HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201003266-29 Arkivnr. 714 Saksh. Grude, Nils Egil Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 13.02.2013 20.02.2013 SAK OM FASTLANDSSAMBAND FOR LERØY-BJELKARØY - FINANSIERING AV OMRÅDEREGULERING MED KONSEKVENSUTGREIING SAMANDRAG Sund kommune ber om at Hordaland fylkeskommune tar på seg hovudansvaret for siste etappe for planarbeidet med fastlandssambandet Lerøy-Bjelkarøy. Fylkesrådmannen viser til at ut frå fylkestinget si handsaming av Regional Transportplan for Hordaland 2013-2024, og tilhøyrande handlingsprogram som gjeld fram til 2017. Fylkesrådmannen finn ikkje å kunne tilrå at Hordaland fylkeskommune i inneverande planperiode tek på seg oppgåva med prosjektleiing og hovudfinansiering av områderegulering og konsekvensutgreiing av dei to alternativa som Sund og Bergen kommunar har vedteke. Fylkesrådmannen tilrår at fylkeskommunen deltek med delfinansiering av reguleringsplanarbeidet, avgrensa til den delen som omfattar referansealternativet 0+ med oppgradert ferjetilbod. Fylkesrådmannen vil innarbeide dette i plan- og byggeprogrammet for Hordaland for 2014. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkesutvalet viser til fylkestinget si handsaming av Regional Transportplan for Hordaland 2013-2024 og tilhøyrande handlingsprogram som gjeld fram til 2017, og går ikkje inn for at Hordaland fylkeskommune i inneverande planperiode tek på seg oppgåva med prosjektleiing og hovudfinansiering av vidare områderegulering og konsekvensutgreiing av fastlandssamband for Lerøy-Bjelkarøy.
2. Fylkesutvalet går inn for til at fylkeskommunen tek del i finansieringa av reguleringsplanarbeidet, avgrensa til den delen som omfattar referansealternativet 0+, og legg til grunn at kostnaden med dette vert innarbeidd i plan- og byggeprogrammet for fylkesvegar 2014. Rune Haugsdal fylkesrådmann Thorbjørn Aarethun konst. samferdselssjef Vedlegg: - Brev av 13.11.2012 frå Sund kommune - Brev av 24.11.2012 frå bebuarar på Lerøy/Bjelkarøy 2
FYLKESRÅDMANNEN, 28.12.2012: Bakgrunn Sund kommune ved ordføraren ber i brev av 22.12.12 om at Hordaland fylkeskommune tar på seg hovudansvaret for siste etappe for planarbeidet med fastlandssambandet Lerøy-Bjelkarøy (sjå vedlegg). Som det går fram av brevet frå Sund kommune inneber dette planarbeidet sluttføring av områderegulering med konsekvensutgreiing av 2 reguleringsalternativ i samsvar med vedteke planprogram i Sund ( 19.06.2012) og Bergen kommunar (15.05.2012). Status for planarbeidet Sund kommune viser til at Bergen kommune og Sund kommune, som er planmynde for områdereguleringa, har fatta følgjande 2 samanfallande vedtak i høve til dei fastlandsalternativa som har vore ute på høyring: 1. Referansealternativ 0+ med oppgradert ferjetilbod 2. Alt. 4 tunnel delvis undersjøisk ( kort) til Hjellestadvegen. I planprogrammet for fastlandssambandet er det utgreidd 3 undersjøiske tunnelalternativ, 3 ferjealternativ og 3 lågbrualternativ alle med kostnadsestimat. Kostnadsestimata for dei ulike alternativa er som følgjer: Undersjøisk kort tunnel til Hjellestadvegen Undersjøisk mellomlang veg til Mildevegen Undersjøisk lang tunnel til Espehaugen næringsområde 371 mill. kr 437 mill. kr 485 mill. kr Ferjealternativ 0: Dagens ferje med investering i ferjekaier og vegutbetring 30 mill. kr Ferjealternativ 0+: Ny ferje og nye kaier 93 mill. kr Ferjealternativ 0++ Ny veg mellom Lerøy Bjelkarøy (130 mill. kr), nytt ferjeleie på Bjelkarøy med vegutbetring og kaiinvestering (55 mill. kr), ny ferje mellom Bjelkarøy og Hjellestad og Skyssbåt mellom Lerøy og Klokkarvik 185 mill. kr Lågbru over