MØTEBOK SAMNANGER SOKNERÅD /KYRKJESTYRE Torsdag 31. mars 2016 Desse møtte: Frå soknerådet: Varamedlem u. stemmerett: Kommunal representant: Skrivar: Forfall: Leiar Hilde Aarvik, nestleiar Anlaug Røen Hauge, Inger Odland, Jostein Loe, Åshild Aa. Haga, Ketil Vevle og sokneprest David Vogel Ingen Sture Tveit Kyrkjeverje Britt Haukanes Anne-Kjersti Steinsvoll, Alfred Bruvik, Rune Flatabø og Gullborg Aasgaard Møtestad/tid: Haga kyrkje kl.19.00 21.45 Opning v. David Vogel 1.Pet. 1,3 f.f. om Guds kraft som held, prøvingar, tru og glede. Samtale med utgangspunkt i handboka kap. 3 «Oppgåver i soknet» (3.11 side 54 67) Sakliste Sak 14/16 KS Sak 15/16 KS GODKJENNING AV INNKALLING OG MØTEBOK MELDINGAR OG RÅDET SITT KVARTER Sak 16/16 KS ÅRSMELDING OG REKNESKAP FOR 2015 Sak 17/16 KS Sak 18/16 KS Sak 19/16 KS Sak 20/16 SR VARMESTYRING I KYRKJENE NY STILLINGSOMTALE/ INSTRUKS FOR KANTOR OFFISIELT NAMN PÅ KYRKJA PÅ ÅDLAND PLANLEGGING AV ÅRSFEST Sak 21/16 SR GUDSTENESTEPLAN HAUSTEN 2016
Sak 14/16 KS GODKJENNING AV INNKALLING OG MØTEBOK Vedlegg: Møtebok for 18. februar Vedtak: Innkalling til møtet 31. mars og møtebok for 18. februar vart godkjende Sak 15/16 KS MELDINGAR OG RÅDET SITT KVARTER Dårleg økonomi i bispedømet kva vil det seia for oss? Ledige stillingar vert ståande vakante, det kan verta omorganiseringar og færre gudstenester. Nytt frå handlingsplanen? Vedlegg 15a Handlingsplan Postjournal Vedlegg 15b postjournal Flaggstong til Ådland? Det er gjort framlegg om å flytta flaggstonga ved prestebustaden, til Ådland. Kyrkjestyret ynskte å ta dette opp som eiga sak det vart ikkje tid på dette møtet. Hjortegjerde er kjøpt inn men ikkje sett opp. Endeleg nytt skinn på altarringen godkjenning frå bispedømet etter tre års venting. Hengja opp gamle ting i kyrkja på Ådland også godkjend. Kyrkjeverja treng hjelp til dette. Gudstenesta på 17. mai er flytta til Haga kl.10 om morgonen på grunn av vanskar med å få denne gudstenesta til å passa inn med 17.mai-programmet. Det er lite frammøte når ho skal vera på Ådland midt på dagen, før feiringa er slutt på skulen. (Dette har vore praksis etter at Nordbygda sitt 17-mai-tog har gått om ettermiddagen frå kyrkja.) Er ho kl. 11 om føremiddagen, konkurrerer ho med andakt på aldersheimen. No kan ein starta dagen med familiegudsteneste i kyrkja, og halda fram vidare på aldersheimen og i prosesjon til skulen. Sak 16/16 KS ÅRSMELDING OG REKNESKAP FOR 2015 Fakta Rekneskapen for 2015, er klar og sendt inn til Kostra og til revisjon. Rekneskapsresultatet var vedteke i sak 10 og 11 på møtet 18. februar. Balanserekneskapen og notane til rekneskapen vart lagt fram på dette møtet, saman med tekst til årsmeldinga. Når vedtak og evt. endringar er gjort, vert årsmeldingstekst, rekneskap og notar til rekneskapen sett saman i eit hefte, og lagt bilete til. Årsmeldinga skal så leggjast fram for kyrkjelyden på årsmøtet/ årsfesten i samsvar med gjeldande regelverk for rådet si verksemd. («Regler om formene for menighetsrådet og kirkelig fellesråds virksomhet. 9) Vurderingar Kyrkjeverja ser på notane til rekneskapen som ein del av årsmeldinga, og har difor i år utelate økonomi-delen i årsmeldings-teksten. Det som har stått i denne økonomidelen av årsmeldinga, finn ein att i notane, slik at det vert ei oppattaking her. Om kyrkjestyret ynskjer at årsmeldingsteksten skal kunna lesast åleine utan rekneskapsdelen, må ein likevel setja inn att opplysningar som rekneskapsresultat, vedlikehald og innkjøp. Vedlegg 16A: Årsmelding 2015 Framlegg tekst Vedlegg 16B: Rekneskap med notar for 2015
