KYRKJEBLAD. 1889. Dette var den fyrste kristne songen som fekk gjennomslag på nynorsk. Songen er litt omarbeidd av Bernt Støylen i 1906.



Like dokumenter
EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Velkomen som konfirmant!

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

6. trinn. Veke 24 Navn:

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Jon Fosse. For seint. Libretto

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Velkomen som konfirmant

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Valdres vidaregåande skule

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Månadsbrev for Rosa september 2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Plassebakken Barnehage

Møteprotokoll for møte i

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

5. Soknerådsmøte mai Referat

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

ORDNING FOR KONFIRMASJON

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

/

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

mmm...med SMAK på timeplanen

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord


I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013


Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg


Plan for undervisning

KYRKJELYD NORDDAL ÅRSMELDING

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Strategidokument Varhaug Misjonshus

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Strategidokument

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Månadsplan for Hare November

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Da psbrosjyre ver nov :03:33

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Informasjon til elevane

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Brukarrettleiing E-post lesar

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Transkript:

16 SALME Tekst: Engelskmannen Edward P. Hammond, skreiv denne songen under ei vitjing i Getsemane-hagen i 1866. Songen vart omsett til bokmål (Hin time i Getsemane) i 1880-åra og til nynorsk av Johannes A. Barstad, som og nydikta vers 3, i 1889. Dette var den fyrste kristne songen som fekk gjennomslag på nynorsk. Songen er litt omarbeidd av Bernt Støylen i 1906. 1 Den stunda i Getsemane eg aldri gløyma kan. Då du låg skjelvande på kne min Gud og Frelsarmann. Kor: Getsemane, Getsemane, der du, min Frelsar god for meg låg skjelvande på kne så sveitten draup som blod. 2 Du sorgtyngd inn i hagen kom og stridde sårt for oss, du tok vår synd, vår død og dom, du bar det til din kross. 3 Av kjærleik der du sveitta blod, av kjærleik der du bad, av kjærleik skjelvande du stod, så eg går frelst og glad. 4 Men vil min kjærleik kolna av, min Frelsar, eg deg bed: Å, minn meg om din kross og grav og om Getsemane. KYRKJEBLAD for NORDDAL Nr 1 2014 45. årgang

