Innhaldsliste 1. INNLEIING... 4 Kva skal vi ha oversikt over?... 4 Korleis går vi fram i oversiktsarbeidet?... 5 Helsetilstand og faktorar som

Like dokumenter
KUNNSKAP OM FOLKEHELSA I SOGN OG FJORDANE. Innhold

KUNNSKAPSGRUNNLAG OVERSIKT OVER FOLKEHELSA I SOGN OG FJORDANE

KUNNSKAPSGRUNNLAG OVERSIKT OVER FOLKEHELSA I SOGN OG FJORDANE

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

tapte årsverk i 2011

God helse og livsmeistring for alle

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

tapte årsverk i 2010

Utfordringsdokument 2015

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Planutvalet sluttar seg til ny framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet for regional plan for folkehelse.

2014/

MØTEBOK. Hovudutval for plan og næring. Møtedato Kl. Kl 10:30 14:00

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

1 :-) Attraktive Bømlo. Foto: Jan Rabben

Tal fra folkehelsebarometer

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

Tilbodet av arbeidskraft etter utdanning

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Koordineringsrådet, Levekår, livskvalitet og kartlegging

Flere gode leveår for alle gode boliger og bomiljø fremmer folkehelse

Fylkesprognose Sogn og Fjordane 2014

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

FOLKEHELSE I BUSKERUD

Arbeidsmarkedet nå april 2014

Kommunedelplan for oppvekst

Tabell F-k viser kriteriedata som ligg til grunn for berekninga av indeksverdiane i tabell E-k.

FOLKEHELSE I BUSKERUD

Folkehelsearbeid. Kommunalsjef Jon Tvilde. Sogndal kommune

1Vaksne i grunnskoleopplæring

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

ORGANISASJONSAVDELINGA Personalseksjonen - Org avd

Geografiske variasjonar i uførepensjon

Frå planlaging til planlegging Kva skapar handling? Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff Sogn og Fjordane fylkeskommune

Arbeidsprosess rundt oversiktsarbeidet. Finnøy kommune

HORDALANDD. Utarbeidd av

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

God barndom = god helse i vaksen alder?

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

Folkehelsemeldingen 2019

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

2Vaksne i vidaregåande opplæring

Pulsen på Noreg. Jon Atle Rise Leiar av Sogn og Fjordane Røde Kors Ungdom

SAK 04/18 LIVSKVALITET HALLINGDAL

HELSE FOR ALLE Kva, kven og korleis?

OVERSIKT OVER HELSETILSTANDEN

Norske tenåringsmødrer få, men fattige

Framtidige behov for hjelpemiddel

Lønnsundersøkinga for 2014

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Regional plan for folkehelse

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

ARBEIDS- OG VELFERDSDIREKTORATET / STATISTIKK OG UTREDNING

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Regional plan for folkehelse Saman for god helse og trivsel

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Sosiale skilnader i helse. Sogndal, Emma Bjørnsen

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Kunnskapsgrunnlaget. Anni Skipstein, Folkehelseseksjonen, Østfold fylkeskommune Galleri Oslo,

Oversikt over livskvalitet og levekår (folkehelse) i Nedre Eiker

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Planlegging for mangfald. Fylkesplansjef Ole Helge Haugen. Gardermoen

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Tokke kommune. Vedlegg statistikk og analyse, kommuneplanens samfunnsdel

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Befolkningsutvikling. Figur 1

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

FOLKEHELSE I BUSKERUD 2013

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Arbeidsmarkedet nå - oktober 2015

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Oversikt over folkehelsa 9. og 10. januar Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

FOLKEHELSEN I BUSKERUD 2014 MIDT-BUSKERUD

Opplæring gjennom Nav

Ungdomsundersøkinga og eigenopplevd helsetilstand

ARBEIDS- OG VELFERDSDIREKTORATET / STATISTIKK OG UTREDNING

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

12. Færre besøk ved norske kinoar

Ungdataundersøkinga. Skuleleiarkonferansen Kva kan rektor/skuleeigar gjere med desse dataa? Loen, 4.oktober

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Kopi til: Arkivnr.: 5

FOLKEMENGD OG ARBEIDSSTYRKE FRAM MOT 2040

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

Frivilligpolitisk plattform

Arbeidsmarkedet nå april 2016

Transkript:

1

Innhaldsliste 1. INNLEIING... 4 Kva skal vi ha oversikt over?... 4 Korleis går vi fram i oversiktsarbeidet?... 5 Helsetilstand og faktorar som påverkar denne... 6 Sosiale skilnader i helse... 6 Organisering av oversiktsarbeidet... 7 Oppdatering av helseovervakingsdokumentet... 8 2. DEMOGRAFISK UTVIKLING... 9 2.1 Alderssamansetjing... 9 2.2 Folketalsutviklinga framover... 10 2.3 Talet på innvandrarar... 11 2.4 Utdanningsnivå... 12 2.5 Forventa levealder... 13 2.6 Utfordringar... 14 3. Oppvekst og levekår... 15 3.1 Sjukefråvær... 15 3.2 Talet på arbeidslause... 16 3.3 Talet på unge arbeidslause... 17 3.4 Mottakarar av uførepensjon... 18 3.5 Mottakarar av uførepensjon under 45 år... 18 3.6 Mottakarar av økonomisk sosialhjelp... 19 3.7 Mottakarar av økonomisk sosialhjelp under 25 år... 20 3.8 Prosentdelen som bur i hushald med låg inntekt... 21 3.9 Prosentdelen som bur i hushald med låg inntekt. Unge under 18 år.... 21 3.10 Prosentdelen eineforsørgjarar... 22 3.11 Born med barnevernstiltak i prosent av alle born... 22 3.12 Legedekning... 23 3.13 Lesedugleik i grunnskulen... 24 3.14 Trivsel i grunnskulen... 24 3.15 Prosentdelen av elevar i VGS som fullfører... 25 3.16 Utfordringar... 26 4. Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø... 27 4.1 Melde lovbrot... 27 2

4.2 Unge lovbrytarar... 27 4.3 Mobbing i skulen... 27 4.4 Friviljuge lag og foreiningar som får kommunalt tilskot... 28 4.5 Utfordringar... 29 5. Skadar og ulukker... 30 5.1 Hoftebrot... 30 5.2 Talet på skadde og drepne i trafikken.... 30 5.3 Utfordringar... 31 6. Helserelatert åtferd... 32 6.1 Fysisk aktivitet... 32 6.2 Daglegrøykarar... 32 6.3 Daglegrøykarar og av-og-til røykarar i befolkninga... 33 6.4 Overvektige... 33 6.5 Utfordringar... 35 7. Helsetilstand... 36 7.1 Tilfelle av psykiske lidingar, hjarte-/karsjukdomar og muskel-/skjelettlidingar... 36 7.2 Nye tilfelle av kreft... 36 7.3 Tilfelle av diabetes 2... 36 7.4 Brukarar av legemiddel mot KOLS eller astma... 37 7.5 Prosentdel 5-åringar og 12-åringar med hol i tennene... 37 7.6 Utfordringar... 39 Referansar... 40 3

