Auka utvinning på norsk kontinentalsokkel Ein presentasjon frå utvinningsutvalget 22. september 2010 Knut Åm
Mandat Identifisere teknologiske, regulatoriske og økonomiske hindre for økt utvinning. Foreslå tiltak som kan fjerne disse hindrene.
Realisering av petroleumsressursane Oljeproduksjonen på sokkelen er nesten halvert sidan toppen i 2001, og er venta å avta ytterlegare.
Status for auka utvinning Større reservevekst i felt enn i funn, med eit samla fall i reservetilveksten. Fallande produksjonsboring sidan 2000.
Mye igjen i dei store felta
Noreg eit foregangsland Gjennomsnittleg utvinningsgrad 46 pst.
Potensialet for auka utvinning Stort potensial: 1 pst. poeng = 270 mrd kroner Visjon: 2,5 mrd. Sm3 2,5 mrd. Sm3
Usikker framtid
Eit eksempel Ekofisk
Regulatoriske tiltak Det er nødvendig at fleire lønsame prosjekt for auka utvinning blir sette i verk: Utvalet foreslår derfor at stemmereglane blir endra slik at fleirtalsprinsippet gjeld for utvinningslisensen. Mykje av inntektene i prosjekt for auka utvinning vil ofte kome etter at lisenstida er ute. Det vil derfor vere vanskeleg å få gjort vedtak om nødvendige investeringar dersom vilkåra rundt forlenging av lisensperioden ikkje er avklart. Utvalet foreslår derfor at styresmaktene tidleg avklarar spørsmålet om forlenging av lisenstida når behovet dukkar opp.
Regulatoriske tiltak (2) Utvalet ser òg behov for å formalisere arbeidet med tiltak for auka utvinning i lisensane: Utvalet foreslår derfor at utvinningslisensane skal levere ein forenkla, revidert PUD seinast når 80 prosent av det planlagde volumet er produsert
Økonomiske tiltak Kostnadene har auka kraftig. Samtidig har produksjonen frå felta i drift falle. Kostnader er avgjerande for levetida på eit felt.
Økonomiske tiltak (2) Situasjonen innan riggmarknaden er særleg utfordrande fordi det er høge riggratar i Noreg samanlikna med andre land: Utvalet foreslår derfor at styresmaktene arbeider for at det blir enklare å flytte riggar til og frå norsk sokkel, ved at det blir etablert internasjonale standardar og krav med felles tolking og praksis. Utvalet foreslår òg at det i større grad bør vurderast å inngå langsiktige kontraktar for boring og brønnintervensjon slik at kapasiteten aukar raskt nok for modne felt. Dette bør kunne skje både mellom lisensar og mellom selskap.
Økonomisk tiltak (3) Målstyring av HMS- og ytre miljø er i mange tilfelle ikkje i stor nok grad vurdert opp mot eit kost/nytteperspektiv: Utvalet foreslår derfor at ved endring av krav eller praksis må styresmaktene i større grad vise kostnader og nytte av endringane. For prosjekt i halefasen til eit felt må styresmaktene vere varsame med å stille nye, kostbare og omfattande krav til HMS og ytre miljø dersom dette forkortar levetida til feltet og fører til tap av verdiar. Utvalet foreslår at, i samråd med industrien, tar initiativ til ein felles dugnad for å redusere driftskostnadene på norsk sokkel.
Økonomiske tiltak (4) I viktige, langsiktige saker som gjeld utvinning av resterande petroleumsressursar, kan det vere viktig at planane til operatøren blir utfordra, og at alternative syn blir etablerte: Utvalets fleirtal foreslår derfor at Staten i større grad bør sette Petoro i stand til å gjennomføre eigne utreiingar. Dette bør sikrast gjennom ei meir fleksibel finansiering enn det som er råd gjennom dagens finansieringsordning. Den store tilveksten av nye selskap med fokus på leiting det siste tiåret kan ha gitt eit svakare fokus på felt i drift og dermed på auka utvinning: Utvalet forslår derfor at styresmaktene gjennomgår dagens system for utbetaling av leitekostnader for å undersøke nærare kva verknader dette har fått for felt i drift.
Utvinningsmetodar og teknologi Teknologi har vore viktig for auka utvinning på norsk sokkel. Utvikling og implementering av ny teknologi vil vere avgjerande for å lykkast med auka utvinning i tida framover.
Utvinningsmetodar og teknologi (2) Utvikling og implementering av teknologi vil avgjere om Noreg skal lykkast med å auke utvinninga ytterlegare på norsk sokkel. I dag tar implementering av ny teknologi på norsk sokkel lang tid, og det er ein tendens til at pilotar blir utsette: Utvalet foreslår at styresmaktene etablerer eit nytt forum for samarbeid om pilotar med deltaking frå dei viktigaste aktørane og beslutningstakarane på sokkelen der OD og Petoro må ha ei sentral rolle. Utvalets fleirtal vil også styrke DEMO2000 og PETROMAKS for meir pilotering og kompetanseutvikling.
Utvinningsmetodar og teknologi (3) Det er eit stort potensial for å realisere ein del av den immobile oljen på norsk sokkel. Dersom aktørane og styresmaktene skal lykkast med dette må ei rad nye og eksisterande utvinningsmetodar takast i bruk: Utvalet foreslår derfor at selskapa bør få raskare framdrift i piloteringsarbeidet. Fleire EOR-metodar på norsk sokkel bør òg lyftast fram ved at eigne selskapsinterne hindringar blir utfordra når det gjeld bruk av kjemikaliar. Prosjekta kan då takast fram til vurdering av styresmaktene og få ei miljømessig heilskapleg kost/nytte vurdering.
Utvinningsmetodar og teknologi (4) Tilgang på CO 2 er ein kritisk faktor for bruk av CO 2 -injeksjon til auka utvinning på felta: Utvalet foreslår derfor at styresmaktene i arbeidet sitt med CO 2 -lagring, nasjonalt og internasjonalt, aktivt arbeider fram ein plan for utnytting av CO 2 -gassen også til EORformål på norsk sokkel. Boring og brønn er den viktigaste faktoren som på kort sikt kan bidra til å auke utvinninga på norsk sokkel: Utvalet foreslår at industrien i større grad vektlegg enklare brønndesign ved å redusere kompleksiteten og dimensjoneringa for å kunne gjere bruk av mindre kostbare riggar.
Konklusjon For å realisere potensialet for auka utvinning må vi: Auke bore- og brønnarbeidskapasiteten Legge til rette for å få fram vedtak om tiltak for auka utvinning i dei største felta Utvikle og ta i bruk eksisterande og ny teknologi Redusere kostnadene