2 25.februar 1814: Dagens tekst: Folk, sett deres lit til Herren! Den 25. februar 1814 vart det halde gudstenester i kyrkjer over heile landet. Den dagen vart det fyrste demokratiske valet i Norge si historie halde, og vallokalet var kyrkjene. Dei skulle velge menn som skulle fare til Eidsvoll for å utforme Norges regjeringsforfatning. Prestane held den dagen preike over orda frå Salme 62, 7-13: Berre Gud er mitt berg og mi frelse og mitt vern, eg skal ikkje vakla. Hos Gud er mi frelse og mi ære. Mitt mektige berg, mi tilflukt er hos Gud. Lit alltid på han, de folk, aus ut dykkar hjarte for han! Gud er vår tilflukt. (1930-oversettelsen) Dette er ei salme som er skrive av kong David. Han visste kva det ville seie å sette sin lit til ein mektig Gud. Han gjorde det i krig og han gjorde det i rivalisering med folk som skulle vere venene hans. Når han sjølv hadde gjort brotsverk, då ropte han og til sin Gud om tilgjeving. David vart kalla ein mann etter Guds hjarte. Det var ikkje fordi han var perfekt og ikke hadde riper i lakken. Han hadde ikkje berre riper, han hadde stygge bulker og. Men Gud var hans tilflukt og hans vern. Mennene på Eidsvoll, som ga oss grunnlova, var også klar over dette. Dei kunne alle sin Pontoppidan (ei bok som du måtte kunne for å verta konfirmert) og bibelsoga. Kristen tru og tanke var vevd inn i alle lag av samfunnet. Dette burde det vera meir fokus på i grunnlovsjubileet, som vert markert i både medier og andre fora nå i 2014: Kva rolle spela kristen tru og tanke og ideal i prosessen i dette mirakelåret. Har du stoff til Kyrkjebladet? Frister for innlevering av stoff: Innan 1. mars, 1. juni, 1. september og 1. desember For Gud, skaparen vår, er ein person som bryr seg om, og som er historia sin Herre. Han er mykje meir enn en ide som er kome opp i menneska si utvikling. Han er den same i dag som han var i 1814, og som han har vore til alle tider. Menneska sine tanker om han kan vere forskjellige i forskjellige tider og på forskjellige stader, men Gud er den same, same kva vi tenkjer om han. Han har gjeve oss sitt Ord i Bibelen, og det er der vi finn sanninga om Gud. Der finn vi også sanninga om livet og om døden, og om korleis livet skal levas. Heilt fram til vår tid har nordmenn føljd oppmodinga frå kong David i Salme 62: Lit alltid på Gud! Han har verna oss og velsigna oss. Kunnskapen om Gud er på vikende front i landet vårt, og vi treng å meditere over David sine ord i dag meir enn nokon gong, for framtida er endå meir uviss i dag enn det den var i 1814. 15 Gudstenester Våren 2014 Gudstenestene er ved Sokneprest Morten Gravdal, dersom andre namn ikkje er nemt. Søndag 30.03 2014 3.s.i faste Høgmesse, nattverd. Sylte Kyrkje kl 11.00 Offer til Normisjon Søndag 13.04.2014 PalmesundagGudstenestelig møte. Tafjord (Fjordheim) kl. 11:00 Offer til Omsorgsenter Vest. Fredag 18.04.2014 Langfredag Norddal kyrkje kl. 11:00 Gudsteneste Sylte kyrkje kl. 16.00 Gudsteneste Søndag 20.04.2014 Påskedag Høgmesse Nattverd Norddal kyrkje kl. 11:00 Offer til Stefanusalliansen. Mandag 21.04.2014 2. påskedag Høgmesse Nattverd Sylte kyrkje kl. 11:00 Offer til Himalpartner. Søndag 04.05.2014 3.s.i påsketida Høgmesse Nattverd Norddal kyrkje kl. 11:00 Offer til Diakoniarbeidet i kyrkjelyden. Søndag 11.05.2014 4.s.i påsketida Høgmesse Sylte kyrkje kl. 11:00 Offer til Det Norske Misjonsselskap. Lørdag 17.05.2014 17. mai Høgmesse Sylte kyrkje kl. 12.00 Offer til Sjømannskirken Sunnmøre krets. Søndag 18.05.2014 5.s.i påsketida Høgmesse Norddal kyrkje kl. 11:00 Offer til Kirkens Ressurssenter mot vold seksuelle overgrep. Kyrkjekaffi og markering av grunnlovsjubileet. Lørdag 24.05.2014 kl. 11:00 Høgmesse Konfirmasjon Sylte kyrkje Offer til Konfirmantarbeidet i kyrkjelyden. Lørdag 31.05.2014 kl. 11:00 Høgmesse Konfirmasjon Norddal kyrkje Offer til Konfirmantarbeidet i kyrkjelyden. Søndag 08.06.2014 Pinsedag Høgmesse Sylte kyrkje kl. 11:00 Nattverd Offer til OASE. Mandag 09.06.2014 2. pinsedag Høgmesse Nattverd Norddal kyrkje kl. 11:00 Offer til Bønnesenteret i Nakuru, Kenya. Mett ikke din samvittighet med unnskyldninger. Du metter ikke en vakthund med sovetabletter. Søren Kierkegaard

