TURNÉHANDBOK M FOR UTØVARAR PÅ SKULEKONSERTTURNÉ M

Like dokumenter
TURNÉHÅNDBOK M FOR UTØVERE PÅ SKOLEKONSERTTURNÉ M

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE

Til deg som bur i fosterheim år

Vi er glade for at du deltar i formidlingen av levende musikkopplevelser for barn og unge, og ønsker deg en god turné!

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Bruk av reiserekning i Agresso

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Brukarrettleiing E-post lesar

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS

Informasjon til elevane

Minnebok. Minnebok NYNORSK

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Aon Norway Bergen. Øygarden kommune. Rutinar ved melding om personskade I barnehagar og skular Januar 2013

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Brukarrettleiing. epolitiker

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

6. trinn. Veke 24 Navn:

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.


Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Stemnehandboka for NKSF

ehandel og lokalt næringsliv

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Skrive reiserekning i Visma Expense

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for Rosa september 2014

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE


Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

SØKNAD OM UTANRETTSLEG GJELDSORDNING

Med god informasjon i bagasjen

Skattekommune. Fødselsdato/ D-nr, Telefon Privat Arbeid. Sambuar. Einsleg forsørgjar. Namnet på barnet Fødselsdato Namnet på barnet Fødselsdato.

Internasjonal vidaregåande skule

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Tillegg 1 til Kodeoversikt for lønns- og trekkoppgåver. Tillegg til 9. utgåve Gjeld frå og med inntektsåret 2006 og inntil ny oversikt er fastsett

FOR TENESTEREISER FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Forbrukerrådets husleiekontrakt

Eplemøya Om jenter og sauer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Nytt HFK Intranett

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Søknad om skilsmisse etter separasjon ved løyve (etter ekteskapslova 21)

IKT-kompetanse for øvingsskular

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * *

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Rådgjevarkonferanse 2009

Respekt på Rommetveit skule

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Namning av vegar i Fræna Kommune

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Dommarpåmelding Test HD i 4. divisjon. Testkrav: 35 sec x 40 sec x 20 stk. Test AD i 2. divisjon. Testkrav: 30 sec x 40 sec x 20 stk.

Frevo. gitarheltar. Konsert for årstrinn

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

INFORMASJON FOR OPPMENN

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

mmm...med SMAK på timeplanen

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Transkript:

TURNÉHANDBOK M FOR UTØVARAR PÅ SKULEKONSERTTURNÉ M

INNHALDSOVERSYN 99,7 prosent grunnskulebarn i Noreg får tilbod om to skulekonsertar eller tilsvarande kvart år gjennom skulekonsertordninga til Rikskonsertane. På skulekonsertane får elevane opplevingar dei vil ta med seg vidare i livet, og vi ønskjer at skulekonsertane skal vere ein inspirerande møtestad mellom profesjonelle utøvarar og unge menneske. For å oppnå det er vi avhengige av at du som utøvar er førebudd på korleis musikkformidling på ein skule fungerer, og at du kjenner til korleis skulekonsertane blir gjennomførte. I denne brosjyren får du ein del praktiske råd og tips om det å vere på skulekonsertturné. Oslo, september 2011 Anne Mari Hellerdal Kvalvik og Caroline Hambro redaktørar Rikskonsertane er nasjonal aktør på musikkfeltet i Den Kulturelle Skolesekken Rikskonsertane 2011 www.rikskonsertene.no Illustrasjonar og layout: Bjørn Andreas Maurseth www.dagron.no

INNHALD 5 5 5 7 7 7 7 7 7 8 8 11 11 11 11 13 13 14 14 14 14 16 17 19 Kort om skulekonsertane Kva er ein skulekonsertturné? Kven er oppdragsgivar og kontaktpersonar for turneen? Førebuingar før turneen tek til Korleis blir ein skulekonsertproduksjon laga? Kva slags informasjon treng oppdragsgivaren frå deg før turneen? Kva må du passe på før du signerer kontrakten? Kva slags kontrakt skal du ha? Lønnsmottakar Føretak Utøvarar som er busette utanfor Noreg Viktig å vite når du er på turné Kva for nokre dokument må du hugse å ta med deg? Kva skjer når du kjem til skulen? Kven har ansvar for PA, backline og instrument? Kva gjeld for reise og overnatting på turné? Kva må du gi beskjed til oppdragsgivaren om? Etter turneen Når kjem honoraret? Kven leverer TONO-skjema? Korleis blir produksjonen evaluert? Ofte stilte spørsmål Kven kan svare? 4 musikarar om korles det er å vere på skulekonsertturné

