Ivar Aasen sidan hausten 2002. I åra 2003 2006 drøfta styre og råd ei rekkje saker under overskrifta «Perspektiv 2013». Ideen om å gjere 2013 til eit språkår blei lagd fram for styret 23. mars 2007 og er konkretisert i åra etterpå. På desse åra har dermed saka vore drøfta på ymse vis i om lag 15 styremøte. Regjeringa Stoltenberg løyvde hausten 2010 midlar til eit utviklingsprosjekt for Språkåret 2013. Jens Kihl var prosjektleiar i eit halvt årsverk frå og med 1. juni 2011, og styret i Nynorsk kultursentrum oppnemnde ei breitt samansett styringsgruppe med ni medlemer: Leiar Grete Riise, seniorrådgivar Fylkesmannen i Hordaland Bodil Aurstad, språkkoordinator Nordisk ministerråd Ola E. Bø, dramaturg Det Norske Teatret Torbjørn Røe Isaksen, stortingsrepresentant Camara Joof, musikar Aili Keskitalo, leiar Norske Samers Riksforbund Janne-Kristin Svarstad Nygård, leiar Norsk Målungdom Vigdis Moe Skarstein, nasjonalbibliotekar Nasjonalbiblioteket Arnfinn Muruvik Vonen, direktør Språkrådet Oppnemningane var personlege. Styringsgruppa var eit rådgivande organ for styret i Nynorsk kultursentrum og arbeidde ut frå eit fastlagt mandat. I samsvar med tidsplanen leverte prosjektleiar og styringsgruppa si tilråding 14. januar 2012. Tilrådinga var samrøystes på alle punkt. Styret i Nynorsk kultursentrum slutta seg 27. januar 2012 til planen med mindre endringar. Språkåret skal vere ei raus og inkluderande feiring av alt språk i Noreg med grunnlag i 200-årsjubileet for Ivar Aasen. Styringsgruppa rådde til at Nynorsk kultursentrum bør leie det vidare arbeidet med på planleggje og gjennomføre Språkåret. Styret i Nynorsk kultursentrum har vedteke å ta på seg denne oppgåva. Då må Språkåret både organisatorisk og økonomisk vere klart skilt frå den ordinære verksemda i Nynorsk kultursentrum. Denne prosjektplanen syner korleis dei skilja kan vere. På vegner av stiftarar og råd, styre og tilsette i Nynorsk kultursentrum takkar eg styringsgruppe og prosjektleiar for vel utført arbeid og ønskjer alle velkomne til Språkåret 2013 året som aldri sluttar. Eg gleder meg til å feire språklege forskjellar og språkleg mangfald i landet vårt. I sin tur må dette auke den språklege toleransen. Ørsta / Florø, 27. januar 2012 Reidar Sandal 4

1 Oversyn Grunnlaget for prosjektplanen er det utviklingsprosjektet for Språkåret 2013 som blei gjennomført frå juni 2011 til januar 2012. Samtalar og møte med om lag 70 aktuelle aktørar var ein viktig del av arbeidet. Lista over programidear i arbeid er førebels. 1.1 Tilråding frå styringsgruppa Denne prosjektplanen fører vidare alle hovudlinjene i ein tilrådingsrapport frå styringsgruppa for utviklingsprosjektet 2011-2012 og gjer greie for mål, strategi, bodskap, prioriterte tiltak, kommunikasjon, økonomi og aktuelle samarbeidspartnarar. Meir utfyllande informasjon om prosessen og organiseringa finst i vedlegg 1. Tilrådinga byggjer på drøftingane i styringsgruppa, i tillegg til møte og samtalar med om lag 70 ulike miljø, som på kvar sin måte har bidrege til å utvikle prosjektet. Det har vore motiverande å sjå kor entusiastiske mange har vore for å lage eit språkår i 2013, og kor mange prosjekt som alt er under utvikling over heile landet. I tråd med oppdraget frå Kulturdepartementet og mandatet frå Nynorsk kultursentrum har vi prioritert å dra med tunge aktørar utanfor dei typiske nynorskmiljøa. Dette har vore ei svært takknemleg oppgåve som må prioriterast òg gjennom 2012. På same måte ligg rapportane frå 10 15 norske og internasjonale jubileumsår til grunn for arbeidet. Fleire aktørar frå desse jubilea har vore kontakta og har gitt nyttige innspel i arbeidet. Vi vonar vi har lært av dei feilstega andre har gjort, samstundes som vi ikkje kvir oss for å hente inspirasjon frå suksessane. I 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan Det Norske Teatret, eit av dei svært synlege resultata av arbeidet hans, spelte si første framsyning. Det frigjerande og skapande i den nynorske språkreisinga er eit framifrå høve til å setje seg inn i og markere det språklege mangfaldet i Noreg både breiare og meir omfattande. Ein kan ikkje ofte nok feire variasjonen av språklege uttrykk som identitetsberar, og heller ikkje påpeikinga av at språkleg mangfald og toleranse er ein avgjerande føresetnad for ei demokratisk samfunnsutvikling. Dette er særleg relevant i dei store demokrati-jubilea i 2013 og 2014. Språkåret følgjer såleis opp rammene for ein heilskapleg språkpolitikk slik dei er skisserte i den språkmeldinga som Stortinget slutta seg til i 2009. Sjølv om lista over tiltak alt er lang, veit vi at mange fleire er under planlegging. Alle er like velkomne til å bidra i arbeidet med Språkåret 2013. Det er interes-sant å sjå kor stort dette prosjektet er i ferd med å bli. Slik har vi gode voner om å oppfylle dei ambisiøse måla regjeringa Stoltenberg la for arbeidet i oppdragsbrevet 10. november 2010. Med våre ambisiøse mål må Språkåret 2013 vere til stades i kvardagen til alle nordmenn. Nokre av høgdepunkta blir ein verdskonferanse om språkleg mangfald i Tromsø, utstilling(ar) i regi av Nasjonalbiblioteket, folkefest i Oslo sentrum i høve hundreårsfeiringa til Det Norske Teatret, fødselsdag for Ivar Aasen over heile landet og eit mylder av fest, kunnskap og språkpolitikk tvers gjennom heile kalenderen. 5