Åleknappsundet til Hjellestadvegen og ny veg Lerøy-Bjelkarøy Lågbru over Åleknappsundet til Hjellestadvarden og ny veg Lerøy-Bjelkarøy Lågbru over Åleknappsundet til Mildevegen og ny veg Lerøy-Bjelkarøy 319 mill. kr 330 mill. kr 367 mill. kr Då saka var oppe til handsaming i samferdselsutvalet 16.02.2011, i kultur- og ressursutvalet 22.02.2011 og til slutt i fylkesutvalet 23.02.2011 vart det gjort slikt vedtak: «1. Det er gjort grundig arbeid med planprogrammet, og det gjev eit godt grunnlag for å vurdere kostnadane ved dei ulike alternativa. 2. Fylkesutvalet rår til at ein i arbeidet med områdereguleringsplanen og går vidare med tunnelalternativa og eit alternativ med styrkt ferjetilbod. Fylkesutvalet rår vidare til at det berre vert teke med eitt alternativ med lågbru.» Som det går fram av brevet frå Sund kommune har dei forskottert arbeidet med vedteken reguleringsplan for veg og bruer mellom Lerøy og Bjelkarøy (2005). Vidare at kommunen har forskottert konseptstudiar og utgreiing av alternative vegar mellom Bjelkarøy og Bergen. Det vert vist til at Bergen kommune har fatta reguleringsvedtak for opprusting og trafikksikring av Hjellestadvegen, som er tilknytningsveg for det kortaste undersjøiske tunnelalternativet, og som er tunnelalternativet som dei to kommunane har vedteke. Sund kommune finn det rimeleg at fylkeskommunen tek på seg hovudansvaret for prosjektleiing og hovudfinansiering av områderegulering og konsekvensutgreiing av dei to alternativa som Sund og 3
Bergen kommunar har vedteke, og med mål om kome fram til eitt tilrådd alternativ. I brevet vert det vist til at om fylkeskommunen ikkje vil vidareføre dei to alternativa som Sund og Bergen kommunar har konkludert med, så må fylkeskommunen gjennomføre 4 reguleringsplanar for å forsterke ferjesambandet. Dette vil vere 3 reguleringsplanar i Sund kommune (kaier med tilførselsvegar på Klokkarvik, Lerøy og Bjelkarøy), og ein reguleringsplan i Bergen kommune (kai på Hjellestad). Grunnlaget for at ferjesambandet må forsterkast er, etter Sund kommune si meining, at dagens ferje om kort tid må skiftast ut, og at det såleis må byggjast nye ferjekaier med tilførselsvegar. Fylkesrådmannen sine merknader Dagens ferjetilbod Dagens kontrakt på ferjesambandet Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellstad gjeld fram til 31.1.2017 med opsjon ut 2019. Kostnadane ved denne ferjedrifta er ca. 9,970 mill. kr pr år og 1,360 mill. kr i inntekter som gjev fylkeskommunen ein kostnad på kr 8,610 mill. (2013-kroner) pr. år. Sambandet har hatt stabil trafikk med om lag 19.000 køyretøy (22.000 pbe) og 37.500 passasjerar kvart år dei seinaste åra (2010-2012). Ferjekaiene i Klokkarvik og på Hjellestad er fylkeskommunale, mens dei på Lerøy og Bjelkarøy er kommunale. Ein del av driftsproblema/stabiliteten for ferjesambandet vil truleg kunne bli betre med oppgraderte ferjekaier, særleg for Bjelkarøy og Lerøy. Ferjeavløysingsmidlar og bompengar Lokalt er det eit stort engasjement for å få fastlandssamband mellom Lerøy og Bjelkarøy og Milde/Hjellestad. M.a. vart brev av 30.11.12 lagt fram på fylkestinget i desember under handsaminga av Regional Transportplan Hordaland 2013-2024. I brev av 24.11.2012 (sjå vedlegg) vert det m.a. vist til at om ein tek utgangspunkt i noverdien av kostnadane med ferjetilskott over ein 30-års periode vil eit fastlandssamband kunne konkurrere med dei fleste ferjealternativ. Ordninga med alternativ bruk av ferjetilskot innber at innsparte drifts- og kapitalkostnader kan nyttast som delfinansiering av vegprosjekt som avløyser eller kortar inn ferjesamband. Den mest nytta ordninga er basert på