KORT OM SKULEKONSERTANE Rikskonsertane har heile ansvaret for skulekonsertane saman med alle fylkeskommunane i landet. Skulekonsertane er forankra i visjonane og verdiane Rikskonsertane har, og i måla for Den kulturelle skulesekken. 10 000 skulekonsertar når ut til eit publikum på 1,2 millionar skuleelevar kvart år. Rikskonsertane er finansiert gjennom budsjettet til Kulturdepartementet. Kommunane abonnerer på skulekonsertane. Kva er ein skulekonsertturné? Alle skulekonsertar er forskjellige, men vi ser likevel nokre fellestrekk som gjeld dei fleste turneane: Alle skulane i kommunar som abonnerer på skulekonsertar, får to konsertbesøk eller tilsvarande kvart år. Ein turné varer normalt frå to til tre veker. Det blir halde to eller tre konsertar på ein eller to forskjellige skular kvar dag. Konsertane blir gjennomførte på dagtid i vekedagane, mellom klokka 09.00 og 14.00. Konsertlokala er vanlegvis aulaen eller gymsalen på skulen. Konsertane er tilpassa anten ungdomsskulen (8. 10. trinn) eller barneskulen (1. 7. trinn). Det er vanlegvis 150 160 elevar på barneskulekonsertane og 200 220 elevar på ungdomsskulekonsertane. Kven er oppdragsgivar og kontaktpersonar for turneen? Både fylkeskommunane og Rikskonsertane produserer skulekonsertar. Fylkeskommunane har ansvar for om lag 60 prosent av alle konsertane på landsbasis, Rikskonsertane har ansvaret for om lag 40 prosent. Fylkeskommunane har ansvar for turnélegginga av alle skulekonsertane, uavhengig av kven som er oppdragsgivar. Når du dreg på skulekonsertturné, kan oppdragsgivaren din vere anten Rikskonsertane eller ein fylkeskommune. Det vil alltid kome fram i kontrakten kven som er oppdragsgivar. Som utøvar vil du få dei same vilkåra for oppdragsavtale og arbeidstilhøve, men nokre variasjonar mellom Rikskonsertane og dei ulike fylka vil det nok vere. Du vil normalt ha to kontaktpersonar når du skal på skulekonsertturné: Ein turnékoordinator eller turnéleggjar som har ansvar for den praktiske delen av turneen (med reise, overnatting, kontakt og så bortetter), og ein produsent som har det kunstnariske ansvaret. 5

FØREBUINGAR FØR TURNEEN TEK TIL Korleis blir ein skulekonsertproduksjon laga? Produksjonen blir utvikla gjennom eit samarbeid mellom utøvarar, produsent og andre bidragsytarar (som manusforfattarar, komponistar/ arrangørar, instruktørar og andre). Normalt er prøveperioden éi til to veker før turneen tek til. Produsenten er ansvarleg for kvaliteten på både formidlinga og det kunstnariske aspektet av konserten. Honorar for prøvetimane blir utbetalte etter gjeldande satsar etter at turneen er gjennomført. Før turneen utarbeider produsenten og informasjonsavdelinga informasjonsmateriell som blir sendt til skulane; tekst, bilete, eventuelt notar, lydfiler og forslag til for- og etterarbeid. Kva slags informasjon treng oppdragsgivaren frå deg før turneen? Kort, oppdatert tekst om deg/dykk (biografi) Bilete (minimum 300 dpi / 1 MB) Adresse til eiga nettside Personopplysningar Reiseopplysningar Kva må du passe på før du signerer kontrakten? Når du skal signere kontrakten, er det ein føresetnad at du ikkje har andre oppdrag som vil hindre deg i å gjennomføre skulekonsertturneen. Dersom du må ha fri frå jobb eller studium, må du ha søkt om og fått innvilga permisjon før du skriv under kontrakten. Kva slags kontrakt skal du ha? Lønnsmottakar: Dersom du er musikar eller dansar og lønnsmottakar, er lønna, rettane og pliktene regulerte gjennom ein avtale mellom Rikskonsertane og utøvarorganisasjonane MFO og NoDa (sjå www.rikskonsertene.no). Du må levere skattekort saman med kontrakten. Viss du ikkje gjer det, må oppdragsgivar trekkje 50 prosent skatt. Du vil automatisk få forskot for å dekkje eventuelle turnéutgifter til turnéstart viss oppdragsgivar har motteke kontrakten din tre veker før turneen tek til. * Du er forsikra etter Statens reiseregulativ (sjå www.regjeringen.no) under turneen. Forsikringa omfattar mellom anna reise og skade, men merk at dette ikkje er ei instrumentforsikring. Viss du vil forsikre instrument og backline, må du teikne eiga forsikring for det sjølv. Du får utbetalt sjukepengar frå første dag viss du skulle bli sjuk i turnéperioden. Du må signere reiserekning, leggje ved originalkvitteringar og sende det heile til oppdragsgivar (Rikskonsertane eller fylkeskommunen) etter at turneen er avslutta, for å få utbetalt kostgodtgjering og utlegg i samband med turneen. Kostgodtgjeringa blir berekna ut frå satsar i Statens reiseregulativ og blir utrekna ut frå dei tidspunkta du set opp på reiserekninga for avreise og heimkomst. * Fylkeskommunane og Rikskonsertane praktiserer dei same rutinane for honorering, men variasjonar vil finnast. Dette gjeld blant anna praksis for utbetaling av forskot, og tidspunkt for utbetaling av honorar/lønn etter turneen. 7