Vedtak Kyrkjestyret vedtek kyrkjeverja sitt framlegg til årsmelding og rekneskap. Eit utegløymd namn skal leggjast til. Vedtaket var einstemmig. Sak 17/16 KS VARMESTYRING I KYRKJENE Fakta På fagdagar for kyrkjeverjer i Bergen i mars, vart det orientert om det nye staumstyringssystemet som KA har fått utvikla i samarbeid med Kirkepartner IKT, riksantikvaren og Hoist Energy EM Systemer AS. Dette er spesielt tilpassa kyrkjer, og systemet sørgjer for rett kviletid og innetemperatur der ein også tek omsyn til luftfukt i bygget. Det vert sikra lavast mogeleg energiforbruk og rett bevaringsmiljø for kyrkjekunst, inventar og orgel. Systemet lagrar forbruk og inneklimadata i ein felles database hjå Kirkepartner IKT. Systemet er også «intelligent» og vil læra seg kor lang tid det vil ta å varma opp dei ulike romma. Systemet vert knytt opp mot kalenderen for huset i «medarbeideren» eller liknande program slik at straumen vert senka når romma ikkje er i bruk. Det kan også styrast frå data, nettbrett eller mobil. Det er etablert tilskotsordningar hjå ENOVA og KNIF Trygghet forsikring og ordningane vert administrert av KA. Rentekompensasjonslån kan også brukast, i tillegg sparer ein gjennomsnittleg 30% i straumutgifter. Sjølve styringseininga kostar pr. 2016 40 tusen for ein standarpakke + installering. Kyrkja sentralt ynskjer at DNK skal verta meir miljøvenlege, noko bispedømet orienterte om på samling for prostar og kyrkjeverjer. Det er absolutt mest å spara på straum, så kjem reiser som nr. 2. Dei anbefaler alle som har høve til det å prøva gjera noko med straumbruken, også sett ut frå miljøhensyn. Sidan kyrkjene våre er så komplekse, anbefaler KA sine folk ein konsulent som til å vurdera kyrkjene. Ut frå hans vurderingar, vil dei kunna gje oss ein pris og vurdera kva støtte me evt. vil få av ENOVA. Så kan me i andre omgang bruka denne prisen i budsjettarbeidet vårt. Kyrkjeverja har vore i kontakt med Ulf Christensen som KA tilrår, og han seier ei slik vurdering vil koma på 10-15 tusen. Vurderingar Når det gjeld kyrkjene våre, er kyrkja på Haga i bruk nesten kvar dag og har både oppvaskmaskin, vaskemaskin og varmtvasstank i hyppig bruk. Her er installert varmepumpe, og det skal vera nattsenking av temperaturen. Me hadde i underkant av 50 tusen kr. i straumutgifter i fjor på denne kyrkja. Me opplever at straumstyringa fungerer særs dårleg. Det svingar mellom varmt og kaldt, og er ofte varmare om kvelden enn om morgonen, trass i nattsenkinga. Me nyttar vifteomnar når det er for kaldt. Det er 21 termostatar i bruk, og desse har no nådd ein alder som gjer at dei må skiftast ut.. Me har opplevd at eit par av dei kortslutta og smelta. Elektrikaren ville helst ha skifta ut alle, men då må me vurdera desse kostnadene opp mot å installera eit nytt varmestyringssystem. Ved eit slikt system vert termostatane overflødige. Varmepumpa vert kopla til systemet, og rom-kalenderen vår vil skrua ned temperaturen på dei romma som ikkje er i bruk. I kyrkja på Ådland er det termostatar som fungerer, men stundom må overstyrast. Effekten på omnane må stillast manuelt. Kyrkjetenaren reiser att og fram og skruar opp og ned. Dei gamle røyromnane har god effekt, og kan brukast i eit nytt system også, men det bør vera nok
effekt til at ein kan få opp temperaturen på nokre timar. Om me treng fleire omnar, eller evt. varmepumpe i tillegg til det me har, må vurderast. Her er mykje å spara, då denne kyrkja står med 16-17 grader når ho ikkje er i bruk, på grunn av lang oppvarmingstid og upraktisk styring. Me må uansett få nytt sikringsskap om det skal installerast straumstyring her. For begge kyrkjene gjeld det at dei treng ei vurdering for å sjå kva trong det er for installasjonar. Om me kan nytta dei gamle temperaturfølarane på Haga, kan det verta rimelegare å leggja opp. (Denne kyrkja har så mange rom, at ein uansett ikkje vil kunna greia seg med standarpakken med 9 romfølarar.) På Ådland treng me vurdera kva som skal til av forbetringar, evt. ekstra oppvarming