1. INNLEIING Dette dokumentet, «Kunnskapsgrunnlag Oversikt over folkehelsa i Sogn og Fjordane», er utarbeidd som følgje av krav og føringar som er lagt til fylkeskommunen når det gjeld oversikt over helsetilstanden. Folkehelse er definert som «helsetilstanden i befolkninga og korleis helsa fordelar seg i ein befolkning». Folkehelsearbeid tyder: «samfunnet sin innsats for å påverka faktorar som direkte eller indirekte fremmar helse og trivsel i befolkninga, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade og liding eller som vernar mot helsetrugsmål, i tillegg til arbeid mot ein jamnare fordeling av faktorar som påverkar helsa». Lov om folkehelse Kap 4 Fylkeskommunens ansvar : 21 Oversikt over helsetilstanden og påvirkningsfaktorer i fylket Som grunnlag for folkehelsearbeidet i fylket, jf. 20, skal fylkeskommunen ha den nødvendige oversikt over helsetilstanden i fylket og de positive og negative faktorer som kan virke inn på denne, herunder trekk ved utviklingen som kan skape eller opprettholde helseforskjeller (sitat slutt) Folkehelsearbeidet krev systematisk oppfølging, sektorovergripande innsats og planforankring. Forskrift om oversikt over folkehelsen, fastsett 28. juni 2012 gjev ei nærare utdjuping av ansvar og plikter. Oversikt over helsetilstanden er grunnlaget for eit kunnskapsbasert, langsiktig og systematisk folkehelsearbeid. Den skal vere plan- og styringsrelevant. Kva skal vi ha oversikt over? Helsetilstanden i befolkninga kan skildrast ved hjelp av fleire indikatorar og det er svært mange faktorar som påverkar utviklinga i folkehelsa. I dette notatet gir vi eit oversyn over utviklinga i dei viktigaste faktorane som det er tilgjengeleg statistikk for. I tråd med Forskrift om oversikt over folkehelsen, 3, har vi gruppert faktorane etter følgjande tema: Folkesetnad (demografi, etnisitet, utdanning..) Oppvekst- og levekårstilhøve (sjukefråvær, arbeid, uføre, sosialhjelp, inntekt..) Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø (førebels: lovbrot, mobbing i skulen) Skadar og ulukker (hoftebrot, skada og drepne i trafikken..) Helserelatert åtferd (fysisk aktivitet, gravide dagleg-røykarar, overvekt) Som eige tema har me skilt ut dei indikatorane som skildrar helsetilstanden (psykiske lidingar, hjarte-/karsjukdom, muskel og skjelett, bruk av legemiddel, karies) I rettleiaren God oversikt ein føresetnad for god folkehelse (Helsedirektoratet) er tema utdjupa nærare. 4

Korleis går vi fram i oversiktsarbeidet? Evaluering Tiltak Oversikt Regionale planar Planstrategi Oversikta skal svare på spørsmål som: korleis er folkehelsa blant innbyggjarane våre? Kva er bra hos oss? Kva mogelegheiter og ressursar har vi som må styrkast? På kva område er det fare for uheldig utvikling? Kva er årsaker til at det er slik? Kva trekk ved utviklinga kan skape eller oppretthalde sosiale eller helsemessige problem/sosiale helseskilnadar? Kva er viktig for langsiktig planlegging og for kortsiktige tiltak? Forskrift om oversikt over folkehelsa skil mellom fortløpande oversikt og oversikt som grunnlag for arbeidet med planstrategi. Det er ikkje eit skarpt skilje mellom desse. Den fortløpande oversikta vil naturleg vektlege data som endrar seg fortløpande og som kan krevje rask handling (t.d. utbrot av smittsame sjukdommar eller nedlegging av arbeidsplassar). Løpande oversikt føreset rutinar for regelmessig oppdatering av kunnskapsgrunnlaget og for å fange opp ny og vesentleg informasjon. Kvart fjerde år skal det utarbeidast eit skriftleg oversiktsdokument som grunnlag for det langsiktige folkehelsearbeidet. Dokumentet skal brukast som grunnlag for planlegging og styring av det langsiktige folkehelsearbeidet, jf. planstrategiar og kommuneplanar etter PBL. Oversiktsarbeidet skal i ein slik samanheng omfatte systematisk tilrettelegging av data, vurdering av data og identifisering av utfordringar for folkehelsa. Opplysningar vert gjevne frå statlege helsestyresmakter som supplerer data som kommunar og fylkeskommunen sjølv hentar inn. Arbeidet med den innsamla informasjonen skal munne ut i : identifisering av utfordringar for folkehelsa, ressursar og fagleg vurdering av årsakstilhøve og konsekvensar. I modellen under er arbeidet skissert på skjematisk vis: 5

Statistikk a) opplysingar frå statlege helsemyndigheiter og fylkeskommunen b) kunnskap frå kommunale helse- og omsorgstenester c) kunnskap om utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunnn Vurdering av årsaker -kvifor har denne situasjonen oppstått? -kva seier forsking om årsakene? -har dette relevans/ er det noko vi kan på verke i vår (fylkes-) kommune? Folkehelseutfordringar -kva er det viktigaste å ta tak i? -kan vi førebyggje? -finst det alt strategiar og tiltak på dette området? Helsetilstand og faktorar som påverkar denne «Helsetilstand» og «påverknadsfaktorar» er gjennomgåande omgrep i lov og forskrift. Helsetilstand vert oftast kopla mot førekomst av visse sjukdommar, plager, skadar og funksjonsnedsettingar, både somatiske og psykiske. Oversikta skal vere på populasjonsnivå. Merksemda vert retta mot tilstandar som er utbreidde hos innbyggjarane og som har stort førebyggingspotensiale. Men helsetilstand vert oppfatta som meir enn fråvær av sjukdom. Positive faktorar som trivsel, ressursar, mestring og livskvalitet m.m. bør speglast i data om helsetilstanden. Slike faktorar er gjerne vanskelegare å måle. Men dei kan estimerast gjennom regionale/lokale undersøkingar. Til dømes kan helsefremjande tilhøve vurderast ut i frå deltaking i politiske, frivillige organisasjonar, kulturell verksemd og liknande. Sosiale skilnader i helse Det finns omfattande dokumentasjon på at personar frå høgare sosiale lag målt ved utdanning, yrke eller inntekt både lever lengre og har betre helse enn personar frå lågare sosiale lag. Det eksisterer såleis betydelige sosiale skilnader i helse i Norge, og helseskilnadane viser seg tydelig på de fleste aktuelle helsemål. Sosiale skilnader i helse dannar eit mønster av ein gradient gjennom heile befolkninga der dei rikaste har litt betre helse enn de nest rikaste, som igjen har litt betre helse enn de tredje rikaste osv. Sosiale skilnader i helse er derfor noko som angår alle. Gradientutfordringa krev eit bredt og befolkningsretta søkjelys på problemet. 6

Dei sosioøkonomiske faktorane som påverkar helse kan framstillast i ein årsakskjede som strekkjer seg frå generelle samfunnsforhold til eigenskaper ved enkeltmennesket. Dette er illustrert i Whitehead og Dahlgren sin helsemodell (figur 1). Yst i årsakskjeda finn vi dei generelle samfunnstilhøva som økonomisk utvikling, miljømessige faktorar og politisk styresett. Dernest finn vi leve- og arbeidskår, sosiale tilhøve som sosial kapital, nettverk og relasjonar. Til slutt finn vi individuelle levevanar og helseåtferd, som har stor påverknad for helsa. Men som og er forma av bakanforliggande faktorar. Dei ulike laga i modellen påverkar den individuelle helsa ulikt avhengig av enkeltindivida sin sosiale status, samt den biologiske og genetiske arv. Organisering av oversiktsarbeidet Opplysningar om helsetilstanden hos innbyggjarane og ulike positive og negative påverkingsfaktorar er samansette. Informasjonen vert innhenta frå statlege, fylkeskommunale og kommunale kjelder. Mange samfunnssektorar skal dekkast. I tillegg til samanstilling og analyse av eksisterande data bør eigne undersøkingar designast og utførast. Organiseringa av arbeidet må reflektere dei tverrsektorielle bidrag til oversikta og den samla vurderinga av materialet. Både kvalitative og kvantitative undersøkingar krev fagkompetanse som gjeld forskingsdesign, metode og vurderingar. Det er risiko for feil, manglar og fallgruver. Metode og framgangsmåte må beskrivast slik at undersøkingar kan etterprøvast og resultat vurderast for å unngå feiltolkingar. Medverknad er sett på som eit berande prinsipp i folkehelsearbeidet; både når det gjeld oversiktsarbeidet, i planprosessen og i ulike aktivitetar og tiltak. I kap. 5 i PBL heiter det at: «planmyndigheten skal gjennom hele planarbeidet sørge for open, bred og tilgjengelig medvirkning i lokalsamfunnet og dialog med organiserte og uorganiserte interesser» 7