Føretak: Avtalen mellom Rikskonsertane og MFO/NoDa gjeld ikkje for føretak. Honoraret blir utbetalt etter faste satsar. Konsertar er ikkje MVA-pliktige. Kostgodtgjeringa blir berekna i kontrakten på førehand og tilsvarer satsane i Statens reiseregulativ. Dersom du har returnert kontrakten og ønskjer forskot, kan du be om å få utbetalt inntil 50 prosent av kontraktssummen. Forskotet blir ikkje utbetalt automatisk, og du må gi beskjed til oppdragsgivar om du ønskjer dette. Pengane blir utbetalte tidlegast fire veker før turneen tek til. * Du må hugse å informere om både organisasjonsnummeret ditt og fødselsdatoen din. Du må sjølv teikne og betale alle forsikringar også sjukeforsikringar. Du får ikkje utbetalt sjukepengar viss du blir sjuk. Du får utbetalt honorar og refundert utgifter samla etter at turneen er avslutta og oppdragsgivar har motteke faktura med kopi av kvitteringar. Du kan sende faktura og kvitteringar elektronisk eller per post. Før du skriv kontrakt, treng oppdragsgivar personinformasjon som fødselsdato, namn, adresse, bustad og statsborgarskap. Oppdragsgivar treng også følgjande bankinformasjon: Kontonummer/IBAN (International Bank Account Number), BIC/SWIFT (Bank Identifier Code), namnet på og adressa til banken. Honorar og utgiftsdekning blir utbetalt etter at turneen er avslutta og oppdragsgivar har motteke rekning med originale kvitteringar. Det blir trekt 15 prosent artistskatt av honoraret, jamfør artistskattelova. Dersom du treng attest for skatt som er betalt i Noreg, må du ta kontakt med Skatteoppkrevjar Utland i Stavanger: Postadresse: Postboks 8103, NO-4068 STAVANGER, NOREG Telefon: + 47 51 86 89 00 Telefaks: + 47 51 91 73 01 E-post: skattvest@skatteetaten.no Felles for alle engasjementsformene er at ein ikkje utbetaler honorar eller forskot før den signerte kontrakten er returnert. Honorar/lønn blir utbetalt ut frå konsertdagar, uavhengig av kor mange konsertar ein held. Utøvarar som er busette utanfor Noreg: Avtalen mellom Rikskonsertane og MFO/NoDa gjeld ikkje for utøvarar som bur og skattar utanfor Noreg. Reglar for kostgodtgjering, forskot, forsikring og utgiftsdekning er dei same som for føretak. 8 * Fylkeskommunane og Rikskonsertane praktiserer dei same honoreringsrutinane, men det vil vere nokre variasjonar. Dette gjeld mellom anna korleis ein utbetaler forskot, og når honoraret/lønna blir utbetalt etter at turneen er avslutta.

