03.05.16 Falkenstein B8 7 REKKEHUS MED EINEBUSTADKVALITETAR 3 stover, 4 soverom, 2 bad, vaskerom, 3 terrassar, carport og hage BRUKSAREAL: frå 151,4 m2 til 153,1 m2 + sportsbod 5m 2 SOVEROM: 4 FINNKODE: 7492 1859 TA KONTAKT MED: Bente Andenæs, tlf: 90 82 14 17, ba@gravdal.no www.gravdal.no/falkensteinb8 Halbrendsøyra 2, 6801 Førde Telefon: 47 87 40 00 www.gravdal.no
Nyt livet på solsida i Førde 2 Falkenstein er av dei mest solrike bustadområda nær Førde sentrum. Her er det stille og fredeleg, men likevel gangavstand til alle sentrumsaktivitetar. Bustadane blir ein del av det etablerte bustadområdet på Falkenstein, på folkemunne omtala som solsida i Førde. Her vil ungane finne seg leikekameratar, og heile familien vil kunne trivast her. Dei nye rekkjehusa ligg høgt og fritt med ei fantastisk utsikt over byen. Falkenstein B8 består av sju rekkehus med einebustadkvalitetar. Vi har planlagt slik at det skal vere praktisk for deg å bu her: Du kan køyre to bilar heilt fram til inngangsdøra, eller sykle og parkere sykkelen din under tak ved inngangen, sette skia i sportsboda og gå rett inn i bustaden. Når du kjem inn har du alt du treng på det planet, nett som i ei leilegheit: Kjøkken, stove med utgang til balkong, soverom og bad. Her kan du leve og bu utan å trenge noko meir. Men om du føler for det, kan du gå opp ei trapp og nyte sola på ein av dei to store takterrassane vi har plassert der, slik at du kan nyte sola både om morgonen, midt på dagen og om kvelden. Ønskjer du å nyte kaffien i din eige hage, kan du gå ned ei trapp og ut på plenen.
Utsikt til alt det beste Terasse mot sør i 2. etg. Ca 17m2. Om du sit i stova eller på terrassen: du har utsikta dei fleste berre kan drøyme om. Du har sol frå tidleg morgon til langt på kveld. Du kan sjå at det er kort veg til alle funksjonar du har behov for, anten det er skule eller barnehage, butikk eller kulturopplevingar, kafé eller treningssenter. Det er mindre enn 10 minutt med bil til Førde sentralsjukehus, og du er busett innafor bompengeringen som snart kjem i drift. I nytt rekkehus på Falkenstein vil du heilt sikkert trivast. 4 5
Utedagar innedagar På Falkenstein skal det vere godt å bu, anten det er sol eller regn. Godversdagane kan du slappe av på ein av dei tre terrassane dine, eller spasere ut i hagen din. Som dei fleste veit, er ikkje Førde berre tilgodesett med sol og blå himmel. Derfor har vi lagt vekt på at det skal vere koseleg inne også. Det kan vere fascinerande å sitte i ei av leilegheita sine tre stover, sjå ut gjennom dei store vindauga og reflektere over at også vergudane har behov for å uttrykke sitt humør. Inne sit du lunt og godt, kan nyte god mat og drikke, la vêr vere vêr, vel vitande om at når det endeleg tek slutt, kan terrassane atter brukast til solbading og 6 hyggeleg stunder med familie og venner. 7
Nyt inne eller ute Kjøkken og stove på hovudplan. Store vindauge med utsikt mot Førde. På hovudplan er det stove og kjøkken i open løysing, med utgang til balkong der du kan nyte frukost, lunsj eller middag om veret skulle innby til det. Vidare i same etasje er det soverom og bad, samt entre og trapp til under- 8 og topp etasjen. Frå entreen går du rett ut til carport og sportsbod. 9