1.2 Språkåret: arrangement i utval for eit heilt år (uendra) Opningsframsyning Kristiansand 2.1. Dei nynorske festspela 27.-30.6. Ivar Aasens 200-årsfag 5.8. Folkefest i Oslo 6.10. Verdskonferanse i Tromsø 6. 8.11. Avslutning i Ivar Aasen-tunet 6.12. All verdas språkkalender Allkunne-artiklar om 366 språk Allmugens handskrifter 1500 2000 Amatørteaterfestivalen 2013 Animasjonsfilm om småguten Ivar Aasen Barnebok om Ivar Aasen Bibelen på all verdas språk Bikubekveld i hundre Bilete av Ivar Aasen: nettutstilling Demokratiekspressen Demokratisk vorspiel Den mangfaldige scenen: ti nye stykke Dette er Ivar Aasen: ei folkebok Dette er Ivar Aasen: ei vandreutstilling Digitalisering av Ivar Aasens skrifter Diktardagar 2013 i august Diktarord med på reisa Europa-lansering av Ethnologue Folkemarsj i fotspora til Ivar Aasen Forfattarturnear Forskingsdagane landet rundt Frimerke til vanlege brev Google-banner og bannerannonsar Grunnlovsjubileet 2014 Her var Ivar Aasen: tv-snuttar Hotell Bondeheimen 100 år Ivar Aasen på nett Ivar Aasen-almanakken digitalt Jubileumsbok om Det Norske Teatret Jubileumsutstilling om Det Norske Teatret Kampanje om statsspråk Katta i sekken på ny Konferanse om språk og media i Volda Kven veit?-konkurransen Kåring av Noregs nasjonalkraftuttrykk Leksikografi-konferanse i Trondheim Leselyst-aksjonar Lommeordbok for utelivsløver Med språk i kofferten: foredragsturné Mobilapplikasjonar for språkhjelp Mynt til vanleg bruk Mållagsstafetten gjennom landet Nordisk konferanse for litterære selskap Nordisk konferanse om små språk Nordisk språkkonferanse for ungdom Nordiske dialektar på nett Noreg 2018: foredragsserie Norsk litteraturfestival Nynorsk i samtida: nettutstilling Omsetjingskonkurranse Ord Uro Brot Bru: ei brubygging Ordkunst for norsklærarar Ordspionen Lurivars dataspel Pedagogisk nettprogram for lærarar Samisk språkkampanje Samisk språkkonferanse Samiske språkambassadørar Samtalar om språk og teater Seminar og språkkonferanse i Bergen Slektsstemne for Aasen-slekta Språk i nordiske venskapskommunar Språk langs vegen og kysten Språkfakta 2013 Språkkafear Språkkonteiner for språkleg sjølvhjelp Språkmagasinet: eit nytt blad Språkpolitikk før stortingsvalet 2013 Språksansen Språkteigen gjennom året Språkversjonar av populære nettenester Språkåret i Olav H. Hauge-senteret Språkåret i Språkteigen Stortingsmelding om språkpolitikk Teaterfestival på Det Norske Teatret Turnéframsyning Dei nynorske festspela Unge talent tek språkvitskapen vidare Utstilling om språkmangfaldet i Noreg Verdsblogging om språk 5.8. Viljen til språk: ei basisutstilling på ny Wikipedia-artiklar om all verdas språk 6

2 Bakgrunn Sidan 1960-åra er det historisk fleirspråklege Noreg blitt fleirspråkleg på ein ny måte. Eit språk treng brukarar. Berre det siste tiåret har om lag 200 språk vore i bruk i den norske kvardagen. Toleransen for nynorsk har auka i seinare tiår, men på fleire område har bruken av nynorsk minka. Kvart språk har sine styrkar og sine problem. Ei forståing av situasjonen for norsk språk og språk i Noreg, kva som er positive utviklingstrekk og kva problema er er ein nødvendig føresetnad for at Språkåret 2013 skal kunne plassere seg på dei rette stadene i dette landskapet av språk. 2.1 Norsk språk og språk i Noreg På ulikt vis samanfattar fleire publikasjonar informasjon om situasjonen for norsk språk og språk i Noreg. Tre av dei viktigaste er St.meld. nr. 35 (2007 2008) Mål og meining heretter kalla språkmeldinga 1, Språkfakta 2010 av Ottar Grepstad 2 og dei årlege Språkstatus-rapportane 3 frå Språkrådet. Vi veit med andre ord mykje meir om den norske språk-situasjonen no enn for berre nokre år sidan, og dette gir eit godt utgangspunkt for handling. Språkmeldinga inneheld i kapitrtel 4 ei drøfting av «det norske og nordiske språklandskapet». 4 Innleiingsvis peikar meldinga på at det ikkje finst oversyn over språkval og språkkunnskapar korkje på individ- eller samfunnsnivå i Noreg. Det er med andre ord umogleg å gi eit fullnøyande bilete av stoda for norsk språk og språk i Noreg. Dette bør likevel ikkje hindre oss i å bruke det rike tilfanget av opplysingar vi faktisk har, og å leggje dei til grunn for dei vala vi tek. Norsk = bokmål og nynorsk Bokmål og nynorsk har vore jamstilt sidan 1885. I språkmeldinga heiter det i kapittel 4.1.2 at over 90 prosent av alle i Noreg har norsk som morsmål. Vidare blir det presisert at «norsk» i skriftleg form er bokmål og nynorsk, og i munnleg form det rike tilfanget av dialektar vi har i Noreg. Språkmeldinga går nærmare inn på fordelinga mellom bokmål og nynorsk ved å referere til undersøkingar frå TNS gallup i 1995, 2000 og 2005: I 2005 intervjua TNS Gallup eit utval på vel 4000 personar, som fekk følgjande spørsmål: «Når du skriver i private sammenhenger benytter du da som regel nynorsk, som regel bokmål/riksmål eller begge former omtrent like mye?» Den same undersøkinga var gjennomført også fem og ti år tidlegare. I 1995 og 2005 var det 7,5 prosent som svarte 1 http://www.regjeringen.no/nn/dep/kud/dokument/proposisjonar-og-meldingar/stortingsmeldingar/2007-2008/stmeld-nr-35-2007-2008-.html?id=519923 2 http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=4395 3 http://språkrådet.no/nb-no/politikk-fakta/spraakpolitikk/sprakstatus/ 4 http://www.regjeringen.no/nn/dep/kud/dokument/proposisjonar-og-meldingar/stortingsmeldingar/2007-2008/stmeld-nr-35-2007-2008-/4.html?id=519970 7

