MØTEPROTOKOLL Utval: Arbeidsmiljøutvalet Stad: Herøy rådhus, Formannskapssalen Dato: 02.06.2014 Tid: 14:00 15:45 Medlemer som møtte: Erlend Krumsvik Leder Per-Svenning Leine Medlem Eli Karin Kvalsund Medlem Karly Ingunn Teige Medlem FRP John-Magne Løvberg Medlem Forfall: Johnny Hundsnes MEDL AP Marina Hoff Myking MEDL Arnulf Goksøyr NESTL Varamedlemer som møtte: Marita Siv Pedersen Arnulf Goksøyr Andre: Personalleiar Birgitte Sævik Pedersen Personalkonsulent Ann Kristin Eiken Vart orientert om/drøfta: - Erstatning av Gul avdeling Sjå AMU sak 15/14 - Bergsøy skule 5-7 Orientering om framdrift v/rådmannen - Myrsnipa barnehage Vedteke at denne vert handsama i AMU 02.06.2014 sak 16/14. - Påbygging Herøy produksjon Orientering v/rådmannen. Saka skal inn i budsjettprosessen 2015.
- Orientering frå Eli K. Kvalsund om prosessen med å skaffe nytt HVO: «Hovudverneombodet: Er koordinator for verneomboda og skal gi dei råd og gjere dei merksame på saker i den enkelt sitt verneområde. Er fast medlem i AMU, IA utvalet og kontaktmøte mellom arb. gjevar og HTV Vert innkalla til plan og byggenemda Held seg ajour om aktivitet og utfordringar i avdelingane Er høyringsinstans i arbeidsmiljøsaker Er med på tilsyn Er med i prosessen for årlege HMS- planer Er med i budsjettprosessar Skjekker ut at saker som skal, vert behandla i AMU Er med i 7- stjerna sine HVO møter Utviklinga i Herøy kommune: I år 2000 var det 16 verneombod, våren 2014 er det 24 stk. Det er stor vekst i organisasjonen, med auka aktivitet som omorganisering, vedlikehald og nybygg. Med tanke på den framtidige kommunesamanslåinga vert det mykje å passe på. Dei siste åra har vi hatt eit aukande antall tilsyn, som har ført til fleire og strengare pålegg. Hovudverneombodet har i større grad enn tidlegare fått på bordet vanskelegare saker som verneomboda treng hjelp og støtte til. Det må ha tid til fordjuping, tid til å reise på kurs/ samlingar, viktig med eit ombod som ikkje «flyte oppå». Verneområda bør ikkje vere for store med omsyn til storleik og kompetanseområde. Forslag til verneområder og verneombod skal sjåast på etter ferien «Arbeidstilsynets orientering, best. nr. 383 Orientering om medverking og venetenestene», står det omtalt at hovudverneombodet bør ha faste tider til å utføre sine oppgåver. I større virksomheiter der det er andre tillitsvalte på heiltid, bør det overveiast om man også skal ha hovudverneombod på heiltid. http://www.arbeidstilsynet.no/binfil/download2.php?tid=77736 (side 59) Ber om at hovedverombod stillinga i Herøy kommune vert auka opp til 100 % stilling, då det har vore ei umulig oppgåve å finne nokon som er villig til å ta dette på seg i ei mindre stilling. Det viser seg at arbeidsoppgåvene til HVO ikkje følgjer arbeidstida i ei 50 % stilling. Det er for mange og store oppgåver som er tillagt hovudverneombodstillinga i Herøy kommune til at den vert skikka på ein god måte med ei mindre stilling. Det kan nemnast at det blir fort stress med eit urolig arbeidsmiljø både for arbeidstakaren som må gå frå den andre jobben, for å serve HVO jobben, og arbeidsgjevar og kollegar som sit igjen med ein arbeidstakar som sjeldan er på plass.» underskrifter Per Svenning Leine Erlend Krumsvik Karly Ingunn Teige Leiar Eli K. Kvalsund John-Magne Løvberg Marita Siv Pedersen