TV-stove i underetasjen. Falkenstein i Førde Høg kvalitet = høg trivselsfaktor Med 3 stover og 4 soverom har Falkenstein B8 einebustadkvalitetar. Her er også eige vaskerom og 2 bad. Uteopphaldsareal er løyst med balkong på hovudplanet, to store takterrassar i andre etasje, samt eigen hage i front. I tillegg er det stort fellesareal med opparbeidd nærleikeplass like ved. Du kan sitte på takterrassen og følgje med på ungane som leikar der. Trygt og godt for både små og store. «Trivsel er også å sleppe å gjere noko». Derfor har vi valt å bruke vedlikehaldsvennleg fasade med Møre Royal kledning, ikkje berre på veggane, men også på terrassegolva. Vindauge med aluminiumsråmer blir også nytta. Alt for at du skal bruke minst mogleg tid til vedlikehald, og mest mogleg tid til å nyte fritida di. Bustadane er energivennlege, og har lågt energiforbruk, noko som igjen fører til låge energikostnader. Balansert ventilasjon, som sikrar eit godt innemiljø, er standard. 10 11
Norsk kvalitetskjøkken Kjøkken er frå Huseby, eit norsk kvalitetskjøkken. Kvitevarer er inkludert i prisen, og består av kjøl/frys, keramisk platetopp, steikeomn og oppvaskmaskin. Er du tidleg inne i prosessen, kan sjølvsagt kjøkkeninnreiing endrast og tilpassast ditt 12 13 behov. Det er også høve til å velje andre kjøkkenmodellar enn den vi har planlagt for deg. Kjøkken og stove på hovudplan, med utgang til balkong.
Kjøkken og stove på hovudplan. 14 15
Ei stove til alle Loftsstove i toppetasjen, med terasse mot sør. Her kan ein nyte sola heile dagen. Eit hus med mange opphaldsrom gjev fleksibilitet. Bustadane i Falkenstein B8 har heile tre stover, der to av dei har utgang til terrassane. Frå TV-stova nede er det kort veg ut til hagen. Perfekt for familiar med born eller ungdom i huset. Tenk kor herleg det er å la ungane få ha si eiga TV-stove, medan praten går mellom dei vaksne rundt middagsbordet. Eller du kan trekke deg tilbake og sjå nyheitene i fred og ro, medan andre kan løyse verdsproblem ved spisebordet 17
TV-stove i underetasjen med alternativ løysing. 18 19
Bad og vaskerom Leilegheitene er planlagt med to bad eitt på grunnplan og eitt i underetasjen. Baderomma er romslege, og utstyrt med dusjhjørne. Synest du det er behageleg å kunne fylle eit badekar med varmt vatn og slappe av, har vi laga plass til badekar også. Er du tidleg inne i prosessen, kan vi lage badet slik du ønskjer det. På same måte som på kjøkken, er det mogleg å endre på innreiing etter ditt behov. På det store vaskerommet i underetasjen har vi montert utslagsvask i benkeplate, med plass til vaske maskin og tørketrommel. Her kan ein også innreie vaskerommet med skåp og hyller på veggane. 20
I underetasjen er det høve til å ha walk-in gardrobe frå hovudsoverommet, med vidare gjennomgang til badet. Praktisk og behageleg. Hovudsoverom i underetasjen. Sov oppe, sov nede, sov godt Bustaden har fire soverom. To av dei ligg i underetasjen, der det eine har direkte utgang til hagen framfor huset. På hovudplan er det også eit soverom, i tillegg til eit fjerde soverom i øvste etasjen. Du kan ha foreldresoverommet på hovudplan, eller du kan ha det i under etasjen; Her får du ei god natts søvn uansett kva etasje du måtte velje. Har du ein draum om walk-in garderobe? Den draumen kan oppfyllast. Dersom du vel å ha hovudsoverommet i underetasjen, kan ein få walk-in garderobe frå soverommet, med vidare inngang til badet på same planet. Enkelt, praktisk og veldig funksjonelt. I tillegg har du direkte utgang frå soverommet til din eigen, private hage. 22 23