14 Kyrkjeblad for Norddal Utgjeve av Norddal sokneråd. Redaksjon: Grete Hoel, Gunvor Sirevåg, Kasserar: Norddal sokneråd, 6210 Valldal. Bankgiro: 4020.30.03805 Bladet kjem ut fire gongar i året, vert sendt alle heimane og er finansiert med gåver. Norddal kyrkjekontor: Tysdag fredag: kl. 10.00 14.00 Tlf. 70 25 88 95 Faks 70 25 88 01 E-post: norddal@storfjorden.kyrkja.no Adm. leiar: Magne Eivind Glomnes, tlf. 70 25 88 95 norddal@storfjorden.kyrkja.no Ungdoms- og diakoniarbeider: Gudrun Uri, tlf. 70 25 88 96 Onsdag, torsdag og fredag. Organist: Carolin Eide, tlf. 93 82 04 96 Sokneprest: Morten Gravdal Tlf. 70 25 88 97 Mobil 90 16 27 59 sokneprest.norddal@kirkeserver.no Kyrkjetenar/kyrkjegardsarb.: Dan Høglund Tlf. 91 35 03 47 www.norddal.kirken.no DØYPTE Helle Myklebust Vestre 26.12.14 Susanne Døving 12. 1.14 Frank Andre Stenvåg Indreeide 23. 3.14 GRAVLAGDE Anna Kjellaug Dale 13.12.13 Kjersti Døving 27.12.13 Gina Alida Rønneberg 3. 1.14 Nelly Ytterdal 24. 1.14 Trygve Dahle 7. 3.14 Har du stoff til Kyrkjebladet? Frister for innlevering av stoff: Innan 1. mars, 1. juni, 1. september og 1. desember 3 NYTT FRÅ SOKNERÅDET & FELLESRÅDET Kommunalt tilskot redusert: Norddal kommune har for 2014 redusert det kommunale tilskotet med kr. 150.000 i høve til 2013. Dette er ein reduksjon på 11% og fører til at fellesrådet må gjere kraftige nedskjeringar som rammar vårt sokn. Meir bruk av eigne ressursar framfor leige av eksterne firma til bl.a. graving blir gjennomført. Temperaturen i kyrkjene blir redusert, bruk av vikarar blir redusert til det minimale. Dette vil bl.a. innebere at det i periodar ikkje blir slått på kyrkjegarden. Det blir forsøkt mest mogleg å ikkje ramme dei utadretta stillingane, men i og med at dette er stillingar som ikkje er lovpålagt er det vanskeleg å kutte tilstrekkeleg i lovpålagte oppgåver og dekke 50% stilling av dei kommunale midlane. Soknerådet er no utfordra til å finansiere ein større del av denne stillinga ved hjelp av innsamla midlar og andre inntekter. Dette går soknerådet inn for, men vi er sjølvsagt avhengig av at kyrkjelydsmedlemane bidrar med tilstrekkelege midlar. Det er heilt vanleg at heile eller deler av t.d. kateketstilling, diakonale stillingar og ungdomsprest blir finansiert av kyrkjelydane. Dette gjeld også i vårt fellesrådsområde. Det vil også bli ulike arrangement det komande året som vonleg vil føre til auka inntekt. Vi kjem tilbake til kva type arrangement dette blir. Årsmelding 2013: Innleiing: 2013 har vore eit jamt arbeidsår med 150- års jubileet for Sylte kyrkje som årets høgdepunkt med konsert, jubileumsgudsteneste og jubileumskveld. Det har vore val på halvparten av soknerådet, og olsokarrangementet og andre arrangement har gått som planlagt. Resten av årsmeldinga kan du lese på heimesida eller få den på kyrkjekontoret eller i kyrkja. Kva kan gjerast? Vil du gi ei gåve til barne- og ungdomsarbeidet eller diakoniarbeidet i kyrkjelyden? Kontonummer 4020.30.44919. Som omtalt under nytt frå soknerådet er dei kommunale løyvingane redusert. For å kunne oppretthalde ulike tilbod i soknet vårt som ikkje er lovpålagt må kyrkjelyden i større grad enn før også vere med å finansiere lønsutgifter til stillinga som ungdoms og diakoniarbeidar. For at tilboda under skal fortsetje må vi ha nok midlar til å drive dette vidare. Gudrun som i dag har denne stillinga har bl.a. desse oppgåvene i kyrkjelyden: -Oppfølging av dåpsbarn med dåpshelsing, invitasjon til 4-års bok og hausttakkefest, utdeling av biblar til 5. klasse og påfølgjande bibelkurs. Ho har hovudansvar for Amigos som er ein barneforeining frå 2. kl. og oppover. Ho er også kyrkja sin kontaktperson mot søndagsskulane og andre lag og organisasjonar. Vidare organiserer ho ulike tilbod for konfirmantane saman med soknepresten, Ung fredag saman med kommunen, ulike samlingar for born og unge. Ho vil vidare i samarbeid med trusopplærar Martin Kristoffersen og frivillige vere med å utvikle nye trusopplæringstilbod i soknet. Diakonale oppgåver: Ho er jamleg på besøk på sjukeheimen og omsorgsbustadane, blomsterhelsingar til jubilantar, oppfølgingsbesøk til sørgande som har behov for det. Ho inviterer desse til helgemesse kvart år og har kontakten med dei eldre. Dette er ei oppgåve som ikkje er sjølvsagt i mange kommunar, men som blir satt umåteleg stor pris på. Ho organiserer elles plantedagane og andre diakonale tilbod gjennom året. I stillinga er ho også sekretær i diakoniutvalet og undervisningsutvalet, og administrasjon av alt ovanfor. Om du ynskjer å bli fast givar kan du kontakte banken og få ein avtale om fast overføring.

