Sak 48/16. Fjellstyrebudsjettet for 2017 Budsjettframlegg er utarbeidd. Som samanlikningsgrunnlag er medteke rekneskapstala for 2015, budsjett og prognose for 2016. I prognosen for 2016 er det m.a. teke utgangspunkt i rekneskapstala pr. 31.10. Budsjettforslaget for 2017 legg opp til eit årsunderskot på kr. 74.700. Kommentarar til postane i budsjettet: INNTEKTSSIDA: 3011 Utleige arbeidskraft/snøscooter Gjeld avtalen om utleige av ½ årsverk til Aurland Setjefisk BA, ½ årsverk til Lærdal kommune (viltforvalting), tenestesal til SNO i samband med jervregistrering og rovdyrskadedokumentasjon, i tillegg til anna arbeid for SNO og andre. Arbeidsomfang omlag det same som inneverande år. 3012 Villreinutvalet - refusjon oppsyn/sekretær Reknar med omlag tilsvarande arbeidsmengd som i 2016. 3300 Statskog - ref. oppsynsutgifter Etter fjellova skal 50 % refunderast, men statsbudsjettet avgjer reèll refusjon (ein liten auke i samla refusjonspott til fjellstyra i statsbudsjettet for 2017). Eige budsjett for oppsynet i Aurland er sendt til Statskog SF. Går i budsjettframlegget ut frå at tildelt sum vert noko avkorta i høve til omsøkt tilskot, ut frå kva som har vore normalen dei siste åra. 3302 Erstatningar Eco Vannkraft Desse vert indeksregulerte med visse mellomrom (kvart 4. år) Regulering skjedde sist ved utbetalinga i desember 2015. 3303 Tilskot grunneigarfondet/ Statskog Tilskot til friluftstiltak for born og unge skulefiskedagane - er teke med her. Dette vert utbetalt av Statskog SF, men vert fordelt av regionalt oppsynsutval (ROU). Det er transporten av skuleborn til fiskedagar i fjellet fjellstyret har avtalt med skulane å dekka. I tillegg er det medteke tilskot tilsvarande 50 % av fjellstyret sine kostnader i samband med NFS sitt innlandsfiskeprosjekt i år, som kjem til utbetaling etter årsskiftet, omlag kr. 40.000. 3304 Oppsynstilskot grunneigarar For oppsyn på privat grunn, 1 øre pr. daa, i følgje avtale med grunneigarlaget.
(Sak 48/16, side 2) INNTEKTER, FRAMHALD: 3306 Fiske Interessa for fiske i Aurland er stor, så eg reknar med at fiskekortinntektene (garnfiske + fjellstyret sin del av Aurlandskortsalet) held seg på det nivået dei har lege på dei siste åra, med unnatak av sommaren 2015, som vart dårleg grunna store mengder snø og is. Prisane er samordna med kortprisane på dei private sonene i fiskekortordninga, og vart auka før sesongen 2013. 3307 Sal av fellingsløyve rein Går ut frå ein auke i kvoten i høve til 2016. Prisane vart sist justerte i 2014. Fjellstyret bør gjera ei ny prisjustering i 2017, for at ikkje prishoppet skal bli for stort ved kvar justering. 3308 Sal av fellingsløyve hjort/elg Inntekta her avheng litt av om elgen vert skoten eller ikkje. Avtalane om hjort- og elgjakt i Nordheimsdalen vart forhandla på nytt i i år. Då vart prisane noko oppjusterte. Prøveordning med sal av dagskort for hjortejakt gjev noko auke i denne inntektsposten. 3309 Småviltjakt Fjellstyret prøvde i år å leggja ut eit avgrensa tal jaktkort på nettstaden Inatur, noko som fungerte godt. Med eit liknande opplegg neste år, kan ein lett regulera både talet på jegerar og venta inntekt av kortsalet. Det kan verka som om mange jegerar tilpassar seg seinare jaktstart, og jaktar så sant ver og føre gjer det mogeleg i år fram til slutten av oktober. 3310 Festeavgifter Fjellstyret har krav på 50 % av dei festeavgiftene som vert innbetalte til Statskog SF for hytter og overnattingsverksemder. 3311 Overnatting fjellstyrehytter Bra auke i tal overnattingar på hyttene til fjellstyret i år, m.a. grunna den fine sommaren. Reknar med at desse inntektene vil halda seg på dette nivået framover. 3312 Sal av trykksaker fjellstyrekontoret Salet av bladet "Villreinen" og valdkartet for Nordfjella. 8070 Renteinntekter Renter av bankinnskot og av lån til Aurland Setjefisk BA. Rentenivået har vore lågt dei siste åra, og vil truleg halda seg lågt.