VIKTIG Å VITE NÅR DU ER PÅ TURNE Kva for nokre dokument må du hugse å ta med deg? Turnéplan: Oversikt over tid, stad og kontaktperson for alle konsertane. Dei fleste fylka bruker KSYS som informasjonskanal mot skulane. Der blir det publisert turnéplan og konsertinformasjon for skulekonsertane. Sjå www.ksys.no. Reiseplan og vegbeskriving som du har fått tilsendt frå turnéleggjar. Eventuelt GPS. Kva skjer når du kjem til skulen? Sjølv om skulane får informasjon om konsertane på førehand, ønskjer vi likevel at du ringjer skulane nokre dagar før konserten. Mange skular har sentralisert vaktmeisterteneste, og det er derfor viktig at ein har avklart dei tekniske detaljane med skulen litt på førehand. På skulane blir du som utøvar vanlegvis teken imot av ein kulturkontakt (lærar) som har hovudansvaret for å leggje til rette for konserten. Mange skular har også eigne elevarrangørar eller kulturvertar som tek seg av delar av gjennomføringa av arrangementet, til dømes som artistkontakt og/eller berehjelp. Vil du vite meir om korleis elevarrangørar jobbar på skulane, kan du lese meir på www.rikskonsertene.no/eleversomarrangorer Kven har ansvar for PA, backline og instrument? Eventuelt PA-/songanlegg og utgifter i samband med dette blir dekt av oppdragsgivaren (Rikskonsertane eller fylkeskommunen). Oppdragsgivar har forsikringsansvar for dette utstyret, men du er ansvarleg for at det blir forsvarleg brukt under turneen. Rikskonsertane og mange fylkeskommunar har eigne PA-/songanlegg som er tilpassa skulekonsertane, og nyttar vanlegvis dette utstyret for turneane. Du må sjølv stille med eigne instrument og eventuell backline (som forsterkar og liknande), og du må skaffe eiga instrumentforsikring. Backline blir rekna som ein del av instrumentet. 11

Kva gjeld for reise og overnatting på turné? Reise mellom heimstad og turnéområde ved turnéstart og turnéslutt blir bestilt og betalt av oppdragsgivaren (Rikskonsertane eller fylkeskommunen). Oppdragsgivaren bestiller den rimelegaste og mest formålstenlege reisemåten for turneen. Eventuell drosje, flytog eller flybuss må du leggje ut for sjølv, men utgiftene blir refunderte i etterkant av turneen. Kva må du gi beskjed til oppdragsgivaren om? Sjukdom Tjuveri/skade på bil og/eller utstyr Forseinkingar og andre uventa forhold som kan påverke gjennomføringa av konsertane Undervegs på turneen overnattar du på hotell, i leilegheit eller tilsvarande. Oppdragsgivaren bestiller og betaler for overnattinga dersom du bur meir enn éin time frå turnéområdet. Merk at utgifter til Internett berre blir dekte når dei er ein del av overnattingsprisen. Viss du bur privat hos venner eller familie i turnéområdet, får du nattillegg. Du får ikkje utbetalt nattillegg viss du bur heime eller dreg ut frå turnéområdet. Oppdragsgivar bestiller og betaler for reise under turneen, vanlegvis leigebil. Merk at leigebilen grunna forsikringsvilkår ikkje nyttast til private oppdrag han kan berre nyttast til avtalte reiser i samband med turneen. Reisespesifikasjonar blir avtalte mellom deg som utøvar og den som er ansvarleg for turneen (turnékoordinator eller turnéleggjar). Men dersom du ønskjer å endre den avtalte reisa etter at billettane er bestilte, må du gjere eventuelle endringar og betale for dei sjølv. 13

ETTER TURNEEN Når kjem honoraret? Honorar for turné og prøvar blir normalt utbetalt to til tre veker etter at turneen er gjennomført. Kostgodtgjering (diett) og eventuelle andre utlegg blir refunderte etter at turneen er ferdig, vanlegvis to til tre veker etter at faktura er motteken. Merk at rutinar for når forskot, utgiftsgodtgjering og honorar blir utbetalt, kan variere mellom oppdragsgivarane. Oppdragsgivaren utbetaler ikkje noko før han har fått signert kontrakt frå deg. Programrådet evaluerer produksjonen på grunnlag av videoopptak og informasjonsmateriell som produsenten har sendt inn. Merk at det ikkje er nokon garanti for å få fleire skulekonsertturnear at produksjonen blir tilrådd frå programrådet. Kven leverer TONO-skjema? Oppdragsgivar er ansvarleg for å levere repertoarliste til TONO. Utbetalinga frå TONO kjem vanlegvis i kalenderåret etter at turneen er gjennomført. Viss du sjølv har rettane til nokre av verka som blir framførte, står du ansvarleg for å melde dei inn til TONO. Korleis blir produksjonen evaluert? Etter den første turneen til produksjonen vurderer eit programråd om produksjonen skal brukast vidare. Programrådet er sett saman av produsentar, musikarar og skulerepresentantar. 14