Dette kunnskapsgrunnlaget, Oversikt over folkehelsa i Sogn og Fjordane, vil saman med anna informasjon danne grunnlag for regional plan for folkehelse. Datagrunnlaget er med på å synleggjere utfordringar, utviklingstrekk over tid og endringar vi må vere merksame på. Årsaks- og konsekvensanalysar vil følgje som resultat av kva desse oversiktsdata syner oss. Oppdatering av helseovervakingsdokumentet Helseovervakingsdokumentet skal oppdaterast kontinuerleg, med ein heilskapleg gjennomgang årleg. Dette tyder at eksisterande statistikk vert oppdatert og dokumentet kan og verte supplert med ny statistikk. Spesielt tek vi sikte på å få på plass data om eigenopplevd helse blant vaksenpopulasjonen. Folkehelseinstituttet utarbeider i desse dagar mal for innhald og iverksetting av desse undersøkingane. I tillegg vil ungdomsundersøkinga «Helsevanar blant skuleelevar» (ei WHOundersøking i 43 land) kunne gje oss eit unikt datamateriale og samanlikningsgrunnlag. Undersøkinga vart starta i 2011, med ny runde i 2013 og vert avslutta med ein siste i 2015. Analysen av data frå slik longitudinell undersøking vil gje oss betre oversikt når det gjeld årsak og konsekvens; kva faktorar er det som påverkar helsetilstanden. Samandrag: Statistikken for fylket viser at Sogn og Fjordane framleis peikar seg positivt ut på mange levekårsindikatorar. Vi har små inntektsskilnader, få born som lever i familiar med låg inntekt og høg, forventa levealder. Vi har færre born som har einsleg forsytar, færre unge lovbrytarar og færre unge arbeidsledige enn landsgjennomsnittet. Trivsel på skulen målt ved 10. klasse er noko betre enn landssnittet, og mobbing i skulen for same alderstrinn er vesentleg betre enn for landet. Det same gjeld fråfall i vidaregåande skule. Utvikling og utfordringar: Levekåra i fylket skil seg likevel mindre frå landsgjennomsnittet enn tidlegare. Dette gjeld i særleg grad indikatorar som måler utviklinga for born og ungdom. Talet på born under barnevernet og lesedugleiken blant 5. klassingar har hatt ein negativ utvikling dei siste åra. I tillegg har talet på born som bur med berre ein omsorgsperson gått ned på landsplan, men ikkje i Sogn og Fjordane. 8

2. DEMOGRAFISK UTVIKLING Frå 2002 til 2007 gjekk folketalet ned kvart år, men sidan utgangen av 2007 har det vore ein årleg vekst i innbyggjartalet. Ved utgangen av 2014 budde det 109 170 personar i Sogn og Fjordane. Dette er det høgste talet nokon gong. Arbeidsinnvandring frå EU-området har vore den viktigaste årsaka til denne folketalsveksten. 25,0 % Prosentvis endring i folkemengda. 2005-2015. 20,0 % 15,0 % 12,1 % 10,0 % 5,0 % 2,0 % 0,0 % For landet sett under eitt auka folketalet med om lag 11,6 prosent frå 2005 til 2015. Auken i Sogn og Fjordane var berre 2,0 prosent i same periode, den lægste folketalsveksten av alle fylka. 2.1 Alderssamansetjing Sogn og Fjordane har ei eldre folkemengd enn landet elles. Ved utgangen av 2014 var 5,5 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane 80 år eller eldre (6037 personar). Det tilsvarande talet for heile landet var 4,3 prosent. Berre i Hedmark fylke var ein større prosentdel av folkemengda over 80 år enn i Sogn og Fjordane. 17,5 prosent av befolkninga i Sogn og Fjordane var i aldersgruppa 30 44 år, noko som gjaldt for 20,6 prosent av befolkninga på landsplan. I dei andre aldersgruppene var det mindre skilnader mellom Sogn og Fjordane og landsgjennomsnittet. 9

Talet på personar i Sogn og Fjordane og i landet i ulike aldersgrupper. Per 1/1 2015. Absolutte tal og i prosent. Sogn og Fjordane Landet Absolutte tal Prosent Absolutte tal Prosent 0-19 år 27747 25,4 % 1258899 24,4 % 20-29 år 13398 12,3 % 697397 13,5 % 30-44 år 19108 17,5 % 1062116 20,6 % 45-64 år 28676 26,3 % 1313088 25,4 % 65-79 år 14204 13,0 % 613865 11,9 % 80 år og over 6037 5,5 % 220437 4,3 % i alt 109170 100,0 % 5165802 100,0 % Prosentvis endring i folketalet. Ulike aldersgrupper. 2005-2015 35,0 % 30,0 % 25,0 % 23,6 % 32,1 % 22,8 % 20,0 % 15,0 % 10,0 % 5,0 % 0,0 % 5,1 % 7,9 % 3,6 % 15,1 % 9,6 % 3,4 % 0,6 % Heile landet Sogn og Fjordane -5,0 % -10,0 % -15,0 % -6,7 % -9,6 % 0-19 år 20-29 år 30-44 år 45-64 år 65-79 år 80 år og over Talet på personar under 20 år og i aldersgruppa 30 44 år har gått ned i Sogn og Fjordane dei siste 10 åra, medan det har vore ein liten vekst blant personar i aldersgruppa 80 år og over. Den største veksten har det vore i aldersgruppa 65 79 år. 2.2 Folketalsutviklinga framover Statistisk sentralbyrå ventar at det i 2040 vil vera 119 300 innbyggjarar i Sogn og Fjordane. Dette vil vera vel 10 100 fleire enn ved utgangen av 2014. Den årlege folketalsveksten vert dermed noko mindre enn i perioden 2008 2013, men vil likevel vera stor i eit historisk perspektiv. 10

Historisk folketal 1951-2015. Prognose 2016-2040 125000 120000 115000 110000 105000 100000 95000 90000 85000 80000 1951 1954 1957 1960 1963 1966 1969 1972 1975 1978 1981 1984 1987 1990 1993 1996 1999 2002 2005 2008 2011 2014 2017 2020 2023 2026 2029 2032 2035 2038 Dersom denne prognosen slår til, vil vi ved årsskiftet 2016/2017 vera om lag 110 000 innbyggjarar og i løpet av 2027 vil vi passere 115 000. I 2040 vil det vera 17 200 innbyggjarar over 75 år i Sogn og Fjordane. Dette er 7700 fleire enn i 2015, noko som svarar til ein vekst på over 80 prosent. Også i aldersgruppa 60 74 år vil det vera ein kraftig vekst, frå 17507 personar i 2015 til 20100 i 2040. Heile folketalsveksten i fylket fram mot 2040 kjem dermed i aldersgruppene over 60 år. Mange i desse aldersgruppene høyrer til dei store fødselskulla frå ti-åra etter 2. verdskrig. Talet på personar i Sogn og Fjordane ved inngangen til året. Fordelt Endring på alder. 2015-2040. 2015-2040 2015 2020 2025 2030 2035 Absolutte 2040 tal Prosent 0-14 år 20132 20001 20140 20470 20544 20324 192 1,0 % 15-24 år 15028 14237 13806 13519 13495 13860-1168 -7,8% 25-39 år 18098 19494 19854 19654 19182 18868 770 4,3 % 40-59 år 29045 28192 27866 27726 28030 28886-159 -0,5% 60-74 år 17507 19289 19880 20473 20733 20139 2632 15,0 % 75 + år 9482 10161 12085 14021 15777 17196 7714 81,4 % I alt 109292 111374 113631 115863 117761 119273 9981 9,1 % 2.3 Talet på innvandrarar Talet på innvandrarar og personar med innvandrarforeldre i Sogn og Fjordane har meir enn dobla seg i løpet av dei siste 10 åra. I 2005 budde det 4050 innvandrarar og born av innvandrarar i fylket. Dette hadde auka til 10 000 ti år seinare. Denne gruppa utgjer no over 10 prosent av folkemengda i fylket mot 15,6 prosent på landsplan. 11