(Sak 48/16, side 3) UTGIFTSSIDA: 5001 Løner oppsyn (refusjonsgjevande) Omlag 44 % av dei samla lønskostnadene for 2015 gjeld refusjonsgjevande arbeid for fjellstyret reknar med om lag same fordeling av arbeidstida neste år. Det er teke utgangspunkt i tala i oppsynsbudsjettet for 2016 som er vedteke av fjellstyret og sendt Statskog SF til godkjenning. Der var det rekna med ein lønsauke på 3,5 %. I tillegg til 2,5 årsverk faste tilsette, er det rekna med innleige av ferievikar tilsvarande 1-2 månadsverk til ettersyn med setjefiskanlegg og anna arbeid. 5001 Oppsyn anna arbeid (ikkje refusjonsgjevande) Lønskostnader i samband med arbeid for andre instansar, som er inntektsgjevande for fjellstyret. Utgjorde i 2015 omlag 56 % av arbeidsmengda. 5401 Arbeidsgjevaravgift (refusjonsgjevande) 10,6 % av lønsutgiftene som gjeld arbeid for fjellstyret. 5401 Arbeidsgjevaravgift (ikkje refusjonsgjevande) 10,6 % av ikkje-refusjonsgjevande lønskostnader (Oppsyn anna arbeid og Møtegodtgjersle). 5451 Pensjons- og yrkesskadeforsikring I samsvar med inngåtte avtalar med dei tilsette (4 % av løn). 7101 Bilgodtgjersle Oppdrag frå andre instansar (som t.d. SNO og Aurland Setjefisk) fører til mykje køyring. På den andre sida kjem ein del av dette att på inntektssida, ved at køyringa vert fakturert. Med to bilar i fjellstyret si eige vert utbetalinga av bilgodtgjersle til dei tilsette sterkt redusert i høve til tidlegare. 7151 Diettgodtgjersle Nivået på denne er nokså stabil. 5331 Møtegodtgjersle Kommunen sitt regulativ for møtegodtgjersler til medlemar i politiske utval er lagt til grunn.
(sak 48/16, side 4) 6471 Driftsutgifter materiell Drifts- og vedlikehaldsutgifter av snøscooter, tilhengar, båtar m.v. Det er særleg vedlikehald av snøskuter som kan dra opp denne kostnaden. Den nyaste skuteren (Arctic cat) hadde ein større reparasjon i år, som kosta om lag kr. 40.000. Denne vart ikkje dekt av forsikringa. 6472 Firmabil Månadleg leasingavgift, drivstoff, årsavgift, forsikring og andre utgifter til hald av to bilar. 6475 Andre utgifter oppsynsordninga Skal dekka arbeidsklede, pålagt sikringsutstyr og godtgjersle for bruk av eige utstyr i samsvar med tariffavtale, og supplering og fornying av dette. Avgifter for sikringsradio og abonnement og bruk av mobiltelefon kjem og på denne budsjettposten. 6700 Rekneskap/revisjon Må rekna med ein viss auke, i samsvar med kostnadsnivået elles. 6710 Kontorutgifter Omlag på samenivå som i 2016. 7000 Reinsjakt (fellingsavg. m.m.) Reknar med noko auke, ut frå at det er truleg at fellingskvoten for rein aukar. Fellingsavgifta for hjort og elg ligg og inne i denne summen. 7001 Fiske Hovuddelen av summen gjeld betaling av setjefisk kjøpt frå Aurland Setjefisk BA. 7002 Hytter, drift Den oppsette summen skal dekka kostnadene med drift og rutinemessig vedlikehald av fjellstyrehyttene. 7003 Tilskot til tiltak i allmenningen Kostnaden med planlagde fiskedagar for skuleklassar vert ført her. I tillegg er kan det koma inn tiltak som vert gjort i samsvar med prosjektplan for fjellstyret/nfs sitt fiskeprosjekt, som t.d. skilting og anna tilretelegging. Kostnad med eit tilretteleggingstiltak som inneber byggjing av ein vegstubb ned til vatnet frå parkeringsplassen i Råsdalane vil koma inn her, men er i skrivande stund ikkje kostnadsrekna.
