saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.04.2015 27103/2015 Kristin Glæstad Vonheim Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 30.04.2015 Ungdomspanelet 15.06.2015 Høyring NOU 2015:2 Å høre til Bakgrunn I 2013 vart utvalet om verkemiddel for eit godt skulemiljø oppnemnt. Utvalet skulle vurdere dei samla verkemidla for å skape eit godt psykososialt skulemiljø, motverke og handtere mobbing og andre uønskte hendingar i skulen. Dette er ei orienteringssak om høyringa og eit førebels høyringssvar frå fylkesrådmannen. Oppsummering av rapporten Utvalet har tatt utgangspunkt i fire overordna perspektiv for kva problemstillingar utvalet har vore opptekne av: 1. Menneskerettane FNs barnekonvensjon 2. Nullvisjon 3. Fagleg læring og sosial læring høyrer saman 4. Inkludering Gjennom arbeidet til utvalet har det kome fram at det er store ulikskapar både mellom skular og mellom klasser på korleis ein handterer mobbing. Gode skular tek elevane på alvor og har rutiner for å fange opp og følgje opp krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering når dei skjer Utfordringar for dagens skule Utfordring 1: Rettssikkerheit rettane til elevane blir ikkje oppfylte Det er behov for betre rettsvern for elevane gjennom eit tydelegare regelverk med effektive klage- og tilsynsordningar. Det er behov for at tilsyns- og klageinstansen kan pålegge administrative sanksjonar og reaksjonar dersom skuleeigar og skulen ikkje oppfyller lovpålagte krav. Årsak til at rettssikkerheita ikkje er god nok: Skuleeigarar, skular, foreldre og elevar ikkje har tilstrekkeleg kjennskap til eller forståing av regelverket Regelverkskompetansen er låg. Det er nødvendig å auke denne. Utfordring 2: Skulekultur som fokuserer for lite på nulltoleranse Kravet om nulltoleranse er ikkje innarbeidd som ein del av skulekulturen ved alle skular. Skuleleiinga har eit særskilt ansvar for å gå framfor som gode rollemodellar. Det er ei utfordring at det ved nokre skular ikkje vil innrømme eller sjå at elevar blir mobba.
Oppfatning av at mobbing er eit problem som ikkje kan løysast. Nødvendig å sette inn tiltak for ein god skulekultur som understrekar vaksne sitt ansvar og tydeleggjer nulltoleranse for krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering Utfordring 3: Involvering og samarbeid Elevar, foreldre og brukarorgan blir ikkje involvert godt nok i skulen sitt arbeid med det psykososiale skulemiljøet og førebygginga og handteringa av krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering. Elevar og foreldre skal involverast og informerast om oppfølging av resultata frå Elevundersøkinga. Det er ei utfordring at brukarorgan ved skular ikkje er etablert slik som dei skal etter loven. Foreldreinvolvering er viktig. Det er viktig å etablere gode relasjonar til foreldre Utfordring 4: Ansvarleggjering og systematikk Kapasiteten hos skuleeigarar og skuleleiarar til å arbeide systematisk og langsiktig med å utvikle skulemiljøet er mangelfull Systematikk Det må setjast søkelys mot å styrke det systemretta arbeidet og implementeringa av innsatsar som fungerer. Det er nødvendig med tiltak retta mot skuleleiing og klasseleiing. Det er nødvendig å auke kompetansen til skulane i korleis dei kan fremje eit trygt skulemiljø, førebygging og handtering av krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering, utvikling av skulen som organisasjon. Utfordring 5: Organisering ansvarsfordelinga i støttesystemet er for utydeleg. Det er behov for å gjennomgå det statlege og det kommunale støttesystemet, og da særskilt funksjonar som har oppgåver knytt til det psykososiale skulemiljø og psykisk helse til elevane, for eksempel skulehelsetenesta og PPT-tenesta. Målsetjingar og forslag til tiltak Utvalet ønskjer altså at det blir betre rettssikkerheit og rettsvern for elevane og ei meir effektiv handheving av opplæringslova Kap 9a, at skulekulturar er gjennomsyra av nulltoleranse, ei betre involvering og samarbeid med elevar og foreldre, ei tydelegare ansvarleggjering av skuleeigar og skulen og auka kapasitet/kompetanse til å arbeide langsiktig og systematisk med skulemiljø osv. Og dei ønskjer eit styrka støttesystem med tydeleg ansvars- og oppgåvefordeling. Utvalet foreslår om lag 100 tiltak, men dei viktigaste tiltaka er: Å legge til rette for ei stor statleg satsing på inkluderande skule som mellom anna inneheld skulebasert kompetanseutvikling. Alle skulane i landet skal få tilbod om dette. o Mål: Å gjere skulane tryggare på å handtere både regelverket og det førebyggjande arbeidet. Endring av kapittel 9a i opplæringslova. Pliktene til skuleeigar og skulane skal tydeleggjerast. Mål: Barnekonvensjonen skal implementerast i utdanningssektoren.