eller byte av gamalt anlegg før ein installerer eit varmestyringsanlegg. Kyrkjeverja ynskjer å gjera dette no, for å kunna vurdera om me kan utsetja byte av termostatar på Haga til eit slikt styringssystem kan installerast. I tillegg vil me få ei skikkeleg vurdering på kva me treng for å få til ei betre varmestyring på Ådland, og evt. gje oss backing i arbeidet vårt vidare med få installert varmepumper på Ådland. Framlegg til vedtak: Kyrkjestyret gjev kyrkjeverja høve til å henta inn konsulenthjelp for å få vurdert varmestyring og oppvarmingsbehov i dei to kyrkjene våre. Ein skal så få vurdert av KA, kostnader for varmestyringsanlegg i kyrkjene. Sak 18/16 KS NY STILLINGSOMTALE/ INSTRUKS FOR KANTOR Kantor har ein gamal instruks, vedteken av kommunestyret i 1989. Denne er forelda, sett i høve til både tariffavtaler, den nye kyrkjelova, forskrifta «Tenesteordning for kantorer» og det arbeidet kantor gjer og skal gjera i kyrkjelyden no. Administrasjonsutvalet laga eit framlegg til stillingsomtale, med grunnlag i mal frå KA og «Forskrift om tenesteordning for kantorer», fastsett av kyrkjemøtet i 2004. I følgje forskrifta skal kantor, sokneprest og sokneråd ha høve til å uttala seg før stillingsomtalen vert vedteken av kyrkjestyret, og soknerådet hadde saka oppe i februarmøtet, sak 13/16. Dei gjorde eit framlegg til endring. Kantor var samd i denne endringa, og hadde elles ingen innvendingar mot stillingsomtalen. Framlegget til kyrkjestyret har denne endringa. Vedlegg: Vedl.18 Stillingsomtale kantor, framlegg Vedtak Kyrkjestyret vedtek framlegg til stillingsomtale for kantor. (Sjå vedlegg) Vedtaket var einstemmig og som framlegget. Sak 19/16 KS OFFISIELT NAMN PÅ KYRKJA PÅ ÅDLAND Fakta Det namnet som har vore brukt i bygda på den gamle kyrkja, er Ådland kyrkje. Iflg. tidl. sokneprest Audun Aase var det ein regel som sa at namnet på soknekyrkja/ hovudkyrkja i soknet skulle ha namn etter soknet. Det vart difor innførd «Samnanger kyrkje» som offisielt namn på kyrkja. I ettertid har kyrkja på Haga endra status frå «kapell» til kyrkje. Folk på
bispedømekontoret opplyser at det er ingen av kyrkjene i Samnanger som er meir soknekyrkje enn den andre, og kjenner heller ikkje til denne regelen. Dei meiner det er opp til kyrkjestyret å bestemma kva namn kyrkja skal ha, vurdert opp mot historie og praktisk bruk. Det ar vore brukt både Samnanger kyrkje og Årland kyrkje og Ådland kyrkje i tidlegare skriv. Nedteikningane frå 13-1400-talet seier: «Årlands kirkjusokn i Samnangri» (1329), «Samnanger i Arlanz sokn» og Arlanda kirkiosokn». Så her hadde altså soknet Ådlandsnamnet også. Frå 1500-talet gjekk staden over til å skrivast med d.: Ådland. (Årland kom inn som namneform på nytt, då posten gav oss den, 5658 Årland.) Ådland med d er no det offisielle namnet på staden, ikkje Årland. (Statens kartverk vedtak. 2002.) I 1885 vart det i kallsbok i Os, skrive «Samnanger Annekskirke». I 1930 skriv Nils Lauvskar «Samnanger kyrkje» under biletet i bygdeboka, men nyttar både «Ådlandskyrkja» og «Samnangerkyrkja» i teksten seinare. I avisa Dagen i 1951 stod det «Aarland kyrkje var 100 år..» I 1967 stod det i programmet for bispevisitasen: «Ådland kyrkje» og i 1976 stod det i kyrkjebladet: «Ådland kyrkje 125 år». I kyrkjelova 2 står det at «kongen» bestemmer namn på kyrkjene. Dette er delegert til bispedømerådet. Verken me eller dei på bispedømekontoret har funne noko vedtak som seier at kyrkja heiter Samnanger kyrkje, så iflg. bispedømekontoret treng me ikkje søkja om å bruka Ådland, berre melda frå om at det vert gjort. Vurderingar For oss i Samnanger har det vore naturleg å bruka Ådlands-namnet på kyrkja, og særleg no når det er to kyrkjer i bygda. Tidlegare kunne ein berre seia «kyrkja», men no nyttar ein namna for å skilja dei