nynorsk, i 2000 8,5 prosent, medan dei som svarte at dei nytta begge målformene omtrent like mykje, auka frå 5,0 prosent i 1995 via 5,3 prosent i 2000 til 5,5 prosent i 2005. Ut frå ein sannsynleg feilmargin på eitt prosentpoeng gir desse tala eit bilete av ein nokså stabil situasjon på landsbasis. Når ein slår saman dei reine nynorskbrukarane og dei som svarte at dei brukte både nynorsk og bokmål, blir resultatet 12,5 prosent i 1995, 13,8 prosent i 2000 og 13,0 prosent i 2005. Talet 13 prosent tilsvarer om lag 600 000 personar. I Språkfakta 2010 reknar Ottar Grepstad med at Noreg har minst 550 000 nynorskbrukarar. I stort er altså stoda for den språkdelte norske skriftkulturen prega av stabilitet. Likevel er det ei rekkje utfordringar, og fleire av desse gjeld både nynorsk og bokmål. Talet på elevar med nynorsk hovudmål i grunnskulen går ned: 1. oktober 2011 var det 78 794 elevar med nynorsk hovudmål i grunnskulen, eller 12,9 prosent. 5 Det var 532 603 elevar med bokmål som hovudmål og 855 elevar med samisk hovudmål. Talet på elevar med nynorsk hovudmål har minka med 10 000 på ti år: I skuleåret 1999 2000 var det 88 523 nynorskelevar. 6 Fråfallet er stort, men det varierer geografisk: Prosjektet «Målstreken» i regi av Noregs Mållag har dokumentert at opp mot 75 prosent av alle elevar med nynorsk hovudmål i Valdres byter til bokmål i skuletida, medan nær null gjer det i Nordfjord. 7 I høgare utdanning er talet på innleverte hovud- og masteroppgåver på nynorsk endå lågare. I perioden 1986 til 2006 har det variert mellom 2,9 og 4,8 prosent. 8 Dei same tala syner òg eit problem for bokmålet: I 1986 var 80,7 prosent av slike oppgåver på bokmål, i 2006 berre 61,1 prosent. Heile nedgangen skriv seg frå auken i engelskspråklege oppgåver. I arbeids- og næringslivet er inntrykket noko tilsvarande: Norsk har ein dominerande posisjon, men det er engelsk som er det veksande språket. I Språkstatus 2010 skriv Språkrådet at «Hovudinntrykket er at engelsk førebels ikkje spelar ei avgjerande rolle i desse sektorane, samla sett, men engelsk er på frammarsj i næringslivet». 9 I norsk næringsliv er nynorsk knappast til stades på nasjonalt nivå, med unntak for nokre einskildbedrifter. Innanfor mediefeltet er det stor skilnad i nynorskbruken mellom dei områda som er språkregulerte og dei som ikkje er det. NRK oppfyller jamt over ikkje kravet om 25 prosent nynorsk. I 2010 varierte tala i dei ulike kanalane og plattformene mellom 9,2 og 24 prosent. 10 Tala er likevel langt betre enn i den språkleg uregulerte delen av mediebransjen. I 2008 stod nynorskavisene for 6,8 prosent av opplaget til norske aviser. Språkblanda aviser stod for 5,5 prosent og dei reine bokmålsavisene utgjorde 87,6 prosent. 11 Dei tre største avisene i landet har til vanleg redaksjonelt forbod mot at eigne medarbeidarar skriv stoff på nynorsk. Den praksisen kritiserer regjeringa i språkmeldinga: «Departementet ventar at riksdekkjande aviser i større grad gav høve til å nytta nynorsk på redaksjonell plass». 12 5 http://www.ssb.no/emner/04/02/20/utgrs/tab-2011-12-15-08.html 6 http://www.spel.aasentunet.no/sprakfakta/8/, tabell 8.2 7 http://www.malstreken.no/index.cfm?id=3185 8 http://www.spel.aasentunet.no/sprakfakta/8/, tabell 8.17 9 http://språkrådet.no/upload/spr%c3%a5kstatus%202010.pdf, side 29 10 http://www.medietilsynet.no/documents/tema/allmennkringkasting/2011/110606_allmennkringkastingsrappo rten2010_nett.pdf, side 125 11 http://www.spel.aasentunet.no/sprakfakta/14/, tabell 14.1 12 http://www.regjeringen.no/nn/dep/kud/dokument/proposisjonar-og-meldingar/stortingsmeldingar/2007-2008/stmeld-nr-35-2007-2008-/9.html?id=520153, punkt 9.4 8

Samisk I språkmeldinga skriv regjeringa at «samane er urfolk i Noreg, og jamvel om norsk i dag er det dominerande majoritetsspråket i landet vårt, har dermed samisk språk også i høg grad ei historisk særstilling på norsk territorium». 13 På nokre tiår har samisk gått frå å vere aktivt undertrykt av den norske staten til å bli støtta gjennom ei rekkje direkte og indirekte språkstimuleringstiltak i tillegg til den innsatsen samiskspråklege sjølve legg ned: «Etter lang tid med fornorsking er samisk språk i en revitaliseringsfase. I mange samiske områder legges det ned et stort arbeid for å revitalisere språket». 14 Sametinget har det operative ansvaret for den samiske språkpolitikken i Noreg, og den norske staten har det overordna ansvaret for samisk språk. I samelova blir det slått fast at samisk og norsk er likeverdige språk, og at dei skal vere likestilte språk i forvaltningsområdet for samisk språk og dei områda samelova elles regulerer. 15 Dette forvaltningsområdet utgjer no åtte kommunar i tre fylke. Dette er eit stridstema som jamt kjem tilbake, og er for tida særleg politisk brennbart når det gjeld skilting (stadnamnlova), innmelding (Tromsø) og utmelding (Porsanger). Samisk blir snakka i fire land, og den samiske språkgruppa utgjer 11 språk. Av levande samiske språk i Noreg er nordsamisk suverent størst. Sametingets språkmelding frå 2004 skisserer at det kan vere 25 000 som meistrar nordsamisk, 400-500 som meistrar lulesamisk og noko tilsvarande for sørsamisk. 16 Som nemnt har 855 elevar samisk hovudmål i skuleåret 2011 12, fordelt på åtte fylke. 89 prosent av desse elevane går på skular i Finnmark. 17 Det er eit problem at det er for lite statistikk på dette feltet, men dette vil truleg betre seg når ei samisk språkundersøking blir sluttført i april 2012. 