Ullahammaren på Haramsøy

Like dokumenter
FOLKETELJINGA PERSONAR BUSETTE PÅ ULLA

FOLKETELJINGA I PERSONAR BUSETTE PÅ ULLA

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Gamle-Nils 100 år. Av Sevrin G. Ulla 1984

Ei sann (Sand) historie

Fiske på Storegga på slutten av 1800-talet

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER

Olsoksstemnet skyttarstemne med lange tradisjonar

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Vel nynorsk for barnet ditt!

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Setring ved Håbakkselet Hareid

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

NM i Harstad Dag 1 NM :

Terminprøve i matematikk for 8. trinnet

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Terminprøve i matematikk for 9. trinnet

RJUKAN-NOTODDEN INDUSTRIARV

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Terminprøve i matematikk for 10. trinnet

G A M A L E N G K U L T U R

Fiskeriverksemd i Hordaland

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P, Hausten 2012

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Refleksjon og skriving

KULTURMINNE I INSTEDALEN.

Levekår i 1920-åra på Gauksheim i Austevoll

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Forhold og prosent MÅL. for opplæringa er at eleven skal kunne. rekne med forhold, prosent, prosentpoeng og vekst faktor

Ulla. Vålen-Tomren. Av Ingvald Tomren ca 1935

Notat om historie og kulturlandskap

Søknadsinfo:

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

NASJONALE PRØVER. Matematikk 10. trinn delprøve 2. Skolenr. Elevnr. Oppgåver som kan løysast ved hjelp av lommereknar. Tid: 90 minutt.

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Hausten 2013

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

MELDING FRA FISKERIDIREKTØREN. " " " " " " " " " " " " li li li li " " " " " " " " " li " li " J. 129/ 83 (Jfr. J. 116 / 83)

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Eksamen MAT 1011 matematikk 1P hausten 2015

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Hausten 2014

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

KORLEIS LEGGE INN OG SØKE ETTER SKREDAKTIVITET OG HENDINGAR I REGOBS?

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse

SANDVIKEN Av Knut Raastad, skrivi i 2004

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017

Kaia står på garden Bortistu bnr.2 og eigar då kaia vart bygd var Lars I. Baarset. Ekspeditørar har vore Lars I. Baarset og Tore Baarset.

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

TEIKNINGAR KVA KREVST?

Vågen, skulestad i 140 år

Referat frå kystgardsamlinga på Langøy i Fitjarøyane 2019

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Eksamen Matematikk 2P hausten 2015

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

Eksamen Matematikk 2P-Y Hausten 2015

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

Flakstad. Kort oversikt over utvikling og historie knyttet til fiskeværene Napp, Ramberg og Fredvang

Eksklusive leilegheiter ved Grytafjorden EIDSVIK STRANDA

Tormod Haugland MØRK MATERIE

S.f.faste Joh Familiemesse

Eidegrend klyngjetun

Vintervèr i Eksingedalen

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Årets nysgjerrigper 2008

Elevundersøkinga 2016

Her ser de det ferdige gardsteppet vårt. No heng det i kantina på StatoilHydro på Monstad.

Nysgjerrigper 2013/ kl ved ÅVOS

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

MELDING FRA FISKERIDIREKTØREN ***************************** J. 42/84 (Jfr. J. 166/83)

5 stk flotte bustadtomter til sals

Denne flotte dokumentaren er laget av Bjarne Eldevik. Han syns at Refvik er ei bygd med gode historier og hendelser.

Velkome åt bygda vår!

