Rune Belsvik. Ho som var så søt. Roman



Like dokumenter
NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Jon Fosse. For seint. Libretto

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

OK, seier Hilde og låser.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

mmm...med SMAK på timeplanen

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Brannsår, rus eller friheit?

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Til deg som bur i fosterheim år


Vibeke Tandberg. Tempelhof. Roman FORLAGET OKTOBER 2014

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Plassebakken Barnehage

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kom skal vi klippe sauen

Rom ved havet, rom i byen

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Hva gjør du? Er det mine penger? Nei, du har tjent dem. Behold dem.

Alt det lyse og alt det mørke

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Brødsbrytelsen - Nattverden

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

I hvilken klasse går Ole? Barnehagen 1. klasse 2. klasse Hvor gammel er Kristine? 5 år 7 år 8 år. Hvor gammel er Ole?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Teknikk og konsentrasjon viktigast

NOR Nordisk barne- og ungdomslitteratur

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Kvinne 30, Berit eksempler på globale skårer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk


mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Lars Ove Seljestad Isberg. Roman

I N N H O L D. Forord

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

«Ny Giv» med gjetarhund

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Med tre spesialitetar i kofferten

2016 Det Norske Samlaget

Ingelin Røssland. Kirsebærsnø. Roman

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Sofies hemmelegheit.

Årets nysgjerrigper 2010

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Månadsbrev for Rosa september 2014

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Lynne og Anja. Oddvar Godø Elgvin. Telefon: /

Ordenes makt. Første kapittel

Valdres vidaregåande skule

Plassebakken Barnehage

LØVELOVEN VI ER VENNER.

Transkript:

Rune Belsvik Ho som var så søt Roman

Det meste som hender denne morgonen har hendt mange morgonar før. Likevel er det alltid annleis, med ei anna lukt i rommet, eit anna lys gjennom vindauga, eit anna vindpust over åsane og ei anna stemning i den som opnar døra og går fort mot bilen. Det meste er alt ved å bli glømt. Likevel skal nokon av oss nekta å tru det som skjer, for også denne morgonen hender det noko som slår eit liv ut av kurs. Vi vil kanskje seia at det er for uverkelig. Slikt skjer ikkje med meg. Ikkje her. Vi tenker at vi like godt kan glømma det, det passar ikkje inn, vi passar ikkje inn i det, dette som plutselig skjedde, eller det vi likevel gjorde, det vi aldri skulle gjera, men som alt no er gjort. Ja, vi tenker at vi skal berre glømma det, slik vi glømmer det meste, og så går vi glømmande vidare, prøver å rista det av oss, prøver å hugsa korleis vi sette den eine foten framfor den andre for litt sidan, før dette, ser framover, det var jo så å seia ingenting i forhold til alt det andre som skjer i verda, og no begynner det å snø. Sjå snøen fell tung og våt frå himmelen. Det er sjeldan snøen blir liggande i denne byen ved sjøen. Det klemtar og smell frå nye byggeplassar. Snøen fell tung og våt i håret på dei som ventar på bussen, dei som går over vegen, han som luftar hunden, ein ung fyr som står utfor ein bensinstasjon og hutrar og tygg i seg ei pølse i brød. Snøen går over til regn. Så frys det på, og fleire bilar

