HANDBOK. (Revidert august 2011)

Like dokumenter
Vedtatt i Skulemiljøutvalet

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

SAMARBEID HEIM OG SKULE

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Samarbeid heim skule i Skodje kommune

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Sandeid skule SFO Årsplan

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Barnerettane i SKULEN

Øystese barneskule April - 08

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

PLAN FOR SAMARBEIDET MELLOM HEIMANE OG ÅMÅS FRISKULE

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Reglar for orden og oppførsel. Gol skule

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Svein Ove Rørvik - rektor Inger-Helen Kallestad undervisningsinspektør Elisabeth Skjerdal SFO-leiar

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

HEIM SKULE SAMARBEID RUBBESTADNESET SKULE. Vedtekter og prosedyrar for foreldrerådet og foreldrearbeidsutvalet (FAU)

Hjem-skolesamarbeid og lovverket

Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger

Informasjonshefte Tuv barnehage

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

PLAN FOR SKOLE HJEM SAMARBEID

1. AVDEKKING AV MOBBING

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Foreldremøte 19. september 2018

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

Ordensreglementet er ei forskrift, jf Opplæringslova 2-9 og 3-8 og Forvaltningslova 2.

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

LÆRING FOR LIVET Ordensreglane i Bergen kommune, Salhus skule:

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

Trafikksikringsplan Hillestveit skule

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Plan for overgangar. for barn og unge

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Handlingsplan mot mobbing

Informasjon og kvalitetsplan

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Sirdal kommune Skuleeininga

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Fyresdal kommune. Sektor for kultur og oppvekst. Samarbeid. Heim/skule/barnehage. Fyresdal kommune

Fyresdal kommune ved rådmann Ketil O. Kiland TILSYNSRAPPORT

Trafikksikringsplan Hillestveit skule

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Respekt på Rommetveit skule

Hefte for foreldrekontaktar

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

I NNKALLING MED SAKSUTGREIING

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Å fremje felles interesser til beste for barnet

SKOLE - HJEM SAMARBEID

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Transkript:

HANDBOK (Revidert august 2011)

FORORD FRÅ REKTOR God informasjon mellom heim og skule er ein føresetnad for at vi skal få til intensjonane i opplæringslova og Kunnskapsløftet. Og ikkje minst, samarbeide om eit godt oppvekstmiljø for borna i Sandeid. Eg synest foreldreengasjementet på er veldig sterkt, og det har gleda oss stort å sjå kor godt de har møtt opp og delteke i dei tinga me og FAU inviterer til. Og kanskje mest verdfullt av alt, dette ser borna, og det knyter dei ennå sterkare til skulen. Dei er stolte over det dei gjer, og dei gler seg over å få vise det fram. Ingebjørg Rullestad Gjerde Rektor

HELSING FRÅ LEIAR FAU Føremålet med heftet er å få mest mogeleg relevant informasjon om skulen samla på ein stad. Det er viktig for FAU å få tilbakemeldingar på det som står i heftet, kom med synspunkt dersom du meiner det er noko som må endrast eller justerast. Oppvekstmiljøet til ungane våre er kjempeviktig og det er flott med innspel, spørsmål og engasjement frå dykk foreldre. Ta kontakt med oss i FAU dersom de har saker de ønskjer å ta opp. Styret i FAU Den magiske middelalderen besøker i regi av den kulturelle skulesekken Rogaland

MÅL SANDEID SKULE Vi vil at skal vere ein god arbeidsplass for alle i skulesamfunnet Vi vil utvikle og ivareta kunnskap, livsglede og kreativitet. Vi vil skape eit læringsmiljø prega av tryggleik, omsorg, samarbeid og medansvar. Vi vil at foreldra skal vere aktivt med på å nå desse måla. SAMARBEID HEIM / SKULE vil leggje til rette for medverknad og samarbeid om skulen sitt miljø, utvikling og den einskilde elev. Kvart år skal det minst vere: 2 foreldremøte pr. klasse 2 foreldrekonferansar pr. elev 2 samarbeidsmøte mellom kontaktlærar og klassekontaktar 1 temakveld i året saman med FAU Juleverkstad Julefest med foreldra 4 møte i FAU 2 møte i SU pliktar å informere foreldra gjennom: Årsplanar for klassane og faga / tema Individuelle vekeplanar frå rektor 2 gonger per skuleår Eigne skriv om saker som kjem opp Vurdering av eleven sin framgang i konferansemøte Kontakt over telefon ventar at foreldra: sender elevane på skulen til avtalt tid, utkvilt og med skulemat ser til at elevane har med utstyr og bøker sørgjer for at eleven har eigna klede til uteaktivitetar møter opp når skulen legg til rette for det