Transkript:

Ullahammaren på Haramsøy Av Ole Ullahammer (1904-2001) Nedskrive ca 1990 Ulla med Ullahammaren var det største fiskeværet på Nordre Sunnmøre i gamle dagar. Grunnen var vel at her var gode hamnetilhøve og kort utror. Så tidleg som på femtenhundretalet veit me at her budde folk. Olav Engelbretson, Noregs siste erkebiskop, som talsmann for den katolske kirke, måtte røme landet i 1537, og det var då frå Ulla han rømde til Nederland. Kor gamle dei første sjøhusa var, er ikkje godt å seie, men det vart bygd hus langs stranda så langt plassen rakk, for behovet var så absolutt til stades. I Ullahammaren var det 6 sjøbuer av ulik storleik. Det er fortalt at det var 50-60 båtar som dreiv fiske herifrå, i vårfisketida i 1850-1885 åra. Vårfisket varde årvisst frå Kyndesmesse (2. februar) og til Marimesse (25. mars). Det måtte derfor mykje hus til både for folk og fisk. Her var mange handelsmenn på staden. Det var Rønneberg, Methlie, Løegh, Job Pedersen Brunvold og fleire. Job Brunvold kom hit frå Harøya, og var omgangsskulelærar i fleire skulekrinsar, men løna var lita, 12 spesidalar for året, så han slutta etter kort tid og tok til med handel. Han gifte seg med ei jente av elevane sine, ho var frå Samund-garden på Lausund, Lepsøy, og heitte Petrine. Dei fekk tre born, Kristian, Fillip og 1

Marie. Kristian var los her, Fillip lærde seg til bakar, og Marie vart lærarinne. Det som særmerkte desse syskena, var deira uvanlege fysiske styrke. Det var sagt at Kristian lyfte eit sirupsfat opp på butikkdisken. Fillip bar tre hundre kilos mjølsekker, ein under kvar arm, og så lagde dei det tredje på ryggen hans. Denne beit han i struten og gjekk på denne måten med alle tre. Det var Ingebrigt Løeg som fekk privilegium på brennevinshandel. I 1838 var avgifta for løyvet hans sett til 2 spesidalar for året. I 1862 fekk Webjørn Svendsen og Hans Løeg løyve til å selje brennevin. I 1876 betalte dei 40 spesidalar for året i avgift, rekna etter ein omsetnad på 1200 liter. Brudlaupa varde som regel i tre dagar, og då var det vanleg å kjøpe 1-2 tunner brennevin og 5-6 tunner øl. I 1886 vart det slutt med brennevinshandel i Ullahammaren. Likaste tida for handel i Ullahammaren var vel også over då. Dertil tok fråhaldsrørsla til å gjere seg gjeldande. På Ulla var så visst ikkje alle fråhaldsfolk på den tida, og dei fekk lett sløkkje tyrsten ved å gå på utsalga i Hammaren. Men då det vart slutt på brennevinshandelen, varde det ikkje lenge før dei fleste skreiv seg inn i det lokale fråhaldslaget som var på øya. Når no Ulla hadde slutta som fiskevær, og handelsmennene hadde gått fallitt som dei sa, så gjekk det mest same vegen med sjøhusa også. Sume vart selde, andre tok storbåra, og sume forfalst og rotna ned. Denne som me kalla Storebuda, og som til slutt for til Steinshamn på Harøya, var opprinneleg bygd som trandamperi. Men det var butikk og soverom i andre etasje. Der budde ho Elisabeth Hellevik og brennerikarane i fisketida. Ho Elisabeth budde der elles heile året. Det var Per-Elias Flem og ein Albert Olsen i Ålesund som dreiv handel her det eg minnast, og han gamle lokalbuande Knut Svendsen var bryggjemann. Dei kjøpte lange og brosme og hyse. På føresommaren når desse 35 fots Langgrunns-båtane med 4 HK Dan eller Alpha motor kom inn, so tørna dei opp eit stykkje frå land, stoppa motoren, og tok til å leggje om liner. Når sjøen flødde og det gjekk over ein stein som dei hadde til merke, sette dei ut dorryen, rodde ein tamp (tau) i land, og 2