4 Grunnlovsjubileet. Denne rama med kopi av brevet som kom til Norddal i 1814, heng no i kyrkja i Norddal. Nær ein fjerdepart av dette dokumentet, inneheld namna på dei som vart send frå vårt område til Molde for å velje utsendingar til Riksforsamlinga. Kanskje nokon frå bygda vil finne namnet på ein av forfedrane sine? MIRAKELÅRET 1814 vart kalla mirakelåret i Norsk historie. Vi hadde vore under Dansk styre sidan 1380, altså i meir enn 430 år. Det tok slutt i 1814. Danmark var på Napoleon si side i Napoleonskrigane som hadde rasa i åra før. Napoleon måtte overgje seg i 1814, og Danmark måtte avstå Norge til Sverige, som var på sigerherrane si side. Den danske prins Christian Fredrik hadde ambisjonar om å bli konge i eit Norge som ville vere fritt. Saman med nokre norske stormenn, dei fleste av dansk herkomst, kalla han saman ei forsamling som skulle møtast på Eidsvoll frå 10.april det året. Ei oppmoding om å velje representantar til denne forsamlinga gjekk ut i februar og vart lese opp i kyrkjene den 25. februar. Valkyrkjene var fulle av folk denne søndagen, og prester i kyrkjene løfta handa si og sa: «Sverger I at hevde Norges selvstendighet og våge liv og blod for det elskede fedreland.» Straks runget det attende frå rekkene av menn som også løfta høgre armen og viste kristentegnet på same måte som presten: «Det sverger vi, så sant hjelpe oss Gud og hans hellige ord.» Norddal kyrkje var ei av dei kyrkjene som da var valkyrkjer. Man valde då ein representant frå Norddal som skulle dra til Molde og stemme på tre utsendingar frå amtet. Den 24.februar erklærer den unge prinsen seg som Norges regent, og gir utsendingar frå svenskekongen Karl Johan, beskjed om at det er kalla saman ei forsamling av nordmenn som sjølv skal avgjere kursen vidare. Han hevder at Norge no er fritt og uavhengig, og at dei har rett til å bestemme si eiga regjeringsforfatning. Dette valet som vart halde i Norske kyrkjer den 25 februar 1814, er det fyrste demokratiske 13 Barneforeiningsbasar slik den plar vere på Eide Fullt hus og ein triveleg stund for både store og små, er oppskrifta for ein vellukka basar. Basaren til Fjellrosa barneforeining er ein tradisjon og går føre seg på bedehuset på Eide. Store og små plar finne turen hit, og det gjorde også Sivert Hovde frå Det Norske Misjonsselskap. Eg er ganske overraska over at så mange har samla seg på ein så rar plass, sa han og fortalde at turen frå Molde og til Eide hadde gått rett så fint sjølv om han aldri har vore her før. Han samla mange av ungane framme hos seg medan han fortalte om både sennepsfrøet og ei historie om tre små tre som drøymde om kva dei ville bli når dei vart store og ikkje minst, om det gjekk som dei trudde når dei vart vaksne. Før Hovde kom på, hadde det vore sal av tombolalodd og lodda vart utselde på rekordtid. Og svært mange hadde både ein anseleg behaldning av såpe og ein stor og Lisen Eide med fanget fullt av ungar på den årlege basaren på Eide bedehus i januar. variert bilpark etter kvart som gevinstar vart henta på tombolabordet. Kaffi og kaker var der også og borna skifta på å vere på jobb som dei kalla det. Nokre av dei yngste trong litt hjelp til å rekne saman og til å gje att rett, men her hjelper dei større dei små og om det knip er Lisen og Margaret stort sett alltid i nærleiken for å hjelpe. Med andre ord, ein barneforeiningsbasar akkurat slik den skal vere. Britt Ingunn Maurstad Basar på bedehuset på Sylte Laurdag 22. mars var det basar på bedehuset på Sylte. Desse basarane er viktige for bedehusa sin økonomi. Dei er viktige møteplassar og for folk som ser verdien i arbeidet på bedehuset. Det var mykje folk på Sylte bedehus denne dagen, og det var mange fine gevinster. Aslaug Smoge opplyser at det samla kom inn tett oppunder 40 tusen, noko som er eitt av dei beste resultata nokon gong. Marit Øvrevoll leidde basaren og sto for både åresalg og utroping av vinnarar. Takk til alle som var med.