Vi forventar av elevar og foreldre: at alle bidrar til eit positivt skulemiljø at avtalt arbeid / lekser vert gjort / levert til rett tid at skulen får melding når eleven er borte / sjuk OPPLEGG FOR UNDERVISNING OG LÆRING: Elevane får vekeplan og arbeidsplan der oppgåver og lærestoff er tilpassa den einskilde elev. Skulen nyttar tema-arbeid, gruppearbeid og prosjekt Kvart semester skal ein ha minst eit tema på tvers av fleire klassar I småskulen nyttar ein sanse-motorisk trening 3-4 gonger i veka Alle klassar set av tid til arbeid med sosial kompetanse. skal arbeide aktivt mot vold og mobbing Alle som vert utsett for mobbing, skal bli tatt på alvor, og det vert sett i gong tiltak mot den som mobbar Elevane skal kvart år ved skulestart gå gjennom skulen sine reglar og dei skal saman med klassestyrar lage klassereglar ANSVAR OG OPPGÅVER Klasse Ansvar oppgåve: 5 Hentar posten Fadrar for 1. klasse 6 Vatne blomar på skulen Tømmer papirdunkar Utdeling av mjølk og frukt 7 Ansvar for kjøleskapet Mellomtrinnet har vår og haust 1 mnd. kvar ansvar for bed og blomar ute

FASTE KOMITEAR Julefesten: 3.klasse-foreldra, skulen har underhaldninga 17.mai: 4.klasse-foreldra OPPLÆRINGSLOVA OG KUNNSKAPSLØFTET vert styrt av Opplæringslova og Kunnskapsløftet Opplæringsansvar skulen skal hjelpe foreldra. Foreldra har hovudansvaret for borna sine. 1-2: Grunnskolen skal i samarbeid og forståing med heimen hjelpe til med å gi elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle evnene og føresetnadene deira, åndeleg og kroppsleg, og gi dei gode allmennkunnskap, slik at dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn Dette er formålsparagrafen for undervisninga. Den peikar på det faktum at foreldra har hovudansvaret for sine eigne born, og skulen skal hjelpe dei i arbeidet med oppdragelse og opplæring. 2-1: Den offentlege grunnskolen er gratis. Kommunen skal halde elevane med lære- og lesebøker, skrive- og teiknemateriell og anna undervisningsmateriell. Prinsippet om gratis skule innebere bl.a. at elevane ikkje skal betale for ekskursjonar eller for undervisning ved leirskuleopphald. Det er stor aktivitet i ballbingen på