Styrka handheving av opplæringslova Utvalet foreslår at Barneombodet blir førsteinstans for klager på krenkingar. Dei tilrår at ombodet får myndigheit til å gjere vedtak om administrative sanksjonar og reaksjonar og kan krevje oppreisning på vegne av eleven for ikkje-økonomisk tap på grunn av krenkingar. Tilsynet skal også kunne pålegge eleven administrative sanksjonar og reaksjonar. Målretta innsats mot krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering Utvalet foreslår å auke innsatsen i arbeidet med den digitale mobbinga. Utvalet ser det også som viktig å involvere elevar og foreldre. Styrking av skuleeigarskapet Ei brei satsing saman med skuleeigaren er avgjerande for å betre skulekulturen. «Eit lag rundt eleven» Utvalet tilrår nye stillingar i skulehelsetenesta og endring av mandatet til PPtenesta. Det er behov for ny forsking på kunnskapssvake områder Styring og støtte frå skuleeigar I rapporten er det eit eige kapittel om styring og støtte frå skuleeigar. Her har utvalet foreslått følgjande tiltak: 1. Skuleeigar sitt ansvar for å bygge kapasitet i skulane sine må tydeleggjerast når det gjeld både regelverketterleving og det førebyggjande arbeidet 2. Tilstandsrapporten til kommunestyret og fylkestinget skal ha ein del som omhandlar det psykososiale miljøet til elevane, og der arbeidet til den enkelte skulen blir evaluert. I tillegg bør alle planane til skulane for arbeidet med det psykososiale skulemiljøet blir lagt fram for kommunestyret eller fylkestinget. 3. Utdanningsdirektoratet får i oppdrag å revidere og digitalisere rettleiaren om forsvarleg system etter opplæringslova 13-10. Rettleiaren bør også gi eksempel på korleis systemet kan brukast i praksis. 4. Det bør settast i verk tiltak for å forbetre oppfølginga av Elevundersøkinga lokalt 5. Mandatet til PP-tenesta blir endra slik at arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling blir knytt til opplæringa og organisasjonsutvikling knytt til opplæringa og det psykososiale skulemiljøet til alle elevar. Det bør overførast ressursar frå Statped til skuleeigarar for å styrke PPtenesta. 6. Kunnskapsdepartementet blir bedt om å utgreie om det bør utarbeidast ei rettleiande norm for bemanninga i PP-tenesta 7. Utdanningsdirektoratet får i oppdrag å revidere forskrift til opplæringslova kapittel 22 slik at sosialpedagogisk rådgiving får ein meir førebyggjande funksjon 8. Staten bør fortsette å bidra med midlar til etter- og vidareutdanning til sosialpedagogisk rådgiving. Det bør settast inn ytterlegare tiltak for å auke kompetansen til sosialpedagogiske rådgjevarar, og departementet bør vurdere om ressursen til sosialpedagogisk rådgiving på skulane bør styrkast
9. Utdanningsdirektoratet bør i samarbeid med råd for helse- og oppvekstfag revidere læreplanen for barne- og ungdomsarbeidarutdanninga for å forbetre kompetansen til denne yrkesgruppa i psykososialt skulemiljø, krenkingar, mobbing og psykisk helse Vurdering Møre og Romsdal sine høyringsuttaler til rapporten Dette er eit mellombels høyringssvar. Det er mogleg også skulane skal få høve til å uttale seg i ei samla tilbakemelding om utvalet sine forslag. Møre og Romsdal HMS-arbeidet retta mot elevar Møre og Romsdal fylkeskommune gjennomfører årleg ei rapportering på HMS for elevar. Rapporteringa er ein del av den årlege HMS-rapporteringa for tilsette, og har i tillegg ein eigen del om læringsmiljøet for elevane. Her er det laga eit system som skal sikre involvering av elevar og sikre at skulane etterlever 9a i Opplæringslova. Det blir mellom anna spurt etter talet på møter i dei lovpålagte utvala, kva type saker ein har i desse, talet på enkeltvedtak både etter 9a-2 og 9a-3. I systemet finn skulane prosedyrar for mellom anna enkeltvedtak, klagebehandling, involvering av elevar og