kjører i grøfta. Husa står stille, og mange vindauga er fulle av lys. Ytterdørene blir opna og lukka. Grå røyk stig opp frå skorsteinane. Eit fly blinkar på himmelen, og går inn for landing. Det er nesten heilt stilt om nettene. Lyden av ein moped fortaper seg ein stad i utkanten. Så fell den tørre snøen over dei glatte vegane. Butikkane fyllest opp av ekspeditørar og kundar. På skulane blir lysa slått på. Ei alt for lettkledd jente går ut av køen ved busstoppet, liksom slepper taket i noko, gir seg, går baklengs nokre steg og blir borte. Ein hund gneldrar, bussen kjem, og så hører vi smell og klynk av metall borte frå byggeplassen, og tenker at alt går over. Er det ikkje så at det einaste sikre her i livet er at alt er i forandring. Jo, tenker vi. Og så smiler vi, og ser at nokon ser dette smilet og smiler, liksom vitande, tilbake. Vi er berre menneske. Ingen av oss er fullkomne. Alle fell over ende ein gong. Ja, visst. Alt er som før. Heilt vanlig. Ingenting å bry seg om. Og ein fugl lettar frå ei grein. Greina dirrar i lufta ei ørlita stund. Ei som heiter Berit kjenner seg plutselig så naken. Ho støkk til. Det er søvnen som tar slutt. Ho blir liksom tømt ut i dagen, kastar dyna av seg, går fort ut på badet der spegelen har kvite flekkar av tannkremsprut etter mannen sin elektriske tannbørste. Ho irriterar seg over dei flekkane. Kor mange dagar har ho ikkje alt irritert seg over dei flekkane, og så glømt dei ut. I dag må ho få vaska denne spegelen. Ho snur seg mot kommoden der tablettane ligg. Ho kjenner tunga glir over den skarpe tannstubben. Kan ikkje ha den kvasse tingen i munnen. Dei får setta inn ei ny. Ja, ja, det hastar vel ikkje. Går fint å venta nokre veker til ho føler seg meir ovanpå. Det er medisinane som slit på tennene. Munnen blir

tørr. Men no vil ho ikkje tenka meir på tennene. Sitta der i stolen i det forferdelige lyset og gapa opp. Ho kler seg og går inn i stova. Ser ut på dei kvite haugane av snø. Små fjon svingar rundt i vinden. Plutselig blåser det opp ei mjølen sky. Vinden tar tak i snøen som alt har lagt seg, løftar han opp, jagar han rundt i det kvite og legg det ned igjen i bølgjande former. Dekker til alt så mjukt og fint og stilt. Så reint. Store dryss blir blåst ned frå taket. Susar og svevar som kvite flammar og drys ned. Framleis heng dødt lauv att på eika. Ho kunne gått ut og knust det til pulver i neven. No må ho til legen igjen på fredag. Jan har sagt han kan kjøra henne i pausen. Han har sagt han kan bli med heilt inn til legen også. Likevel er ho urolig. Plutselig kan legen finna på at ho får for mykje av dei roande tablettane. Men skal ho bli med Jan på butikken ein laurdag, eller om ho må handla seg eit plagg, eller gå på kino, så må ho ha nokre tablettar ekstra. Ho må ta ekstra pillar for å gå til legen også, men det kan ho vel ikkje seia. Nei, ho vil ikkje seia noko som helst. Vil berre ha medisinane sine. Kvar tredje veke må ho ned på kontoret og be om desse medisinane som ho ikkje kan klara seg utan. Sitta der og håpa at legen ikkje har vore på eit nytt kurs, og plutselig fått for seg at no skal ho greia seg utan pillar. Eller at han har fått ein ny instruks. Tanna er kvass. Ho kjem til å kutta opp tunga på henne. Ho hadde time hos tannlegen for nokre veker sidan, men då hadde ho vore så utafor på grunn av eitt eller anna at ho måtte avbestilla. Hadde ho hatt mareritt, eller var det noko med dottera, Liv Tone? Nei, det går jo fint med Liv Tone. Etter ho fekk den vesle jobben i butikken blei alt lettare for henne. Var det Jan? Hadde dei krangla om noko? Nei, dei kranglar så å seia aldri

meir. Dei siste åra har det vore fredelig mellom dei. Snøen fell tett igjen. Det er skavlar langt oppetter veggane alt. Den smale stien Jan har moka er attsnødd. Ho trekker føre gardinene og tenner fleire lampar. Sitt med ryggen mot vindauga. Men tanken på all snøen der ute gjer noko med pusten hennar. Ho puttar inhalatoren i munnen og dreg inn to dosar rett etter kvarandre. Tårene begynner å renna over ansiktet. Ho hulkar. Var det all snøen? At det plutselig kunne komma nokon inn til henne? Nokon som berre opna dørene og kom rett inn. Nei, det var vel den spisse, forferdelige tanna. Ho som hadde så fine tenner då ho var lita. Sprang rundt i den rosa kjolen. Og den gule. Smilte mot sola. Ja, i alle år har ho hatt fine tenner. Ho tørkar ansiktet med eine neven. Det er alt onsdag. Om to dagar må ho til legen. Ho må ringa og bestilla time. Berre det ikkje er det der sure kvinnfolket som sitt og tar telefonen. Ho har ei stemme som kan ta humøret frå dei fleste. Kvar gong ho tar telefonen sukkar ho, og fortel ganske tydelig at det slettes ikkje passar seg å ringa dette nummeret om det ikkje gjeld noko svært, svært viktig. Ho lurer på om ho skal venta til i morgon med å ringa. Men så får ho kanskje ikkje time før over helga, og då går ho tom for sovemedisinen. Kan ikkje komma til legen utan å ha sove. Berre han er i godt humør, og ikkje så tverr og streng og travel og ser på henne med det harde blikket. Viss Jan er med inn brukar han å vera mildare. Ho reiser seg frå stolen. Går for å rydda ut av oppvaskmaskinen. Ho vil ha kjøkenbenken rein og ryddig før ho ringer og bestiller time.