18 Eitt av dei mest alvorlege problema for samiske språk er nedgangen i talet på elevar med samisk som andrespråk, noko rapporten Samiske tall forteller 4 tydeleg peikar på: 19 Den tydelegaste og mest alvorlege tendensen i statistikken for samisk språk i barnehage og skule for skuleåret 2010/11 er nedgangen i talet på elevar som vel samisk som andrespråk i grunnskulen. Dette talet heldt fram med å gå ned dette skuleåret, slik det har gjort kvart år dei siste fem åra. Faget samisk som andrespråk har no mista 38 % av grunnskuleelevane sine sidan 2006. St.meld. nr. 28 (2007-2008) Samepolitikken 20 gir ei innføring i utfordringane for samisk språk, og i 2009 kom Handlingsplan for samiske språk. 21 Begge desse peikar på at mykje er ugjort på ikt-feltet for at samisk skal ha ein stabil posisjon i samfunnet i framtida. I tillegg er det eit 13 http://www.regjeringen.no/nn/dep/kud/dokument/proposisjonar-og-meldingar/stortingsmeldingar/2007-2008/stmeld-nr-35-2007-2008-/4.html?id=519970, punkt 4.1.3 14 http://www.regjeringen.no/nb/dep/ad/dok/regpubl/stmeld/2007-2008/stmeld-nr-28-2007-2008- /20.html?id=513076 15 http://www.lovdata.no/all/hl-19870612-056.html#1-5 16 http://www.samediggi.no/filnedlasting.aspx?filid=129&ct=.pdf 17 http://www.ssb.no/emner/04/02/20/utgrs/tab-2011-12-15-08.html 18 http://www.norut.no/alta/norut-alta-alta/nyheter/nyhetsarkiv/samisk-spraakundersoekelse-er-i-gang 19 http://www.regjeringen.no/nb/dep/fad/dok/rapporter_planer/rapporter/2011/samiske-tall-forteller- 4.html?id=661232 20 http://www.regjeringen.no/nb/dep/ad/dok/regpubl/stmeld/2007-2008/stmeld-nr-28-2007-2008-.html?id=512814 21 http://www.regjeringen.no/nn/dep/fad/tema/samepolitikk/samiske_sprak/handlingsplan-for-samiske-sprak-.html?id=563658 9

sentralt problem at det manglar kvalifisert samiskspråkleg personell med samiskspråkleg kompetanse: 22 Det er stor mangel på personer med kompetanse i samisk språk på alle nivåer i Norge. Mangel på barnehagepersonell, lærere, lærebokforfattere, oversettere, tolker, personer med samiskspråklig kompetanse i helse- og sosialvesenet og på en rekke andre samfunnsområder, fører til at viktige prinsipper i samepolitikken og lovfestede rettigheter ikke oppfylles. Nasjonale minoritetsspråk Noreg har ei rekkje nasjonale minoritetsspråk. Noreg har ratifisert Den europeiske pakta for regional- og minoritetsspråk frå 1992 for samisk, kvensk, romani og romanes. Utanom det samiske urfolket finst i Noreg fem mindretalsgrupper som har opphavleg eller langvarig tilknyting til landet og som difor har fått status som nasjonale minoritetar. Desse kan i større eller mindre grad identifiserast gjennom ein annan språkleg bakgrunn enn norsk, men det varierer i kva grad desse språklege tradisjonane framleis er i levande bruk. 23 I praksis er det tale om tre nasjonale minoritetsspråk: kvensk, romani og romanes. Finsk hos skogfinnane og jiddisk er i praksis borte som språk i Noreg, sjølv om skogfinnane og jødane framleis er nasjonale minoritetar. Av desse tre er kvensk det største språket. Kvensk byggjer på språket finske immigrantar tok med seg til Nord-Noreg gjennom fleire hundre år. I følgje språkmeldinga kan det vere mellom 2000 og 8000 kvenskspråklege i Noreg. For dette språket er historia om offisielle språkstimuleringstiltak relativt kort. Kvensk fekk offisiell status som nasjonalt minoritets-språk i 2005, og Kainun institutti Kvensk institutt i Børselv blei skipa same året. 24 Den kvenske avisa Ruijan Kaiku vekslar mellom kvensk, meänkieli, finsk, svensk, bokmål og nynorsk, og kom ut første gong i 1995, 25 I språkmeldinga skriv regjeringa dette om situasjonen for kvensk i dag: «Kvensk språk er i dag i ein svært utsett situasjon. Det er få aktive talarar att, og dei fleste av desse er middelaldrande og eldre menneske. Det er få språkbrukarar under 40 år». 26 Det er eit stort problem at det nasjonale ansvaret blir lagt på einskildkommunar som ikkje ser seg i stand til å oppretthalde til dømes bygdeskular med mange kvenske elevar, slik vi no ser i saka om Børselv oppvekstsenter. 27 I dag finst det ikkje ei nasjonal ordning med kvensk forvaltningsområde, slik det gjer for samisk. Romanes er språket til romfolket i Noreg. Språkmeldinga reknar med at romfolket tel 300 400 personar og at om lag 90 prosent av dei snakkar romanes. 28 Mange av dei eldre av det norske romfolket snakkar romanes betre enn norsk. 29 22 http://www.regjeringen.no/nb/dep/ad/dok/regpubl/stmeld/2007-2008/stmeld-nr-28-2007-2008- /20.html?id=513076 23 http://www.regjeringen.no/nn/dep/kud/dokument/proposisjonar-og-meldingar/stortingsmeldingar/2007-2008/stmeld-nr-35-2007-2008-/4.html?id=519970, punkt 4.1.4 24 http://www.kvenskinstitutt.no/om-oss/om-oss 25 http://www.ruijan-kaiku.no/page.jsp?id=3 26 http://www.regjeringen.no/nn/dep/kud/dokument/proposisjonar-og-meldingar/stortingsmeldingar/2007-2008/stmeld-nr-35-2007-2008-/10/3.html?id=520179, punkt 10.3.1.1 27 http://www.kvenskinstitutt.no/uutiset/uttalelse-om-skolenedleggelse-i-porsanger-kommune 28 http://www.regjeringen.no/nn/dep/kud/dokument/proposisjonar-og-meldingar/stortingsmeldingar/2007-2008/stmeld-nr-35-2007-2008-/4.html?id=519970, punkt 4.1.4 10

