Annonsebilag. Volda og Ørsta 25. 28. juni 2015. Illustrasjonar: Astrid Runde Saxegaard og Ulf Verner Carlsson. festspela.no.



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Jon Fosse. For seint. Libretto

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Vi jubilerer med Kristofer Uppdal: «NARREN SYNG» Med John Pål Inderberg og Ragnhild Vannebo, musikk og dikt Ellrun Ystad med tonesette dikt

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.


Frå novelle til teikneserie

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Refleksjon og skriving

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?


Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Brukarrettleiing E-post lesar

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Årsplan i norsk, 4. klasse,

mmm...med SMAK på timeplanen

FANTASTISK FORTELJING

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

8 tema for godt samspel

Nynorskprisen for journalistar

/

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

AKTUELL NYNORSK LITTERATUR FOR SKULEN B A R N E L I T T E R A T U R E N O V E R L E V E M Å H A N V E R E B E S T

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

OK, seier Hilde og låser.

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Ny, norsk nynorsklitteratur (og gjendikting)


Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

6. trinn. Veke 24 Navn:

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Kva er økologisk matproduksjon?

august 2013 NESETDAGANE.

Eksamen NOR0214 norsk hovudmål/hovedmål Sentralt gitt eksamen etter 10. trinn elevar/elever og vaksne/voksne. Sult

KULTURDEPARTEMENTET SIN

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

ÅRSPLAN i Norsk Skuleåret: 2011/2012 Klasse: 9 Faglærar: Alexander Fosse Andersen Læreverk/forlag: Neon 9 studiebok og tekstsamling/ Samlaget

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Vel nynorsk for barnet ditt!

Informasjon til elevane

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Frå dikt til teikneserie

Samansette tekster og Sjanger og stil

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

PÅSKEKVISS frå Allkunne!

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Transkript:

Annonsebilag Illustrasjonar: Astrid Runde Saxegaard og Ulf Verner Carlsson Volda og Ørsta 25. 28. juni 2015 festspela.no #festspela

2 Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta Velkomen til festspel Helsing frå Kva passar vel betre enn å invitere til festspel «når liene grønka som hagar, når det laver av blomar på strå, og når netter er ljose som dagar» slik Ivar Aasen skriv i diktet «Nordmannen»? Diktet er nok best kjent som songen «Mellom bakkar og berg», ein sikker vinnar som allsong. Allsong er uttrykk for tillit og fellesskap, og til årets festspel har vi fått laga ein flunkande ny allsong. Teksten er av sunnmøringen Hilde Myklebust og tonen av Lars Bremnes frå nord. Tillit er årets festspeltema, men å seie at tillit er ekstra viktig i år, er ikkje heilt rett. For tillit er alltid viktig, for alle, kvar dag. Festspeldagane ønskjer vi mellom anna å finne ut av kva den nynorske samtidslitteraturen kan seie oss om tillit. Til det får vi hjelp av festspeldiktaren Gunnhild Øyehaug og fleire andre forfattarar. Og vi har utfordra kunstnaren Astrid Runde Saxegaard til å skape ei utstilling der ho utforskar årets tema. Det talte og skrivne språket, litteraturen, musikken og kunsten er som utømelege kjelder til det levande livet og erfaringar om levd liv kjelder vi alle kan ause av. Til årets festspel har vi sett saman eit program der dette kjem til uttrykk gjennom samtalar, foredrag, opplesingar, utstillingar og konsertar. I det sommargrøne landskapet, som Ivar Aasen skreiv så kjært om, byd Festspela på store opplevingar kvar festspeldag, både innandørs og utandørs i Ivar Aasen-tunet og mange andre stader i Ørsta og Volda. Det er berre å ause! Velkomen skal du vere! ministeren Det er med glede eg helsar Dei nynorske festspela i dette 24. festivalåret. Også i år vil programmet gje publikum opplevingar frå fleire kunst- og kulturfelt. Eg vil takke Nynorsk kultursentrum for at dei gjev publikum eit kulturbad av dette slaget. Det tikkar òg mot eit kvart hundre år med nett denne feiringa av den nynorske skriftkulturen. Nynorsk er eit mål dei færraste er likesæle til. Det er både på godt og vondt, men syter for stendig merksemd rundt eit språk som gjer kulturen vår rikare. I år er tillit festivaltema. Heile historia til danninga og utviklinga av det nynorske språket er tufta på tillit til språklege røynsler i heile landet. Desse Festspela er bygd på tillit til at språket lagrar kunnskap om oss sjølve som vi kan lære av. Alle språk inneheld kontraktar mellom folk: Eit ord er eit ord, seier vi. Tillit og språk er lim i samfunnet. Det er store ord, men utan tillit og språk, bryt sivilisasjonen saman. Thorhild Widvey kulturminister (foto: Ilja C. Hendel) Mangfaldet av møteplassar for kunst og kultur er derimot eigna til å skape nye erfaringar og kontraktar mellom folk. Derfor er dei så viktige. Med dette ynskjer eg god feiring og hyggelege festivaldagar til alle! Frå ein Aasen til ein annan Programmagasin Dei nynorske festspela 2015 Utgivar: Nynorsk kultursentrum Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda Tlf. 70 04 75 70 Faks 70 04 75 71 www.festspela.no www.aasentunet.no admin@aasentunet.no Ansvarleg redaktør: Ottar Grepstad Redaktør: Laila Walseth Lid I redaksjonen: Kjerstin Gjengedal, Åshild Widerøe, Laila Walseth Lid, Gaute Øvereng og Anders Aanes Produksjon: Aarflots Prenteverk AS ved Rune Hauge Aarflot Trykk: Sunnmørsposten/Polaris Trykk Ålesund Opplag 33 000, av dette 32 000 som innstikk i Sunnmørsposten 11. juni. Miljømerka trykksak Polaris Trykk Ålesund 241 791 Dei nynorske festspela blir i år arrangert for 24. gong, ein vital og vågal ung vaksen festival som har funne sin plass i det mangfaldige kulturlivet som Møre og Romsdal byr på. I løpet av fire dagar, midt i den ljosaste sommartida, samlast vi kring språket og ordet. Dei nynorske festspela set i år fokus på tillit, eit tema som passar ein ung vaksen festival. Som ungdommar flest er Dei nynorske festspela intense, og som besøkande til festivalen skal du ha god kulturell kondisjon for å ikkje gå glipp av noko. Variasjonen er stor, frå konsertar med mellom andre Kirsten Bråten Berg, Lars Bremnes og Stig Ulv, frukostmøter med festivaldiktar Gunnhild Øyehaug, prisutdelingar, platekåseri, fjelltur, friluftsgudsteneste og sykkelritt, film, festivalutstilling og forfattarsamtalar. Jon Aasen fylkesordførar Det er ikkje mykje teikn på kulturell husmannsånd i Volda og Ørsta, og avslutningsvis vil ein Aasen helse ein annan Aasen lykke til med festivalen.

Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta 3 Velkomne til Volda og Ørsta! Det er også i år ei stor glede for ordførarane i Volda og Ørsta å ynskje alle velkomne til kommunane våre i samband med Dei nynorske festspela. Vi er stolte av å vere vertskap for dei årlege Festspela. Tillit er tema dette året. Dette er eit spennande utgangspunkt for eit variert program som vi trur vekkjer mange si interesse. Ivar Aasen-tunet er eit nasjonalt senter for nynorsk formidling, ein attraktiv møteplass og ei vakker ramme for arrangementet også dette året. Vi ynskjer frivillige, arrangørar, artistar og publikum hjarteleg velkomne til Dei nynorske festspela i 2015! Arild Iversen ordførar i Volda Rune Hovde ordførar i Ørsta Der kveding og jazz møtest Samarbeidet mellom kvedaren Kirsten Bråten Berg og jazzbassisten Arild Andersen strekkjer seg 25 år tilbake i tid. Torsdag under Festspela held dei konsert i Uteamfiet. Kirsten Bråten Berg starta musikkarrieren som visesongar, og byrja ikkje å framføre folkemusikk før ho var vaksen. Heile vegen har ho blanda folkemusikken med andre sjangrar, og nyttar gjerne ornamenteringa frå folkemusikken også når ho syng viser eller moderne musikk. Då ho flytta til Setesdal tileigna ho seg folkemusikkarven derifrå. Det var stev og folketonar frå Setesdal som var grunnlaget for det første samarbeidsprosjektet med Arild Andersen, verket Sagn, som vart laga som tingingsverk til Vossajazz. Her fekk tradisjonsmusikken nykomponert tonefølgje framført av jazzmusikarar. Då vi seinare utvikla samarbeidet med prosjektet Arv, som byggjer på Grieg sine komposisjonar, måtte vi på ein måte jobbe motsett. Eg kan jo ikkje notar og har først og fremst lært frå lydopptak. Eg fekk innspelt noteteikningane som Grieg nytta, han hadde Kirsten Bråten Berg (foto: Marit Simonstad Kvaale) folk som reiste ikring og noterte ned folketonar for han, men det var ukjent materiale for meg, for han heldt seg mest i andre delar av landet. Så plukka eg ut 20 melodiar som eg tykte passa best til min stil, og deretter måtte eg gjere musikken om til kveding, fortel Bråten Berg. I Uteamfiet denne kvelden blir det smakebitar frå både Sagn og Arv, men også frå viseplatene. Plata Syng du mi røyst inneheld mykje nykomponert stoff. På ei seinare viseplate, Songen, byrja eg å arbeide med nynorske tradisjonstekstar. Vi kjem nok innom dette også på konserten, seier Berg. Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen har med seg Hans Mathisen, Bendik Hofseth og Paolo Vinaccia på scena. Gjest på scena er Lars Bremnes. Han har samarbeidd med Bråten Berg ved fleire høve. I Uteamfiet får vi høyre songen «Slak line», meir kjend som «Stolpesko», der Bremnes har sett melodi til ein tekst av Kjartan Fløgstad. Bremnes har eigen konsert på Målbar seinare same kveld. Arild Andersen (pressefoto) Torsdag 25. juni 21.00 22.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen Kr 375 i amfiet / 350 / student, ungdom og barn 200 / familie 950