hala båten opp til buda og kasta fisken inn på budagolvet. Så kappa dei haudet av, han gamle Knut vog, og Helene Tomren, Tomesine Svendsen og ho Elisabeth sørga for å få den i salt. Så var det å føre fisken på ein stad der den vart turka og seinare send til byen (Ålesund). Om hausten tok hysefisket til. Eg hugsar at før fyrste verdenskrig var her opptil 8-10 trerongar som leverte hyse på Storebuda. Stø-karane og Flemskarane kom roande opp gjennom Renna mellom Nogvafjorden og Ullasundet, og Ullabåtane kom inn Sundet. Her var eit yrande liv, og me gutungane var i fullt arbeid med å male is til gamle-knut, og han lagde og skara so fint hysa i 500 kilos kasser med is på. Hysa vart send med lokalbåten Ternen til Ålesund, men ofte måtte han Flatmark i byen sende Pluggen eller Basken hit for å hente hyse. Ei tid kjøpte han Remme-Elias og hyse, men for at alt dette skulle virke, måtte det førast is og salt hit. Når desse lastepramene kom måtte ein vere godt hjelpa. Han Per Elias Flem kom og hadde med seg 3-4 mann, og dessutan alle som hadde tid her i Hammaren, for skutene måtte tømast på ei og sam flo. Som oftast var det han Storesøvik som slepte pramene og ein gamal kar som heitte Kurset som ofte stod bak på pramene og styrde. Då første verdenskrig tok til i 1914, vart det slutt på denne aktiviteten. Ein fekk ikkje sende isa fisk ut or landet på grunn av fare for miner og torpedoar. Men så i 1916 fekk Sevrin Larsen og Laurits Uri interesse for Ullahammaren. Dei bygde ei trekai i frå svala som var tilbygd Storebuda og ca 20 meter bortover leira, og kjøpte sild på buda så lenge krigen varde. På Ullavålen aust for Hammaren, hadde fiskebåtane på Ulla sine faste anker/tørneplassar. Her er ei oversikt over båtane på Ulla på den tida. 3

Båtnamn Storleik i fot Eigar Reidulf 42 Sjur- og Larsgarden Fredheim 38 Nils Ulla i Kari-garden Glimt 38 Jo-garden Jostein 47 Jo-garden Ulabrand 40 Gustav Ulla og Hans Aakre Haabet 40 Ingvald Tomren Odin 40 Karl Åkre Kvikk 40 Elias Flem og Petter Tomren Neptun 38 Filip og Laurits Svendsen Ullabrand 33 Petter Hellevik og Filip Jobson Ullahammer Då fekk alle som ville arbeid, me fekk 80 øre tunna for å kverke og salte silda. Og dei vaksne karane fekk 10 kr dag. Dette var ei jobbetid som ingen hadde drøymt om. Etter denne tida var buda brukt til å salte torsk om vintrane av dei som ikkje sjølv hadde sjøhus. Same folket hadde og fiskevegna si under tak her. Buda var også brukt til å lagre tareoske i, så det var lettvint når den skulle leverast. Ungdommen brukte den også til å danse. Denne perioden varde frå ca 1900 til 1940. Det var stundom ein kom for å danse, det var så mykje torskehaud utover golvet at ein måtte til å kaste vekk hauda bort i eine kråa og såleis rydde golvet. Storebuda var ein kjend og kjærkomen danseplass. Her kom ungdom frå heile Haramsøya og Flemsøya så det vart ofte svært trongt om plassen på svalgolvet. Golvet i det gamle brenneriet var så nedslite og ujamnt at det gjekk berre ikkje an å danse der. Ishuset var eit tilbygg til buda. Når det var mykje snø, så leigde han gamle-knut Hammarskarane til å bere og fylle det med snø. Og snø var det nok av i min barndom, så det har tydeleg gått føre seg eit klimaskifte frå den tid og til no. Etter kvart som tidene skifte og vi med den, vart Storebuda ståande tom. Fiskarane slutta å salte fisken sjølve, og det vart ingen 4

som lenger betalte leige. Men buda stod under open himmel framleis og kravde vedlikehald. Alle gardbrukarane på Ulla hadde kvar sin parti buda, i Hammaren var det halve eigarpartar for det meste. Ingen ville skyte inn ny kapital til vedlikehald, og såleis vart den utbydd til sals. Storebuda vart seld til fiskebåteigar Peder Huse, på Harøya i 1946. Prisen var 8000 kroner. Etter nedriving var den frakta med MB Koralen og spesialbygde tømmerflåtar til Steinshamn, der den seinare er oppattbygd i ny utgåve. 5