Blant innvandrarane var det i 2015 2242 flyktningar, noko som er ein auka på omlag 900 frå 2005. Flyktningane utgjer 2,1 prosent av folkemengda i Sogn og Fjordane. På landsplan er 3,6 prosent av befolkninga flyktningar. Talet på innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i Sogn og Fjordane pr. 1/1. 2005-2015. Irekna flyktningar. Endring 2005-2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2015 4050 4133 4286 4883 5482 6443 7218 7894 8850 9449 9994 5944 Personar Prosent av 4,1 % 4,2 % 4,4 % 5,0 % 5,6 % 6,5 % 7,3 % 7,9 % 8,9 % 9,5 % 10,1 % 6,0 % folkemengda 1 Herav flyktningar 1341 1372 1374 1478 1481 1557 - - 1893 2121 2242 901 Flyktningar i prosent av folkemengda 1: Flykningar inneheld ikkje born av flyktningar. 1,3 % 1,3 % 1,3 % 1,4 % 1,4 % 1,5 % - - 1,7 % 1,9 % 2,1 % 0,8 % Dei siste ti åra har veksten i innvandrarar totalt våre mykje større enn auken i talet på flyktningar. Dette skuldast den store arbeidsinnvandringa frå EU-land, men det har og vorte fleire innvandrarar frå Asia. 18,0 % Talet på flyktningar og innvandrarar i alt 1. Prosent av folkemengda. 2015. 16,0 % 15,6 % 14,0 % 12,0 % 10,0 % 8,0 % 10,1 % 14 Sogn og Fjordane Landet 6,0 % 4,0 % 2,0 % 2,1 % 3,6 % 0,0 % Prosent av folkemengda Flyktningar i prosent av folkemengda 1: Inkluderer og born av innvandrarar. 2.4 Utdanningsnivå Det er godt dokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå og helse. Forventa levealder aukar med aukande utdanningsnivå (Elstad, J.I. (2005)) og sannsynet for å døy som spedbarn er monaleg høgare viss mor er lågt utdanna enn om ho har universitets-/høgskuleutdanning (Dahl, Bergsli og van 12

der Wel (2014)). Utdanningsnivået påverkar folkehelsa fordi fleire med låg utdanning arbeidar i yrke med mange arbeidsuhell og yrkesskader (Dahl, Bergsli og van der Wel (2014) og fordi det ofte er ein negativ samanheng mellom utdanningsnivå og viktige levekårfaktorar, som t.d. inntekt. I 2013 hadde 40,7 prosent av aldersgruppa 30 39 år i Sogn og Fjordane utdanning frå høgskule eller universitet samanlikna med 46,5 prosent for landet sett under eitt. Både i Sogn og Fjordane og i landet totalt har delen med høgskule-/universitetsutdanning auka med 12,0 prosenteiningar frå 2003. Utdanningsnivået blant 30 39 åringar i Sogn og Fjordane ligg omtrent i midtsjiktet blant fylka. Grunnen til at vi ligg langt etter det nasjonale gjennomsnittet, men midt på treet blant fylka er at Oslo har ein svært stor prosentdel av innbyggjarane med høgare utdanning. Oslo dreg med sitt store innbyggjartal landsgjennomsnittet mykje opp. Prosentdelen av befolkninga i alderen 30 39 år som har høgare utdanning Endring 2003 2013 2003-2013 Sogn og Fjordane 28,7 40,7 12,0 Heile landet 34,5 46,5 12,0 2.5 Forventa levealder I perioden 2007 2013 hadde nyfødde gutar i Sogn og Fjordane ein forventa levealder på 80,0 år, medan nyfødde jenter var forventa å leva i 84,6 år. Dei tilsvarande tala for landet var høvesvis 79,0 år og 83,3 år. Forventa levealder i Sogn og Fjordane er dermed 1,0 år høgre for gutar og 1,3 år høgre for jenter enn landsgjennomsnittet. Sogn og Fjordane Heile landet Forventa levealder. I år. Endring i forventa 1990-1996 2007-2013 levealder Menn 75,7 80,0 4,3 Kvinner 82,0 84,6 2,6 Menn 74,4 79,0 4,6 Kvinner 80,5 83,3 2,8 Frå perioden 1990 1996 til perioden 2007 2013 auka forventa levealder for nyfødde gutar med 4,3 år i Sogn og Fjordane samanlikna med 4,6 år for landet totalt. For nyfødde jenter auka levealderen med 2,6 år i Sogn og Fjordane og med 2,8 år i landet totalt. Levealderen for nyfødde auka dermed mindre i Sogn og Fjordane enn på landsbasis. I perioden 2007-2013 hadde Sogn og Fjordane den høgste forventa levealderen for nyfødde av begge kjønn, men deler fyrsteplassen for gutar med Akershus. 13

2.6 Utfordringar Fylket har ein høg prosentdel eldre over 80 år og den lengste, forventa levealderen for begge kjønn. I åra framover vil det bli ein stor vekst i denne aldersgruppa, medan det ikkje blir nokon auke i den yrkesaktive befolkninga. Fleire eldre gjev eit større behov for kommunale helse- og omsorgstenester, samstundes som færre yrkesaktive fører til reduserte skatteinntekter i mange kommunar. Dette kan redusere det kommunale tenestetilbodet for mange grupper. Talet på innvandrarar til Sogn og Fjordane har, til liks med andre fylke, auka sterkt dei siste åra. Dette har gjeve fylket god tilgang på kvalifisert arbeidskraft og auka verdiskapinga. Fleire innvandrarar gjev og eit større behov for tilrettelagt informasjon om aktivitetar og kommunale tilbod som påverkar folkehelsa. Dette behovet vil truleg auka i åra framover, då talet på flyktningar busette i kommunane vil auka mykje. 14

3. Oppvekst og levekår 3.1 Sjukefråvær Sjukefråvær som varer lenge kan resultere i overgang til meir permanente trygdeordningar og utstøyting frå arbeidsmarknaden. Eit høgt sjukefråvær kan og vera ein indikasjon på dårleg arbeidsmiljø eller eit belastande arbeid. Samstundes kan ein ikkje sjå vekk frå at det å koma for tidleg attende på jobb etter eit sjukefråvær og kan utgjera ein helserisiko på sikt. Sjukefråværsprosent blant arbeidstakarar 16-69 år. Legemeldt sjukefråvær i 4.kvartal. 2002-2004 2012-2014 Endring 2002/2004 2012/2014 Sogn og Fjordane 6,2 % 5,1 % -1,0 % Heile landet 6,8 % 5,5 % -1,3 % I 2012 til 2014 var det gjennomsnittlege sjukefråværet i Sogn og Fjordane på 5,1 prosent. Dette var 0,4 prosenteiningar lægre enn for landet sett under eitt og 1,0 prosenteining lægre enn i gjennomsnittet for 4. kvartala i perioden 2002 til 2004. Sjukefråværsprosenten i Sogn og Fjordane har i heile ti-årsperioden vore lågare enn landsgjennomsnittet, men nedgangen har vore litt mindre i Sogn og Fjordane (-1,0 prosenteiningar) enn for landet totalt (-1,3 prosenteiningar). 8 7 6 5 Sjukefråværsprosent blant arbeidstakarar. 16-69 år. 2001-2014. 4 3 Landet Sogn og Fjordane 2 1 0 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 15

3.2 Talet på arbeidslause Å gå lenge arbeidslaus inneber tap av inntekt, ein lang jobbsøkingsprosess med mange avslag og ein mistar den daglege kontakten med arbeidskollegaer. Dette vil påverka trivsel og mestringskjensle. I tillegg aukar sannsynet for at ein ikkje kjem attende til arbeidslivet og går over til langvarige trygdeytingar (Nilssen og Reiso (2011)). Å stå utanfor arbeidslivet kan også påverke standarden på bustaden, kosthaldet, fritidsaktivitetar og endre det sosialt nettverket. Nordiske undersøkingar av samanhengen mellom arbeidsløyse, arbeid og mental helse tyder på at det er store helsegevinstar ved å få arbeidslause tilbake i arbeid (Halvorsen, K. (1998), Strandh, M. (2000) og Korpi, T. (2001)). Registrerte heilt arbeidslause. Årsgjennomsnitt. I prosent av arbeidsstyrken. Endring 2001/2003 2001-2003 2011-2013 2011/2013 Sogn og Fjordane 1,6 1,4-0,2 Heile landet 2,3 1,8-0,5 I perioden 2011 2013 var i gjennomsnitt 1,4 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid i Sogn og Fjordane. Dette var 0,4 prosenteiningar lægre enn landsgjennomsnittet. Sogn og Fjordane var, saman med Rogaland, det fylket med lægst arbeidsløyse i den perioden. Sidan perioden 2001 2003 har arbeidsløysa gått ned med 0,2 prosenteiningar i Sogn og Fjordane, men dette er mindre enn nedgangen på landsplan. I heile den siste 15-årsperioden har arbeidsløysa i Sogn og Fjordane vore lægre enn landsgjennomsnittet. 3 Registrerte arbeidslause. Prosent av arbeidsstyrken. 1998-2013. 2,5 2 1,5 1 Hele landet Sogn og Fjordane 0,5 0 1998199920002001200220032004200520062007200820092010201120122013 16