4 Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta Tett på tankane Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug let seg fasinere av korleis vi menneske ofte forvekslar vår eiga tolking av verda med sanning. Det er noko av det ho prøver å utforske gjennom litteraturen. Eg har ein regel om å ikkje ete under intervju, seier Gunnhild Øyehaug medan ho deler ein scones i to og smører syltetøy på. Regelen skriv seg frå ein gong ho åt salat under eit intervju med ei svensk avis, og etterpå fekk gleda av å lese slikt som «seier Øyehaug medan ho forsyner seg glupsk av salaten». Men no er ho svolten, så regelen lyt vike. Det får heller vere greitt at du nemner det. «Seier Øyehaug medan ho et scones med syltetøy». Men sconesane her er verkeleg gode, altså. Skriv for å forstå Svolten kan ho saktens vere, for den siste tida har vore travel for festspeldiktaren. Ho kom med ny roman, Undis Brekke, i fjor haust og med film i vår. Den første romanen hennar, Vente, blinke frå 2008, vart til filmen Kvinner Festspeldiktarar 2010 2014 2010 Rønnaug Kleiva 2011 Bjørn Sortland 2012 Arne Moslåtten 2013 Lars Petter Sveen, Guri Sørumgård Botheim og Sigrid Sørumgård Botheim 2014 Agnes Ravatn i for store herreskjorter, og Øyehaug har jobba med manuset parallelt med romanskrivinga. Det har vore vanskeleg, men lærerikt. Mange har sagt at å lese Vente, blinke er som å lese ein film, og det er kanskje fordi romanen leikar med filmverkemiddel og filmklisjéar. Eg trur også eg skriv visuelt, i alle fall får eg ofte høyre at språket mitt framkallar bilete hos den som les. Men det er ikkje bilete som let seg direkte overføre til film. Difor har ho måtta jobbe seg gjennom stoffet heilt på nytt. Mellom anna har ho skrive inn ein ny rollefigur, Agnes, som jobbar på trelastlager, men eigentleg er forfattar med skrivesperre på førtiandre året. Personane til Øyehaug har gjerne ei eller anna sperre. Dei er forknytte, nervøse og manglar sjølvtillit. Som lesar kjenner ein seg att i dei og får samtidig lyst til å skrike at dei skal ta seg saman. Sjølv vart ho glad då ho høyrde at temaet for årets festspel er Tillit. Tekstane mine handlar ofte om det, spesielt mangel på tillit, til seg sjølv og til omverda. Eg tenkjer av og til på noko Amalie Skram sa, at med skrivinga si ønskte ho å hjelpe folk til å forstå kvarandre betre og døme kvarandre mildare. Det er ein ambisjon eg kan forstå. Forløysande teori Ho interesserer seg for kontrasten mellom det dei nervøse og overtenkjande karakterane hennar lengtar etter, og det dei opplever. Og korleis dei på same tid klamrar seg til det dei faktisk har. Eg trur dei fleste kan oppleve ein slik konflikt mellom det ein tenkjer ein skal vere, og det som hindrar ein i å bli det, både i ein sjølv og i omverda. Og i det feltet ligg både tragedie og komedie snublande nært! Tekstane hennar innheld dessutan lag på lag med litteratur. Ikkje berre er teksten litteratur i seg sjølv, men personane er ofte opptekne av litteratur, dei nyttar litteratur til å tenkje på verda, dei diskuterer litteraturteori, dei studerer litteratur eller underviser i det, slik hovudpersonen i Undis Brekke gjer. Er du aldri redd for at så mykje teoretisering om litteratur kan skape eit lukka univers kring det du skriv? Ikkje i det heile. Det tenkjer eg aldri på. Det eg tenkjer på er kva teksten skal bli. Ein dårleg tekst er lukka og ekskluderande, ein god tekst opnar seg. For min del er litterturvitskapen snarare ei hjelp til å skape, han gjer at det opnar seg så mange ting eg kan leike med i teksten. Ho nemner novella Blanchot sklir under ei bru i novellesamlinga Knutar frå 2004. I denne novella står den franske litteraturteoretikaren Maurice Blanchot i husværet sitt i trusa og oppdagar at det er haust. Teoretikarane blir ofte berre namn, store, litt skremmande namn. Barthes. Foucault. Blanchot. Det var noko av det eg ønskte å leike med i denne teksten, å konkretisere, og kroppsleggjere. Den handlar ikkje om litteraturteori, men om ei litt merkeleg oppleving «Blanchot» har heime i stova si. Eg er framleis veldig nøgd med den teksten. Språkleik Språket hennar blir karakterisert som leikande, morosamt, absurd og realistisk gjerne alt innanfor same milelange setning. Måten din å skrive nynorsk på, slår lik-

Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta 5 som beina under argumenta til dei av oss som framhevar det enkle, konkrete og aktive som nynorsken sin store styrke. Øyehaug ler. For min del er den store styrken til nynorsk at det gir meg sjansen til å skrive setningar. Så enkelt er det. Eg har alltid vore skeptisk til idéar om kva som er bra med nynorsk eller bokmål, og spesielt det med at nynorsk kling så vakkert, at det er eit så poetisk språk. Lite irriterer meg meir enn når bokmeldarar må påpeike at «boken er skrevet på vakkert nynorsk». Ho fortel at ho eingong las ei dansk melding av Vente, blinke, der meldaren påsto at det nynorske språket var eit politisk val, at Øyehaug dreiv ein språkpolitisk kampanje med boka. For meg er nynorsk berre det språket eg vaks opp med. Det er først når ein blir eldre at ein forstår at det er mogleg å velje majoritetsspråket og dermed sleppe billegare unna. Men sjølv greier eg ikkje å tenkje viss eg skriv på bokmål. Setningane mine fell frå kvarandre. Gunnhild Øyehaug er etter alt å døme ei av dei heldige som både har hatt ein draum om å bli forfattar frå ho var lita, og i tillegg har hatt evnene og arbeidsviljen til å drive draumen gjennom. Eller sagt på ein annan måte: Kritikkane har vore gode. Blir ho nokon gong redd for å ikkje greie å leve opp til seg sjølv? Nei. Ein må berre lage seg eit rom der ein kan gjere det ein vil. Eg skriv om det som interesserer meg og som eg ikkje kan relatere meg til på andre måtar enn ved å skrive. Altså, eg er jo ikkje upåverka. Eg blir glad av god kritikk og sur av dårleg. Men så må ein viske ut lydane frå bokhausten og setje seg ned og starte på nytt. Gunnhild Øyehaug: l Fødd 9. januar 1975 i Volda, oppvaksen i Ørsta og no busett i Bergen l Forfattar, kritikar, omsetjar og skrivelærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland l Debuterte i 1998 med diktsamlinga Slaven av blåbæret l Har skrive både dikt, essay, noveller, romanar og filmmanus l Har mellom anna fått Nynorsk litteraturpris, Sultprisen og Doblougprisen l Er festspeldiktar ved Dei nynorske festspela 2015 (begge foto: Kjerstin Gjengedal) Her møter du festspeldiktaren Torsdag 25. juni 18.00 19.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Opningshøgtid Fredag 26. juni 09.00 10.30 Kafeen, Ivar Aasen-tunet Frukost i tunet 21.00 22.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Litterær gullrekkje Laurdag 27. juni Søndag 28. juni 14.30 15.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Meir enn ny språkdrakt 19.20 Gamletunet, Ivar Aasen-tunet Blomar ved bauta: Ivar Aasen-bautaen 13.30 14.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Litteratur med Landro: festspeldiktar Gunnhild Øyehaug 17.00 18.00 Rokken, Volda Ein får tru det ein vil 12.00 12.45 Møre folkehøgskule Eg-et i romanen 14.00 16.30 Ørsta kulturhus Kvinner i for store herreskjorter Når bok blir film 16.00 17.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Aasen-stemnet 2015