Dette språket må ikkje forvekslast med romani, språket til romanifolket, som har vore brukt i Noreg i fleire hundreår. Overslaga over dei som kan tale norsk romani, varierer frå nokre hundre til eit par tusen. I dag meistrar få av romanifolket romani, og nesten alle dei som gjer det, er eldre menneske. 30 For både romanes og romani gjeld det at dei knapt eksisterer som skriftspråk, i forsking, media eller næringsliv. Teiknspråk Med språkmeldinga frå 2008 fekk norsk teiknspråk offisiell status i Noreg. Den same meldinga peikar på grunngivinga for dette: 31 Norsk teiknspråk er eit eige språk oppbygd på sin eigen måte; det er såleis ikkje ei attgiving av det norske verbalspråket gjennom eit anna medium. Det er eit språk for seg, ikkje gestikulering eller pantomime. Det er eit ekte språk, eit språk som har verdi i seg sjølv, også som ein del av den norske kulturarven. Ifølgje denne meldinga kan ein rekne at norsk teiknspråk har om lag 16 500 brukarar. Trass i den offisielle statushevinga er det stadig viktig å vere merksam på misoppfatningar om at språket er ei slags naudløysing med lågare potensial enn talespråk. Språkrådet har fått eit overordna ansvar for norsk teiknspråk, og har frå hausten 2010 eigen rådgivar for teiknspråk. Nyare minoritetsspråk Noreg har svært lenge vore eit fleirspråkleg land, ikkje minst lengst nord. Nordmenn har i mange hundre år vore i kontakt med språk som står relativt fjernt frå norsk, som russisk, finsk, jiddisk, romanes og romani. Våre eigne nabospråk, som svensk, dansk og andre språk i Nord-Europa, har òg lange tradisjonar i landet vårt. Slik kan det vere nyttig å skilje mellom desse språka og dei språklege minoritetane som har etablert seg i Noreg i etterkrigstida. Det er vanskeleg å vite kor mange språk som blir nytta i Noreg i dag. Ein reknar at opp mot 120 ulike språk er representerte i osloskulen, og at det til saman kan vere 150 ulike språk i Noreg. 32 I grunnskulen er det registrert elevar med til saman over 190 morsmål frå 2001 til 2011 (vedlegg 2). Alle norske kommunar har innbyggjarar med ikkje-norsk bakgrunn, og til saman er det om lag 600 000 nordmenn som korkje har foreldre eller besteforeldre fødde i Noreg. Mellom dei største innvandrarspråka er polsk, urdu/panjabi, tysk, arabisk, kurdisk, somali, farsi, russisk, svensk, engelsk, dansk, vietnamesisk, bosniskkroatisk-serbisk og albansk. 33 Ingen av desse språka har nokon formell status i Noreg slik eldre immigrantspråk og andre nasjonale minoritetsspråk har. Den viktigaste språkretten som omfattar desse språka, er retten til særskild norskopplæring for elevar med anna morsmål enn norsk og samisk, ein rett som gjeld fram til elevane kan følgje den vanlege opplæringa. Elevane kan ha rett på 29 http://www.regjeringen.no/nn/dep/kud/dokument/proposisjonar-og-meldingar/stortingsmeldingar/2007-2008/stmeld-nr-35-2007-2008-/10/4.html?id=520184, punkt 10.4.1.2 30 http://www.regjeringen.no/nn/dep/kud/dokument/proposisjonar-og-meldingar/stortingsmeldingar/2007-2008/stmeld-nr-35-2007-2008-/10/4.html?id=520184, punkt 10.4.1.3 31 http://www.regjeringen.no/nn/dep/kud/dokument/proposisjonar-og-meldingar/stortingsmeldingar/2007-2008/stmeld-nr-35-2007-2008-/4.html?id=519970, punkt 4.1.5 32 http://www.regjeringen.no/nn/dep/kud/dokument/proposisjonar-og-meldingar/stortingsmeldingar/2007-2008/stmeld-nr-35-2007-2008-/4.html?id=519970, punt 4.1.6 33 http://www.ssb.no/emner/02/sa_innvand/sa119/kap2.pdf 11

morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller båe delar dersom dette er naudsynt i arbeidet med å lære norsk. Dette er regulert i opplæringslova, 3-12. 34 2.2 Norsk og nordisk Det nordiske språksamarbeidet har vore regulert frå og med Helsinki-avtalen frå 1962, og har sidan blitt konstituert gjennom fleire konvensjonar og deklarasjonar. Det samiske språksamarbeidet er om lag like gamalt, og er i dag organisert mellom dei nordiske sametinga. Noreg har formannskapet i det nordiske samarbeidet i 2012, og legg i sitt program særleg vekt på oppfølginga av satsinga på språkforståinga hos barn og unge, både med ei vidareføring av gode resultat frå den nordiske språkkampanjen og med merksemd om språkforståing hos nordbuarar som ikkje har dansk, norsk eller svensk som morsmål. Ulike miljø har dei siste åra peika på at nabospråksforståinga i Norden er på veg nedover, som rapporten Norsk i hundre! frå Språkrådet. 35 Ein konsekvens av ei slik utvikling er at nordmenn i mindre grad kan nytte seg av fordelane ved å tilhøyre ein språkfellesskap med kring 20 millionar brukarar. 2.3 Språk i verda UNESCO reknar at det finst vel 6000 språk i verda, og at halvparten står i fare for å gå uty av bruky. 36 Summer Institute of Linguistics dokumenterte i si 16. utgåve av Ethnoogue i 2009 at 6909 språk var i bruk. Av desse masnge ntusen språka finn vi i Noreg språk i båe endar av skalaen: Norsk høyrer til mellom dei absolutt mest trygga språka, og er mellom dei to prosentane mest nytta. Dersom ein reknar nynorsk som eit eige språk, vil òg dette vere eit stort språk i ein global kontekst. Dei aller fleste språka i verda har langt mindre enn ein halv million brukarar. I motsett ende er Noreg representert med både jiddisk, romanes, norsk romani, kvensk og tre av dei samiske språka. Jamvel om konteksten er annleis for språk i Noreg enn andre stader, er livsgrunnlaget det same: Eit språk treng brukarar for å overleve. Eg vonar at Språkåret kan opna fleire auge for at det fleirspråklege er ei av dei sterkaste sidene ved den norske kulturen. Og så vonar eg at særleg politikarar på jakt etter veljarar får dette med seg. Ola E. Bø, dramaturg Det Norske Teatret, medlem styringsgruppa 34 http://lovdata.no/cgi-wift/wiftldles?doc=/app/gratis/www/docroot/ltavd1/filer/nl-20080620-048.html&emne=morsm%c5lsoppl%c6ring*& 35 http://språkrådet.no/upload/9832/norsk_i_hundre.pdf, side 47 36 http://www.unesco.org/new/en/culture/themes/cultural-diversity/languages-and-multilingualism/endangeredlanguages/ 12