3.3 Talet på unge arbeidslause I åra 2011 2013 var i gjennomsnitt 1,5 prosent av arbeidsstyrken under 30 år i Sogn og Fjordane registrert som heilt arbeidslause mot 2,3 prosent for landet totalt. Dette er ein nedgang på 0,6 prosenteiningar frå åra 2001-2003. På landsbasis var nedgangen på 0,8 prosenteiningar. Ungdomsarbeidsløysa i Sogn og Fjordane er den lægste i landet. Registrerte heilt arbeidslause under 30 år. Årsgjennomsnitt. I prosent av arbeidsstyrken. Endring 2001/2003 2001-2003 2011-2013 2011/2013 Sogn og Fjordane 2,1 1,5-0,6 Heile landet 3,1 2,3-0,8 4 3,5 3 2,5 Registrerte arbeidslause under 30 år. Prosent av arbeidsstyrken. 1998-2013. 2 1,5 Hele landet Sogn og Fjordane 1 0,5 0 1998199920002001200220032004200520062007200820092010201120122013 17

3.4 Mottakarar av uførepensjon Mottakarar av uførepensjon er personar som heilt eller delvis har mista arbeids- og inntektsevne. Desse er heilt eller delvis utestengd frå arbeidsmarknaden. Tap av inntekt, manglande kontakt med arbeidslivet og ei kjensle av «utanforskap» kan påverke den psykiske helsa, velferda og levevanane til den einskilde. Mottakarar av uførepensjon i prosent av folkemengda i alderen 18-66 år. Aldersstandardiserte tal. Årsgjennomsnitt 2001/2003-2011/2013. Endring 2001/2003-2001-2003 2003-2005 2005-2007 2007-2009 2009-2011 2011-2013 2011/2013 Sogn og Fjordane 8,2 8,5 8,4 8,0 7,7 7,5-0,7 Heile landet 9,8 10 9,8 9,4 9,2 9,2-0,6 I gjennomsnitt for åra 2011 2013 var den aldersstandardisert 1 uførerate i Sogn og Fjordane på 7,4 prosent. Berre Oslo og Akershus har ei lægre uførerate enn Sogn og Fjordane. Uførerata for landet totalt er på 9,2 prosent. Den aldersstandardiserte uførerata i Sogn og Fjordane har gått ned med 0,7 prosenteiningar frå perioden 2001-2003 til perioden 2011 2013. Dette er omlag den same nedgangen som for landet sett under eitt. I heile dette tidsrommet har uførerata i Sogn og Fjordane vore lægre enn landsgjennomsnittet. Sjølv om uførerata i Sogn og Fjordane er låg samanlikna med resten landet, så er den høg i ein internasjonal målestokk. Når vi i tillegg tek omsyn til talet på personar med rett til arbeidsavklaringspengar, så er ein stor del av folkemengda i arbeidsfør alder heilt eller delvis utanfor arbeidsmarknaden. 3.5 Mottakarar av uførepensjon under 45 år I perioden 2011 2013 var den aldersstandardisert 2 uførerate blant personar under 45 år på 2,3 prosent i Sogn og Fjordane. Dette var 0,2 prosenteiningar mindre enn landsgjennomsnittet. Omfanget av unge uførepensjonistar i Sogn og Fjordane gjekk ned med 0,5 prosenteiningar frå perioden 2001 2003, omlag det same som landsgjennomsnittet. Mottakarar av uførepensjon i prosent av folkemengda i alderen 18-44 år. Aldersstandardiserte tal. Årsgjennomsnitt 2001/2003-2011/2013. Endring 2001/2003-2001-2003 2003-2005 2005-2007 2007-2009 2009-2011 2011-2013 2011/2013 Sogn og Fjordane 2,8 2,9 2,7 2,4 2,2 2,3-0,5 Heile landet 3,1 3,0 2,8 2,4 2,3 2,5-0,6 1 Aldersstandardisert uførerate er den uførerata ein ville hatt i Sogn og Fjordane dersom aldersfordelinga i fylket var den same som på landsplan. Vi nyttar aldersstandardiserte uføreratar fordi befolkninga i fylket er eldre enn landsgjennomsnittet og han eldes raskare enn for landet sett under eitt. Dersom ein ikkje standardiserer, kan uføreratane for Sogn og Fjordane bli for høge samanlikna med resten av landet og utviklinga vil stå fram som meir negativ enn det som er reelt. 2 Sjå fotnote 1. 18

Blant unge har uførerata i Sogn og Fjordane vore marginalt løgre enn landsgjennomsnittet i heile den siste ti-års perioden, men skilnaden er monaleg mindre enn for uførepensjonistar i alt. 3.6 Mottakarar av økonomisk sosialhjelp Mottakarar av økonomisk sosialhjelp er ei utsett gruppe, psykososialt og materielt. Dei har ofte ei marginal tilknyting til arbeidsmarknaden, kortare utdanning og lågare bustandard enn befolkninga elles. Den fysiske, og særleg den psykiske, helsetilstanden blant mottakarar av sosialhjelp er gjennomgåande dårleg. Kriminalitet, rusmisbruk og røyking er meir vanleg blant denne gruppa enn i befolkninga elles (Van der Wel, K. A., m.fl. (2006)). Mottakarar av sosialhjelp døyr og tidlegare andre, m.a. på grunn av eit stort forbruk av alkohol/rusmiddel (Ohrem Naper, S. (2009). Trass i jamn auke i satsane har sosialhjelpa i Noreg blitt mindre effektiv til å hindre fattigdom (Kuivalainen, S. & Nelson, K. (2012)). Mottakarane av sosialhjelp har difor ein levestandard under gjennomsnittet og kan i mindre grad enn andre nytte sosiale og kulturelle tilbod. Dette råkar i særleg grad borna sine ferie- og fritidsaktivitetar. Sosial ekskludering og ein pressa økonomisk kvardag vil påverka levevilkåra. Mottakarar av økonomisk sosialhjelp i alderen 25-66 år. Prosentdel av folkemengda. Årsgjennomsnitt Endring 2010-2000 - 2002 2010-2012 2012 Sogn og Fjordane 3,2 2,7-0,5 Heile landet 3,9 3,3-0,6 I gjennomsnitt for åra 2010 2012 fekk 2,7 prosent av folkemengda i alderen 25 66 år økonomisk sosialhjelp i Sogn og Fjordane. Det er berre Møre og Romsdal av fylka som har ein lågare prosentdel mottakarar av sosialhjelp. Landsgjennomsnittet ligg på 3,3 prosent. I Sogn og Fjordane har det vore ein nedgang i talet på stønadstilfelle på 0,5 prosentpoeng frå perioden 2000 2002 til perioden 2010 2012. På landsplan var nedgangen på 0,6 prosentpoeng i den same perioden. Dette er ikkje ein vesentleg skilnad. 19

2000 1500 1000 500 0 Mottakarar av økonomisk sosialhjelp i Sogn og Fjordane. 25-66 år. Årsgjennomsnitt. 1722 1450 2000-2002 2010-2012 3.7 Mottakarar av økonomisk sosialhjelp under 25 år Mottakarar av økonomisk sosialhjelp i alderen 18-24 år. Prosentdel av folkemengda. Årsgjennomsnitt Endring 2010-2000 - 2002 2010-2012 2012 Sogn og Fjordane 5,4 4,3-1,1 Heile landet 7,1 5,8-1,3 4,3 prosent av ungdom i Sogn og Fjordane i alderen 18 24 år fekk sosialhjelp i perioden 2010 2012 (årsgjennomsnitt). Dette er lågast i landet og var ein nedgang på 1,1 prosentpoeng frå perioden 2000 2002. Landsgjennomsnittet ligg på 5,8 prosent, ein nedgang på 1,3 prosentpoeng frå perioden 2000 2012. Skilnaden mellom fylket og landet når det gjeld endringa i talet på stønadstilfelle (1,1 prosentpoeng i Sogn og Fjordane mot 1,3 prosentpoeng på landsplan) er ikkje vesentleg. 1000 Mottakarar av økonomisk sosialhjelp i Sogn og Fjordane. 18-24 år. Årsgjennomsnitt. 500 529 448 0 2000-2002 2010-2012 20

