Strategisk næringsplan. for Ål kommune med tilhøyrande retningsliner for næringstilskot

Like dokumenter
Strategisk næringsplan for Ål kommune

Strategisk næringsplan. for Ål kommune med tilhøyrande retningsliner for næringstilskot

Retningsliner for næringstilskot

Retningsliner for næringstilskot

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta.

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet.

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

SAK 51/17 FILM; FJORD, FJELL OG VIDDE

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

Ål kommune Retningsliner for tilskot til kulturarbeid Vedteke i Formannskapet , sak 18/11 Administrativ revidering etter oppstart SUKO,

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Planstrategi for Balestrand kommune

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Ivar Brevik, Inge Løkensgard, Kari Grete Kleivstøl, Astrid Sonerud

REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL.

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) FOR

Program for. Årdal Venstre

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

INTERNASJONAL STRATEGI

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan 2017

Fagdag for næringsmedarbeidarar

Ål Venstre. Ål Venstre

STRATEGIPLAN

Vedtekter for Mardølafondet

Strategisk Næringsplan for Ål kommune

FROKOSTMØTE 12. JANUAR 2016: Informasjonsmøte om RDA-midler - næringsretta midler til regional utvikling

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Forslag til årsmelding og årsrekneskap 2014 for Vest-Telemarkrådet

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

VEDTEKTER NÆRINGSFOND VÅGÅ KOMMUNE

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

REGIONALE IDRETTSANLEGG

Ål kommune. Strategisk Næringsplan Foto: Heidi Oskam. Foto: Heidi Oskam

SOGN driftig raus ekte

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Strategisk plan - eit vik0g verktøy for regionalt samarbeid? Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Regionrådet for Hallingdal

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Dato: kl. 17: kl orienteringsmøte om planstrategi Stad:

NØKKELDATA ANSVAR OG LEIING MÅL OG OPPDRAG MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR OVERORDNA MÅL OG FORVENTA EFFEKT BAKGRUNN, UTFORDRINGAR OG FØRESETNADER

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Marit Magdalene Schweiker K /5829

STRATEGISK NÆRINGSPLAN (SNP)

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

ETNE VENSTRE

RETNINGSLINER FOR NÆRINGSFONDET I GOL KOMMUNE.

Kommunedelplan for oppvekst

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

STRATEGISK PLAN, HANDLINGSPROGRAM 2018, ANSVAR REGIONRÅDET VEDTEKE , SAK

Overordna strategiplan for Hardangerrådet

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Retningsliner 2014 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Korleis kan kommunane rundt Setesdalsheiane rigge seg best på næringsutvikling Heiplankonferansen Setesdalsheiane 5-6. juni 2019

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Kommunale næringsfond

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

MODALEN KOMMUNE. Vedtekter for næringsfondet

Innovasjonsmetoden vår

Til veljarane i Tysnes

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

Trygg og framtidsretta

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

SAK 56-14, VEDLEGG 1 Eit prosjekt i utviklingsprogrammet for byregionar ByR Samspel og regional vekstkraft i Hallingdal»

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

Strategi Forord

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Revidering av programområder for Kulturelt utviklingsprogram 2014

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

Prosjekt sau og utmark

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Ål kommune Profil KULTURKOMMUNEN ÅL Ål byggjer profilen sin kring kultur og helse Plan for profil og omdømmebygging

SØKNAD OMTILSKOT, INNOVASJONSLØFT HALLINGDAL

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Torbjørn Guggedal K2 - U64 17/297. Saksnr Utval Type Dato 018/17 Kommunestyret PS

Mål: Vi skal utvikle eksisterande næringsliv, samt utvikle ny næring med fokus på det «grøne skiftet».

Frivilligpolitisk plattform

MIDSUND KOMMUNE VEDTEKTER OG SØKNADSKJEMA FOR NÆRINGSFONDET

kommunevalprogram for nesset venstre i perioden Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset.

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016

Ny næring, innovasjon og teknologi for klimatilpassing i Sogn?