3 Kvifor Språkåret 2013? Språk har vi felles, sjølv om vi ikkje har det same språket. Språkåret 2013 skal bli ei raus, inkluderande og samlande feiring av språklege skilnader og språkleg mangfald. Språkåret 2013 skal vere eit allspråkjubileum med nynorsk grunnlag. Med Språkåret 2013 blir dermed for første gong også bokmålet feira nasjonalt, saman med samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk. Dialog, ikkje monolog, må prege Språkåret. Det gjennomgåande grepet må vere deltaking. Mange nordmenn tenkjer annleis om språk i dag enn for 25 eller 50 år sidan. Verdien av dette kan ikkje målast i kroner, men treng kroner for å feirast. Utgangspunktet er 200- årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret. Der er fleire grunnar til at dette jubileet fjernar seg frå den klassiske malen for institusjons- eller personjubileum og heller prøver å løfte fram eit knippe konkrete, politiske målsetjingar. Det kan gjere Språkåret til ein arena for positiv profilering av språkpolitikk for både riks- og lokalpolitikarar i og utanfor folkevalde organ. Språkåret skal vere med og løyse prioriterte oppgåver for styresmaktene. 3.1 Viktige jubileum Ivar Aasen er ein heilt sentral person i norsk historie og norsk samtid. Den språktradisjonen han grunnla, er i dag ein av to likestilte i landet vårt, og er i dagleg bruk av svært mange nordmenn. Samstundes grunnla han meir enn ein måte å uttrykkje seg skriftleg på. Med landsmålet blei språkstrid eit heilt sentral spørsmål i landet vårt; ei definerande skiljelinje som framleis vekkjer både glede og harme. Han lærte seg sju språk, skreiv viktige sakprosatekstar og har ikkje minst ein plass i hjarta til mange nordmenn på grunn av dei mange dikta og songane som i dag er allemannseige. Arbeidet til Ivar Aasen er av ein slik karakter at han fortener ei høveleg jubileumsfeiring. Likevel er det ikkje denne sida som er viktigast å løfte fram, men snarare kva verdi dette arbeidet har i dag. Det er vanskeleg å sjå for seg den norske (språklege) kvardagen utan påverknaden frå Ivar Aasen. Det Norske Teatret er eit av våre mest folkekjære teater og har i fleire år vore det mest besøkte teateret i landet. Frå den spede starten i 1913 har teateret vakse til å bli ein sentral aktør i norsk kulturliv som har vore med på å syne fram nynorsken og det norske dialektmangfaldet til millionar av nordmenn. Som eitt av to likestilte nasjonalteater i landet har Det Norske Teatret fått den statusen Hulda og Arne Garborg drøymde om, men knappast våga tru på. Gjennom fleire år har ei lang rekkje institusjonar og miljø arbeidd for å koordinere desse jubilea, slik at desse merkjesteinane i norsk historie kan få den samla feiringa dei fortener. I staden for å slå kvarandre i hel med kvart sitt institusjonsjubileum, går breie miljø no saman om å skape det samlande Språkåret 2013, der heilt ulike miljø kan kjenne seg raust velkomne til å delta i feiringa på sin eigen måte. 13

3.2 Norsk språkpolitikk Den 28. april 2009 blei St.meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk ferdig handsama i Stortinget. Med denne meldinga har Noreg fått ein samla og samlande språkpolitikk som rommar heile spekteret av språkpolitiske spørsmål og gir ein grundig analyse av situasjonen i Noreg og verknadene av språkpolitikk. Eit halvt år tidlegare hadde Stortinget 23. oktober 2008 handsama St.meld. nr. 23 (2007-2008) Språk bygger broer, som særleg tek for seg språkpolitikk på utdanningsfeltet. Til saman er dette eit grunnlag for å gå vidare frå tekst til handling: Breie lag av språkinteresserte miljø kan no gå saman for å realisere fleire av målsetjingane i desse stortingsmeldingane og samstundes utfordre styresmaktene på oppfølging, konkretisering og stadig nye steg. Språkåret tek ikkje som organisasjon politiske standpunkt i enkeltsaker, men vil skape arenaer for debatt og følgje opp dei høva som byd seg. 3.3 Brei interesse Språk er interessant. Dette er ein påstand som står seg langt utanfor Ivar Aasen-tunet, Norske kveners forbund eller Riksmålsforbundet. Språkdebatt i media, underhaldningsprogram på tv eller stadig nye publikasjonar om språk for folk flest syner korleis dette temaet engasjerer i breie krinsar, og særleg når folk får finne sin eigen inngang til temaet. Språkåret 2013 har alt høyrt frå mange at dette er ein heldig balanse: På den eine sida er temaet breiare enn om ein skulle gjennomført eit tradisjonelt forfattarjubileum. På den andre sida er problemstillingane klart definerte. Slik kan mange ulike miljø finne sine eigne vegar inn i saka, og vi kan byggje opp under den store interessa som alt finst. I mange miljø har 2013 lenge vore eit tema, ettersom dei to jubilantane på kvar sin måte er bautaer i det norske samfunnet. Òg frå desse miljøa er det gode tilbakemeldingar på dei politiske temaa som ligg til grunn: Språket tilhøyrer oss alle, og slik kan mange ulike institusjonar bli med utan å føle at dei feirar eit jubileum som ikkje «tilhøyrer dei». 3.4 Politisk plattform Den 10. november 2010 løyvde Kulturdepartementet 700 000 kroner til eit utviklingsprosjekt for å gjere 2013 til eit nasjonalt språkår, og gav med det godkjenning til både ideen og organiseringa. Med løyvinga kom desse premissane: Tiltaket er basert på eit initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som også får hovudansvaret for utviklingsprosjektet Den direkte bakgrunnen er at det i 2013 er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd og 100 år sidan Det Norske Teatret vart opna Ideen om eit språkår i 2013 har fått samla tilslutning frå Nynorsk Forum, eit samarbeidsorgan for i alt 24 nynorske institusjonar, organisasjonar og bedrifter Språkåret 2013 skal bidra til å skapa større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarar og større aksept og respekt for den språkdelte norske kulturen i alle lag av folket 14