(sak 48/16, side 5) 7004 Tilskot til allmennyttige føremål Kan løyvast av overskotet i fjellkassa, jfr. 11 i Fjellova. 7010 Møte/kurs/reiser Skal m.a. dekka kurs- og møteutgifter både for fjellstyremedlemar og tilsette. I 2017 er det ikkje planlagt korkje kurs for nye fjellstyre eller landsmøte i fjellstyresambandet, så kostnaden bør ikkje verta større enn i 2016. 7020 Hytter, bygningstiltak Hytta i Håbergsholene: Ein vasslekkasje under hytta vart ordna for eit par år sidan. Det ser så langt ut til at dette har stabilisert grunnen under hytta, slik at store tiltak med grunnmur e.l. ikkje treng gjerast. Slangen som er lagt frå vasskjelda ovanfor vegen og ned til hytta bør gravast ned, noko som krev ei lita gravemaskin. Når ein først er der med maskin, bør det gravast ei dreneringsgrøft langs veggen ovanfor hytta. Samla kostnad for gravearbeid er rekna til kr. 25.000. Dette var planlagt gjort i 2016, men av ymse årsaker utsett til neste år. Hytta i Brendelid: Den gamle vedomnen og røyret frå denne bør skiftast ut med ny. Hytta tilhøyrer allmenningsstyret, men vert disponert av fjellstyret i samsvar med ein avtale inngådd i 2008. Ein ny omn må truleg flygast på plass. Omn, ferdig montert inkludert flyging, er lagt inn i budsjettet med kr. 40.000. 7420 Kontingent Norges fjellstyresamband Landsmøtet til fjellstyresambandet i 2016 vidareførde tidlegare nytta kontingentsats, som seier at kontingenten skal vera 4 % av bruttoinntektene til fjellstyret året før (3 % for fjellstyre med bruttoinntekt under 200.000). 7425 Kontingent og tilskot villreinutvalet Fjellstyret betalar fast kontingent. I tillegg er det innført eit oppsynstilskot for å dekka noko av villreinutvalet sitt oppsyn. For fjellstyra er dette på 3 øre pr. daa (2 øre for dei private jaktfelta). 7426 Kontingent Samarbeidsorganet for fjellstyra på Hardangervidda Dette er ein informasjonskontingent" som fjellstyret betalar for å få all informasjon som vert utsend. Fjellstyret har møterett i dette organet. 7510 Forsikring hytter og materiell Går ut frå same nivå på forsikringspremien som det siste året.
(sak 48/16, side 6) 7005 Trykkeutgifter og informasjonstiltak Utlegging av informasjon om tilboda i Aurland på Inatur sine sider og på fjellstyret si eiga nettside. Utgifter til trykking av jakt- og fiskekort og anna infomateriell kjem og på denne posten, sameleis annonsering av fjellstyremøta. Kjøp av bladet «Villreinen» til alle som tek ut jaktkort for villrein utgjer ein vesentleg kostnad. 7006 Mobiltelefon/sikringsradio Ein liten sum vert avsett i tilfelle det vert trong for utskifting. 7007 Båt/naust/motor Ikkje forslag om noko innkjøp i 2017. 7008 Kontorutstyr Ingen planlgade kjøp, men ein sum bør setjast av i tilfelle det syner seg å vera trong for noko utskifting. 7009 Byte av snøskuter/kjelke/tilhengar Snøskuter: Det har vore store kostnader til reparasjonar av fjellstyret sin Arctic cat dei to siste åra grunna havari, utan at det har vore særskilt hard eller uforsiktig køyring. Eg føreslær, i samråd med dei andre tilsette i oppsynet, at fjellstyret skifter ut denne med ein ny. Pris på ny skuter om lag kr. 150.000, fråtrekt innbytepris på Arctic cat med 50.000, gjev netto kostnad på 100.000. Bilhengar: Ein gammal biltilhengar som fjellstyret eig, 1982-modelll, er så sliten at han bør sanerast. Det vart i fjor kjøpt ein liten båthengar som gjer mange av dei same oppgåvene. Ein liten biltilhengar er likvel ynskjeleg, i tillegg til den større skuterhengaren (Vart budsjettert i 2016, men er ikkje kjøpt enno). Pris inntil kr. 10.000. 7021 Garasje Ein ny leigeavtale med høgare årleg leige enn tidlegere er inngådd Aurland setjefisk SA, etter at det i fjor vart bygt eit halvtak med lagerplass for bilhengarar o.a.. 8169 Finansutgifter Gebyr og rentekostnader. Fjellstyrekontoret, den 30.11.16 Harald Skjerdal