12 5 Kan du tenke deg å bli spurt - av og til? I arbeidet i kyrkjelyden vår er vi avhengige av eit godt samarbeid der vi hjelper kvarandre. Vi høyrer alle til, og er flinke til ulike ting, og er ledige til forskjellige tider på året. Ofte når vi møtast er det fint å dele eit måltid. I lag med borna på barneforeningar, bibelkurs, konfirmanttimar. Og det er godt med heimebaka rundstykker, og bollar ein gong i blant. Til kyrkjekaffi er det godt med heimebaka attåt kaffien. Mange har nok tenkt, når dei høyrde at det trengdest noko å bite i, eller ei handstrekning til å ordne til bord og stolar, pynte med eit lys, at «det kunne faktisk eg ha hjelpt til med». Om du kunne tenke deg å bli spurt, ein gong i året, eller fleire, lat oss få vite det. Er du flink til å BAKE FLYTTE PÅ BORD OG STOLAR STÅ I DØRA OG YNSKJE VELKOMMEN HJELPE TIL PÅ BARNEFORENING ORGANISERE KYRKJEKAFFI GÅ MED LODD SKAFFE GEVINSTAR KØYRE ELLER HENTE NOKON SOM VIL VERE MED VERE KLOKKAR Eller andre oppgåver, små eller store. Vi treng fleire hender, føter og hjerter! Vi som jobbar med kyrkjelydsarbeid kunne fått til enda litt meir i dei stillingane vi er i, om vi hadde nådd tak i dokke der ute, ein gong i blant, til det som dokke kunne tenke dokke å gjere ilag med oss. JUBILEUMSBOKA Boka som vart laga om kyrkja på Sylte til jubileet i november, er eit historisk dokument om denne kyrkja. Den burde stå i bokhylla til alle som er knytt til Syltekyrkja på ein aller annan måte. Astor Furseth har gjort eit framifrå arbeid med boka. Vi trykte 400 eksemplar av boka, men salet har ikkje vore slik som forventa. Ca 300 bøker er att, og boka kan kjøpast frå prestekontoret og på servicetorget på rådhuset. Den kostar kr 100,-. Roadservice Onsdag 12. februar møttest alle konfirmantane frå Norddal, Stordal, Ørskog og Skodje på Gomer-huset i Skodje. Det var tid for Roadservice. Kvart år reiser eit team rundt i Noreg og møter konfirmantar. Med vitnesbyrd, fakta, song, filmsnuttar, drama og konkurranse formidlar dei ei levande kristen tru til konfirmantane. Og også kvifor vi skal engasjere oss for å hjelpe dei som har det så ufatteleg mykje verre enn oss på grunn av m.a. urett, krigar og naturkatastrofar. Det er mykje som skal inn på kort tid, men det er også tid til ei lita pause med brus, og medbrakte bollar, bakt av foreldre. Teamet i år besto av tre ungdomar, som alle er elevar ved Grenland følkehøgskole. Dei er sendt ut på Roadservice turne av Skjærgårds music and mission og Kirkens Nødhjelp. Sjå elles på roadservice.no valet som har vore i landet vårt. Av dei 112 personane som reiste til Eidsvoll i april var 13 prestar. I løpet av 6 veker satte dei saman ein svært radikal grunnlov. Det var berre USA og Frankrike som hadde noko liknande før. Alle veit at grunnloven vart skriven under på den 17.mai. Dette er dagen da nordmenn feirer sin fridom frå undertrykking. Det er ei feiring verdt, og når vi i år skal feire at det er 200 år sida dette mirakelåret i Norsk historie, da må det feirast også i kyrkjene våre. Det var der det starta. GRUNNLOVSJUBILEUM 18. mai er det gudsteneste i kyrkja i Norddal. Då er konfirmantane med og dei har samtalegudsteneste. Etter gudstenesta vil det vere kyrkjekaffe, og Gudmund Relling vil fortelje om kva som skjedde dette mirakelåret 1814. Det vil bli eit interessant innblikk i kva som skjedde i landet vårt for 200 år sida i ei særs spanande brytningstid. Dette berømte måleriet av Eidsvollsforsamlinga er måla av Oscar Wergeland i 1884, og gitt til Stortinget i 1885. Det er Cristian Magnus Falsen som står og leser frå gunnlova, og fleire av mennene på biletet kan navngis. Biletet heng bak talarstolen på Stortinget den dag i dag. TAKK TIL GUD. Ikkje berre var prestar godt representert i forsamlinga på Eidsvoll. Legpredikanten Hans Nielsen Hauge hadde forkynt Guds Ord over heile landet frå 1796 til 1804. Månge, frå alle samfunnslag, hadde kome til tru på ein allmektig Gud gjennom hans verksemd. Mange av mennene på Eidsvoll var av Hauge sine læresveinar. Hauge skal ha vore på Hellesylt ei tid mens han reiste som predikant. Då høyrde Norddal og Hellesylt til same prestegjeldet, så Hauge har sikkert vore i bygdene våre og. Eidsvollmennene la mellom anna vekt på fridom for alle. Det hadde dei lært av Hauge, som støtta mange til å starte forretning og handel, noko som var embedtsstandens privilegier. Hauge gjekk sjølv føre, idet han braut prestane sin enerett til å forkynna Guds Ord. Fordi han tok seg denne fridomen, satt han i fengsel i ti år, fra 1804 til 1814. I eit kristent land sømar det seg å takka Gud for det Eidsvollsmennene fekk til i 1814. Eidvollmennene sørga for at det kom inn i grunnlova at Den evangelisk Lutherske religion forbliver statens religion. De innvaanere som bekjender seg til den, ere forpliktede til at oppdrage deres børn i samme. Slik har det vore i dette landet heilt fram til våre dagar. Denne paragrafen i grunnloven vart forandra i mai 2012.