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Transkript:

sk næringsplan for Ål kommune 2017 2020 med tilhøyrande retningsliner for næringstilskot 1

KVA ER STRATEGISK NÆRINGSPLAN FOR ÅL KOMMUNE? KVA ER STRATEGISK NÆRINGSPLAN FOR ÅL KOMMUNE? Kva er sk næringsplan for Ål kommune? sk næringsplan skal vere eit styringsverktøy for ein heilskapleg næringspolitikk. Den skal vere retningsgjevande for dei prioriteringar kommunen gjer i planperioden. Planen skal gje aktørane innan næringslivet signal om kva satsingsområde kommunen vektlegg spesielt. Ål kommune definerer si rolle til å vere ein: Tilretteleggar Samarbeidspartnar Støttespelar Ål vil legge til rette for næringsutvikling generelt og på dei områda som er vedtekne i planen spesielt. Dette vert gjort gjennom rådgjeving, planarbeid, politisk arbeid, god sakshandsaming, og kommunale investeringar. «Overordna mål for nærings - utviklinga er å utvikle Ål sine fortrinn, styrke eksisterande næringsliv og bidra til at det vert skapt nye arbeidsplassar. Ål vil vere ein samarbeidspartnar og tilby rådgjeving og rettleiing for den einskilde næringsaktør, men ôg ta initiativ til samarbeid mellom fleire aktørar, både innan offentleg og privat verksemd. Ål vil vere ein støttespelar for næringsaktørar. Dette kan vere som rådgjevar og hjelpar til å få innblikk i det offentlege apparatet, eller gjennom økonomiske støtteordningar. Ål kommune som næringsutviklar Det er bedriftene sjølve som skaper vekst og grunnlag for drift. Ål kommune vil vere ein samarbeidspartnar som stimulerer næringsaktørane til å bli levedyktige og lønsame, og som ivaretek og skaper trygge arbeidsplassar. Planar, lover og regelverk, kommunale tenester, næringspolitikk og tilskotsordningar skal nyttast strategisk og godt. Kommunen vil gje næringsdrivande rettleiing og rask avklaring om naudsynte godkjenningar når dei vil utvikle og/eller starte ny verksemd. Lokalt næringsliv og regionale, fylkeskommunale og statlege planverk legg føringar og er premissleverandørar for SNP i Ål kommune. Kommunen ynskjer å stimulere prosjekt og tiltak som har forankring i eit utviklingsorientert næringsliv, og fremje samarbeid mellom offentlege og private aktørar. Kommunale innkjøp utgjer betydelege summar, og i samband med avtaler om innkjøp skal difor kostnad, tilgjenge og service vektast ut frå eit lokalt perspektiv. Kommunen skal i størst mogleg grad ta omsyn til indirekte verknader for lokalt næringsliv, slik som arbeidsplassar, skatteinngang og bevaring av verdiskapinga i lokalsamfunnet når dei vurderer økonomi ved innkjøp. Ål kommune er oppteken av å kunne tilby gode kommunale tenester som barnehage, skule, helse, kultur- og aktivitetstilbod. Tilgang på bustad og tomter til ulike typar næringar er ein viktig føresetnad for næringsutvikling. Slik vil me sikre bulyst og tilgang på kvalifiserte arbeidstakarar. Ål kommune skal ha eit utval som handsamar tilskot til næringsutvikling, både frå næringsfond og andre fond. Ål kommunestyre vedtek årleg kor stor del av kraftinntektene som skal nyttast til næringsutvikling. Kommunestyret godkjenner i samband med rullering av sk næringsplan også retningsliner for næringstilskot. Næringsstyret er i perioden 2015-2019 sett saman av tre representantar frå næringslivet i Ål og to politisk valde representantar. Kommuneplan for Ål sk næringsplan byggjer på kommuneplanen for perioden 2015-2027. Pkt. 4.6 i kommune planen omhandlar næringsutvikling: «Overordna mål for næringsutviklinga er å utvikle Ål sine fortrinn, styrke eksisterande næringsliv og bidra til at det vert skapt nye arbeidsplassar. Ål vil: 1. Stimulere til eit næringsliv som gjev auka verdiskaping, nyskaping og produktivitet. 2. Næringslivet skal produsere og vidareforedle varer og tenester av høg kvalitet. 3. Yte offentlege tenester som næringslivet er nøgd med: rask sakshandsaming, god rådgjeving og informasjon, realistiske krav og forventningar m.m. 4. Stimulere til gründerskap og vidareutvikling av eksisterande bedrifter ved bruk av næringstilskot. 5. Legge til rette for å styrke utviklingsevna hjå næringsliv, politikarar og administrasjon. 6. Stimulere til at næringslivet kan tileigne seg naudsynt og relevant kompetanse. 7. Ta initiativ til og støtte samarbeid og nettverksbygging mellom næringslivet og det offentlege. 8. Legge til rette for at det til ei kvar tid er ledig og tilrettelagt næringsareal. 9. Stimulere til auka bruk av lokalt næringsliv både frå innbyggarane, hyttefolk og andre tilreisande. 10. Vera med å vidareutvikle Ål som arrangementskommune. 11. Støtte og vidareutvikle regionale fellestiltak.» 2 3

