Rapport Kjerneområde landbruk Førde kommune Ei drivkraft med menneska i sentrum
Føreord Rapporten Kjerneområde landbruk peiker ut dei beste areala i Førde kommune for sentrale samfunnsoppgåver for landbruket; matproduksjon og vedlikehald av kulturlandskap. Kjerneområde landbruk er eit samleomgrep for kjerneområde matproduksjon, det vil sei større samanhengande jordbruksareal med jordsmonn som er spesielt eigna for produksjon av mat, og kjerneområde kulturlandskap som omfattar spesielt verdifulle kulturlandskap. Rapporten er utarbeidd av avdeling for Byggesak og arealforvaltning i Førde kommune, og val av områder er tufta på lokalkunnskap, arealressurskart og eksterne fagutredningar. Det er sett ein høg kvalitativ terskel for areala som er med i rapporten. Registrerte kjerneområde matjord utgjer om lag 30 % av det totale fulldyrka arealet som er i drift i kommunen. Det vil sei at det er «indrefileén» vi vil kaste lys på her. Hovudmålet med rapporten er å få bringe dokumentert kunnskap om arealkvalitetar tidleg inn i ulike planprosessar. På den måten vil ein få best mogleg avgjerdsgrunnlag for å redusere moglege konfliktar mellom landbruket og andre samfunnsinteresser. Men det er viktig å presisere at også jordbruksareal som ikkje er registrert i rapporten, er sterkt beskytta for omdisponering gjennom jordlova og plan- og bygningslova. Med håp om å få eit lettlest og praktisk verktøy er rapporten kortfatta, der kartutsnitt og vedlagd oversiktskart vil vere det sentrale arbeidsdokumentet. Førde 20.12.2012 Leiar Byggesak og arealforvaltning Odd Harry Strømsli Innhald 1. Innleiing s. 3 2. Mål, strategi og tiltak s. 3 3. Metode s. 4 4. Definisjonar og kriterium s. 4 5. Utvalde kjerneområder matproduksjon s. 5 6. Utvalde kjerneområder kulturlandskap s. 20 7. Kjelder s. 25 8. Oversiktskart Vedlegg Førde kommune Side 2
1 Innleiing Klimaendring, større etterspurnad etter mat og produksjon av energi på jordbruksareal, er faktorar som har ført til ein situasjon med usikker global matforsyning. Med matmangel i delar av verda og med ein norsk sjølvforsyningsgrad på om lag 50 %, har vi eit ansvar å ta vare på jordressursane våre. I lys av at det gjerne tar 1000 år å danne eit matjordlag på 10 cm, er det urovekkande at i landet vårt er meir enn 1 mill. daa. dyrka og dyrkbar jord omdisponert dei siste 50 åra. Eldre kulturlandskap er også under sterkt press. Verdifulle kulturlandskapstypar er mange stader i ferd med å forsvinne på grunn av endra driftsformer i landbruket eller andre omfattande inngrep. Med tap av slike områder mister vi naturmiljø som speglar vår kulturarv og identitet, og som er viktige for reiseliv, rekreasjon og det biologiske mangfaldet. For Førde kommune sin del er utfordringane store når det gjeld jordvern. Kommunen vart i 1965 utpeikt som vekstsenter og er i dag fylkessenter for Sogn og Fjordane. Denne utviklinga har ført til eit stort press på gode jordbruksområder for å skaffe areal til næringsverksemd, busetnad, idrettsanlegg og infrastruktur. Vern av dyrka og dyrkbar jord, samstundes som ein skal utvikle viktige sentrumsfunksjonar og styrke posisjonen som fylkessenter, er og vil bli ei stor utfordring. 