brukarorgan, lenkjer til aktuelle nettressursar om temaet osv. Fylkesutdanningssjefen lagar resultatmål for skulane om desse temaene, for eksempel systematisk arbeid med forskningsbasert kunnskap om læringsmiljøet (basert på prosjektet Betre læringsmiljø). Årleg går det ei orienteringssak til Utdanningsutvalet om funna i rapporteringa. Funn i Møre og Romsdal Fleire av dei funna som utvalet har kome med er også dokumentert gjennom rapporteringa på HMS for elevar. Det er svært stor variasjon mellom dei vidaregåande skulane i kor stor grad dei har møter i dei lovpålagte utvala. Fleire av skulane rapporterer om ingen møter i det heile tatt. Det er også stor variasjon i talet på enkeltvedtak, noko som kan vere eit teikn på usikkerheit/mangelfull forståing for lovverket i praksis ute på skulane. Det er for eksempel mogleg at det er usikkerheit knytt til forskjellane på funksjonane til Elevråd og Skulemiljøutval. Truleg er det mykje godt arbeid med læringsmiljøet på skulane, men det blir løyst munnleg og utan å dokumentere det. Dette er uheldig for elevane, som då mister retten til å klage på eit enkeltvedtak. Det kan også føre til usystematisk handtering frå skule til skule, og innan på same skule. Fylkesutdanningssjefen ser på dette som ein særs uheldig praksis og ønskjer å satse vidare på arbeidet med læringsmiljø og å skape gode rutiner. Statleg satsing på inkluderande skule Forslaget om ei nasjonal langvarig satsing på inkluderande skule er godt og bør implementerast på alle skular. Vi ser på dette som ei vidareføring av prosjektet Bedre læringsmiljø og at erfaringane frå dette prosjektet blir vidareført i denne satsinga. Utvalet bør sjå på om LP-modellen kan vere ein del av den nye satsinga. Det er viktig at ei slik satsing blir varig då det tek tid å endre kulturar ved skulane, og at det blir sett i samanheng med andre satsingar som for eksempel vurdering for læring. Det er behov for meir kunnskap om lovverk og rettar på dette området, og det bør implementerast nasjonale føringar for korleis arbeidet skal foregå. Det er viktig at det både blir satsa på førebyggjande arbeid for å hindre mobbing, men også for å profesjonalisere skulane når det oppstår akutte
situasjonar. Det vil alltid vere ein risiko for at det oppstår episodar som må handterast sjølv om ein arbeider etter ein nullvisjon. Slike retningslinjer bør vere så like som råd er nasjonalt slik at det er forutsigbart kva ein kan forvente seg, uavhengig av kva skule ein går på. Å kople fagleg læring og læringsmiljø er eit viktig skritt i retning av å profesjonalisere skulane i arbeidet med læringsmiljøet også. Å ha læringsmiljø med i konkrete måletjingar i viktige styringsdokument frå skuleeigar er med på å auke fokuset på arbeidet (oppdragsbrev, kvalitetsplanar og andre styringsdokument). Tidleg innsats er viktig også på dette området for å hindre episodar i å utvikle seg, og det er viktig å involvere foreldre/føresette så tidleg som mogleg. Informasjonsplikta til skulane bør understrekast ( 9a-6). Elev- og lærlingombodet gjer eit viktig arbeid for å lære opp elevtillitsvalte og har god kontakt ute i skulane med både elevar og skuleleiinga. Mobbing og haldningsskapande arbeid er alltid tema i elev- og lærlingombodet sine møte med elevråda.det bør vurderast å styrke denne ressursen, slik at ein kan arbeide meir førebyggjande. Dersom ein skal styrke ressursen bør det vurderast å dele stillinga slik at ein kan bidra til det viktige arbeidet både i forhold til elevar og lærlingar. Styrking laget rundt eleven er sentralt. Det er begrensa kva skulen kan ha av kompetanse på for eksempel helseproblematikk, men det bør vere eit godt samspel mellom skule og hjelpeapparatet. Også her er tidleg innsats viktig og då er det særskilt skulehelsetenesta som bør styrkast. Det er