6 Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta Fredagskveld med litterær gullrekkje Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug får selskap av tre tidlegare festspeldiktarar og ein ung poet og romandebutant når ho entrar Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet fredag 26. juni. Lars Amund Vaage, Brit Bildøen, Bjørn Sortland og Kristina Leganger Iversen har alle skrive litteratur der omgrepet tillit mellom menneske blir utforska. Tillit er alle avhengige av kvar dag i kontakt med andre menneske, men det er ikkje uvanleg at tilliten manglar eller blir broten. Kva kan den nynorske samtidslitteraturen seie oss om dette temaet, spør programansvarleg Åshild Widerøe. Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug utleverer dei inste tankane til dei litterære karakterane sine. Ho skriv i eit leikent språk om tema som elles blir oppfatta som tabu å snakke om. Øyehaug har ein allsidig litterær produksjon som femner om dikt, essay, noveller og romanar, i tillegg til at ho har gjendikta lyrikk frå andre språk. Ho fekk sitt store gjennombrot i 2008 med romanen Vente, blinke, som filmen Kvinner i for store herreskjorter er basert på. Gunnhild Øyehaug vaks opp i Ørsta og bur i Bergen. Lars Amund Vaage har skrive fleire romanar i tillegg til diktsamlingar, barnebøker og skodespel. Det er først og fremst som prosaforfattar for vaksne han har fått merksemd, med tekstar som søkjer innover mot det personlege og ekte. Lars Amund Vaage skildrar med stor presisjon, men også med humor. Vaage er tildelt ei rekkje prisar, og i 2012 fekk han mellom anna Brageprisen for romanen Syngja, ein djupt personleg roman om livet med ei autistisk dotter. Brit Bildøen fekk P2-lyttarane sin romanpris 2014 for romanen Sju dagar i august. Ho har ei ironisk og feministisk vinkling på emna ho tek opp, som oftast gjeld samliv og kjønnsroller. Som forfattar går ho gjerne inn på tidsaktuelle tema, som det er skrive lite om skjønnlitterært. I bøkene til Bjørn Sortland er kunst, kjærleik, tru og kriminaldidaktikk sentrale emne, og hovudpersonane i bøkene hans er ofte litt annleis enn andre kring dei. Sortland skriv med underfundig humor og er ein prislønt og produktiv forfattar av barne- og ungdomsbøker. Han skriv på både nynorsk og bokmål og har gitt ut meir enn 40 bøker sidan byrjinga av 1990-talet. Kristina Leganger Iversen gav ut sin første roman i vår, I ringane, der omgrepet tillit er sentralt. Ho debuterte i 2011, 22 år gammal, med diktsamlinga Hjartemekanikk. Kristina Leganger Iversen har gått på Litterär Gestaltning i Gøteborg. Samtaleleiar er Mariann Schjeide, til dagleg leiar i Norsk bibliotekforening. Brit Bildøen (foto: Linda Cartridge) Lars Amund Vaage (foto: Hans Jørgen Brun) Gunmhild Øyehaug (foto: Rolf M. Ågård) Kristina Leganger Iversen (foto: Tale Hendnes) Fredag 26. juni 21.00 22.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Litterær gullrekkje Kr 200 / student og ungdom 150 Mariann Schjeide (foto: Norsk bibliotekforening) Bjørn Sortland (foto: Janne Solgaard)

Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta 7 D.D.E. inviterer til festspelfest D.D.E. har ord på seg for å vere kongane av laurdagskvelden. Førehandssalet til konserten er ei god stadfesting av påstanden. D.D.E. (foto: Lasse Berre) Etter meir enn tjue år viser populariteten til bandet ingen teikn til å skrante, og turné-energien er like stor som alltid. Vi har akkurat plukka ut dei låtane vi skal spele under årets sommarturné. Det blir sjølvsagt kjende og kjære D.D.E.-låtar som publikum forventar at vi spelar og kjenner seg snytt om dei ikkje får høyre. Men vi trur vi har nokre overraskingar på lur også, seier trommis i bandet, Eskil Brøndbo. D.D.E. er bandet som har sett gråe hår i hovudet på musikalske betrevitarar over heile landet, utan at det har plaga dei. Dei er både utskjelde og hylla, men først og fremst viser oppmøtet på konsertane deira at dei treffer folk med musikken sin. Vi likar godt å spele på små stader og det har blitt mange gode minne frå slike konsertar opp gjennom åra, seier Brøndbo. Gruppa har etter kvart gitt ut 13 eigne album, det siste med tittelen Energi frå 2012. Dei er blitt representantar for ein folkeleg, trøndersk dialektrock med tekstar som mange kjenner seg att i. Det kjem mellom anna til uttrykk ved at songane deira er mykje nytta både i bryllaup og gravferder. Brøndbo fortel at dei er medvitne om korleis dei nyttar dialekten. Folk er nyfikne på det språklege, det kjem stadig folk og spør kva dei eine eller andre ordet tyder. Det hender vi brukar litt rare uttrykk med vilje, for å krydre språket, seier han. Gløym ikkje å få med deg samtalen med tekstforfattaren av «Vinsjan på kaia», Idar Lind, i Salen rett før konserten. Laurdag 27. juni 21.00 22.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet D.D.E. med Bjarne Brøndbo Kr 395 i amfiet / 375 / student, ungdom og barn 200 / familie 990 Frå visebølgje til sogespel Når D.D.E. framfører «Vinsjan på kaia», er det Idar Lind sine ord dei syng. Laurdag kveld kan du høyre Lind snakke om eit mangfaldig liv og karriere i songtekstbransjen. Idar Lind er kanskje mest kjend som forfattar av krim- og fantasyromanar, men gjennom heile karrieren har han også vore aktiv i musikklivet. Då Dagsavisen i høve nasjonaldagen i fjor kåra dei 20 beste låtane om Noreg, hamna «Vinsjan på kaia» heilt på toppen av lista. Det var knapt til å unngå at tittelen også måtte bli tittelen på boka frå i fjor der Lind oppsummerer meir enn førti år som songtekstsforfattar. Boka spenner over ulike tema eg har jobba med i musikklivet. Her prøver eg å formidle eigne erfaringar og synspunkt på ulike sider ved denne bransjen, fortel Lind om boka. Boka inneheld songtekstar frå heile karrieren hans, side om side med tekstar som fortel om samanhengen songane er skrivne innanfor. Lind fortel om den såkalla visebølgja på 70-talet, om revytradisjonen med utgangspunkt i erfaringar frå Studentsamfunnet i Trondheim, om populærmusikk og om teater. På vegen sveiper han innom arbeidsvilkår for musikkskaparar, og han trekk trådar frå radikale musikkteater i 70-åra og fram til notidas speltradisjon. Laurdag 27. juni 19.30 20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Vinsjan på kaia Kr 120 / student og ungdom 70 Idar Lind (foto: Samlaget)

8 Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta Opning med urframføringar Eit festpynta tun, nyskrivne tekstar og prisutdeling ventar dei som har vore heldige å skaffe seg billett til den tradisjonelle Opningshøgtida i Salen torsdag ettermiddag. Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag i Kulturdepartementet held opningstalen for Dei nynorske festspela 2015. Når Festspela er høgtideleg opna, får vi møte festspeldiktar Gunnhild Øyehaug,som les ein heilt nyskriven tekst. Øyehaug vedgår at det blir spesielt å lese heime på Sunnmøre, der publikum deler hennar eigen kulturelle bakgrunn. Det er annleis å lese for «dei næraste». Det blir spesielt på mange måtar, seier ho. Torsdag 25. juni 18.00 19.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Opningshøgtid Kr 150 / student, ungdom kr 100 Prisen Årets nynorskbrukar går til kunsthistorikar og forfattar Jorunn Veiteberg, som tek imot prisen på Opningshøgtida. Veiteberg er svært glad for at prisen anerkjenner verdien av nynorsk på kunstfeltet, eit fagområde som lett kan bli prega av ein innforstått og ekskluderande sjargong. Veiteberg er oppteken av å utvikle eit godt norsk fagspråk til å snakke om kunst. Det er 15. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar, og første gong prisen går til ein aktør innanfor visuell kunst. Som ein forsmak på konserten i Uteamfiet seinare på kvelden, skal Kirsten Bråten Berg framføre eit stev. Vi får også høyre Lars Bremnes syngje den heilt nye festspelsongen, som han og lyrikar Hilde Myklebust har spesialskrive til Festspela i år. Programleiar er Lars Ivar Nordal, til dagleg reporter i Kulturnytt på NRK P2. Frå Salen går vi ut i Gamletunet. Der blir det allsong av «Dei gamle fjelli» etter at festspeldiktaren har lagt ned krans ved Ivar Aasen-bautaen. Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag (foto: Kulturdepartementet, Ilja C. Hendel) Lars Bremnes (foto: Harriet M. Olsen) Kunsten å vere nynorskbrukar For Årets nynorskbrukar, kunsthistorikar og kurator Jorunn Veiteberg, har det alltid vore viktig å kritisere den ekskluderande kunstsjargongen. Under Festspela blir vi betre kjende med henne. No når eg er meir etablert som skribent og forskar, får eg ikkje lenger så mange reaksjonar på at eg er nynorskbrukar. Men tidlegare merka eg godt eit press i retning av å skifte til bokmål. Det lærte meg at eg aldri kunne trivast på ein arbeidsplass med eit så snevert syn på språkleg mangfald, seier Veiteberg. Gjennom karrieren har ho forska på og skrive om visuell kunst og kunsthandverk. Ho har undervist, sett saman og organisert utstillingar og vore tidsskriftredaktør, helst på nynorsk. Det har ho oftast vore åleine om på sitt fagomåde. Torsdag 25. juni 20.00 20.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Årets nynorskbrukar 2015 Kr 120 / student og ungdom 70 Eg måtte innsjå at eg berre må ta den støyten det er å bli oppfatta som bakstreversk og bondsk og slikt som folk trur følgjer med å vere nynorskbrukar. Samstundes har det vore ei kolossal utvikling i min generasjon. Det ser ein på mediemangfaldet og ein generelt høgare toleranse for dialektbruk og ulike språkuttrykk, seier ho. På Festspela skal Veiteberg samtale med forfattar Bjørn Sortland, som har gitt ut fleire bøker der kunst og kunstformidling står sentralt. i 2011 fekk han Aschehoug-prisen for måten han koplar litteratur og biletkunst på. Så eg reknar med vi finn endå fleire kontaktpunkt enn berre nynorsken, seier Veiteberg. Årets nynorskbrukar 2010 2014 2010 Maria Parr 2011 Linda Sæbø 2012 Ingvild Bryn og Arill Riise 2013 Gunnar Skirbekk 2014 Aasmund og Odd Nordstoga Lars Ivar Nordal (foto: Nicolas du Pasquier) Årets nynorskbrukar 2015, Jorunn Veitberg. (foto: Peter Claesson)

Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta 9 Musikalsk Fosse-tolking på Aasen-stemnet Eg synest det er forferdeleg vanskeleg å forklare kvifor det er så fantastisk å jobbe med Jon Fosses tekstar. Men det er noko av det beste eg veit. Det kan eg seie. Desse orda kjem frå skodespelar Anne Marit Jacobsen, som saman med Helge Lien og Ruth Wilhelmine Meyer får æra av å avslutte Dei nynorske festspela 2015 med poesikonserten Stein til stein. Vi ville ikkje at musikken skulle vere eit bakteppe, men heller vevast i hop med teksten, jamstilt, fortalde pianist Helge Lien då Stein til stein vart gitt ut på plate i 2014. Saman med Jacobsen og Meyer har han laga framsyninga som er basert på Jon Fosse si diktsamling med same namn, frå 2013. Då var det ti år sidan sist Fosse gav Søndag 28. juni 16.00 17.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Aasen-stemnet 2015 Kr 200 / honnør 150 / student, ungdom og barn 100 Helge Lien, Anne Marit Jacobsen og Ruth Wilhelmine Meyer (foto: Ina Strøm) ut ei tradisjonell diktsamling. Først måtte dei tre arbeide seg fram til ei felles tolking av dikta, og deretter gjere det same med musikken, til dei stod att med ein heilskap av meining, klang og rytme, det sagde og det usagde. Stundom er det pianoet som er i sentrum, stundom vokalen og stundom tekstane slik dei blir lesne av skodespelar Anne Marit Jacobsen. Framsyninga hadde urpremiere under Oslo poesifestival i 2013 og har vore innom Nationaltheatret og Jon Fossedagane, før ho no kjem til Dei nynorske festspela. Kan ein tenkje seg vakrare ramme enn Aasentunet for dikt med titlar som «Lata regnet pusta», «Fjellet held anden» eller «Ein stille vind»? Kvar gong eg les Jon Fosse får eg små glimt av innsikt. Men dei små glimta løftar oss opp på eit høgare plan og let oss sjå livet i ein litt annan farge. Det er som om Arne Vinje (foto: Vinje kommune) Fosse peikar ut det rare og store for oss, så vi kan få auge på det poetiske ved liva våre, seier songar Ruth Wilhelmine Meyer. Før konserten vil Arne Vinje, ordførar i Vinje i Telemark, halde stemnetalen. Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum arbeider saman for eit nytt senter for dikting, journalistikk og språkleg mangfald i Vinje, heimstaden til forfattararen, journalisten og språkmannen Aasmund Olavsson Vinje. Den store samtalen om språk Fredag ettermiddag inviterer vi til debatt i Salen. Stikkorda er språk og det offentlege ordskiftet. Ragnhild Bjørge (foto: Anne Liv Ekroll) «Tal dialekt skriv nynorsk» byrja Noregs Mållag å oppmode i 1970- åra. Medan det før var vanleg å leggje vekt på dialekten når ein flytta til byen, og heller prøve å knote seg fram på noko som likna eit normert talemål, er det få som skjemst over å snakke dialekt i dag. I dag er det også blitt meir vanleg å bruke dialekt i skrift. Men kva gjer dialektbruken med den normerte, skriftlege nynorsken? Mellom dei som skal diskutere dette er Ola E. Bø, dramaturg ved Det norske teatret, og Ragnhild Bjørge, språksjef i NRK. Det andre av dagens tema er språkpolitikk i NRK. I desse tider kjem stortingsmeldinga om NRK, der regjeringa skal leggje fram sitt syn på kva NRK sitt samfunnsoppdrag skal vere. I den samanhengen er NRK-plakaten, som mellom anna seier at NRK skal styrkje norsk språk, identitet og kultur, oppe til debatt. Bør plakaten fjernast, eller snarare gjerast Ola E. Bø (foto: Eigil Aasen) meir omfattande enn i dag? Den som skal halde styr på debattantane er Håkon Haugsbø, tidlegare programleiar i Brennpunkt og no kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp. Håkon Haugsbø (pressefoto) Fredag 26. juni 15.00 16.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Køyr debatt! Kr 120 / student og ungdom 70

10 Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta Åleine eller einsam? Å vere utanfor fellesskapen kan vere både smertefullt og frigjerande. Marit Kaldhol har skrive om begge delar i forfattarskapen sin. Eg er interessert i skilnaden mellom å vere einsam og å vere åleine. Mykje av det eg har skrive, handlar også om å ikkje bli sett, eller å bere på ein lengt eller ei sorg, seier Kaldhol. Kjensla av utanforskap kjem til uttrykk på ulike måtar i dei to romanane Zweet og Søkeord: Ayotzintli, som er utgangspunktet for samtalen søndag. Kaldhol trur litteraturen har ei viktig rolle i å trengje inn i denne kjensla og halde henne fram for oss, nettopp fordi dette er eksistensielle spørsmål som vi alle vil kome borti i ei eller anna form. Eg likar ikkje å seie at litteratur har ei oppgåve, men gjennom litteraturen kan ein gjere emosjonelle erfaringar og få innsikt, utan at ein nødvendigvis treng å bli dratt gjennom alt saman sjølv. I alle fall er det slik eg les, eg vil bli utfordra. Og eg skriv om desse tinga fordi eg meiner eg har noko å seie om det, fortel ho. Søndag 28. juni 13.00 13.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Z utanfor Kr 120 / student og ungdom 70 Marit Kaldhol (foto: Øyvind Eide) Nynorsk som fagspråk i minneforedraget Er nynorsk eit godt verktøy til å skrive fagtekstar? Pernille Fiskerstrand er stipendiat ved Nynorsksenteret og vil snakke om forskinga si på nynorsk som fagspråk i årets Ivar Aasen-minneforedrag. Fiskerstrand studerer fagtekstar i samfunnsfag, skrivne av yrkeselevar med nynorsk som hovudmål. Ho fortel at nynorskelevar møter andre utfordringar enn bokmålselevar, fordi det knapt finst fagkjelder på nynorsk. Nynorskelevane er dermed nøydde til å bruke bokmålskjelder som grunnlag for fagtekstane sine. Når eg analyserer desse elevtekstane, ser eg at dei skriv konkret og personorientert. Dei veit ikkje heilt korleis ein fagtekst skal vere. Mitt utgangspunkt er at elevar får lite konkret hjelp til å Fredag 26. juni 10.30 11.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Ivar Aasen-minneforedraget Kr 120 / student og ungdom 70 lære kva for ord og omgrep som skaper ein fagtekst, til skilnad frå ei forteljing, seier Fiskerstrand. Ho valde å arbeide med yrkeselevar fordi tekst ofte ikkje er deira sterkaste side. Medan praktisk kunnskap tidlegare kunne vege opp for det, krev det moderne samfunnet at ein meistrar tekst i mange fleire samanhengar enn før. Ho ser på korleis elevane overfører uttrykk frå kjeldene til sine eigne tekstar, noko som kan vere vanskeleg fordi dei manglar språklege førebilete. Det blir gjerne sett på som eit hinder, men eg vil hevde at det ikkje treng å vere det. Når ein jobbar med kjelder på eit anna språk, må ein tenkje over språket i tillegg til innhaldet i det ein skriv, og det er vist at ein då kan lære innhaldet betre. Bokmålselevar treng ikkje arbeide språkleg, dei kan berre reprodusere dei same termane dei les i kjeldene, seier ho. Ho vil også nyansere det kjende rådet om at ein skal unngå passivformer på nynorsk. Det er noko mange legg vekt på. Men i fagspråk kan passivformer vere eit verktøy som gjer det mogleg å snakke om fenomen, og ikkje om aktørar, hevdar Fiskerstrand. Pernille Fiskerstrand (foto: Kib & Morits)

Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta 11 Frå tekst til bilete I vår kom filmen Kvinner i for store herreskjorter, basert på romanen Vente, blinke av festspeldiktar Gunnhild Øyehaug. Laurdag kan du sjå filmen på Ørsta kulturhus, etterfølgt av ein samtale om kva som skjer i overgangen frå bok til film. Dei som har lese boka, veit at den litt kryptiske tittelen Kvinner i for store herreskjorter viser til karakteren Sigrid sin låge toleranse for klisjéar. Spesielt mislikar ho alle kvinnene på film som tassar berrføtte omkring på rustikke tregolv iført ei for stor herreskjorte, for å oppfylle ei mannleg forventing om femininitet, nusselegheit og sårbarheit. Ein treng ikkje ha kome lenger enn til grunnkurset i historieforteljing, og knapt nok det, for å skjøne at Sigrid sjølv kjem til Laurdag 27. juni 14.00 16.30 Ørsta kulturhus Kvinner i for store herreskjorter Kr 150 for film og samtale / student og ungdom 100 å ende opp heime hos ein mann, ikledd ei for stor herreskjorte. Øyehaug skreiv sjølv manuset til filmen saman med regissør Yngvild Sve Flikke. Men det var ikkje berre å overføre historia, scene for scene, til lerretet, trass i at romanen er svært visuelt fortald, nesten som om vi følgjer karakterane med eit kamera. Eg vil tru at omlag 20 prosent av romanen er blitt med i filmen. Mellom anna har eg skrive inn ein heilt ny karakter, Agnes, som ikkje er med i boka, fortel Øyehaug. Det som er spennande med film, er at ein har tilgang til verkemiddel og forteljargrep, som til dømes musikk, som ein ikkje kan bruke i romanforma. Etter filmvisinga samtalar Yngvild Sve Flikke og Gunnhild Øyehaug med kulturjournalist i Klassekampen, Guri Kulås. Filmplakaten Kven er «eg»? Kva er det som skjer i litteraturen når forfattarar skriv inn eit «eg» i romanane sine? Lars Amund Vaage og Gunnhild Øyehaug prøver å gi svar på Møre folkehøgskule laurdag. Lars Amund Vaage brukte sitt eige liv til å skape litteratur då han skreiv romanen Syngja, om livet med ei autistisk dotter. I eit intervju med Aftenbladet i 2013 seier Vaage at han «ville skrive litterært, noe som innebærer å gjenskape følelser. Jeg ønsket å vise hvordan det kan være inne i et autistisk sinn». Då festspeldiktar Gunnhild Øyehaug skreiv den siste romanen sin, Undis Brekke, gjekk mykje av arbeidet ut på å prøve å skrive i egform. Det tykkjer ho er vanskeleg. Tekstane mine startar ofte i eg-form, men så buttar det imot etter nokre få sider, og då går eg over til tredje person. Eg vil jo gjerne sjå personane mine utanfrå også, vil gjerne tillate meg å gå inn Gunnhild Øyehaug (foto: Aasen-tunet) og ut av forteljinga. No ville eg sjå om eg klarte å skrive ein heil roman med dei grensene som egforma set, fortel ho. Men eg-et i romanen handlar også om den sterke tendensen til at forfattarar brukar sitt eige liv i romanane sine. Det morosame er at Øyehaug Lars Amund Vaage (foto: Hans Jørgen Brun) har skrive ein roman om eit «eg» som kjem tilbake til Ørsta og Volda, og no kjem ho sjølv tilbake som festspeldiktar. Ho leikar og fabulerer rundt dette eg-et, og leikar dermed også med lesaren, seier litteraturkritikar Tom Egil Hverven, som skal leie samtalen. Tom Egil Hverven (foto: Linda Engelberth) Laurdag 27. juni 12.00 12.45 Møre folkehøgskule Eg-et i romanen Kr 120 / student og ungdom 70

12 Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta Josteins Fets store verk og nye bok Folk flest på 1700-talet kan takke Jostein Fet for at dei ikkje lenger blir omtalte som dei ukunnige analfabetane ein lenge trudde dei var. Det blir boklansering, bokutstilling og samtale om historisk kultur- og åndsliv laurdag. Kulturhistorikaren og litteraturvitaren Jostein Fet har i 40 år dokumentert lese-, skrive- og spelekunna hos folk flest på Sunnmøre og andre stader frå 1600-talet. I den nye boka Den gløymde litteraturen tek han for seg 609 gamle bøker som har vore i privat eige på Sunnmøre. Det tek til med ei lærebok i skriving frå Zürich i 1549 og endar med Daniel Defoes spennande Laurdag 27. juni 13.30 14.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Jostein Fet forteljar og grøftegravar Kr 120 / student og ungdom 70 historie om Robinson Crusoe. Folk kunne lese, og aller mest las dei religiøs litteratur og salmar. Boka gir eit oversyn og ein analyse av den litteraturen som lenge var den einaste folk på bygdene las, men som i dag er gløymd og stuva bort. I litteraturhistoriene er denne litteraturen nesten ikkje nemnd i det heile, endå han fylte tankelivet til allmugen gjennom fleire hundre år, seier Jostein Fet. Han har også arbeidd mykje med folkemusikk og samla mange tradisjonstonar. I boka står difor religiøse folketonar side om side med folkelesnaden. Sverre Tusvik frå Samlaget presenterer Den gløymde litteraturen. Ottar Grepstad har skrive eit forord i boka og samtalar med Jostein Fet om dette einmannseventyret i norsk kulturforsking. Vi kjem til å svinge oss mellom bøkene på kistebotnar og dei verdsbileta folk kunne hente frå bøkene dei las. Der er nokre spørsmål eg lenge har tenkt at nokon må stille Jostein Fet. No skal eg nytte høvet, seier Grepstad. Sverre Tusvik (foto: Tove K. Breistein) Ottar Grepstad (foto: Lars O. Flydal) Jostein Fet (foto: Aasen-tunet) Skrift og nasjonalisme i Europa Då Noreg fekk sine to skriftspråk på 1800-talet, var det slett ikkje ei unik hending, men ein del av ei større europeisk Laurdag 27. juni 15.00 15.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Nya skriftspråk i Europa under 1800-talet Kr 120 / student og ungdom 70 utvikling. Høyr meir om Europas nye skriftspråk i Aasentunet laurdag ettermiddag. Det var mange land i Europa som ikkje hadde skriftspråk på 1800- talet, men som hadde fått det ved overgangen til 1900-talet, seier Tore Janson, professor emeritus i lingvistikk ved Stockholms universitet. Ein treng ikkje gå lenger enn til Finland. Då Finland gjekk frå å vere ein del av Sverige til å bli eit storfyrstedøme under Russland på byrjinga av 1800-talet, vart det finske skriftspråket utvikla og teke i bruk. Utviklinga av nye skriftspråk hang i hop med den nasjonalistiske bølgja som vaska over Europa på 1800-talet. Nye statar vart danna, og nasjonalismen som ideologi kravde at desse nye statane skulle vere basert på ein nasjon som delte kultur og språk. Dette var nye tankar den gongen. Tore Janson (foto: Allan Seppa SNS)

Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta 13 Gjenbruk på nye måtar Kunstnar Astrid Runde Saxegaard kjem frå Volda, men har ikkje hatt utstilling i heimtraktene før. Det blir det endeleg ei ordning på når ho no står for årets festspelutstilling. Eg har reflektert rundt temaet Tillit og prøvd å forstå kva det er og kva eg kan gjere med det. Eg har skaffa meg ein del gamle og kasserte tekstilar som golvteppe frå IKEA, gamle åkle og slikt, som eg eksperimenterer med og flyttar rundt på, syr i hop og tek frå kvarandre, seier Saxegaard litt heseblesande på telefon frå atelieret i Oslo, der ho er i fullt arbeid med utstillinga. Saxegaard er utdanna i tekstilkunst ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, og har ei rekkje utstillingar bak seg, både soloog gruppeutstillingar. Med sin måte å kombinere ulike materiale på har ho funne eit kunstuttrykk som fornyar tekstilkunsten og utnyttar mediet på nye måtar. Eg prøver på eit vis å skape nytt liv av desse gamle, kasserte tinga. Dei må få rom til å leve og puste, seier ho. Framleis veit ho Astrid Runde Saxegaard (foto: Arnfinn Tønnesen) ikkje heilt kva form utstillinga i Aasen-tunet vil få. Eg kjem nok til å flytte rundt på delane fram til siste augneblink. Runde Saxegaard har, saman med grafikar Ulf Verner Carlsson, laga motivet til festspelplakaten i år og ei serie tilhøyrande motiv. Torsdag 25. juni 19.30-19.45 Galleriet, Ivar Aasen-tunet Opning av festspelutstillinga 2015 Gratis under Festspela Omsetjing eller gjendikting Når ein tekst skal omsetjast, er det ofte fleire typar meiningar å ta omsyn til. Kva skal vere viktigast? Blir vi nokon gong blir ferdige med å diskutere skilnaden på omsetjing og gjendikting? Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug har omsett lyrikk frå fransk, svensk og engelsk og prøver etter eige utsegn å unngå å gjendikte. Men ein vil alltid støyte på ord eller uttrykk som ikkje får same tyding om ein omset det ordrett til norsk, seier ho. Odd Goksøyr har nyleg gitt ut det første av to band med gjendiktingar av Robert Bly sin lyrikk, til svært gode kritikkar. Han fortel at han oftast går fleire rundar Gunhild Øyehaug (foto: Rolf M. Aagaard) med dikta, først ei grovomsetjing der han må bli viss på at han har forstått diktet rett, og om teksten opnar for meir enn éi tyding. Deretter gjendiktar han for å passe det Tom Egil Hverven (foto: Linda Engelberth) inn i den forma det skal ha. Bly nyttar ei før-arabisk verseform med strenge reglar for stavingar og linjer i versa, men han berre hintar til desse reglane og Odd Goksøyr (pressefoto) held seg fritt til dei, så det har eg også kunna gjere, fortel han. Øyehaug og Goksøyr møtest til samtale med litteraturkritikar Tom Egil Hverven. Søndag 28. juni 14.30-15.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Meir enn ny språkdrakt Kr 120 / student og ungdom 70 Ny norsk verdsborgar? handlenett.no

14 Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta Spelar med lånte fjør Ei musikalsk hylling til den grasiøse svana, den utdøydde dronten og den runde vesle dompapen. Når folkemusikkgruppa Majorstuen går på scena i Salen fredag kveld, står fuglane i sentrum. Majorstuen har i femten år vore ein fornyar av folkemusikken med sine komposisjonar basert på tradisjonell slåttemusikk. Dagens fem medlemmar er alle felespelarar, men trakterer også andre instrument etter som musikken krev det. Verket Kvitre er det første tingingsverket deira, og vart laga til Førde internasjonale folkemusikkfestival i 2013. I vår kom det ut på plate, og no får publikum sjansen til å høyre det under Festspela. Men kvifor akkurat fuglar? Det var noko fleire av oss var interesserte i. I tillegg har det vore eit skikkeleg oppsving i fugleinteressa der ute. Ei bok om fuglesong med lydprøver gjekk rett inn på bestseljarlista for eit par år sidan. Mange tykkjer det er artig å kjenne dei att og vite forskjell på dei, seier felespelar Jorun Marie Kvernberg. Fuglar er dessutan eit vanleg tema i folkemusikken. Ikkje berre lagar fuglane musikk, men songen ligg godt til rette for imitasjon og inspirasjon i eit lyst instrument som fela. I Kvitre har medlemmane fordelt komponeringa seg i mellom, men det er ikkje berre fuglesongen som har vore inspirasjonskjelde. Majorstuen (foto: Marius Beck Dahle) Vi har prøvd å karakterisere fuglane på ulikt vis, gjennom song, mytestoff og veremåte. Korpen har ord på seg for å vere klok, men også rampete. Eller han kan assosierast med Hugin og Munin, Odin sine auge ute i verda. Om svana heiter det at ho syng ein siste vakker song rett før ho døyr. Lunden ser rar og klønete ut og verkar som han berre krasjar tilfeldig inn i fuglefjellet, men han treff alltid sitt eige reir, seier Kvernberg. Fuglane blir presenterte med animasjonsfilmar undervegs i konserten. Fredag 26. juni 19.00 20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Majorstuen. Kvitre Kr 250 / honnør, student og ungdom 200 / barn 150 Gjensyn med jubileumsframsyning Laurdag ettermiddag inviterer Ørsta kyrkje til ei musikalsk reise gjennom 150 år med kyrkjehistorie. Ørsta kyrkje feira 150-årsjubileum i fjor, og no blir det eit nytt høve til å få med seg den spesialskrivne jubileumsframsyninga Høyr kor kyrkjeklokka lokkar. Framsyninga er eit syngjespel som tek deg med gjennom kyrkjas liv og historie. På reisa møter vi mellom andre diktarpresten Anders Hovden og bonden og salmediktaren Berte Kanutte Aarflot. Vi følgjer også tvillingparet Sara og Magdalena gjennom livet med sine store gleder og djupe sorger, som alle er ramma inn av kyrkjelege ritual og fellesskap. Vi nyttar éin salme av Berte Kanutte Aarflot og éin av Anders Hovden, men elles er alt nyskrive, seier kantor Marie Austrheim Riise. Ho har komponert musikken til tekstane som er skrivne av Jan Ove Ulstein. Riise dirigerer også alle kora, solistane og musikarane, om lag 100 i alt, som er med å framføre spelet. Gjennom syngjespelet ønskjer vi å gjere levande den andelege og kulturelle arven som Ørsta kyrkje er bærar av, og gi denne arven vidare til nye generasjonar. Denne framsyninga høver for både små og store. Vi er svært glade for å få lov til å vise framsyninga ein gong til under Festspela og vi ønskjer alle hjarteleg velkomne, seier Riise. Laurdag 27. juni 17.00 18.30 Ørsta kyrkje Høyr kor kyrkjeklokka lokkar Kr 250 / barn 100 (foto: Møre-Nytt)

Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta 15 Volda Elektriske Mylne AS Tlf. - 70 05 55 10 1 Fax - 70 05 55 11 Hamnegt. 16 Pb.104 6100 Volda Førsteklasses produkt til dine bakverk Produksjonsmåten er unik og tufta på gamle tradisjonar, dette skaper eit miljøvennleg og økologisk produkt. Når du opnar ein pakke mjøl frå oss vil du få ei annleis kjensle. Dufta av ekstra grovt mjøl gir lovnad om ei smaksoppleving utanom det vanlege. Besøk vår nettside for bestilling, meir informasjon, oppskrifter og mykje meir. www.mylna.no Platetørka havregryn Ertemjøl Valsa bygg Havremjøl Valsa rug Vi ønskjer festspeldiktar Gunnhild Øyehaug, Vi ønskjer utøvarar og publikum velkomne til festspeldiktaren Arne Moslåtten Dei nynorske festspela 2015til utøvarar og publikum velkomne DEI NYNORSKE FESTSPELA 2012 Bokstavsommaren www.nynorsksenteret.no/bokstavsommaren Erna Osland og Inger Lise Belsvik har på oppdrag frå Nynorsksenteret og Lesesenteret laga ei gjennomillustrert samling med tekstar for alle bokstavane i alfabetet. I Bokstavsommaren møter borna mellom anna ærfugl, eremittkreps, ålekvabbe og o-skjel og bokstavane deira. På www.nynorsksenteret.no/bokstavsommaren ligg alle tekstane gratis tilgjengeleg til utskrift eller lesing på skjerm. Ørsta kommune Volda kommune www.volda.kommune.no NyNorskseNteret Foto: Per Eide / Racer www.orsta.kommune.no FRÅ TINDAR TIL DEG STRAUM, TELEFONI, INTERNETT OG DIGITAL-TV. ALT FRÅ SAME KJELDE. Gjennom fleire tiår har Tussa forvalta noko av det vakraste som finst rundt oss, vatnet frå tindane våre. Nettopp dette har gitt oss kraft til å skape det du treng for å bruke dei forskjellige produkta i kvardagen din. Vi haustar vatnet, og tek det frå tindar til deg.