2 Mål, strategi og tiltak For å bremse utviklinga med tap av dyrka og dyrkbar jord har stortinget slutta seg til målsettinga om å styrke jordvernet, og følgjande mål er uttrykt i St.meld. nr 26 (2006-2007): Regjeringa vil: Halvere den årlege omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane innan 2010. Stimulere kommunane til å utpeike kjerneområde for landbruk som grunnlag for kommunale planavklaringar. Stimulere til regionale planprosessar i by- og tettstadsområder der det blir trekt langsiktige jordverngrenser. Arbeide for å redusere avgangen av dyrka mark til samferdselstiltak. Som ein oppfølging av dei nasjonale føringane utarbeidde Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ein strategi for arbeid med arealforvaltning og jordvern, Jordvernstrategien i Sogn og Fjordane. I sak 091/08 vart høyringsutkastet til strategien samrøystes støtta av Formannskapet i Førde kommune. Med dette bakteppe vedtok Planutvalet i sak 019/12 at det skal gjennomførast ei registrering av kjerneområde for landbruk i Førde. Registreringa skal ende opp i ein rapport som skal dokumentere og kartfeste spesielt gode arealkvalitetar. Målet er å få eit godt planverkty som i tillegg til jordlova og plan og bygningslova, sikrar jordressursar og vernar om verdifulle kulturlandskap. På den måten vil ein få best mogleg avgjerdgrunnlag for å redusere mogelege konfliktar mellom landbruket og andre samfunnsinteresser. Førde kommune Side 3
3 Metode Rapporten er utarbeidd av avdeling for Byggesak og arealforvaltning i Førde kommune. Landbruks- og matdepartementet sin rettleiar for registrering av kjerneområde landbruk er brukt som rettesnor for arbeidet. I tillegg har Oddgeir Årdal frå landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, gitt oss generelle råd og tips ved oppstart. Grunnlaget for registreingane av kjerneområde matproduksjon er tufta på lokalkunnskap og tilgjengelege areal- og ressurskart. Utvalde kjerneområde kulturlandskap er i hovudsak henta og kvalitetssikra gjennom utredningane Biologisk mangfald i Førde kommune og Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Førde kommune (sjå kjelder s. 25). Truleg er det ein del viktige lokalitetar som ikkje er fanga opp her, og nye kartleggingar bør prioriterast. 4 Definisjonar og kriterium Kjerneområde landbruk er eit samleomgrep for kjerneområde matproduksjon og kjerneområde kulturlandskap. Uttrykket vart i sin tid presentert av landbruksminister Sponheim under ein stor jordvernkonferanse i Stavanger i 2004. Kjerneområde matproduksjon vil sei gode større samanhengande jordbruksareal som er spesielt godt eigna for matproduksjon. Kriteria for areal som er registrert i rapporten er lik den som er sett i Fylkesdelplan for arealbruk for dyrka jord klasse A, dvs fulldyrka og lettdriven jord som er i aktiv drift og som samanhengande utgjer meir enn 100 daa til grasproduksjon, og 50 daa dersom det er nytta til hagebruk. For å bli klassifisert som kjerneområde matproduksjon blir det såleis lagd vekt på jordsmonnet sitt innhald og samansetning, terrenget sin hellingsgrad og arealet sin storleik og arrondering. I tillegg inkluderer ein del av områda sikringssoner med andre markslag enn fulldyrka A jord. Sjølv om arealet er delt av eigedomsgrenser, driftsvegar eller opne grøfter/bekker, blir dei i rapporten rekna som samanhengande. Jordbruksareal som er regulert til anna føremål enn landbruk, natur og friluftsliv (LNF), er ikkje tatt med som kjerneområde matproduksjon. Kjerneområde kulturlandskap er områder som representerer natur og kulturhistoriske verdiar som er eit resultat av allsidig matvareproduksjon over lang tid, gjerne fleire tusen år. Dei største kulturlandskapsverdiane er gjerne knytt til tungdrivne småbruk der dei disponible naturressursane over tid er godt utnytta på ein berekraftig måte. Utvalde kjerneområde kulturlandskap er som tidlegare nemnd henta frå tilgjengelege fagutredningar. Ein har lagd vekt på areal med element som viser historisk interessante driftsformer, verdifullt biologisk mangfald, fornminner og særprega tun- og bygningsmiljø. Førde kommune Side 4