åt. Når gravferdsbyråa nyttar det offisielle namnet: «Samnanger kyrkje» i lysingar, hender det me får telefoner til kyrkjekontoret for å høyra kva kyrkje det er som heiter det. Stundom kjem det folk til kyrkja på Haga og ser etter gravferd, fordi dei trudde at det måtte vera den nye som heitte Samnanger, den gamle heiter då Ådland! Å nytta Ådlandsnamnet på kyrkja, er mest praktisk for å skilja dei åt, og kan godt forsvarast historisk ut frå tidlegare namnebruk. Det er å tilrå at ein uansett brukar Ådland eller Haga kyrkje «i Samnanger», i lysingar utanbygds. Framlegg til vedtak Kyrkjestyret ynskjer at «Ådland kyrkje» skal vera det offisielle namnet på kyrkja på Ådland. Kyrkjeverja skal melda frå til dei instansane som treng vita om vedtaket, inkl. Samnanger kommune, prostikontoret, bispedømekontoret, KA sin kyrkjedatabase og dei mest brukte gravferdsbyråa. Vedtak Kyrkjestyret meiner at «Ådland kyrkje» skal vera det offisielle namnet på kyrkja på Ådland. Kyrkjeverja skal melda frå til dei instansane som treng vita om vedtaket, inkl. Samnanger kommune, prostikontoret, kartverket, bispedømekontoret, KA sin kyrkjedatabase og dei mest brukte gravferdsbyråa. Sak 20/16 SR PLANLEGGING AV ÅRSFEST Soknerådet har tidlegare bestemt at me skal kombinera kyrkja sitt årsmøte, med kyrkjelydsfest. Festen var først sett til 2. april, men er no utsett til den 15. april. Me treng seia noko om kva festen skal innehalda, og om ikkje heile soknerådet skal vera festnemnd, treng
me setja ned ei gruppe til å arbeida med program for festen. Praktisk nemnd og Anne Tandstad kan ta seg av å organisera mat, dekking og rydding etterpå. Dette vart bestemt: Anlaug leiar Kantor plukkar ut allsongar og spelar til solisten. Britt spør. Årsmelding Bilete frå året som gjekk Hilde spør Inge Aasgaard Varm mat, prat under maten om kyrkjelydsarbeidet framover Skodespel-innslag v. Åshild? Leik v. Anlaug Utdeling av diplomar til ulike kyrkjelydsmedlemer og tekstbøker til klokkarane. (Hilde?) Kaker og Kaffi Kveldssong v. Linda G-N eller Inger O. Inger spør Linda. Kort andakt v. David Hilde tek ansvar for å samla trådane når det nærmar seg. Sak 21/16 SR GUDSTENESTEPLAN HAUSTEN 2016 Biskopen skal no vurdera gudstenesteforordningane i Bjørgvin. Sokneprest David Vogel har sendt inn eit oversyn over den ordninga/ praksisen me har hatt til no. Me har ikkje fått noko innspel frå biskopen enno, men signala frå prosten er at me for hausten ikkje kan venta oss at dei stiller med løna preste-vikar til oss i presten sine frihelger ein gong i månaden. Prosten ynskjer å ha gudstenestelista for hausten inn no, og prestane i Fusa og Samnanger har sett opp dei søndagane Samnangerpresten skal gjera teneste i Fusa. Det er fleire trusopplæringstiltak, konfirmantpresentasjon, konfirmantjubileum og fleire andre faste ting som må takast omsyn til. Spørsmål til diskusjon: Kva skal me gjera dei søndagane me ikkje har prest? Skal me halda fram med gudstenester utan prest, eller skal me ha noko anna? Temasamlingar med gruppesamtale og kveldsmat? Lovsongskveldar? Salmekveldar? Fellessamlingar med bedehuset? Eller ein variasjon av fleire ting? Kven skal evt. ha ansvar for desse samlingane? Kva profil skal dei ulike gudstenestene ha? Treng det alltid vera familiegudsteneste når det er dåp på Ådland? Kan me gje gudstenestene på Ådland eit løft? Invitera inn solistar/ musikarar, laga eit lite kyrkjekor, gje konfirmantar oppgåver? Kva med kyrkjekaffi og barnekrok på Ådland? Soknerådet samtala om gudstenestelista, men bestemte å ta saka opp igjen på neste møte grunna tidsmangel. Presten seier at det som gjeld samarbeidet med Fusa, må leverast til prosten og difor må setlast no, men at dei andre gudstenestene evt. kan endrast på i mai. Vedlegg: Vedl21 Gudstenesteliste H16 Framlegg