16 Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta Dei nynorske f Torsdag 25. juni 10.00 Ivar Aasen-statuen, Ørsta Blomar ved bauta: Ivar Aasen-statuen Gaute Øvereng, dagleg leiar Ivar Aasentunet 18.00 19.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Opningshøgtid Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug Opningstale: statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag Utdeling av prisen Årets nynorskbrukar Kirsten Bråten Berg, Lars Bremnes Programleiar: Lars Ivar Nordal Kr 150 / student og ungdom 100 19.20 Gamletunet, Ivar Aasen-tunet Blomar ved bauta: Ivar Aasen-bautaen Festspeldiktaren les og kransar Ivar Aasen-bautaen Allsong: «Dei gamle fjelli» 19.30 19.45 Galleriet, Ivar Aasen-tunet Festspelutstillinga 2015: Tillit? Tekstilkunstnar Astrid Runde Saxegaard Opning ved kunsthistorikar Jorunn Veiteberg Gratis festspeldagane Utstillinga står utover sommaren 20.00 20.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Årets nynorskbrukar 2015 Jorunn Veiteberg i samtale med Bjørn Sortland Kr 120 / student og ungdom 70 21.00 22.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen Hans Mathisen, Bendik Hofseth og Paolo Vinaccia Gjest: Lars Bremnes Kr 375 i amfiet / 350 / student, ungdom og barn 200 / familie 950 23.00 02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.30 00.15 Lars Bremnes Kr 150 Fredag 26. juni 09.00 10.30 Kafeen, Ivar Aasen-tunet Frukost i tunet Festspeldiktaren les I samarbeid med Kontaktpunktet Kr 100 for frukost 09.00 09.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Tillit i matbransjen Siri Helle om boka Handle rett Kr 70 / student og ungdom 30 10.30 11.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Ivar Aasen-minneforedraget: Godt språk i nynorske fagtekstar Stipendiat Pernille Fiskerstrand Kr 120 / student og ungdom 70 11.00 11.45 Volda omsorgssenter Med røter på Sunnmøre Skodespelar Kjersti Botn Sandal John Inge Leira Bjøringsøy, piano I samarbeid med Volda kommune Gratis 11.00 11.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Zara og dei Forfattar Bjørn Sortland les frå boka Zara og dei. Gorillahjerne til middag 11.30 12.30 Utandørsaktivitetar Høver best for born 3 7 år Kr 50 12.00 12.30 Fru Svendsen kunst- og kulturkafé, Ørsta Kaffi, bokstaveleg talt Forfattar Anna Kleiva Kr 50 / ungdom 30 12.00 12.30 Kantina på Furene AS, Volda Kaffi, bokstaveleg talt Forfattar Øystein Orten Gratis 12.00 12.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Medietimen Utdeling av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar ved juryleiar Håkon Haugsbø Knut Aastad Bråten Arrangør: NRK Nynorsk mediesenter Gratis 13.30 14.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Litteratur med Landro: festspeldiktar Gunnhild Øyehaug Samtale med Jan H. Landro Skodespelar Kjersti Botn Sandal les Kr 120 / student og ungdom 70 15.00 16.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Køyr debatt! Kvar vart det av skriftspråket nynorsk? Kva bør NRK-plakaten seie om språkpolitikk? Debattleiar Håkon Haugsbø Kr 120 / student og ungdom 70 17.00 18.00 Basisutstillinga, Ivar Aasen-tunet Lyntreff 17.00 Om Ivar Aasen Formidlar Liv Astrid Skåre Langnes 17.20 Om reklamespråk Dokumentasjonsleiar Anders Aanes 17.40 Forfattar på utstilling Dagleg leiar Gaute Øvereng Gratis 17.00 18.00 Rokken, Volda Ein får tru det ein vil Kåring av vinnaren av skrivekonkurransen i samarbeid med Sunnmørsposten Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug Bendik Hustadnes, Jon Olav Sandal Kr 50 19.00 20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Majorstuen. Kvitre Jorun Marie Kvernberg, Anders Löfberg, Tove Hagen, Synnøve S. Bjørset og Bjørn Kåre Odde Tingingsverk til Førde internasjonale folkemusikkfestival 2013 Kr 250 / honnør, student og ungdom 200 / barn 150 21.00 22.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Litterær gullrekkje Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug, Lars Amund Vaage, Brit Bildøen, Bjørn Sortland og Kristina Leganger Iversen Programleiar Mariann Schjeide Kr 200 / student og ungdom 150 23.00 02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.30 00.15 B.R.U.S. Platekåseri med Olav Hove og samlaren Arild Torvund Olsen Kr 100 Opningstider i Ivar Aasen-tunet Torsdag 25. juni 10.00 24.00 Fredag 26. juni 09.00 24.00 Laurdag 27. juni 10.00 24.00 Søndag 28. juni 10.00 18.00

Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta 17 estspela 2015 Laurdag 27. juni 11.00 11.45 Ørsta folkebibliotek Festspelbøker for born Aktivitetar og og aktuelle bøker Ingunn Røyset med boka Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen Høver for born 8 12 år I samarbeid med Ørsta folkebibliotek, Nynorsksenteret, Mangschou, Samlaget og Skald forlag Gratis 12.00 12.45 Møre folkehøgskule Eg-et i romanen Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug og Lars Amund Vaage Samtaleleiar: Tom Egil Hverven Kr 120 / student og ungdom 70 12.00 Ørsta sentrum Festspel i sentrum Forfattar Arne Henning Årskaug Samarbeid med Ørsta næringskontor, Handelsstanden i Gågata og Amfi 12.00 Uppheimsparken og Volda sentrum Festspel i sentrum Forfattar Arne Henning Årskaug Samarbeid med Volda næringsforum, Volda handelsforening, Spinneriet og Frivilligsentralen i Volda 13.30 14.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Jostein Fet forteljar og grøftegravar Sverre Tusvik presenterer Jostein Fets siste bok Den gløymde litteraturen Jostein Fet samtalar med Ottar Grepstad I samarbeid med Det Norske Samlaget Kr 120 / student og ungdom 70 14.00 16.30 Ørsta kulturhus Kvinner i for store herreskjorter Film basert på boka Vente, blinke av Gunnhild Øyehaug Når bok blir film Gunnhild Øyehaug og Yngvild Sve Flikke samtalar med Guri Kulås Kr 150 for film og samtale / student og ungdom 100 15.00 15.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Nya skriftspråk i Europa under 1800-talet Foredrag ved Tore Janson, Institutionen för lingvistik, Stockholms universitet Kr 120 / student og ungdom 70 17.00 18.30 Ørsta kyrkje Høyr kor kyrkjeklokka lokkar Syngjespel laga til Ørsta kyrkje sitt 150-jubileum i 2014 Kr 250 / barn 100 Arrangør: Ørsta sokneråd 19.30 20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Vinsjan på kaia Samtale med tekstforfattar og dramatikar Idar Lind Kr 120 / student og ungdom 70 21.00 22.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet D.D.E. med Bjarne Brøndbo Bjarne Brøndbo, Eskil Brøndbo, Daniel Viken, Bård Jørgen Iversen, Eivind Berre og Arnt Egil Rånes Kr 395 i amfiet / 375 / student, ungdom og barn 200 / familie 990 23.00 02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.30 00.15 Stig Ulv Kr 100 Søndag 28. juni 9.30 11.00 Anders Hovden-bautaen i Hovdebygda Til fots over Åsen Per Halse fortel om Anders Hovden før vi går til Ivar Aasen-tunet Turleiar: Einar Flø NB! Ulendt terreng, hugs gode sko! Arrangør: Hovdebygda soge- og velferdslag 11.00 12.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Festspelgudsteneste i det fri Preike: Irmelin Grimstad Bonden Liturg: Arne Moltubak Kantor: Marie Austrheim Riise Forfattar Marit Kaldhol tek del Arrangør: Ørsta sokneråd i samarbeid med Volda sokneråd 12.00 17.00 Kafeen og Jostein Nerbøvik-plassen, Ivar Aasen-tunet Kyrkjekaffi og søndagskafé 12.00 og 13.00 Ved Hovden møbel Hovderittet Sjå informasjon www.orstask.no Arrangør: Ørsta sykkelklubb 13.00 13.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Z utanfor Samtale med forfattar Marit Kaldhol Kr 120 / student og ungdom 70 14.30 15.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Meir enn ny språkdrakt Gunnhild Øyehaug og Odd Goksøyr om gjendikting Samtaleleiar: Tom Egil Hverven Kr 120 / student og ungdom 70 16.00 17.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Aasen-stemnet 2015 Stemnetale: Arne Vinje, ordførar i Vinje i Telemark Stein til stein. Ein poesikonsert Bygd på diktsamlinga Stein til Stein av Jon Fosse Anne Marit Jacobsen, Ruth Wilhelmine Meyer og Helge Lien Kr 200 / honnør 150 / student, ungdom og barn 100 Billettar www.ebillett.no - 70 04 75 84 Rabattar Ev. honnør, studentbillettar eller Kultur-rabatt for ungdom er oppført spesielt. Festspelpass kr 1450 Gir tilgjenge til alle festspelarrangement. NB: Også publikum med festspelpass må tinge plass på førehand til arrangement i lokale med avgrensa plass, t.d. Salen i Ivar Aasen-tunet. Ungdomsprisane er støtta av ordninga Kulturrabatt for ungdom Med atterhald om endringar