Trivsel ute og praktisk kvardag På Falkenstein har vi lagt stor vekt på at også uteområda skal vere gode både for store og små. Inne i tunet er det planlagt ute område med leikeplass for borna og opphaldsstad for dei vaksne. Med terrasse vendt mot tunet, er det lett å ha kontroll på ungane når dei er ute og leikar. Elles i Falkenstein-feltet er det opparbeidd fleire leike- og samlingsplassar. Parkering til to bilar ved inngangspartiet. Via fortau langs køyre veg, går du trygt til Førde sentrum på cirka 10 minutt. Det er berre korte spaserturar til barne hage, barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule, kino, symjehall med meir. Til Førde sentralsjukehus tek det mindre enn 10 minutt å køyre. Og som eit ekstra pluss til «alt det gode»: du får ein bustad plassert innafor bompengeringen som er planlagt i Førde. 24 25
Fleksible og smarte løysingar Leilegheitene i Falkenstein B8 er tilrettelagt for Smarthus-løysingar, slik at du kan velge å installere dette no eller seinare. Smarthus-løysingar vil seie at du trådlaust kan kontrollere lys og oppvarming, låse opp dører og styre musikk via telefon eller nettbrett, få melding på telefon dersom det skjer noko med huset ditt når du ikkje er til stades, for å nemne nokre av løysingane som er tilgjengelege. Du kan lese meir om Smarthus-løysingar på www.intin.no. Som planteikningane på dei neste sidene viser, er det høve til å velje ulike løysingar på underetasjen. Her kan ein til dømes ha eit stort soverom med walk-in garderobe, eller ei større TV-stove og større soverom nummer 2. Valet er ditt, dersom du er tidleg inne i prosjektet. Leilegheitene er teikna inn med bad i underetasjen og på hovudplan. Ei stove i kvar av etasjane er det også, samt fire soverom. Skulle du ha ønskje om å prioritere annleis, er det rom for individuelle løysingar. Det er det vi meiner med fleksible og smarte løysingar. 26
Alternativ underetasje Underetasje 28 29 1. etg. Hovudplan 2. etg. Toppetasje
Alternativ underetasje Underetasje 30 31 1. etg. Hovudplan 2. etg. Toppetasje
Alternativ underetasje Underetasje 32 33 1. etg. Hovudplan 2. etg. Toppetasje
Alternativ underetasje Underetasje 34 35 1. etg. Hovudplan 2. etg. Toppetasje
Alternativ underetasje Underetasje 36 37 1. etg. Hovudplan 2. etg. Toppetasje
Alternativ underetasje Underetasje 38 39 1. etg. Hovudplan 2. etg. Toppetasje
Alternativ underetasje Underetasje 40 41 1. etg. Hovudplan 2. etg. Toppetasje
Situasjonsplan Kjøper du bustad her, skal alt vere praktisk og trygt for store og små. Her kan du ha to bilar parkert heilt ved inngangsdøra, nett som ved ein einebustad. Ein bil kan stå heilt under tak og den andre bilen delvis under tak (Sjå planteikning side 28 for eiga løysing for R1). Vi har lagt inn opning i taket for å sleppe inn lys til inngangspartiet og soverommet. Vi har i tillegg sett av plass til 5 gjesteparkeringsplassar til felles bruk og laga ein romsleg snuplass, slik at det skal vere praktisk for dei som nyttar bil for å komme seg til og frå bustadane. Felles nærleikeplass er plassert på eit nivå over gateplan, slik at ungane kan leike trygt utan å komme i nærleiken av bilar. I tillegg er leikeplassen oversikteleg plassert slik at ein kan sitte på takterrassen og nyte kveldssola og samtidig ha panoramautsikt over leikeplassen. Trygt og praktisk for både store og små. Ved inngangen til feltet har vi plassert felles utebod. Her vil ein ha plass til avfallsdunkane i eine delen. Den andre delen har vi tenkt skal fungere som ei felles reiskapsbod med plass til felles plenklippar og andre reiskaper. Postkassane vil også bli plasserte her. Alle bustadane vil ha kvar sin utekran. falkenstein b o l i g p r o s j e k tb8 Ti grunnar til å kjøpe nytt 1. Låge omkostningar ved kjøp du betalar berre 2,5 prosent dokumentavgift av tomteverdien og ikkje av heile kjøpesummen som ved bruktbustad. 