innsparte drifts- og kapitalkostnader i 15 år. Hordaland fylkeskommune har i samband med finansieringa av Austevollsbrua nytta ordninga med ferjeavløysingsmidlar. Avtalen (fylkestingsak 29/04) innebar at dei årlege innsparte ferjesubsidiene vart utbetalt etter at bruprosjektet stod ferdig i november 2007. Det vart lagt til grunn at 8,9 mill kr (2003-kr) skulle utbetalast frå og med 2008 og 15 år framover. Fylkeskommunen har i dag ei årleg kostnad på om lag kr 8,610 mill (2013-kroner) på det omtalte ferjesambandet. Omrekna i nåverdi vil dette utgjere i innsparte ferjemidlar (ferjeavløysningsmidlar) 95 mill. kr for 15 år og 150 mill. kr for 30 år. Eit alternativ med undersjøisk tunnel til Hjellestadvegen er kostnadsrekna til 371 mill. kr eller 385 mill. 2013 kroner. Dette gjev ein kapitaltrong på 290 mill. kr ( 15 år) eller 235 mill. kr (30 år) for å realisera undersjøisk tunnel til Hjellestad. Ut frå dei tala som kjem fram over konkluderer fylkesrådmannen med at med bruk av ferjeavløysingsmidler over 15 år vil ein mangle 290 mill. kr, og over 30 år mangle 235 mill. kr for å kunne realisere ein undersjøisk tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad som er den fastlandsløysinga som Sund og Bergen kommune går inn for. Bompengetakstane i eit ferjeavløysingsopplegg tilsvarar oftast takstane i det tidlegare ferjesambandet med eit påslag på opptil 40 %. Bompengepotensialet for eit eventuelt fastlandssamband mellom Lerøy/Bjelkarøy og Hjellestad vil såleis tilsvare inntektene i sambandet med eit eventuelt påslag. Fråtrekt kostnadane ved innkreving av bompengar vil dette utgjere ein mindre inntektspost. 4
Regional Transportplan for Hordaland 2103-2024 Handlingsprogram 2013-2017 Fylkesrådmannen viser til at i Handlingsprogrammet 2013-2017 for Regional Transportplan Hordaland 2013-2024, vedteke på fylkestinget 12 desember 2012, heiter det m.a.: «Fastlandssambandet for Lerøy-Bjelkarøy er eit stort prosjekt utan tilsvarande regional betydning. Det vert ikkje sett som realistisk å gjennomføre prosjektet innanfor dei rammene som er presentert i planarbeidet so langt.» Fylkesrådmannen si tilråding Ut frå fylkestinget si handsaming av Regional Transportplan for Hordaland 2013-2024 og tilhøyrande handlingsprogram som gjeld fram til 2017 finn eg ikkje å kunne tilrå at Hordaland fylkeskommune i inneverande planperiode tek på seg oppgåva med prosjektleiing og hovudfinansiering av områderegulering og konsekvensutgreiing av dei to alternativa som Sund og Bergen kommunar har vedteke. Gjennomgangen av eit finansieringsopplegg med ferjeavløysingsmidlar viser at det framleis må settast av betydeleg nye fylkeskommunale midlar til ei løysing med fastlandssamband. Som vist til over har fylkeskommunen inngått kontrakt om ferjedrifta mellom Klokkarvik-Lerøy- Bjelkarøy-Hjellestad fram til ut januar 2017. Vidare at ein del av driftsproblema i ferjesambandet truleg vil kunne bli betre med oppgraderte ferjekaier, særleg på Bjelkarøy og Lerøy. Når nytt anbod skal settast i verk frå 01.02.2017 eller innan 01.01.2020, om opsjonen vert nytta, vil nytt konkurransegrunnlag kunne opne for nytt materiell og rutetilbod. Det vil i så fall bety at ein frå 2017 eller 2020 vil kunne få ei løysing for sambandet som tilsvarar ferjealternativ 0 eller 0+, eller ein plass mellom desse to alternativa. Fylkesrådmannen vil med grunnlag i dette gå inn for at fylkeskommunen deltek med delfinansiering av reguleringsplanarbeidet, avgrensa til den delen som omfattar referansealternativet 0+ med oppgradert ferjetilbod. Fylkesrådmannen vil innarbeide dette i plan- og byggeprogrammet for fylkesvegar 2014. 5