3.8 Prosentdelen som bur i hushald med låg inntekt Inntekt og økonomi er viktige faktorar som påverkar helse, og forsking viser at det er nær samanheng mellom inntektsnivå og helsetilstand. Låg inntekt aukar sannsynet for dårleg sjølvopplevd helse, sjukdom og for tidleg død. For menn i alderen 45 59 år er sannsynet for å døy 3 5 gonger så høgt for dei 20 prosentane som tener minst samanlikna med dei 20 prosentane som tener mest (Næss Ø., m.fl. (2007)). Personar med inntekt som ligg langt under normalinntekta har ein lågare levestandard enn folk flest. Dette vil påverka tilgangen på sunn mat og helsefremjande fritidsaktivitetar. Personar med låg inntekt har og ofte belastande yrke og arbeidsoppgåver. 8,5 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane bur i hushald med ei inntekt på maksimum 60 prosent av medianinntekta i fylket 3. Det tilsvarande talet for landet er 9,9 prosent. Berre Akershus og Rogaland hadde i åra 2011 2012 ein mindre prosentdel av folkemengda i denne inntektsgruppa enn Sogn og Fjordane. Prosentdelen av personar som bur i slike hushald i Sogn og Fjordane har gått ned med 0,6 prosentpoeng frå perioden 2005 2006 til perioden 2011 2012, medan han har auka med 0,2 prosentpoeng på landsbasis. Prosentdelen av hushalda med årleg inntekt etter skatt pr. forbrukseining på maksimum 60 prosent av medianinntekta. EU-skala. Endring 2005/06-2005/06 2011/12 2011/12 Sogn og Fjordane 9,1 8,5-0,6 Heile landet 9,7 9,9 0,2 3.9 Prosentdelen som bur i hushald med låg inntekt. Unge under 18 år. Inntektssituasjonen til familien i barndommen kan vera éin av fleire faktorar som via utdanningsnivå, yrkesval og deltaking i arbeidslivet, set i gang ein spiral der helse og inntekt påverkar kvarandre gjennom livsløpet (Kawachi, I., m.fl. (2010) og Pedersen, A. W. (2013)). 7,4 prosent av dei unge under 18 år i Sogn og Fjordane og 9,9 prosent på landsplan bur i hushald med ei inntekt på maksimum 60 prosent av medianinntekta. Frå perioden 2005 2006 til perioden 2011 2012 var det ein auke på 1,1 prosentpoeng i Sogn og Fjordane og 1,4 prosentpoeng i landsgjennomsnitt. Berre Rogaland har færre unge enn Sogn og Fjordane som bur i hushald med låg inntekt. 3 Studenthushald og felleshushald (t.d. alders- og sjukeheimar) er ikkje med i talgrunnlaget. 21

Prosentdelen unge under 18 år som bur hushald med årleg inntekt etter skatt pr. forbrukseining på maksimum 60 prosent av medianinntekta. EU-skala. Endring 2005/06-2005/06 2011/12 2011/12 Sogn og Fjordane 6,3 7,4 1,1 Heile landet 8,5 9,9 1,4 3.10 Prosentdelen eineforsørgjarar Småbarnsfamiliar, særleg einslege forsørgjarar, opplever no i større grad relativ fattigdom enn for nokre år sidan ( Seim, S. & Larsen, H. (2011)). Om lag 14,7 prosent av alle forsørgjarane I Sogn og Fjordane var eineforsørgjarar i åra 2011 2013 4. På landsplan var 18,0 prosent av mottakarane av barnetrygd eineforsørgjarar. Sidan perioden 2001 2003 har prosentdelen eineforsørgjarar gått ned med 0,5 prosentpoeng i Sogn og Fjordane, medan nedgangen i landsgjennomsnittet har vore på 2,5 prosentpoeng. Talet på eineforsørgjarar under 45 år. I prosent av alle med born under 18 år. Årsgjennomsnitt Endring 2001/2003-2001 - 2003 2011-2013 2011/2014 Sogn og Fjordane 15,2 14,7-0,5 Heile landet 20,5 18,0-2,5 3.11 Born med barnevernstiltak i prosent av alle born Gjennom indikatoren born med barnevernstiltak freistar ein å måle omfanget av omsorgssvikt mot born, inklusiv vald. Traumatiske hendingar i barndommen, m.a. vald og omsorgssvikt, kan føre til somatiske og psykiske sjukdomar seinare i livet og tidleg død (Felitti VJ, Anda RF, Nordenberg D et al. (1998) og Kirkengen A.L (2005) ). Det er også påvist samanheng mellom det å vera voldsoffer i nære relasjonar i barndomen til å bli ein voldsutøvar som vaksen (Bengtson M., Steinsvåg P.Ø og Terland H. (2005)). I gjennomsnitt var 24,6 born per 1000 innbyggjar under 23 år omfatta av eit barnevernstiltak i Sogn og Fjordane i åra 2010 2012. Det tilsvarande talet på landsplan var 26,2 born. Det er ikkje statistisk skilnad mellom fylket og landet. Sogn og Fjordane ligg i midtsjiktet når det gjeld prosentdelen av borna som er omfatta av eit barnevernstiltak. Akershus, Rogaland, Hordaland, Sør-Trøndelag og Oslo har færre born under barnevernet enn Sogn og Fjordane. 4 Dette er personar som får utvida barnetrygd. 22

Talet på born 0-22 år med barnevernstiltak ved utgangen av året per 1000 innbyggjar. Gjennomsnitt. 2003-2004 2013-2014 Endring 2003/2004-2013/2014 Sogn og Fjordane 18,6 26,0 40,2 % Heile landet 20,7 25,5 23,2 % Sidan perioden 2003 2004 har andelen av borna i Sogn og Fjordane som er under tiltak i barnevernet auka med 40,2 prosent. Auken på landsbasis har vore på 23,2 prosent. Talet på born med barnevernstiltak i dei ulike fylka er i stor grad prega av skilnadene på ressursar innan barnevernet, og må såleis tolkast med varsemd. 3.12 Legedekning Tilgjenge til primærlege påverkar sannsynet for at innbyggjarane oppsøker lege ved sjukdom eller i samband med oppfølging av sjukdom og tida det tek å få legehjelp ved akutt behov. Når innbyggjarane veit at det tek lang tid og er vanskeleg å koma til primærlege, vil det og kunne påverke livskvaliteten deira. I Noreg er det små eller ingen skilnader mellom ulike grupper når det gjeld bruken av allmennlegar, men klare skilnader i bruken av private legespesialister (Van Doorslaer, E., m.fl. (2004) og Lian, O. & Westin, S. (2009)). I enkelte tilfelle er det i norsk samanheng funne meir bruk av polikliniske tenester blant personar med høg inntekt, men sjeldan når det gjeld innlegging på sjukehus. (Finnvold J. E.(2009) og Jensen, A. (2009)). Førebyggjande helsetenester er mangelfullt studert, men høgstatusgrupper brukar screeningundersøkingar oftare enn lågstatusgrupper (Aas, E. (2004)). Talet på legeårsverk per 10.000 innbyggjar. Endring 2004 2014 2004-2014 Sogn og Fjordane 11,1 12,6 1,5 Heile landet 9,0 10,3 1,3 I 2014 var det 12,6 legeårsverk i primærhelsetenesta per 10.000 innbyggjar i Sogn og Fjordane samanlikna med 10,3 på landsbasis. Det er berre Finnmark som har ein høgare primærlegedekning enn Sogn og Fjordane. Legedekninga i Sogn og Fjordane har dei siste 10 åra auka med 1,5 årsverk per 10.000 innbyggjar, medan landsgjennomsnittet har gått opp med omlag like mykje (1,3 årsverk per 10.000 innbyggjar). 23