Men det er forferdelig som det snør. Berre Jan kjem seg fint heim. Berre han ikkje glir ut i ei grøft og kjører seg fast. Berre ikkje nokon kjører på han på dette glatte føret. Dei rekk vel ikkje å brøyta vegane slik det snør no. Mens ho står og ryddar kjem ho på at den psykiatriske sjukepleiaren kjem igjen på måndag. Ho skulle ha prøvd å ta bussen ein gong før sjukepleiaren kom tilbake. Men det har vore eit slikt uvêr, og kva skal ho ut og kjøra buss etter? Ho vil slettes ikkje ut. Har ikkje lyst å dra nokon stad. Ein gong i tida var det stas å komma seg på ein kafé. Sitta og slurpa i seg kaffi og eta eit kakestykke. Ho orkar ikkje ein gong å tenka på det. Sitta der blant framande og kvi seg til å ta bussen heim igjen? Nei, ho vil vera heime og lesa bøker. Hekla og strikka. Rydda og ordna og stella når ryggen er god nok. Ein dag får ho kanskje lyst å måla igjen òg. No fekk ho jo så god plass til målesakene då Liv Tone flytta ut. Eit heilt rom til lerreta og fargane. Ja, ja, ho går nok inn der igjen ein dag. Men korfor skulle ho ta buss? Er det ikkje utfordringar nok? Å, dei blei vel for ivrige i snakkinga sist sjukepleiaren var her. Det er alt ein månad sidan. Ja, sola skein vel inn på kjøkenet. Det hadde så vidt komme litt snø. Den første, fine snøen. Alt så lett og lyst. Ho får lyst å gå inn på soverommet igjen. Berre bli der nokre dagar. Inn til dei trygge veggane, og ikkje vera noko for nokon. Berre for seg sjølv. Legga seg godt under dyna utan at nokon kan bry henne med nokon ting. Nei. Nei, no skal ho rydda ferdig, så skal ho ta den andre tabletten, og når den verkar skal ho ringa og bestilla time, før ho lagar suppe til Jan. Ho er blitt så skral at ho ikkje er stort betre enn dei som

var på Heimen. Ja, han finst vel ikkje meir den Heimen no, men den gongen ho var lita fanst han. Ungane gjekk stundom der for å høra om dei kunne hjelpa til med noko. Stundom gjekk dei bort med blomster dei hadde funne langs bekken eller ute på jordet. Dei håpte å få seg nokre kroner til godteri. Eller den gongen var det vel øre. Femøringar. Dei store, brune myntane. Tidlig på sekstitalet må det ha vore. Eller i slutten av femtiåra. Å, ho kom vel springande i sola i ein av dei fine kjolane. Dei skrytte slik av kjolane. Og den lange, lyse fletta. Ho sprang på grusvegen med blomster i neven. Sprang om kapp med dei andre. Dei lo ut i lufta. Kjente den salte smaken av sveitte på leppene. Heldt hardt om blomstrane. Stakkar blomstrane, dei blei vel fillerista i dei små barnenevane. Drømte om ein tyggegummi eller ein karamell. Ver så god, sa ho vel, og så gav ho frå seg dei lilla blomstrane, eller kanskje var det dei gule som voks langs bekken. Ja, om ho ville trilla ein av dei bort til kiosken. Klart ho ville det. Det var ein mann som satt i rullestol. Klart ho kunne trilla han til kiosken. Men det var litt rart å trilla ein vaksen mann. Litt tungt opp skråninga mot hovudvegen. Ho spurte han vel om ho kunne stansa litt. Det kunne ho berre. Og så bad han henne bøya seg mot han, og dagen var lys og lett, og dei var på veg til kiosken, og så greip han om hovudet hennar, trekte det til seg og pressa munnen hennar mot sin eigen munn. Heldt fast i hovudet hennar. Pressa henne inn mot munnen sin. Grådige stønn frå halsen. Eller lo han? Ho måtte kjempa seg fri. Reiv seg ut av det. Var det ikkje sola som hang på himmelen? Var det ikkje ein kjekk dag? Sprang alt ho kunne heim til mamma. Reiv opp døra. Sto