Tanken er dessutan at dette tiltaket skal ha eit mykje vidare siktemål enn det nynorske; det skal handla både om norsk språk generelt og om språk i Noreg Dermed vil Språkåret 2013 få eit meir heilskapleg innhald, i tråd med perspektivet og rammene for den nye språkpolitikken som er skissert i regjeringa si språkmelding, som Stortinget slutta seg til i 2009 Dette betyr at Språkåret 2013 skal handla om både bokmål og nynorsk, teiknspråk, urfolksspråk, minoritetsspråk og innvandrarspråk Det er også eit mål å gje Språkåret eit internasjonalt tilsnitt og slik sjå den norske språksituasjonen i eit større, samanliknande perspektiv Formålet med utviklingsprosjektet som departementet no har gitt midlar til, er å greia ut føresetnadene for og innhaldet i Språkåret meir i detalj Her vil det vera eit viktig mål å få med også tunge aktørar utanfor dei nynorske miljøa som aktive medspelarar i den vidare planlegginga Språkåret skal ha eit inkluderande siktemål, og vona er at dette også på lengre sikt kan bidra til meir kontakt og samarbeid mellom ulike miljø av språkbrukarar i Noreg Dette er altså å forstå som den politiske plattforma for Språkåret 2013. Jamvel om desse premissane først og fremst er meint for utviklingsprosjektet, er dei ei god rettesnor for hovudprosjektet òg. Her blir både politiske og organisatoriske mål slegne fast, og Kulturdepartementet peikar tydeleg på at dette jubileet må få eit stort omfang. Fleire av dei måla Kulturdepartementet strekar opp. er Språkåret alt i ferd med å nå, til dømes å trekkje med «tunge aktørar utanfor dei nynorske miljøa» og å greie ut Språkåret 2013 meir i detalj. Ved at dette settet av premissar har vore formelt styrande alt frå november 2010 i praksis lenger, har det vore mogleg å rette innhaldet i Språkåret 2013 etter måla, og ikkje omvendt. Denne tilrådingsrapporten syner at det finst klare planar for å nå breidda av mål i den politiske plattforma. Likevel må ein ta høgd for at nokre av måla er lettare å måle enn andre. Sjølve organiseringa peikar allereie no mot eit år som vil ta for seg breidda av norsk språk og språk i Noreg, med internasjonale perspektiv og nye møteplassar for ulike miljø av språkbrukarar i Noreg. Vil så nokon i 2014 kunne påvise at Språkåret 2013 oppnådde målsetjinga om å «bidra til å skapa større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarar og større aksept og respekt for den språkdelte norske kulturen i alle lag av folket»? Eit slikt mål bør helst tolkast som noko heile Språkåret 2013 og alle involverte bør strekkje seg mot, i staden for noko ein vurderer resultatet konkret opp mot. Strategiske skilnader frå Ivar Aasen-året og seinare forfattarmarkeringar Dei siste åra har vi vore gjennom feiringane av mellom andre Henrik Ibsen (2006), Edvard Grieg (2007), Henrik Wergeland (2008), Olav H. Hauge og Geirr Tveitt (2008), Knut Hamsun (2009), Ole Bull (2010) og Bjørnstjerne Bjørnson (2010). For språkinteresserte har det heller ikkje skorta på høve til fest: Det europeiske språkåret (2001) og jubilea for Arne Garborg (2001) og Noregs Mållag (2006) har gitt ei grundig innføring i jubileumssjangeren for målfolk og andre. Bak alt dette ligg Ivar Aasen-året 1996, eit markeringsår 100 år etter at Ivar Aasen døydde. Då hadde det vore gjennomført ei rekkje Aasen-jubileum like frå den første markeringa i 1886 (sjå vedlegg 3). Det første samrådingsmøtet om Aasen-året blei halde i oktober 1993, og eit forprosjekt låg føre 27. januar 1995. Der var det sett opp fire overordna mål og fire overordna målgrupper, og tre bodskapar: 15

Ivar Aasen endra norsk historie Ditt eige språk er godt nok Den norske språksituasjonen er typisk i Europa Forprosjektet skisserte om lag 50 tiltak, og det var då etablert kontakt med om lag 30 aktørar. Eitt år seinare tok det heilt av. Omsetninga kom på 6,2 millionar kroner, og 1030 tiltak blei gjennomførte i 164 kommunar i alle fylka av eit ukjent, men stort tal aktørar. 