OVERORDNA MÅL, SATSINGSOMRÅDE OG STRATEGI Overordna mål, satsingsområde og strategi Ål kommune ynskjer å bidra til eit næringsliv som er prega av optimisme og gjennomføringsevne. Kommunal forvalting og tenesteproduksjon er viktig for rammevilkåra til det lokale næringslivet. Me har natur og landskap som gir oss store moglegheiter, men og ansvar. Ål vil nytte naturressursar og kulturlandskap på ein framtidsretta, utviklingsorientert og berekraftig måte. Overordna mål Ål kommune vil: Møte alle næringsaktørar med likeverd og rettferd. Sikre og trygge eksisterande arbeidsplassar og bidra til å skape fleire arbeidsplassar i Ål og Hallingdal. Ha eit berekraftig offentleg og privat næringsliv som nyttar ny teknologi der det er mogleg. «... eit næringsliv som er prega av optimisme og gjennomføringsevne.» At næringslivet i Ål veks og utviklar seg positivt. At Ål har eit sterkt og godt handelstilbod. Stimulere til meir lokal handel og vidareutvikle produkt og tenester frå lokale bedrifter. Legge til rette som arrangementskommune, slik at både nye og eksisterande arrangement kan halde fram og utviklast vidare. Få fleire solide merkenamn med lokal tilhøyrsel i Ål og Hallingdal. Vidareutvikle Ål som fritidsbustadkommune. Legge til rette for berekraftige løysingar i næringslivet*. For at kommunen skal kunne fylle si rolle som næringsutviklar på ein best mogleg måte, er det avgjerande at ressursar vert brukt målretta. Det er difor peikt ut spesifikke satsingsområde som er tidsaktuelle, utviklingsorienterte og som speglar dei lokale fortrinna. Det er på desse områda Ål kommune fyrst og fremst vil involvere seg aktivt og ta initiativ. For å nå måla legg me vekt på: Arbeidsplassar Eit absolutt mål for Ål kommune er at alt næringsutviklingsarbeid skal trygge eksisterande- og/ eller skape nye arbeidsplassar. Ål kommune er oppteken av at det er god tilgang på riktig kompetanse for bedriftene i kommunen/regionen. Ein god måte å oppnå dette på er å satse på lærling ar. Kommunen vil stimulere bedriftene til å tilby lærlingplassar. Det er aktuelt å innføre krav om lærlingar for dei bedriftene som leverer tenester til kommunen. Ål kommune vil også sjølv ta ansvar som lærlingbedrift. Ål kommune skal stimulere skulane til å bruke Ungt Entreprenørskap som ein læringsarena for bl.a. å styrke kontakten mellom skule og lokalt næringsliv. Ny teknologi Ny teknologi skal vektleggjast i næringsutviklingsarbeid både offentleg og privat. Ål kommune skal stimulere næringsaktørar til å ta i bruk ny teknologi. I første omgang vil ein spesielt legge til rette for dette innan helse og landbruk. Forsking, utvikling og kompetanse Ål kommune vil oppmuntre eksisterande næringsliv til utvikling og nytenking. Næringssamarbeid lokalt og regionalt Kommunen vil i samarbeid med næringsliv, Hallingdal etablerersenter, Innovasjon Norge og andre sentrale aktørar hjelpe personar som ynskjer å etablere eiga verksemd. Ål kommune vil legge til rette for lokal samhandling mellom offentlege og private miljø. Ål kommune vil vere ein pådrivar for eit tettare og konstruktivt regionalt samarbeid om næringsutvikling både innan offentlege og private verksemder. Ål kommune vil delta aktivt i prosessar som bygger oppunder dette. Ål kommune skal jobbe overfor sentrale styresmakter for å sikre best moglege vilkår for næringslivet. Ål kommune vil også vera ein lokal nettverksbyggar som kan kople ulike private aktørar mot kvarandre. Profil og omdømmebygging Ål kommune har fleire merkenamn, arrangement og bedrifter som er med på å gi kommunen ein positiv identitet. Ål kommune vil stimulere til at gode historier knytt til kommunens identitet vert brukt til å styrke næringslivet. Kommunen skal ha eit tydeleg profil- og omdømmebyggingsarbeid. Lokalproduksjon Ål kommune vil både stimulere til og delta i initiativ og løysingar som bidreg til meir lokalproduksjon og tilbod av lokale varer og tenester. Støtte og bistå planar/tiltak som skaper vekst for lokal handel, servic e og serveringsbedrifter. retta næringsutvikling innan viktige næringar for Ål kommune Ål kommune er ein liten distriktskommune, men det hindrar ikkje eit rikt og svært variert næringsliv med bedrifter innan mange ulike bransjar. Nedanfor ser ein korleis Ål kommune vil legge til rette for ei målretta næringsutvikling innan dei sentrale næring ane i kommunen. Delkapitlet som handlar om næringsareal og tilgjenge er sentralt for handel og industri/bygg/anlegg. 4 5