3.13 Lesedugleik i grunnskulen Ei av skulen sine viktigaste oppgåver er å hjelpe elevane til å bli gode lesarar. Å kunne lese er ein verdi i seg sjølv, for oppleving, engasjement og identifikasjon, og det er eit naudsynt grunnlag for læring i dei fleste fag. 26,6 prosent av 5.klassingane i Sogn og Fjordane hadde ein lesedugleik på det lågaste nivået i skuleåra 2011/12 2013/14. Dette var omlag uendra frå gjennomsnittet i åra 2007/08 2009/10. Dei tilsvarande tala for landsgjennomsnittet var høvesvis 25,4 prosent og -0,7 prosenteiningar. Lesedugleik på lågaste nivå blant 5. klassingar. I prosent 2007/08 2009/10 2011/12-2013/14 Endring Sogn og Fjordane 26,5 26,6 0,1 Heile landet 25,9 25,4-0,5 Dette inneber at 5.klassingane i Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet når det gjeld lesedugleik. Born i 5. klasse har omlag same lededugleik no som i åra 2007/08 2009/10. Medan lesedugleiken i Sogn og Fjordane har vore omlag uendra har den forbetra seg noko på landsplan. 3.14 Trivsel i grunnskulen Å trivast er viktig for helsa til den enkelte. For barn og unge er skulen ein viktig sosial arena. Trivsel på skulen påverkar elevane sin motivasjon for å læra, og dermed deira evne til å meistra dei utfordringane skulekvardagen gjev (Øia 2011). Trivsel kan på lengre sikt påverka fråfallet blant elevar i den vidaregåande skulen, der hol i kunnskapsgrunnlaget frå ungdomsskulen er ein viktig årsak til fråfall. Trivsel på skulen kan og knytast til kor nøgd ein er med livet, spesielt for jenter (Danielsen m.fl, 2009). I dei årlege elevundersøkingane blant elevar i 7. og 10. klasse i grunnskulen vert dei m.a. spurde om kor godt dei trivst på skulen. Vi har her sett på kor stor prosentdel som på spørsmålet Trivst du godt på skulen? har svart «godt» eller «svært godt» I tabellen under er desse svara slått saman for begge klassestega. Prosentdel av 7. og 10.klassingar om trivst på skulen 2006/07-2010/11 2009/10-2014/15 Endring Sogn og Fjordane 86,6 89,9 3,3 Heile landet 84,6 87,3 2,7 Ein større prosentdel av elevane i Sogn og Fjordane (89,9 %) enn på landsbasis (87,3 %) svarar at dei trivst på skulen. I Sogn og Fjordane har denne delen auka med 3,3 prosenteiningar dei siste åra mot 2,7 prosenteiningar på landsplan. Elevane i Sogn og Fjordane trivst difor betre enn elevar elles i landet og auken i trivselen er og noko større i Sogn og Fjordane enn i landet elles. 24

3.15 Prosentdelen av elevar i VGS som fullfører Det er godt dokumenterte samanhengar mellom utdanningsnivå, materielle levekår og helse. Personar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning er truleg like utsett for levekårs- og helseproblem som dei som har valt å ikkje ta meir utdanning etter fullført ungdomsskule. Låg, formell utdanning og fråfall frå vidaregåande skule gjev helse- og levekårsproblem seinare i livet. (NOU (2009)). Utdannings- og arbeidsmarknadstilknytinga blir markant betre dersom ein fullfører vidaregåande opplæring (Markussen, E., m.fl. (2008)), medan dei som bryt skulegangen har større sjansar for å hamna utanfor, eller i ein marginal posisjon på, arbeidsmarknaden. Sannsynet for å vera registrert som arbeidssøkar hjå NAV og leve av offentlig støtte er og mykje større i denne gruppa enn i andre utdanningsgrupper (De Ridder, K.A., m.fl.(2012) og Falch, T. & Nyhus, O.H. (2009)). Prosentdelen fråfall i den vidaregåande skulen. 2005-2006 2012-2013 Endring 2005/06-2012/13 Sogn og Fjordane 18,2 17,2-1,0 Heile landet 25,3 24,3-1,0 17,2 prosent av dei som starta på vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane har i 2012/2013 ikkje fullført opplæringa 5 år etterpå 5. Dette var den lågaste fråfallsprosenten blant alle fylka og var ein nedgang på 1,0 prosenteiningar samanlikna med åra 2005 2006. For landet sett under eitt var det fråfallet på 24,3 prosent i åra 2012/2013. Endringa i Sogn og Fjordane er den same som landsgjennomsnittet. 5 Gjennomsnitt for åra 2010, 2011 og 2012. 25

3.16 Utfordringar Indikator Nivået Utviklinga i fylket Utviklinga samanlikna med landet Sjukefråværsprosent Arbeidsløyseprosent Arbeidsløyseprosent blant ungdom Uførepensjonistar i alt Unge uførepensjonstar Sosialstønadstilfelle i alt Unge sosialstønadstilfelle Hushald med låg inntekt Personar under 18 år som bur i låginntektshushald Born som bur med ein omsorgsperson, enten far eller mor Born med barnevernstiltak Legedekning Lesedugleik Trivsel Fullføringsgrad VGS Levekåra i fylket er framleis monaleg betre enn landsgjennomsnittet, men for nokre indikatorar er skilnaden mindre no enn før. Dette gjeld i særleg grad born og ungdom. Lesedugleiken blant barn i 5. klasse er lægre i Sogn og Fjordane enn gjrnnomsnittet i andre fylke og talet på born under barnevernet og talet på unge som bur i låginntektshushald har auka dei siste åra. I tillegg har talet på born som bur med berre ein omsorgsperson gått ned på landsplan, men ikkje i Sogn og Fjordane. 26

4. Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø 4.1 Melde lovbrot Talet på lovbrot er ein indikator på kriminalitet. Lovbrot skapar utrygge omgivnader og unge menn med låg sosial status og ein vanskeleg oppvekst er overrepresentert i statistikken over valds- og vinningskriminalitet. Når det gjeld økonomisk kriminalitet derimot, er det eit tungt innslag av personar med høg inntekt og utdanning. Talet på melde lovbrot per 1000 innbyggjarar Endring 2002/2004 2002/2004 2012/2014 2012/2014 Sogn og Fjordane 48,6 42,2-13,2% Heile landet 92,7 76,2-17,7% I åra 2012-2014 var det 42,2 melde lovbrot per 1000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane. For landet totalt var det tilsvarande talet 76,2. Det var dermed 45 prosent færre melde lovbrot i Sogn og Fjordane i høve til folketalet samanlikna med heile landet. Frå åra 2002-2004 til perioden 2012-2014 gjekk talet på melde lovbrot per 1000 innbyggjarar ned med 13,2 prosent i Sogn og Fjordane og med 17,7 prosent i heile landet. 4.2 Unge lovbrytarar I åra 2012-2014 var 38,3 personar per 1000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane mellom 18 og 20 år sikta for minst eitt lovbrot. Det tilsvarande talet på landsplan var 49,4. I høve til folketalet, var difor 23 prosent færre unge mellom 18 og 20 år sikta for eit lovbrot i Sogn og Fjordane samanlikna med heile landet. Frå åra 2002-2004 til 2012-2014 gjekk talet på unge lovbrytarar ned med 31,1 prosent i Sogn og Fjordane og med 24,7 prosent i heile landet. Denne skilnaden er ikkje statistisk signifikant. Talet på sikta personar i alderen 18 20 år per 1000 innbyggjarar Endring 2002/2004 2002/2004 2012/2014 2012/2014 Sogn og Fjordane 55,5 38,3-31,1% Heile landet 65,6 49,4-24,7% 4.3 Mobbing i skulen Mobbing er ein vesentleg, individuell risikofaktor for psykiske lidingar (Fosse, G., 2006). Born som vert mobba har opptil sju gonger høgare risiko for psykiske plager som angst, uro, depresjon og einsemd, enn born som ikkje vert utsett for mobbing. Blant born og unge som vert mobba er og kroppslege helseplager som hovudverk, ryggsmerter, "vondt i magen", dobbelt så vanleg som blant andre born. Desto oftare eit barn vert mobba, til større er risikoen for helseplager (Nordhagen R, Nielsen A, Stigum H (2005)). 27