stor skilnad mellom skulane kor godt tilbodet til elevane har og dette bør styrkast monaleg for å gi elevane eit godt nok tilbod. Å endre mandatet til PPT og overføre ressursar frå Statped til skuleeigar Statped er i ei stor omorganisering, dette skal vere ei støtte for elevar med store hjelpebehov. Ei endring må ikkje gå ut over tilgjengelegheita til den særskilte kompetansen som Statped har og Statped må ikkje forsvinne som støtte for skulane. Å endre mandatet til PPT frå å gjelde dei særskilte tilfella til å arbeide med det generelle førebyggjande arbeidet er bra. Men dette vil krevje kompetanseheving og større bemanning. Og det vil krevje betre samhandling mellom dei ulike nivåa og etatane. Endring av opplæringslova kapittel 22 om rådgivingstenesta Ei endring av lova slik at sosialpedagogisk rådgiving må ikkje føre til at rådgivingstenesta får heile ansvaret for det førebyggjande arbeidet med læringsmiljøet. Det er viktig at det førebyggjande arbeidet med læringsmiljø er eit ansvar for alle tilsette ved skulane. Digital mobbing Forskinga viser at digital mobbing blant unge aukar i omfang. Å auke innsatsen mot digital mobbing er eit godt forslag. Her bør det arbeidast over tid og givast god opplæring til lærarar og føresatte. Her blir det viktig med godt foreldre-skulesamarbeid då mykje av denne mobbinga oppstår utanfor skuletid. Den gode eleven Kva som er forventa av elevane bør også tydeleggjerast i arbeidet med læringsmiljø. Prosjektet som elevane ved Kirkeparken i Moss gjennomførte er eit
godt eksempel på ei konkretisering av elevpliktene som er med på å skape gode læringsmiljø ved skulane («Slik er den gode eleven». ) Forslag til tiltak i Møre og Romsdal fylkeskommune Det er allereie igangsatt tiltak i Møre og Romsdal med HMS for elevar og den årlege rapporteringa. Møre og Romsdal er ein av dei få skuleeigarane i Noreg som har talet på enkeltvedtak etter 9a og på møter i dei lovpålagte utvala gjennom dette systemet. Men som denne rapporteringa viser er dette ikkje tilstrekkeleg. Læringsmiljø har vore tema på fleire leiarsamlingar, to skular har tidlegare arbeidd etter LP-modellen og ein skule deltok i det nasjonale prosjektet Betre læringsmiljø som vart avslutta i 2014. Arbeidet med å endre kulturar tek lang tid og må vere i fokus over ei lengre periode for å skape varige endringar. Det er viktig at dei erfaringane ein har frå både prosjektet med LP-modellen og Betre læringsmiljø blir tatt med vidare i det overordna arbeidet. HMS for elevar og læringsmiljø har også vore tema i fleire år med Elevrådsleiarsamlinga som Elev- og lærlingombodet har ansvaret for. Utfordringa med opplæringa av elevråda er at desse skiftar medlemmer etter relativt kort tid. Det er difor viktig at kunnskapen om opplæringslov og reglement er godt forankra og at det kontinuerleg blir gitt god rettleiing til elevane frå skulen si side. Då skulemiljøutvala vart oppretta gjennom ei endring i opplæringslova, hadde fylkeskommunen eigne samlingar for å gi opplæring til utvala. Behovet for å fortsette dette arbeidet, i samarbeid med elev- og lærlingombodet, bør vurderast på nytt. Forslag til vidare arbeid: Fylkesrådmannen ønskjer å oppretthalde fokuset på systematisk arbeid med læringsmiljø på samlingar, konferansar og liknande Læringsmiljø, lovverk og rutiner blir implementert i oppdragsbrev og eit fast tema på skulebesøk og liknande HMS for elevar er fast tema på Elev- og lærlingombodet si samling med elevrådsleiarar Læringsmiljø blir fast tema i dei faste møta med Elevorganisasjonen Skuleeigar skal, i samarbeid med elev- og lærlingombodet, arrangere samling med opplæring for skulemiljøutvala Forslag til vedtak: Utdanningsutvalet tek saka til orientering. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Sverre Hollen fylkesutdanningssjef