OVERORDNA MÅL, SATSINGSOMRÅDE OG STRATEGI Næringsutvikling innan helse og omsorg Ål kommune blir rekna for å vere helsekommunen i Hallingdal. Ål kommune ynskjer å bruke kompetansen og posisjonen innan dette fagfeltet til å utvikle nye næringar innan helse- og omsorgsfeltet. Kommunen vil legge opp til at eksisterande og nye næringsaktørar utnyttar den store marknaden som finst innan helsetenester, spesielt med tanke på nye teknologiske løysingar. Satse vidare på Torpomoen som eit senter for bedrifter innan helse- og omsorgstenester, beredskap og arbeidsmiljø. Vidareutvikle fagmiljø i Ål og Hallingdal for å tiltrekke seg universitets- og høgskuleutdanna personell med relevant kompetanse, og etablere kompetansearbeidsplassar innan fagutvikling og velferdsteknologi. Bidra aktivt i oppbygging og utvikling av fagmiljø innan helse, miljø og sikkerheit og omsorg, rådgjeving og kompetanseformidling på Torpomoen. Bruke helseprofilen til å auke tilflytting og etablering av nye arbeidsplassar. Bistå bedriftsutvikling innan dette fagfeltet spesielt. Trekke inn lokalt næringsliv i arbeidet med helseteknologi. Ål kommune skal ta i bruk velferdsteknologi. Vere pådrivar for desentraliserte helsetenester. Etablere responssenter for mottak av differensierte alarmar og vakttenester. Søke støtte og utviklingsmidlar frå sentrale instansar. Næringsutvikling innan kultur og kreative næringar Kreative næringar er definert som verksemder som nyttar kulturelle uttrykk i sine produksjonar, t.d. annonse/ reklameverksemd, arkitektur, bibliotek/museum, trykte media, design, film/foto/video, utøvande kunst, musikk, TV/radio. Ål har den største næringsklynga i regionen innan IKT/Media/Grafisk. Ål skal ha ein sentral posisjon i regionen når det gjeld IKT/Media/grafisk/elektronisk kommunikasjon og teknisk kulturproduksjon. Ål skal vere ein kommune der kulturbaserte næringar skal utviklast og skape synergiar som gjev vekst i bransjen. Ål kulturhus gir grunnlag for næringsutvikling i og utanfor huset. Ål kommune skal vere blant dei beste kulturkommunane i landet. Bidra til å støtte opp om eksisterande bedrifter og legge til rette for nye kreative næringar. Styrke samarbeidet med lokale kulturaktørar Fortsette arbeidet med å utvikle ei regional næringsklynge for kreative næringar i Hallingdal. Vidareutvikle Ål kulturhus som kultursenter for Hallingdal. Ål kulturhus skal vere ein regional kompetansebase for kulturproduksjon. Vidareføre og forsterke kulturarbeidet som blir drive i kommunen. Legge til rette for at lokale lag og organisasjonar kan nytte Ål kulturhus i større grad. Frå testleiligheita til iglobal Tracking på Torpomoen. Foto: Kreator 6 7