5 Utvalde kjerneområder matproduksjon Hafstad kartref.1 Innanfor området som omfattar 274 daa, er det 191 daa fulldyrka jord av særs høg kvalitet. Arealet er i aktiv drift og er truleg noko av det beste arealet vi har for jordbruksproduksjon i Sogn og Fjordane. Førde kommune Side 5
Bruland kartref.2 Området omfattar 390 daa der 326 daa er fulldyrka jord klasse A. Jordbruksteigane er godt arrondert, høveleg for drift med moderne jordbruksmaskiner. Lengst mot vest finn ein areal som er vanskeleg å drenere på grunn av høgtståande grunnvatn. Førde kommune Side 6
Vie kartref.3 Kjerneområde Vie utgjer totalt 289 daa der 225 daa er godt arrondert fastmarksjord med høg produksjonsevne. Arealet er i aktiv drift og truleg noko av det mest veleigna areal for jordbruksproduksjon vi finn i Sogn og Fjordane. Førde kommune Side 7
Løland kartref.4 Lokaliteten omfattar 177 daa der 139 daa er fulldyrka jord med særs god produksjonsevne. Her finn vi også kjerneområde kulturlandskap kartref. I (sjå side 24), og må i lys av dette definerast som spesielt verdifullt. Førde kommune Side 8
Mo kartref.5 I hovudsak omfattar kjerneområde Mo produksjonsareala til Mo og Jølster vgskule. Godt arronderte teigar som stort sett må reknast som lettdrivne. Innanfor området er det totalt 520 daa der 323 daa er fulldyrka jord klasse A. Førde kommune Side 9
Gjerland kartref.6 Arealet omfattar totalt 482 daa der 254 daa er fulldyrka jord klasse A. Gjerland ligg i Haukedalen om lag 300 moh. På grunn av normalt seine vårar er det gjerne noko kort vekstsesong her. Men teigane er lettdrivne og godt arrondert, så til tross for lang vinter er det naturleg at Gjerland må definerast som kjerneområde matjord. Dette gjeld også kartref. 7, 8, 9 og 10, som ligg i same dalføret. Førde kommune Side 10
Frøysland kartref.7 Kjerneområde omfattar 222 daa der 156 daa er fulldyrka jord klasse A. I hovudsak fastmarksjord med god produksjonsemne Foto: Frank Frøysland Førde kommune Side 11
Årskaug kartref.8 Innanfor området som omfattar 184 daa, finn vi 114 daa med fulldyrka jord av høg kvalitet. Foto: Ivar Frøysland Førde kommune Side 12
Grøneng kartref.9 I kjerneområde Grøneng med sine 598 daa, finn vi 400 daa fulldyrka jord klasse A. Med unntak av nokre teigar med organisk jord, finn vi lettdriven moldrik sandjord her. Førde kommune Side 13
Myren/Sørebøen kartref.10 Arealet er avgrensa med 174 daa der 118 daa er fulldyrka jord klasse A. Arealet er ein del av driftseiningar som ligg i område kartref. 9. Førde kommune Side 14
Tefre kartref.11 Området omfattar 840 daa der 398 daa er fulldyrka jord klasse A. Arealet er prega av intensiv drift med store gode avlingar som resultat. Førde kommune Side 15
Furebø/Ramstad kartref.12 Kjerneområde omfattar totalt 268 daa der 205 daa er fulldyrka jord klasse A. Lettdriven fastmarksjord i aktiv drift. Arealet ligg i Angedalen som er kjend for store snømengder som gjerne fører til sein vårvinne. Til tross for dette blir det tatt ut to gode slåttar med normalt gode avlingar. Dette gjeld også kartref. 13, 14 og 15 som ligg i same dalføret. Førde kommune Side 16