OFTE STILTE SPØRSMÅL Når vil eg få lønn for turneen? Normalt to til tre veker etter han er ferdig. Kor lang er turneen? Vanlegvis varer ein turné to til tre veker (10 15 konsertdagar). Kor mange konsertar er det? To eller tre kvar dag. Får eg betalt per konsert? Nei, du får betalt per dag uavhengig av kor mange konsertar du held. Korleis gjer eg det med reise og overnatting? Oppdragsgivaren (anten Rikskonsertane eller fylkeskommunen) bestiller og betaler reise og overnatting. Kva for nokre fristar må eg hugse på? Du må sende personopplysningar og reiseopplysningar før du skriv under kontrakten. Du må returnere den underskrivne kontrakten innan to veker etter at du har motteke han. Du må sende reiserekning/faktura til oppdragsgivar seinast ein månad etter at turneen er ferdig. Må eg ta med eigne instrument? Ja, men oppdragsgivar står for utgifter til eventuell overvekt på fly og stiller med PA-/songanlegg. Korleis gjer eg det med forsikring? Du må sjølv forsikre dine eigne instrument. Andre forsikringar kjem an på om du er lønnsmottakar, driv ditt eige føretak eller er utanlandsk utøvar. Oppdragsgivar har forsikringsansvar for leigebilen og eventuelt PA-/songanlegg som ikkje er ditt. 16

KVEN KAN SVARE? Spørsmål om praktiske detaljar på konsertstaden SkUlen Spørsmål om skulekonsertordninga generelt: Informasjonsavdelinga til Rikskonsertane (sjå òg www.rikskonsertene.no) Når Rikskonsertane er oppdragsgivar: Spørsmål om kontrakt, økonomi, reise og turné: Turnékoordinator Spørsmål om prøvar og innhaldet i konsertane: Produsent Spørsmål om nye programforslag: www.rikskonsertene.no Når fylkeskommunen er oppdragsgivar: Spørsmål om kontrakt, økonomi, prøvar og innhaldet i konserten: Produsent Spørsmål om reise- og turnéplan: Turnéleggjar/turnékonsulent Spørsmål om nye programforslag: Produsent Merk at kven som er kontaktperson for kva, kan variere frå fylkeskommune til fylkeskommune. Vi ønskjer deg ein god turné!

«Det er veldig, veldig gøy. Vi opplever eit annleis publikum, men også ein annan type respons. Nokre vert rive med av musikken vår og av at det var konsert med nett oss. Andre vert meir engasjerte og rive med av konsertkonseptet i seg sjølv. Dessutan er det ein mykje meir ærleg respons enn vanleg. Her er det ingen høflege frasar. OM dei ikkje likar det vi gjer, snur dei seg og går.» Torkjell Røed, vokalist i Audrey Horne «Ungane hoppa, dansa og klatra opp i ribbeveggane. Det var heilt utruleg morosamt. Der vi møtte eit blygt publikum, var det berre å snu seg, riste litt på rumpa og vinke, så var barna heilt med. Det har vore ei annleis, fin oppleving og veldig inspirerande.» Guttorm Andreassen / DJ 99 på turné med perkusjonist Martin Horntvedt og saksofonist Håkon Kornstad. «Det er heilt annleis å spele so tidleg på dagen enn på ein svett klubb på kvelden! Ingen levande lys, raud vin eller scene. Det er absurd å stå opp klokka 7 om morgonen og rigge seg til i ein vinterkald gymsal, men desto større gevinst når det faktisk blir skikkelig konsertstemning, for det blir det når elevane kjem inn. Det å stå framfor 200 elevar som ser på deg og smiler, samtidig som dei ser i bakken når blikket møtes, er magisk.» «Ein må gi alt på kvar einaste konsert! Barn er meir opne og kanskje meir kvalitetsmedvitne enn vaksne. Ungar let aldri som om dei likar noko om dei ikkje gjer det.» Unni Løvlid, tradisjonssongar, folkemusikar. Heidi Marie Vestrheim, vokalist, låtskrivar. 19

Vi ønskjer deg ein god turné! www.rikskonsertene.no