2. Fast pris ingen hektiske bodrundar du veit på førehand kva du må betale for bustaden og kva den vil koste deg månad for månad. 3. Trygt kjøp etter fyrste år i bustaden vert det utført ein kontroll der ein sjekkar at alt er i orden med bustaden. Du har i tillegg fem års reklamasjonsrett. 6. Betre lydisolering den gode isolasjonsemna gjev deg ikkje berre ein energivennleg bustad, du oppnår også svært god lydisolering. Dette er viktig for trivselen du skal ha i din nye draumebustad. 7. Særpreg du har større moglegheit til å påverke materiell og fargeval, samt designløysingar i bustaden. 8. Ingen kostnadar til oppussing bustaden får ein moderne og god utforming og stil. Du reduserer risikoen for uførutsette kostnadar. 1:250 4. God tid til sal av eigen bustad du får god tid til å førebu flytteprosessen og selje den bustaden du allereie har. 5. Lågare straumrekning alle våre bustader har god isolasjon i golv, veggar og tak samt at vindauga har god isolasjonsevne. Nye bustader har lågare energiforbruk, noko som er bra for klimaet og gjev reduserte kostnader. 9. Nytt miljø du får moglegheit til å bli ein del av eit heilt nytt bustadmiljø, der ingen har budd før. 10. Alt er nytt det gir deg ei god kjensle å være den fyrste som bur i bustaden. GRAVDAL BUSTADPROSJEKT AS SITUASJONSPLAN SALGSTEGNING TEGN/KONTROLL: EA / KC DATO: 08.04.16 MÅLESTOKK - ARK: 1:250 / A3 KS DOK REFERANSE: TEGN NR / REV. INDEX: S-8 ATTERHALD: Alle opplysningar i dette salsprospektet er gjevne med rett til endringar og som er tenlege og naudsynte, føresett at det ikkje reduserer den generelle standarden vesentleg. Kjøper aksepterer at utbyggjar har rett til å utføre slike endringar. Alle illustrasjonar er av illustrerande art og kan avvike frå levert sluttprodukt. Vidare vil det kunne vere unøyaktigheiter på utsikta i dei ulike interiør- og eksteriørillustrasjonane. Der det er avvik, gjeld leveransebeskriving og salskontrakt framfor dette prosjektet. Vi tek atterhald om kommunal godkjenning og tilstrekkeleg oppnådd førehandsal. Det vert teke atterhald om trykkfeil i leveransebeskriving og i salsprospektet. 42 43
Rein Design Falkenstein i Førde Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med: Bente Andenæs Tlf: 90 82 14 17 ba@gravdal.no Gravdalgruppa Gravdalgruppa er ein påliteleg og profesjonell samarbeidspartnar når du skal byggje bustad. Vår oppgåve er å tilfredsstille ønskja du har til den nye bustaden samtidig som vi ordnar alt det du ikkje har tenkt på! Med over 50 års erfaring frå bustadbyggjebransjen, er vi ein solid og trygg partner når du skal gjere ei av dine største investeringar. Vi er opptatt av å byggje attraktive og moderne bustader, og leverer nøkkelferdig om ønskeleg. Gravdalgruppa har hovudkontor i Førde, og består av Gravdal Prosjektutvikling as, Gravdal Bustadprosjekt as og Gravdal Bygg as. Hovudaktiviteten er totalentreprisar innan privat sektor, fortrinnsvis i bustadmarknaden. I eit normalår sel vi ca. 50 bustader og omset for om lag 200 millionar. Les meir om oss og prosjekta våre på www.gravdal.no Følg med på våre prosjekt på facebook: www.facebook.com/gravdalgruppa Halbrendsøyra 2, 6801 Førde Telefon: 47 87 40 00 www.gravdal.no/falkenstein www.gravdal.no