Tjønneland kartref.13 Arealet er avgrensa med 402 daa der 231 daa er fulldyrka jord klasse A. 43 % av den fulldyrka jorda er organisk jord. Jordbruksteigane er intensivt drivne med føretak som har investert i nye moderne driftsbygningar. Førde kommune Side 17
Grimeland kartref.14 Her finn vi 568 daa der 313 daa er fulldyrka jord klasse A. Kjerneområde ber preg av aktiv jordbruksdrift med jamt over store avlingar av god kvalitet. Førde kommune Side 18
Indrebø kartref.15 Arealet er avgrensa med 239 daa der 160 er fulldyrka jord klasse A. På Indrebø finn vi det største produksjonsmiljøet for svineoppdrett i kommunen. Rikeleg med tilgjengeleg spreieareal er ein føresetnad for slik produksjon. Førde kommune Side 19
6 Utvalde kjerneområder kulturlandskap Heilevang kartref. A Området ligg lengst vest i kommunen og representerer kystkulturlandskapet. Her finn vi urterik slåtteng av jordnøttypen som i dag er ein sterkt trua vegetasjonstype. Slåtten kartref. B Velhaldne slåtteenger med raudlista beitemarksoppar. Førde kommune Side 20
Fossen/Kleiven kartref. C Lokalitet med gamalt tradisjonelt bygningsmiljø plassert i eit landskap med steingardar, bakkemurar og rydningsrøyser. Masdalsgjerde kartref. D Gardsbruk med tydlege spor etter gamle driftsformer som hagemark med styvingstre. Førde kommune Side 21
Kusslid kartref. E Vakkert kulturlandskap der gamle grove almestyvingar gjev eit parkliknande preg. Tradisjonen med styving er teke opp att på Kusslid. Lokaliteten har høg nasjonal verneverdi. Åsane kartref. F Beite- og slåttemark der ulike steinstrukturar som bakkemurar og gamle veganlegg pregar lokaliteten. Førde kommune Side 22
Holsen kartref. G Heilskapleg jordbrukslandskap i god drift med fleire element frå eldre tider som steingardar og styvingstre. Flugedalen kartref. H Innanfor området er det eit særprega eldre bygningsmiljø med ei velhalden slåttemyr omgitt av furuskog. Førde kommune Side 23
Løland kartref. I Jordbrukslandskap med gravhaugar frå forhistorisk tid, avgrensa med fine steingardar. Kvål kartref. J Lokalitet med tradisjonelt bygningsmiljø med kulturlandskapselement som steingardar og rydningsrøyser. Slåttemark med store mengder beitesoppar, enkelte av dei er registrert på raudlista. Førde kommune Side 24
Kjelder: Landbruks- og matdepartementet. Kjerneområde landbruk, veileder for registrering og prioritering av viktige områder for jordbruk og kulturlandskap. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Jordvernstrategi i Sogn og Fjordane. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Kjerneområde landbruk, kort rapport om registreringsarbeidet i åtte pilotkommunar. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Registrerte område av naturverninteresse i Førde kommune, EDNA. Camilla Mohr. Plan for vern av kulturminne i Førde kommune. Miljøfagleg utredning ans. Biologisk mangfald i Førde kommune, rapport 2005 : 15. Sogn og Fjordane distriktshøgskule. Kulturlandskap og kulturlandskapstypar i Førde kommune Rapport nr. 20. Sogn og Fjordane distriktshøgskule. Lauv som ressurs, ny bruk av gammal kunnskap, HSF rapport nr. 4/03. Direktoratet for naturforvaltning. Supplerande kartlegging av biologisk mangfald i jordbrukets kulturlandskap, inn og utmark, i Sogn og Fjordane, utredning 2008-6. Skog og landskap. Markslagsklassifikasjon i økonomisk kartverk, 2007 utgåve. Skog og landskap. Gardskart. Førde kommune Side 25