HEIM/SKULE SAMARBEID Vi legg vekt på å ha eit nært og konstruktivt samarbeid med foreldra. Foreldra skal vere ein aktiv samarbeidspart i skulen vår. Kvar haust og vår skal alle ha klasseforeldremøte og foreldrekonferansar. Klassekontakt saman med klassestyrar har ansvar for desse møta. Ein kan ha med klasselærar dersom det er ynskjeleg. Ein skriv referat frå møta, rektor skal ha kopi av referatet. Spesiallærar har ansvar for møta med foreldre, PPT og andre instansar når denne undervisninga er emne. Klassestyrarane samordnar konferansane for foreldre med born i fleire klassar. Til konferansane nyttar ein fastlagde skjema. Foreldra får skjema heim slik at ein har rimeleg god tid til samtale med barnet sitt. Foreldra får skjema heim, skulen tar kopi av oppsummeringa. 1. 4. klassene bør vurdere å ha ein logg for kvar elev, der skule og heim kan gi ris og ros, litt småplukk frå skulekvardagen. Skulen skal støtte heimen i oppfostringa av ein ny generasjon og førebu dei unge på oppgåver i samfunnet. Foreldra har hovudansvaret for oppsedinga av sine eigne born, og må derfor ha medansvar i skulen. Samarbeidet mellom heimen og skulen er eit gjensidig ansvar. Skulen pliktar å leggje tilhøva til rette slik at samarbeidet kjem i stand. Føresetnadene blir då: God kommunikasjon At heimen og skulen gir kvarandre god informasjon Foreldra må vite korleis opplæringa er lagt opp og kva arbeidsmåtar ein nyttar Foreldra skal vere aktivt med i utvikla av skulen Samarbeidet skal baserast på gjensidig respekt og vilje til å setje eleven i sentrum Samarbeidet om den enkelte eleven er primært eit ansvar for kontaktlærar og heimen. Saman med elevane og lærarane skal foreldra vere med å få til eit godt klassemiljø, slik at klassen blir eit aktivt og trygt fellesskap. Personalet i skulen, elevane og foreldra må samarbeide om å utvikle eit miljø fritt for mobbing og krenkjande åtferd. PERMISJON FRÅ UNDERVISNINGA 2-11: Når det er forsvarleg, kan kommunen (hjå oss delegert til rektor) etter søknad gi den enkelte elev permisjon i inntil to veker. (..) Det er eit vilkår for denne retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisninga permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute. Det går klart fram av forarbeidet til denne at det å søkje permisjon for ein elev inntil to veker, er knytt opp til ei forplikting til foreldra om at eleven ikkje skal miste undervisning.

NÅR EIN ELEV SKADAR SEG PÅ SKULEN Når ein elev skadar seg på skulen, prøver ein å få tak i foreldra. Er skaden alvorleg ringjer ein lege, 53 65 54 40 (Vikedal) eller 53 65 55 55 (legevakta). Ein eleven kjenner kjører til lege. Rektor/vikar tek ansvar for klassen. Lærar informerer forkontoret eller rektor som skriv skademelding til Trygdeetaten. SKULEMILJØUTVALET (SU) Opplæringslova 11 1 Ved kvar grunnskule skal det vere eit skulemiljøutval (tidlegare heitte det samarbeidsutvalet) med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vera rektor ved skulen. Elevrepresentantane skal ikkje vera til stades når saker som er omfatta av teieplikta etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet. Skulemiljøutval her rett til å uttala seg i alle saker som gjeld skulen. FORELDRERÅDET FAU Opplæringslova 11-1: Ved kvar grunnskole skal det vere eit foreldreråd der alle foreldra som har barn i skulen, er medlemmer. Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene der alle foreldra og medverkar til at elevar og foreldre tek aktiv del i arbeidet for å skape godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom skolen og lokalsamfunnet. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval, FAU. FAU blir vald blant medlemmene i foreldrerådet på årsmøtet september/oktober. Rådet fastset sjølv valordning og medlemstalet i FAU. Foreldrerådet vel to representantar til skulemiljøutvalet. Saker ein ønskjer å ta opp i FAU melder ein anten gjennom klassekontaktane eller direkte til leiar eller eit medlem av FAU. Elles viser vi til det tidlegare skrive om samarbeid heim/skule. Skulen ønskjer seg eit aktivt foreldreråd, til beste for borna i Sandeid. Saman kan vi gjere mykje for å skape gode oppvekst miljø i bygda vår.

Skulen bør kunne nyttast langt utover skuletid. Datarommet er mykje i bruk PPT Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Før ein gjer vedtak om slik hjelp, skal det liggja føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova eleven har. Dette er ei av oppgåvene vi har hjelp frå PPT til. Vidare skal dei hjelpe oss med kompetanseutvikling, dei tilrettelegg for bl.a. lesekurs, og dei kan delta i arbeidet med å få til gode klassemiljø. Vi kan såleis melde klassar til PPT utan foreldre sitt samtykke. Foreldra kan sjølv melde elevar til PPT. Skolen kan det berre i samråd med foreldra. PPT kontoret ligg i Ølen 2. etasje over gymsal Ølen skule. PPT ppt@vindafjord.kommune.no Telefon 53 65 57 10 Telefaks 53 65 57 11

