Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 17.02.2012 Dykkar dato 09.01.2012 Vår referanse 2012/466 331.1 Dykkar referanse 11/2196 Lindås kommune Kvernhusmyrane 20 5914 Isdalstø LINDÅS KOMMUNE - BUDSJETT OG ØKONOMIPLAN Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2012 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 08.12. 2011. Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Skatteøyret for personlege skattytarar blei redusert frå 2010 til 2011. Reduksjonen i skatteøyret blei gjort for å redusera skatteinntektene sin del av samla inntekter. Samla for kommunane svarer dette til ein like stor auke i statleg rammeoverføring. For 2012 er skatteøyret for kommunane 11,6 %. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr. 357,2 mill. i skatt på eige og inntekt for 2012. I 2011 var det ein samla skattereduksjon for kommunane i landet på 3,2 %. Det er no rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2011 til 2012 med 2,9 %. Kommunen sitt skattenivå i 2011 var 100,3 % av landsgjennomsnittet. Den ordinære skatten utanom eigedomsskatt hadde ei svak utvikling i kommunen frå 2010 til 2011. Skattereduksjonen var 7,4 %. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2012 tilsvarande 60 % av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 20 09 Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Telefaks: Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2012 tilsvarande 60 % av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 % av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 % av differansen mellom 90 % av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, medrekna inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr. 668 mill. Inntektsprognosen for 2012 er no oppdatert med førebelse innbyggjartal pr. 01.01.2012 og innkomen skatt i 2011. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal pr. 01.01. 2012. For innbyggjartilskot og aldersfordelinga i utgiftsutjamninga er grunnlaget innbyggjartal pr. 01.07.2011. Dei budsjetterte frie inntektene ligg om lag kr. 5 ½ mill. høgare enn noverande inntektsprognose. Dei frie inntektene kan på denne bakgrunn vere budsjettert for høgt. Dette har samanheng med at kommunen hadde ei svakare skatteutvikling i 2011 enn gjennomsnittet for kommunane elles. Eigedomsskatt Det er for 2012 budsjettert med kr. 139,0 mill. i eigedomsskatt. Kommunen har 7 promille eigedomsskatt på verk og bruk. Det er uvisse knytt til om lag kr. 6,6 mill. av eigedomsskatten. Eigedomsskatten blir vidareført over ein lengre periode utan prisjustering, slik at realverdien av desse inntektene over tid blir redusert. Ein stor del av kommunen sine samla inntekter vil m.a.o. ikkje auka nominelt i denne perioden tilsvarande auken i dei kommunale utgiftene til løn m.m. Dersom det blir nye investeringar i Mongstad - anlegget, vil dette bidra til at eigedomsskatteinntektene aukar. Kommunen har også høve til å utvida grunnlaget for eigedomsskatt på verk og bruk knytt til tenesteytande verksemd. Generelle statstilskot Det er inntektsført andre generelle statstilskot med kr. 12,8 mill. Dette består av introduksjonstilskot flyktningar ( kr. 7,0 mill. ), kompensasjonstilskot frå Handlingsplanen for eldre og rentekompensasjon for skulebygg ( til saman kr. 5,0 mill. ) og kompensasjon for renter og avdrag etter Reform 97 ( kr. 0,8 mill. ). Løns- og prisauke Prisindikatoren for kommunesektoren for 2012 er i statsbudsjettet 3,25 %. Denne består av pårekna lønsvekst med 4,0 % ( vekt 0,635 ) og varekjøp med 2,0 % ( vekt 0,365 ). Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan gjenståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 % av lånegjelda ( når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med ). 2
Det er budsjettert med kr. 27,0 mill. i ordinære avdrag i driftsbudsjettet. Dei ordinære avdraga ligg med dette på minimumsnivået, det vil sei berre noko i overkant av 3 ½ prosent av netto berekna lånegjeld pr. 01.01.2012. Driftsresultat Kommunelova 46 punkt seks legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar (inkl. inndekning av underskot ). Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatta. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen. Frå og med 2010 har det vore endring i korleis kommunane kan disponera momsrefusjon frå investeringar. Det er ein overgangsperiode frå 2010 og fram til 2014. For budsjettåret 2012 skal minimum 60 % av meirverdiavgiftskompensasjonen frå investeringar bli overført til investeringsrekneskapen. Budsjettforskrifta 5 og rekneskapsforskrifta 3 er endra i samsvar med dette. Denne overføringa til investeringsrekneskapen må bli gjennomført sjølv om ein kommune eventuelt har meirforbruk i årsrekneskapen for det same året eller frå tidlegare år. Det er budsjettert med kr. 22,0 mill. i overføring frå netto driftsoverskot til investeringar. Kommunen har lagt opp til å overføra heile investeringsdelen av momskompensasjonen tilbake til investeringar både i 2011 og 2012. Dette er m.a.o. same praksis som alle kommunane må følgje frå og med 2014. Netto driftsoverskot i budsjettet er om lag kr. 17,2 