OFFENTLEG SAKLISTE: Saksnr PS 10/14 PS 11/14 PS 12/14 Innhold Godkjenning av innkalling og sakliste Protokoll frå førre møte. Referatsaker PS 13/14 Arbeidsmiljøprisen 2014 PS 14/14 Sjukefråvere 1. kvartal 2014 PS 15/14 Omsorgsbustadar med heildøgns pleie- og omsorgsfunksjon - funksjons- og arealanalyse PS 16/14 Ny barnehage indre Herøy - forprosjekt RS 3/14 Referatsaker Rapport etter AHU Myrsnipa barnehage - 2 gang - U-off. 13 Orientering/drøfting: - Erstatning av Gul avdeling - Bergsøy skule 5-7 - Myrsnipa barnehage - Påbygging Herøy produksjon - Sjukefråvær 1. kvartal 2014
PS 10/14 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Ingen hadde merknader til innkallinga. Saklista vart godkjent med slike endringar: AMU-sak 12/14: Referatsaker går ut pga. feil i oppsettet. Merknad frå HVO v/per Svenning Leine: «Orientering/drøftingssakene strekpunkta 1-4 skal til behandling i AMU når saksframlegg føreligger. Strekpunkt 1 vert vedteke lagt fram som sak til handsaming på møtet 02.06.2014.» I tillegg vart orientering om arbeidet med å skaffe nytt HVO meldt opp som orientering/drøftingssak av Eli K. Kvalsund. PS 11/14 PROTOKOLL FRÅ FØRRE MØTE. Protokoll frå førre møte låg føre. PS 12/14 REFERATSAKER AMU-sak 12/14: Referatsaker går ut pga. feil i oppsettet. Merknad frå HVO v/per Svenning Leine: «Orientering/drøftingssakene strekpunkta 1-4 skal til behandling i AMU når saksframlegg føreligger. Strekpunkt 1 vert vedteke lagt fram som sak til handsaming på møtet 02.06.2014.» I tillegg vart orientering om arbeidet med å skaffe nytt HVO meldt opp som orientering/drøftingssak av Eli K. Kvalsund.
PS 13/14 ARBEIDSMILJØPRISEN 2014 PS 14/14 SJUKEFRÅVERE 1. KVARTAL 2014 Samrøystes vedtak i Arbeidsmiljøutvalet - 02.06.2014 Arbeidsmiljøutvalet tek sjukefråvær 1. kvartal 2014 til vitande. PS 15/14 OMSORGSBUSTADAR MED HEILDØGNS PLEIE- OG OMSORGSFUNKSJON - FUNKSJONS- OG AREALANALYSE Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. Tilråding i Arbeidsmiljøutvalet - 02.06.2014 1. Kommunestyret godkjenner funksjons- og arealanalyse for omsorgsbustadar med heildøgns omsorgsfunksjon slik: a. Prosjektet vert gjennomført som eit tilbygg til Herøy omsorgssenter, blå avdeling. b. Prosjektet vert dimensjonert for inntil 16 bueiningar og naudsynt fellesareal. c. Prosjektet vert utvida til å omfatte også base for heimetenesta. 2. Kommunestyret vedtek riving av Sjukeheimsvegen 5 b. Riving skal gjennomførast så snart nye omsorgsbustadar er overteke til ordinær drift og lyt finansierast over det aktuelle års budsjett. PS 16/14 NY BARNEHAGE INDRE HERØY - FORPROSJEKT Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. Tilråding i Arbeidsmiljøutvalet - 02.06.2014 1. Framlagt forprosjekt for ny barnehage i indre Herøy vert godkjent. 2. Med bakgrunn i kostnadsoppsett vert det i tillegg til tidlegare løyving på 3,3 mill. kroner løyvd 37.56 mill. kroner. 3. Løyvinga vert finansiert ved låneopptak. 4. Plan- og byggjenemnda får i oppdrag å gjennomføre prosjektet etter gjeldande prosedyre. MØTET SLUTT KL 15:45
REFERATSAKER RS 3/14 Rapport etter AHU Myrsnipa barnehage - 2 gang - U-off. 13 VS: Rapport etter AHU Myrsnipa barnehage - 2 gang 29.04.2014 00:00:00