6 Ei lita helsing frå gamleleiaren i soknerådet I 2008 vart eg vald til leiar i Norddal sokneråd. Dette var for meg noko nytt, då eg ikkje hadde tankar om at eg ved valet i 2007 kom til å bli vald som medlem i soknerådet. Etter 6 år som soknerådsleiar, syntes eg at det var lenge nok. Desse åra har gjeve meg god innsikt i det arbeidet som vert drive frå kyrkjekontoret, den praktiske og økonomiske drifta av kyrkjene og presten si teneste i soknet. Det er ikkje berre positivt alt som born, unge og vaksne blir påverka av på TV, internett m.v. Soknerådet er opptatt av å verne om den kristne kulturarven som har vore ein av grunnsteinane i det samfunnet vi har i Noreg i dag. Vi er glad for det friviljuge arbeidet som vert drive i søndagsskulane, i barneforeningane og Ung fredag og innan song og musikk. Stor takk til alle som Korrigering I siste nummer av kykjebladet skrev vi om konserten med Annbjørg Lien at hun hadde sine røter på Sylte. Det har vi fått mange reaksjonar på. For det fyrste: Annbjørg skrives med to n`er. Så var det ikkje hennar bestefar som var skomakar på Sylte. Nils Lien heitte skomakaren på brukar av si eiga fritid til friviljug arbeid med born og unge, klokkarteneste i kyrkjene, arbeidet med kyrkjebladet og distribusjon av dette og andre tiltak som er knytt til kyrkja/ kyrkjelydane. I to år har Norddal vore med i Storfjorden kyrkjelege fellesråd som stort sett består av dei fellesråda som tidlegare var i dei lokale sokna. Denne samanslutninga har fleire positive sider, men det kunne til tider vere noko enklare den gong beslutningane blei tatt lokalt. Eg er framleis Norddal sokneråd sin representant i Storfjorden kyrkjelege fellesråd. Det er særs positivt at vi har fått midlar til trusopplæring av born og unge. Det er tilsett ein person som har ansvaret for trusopplæringa i sokna i Stranda og Norddal. Tone Løvoll Kleiva vart vald til ny leiar i soknerådet i november 2013, og eg ynskjer ho lukke til med arbeidet som leiar i Norddal sokneråd. Som tidlegare leiar i soknerådet, takkar eg for det gode samarbeidet eg har hatt med dei andre medlemmane, soknepresten, staben og andre som tar del i det kristne arbeidet i kommunen. Det har vore eit særs fint og givande fellesskap. Fleirtalet av medlemmane i soknerådet og dei som driv friviljug arbeid blandt born og unge er kvinner. Eg vil særskilt helse desse med eit vers som den vise kong Salomo skreiv: Kvinnevisdom bygger sitt hus. Eg ynskjer alle ein riktig god sommar. Kjell Rødven Sylte, og han var bror til Harald, som var smed og Harald er Annbjørg sin bestefar. Harald budde på Hjellane i Dalsbygda, og han var gift med Anna. Dei fekk to søner, Magnus og Jan. Jan var far til Annbjørg. Dette fekk vi vete fordi vi skeiv feil i julenummeret av bladet. Aldri så galt at det ikkje er godt for noko! Likevel: Vi beklager feil opplysninger. 11 Biblar til 5.klassingar BIBELDAGEN Søndag 16. februar var det såmannssøndagen, og vi markerte dette med bibeldag i begge kyrkjene våre. 5. klassingane hadde fått invitasjon til å komme å motta bibelen, som er ei gåve frå soknerådet. Litt uheldig var det at det var 1. helga i vinterferien, og nokre var allereie reist på ferie, andre var dessverre sjuke, men likevel var det godt oppmøte i begge kyrkjene. I Norddal kyrkje hadde vi også god hjelp av nokre 6. klassingar til å dele ut biblane, og 6. klasseforeldre baka kaker til kyrkjekaffien. Vi ynskjer å få til eit samarbeid med foreldra, slik at dette kan verte tradisjon i begge kyrkjene, at dei som fekk biblar i år, er med på å dele ut neste år, og foreldra står for kyrkjekaffien. Kaffi, saft og kaker gir ekstra kos i kyrkja når både unge og vaksne er samla. Her er 5.klassingane i kyrkja på Sylte, som fekk sine Biblar den 16.februar. Dei tre gutane som var med på Bibelkurs i Eidsdal: Peder, Ole Jakob og Sigurd. BIBELKURS Dei siste åra har femteklassingane fått invitasjon til bibelkurs, ein ettermiddag der vi har kosa oss ilag med eit måltid, og vorte litt betre kjend med Bibelen. Dette minibibelkurset har vore veldig kjekt, både for oss, og 5. klassingane, og i år utvida vi det til to gonger på kvar side. Det er Morten, Martin og Gudrun som har vore med, to kvar gong. Vi møtte veldig kjekke og interesserte 5. klassingar, og vi håpar dei kan bli skikkelig kjend med Bibelen sin etter kvart, og glad i den.