mill. Dette er planlagt sett av til disposisjonsfond. Det er tilrådd generelt at kommunane bør ha eit netto driftsoverskot i rekneskapen på minimum 3 % av driftsinntektene. Dette er viktig for å kunne setje av midlar til å møta ei mellombels ubalanse på drifta og til finansiering av investeringar no eller seinare. Akkumulert rekneskapsresultat pr. 31.12.2010 var om lag kr. 11 ½ mill. Dette er sett av til investeringsfond. Det er rekna med eit overskot for 2011 mellom kr. 24 mill. og kr. 25 mill. Kommunen har tidlegare år fordelt utgiftsføringa av premieavviket over 15 år. Tidlegare akkumulert premieavvik er i 2011 utgiftsført med bruk av disposisjonsfond. I 2012 vil kommunen utgiftsføra premieavviket allereie etter det første året. Det er positivt at kommunen legg opp til dette i staden for å skyva utgiftsføringa ut i tid. Pensjonsutgiftene i dei årlege rekneskapa kan kome til å variera meir frå år til år. Det er viktig at kommunen har høge netto driftsoverskot og opparbeider eit stort disposisjonsfond. Dette har samanheng med fleire tilhøve : - ein stor del av inntektene kjem frå eigedomsskatt som med noverande skattegrunnlag ikkje vil auke tilsvarande den ordinære løns- og prisutviklinga i ein lang tidsperiode 3
- vi må rekna med eit høgare rentenivå slik at renteutgiftene kjem til å auka - kommunen si lånegjeld kjem til å auke både i år og neste år, slik at grunnlaget for renteutgiftene vil auke - pensjonsutgiftene vil kunne variera relativt mykje frå år til år, og det er viktig å ha reserve til å møta desse variasjonane. Kommunen har eit generelt disposisjonsfond ved inngangen til 2012 med om lag kr. 21 mill. Det er lagt opp til at disposisjonsfondet skal auke til om lag kr. 37 mill. til utgangen av året. Når kommunen har opparbeidd eit større disposisjonsfond, er det viktig å auk driftsfinansieringa av investeringane slik at kommunen kan unngå ei for sterk auke i lånegjelda. Investering, lånegjeld og kapitalutgifter I 2012 er det planlagt brutto investeringar for til saman kr. 159,4 mill. Dei største investeringane er i Seim skule, Leiknes skule, omsorgsbustader og brannstasjon m.m. Det er også investeringar i avlaupsreinseanlegg og vassverk, som skal vere avgiftsfinansierte. Investeringane er planlagt finansierte med lån kr. 114,1 mill., driftsfinansiering kr. 25,2 mill. og bruk av fond kr. 20 mill. Lån til investeringar kan bli fordelt mellom : Generelle investeringar: kr. 92,0 mill. Lån til avlaupsanlegg: kr. 9,6 mill. Lån til vassverk: kr. 12,5 mill. Dei to sistnemnde låneføremåla må vere fullt ut sjølvfinansierande med avgiftsinntekter. I tillegg kjem Husbanklån til vidareutlån med kr. 30 mill. Årleg tilskot til private avlaupsanlegg og reinseanlegg er ført opp i investeringsbudsjettet, med kr. 1,0 mill. for kvart år. Det må vere eit vilkår at kommunen har avtale om overtaking av dei private anlegga som har motteke tilskot. Tilskot frå kommunen til andre (t.d. private ) sine investeringar er for kommunen å sjå på som driftsutgifter. Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld pr. 31.12.2010 pr. innbyggjar for kommunane i fylket utanom Bergen til om lag kr. 53.505,-. I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen er kr. 54.805,-. Det generelle gjeldsnivået for kommunane i landet har auka vesentleg dei seinaste åra, og nivået må bli vurdert som høgt. Kommunane samla i fylket utanom Bergen har no eit gjeldsnivå som ligg om lag åtte prosent høgare enn landsgjennomsnittet (utanom Oslo). Kommunen si netto lånegjeld (utanom lån til vidareutlån) ved utgangen av 2011 er rekna til om lag kr. 738,6 mill., eller kr. 49.881,- pr. innbyggjar. Det er rekna med at kommunen si lånegjeld vil auka til om lag kr. 781,9 mill. ved utgangen av 2012, eller om lag kr. 51.775,- pr. innbyggjar. I tillegg kjem lån til vidare utlån ( formidlingslån Husbanken ). I økonomiplanen er det lagt opp til relativt stor auke i lånegjelda fram til og med 2013. Ein stor del av gjelda og pårekna gjeldsauke er ikkje sjølvfinansierande. 4
Over tid er det viktig med høg driftsfinansiering av investeringane og eit moderat investeringsnivå for å unngå at gjeldsbelastninga blir for stor over tid. Oppsummering Dei budsjetterte frie inntektene ligg om lag kr. 5 ½ mill. høgare enn noverande inntektsprognose. Dei frie inntektene kan på denne bakgrunnen vere budsjetterte for høgt. Dette har samanheng med at kommunen hadde ei svakare skatteutvikling i 2011 enn gjennomsnittet for kommunane elles. Det er viktig at kommunen har høge netto driftsoverskot og opparbeider eit stort disposisjonsfond. Dette har både samanheng med at eigedomsskatten utgjer ein stor del av dei samla inntektene, pårekna større renteutgifter og varierande pensjonsutgifter. Over tid er det viktig med høg driftsfinansiering av investeringane og eit moderat investeringsnivå for å unngå at gjeldsbelastninga blir for stor. Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass. fylkesmann Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Gjenpart : Deloitte, Postboks 89, 5902 Isdalstø Sekretariatsleiar for Nordhordland revisjonsdistrikt, Postboks 16, 5902 Isdalstø 5