OVERORDNA MÅL, SATSINGSOMRÅDE OG STRATEGI Næringsutvikling innan landbruk Ål er den største husdyrkommunen i Buskerud. Sommaren 2015 søkte 158 føretak om produksjonstilskot på til saman 35.950 dekar jordbruksareal. Det som kjenneteiknar landbruket i Ål er allsidig husdyrhald, leigejord, landbruk som ei av fleire inntektskjelder til huslyden, relativt lite innmark og store utmarksressursar. Næringsutvikling innan reiseliv og fritidsbustader Ål som destinasjon for reiseliv og fritidsbustader er tufta på natur- og kulturopplevingar. Reiselivsnæringa i Ål er sett saman av eit par store og elles små og mellomstore verksemder. Tal på kommersielle gjestedøger i 2015 er omlag 90.000 i følge SSB. I tillegg kjem alle overnattingsdøger frå Ål sine om lag 2900 hytter. Det gir store ringverknader både for handel, anna næringsliv, landbruk, kulturtilbod og fysisk aktivitet sommar og vinter. Reiselivssatsinga er tufta på natur, kultur og helse, som profilen elles i Ål. Eksisterande og nye aktivitetar, opplevingar og attraksjonar gjer Ål og Hallingdal til ein synleg destinasjon. Ål er aktiv i satsinga på terrengsykling og langrenn. Ål har eit attraktivt alpinskitilbod i åra framover. Landbruket er ein viktig premissleverandør for reiselivet. Ål kommune støttar eit samarbeid mellom reiseliv og landbruk, for å kunne tilby fleire landbruksprodukt for turistar og hytteålingar. Ål kommune har eit auka fokus på kvalitetssikring, berekraft og kompetanse, for å møte morgondagens krav og forventningar. Stimulere til produktutvikling som tek utgangspunkt i natur, kultur og helse. Legge til rette for produktutvikling. Delta aktivt i lokale, regionale og (nasjonale) prosjekt. Bistå næringsutvikling som marknadsførar og nyttar alpintilbodet. Legge til rette for eit auka samarbeid mellom grunneigarar og reiselivsnæringa for å sikre gode løysingar når det gjeld løyper, stigar og anna bruk av utmark. Legge til rette for produktutvikling og nytenking. Stimulere reiselivsaktørar til å skaffe seg Miljøfyrtårnsertifisering. Utnytte beita i kommunen mest mogleg som ein ressurs for matproduksjon og for å fremje eit velhalde kulturlandskap både i grendene og i fjellet. Halde oppe, og helst auke produksjon på flest mogleg bruk, med særskild vekt på mjølk- og beitedyr. Fremje eit godt landbruksmiljø. Auke lokal foredling, sal, vidareutvikling av produkt og tenester frå landbruket. Støtte satsing på alternative produksjonar. Revidere beitebruksplanen. Motivere til å ta i bruk ny beiteteknologi. Støtte opp om tiltak som aukar utnytting av utmarksbeita. Arbeide for fleire stølar i drift. Gje råd og motivere til utarbeiding av framtidsretta planar for kumjølk- og storfekjøttproduksjon. Stimulere tiltak som sikrar eit auka berekraftig landbruksareal. Dette kan omfatte nydyrking. Vidareføre «Ny giv i landbruket i Ål» Sette i gang prosjekt for å kartlegge kva som skal til for å få til meir lokalforedling og sal av produkt i Hallingdal. Legge til rette for auka samarbeid mellom grunneigarar og reiselivsnæringa for å sikre gode løysingar når det gjeld løyper, stigar og annan bruk av utmarka. Støtte bedrifter som startar eller driv produktutvikling og profilering av lokale landbruksprodukt. Kople nye idear med fagmiljø, nettverk og finansieringskjelder. Eit tettare samarbeid innan reiselivet i Hallingdal. Delta aktivt i Hallingdalsprosjekt Ål blir betre kjent som ein attraktiv fritidsbustadkommune og med det kan dra nytte av ringverknader og overrislingseffektar. Arbeide for ei breiare forståing for ringverknadane desse næringane gir andre næringar. Jobbe aktivt med å samle reiselivsaktørar, bygg/ anlegg, landbruk og kreative næringsaktørar til eit tettare samarbeid der ein marknadsfører og utviklar Ål, spesielt som hytte- og fritidsbustadkommune. Sikre tilrettelegging og tiltak som gjer at Ål blir oppfatta som ein attraktiv og positiv hyttekommune. Ål bygger vidare på eksisterande arrangement og at det vert utvikla nye. Satse vidare på arrangementsturisme. Stimulere initiativ frå arrangørar. 8 9