18 Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta Jan Zahl får nynorskpris for journalistar Journalist i Stavanger Aftenblad, Jan Zahl, får Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2015. Jan Zahl skriv stilsikkert og godt, med brodd og vidd, i tvisyntradisjonen etter Aasmund Olavsson Vinje. Zahl held nynorsken i hevd i eit område av landet der engelsk og bokmål vinn terreng, heiter det i grunngjevinga til juryen. Det er enormt stas å få denne prisen. Eg vart ekstra glad for å høyra at juryen meiner eg står i tvisyn-tradisjonen etter Vinje. Der kjenner eg meg heime. Elles trur eg ikkje eg er så lett å plassera. Eg har blitt skulda både for å vere venstrevridd og høgrevridd i kommentarane mine. Men sånn er det altså å leva i tvisynet, seier Zahl. Jan Zahl er kulturjournalist og kommentator i Stavanger Aftenblad. Det har han vore sidan 2007. Før det var han journalist i Dagbladet, Dagsavisen, TV 2 og redaktør i Forskarforum. Han har skrive fleire bøker, mellom anna Kontroll på kontinentet. Historia om Kaizers Orchestra. Zahl har hovudfag i samanliknande politikk og mellomfag i spansk. Jan Zahl (foto: Kristian Jacobsen) gjorde det i ulike media i Oslo. Det er framleis dei som vil seie opp Stavanger Aftenblad fordi det vert skrive nynorsk i avisa. Forholdet mitt til nynorsk er kvardagsleg og udramatisk. Det er språket mitt. Eg snakkar som eg gjer (frå Bryne på Jæren), og då blir det eit logisk og naturleg val å skriva nynorsk, seier Jan Zahl. Nynorsk er språket mitt Han reknar seg ikkje som målaktivist og kjenner seg ikkje i noka offerrolle. Men han tykte det var rart å koma heim att til Rogaland og få meir reaksjonar på at han skreiv nynorsk i Stavanger Aftenblad enn han fekk då han Fredag 26. juni 12.00 12.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Medietimen Gratis Vestlandskritisk ståstad Sjølv meiner Zahl at han har eit kritisk og rasjonelt utgangspunkt når han skriv, heller enn ein ideologisk-politisk ståstad. Kanskje er det rett å seie at eg skriv frå ein vestlandskritisk ståstad? Heile 88 prosent av oss bur utanfor Oslo, men det verkar ikkje slik når vi ser, høyrer og les nasjonale media. Då er det både logisk og viktig at me som bur utanfor ser kritisk på makt, politikk, pengar og dagsorden. Det kan koma mykje god journalistikk ut av det, seier Zahl. Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2010 2014 2010 Astrid Brekken, NRK P2 2011 Njord V. Svendsen, Bergens Tidende 2012 Katrine Sele, Firda, og Hilde Sandvik, Bergens Tidende 2013 Christian Wiik Gjerde, NRK Super 2014 Ingunn Solheim, NRK Håkon Haugsbø (pressefoto) Prisutdeling i Ørsta Føremålet med Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i media, og å ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk. Leiaren for juryen, Håkon Haugsbø, deler ut prisen i Aasentunet 26. juni under Dei nynorske festspela. Haugsbø er kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp og har bakgrunn som journalist i NRK. Med seg i juryen har han forfattar og journalist i Dag og Tid, Agnes Ravatn, og redaktør Knut Aastad Bråten (pressefoto) Svend Arne Vee i Firdaposten. Redaktøren i Syn og Segn, Knut Aastad Bråten, underheld med langeleik og kåseri, med rot i kronikken hans i Aftenposten 12.02.15: «Eg er ikkje dialekta mi, men fyrst og fremst alt anna». Nynorsk mediesenter

Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta 19 Gunnhild Øyehaug Gunnhild Øyehaug, forfattar, litteraturkritikar, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og aktør i det offentlege rom. Øyehaug er festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2015. D.D.E ELLE melle Kultur for alle Kultur for alle Kultur for alle Eit aktivt kulturliv gir oss eit rikare Eit miljø. aktivt Til dette kulturliv treng gir vi oss ildsjeler eit rikare som miljø. skaper Til engasjement. dette treng vi ildsjeler Sparebanken som skaper Møre Eit aktivt er engasjement. ein kulturliv del av gir dette oss Sparebanken og eit støttar rikare Møre difor miljø. kulturelle er Til ein dette del aktivitetar treng av dette vi ildsjeler i heile og støttar fylket. som difor skaper kulturelle engasjement. aktivitetar Sparebanken i heile fylket. Kultur for alle Kultur for alle Kultur for alle Møre er ein del av dette og støttar difor kulturelle aktivitetar i heile fylket. Treng du overnatting/ festlokale i Ørsta? Skal du arrangere slektsstemne, bryllaup, konfirmasjon eller liknande? Vi har gode lokaler! Møre Folkehøgskule er sommarhotell frå 15. mai til 15. aug. Nyt jacuzzien på terrassa Serveringsbevilling For meir info: www.mf-sommarhotell.no Kontakttlf: 70 04 19 99-481 18 525 Les meir på www.allkunne.no Ivar Aasen Jorunn Veiteberg Jorunn Veiteberg, kunsthistorikar, dr.philos. og forfattar av ei rekkje bøker og artiklar om kunst og kunstnarar. Veiteberg er kåra til Årets nynorskbrukar 2015. Les meir på www.allkunne.no Sparing No kan du spare litt kvar gong du brukar kortet Slit du med å få til sparing?- Då kan mikrosparing kanskje gjere det lettare. Med mikrosparing sparar du kvar gong du brukar kortet ditt. Det er så enkelt at du knapt merkar det! Du vel sjølv kor mykje du vil spare kvar gong du brukar kortet. Du vel sjølv kva konto sparebeløpet skal settast inn på. Mikrospar setter du enkelt opp i mobilbanken eller nettbanken. www.sparebanken.no

20 Dei nynorske festspela Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni 2015 Volda og Ørsta Lesestund med lukkeleg slutt Kva veit vi eigentleg om Zara og dei? Ikkje så mykje, men kjem du til Uteamfiet fredag formiddag, kan du få vite meir. Zara og dei: Gorillahjerne til middag er første boka i ein planlagt serie biletbøker for barn i barnehagealder. Det er forfattar Bjørn Sortland som står bak idé og tekst, og teikningane er laga av Elisabeth Moseng. Boka handlar om Zara og dei, ein familie som alle veit at det er eitt eller anna rart med men kva, eigentleg? Dei har veldig lett for å blø naseblod og dei bur i ei campingvogn. Det går ei mengd rykte om dei, som at dei stel ungar og et gorillahjerne til middag, men desse rykta viser seg etter kvart å ikkje å stemme heilt, fortel Sortland. Fredag 26. juni 11.00 11.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Zara og dei 11.30 12.30 Utandørsaktivitetar Høver best for born 3 7 år Kr 50 Bjørn Sortland (foto: Kjerstin Gjengedal) I ein større samanheng kan ein seie at boka handlar om kva vi ser når vi ser folk som er litt annleis. Veit vi eigentleg kven tiggarane frå Romania er, når vi skreller vekk rykta og historiene om dei? Boka er nesten basert på ei sann historie, frå den gongen Sortland greidde å lure nokon til å tru at blomkålen han laga suppe av, eigentleg var apehjerne. Det med naseblodet har også rot i røyndomen. Det er veldig upraktisk om ein byrjar blø naseblod kvar gong ein blir litt nervøs eller oppspilt. Folk blir redde. Omslaget på boka Zara og dei Målet med serien er å skrive gode «lese-om-att»-bøker. Sortland meiner mange biletbøker, gjerne kritikarroste og fine, har for mykje tekst og for lite historie. Eg har ein del slike på samvitet sjølv. No ville eg skrive noko som barn tykkjer er spennande, og som er kort nok til at foreldra ikkje kvier seg for å lese boka om att, seier han. Og eg lovar at det går superbra til slutt! Med Hovden på kyrkjeveg Søndag kan du førebu deg til festspelgudstenesta med å gå i fotspora til Anders Hovden frå Hovden-bautaen til Aasen-tunet. Diktarpresten Anders Hovden er i dag mest kjend for salmane sine. Kva er vel 17. mai utan «Fagert er landet»? Hovden vart fødd i Hovdebygda i Ørsta og var sterkt engasjert i målsaka både i studietida i Oslo og i arbeidet sitt som prest ulike stader i landet. Han var nært knytt til heimbygda, reiste gjerne dit og skreiv mange barndoms- og naturskildringar med utgangspunkt i heimstaden, seier teolog og rektor ved Høgskulen i Volda, Per Halse. Han vil gi ei kort innføring i Anders Hovden sitt liv og virke før vi legg ut på turen over Åsen. På Hovdens tid var det klyngjetun der bautaen no står. Eg har høyrd at då dei gravde ut fundament for bauten, trefte dei gruva i stova der han var fødd, seier Halse. Hovden skreiv mange bøker i alle slags sjangrar, både lyrikk, forteljingar for born, romanar og skodespel. Den viktigaste utgivinga hans er nok likevel Nynorsk salmebok, der han var medredaktør og dessutan sjølv sto for kring 200 originale og gjendikta salmar. Turleiar Einar Flø viser veg frå Anders Hovden-bautaen i Ytrehovden, over Hovdeåsen, til Ivar Aasen-tunet i Indrehovden. Vel framme i Aasen-tunet kan dei som ønskjer ta del i gudstenesta og kyrkjekaffien. Søndag 28. juni 09.30 11.00 Anders Hovden-bautaen i Hovdebygda Til fots over Åsen Ulendt terreng, hugs gode sko! Gratis