10 Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 8. april 7 Oppdatering om Fjordheim Vi møter kvardagsheltar, som Wejdan, i Kirkens Nødhjelps prosjekt over heile verda. Støtta frå norske kyrkjelydar gjer at forbilda får høve til å skape verkeleg - og varig - endring, for seg sjølv, for andre og for kvarandre. Det er kyrkjelydar landet rundt som står for gjennomføringa av Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. Norddal kyrkjelyd arrangerer aksjon tysdag 8.april kl 17.00-20.00. Det er konfirmantane våre og foreldra som kjem rundt på alle dører og samlar inn pengar. Pengane som kjem inn, går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda. Støtt aksjonen direkte ved å: Nytte kontonummer 1594 22 87493 Sende GAVE på sms til 2468 (200 kroner) Ringje gjevartelefon 820 44 088 (200 kroner) For 200 kroner kan du gje eit menneske sikker tilgang til reint vatn! Kirkens Nødhjelp er der i katastrofen og treng deg! Blir du med på fasteaksjonen, bidreg du til at folk kan reise seg og få betre liv. På same måten som Kirkens Nødhjelp treng Wejdan som jobbar med traumatiserte born frå Syria, treng organisasjonen at du gjev tid og pengar og brukar stemma di for å skape forandring. Kirkens Nødhjelp jobbar for at så mange som råd er, skal få sjansen til å overleve katastrofar. Krigsflyktningar frå Syria er ein del av dei du støttar ved å delta i fasteaksjonen. Då står du saman med Wejdan Jarrah i arbeidet hennar med å gje syriske flyktningar håp i ein desperat situasjon. Wejdan er spesialist på å møte folk som har opplevd grusome ting: - Her i Zataari har alt for mange opplevd å sjå søsken og foreldre bli drepne på bestialsk vis framfor augo deira. Men viss eg kan bidra til at dei i det minste ser håp om ei betre framtid, har eg den mest meiningsfulle jobben i verda, seier 32-åringen som er frå byen Ibrid i Jordan, og har master i psykososialt arbeid. - Innan fagfeltet mitt kaller vi arbeidet vi utfører for psykososial førstehjelp. Det er akkurat det det er; mange treng naudhjelp også psykisk. Mange hadde hatt bruk for individuell hjelp vidare, men vi har ikkje meir kapasitet enn det vi har, seier Wejdan. Sjølv om ho har den rette utdanninga og erfaringa, er det verkeleg hardt arbeid: - Det er klart det går inn på meg. Eg møter så mange lagnader at eg ofte må jobbe med eigne tankar etter lange arbeidsdagar, og arbeide med dei for å ruste meg opp til ein ny dag i leiren, seier ho. Godt å gjere noko. Fasteaksjonen er eit høve for oss i Noreg til å gjere noko konkret med alt det