OVERORDNA MÅL, SATSINGSOMRÅDE OG STRATEGI Næringsareal Det er heilt avgjerande for næringslivet at det er god tilgang på riktig type næringsareal i forhold til plas sering, storleik og grad av opparbeiding. Det er også svært viktig at handelsbedrifter skal vere godt tilgjengeleg for gåande, syklande og køyrande. Ål kommune vil tilby det lokale næringslivet føremålstenelege næringsareal, infrastruktur og næringsvenlege offentlege tenester (forvaltning). Ål kommune skal kunne tilby gode og føremålstenlege byggeklare næringstomter. Regulere, kjøpe/sikre og setje i stand ulike typar næringsareal. Tilby tomter i den opne marknaden. Etablere ein overordna plan som vil sikre gode driftsforhold og vidareutvikle eksisterande og nye potensielle næringsklynger/parkar, på ein offensiv og rettferdig måte. Ål kommune vil vere ein pådrivar for å handle varer og tenester lokalt. Ål kommune skal ha eit velfungerande, godt tilgjengeleg og trafikksikkert handelssentrum for innbyggarane og for tilreisande. Bygge ut infrastruktur og knytte vegar og gangfelt saman. Ha tydeleg skilting, spesielt med tanke på trafikktryggleik og for å synleggjere kva Ål kan tilby frå RV 7. Ål stasjon blir definert som ein del av Ål sentrum. Sørge for gode gang- og sykkeltrasear mellom Ål stasjon og Ål sentrum. - Viktige samarbeidspartar i næringsutviklingsarbeid for Ål kommune: Hallingdal Etablerersenter Regionrådet for Hallingdal Innovasjon Norge Buskerud fylkeskommune Papirbredden Innovasjon Hallingdal næringshage Utviklingsselskap under utvikling etter intiativ frå bedrifter innan Helse Miljø Sikkerheit og Beredskap i Hallingdal Ål Utvikling AS Høgskulen Sør Øst Norge Landbruks- og miljøavdelinga hjå Fylkesmannen Lærlingbedrifter Ål og Gol vidaregåande skular Næringsstyret (2015 2019) har hatt ansvar for arbeidet med rullering av sk næringsplan: Desse har delteke i arbeidet: Solveig Vestenfor (Ap), ordførar og leiar Espen Jakobsen (V), kommunestyremedlem Morten Gjeldokk, representant frå næringslivet Kari Grete Kleivstøl, representant frå næringslivet Astrid Sonerud, representant frå næringslivet Håkon Haug Laa, vararepresentant frå næringslivet Ole Egil Trintrud, vararepresentant frå kommunestyret Kristian Kvistad Holm, næringsutviklar Marit Torsrud Nerol, jordbruksforvalter Karsten Dideriksen, kommunalsjef helse og omsorg Tone Tveito Eidnes, rådmann Det har vore gjennomført innspelmøter med næringsaktørar frå ulike næringar, næringsplan har vore tema på møte i «Ny giv i landbruket», samt på eigarmøte i Ål Utvikling. Planen har også vore ute på offentleg høyring. 10 11