TANNHELSETENESTA Vi er så heldige at vi har tannlege i bygningane våre. Elevane får brev heim, og vert nå innkalla etter behov. Det kan difor variere frå ½ - 1 ½ år mellom kva tid dei skal møte. Det er fint at foreldra kan møte saman med dei yngste elevane. Før fekk alle fluortablettar, så var det heilt stopp, men nå får ein etter behov. TANNHELSETENESTA sandeid@tannrogfkf.no Telefon 52 76 11 80 Telefaks 52 76 02 00 Tannlege Birute Ropeid Tannhelsesekretær Monica Stople SKULEHELSETENESTA 1. klasse: Innkalling til lækjar og helsesøster 2. Trivselundersøking 3. Poliovaksine + høgde og vekt 5. Trivselundersøking 6. DT-vaksine 7. Mesling-, røde hunder- og kusma vaksine + høgde Elles kjem helsesøster på skulen 2 gong/mnd. for samtale eller hjelp i undervisninga. SKULEHELSETENESTA Tlf: 53 65 55 80 Helsesøster E-post SFO Hilde Bjerkrheim hilde.bjerkrheim@vindafjord.kommune.no Skulefritidsordninga er eit frivillig tilbod til born frå 1.-4. klasse og funksjonshemma barn opptil 7.klasse. SFO skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder og interesser hjå borna. SFO skal gi borna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma born skal givast gode utviklingsvilkår. Opningstider: Måndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 07.30 08.15 og kl. 13.50 16.30 SFO koordinator: Aina Aspeseter Tlf: 488 91 441

Ein søkjer om plass i SFO gjennom søknadssenteret til Vindafjord kommune på heimesida til vindafjordkommune.no. Søknadsfristen er medio mars. Ein kan og melde på born i løpet av skuleåret. Når det er over 12 born, skal det vere 2 vaksne. ELEVRÅD Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for å skapa godt lærings- og skulemiljø. ELEVVURDERING nyttar ikkje karakterar, men ulike vurderingsformer: i den daglege opplæringa elevsamtalar 2 gonger i året i fast og planlagde samtalar mellom læraren, eleven og foreldra (konferansetime) Vurderinga skal først og fremst fremje læring og utvikling. Ho skal motivere elevane til innsats og til å bruke evnene sine. Ho skal gi tilbakemelding om korleis eleven utviklar seg i forhold til målet for opplæringa, og vere eit grunnlag for dialog og samarbeid med foreldre. Det er viktig å hjelpe eleven med å setje seg realistiske mål for arbeidet sitt og sjå at det er mogeleg med framgang. LOGG 1.-4.klasse kan ha ein logg til hjelpemiddel i kommunikasjonen mellom læraren og eleven, eller læraren og foreldra

ORDENSREGLAR FOR SANDEID SKULE Arbeidet på skulen er avhengig av vilje til samarbeid. Gjensidig respekt er heilt nødvendig for at skulen og skulearbeidet skal bli triveleg og godt. DU HAR BLANT ANNA RETT PÅ at alle er høflege og greie mot deg at ingen ertar deg at sykkelen, ytterkleda, ranselen, elevarbeid eller andre saker får vera i fred at det er nødvendig ro og orden i timane DU HAR BLANT ANNA PLIKT TIL Å visa forståing for alle som er på skulen, slik at ingen vert gåande aleine vera med å ta godt vare på skulen sin eigendom erstatta ting du øydelegg eller slurvar bort vera med på å halde det fint og ryddig i og utanfor skulen halda deg på skulen sitt område i friminutta, og passa dei fastsette tidene oppføra deg slik at du ikkje er til å fare for deg sjølv eller andre NOKO ER SJØLVSAGT AT ELEVAR IKKJE GJER, MEN DET KAN VERA NØDVENDIG Å MINNE OM AT DET ER FORBODE: å kasta snøball og snøvaska andre å ha med farlege reiskap snop og brus tar du berre med når skulen har gitt løyve til det