vonde vi høyrer om i nyhenda. Vi kan bidra. Det vi gjer, tel for at hjelpa skal nå flest mogleg. I mai 13 tok Nappane omsorgssenter over Fjordheim pensjonat i Tafjord. Nappane i Bergen er eit senter som tilbyr hjelp til rusmisbrukarar. Fjordheim blir brukt som eit senter for ettervern og rusfri arbeidstrening. Dei dreiv pensjonatet sist sommar, og mange av oss fekk nyte gode middagar og god service i reastauranten der i månadene som følgde. Dei kunne også tilby overnatting og møter/seminarer, og dei som nytta dette var særs nøgde. I vinter har det av fleire grunnar ikkje vore folk der. Men no vaknar Tafjord til liv igjen etter vinteren, og no er drifta på Fjordheim i gang att. Styraren på Nappane, Steinar Valdersnes, seier at dei no vil ha folk der på meir permanent basis. Han vil sjølv også vere der mykje meir no enn sist år. Norddal kyrkjelyd vil ha si gudsteneste på palmesøndag på Fjordheim, og da vil det vere mogleg å ha ein god kyrkjekaffe etter gudstenesta kanskje med vaflar. Soknepresten seier at det blir nesten som på ei sjømannskyrkje! For på Fjordheim er det hjartevarme, og kaffen er kokt på bøner. Vår visjon er å skape ei varmestue for frosne sjeler, kanskje også eit kraftsenter for kristen tru, seier Valdersnes. Vika Servicesenter A/S Gravferdshjelp/begravelsesbyrå i Norddal kommune. Anne Inger og Kåre Strøm, 6210 Valldal. Samarbeider med: Blomsterkjelleren Begravelsesbyrå og Blomsterformidling Terese Otterlei, 6260 Skodje Døgnvakt tlf: 92 23 41 15 Vi hjelper til med alt i høve dødsfall og gravferd. Tlf : 70 25 70 03 - Anne Inger og Kåre 97 04 33 97 - Kåre 92 23 41 15 - Terese Otterlei

8 9 Fargelegg egget! JUNIORSIDENE 2 9 1 8 6 5 8 5 2 7 4 6 8 9 8 1 9 4 3 3 2 9 6 5 1 9 5 7 6 3 1 Kva for ei side av sauen er det mest ull på? 2 Kva kan ei mus trekkje like godt som ein elefant? 3 Til kva for eit hus er det brukt verken tre, glass eller stein? Kor mange ord frå påskeforteljinga finn du her? Du må leite frå båe sider, nedover og oppover. Hjelp kan du få i Matteusevangeliet, kapittel 26 og 27. Her skal du bruke tala 1-6. 4 3 1 4 3 6 1 3 4 2 6 3 E D F W A M L P Z S Z P X J E A I S E J E S U S N L S L Æ T Å D S G A A T T E M A I F T B D Ø R B S A R E A R H A N E S E S R R S R O K Ø D J A R J J A I R A M B H G B V A R G X W Veit du at Gud tenkjer på deg alle dagar og netter? 1 Utsida 2 Pusten 3 Sneglehuset Einar Finn Steinar Ei mor har tre søner. Den eine heiter Einar, den andre heiter Finn og den tredje heiter Steinar. Ein dag ropte mora dei inn til middag: - Einar Finn Steinar!