RETNINGSLINER FOR NÆRINGSTILSKOT 2017 2020 «For å skape ei positiv næringsutvikling i kommunen, ønskjer Ål kommune aktivt å samarbeide om og stimulere fram prosjekt og tiltak med forankring i eit utviklings orientert næringsliv» Retningsliner for næringstilskot 2017 2020 1. Innleiing 1.1 Føremål Føremålet med næringstilskot er å stimulere til nyskaping, nyetablering, knoppskyting, kompetanseheving og andre utviklingstiltak som varige og lønsame arbeidsplassar og verksemder i samsvar med sk næringsplan sine mål og satsingsområde. Oppfølging og gjennomføring av tiltak i sk Næringsplan (SNP) skal difor prioriterast. 2.2 Jordbruksfondet Avsetjinga skal vere øyremerkt tilskot til personar som har landbruk som yrke, anten på heiltid eller deltid, og til fellestiltak som har til føremål å fremje landbruket i Ål. 2.3 Arrangementsfondet Arrangementsfondet i Ål kommune skal nyttast til å stimulere og utvikle nye og eksisterande arrangement med stor marknadsføringsverdi for Ål. Fra prosjektet Høge Sprang. Bilder er av Bjørn Jarle Kvande, grunnleggaren av Trailguide og Sjogg.no. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard Næringsutviklinga i Ål kommune er å sjå på som den samla utviklinga i bedriftene i kommunen. For å skape ei positiv næringsutvikling i kommunen, ønskjer Ål kommune aktivt å samarbeide om og stimulere fram prosjekt og tiltak med forankring i eit utviklingsorientert næringsliv, og å fremje samarbeid mellom offentlege og private aktørar. Dette medfører å støtte dei verksemdene og dei prosjekta som har eit utviklingspotensiale i tråd med målsettingane i næringsplanen og som har evne og vilje til å realisere sitt potensiale. Det skal etablerast lønsame arbeidsplassar, og verdiskapinga skal aukast ved at Ål og regionen får ein meir robust og breiare næringsstruktur, slik at området kan gi interessant sysselsetting for både kvinner og menn. Det kan løyvast tilskot til særskilte prosjekt og tiltak der kommunen har ei rolle som initiativtakar, medspelar eller tilretteleggjar i samarbeid med ulike bedrifter og organisasjonar i kommunen og regionen 2. Fond og andre løyvingar til næringsformål 2.1 Tilskotsdelen av næringsfondet Avsetjinga skal vere øyremerkt tilskot til næringsutvikling, både investeringar og prosjekt, som fremjer lønsemd for bedrifta. Det kan også gjevast tilskot til fellesprosjekt som fremjer utvikling for Ål-samfunnet. 2.4 Andre fond og løyvingar i Ål kommune I tillegg til tilskotsordningane nemnt i 2.1-2.3, finst det andre tilskotsordningar med tilhøyrande retningsl iner. Kommunen har ôg løyvingar på årsog langtidsbudsjett til næringstiltak. 3. Retningsliner for bruk av midlar frå tilskotsdelen av næringsfondet og jordbruksfondet 3.1 Søknad Det er to søknadsfristar i året: 1. april og 1. oktober. 3.2 Stønadsvilkår: 1. Tiltak/prosjekt som søkjer om finansiering frå næringsfondet, kan ikkje allereie vere starta før søknaden blir fremja med mindre anna er avtala med næringsutviklar/rådmann. 2. Det blir ikkje gjeve tilskot til investering i lett omsetbare produksjonsmidlar, driftsmidlar eller næringsbygg til utleigeverksemd. 3. Det vert ikkje gjeve lån eller tilskot til sanering av gjeld. 4. Ved handsaming av søknader om tilskot frå næringsfondet, skal det ôg takast omsyn til andre offentlege tilskot (til dømes frå Innovasjon Norge) som vert gjeve/søkt om til føremålet. Næringsfondet skal ikkje erstatte annan ekstern finansiering. 5. EØS-reglane må ivaretakast. 12 13