Prosentdelen 10.klassingar som vert mobba på skulen 2006/07-2010/11 2009/10-2014/15 Endring Sogn og Fjordane 7,4 5,3-2,1 Heile landet 9,0 7,2-1,8 I perioden 2009/2010 2014/2015 svarte 5,3 prosent av elevane i 10. klassesteg i grunnskulen i Sogn og Fjordane at dei har opplevd mobbing dei siste månadene, medan 7,2 prosent av elevane i heile landet svarte det same. Prosentdelen som vart mobba gjekk ned med 2,1 prosentpoeng i Sogn og Fjordane og 1,8 prosenteiningar på landsplan frå perioden 2006/07 2010/11 til perioden 2009/10 2014/15. 4.4 Friviljuge lag og foreiningar som får kommunalt tilskot Dårleg helse kan gjera det vanskeleg å nytta tida til andre ting enn å pleia eiga helse, som t.d. deltaking i friviljuge organisasjonar. Det kan og vera vanskeleg å ta seg til møteplassar på grunn av dårleg fysisk eller mental helse. Svak helse kan og føre til ein ustabil arbeidsmarknadstilknyting som reduserer tilgangen til eit sosialt nettverk. Sosiale nettverk er viktige for rekruttering inn til friviljuge lag og organisasjonar. På den andre sida, kan liten deltaking i arbeidslivet gje større rom for deltaking i organiserte fritidsaktivitetar, men undersøkingar viser at arbeidslause også i stor grad fell utanfor friviljug arbeid. Det er ikkje nødvendigvis slik at dårleg helse fører til låg deltaking i friviljuge lag og organisasjonar. Årsaksforholdet kan og gå den andre vegen. Låg deltaking i organisasjonslivet kan gje manglande sosial kontakt og eit lite utbygd sosialt nettverk, noko som kan påverka (sjølvopplevd) helse. Talet på friviljuge lag som får kommunalt tilskot per 10000 innbyggjarar 2007 2014Endring Sogn og Fjordane 68,6 56,6-11,9 Heile landet 35,7 28,4-7,3 Sogn og Fjordane er det fylket som har flest lag og organisasjonar med kommunalt tilskot. I 2014 var det 56,6 friviljuge lag og foreiningar som fekk kommunalt tilskot per 10 000 innbyggjarar. Dette er nesten dobbelt så mange som på landsbasis, men er 11,9 færre lag og foreiningar per 10 000 innbyggjarar enn i 2007. For landet sett under eitt har talet på kommunalt støtta lag og foreiningar gått ned med 7,3 per 10000 frå 2007 til 2014. 28

4.5 Utfordringar Indikator Nivået Utviklinga i fylket Utviklinga samanlikna med landet Melde lovbrot Unge lovbrytarar Mobbing i skulen Friviljuge lag og foreiningar På alle folkehelseindikatorane innafor området fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø har Sogn og Fjordane ein betre score enn landsgjennomsnittet og utviklinga har vore positiv dei siste åra når det gjeld unge lovbnrytarar og mobbing i skulen. Samla sett, er utviklinga omlag som på landsplan for denne gruppa av indikatorar. 29

5. Skadar og ulukker 5.1 Hoftebrot For eldre kan brotskader vere alvorleg, og hoftebrot er spesielt alvorleg fordi det kan medføre varig redusert funksjonsevne og behov for hjelp og pleie, og dermed redusert livskvalitet. Risikoen for å døy i løpet av det fyrste året etter brotet er signifikant, og størst blant menn. Talet på hoftebrot blant eldre kan og vera ein indikator på tilgjenge til servicefunksjonar og sosiale aktivitetar. Mange hoftebrot kan vera eit teikn på vanskeleg tilkomst som manglande snøbrøyting og sandstrøing om vinteren. Graden av osteoporose spelar også inn. For eldre og personar med nedsett funksjonsnivå vil talet på hoftebrot og vera ein indikator på dei kommunale hjelpetenestene. Talet på innlagde pasientar med hoftebrot per 1000 innbyggjarar 2011-2008-2010 2013 Endring Sogn og Fjordane 2,0 2,1 0,1 Heile landet 2,2 2,1-0,1 I perioden 2011-2013 var i gjennomsnitt 2,2 promille av folkemengda i Sogn og Fjordane innlagde på sjukehus på grunn av hoftebrot. Dette er omlag uendra frå tre-årsperioden 2008-2010. Talet på hoftebrot ligg omlag på landsgjennomsnittet, men utviklinga har vore noko dårlegare i Sogn og Fjordane enn i landet elles. 5.2 Talet på skadde og drepne i trafikken. Skadde og drepne i trafikken er ein indikator på kor trygt det er å køyra, sykla eller gå langs vegane. Både den faktiske og opplevde tryggleiken påverkar folkehelsa. Talet på skada og drepne i vegtrafikkulukker. Promille av folketalet. 2002-2004 2012-2014 Endring Sogn og Fjordane 2,4 1,5-0,9 Heile landet 2,7 1,4-1,3 I åra 2012-2014 vart om lag 1,5 personar per 1000 innbyggjarar skadde eller drepne i trafikken i Sogn og Fjordane. Dette er ein nedgang på 0,9 skadde/drepne per 1000 innbyggjarar frå perioden 2002 2004. På landsbasis var det omlag like mange skadde og drepne i trafikken per 1000 innbyggjarar (1,4 per 1000 innbyggjarar) i perioden 2012-2014, men nedgangen frå åra 2002 2004 var noko større enn i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane ligg om lag midt på treet når vi rangerer fylka etter talet på skadde og drepne i trafikken per 1000 innbyggjarar. 30

5.3 Utfordringar Indikator Nivået Utviklinga i fylket Hoftebrot Skadde og drepne i trafikken Utviklinga samanlikna med landet Det er små skilnader mellom Sogn og Fjordane og landsgjennomsnittet når det gjeld nivået på indikatorar for skadar og ulukker. Utviklinga har likevel vore noko svakare enn landsgjennomsnittet. 31

6. Helserelatert åtferd 6.1 Fysisk aktivitet Fysisk aktivitet legg grunnlaget for god helse, høg levealder og betre livskvalitet. For ein del dødsårsaker og sjukdomar, som hjerte- og karsjukdomar, diabetes type 2 og muskel-/skjelettlidingar spelar vanane våre, som grad av fysisk aktivitet og røyking, ei vesentleg rolle (Tell G. m.fl. (2013)). 35 30 25 20 15 10 5 0 Prosentdelen av folksetnaden med under 1 time fysisk aktivitet i veka. Aldersgruppa 16-79 år. 19 20 20 22 25 25 26 26 26 26 26 26 26 27 28 29 29 33 6.2 Daglegrøykarar Røyking er ein av dei viktigaste årsakene til redusert helse og levealder. Skilnadene i daglig røyking etter utdanning er større i nord-europeiske enn i andre europeiske land (Strand, B.H., m.fl.(2013)) og til lågare utdanning ein har, desto større er sannsynet for at ein røykjer dagleg (Lund, K.E., m.fl., 2009). I perioden 2004 2013 røykte i gjennomsnitt 12 prosent av dei gravide i Sogn og Fjordane som var inne til fyrste svangerskapskontroll dagleg. Dette var ein nedgang på 10 prosenteiningar frå gjennomsnittet i perioden 1999 2008. I heile landet røykte 14 prosent av dei gravide dagleg i åra 2004 2013, ein nedgang på 8 prosenteiningar frå perioden 1999 2008. Prosentdelen gravide som røyker dagleg er dermed noko mindre i Sogn og Fjordane enn på landsplan, medan nedgangen dei siste åra har vore noko sterkare i Sogn og Fjordane enn for landet sett under eitt. Prosentdelen av gravide som ved fyrste svangerskapskontroll svarte at dei røykte Endring 1999/2008 1999-2008 2004-2013 2004/2013 Sogn og Fjordane 22 12-10 Heile landet 22 14-8 32