R å d m a n n e n Forsand kommune Fellestenester Arkiv Dato: 29.02.2016 Vår ref.: 2016000096-2/K1-416//32 Saksbeh. e-post: alo@forsand.kommune.no Saksbeh. tlf.: 51 700 127 Dykkar ref.: Att: Melding om vedtak Evaluering av ordninga sommarjobb for skuleungdom. Kommunestyret - 008/16: Det er gjort følgjande vedtak i saken: at 18 åringane fell vekk frå ordninga. For rådmannen Årstein Løland Næringssjef Forsand kommune, Fossanvegen 380, 4110 Forsand, Telefon:51 70 00 00, Telefax: 51 70 00 02 E-mail: post@forsand.kommune.no Foretaksnummer 00939347801 Bankgiro 3350.07.00497
Rådmannen Forsand kommune Saksframlegg SAKSGANG Saksnr Utval Dato 003/16 Fondsstyret 09.02.2016 008/16 Kommunestyret 10.02.2016 Arkivkode Saksbehandlar Arkivsak/j.post K1-416 Årstein Løland 16/96-1 2016000691 Evaluering av ordninga sommarjobb for skuleungdom. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Dagens sommarjobbordning vert justert ved at dei to yngste årsklassane fell vekk frå ordninga og at 19-åringane kjem inn i ordninga. 09.02.2016 Fondsstyret Behandling: Roar Larsen sette fram utsettingsforslag: Saka blir utsett for å få ein uttale frå ungdomsrådet og næringsforeningen. Roar Larsen trakk forslaget Bjarte Dagestad sette på vegne av Høgre fram følgjande framlegg: Vedtak: ordningen beholdes for 16 og 17 åringer. Roar Larsen sette på vegne av Ap. fram følgjande framlegg.
Dagens ordning for sommarjobb for skuleungdom fortsett. Ved subsidiær røysting røysta 1 for forslaget frå Ap. 3 røysta for forslaget frå Høgre, 2 røysta for forslaget frå rådmannen FON-003/16Vedtak: at 18. åringane fell vekk frå ordninga. 10.02.2016 Kommunestyret Behandling: Roar Larsen sette på vegne av Ap. fram følgjande forslag: Dagens ordning for sommarjobb for skuleungdom fortsett. Tore Hans Mikkelson sette på vegne av Sp fram rådmannen sitt framlegg. Dagens sommarjobbordning vert justert ved at dei to yngste årsklassane fell vekk frå ordninga og at 19-åringane kjem inn i ordninga. Ved subsidiær røystsing røysta 3 for forslaget frå Ap. (ap.ole Tom Guse krf.) 4 røysta for forslaget frå Sp. (sp. Torstein Haukalid, krf) 12 røysta for tilrådinga frå fondsstyret KS-008/16Vedtak: at 18 åringane fell vekk frå ordninga. Samandrag Då rådmannen i fjor haust presenterte mulege innsparingsområde for kommunestyret, var eitt av områda som galdt kraftfondet evaluering av sommarjobbordninga for skuleungdom. Administrasjonen har saman gjennomført evalueringa som bestilt slik det kjem fram nedanfor. Konklusjonen er at jobbtilbodet fell vekk for 16 og 17-åringane medan ordninga vert utvida i den andre enden gjennom å gi jobbtilbod til 19-åringar. Ordninga slik den har vore praktisert fram til nå kostar kommunen/kraftfondet om lag kr 600.000,- per år. Etter føreslegen ny ordning vil kommunen/kraftfondet spare kr 200.000,- per år.
Fakta Dagens ordning går ut på at kommunen sikrar at alle ungdomar busett i Forsand får tre veker sommarjobb. Ordninga er avgrensa til tre årskull 16, 17, og 18-åringar. Arbeidstilbodet vert gjennomført både i seksjonane i kommunen, men og hjå private bedrifter. I dei høve bedriftene tek inn ungdom i arbeid, får dei 50 % av lønsutgiftene refundert frå kommunen Lover, forskrifter, rundskriv Retningslinjer for bruk av kraftfondet samt tidlegare vedtak om dagens ordning. Formålet med dagens ordning gi ungdom innsikt og erfaring frå arbeidslivet tidlegast råd gi ungdom kjennskap til lokale arbeidsplasser både i offentleg og privat sektor med tanke på seinare studie, arbeidssøking, grunderutvikling og busetting i kommunen Evaluering av dagens ordning Pro-moment ordninga er mykje populær den er kanskje eineståande i kommune-norge 100 % oppslutning frå ungdommane når det gjeld ønskje om sommarjobb mykje flott arbeid vert utført Kontra-moment å ha ungdom på 15/16 år i arbeid byr på utfordringar med omsyn til kva du kan setje dei til og kva oppfølging dei treng forsikrings- og ansvarsmessige spørsmål dukkar opp spesielt frå privat sektor seksjonane i kommunen peikar på at dei ikkje har personellressurs til å følgje oppdette gjeld spesielt i forhold til dei yngste ungdommane noko av problemet her er at det meste av jobbordninga skal gjennomførast då ordinær arbeidskraft i kommunen skal gjennomføre sin ferie Vurdering og konklusjon Evalueringa syner at ordninga fungerer best for både arbeidsgivar og arbeidstakar når ungdom i 18-årsalderen og oppover inngår i ordninga. All den tid at det skal sparast pengar ser me difor at det er rettast å innsnevre ordninga frå den yngste enden, dvs. 16 og 17- årskullet. Etter dagens ordning er det då berre 18-årskullet som er igjen. Me vil difor utvide ny ordning til også å gjelde 19-åringane. Samla kostnad for ny ordning vil vere om lag kr 400.000,- Det inneber ei årleg innsparing på kr 200.000,- for kraftfondet.
Saka blir med dette lagt fram for fondsstyre og kommunestyre med forslag til vedtak som vist på hovudarket.