RETNINGSLINER FOR NÆRINGSTILSKOT 2017 2020 RETNINGSLINER FOR NÆRINGSTILSKOT 2017 2020 6. Søkjaren skal nytte kommunen sitt søknadsskjema. Ved underskrift på dette bind søkjaren seg til å godta dei føresetnader som eventuelt tilskot blir gitt på. 7. Dersom søkjaren gjev feil opplysningar, føresetnadene blir endra, eller bedrifta blir selt/ lagt ned/flytta innan 3 år etter at tilskotet er ut - betalt, kan kommunen krevja pengane attende. 8. Løyvd tilskot som ikkje blir nytta innan 3 år blir ført attende til næringsfondet. 3.3 Leiing - Delegering - avgjerdsmynde Rådmannen avgjer søknader med søknadssum inntil kr 70 000. Næringsstyret avgjer søknader med søknadssum inntil kr. 500 000. Større søknader blir avgjort av kommunestyret, etter innstilling frå næringsstyret. Det skal øyremerkast minimum kr. 140 000 til landbruksføremål kvart år. 4.3 Stønadsvilkår Tilskot kan løyvast til: Lokale arrangementet som har stor marknadsføringsverdi for Ål. Eksterne arrangørar som ynskjer å ha eit arrangement i Ål. Arrangement som kan synleggjere at dette har stor tyding for lokalt næringsliv, lokalbefolkning og/eller tilreisande. Same arrangement kan normalt få støtte inntil 3 år. Ål kommune kan gje råd om andre finansieringsordningar/støtteordningar til arrangementa. Leiing - Delegering - avgjerdsmynde Rådmannen avgjer søknader med søknadssum i nntil 70 000 kroner. Større søknader blir avgjort av næringsstyret. Fyrste halvpart av tilskotet kan utbetalast etter vedtak. Siste halvpart av tilskotet vert utbetalt når prosjektet er fullført og kostnadane kan dokumenterast. Rådmannen/sakshandsamar tek stilling til kva dokumentasjon som skal godkjennast i kvart tilfelle før siste utbetaling. Løyvd tilskot som ikkje blir nytta innan 3 år blir ført attende til næringsfondet. Misleghald Ål kommune kan krevja at utbetalt tilskot vert attendebetalt heilt eller delvis dersom tilskotsprosjektet vert overdrege til andre, flytta, nedlagt eller på annan måte vesentleg endra, slik at det opphavlege grunnlaget for tilskot fell bort. Slik attendebetaling kan skje inntil 3 år etter at tilskotet er gitt. Ubrukte midlar Kommunestyret avgjer om ubrukte midlar eit år skal tilleggast urørleg grunnkapital eller overførast til neste års tilskotsdel av næringsfondet. Klage Det er mogleg å påklage vedtak gjort av rådmannen eller næringsstyret. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt søker mottar melding om vedtaket. Klagen må fremjast skriftleg, og må nemne det vedtak det blir klaga over. Samtidig bør ein nemne dei grunnane klagen støtter seg til. Klaga blir fremja for det organ som har fatta vedtaket. Dersom vedtaket blir oppretthalde, skal klagen oversendast klageorganet for vidare handsaming. Klageorgan er formannskapet i Ål kommune. 4. Arrangementsfondet 4.1 Søknad Utarbeidd søknadsskjema skal brukast. Ved underskrift på dette bind søkjaren seg til å godta dei føresetnader som eventuelt tilskot blir gitt på. Tilleggsopplysningar kan gjevast i eige vedlegg. Maksimal tilskotsprosent er sett til 50 % av totalkostnaden. 30 000 kr. vert gjeve i tilskot til Ål arrangementsforum under føresetnad av at medlemmene av forumet betaler inn tilsvarande sum. Det er ingen søknadsfristar for arrangementstilskot. 5. Felles retningsliner 4.2 Kven kan søkje tilskot? Organisasjonar, institusjonar, personar og bedrifter i Ål kommune kan få tilskot til å utvikle og realisere arrangement. Det blir ikkje gjeve tilskot til lands- og fylkesorganisasjonar. Arrangement som primært har som oppgåve å ta vare på medlemene sine yrkes- og/eller økonomiske interesser, og organisasjonar som ikkje er opne for alle, kan ikkje rekne med å få tilskot. Kommunestyret bestemmer kvart år - i samband med budsjettarbeidet - kor mykje som skal nyttast som tilskot til næringsverksemd. Næringsstyret består av 2 politikarar og 3 representantar frå næringslivet. Eit mindretal på 2 kan anke avgjersle i næringsstyret inn for klageorgan (formannskapet). Næringsutviklar er sekretær og sakshandsamar i alle tilskotssaker. Utbetaling av tilskot Prosjektet må gjennomførast i samsvar med søknaden. Ål 17.11.2016 Solveig Vestenfor Ordførar Desse retningslinene er vedtekne av Ål kommunestyre i møte 17.11.2016. 14 15

Web: www.aal.kommune.no Adr:Torget 1, 3570 Ål Tlf: Servicetorget - 32 08 50 00 E-post: postmottak@aal.kommune.no www.facebook.com/aalkommune Av: Kreator.no 01-17 Foto: Vegard Breie, Forsidefoto: Bård Svardal