37 Det viktige spørsmålet er: Korleis pløye ny mark i dette landskapet? Først av alt tek Språkåret 2013 alt mål av seg til å vidareføre det beste frå jubilea og markeringane dei siste 15 åra. Mange tiltak har etter kvart etablert seg som «obligatoriske» arrangement i slike jubileumsår, som opning og avslutning, eigne nettsider og markering av sentrale datoar frå historia til jubilanten. Ein annan fellesnemnar for norske jubileumsfeiringar er at dei jamt over er publikumsretta; med skiftande ttyngdepunkt er det som regel allmenta som er målgruppa for slike år. Som ei forlenging av dette ber òg mange jubileumsfeiringar preg av dugnad. Både ved at ulike institusjonar og miljø bidreg på ulike måtar og ved at det frivillige Noreg deltek i feiringa, og slik gir jubileumsåra ein eigen dimensjon nasjonalt og lokalt. Alt dette er element Språkåret 2013 ønskjer å vidareføre. Likevel er det fleire moment som vil gjere Språkåret 2013 annleis enn mange av jubilea frå seinare år. 3.5 Det overordna grepet: språk Språk. Meir avansert er det i grunnen ikkje. I staden for å insistere på at Ivar Aasen og Det Norske Teatret er aktuelle i 2013, peikar vi på kva som gjer dei aktuelle, bind dei saman og som gjer at dette er eit jubileum for alle nordmenn: Språk har vi alle felles, sjølv om vi ikkje har det same språket. I 1996 var det mange gode grunnar til å løfte fram Ivar Aasen. Biletet av han i allmenta var traust og negativt, mykje arbeid stod ugjort innanfor dokumentasjon og formidling, og mange aktørar var dårleg koordinerte. Mylderet av biografiar, utstillingar, arrangement, oppslag i media, tiltak i skulen og mykje anna gjorde at ein fekk endra situasjonen. Ein av dei langsiktige verknadene er det nye Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda: Grunnsteinen blei symbolsk lagd ned 15. september 1996. I dag er situasjonen ein annan: Dokumentasjonen og formidlinga av livet og verket til Ivar Aasen held eit høgt nivå, og det same gjeld informasjon om den nynorske skriftkulturen. Det finst meir etablerte miljø og samarbeidsformer, og målrørsla er meir samla enn tidlegare. Ein ny situasjon krev nye grep, og no er tida mogen for å løfte fram dei ideane som både Ivar Aasen og Det Norske Teatret representerer. Ved å seie at Språkåret 2013 skal handle om å «bidra til å skapa større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarar og større aksept og respekt for den språkdelte norske kulturen i alle lag av folket» og dessutan «ha eit mykje vidare siktemål enn det nynorske; det skal handla både om norsk språk generelt og om språk i Noreg», plasserer ein handa midt i eit kvefsebol: Spørsmål som skriftleg nynorskopplæring for alle, Tromsø kommune inn i forvaltnings-området for samisk språk eller morsmålsopplæring er debattar med høg 37 Ivar Aasen-året 1996: År læra meir enn manga bøker. Sluttrapport. Rekneskap. Oslo 1997. 16

temperatur og til dels steile frontar. Språkåret 2013 vil ikkje sjølv ta stilling i slike debattar, men meiner det er viktig at slike debattar blir løfta fram. Språk er ikkje alltid berre lett og morosamt. Språkspørsmål er ofte på ramme alvor, og Språkåret 2013 tek mål av seg til å gå inn i meir konfliktfylte delar av den norske språkkvardagen. Samstundes fortener både Ivar Aasen og Det Norske Teatret ein fest. Sjølv om Språkåret 2013 skal løfte fram alt norsk språk og språk i Noreg, har Kulturdepartementet heilt tydeleg peika på at «Språkåret 2013 skal bidra til å skapa større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarar og større aksept og respekt for den språkdelte norske kulturen i alle lag av folket». Slik må ulike omsyn vegast opp mot kvarandre heile vegen. Dette treng ikkje vere eit problem i arbeidet, men tvert om gjere Språkåret 2013 dynamisk og interessant. Demokrati Sjølve grunntanken bak landsmålet var å demokratisere språket og å gjere politisk deltaking mogeleg for folk flest. Denne ideen står seg godt 170 år seinare, og det er i ettertid mange som har fått lovfesta rett til å lære og bruke morsmålet sitt i ulike samanhengar. At språket er med på å mogleggjere demokratiet, er ein både krevjande og enkel idé, og her det mange viktige spørsmål Språkåret 2013 bør løfte fram. Den norske røynsla frå språkstriden gjennom 150 år er at kulturelle konfliktar kan løysast utan vald. Samanhengen mellom språk og demokrati finst på fleire plan. Demokratiet føreset av vi snakkar saman, at vi forstår det som blir sagt, at alle har høve til å delta i den debatten som føregår, at språket ikkje diskriminerer og at språk ikkje blir diskriminert. I 2013 er det hundre år sidan Noreg innførte allmenn røysterett, og året etter feirar vi 200-årsjubileum for Grunnlova. Språkåret 2013 bør ta mål av seg til å utfylle og utvide desse jubilea ved å peike på dei mange samanhengane mellom språket og demokratiet ikkje minst i ein fleirspråkleg og fleirkulturell kontekst. Samarbeid Språkåret 2013 har gjennom utviklingsprosjektet gjennomført møte eller anna kontakt med om lag 70 ulike aktørar. Denne verksemda har vore tidkrevjande, men vil vonleg kaste mykje av seg i form av godt samarbeid og gode tiltak fram mot, i og etter 2013. Språkåret 2013 må ikkje ende i eit jubileum for Nynorsk kultursentrum og Det Norske Teatret. Heldigvis er det ingen piler som peikar i den retninga. Medviten innsats gjennom alle delar av planlegginga er med på å sikre at svært ulike miljø førebur seg på Språkåret 2013 på sin eigen måte. På same måten skil òg Nynorsk kultursentrum mellom ansvaret for å prosjektere Språkåret 2013, og dei tiltaka dei sjølve ønskjer å gjennomføre som institusjon. Ei slik organisering sikrar at alle bør kjenne seg raust velkomne inn i arbeidet med Språkåret 2013, samstundes som ansvaret for gjennomføringa er tydeleg plassert. Når hovudprosjektet byrjar, vil det vere ei prioritert oppgåve å informere jamleg nye og gamle samarbeidspartnarar om framdrifta i arbeidet. Deltaking Det er ikkje mogleg å instruere det norske folket til å få gode haldningar til språkmangfaldet. Dialog, ikkje monolog, må prege Språkåret 2013. Nordmenn må sjølve ta del i dette mangfaldet og gjere seg opp sine eigne meiningar, men Språkåret 2013 kan gi folk kunnskap 17