snart i stova der mamma satt og sydde. Den jamne, gode duren frå symaskinen. Alt tøyet som flaut ut over bordet, og låg bada i sollyset frå vindauga. Då mora såg på henne over brilleglasa lurte ho på om ho måtte lyga. Kunne ho seia slike ekle ting, mens mamma satt og sydde fine klede? Kva er det med deg? sa mora. Har du sett spøkelse? Ho gulpa ut av seg kva som hadde skjedd. At mannen som ho skulle hjelpa hadde halde henne fast og slurpa på munnen hennar. Ja ha, sa mora. Der skal du aldri meir gå. At dei forferdelige mannfolka ikkje ein gong kan halda seg borte frå ei lita jente! Er dei forferdelige? Er det derfor dei er på Heimen? Nei og nei. Vesle, søte Berit. Nei, på Heimen, nei. Mannfolk er slik. Dei kan ikkje styra seg! Hugs det, Berit. Hugs det. Du må aldri gjera deg det minste til for dei. Aldri lokka dei. Då kjem dei og gjer med deg som dei vil! Korleis kan eg lokka dei? Korleis? Kva er det du spør om? Eg sa du aldri måtte du skal berre halda deg borte frå den Heimen. Halda deg borte frå mannfolk. Viss nokon vil gi deg godteri må du berre springa heim med ein gong. Aldri ta imot. Korfor det? Fordi mamma seier det. Kan eg ikkje gå ut meir? Jo, du kan gå ut i hagen. Berre i hagen? Nei, du treng ikkje berre vera i hagen viss du leikar med nokon. Gå fint ut no. No skal vi ikkje tenka meir på dette. Sola skin. Ta med eit eple og gå ut.

Ho hadde trudd det skulle vera over for ei stund med all denne tenkinga og hugsinga. Dei nye medisinane skulle hjelpa mot slikt. Det står på eska. Mot tankar. Ja, nye er dei jo ikkje lenger. Det må vera over eit år sidan ho begynte på dei. Då ho mista søvnen igjen. Då alt begynte å flyta i henne. Kanskje er det alt mange år sidan. Tida har begynt å gå så skrekkelig fort. Ho støkk til av nokre harde dunk mot veggen ute. Kva i all verda. Kjem det einkvan likevel? Det er berre Jan som sparkar snøen av seg. Berre Jan. Ho håpar han ikkje skal ut igjen. At han har tenkt å vera heime, så dei kan få prata og ha det litt rolig. Heisann, seier han, eg må ut og moka opp vegen. Vil du ikkje ha litt suppe først? Eg blir så trøtt når eg har ete. Går det greitt med deg? Ja, ja. Du såg berre så du har det berre greitt? Ja, eg har det fint eg. Har bestilt time til fredag. Kva då? Fredag? Legen. Du skulle jo vera med. Å ja. Ja, det var jo sant. Viss du vil det så. Fælt så det snør. Ja. Eg mokar litt, så kan vi eta suppe etterpå. Det er fort gjort. Dei står i gangen, og han dreg henne inntil seg, inn mot den store brystkassa. Han bøyer seg og legg kinnet inn mot hennar kinn. Dei står og klemmer kvarandre i den gode lukta av snø og kulde. Ho kjenner i heile seg at han meiner det, at han også likar å stå slik, at det er ein lun og djup varme der. Han byter sko, tar på ei varmare jakke og går ut igjen.