TILTAK SOM KAN NYTTAST DERSOM BROT PÅ DESSE REGLANE 1. Tilsnakk 2. Skriftleg melding heim 3. Inndraging av friminutt 4. Sitja att og gjera skulearbeid 5. Visast bort frå undervisninga Å rekna opp alt som ein må tenkja på for å få det best mogeleg, vil ta for stor plass. Derfor må elevane sjølv alltid tenkja på kva som er mest rett og prøva å gjera sitt beste for alle. Skulen pliktar å gjere desse reglane kjend for elevar og foreldre kvart år. Reglane er godkjend i Skulemiljøutvalet. LITT FRÅ SKULEN SINE REGLAR Ingen elevar skal vere inne i friminutta Det er ikkje lov å kaste snøball på skulen sitt område Skulen ønskjer ikkje at elevane syklar på skulen før dei går i 5.klasse Vi syklar ikkje i skuletida, og lar andre sine syklar få stå i fred Ein kan bruke sparkesykkel, rullebrett og rulleskeiser på skatebanen. Alle må ha hjelm. På skulen brukar vi ikkje mobiltelefon Tar du med deg utstyr som du ikkje treng på skulen, har skulen ikkje noko ansvar for det Det er ikkje lov å gå utanom skulen sitt område i skuletida BROT PÅ REGLANE På satsar vi først og fremst på å utvikle gode klassemiljø slik at åtferdsproblematikken kan reduserast. Lærar skal syte for at elevar som gjer regelbrot blir møtt med konsekvensar. Lærar skal vere forutsigbar. Reaksjonsmåtane må ha relasjon til situasjonen. Unngå opne konfrontasjonar i klasserom. Fokuser på den konkrete hendinga. La eleven / elevane først fortelje sin versjon av hendinga. Ver aktiv lyttar. På foreldremøte bør ein bli einige med foreldra om kor mange brot og kor alvorlege dei skal vere før ein sender melding heim. Å få melding heim skal vere ein sterk reaksjon, og bør derfor ikkje dagleg gjerast

VED TRUANDE ÅTFERD / FORHOLD TIL MEDELEVAR: Avklaring av situasjonen Samtale med begge parter (vakt / timelærar / kontaktlærar) Ved alvorleg episodar møter alle involverte på rektor sitt kontor, klassestyrar blir varsla. Viss det ikkje er vilje til å slutta fred, må foreldra til vedkomande varslast. Klassestyrar ringjer heim, og avtalar møte dersom det er aktuelt. Reaksjonar over for eleven: Misser friminutt Får skriftlege oppgåver og må sitje i anna klasserom å gjere desse Sitje att slik at dei som er redde får tid til å kome seg heim. Telefon til foreldra om at eleven må hentast VED TRUANDE ÅTFERD / FORHOLD TIL VAKSNE Munnlege truslar: Same dag møte med rektor, den vaksne og eleven. Rektor ringjer og orienterer foreldra. Rektor avtalar og møte med foreldra dersom det er aktuelt. Reaksjon: Misser friminutta resten av dagen og den neste skuledagen Kontaktlærar følgjer opp med samtale med eleven Rektor kan utvise for einskildtimar eller for resten av dagen HERVERK PÅ EIGEDOM Meld frå til rektor. Rektor følgjer opp saka. Foreldra blir varsla. MJØLK OG FRUKT Skulen tilbyr alle elevane å abonnere på enten lettmjølk eller kakaomjølk. I tillegg kan ein og få frukt og grønt. Ein betaler nå på forskott, ein gong haust og ein gong vår. Dette bestiller ein på skolemelk.no og skolefrukt.no. FOTOGRAFERING tek initiativet til at elevane i 1.klasse blir fotograferte. Dei får tilbod om både klasse- og individuelle bilete. Ein nyttar Jan Nordtveit som fotograf.

TEIEPLIKT EIT VIKTIG PRINSIPP I PERSONVERNET Ein god skule må byggja på tillit mellom alle partar. Då er det viktig med eit personvern som skal verne om integriteten til den einskilde. KVEN HAR TEIEPLIKT? Teieplikta gjeld både dei tilsette i skulen og dei som gjer teneste for skulen. Til den siste gruppa høyrer mellom anna foreldre som sit i råd og utval, klassekontaktar og personar som er hjelparar på leirskule, skuleturar og skulefestar. Difor må skulen informera alle foreldra om når teieplikta gjeld. Elevar kan ikkje påleggjast teieplikt eller inngå avtale om å ha teieplikt, men bør likevel få opplæring i å praktisere ei moralsk teieplikt.