Kulturhuset, 2.etg Postboks Sogndal 6851 Sogndal

Like dokumenter
Kulturhuset, 2.etg Postboks Sogndal 6851 Sogndal

ÅRSMELDING Innleiing

Kulturhuset, 2.etg Postboks Sogndal 6851 Sogndal

Kulturhuset, 2.etg Postboks Sogndal 6851 Sogndal

Rekneskap: Var fram til ført av Jølster Kommunekasse, deretter overtok Jølster Rekneskapslag.

Årsrapport Føremål. Overordna mål. Nærmiljøsentralen Askvoll. Innhald

Årsmelding 2009, andre driftsår:

Fra sørsida ein fin maidag

Møteinnkalling SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Årsmelding 2015 Ullensvang frivilligsentral Leiar: Gertrud Korff Tlf: Mob:

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Eldrerådet Møtedato Møtetid: Kl. 12:30-13:45 Møtestad: Kommunehuset

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Ellen Karoline Hovstad Leiar. Forfall: Namn Funksjon Representerer

GLADE ELDRE PÅ SYKKEL EIT PROSJEKT I REGI AV NASJONALFORENINGEN JØLSTER HELSELAG

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SAK 04/18 HANDLINGSPLAN 2018

Eldrerådet er eit rådgjevande organ for det kommunale politiske styringsverk, og skal ha framlagt for seg alle saker av særleg interesse for dei

Rapport Camp Svalbard vinter 2015

Prosjekteigar: Flora kommune.

MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2008/1/0468. Dette prosjektet er støtta med EXTRA-midlar frå

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

Selje kommune Helse og omsorg

SOGNDAL KOMMUNE/ SOGNDAL ELDRERÅD

SØKNADSSKJEMA Den kulturelle spaserstokken 2017

MØTEPROTOKOLL. Johannes Lad, Kjartan Kvien, Sigrid Hamre Nyseth, Inger Møyfrid Sperle, Torvald Bakken, Ivar Kvalen. Kåre Høyheim

SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

4 x Friluftsskular i Ytre Sogn

Serviceskyssen i Gaular

Fra sørsida ein fin maidag

Møteprotokoll (11/1877)

ÅRSMELDING 2016 UTKAST

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 13244/2015

Møteinnkalling Eldrerådet

aktivitetar for folk flest våren 2014

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Lærdal rådhus Møtedato: Tid: 09:00-15:20

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Møteinnkalling for Ungdomsråd

2 av 6 disponering av midlane kommunen får tildelt gjennom ordninga med Den kulturelle spaserstokken, og utvalet krev å bli tatt med i drøftingar når

Møtestad: Hareid rådhus FSK rom Dato: tysdag, Tid:14:00

RAPPORTERING Den kulturelle spaserstokken 2016

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

NESTL MEDL MEDL MEDL. Helse- og sosialsjef Sekretær

Møteprotokoll. Sakliste SOGNDAL UNGDOMSRÅD. Sogndal kommune. Utval: Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: 15.00

Møteprotokoll (10/411)

MØTEPROTOKOLL NR. 5. Til stades på møtet: Odd Atle Stegegjerde, Olaug Høyheim, Grethe Kristin Lerum, Ingar Norberg, Janne Sætherbø SAKLISTE

Helse- og sosialsjef Økonomisjef Sekretær

Steinsprang frå Lærdal. Kommunemøte om UKM

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

Satsar i seksjon kultur

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kviknes Hotel, Balestrand Møtedato: Tid: A.

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Ordførar Rådmann Helse- og sosialsjef Sekretær

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Forfall: Namn Funksjon Representerer Vigdis Røen Leirvik Nestleiar AP

SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 14:30. Møtested: Kommunehuset Saksnr.: 001/11-004/11

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

Velkommen til. årsmøte!

Dugnaden tverrfagleg samarbeid på rusområdet i kommunane

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

HANDLINGSPROGRAM FOR FYLKESRÅDET FOR ELDRE I SOGN OG FJORDANE

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Bjørnehiet SFO - informasjon

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

PROSJEKTARBEID KVALIFISERING FOR KVINNER UT I ARBEID

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Stemnehandboka for NKSF

Møteprotokoll (!0/2113)

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

MØTEPROTOKOLL. SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: Sogndal kommune. Utval:

STRATEGI FOR FRIVILLIGHET

MØTEPROTOKOLL. Erik Vangsnes leia møtet tom sak 021/13. Vegar Berget leia møte frå sak 022/13.

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Gunnvor Linde Gudvin Haraldsson Kari Bolstad Kjetil Nesse Anne Margrethe Kråvik

ÅRSMELDING Sorenskrivergården Pb. 50, 3541 Nesbyen Tlf.: E-post: Daglig leder: Magnhild Øye-Grasdokk

Vågsøy kommune. Møteprotokoll. Ungdomsråd. Møtested: Einevarden 3. etg Rådhuset Møtedato: Tidspunkt: 14:15-15:305

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

MØTEPROTOKOLL. Forfall og møtande varamedlem: Hanne Solvang hadde forfall. For henne møtte Harald Hjartåker som vararepresentant.

Frivilligpolitisk plattform

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Månadsbrev for Februar

Årsmelding Frivilligsentralen Førde

REFERAT FRÅ MØTE I RÅDET FOR ELDRE OG MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE. MÅNDAG

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Scandic Ørnen, Bergen Møtedato: Tid: 12:45 16:00. A.

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Møteprotokoll. Sogndal kommune. Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: 10:00-11:30 og 19:00 - Sakliste

Innkallinga vart samrøystes godkjent. Det vart registrert 24 røysteføre medlemmar blant dei 27 frammøtte.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Historikk. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 SOFUL-lag 30 av desse eig bygg

Transkript:

1 Besøksadresse: Postadresse: Kulturhuset, 2.etg Postboks 153 6856 Sogndal 6851 Sogndal Tlf.: 992 86 017 E-post: frivilligsentralen@sogndal.kommune.no Dagleg leiar: Åge Vedvik

2 INNHALD: Side 3: Side 4: Side 5-9: Side 10: Innleiing, styret. Tilsette, møter, nettverk, statistikk, økonomi. Aktivitetar, frivillige, brukarar, deltakarar. Kontaktmøte, sluttord og vedleggsoversikt. Sogndal Kulturhus 2.etg. Kontor 2.etg Sogndal Kulturhus

3 INNLEIING: Sentralen i Sogndal har vore i drift sidan 1991. Dei tretten første åra under namnet Nærmiljøsentralen i Sogndal. I 2004 vart sentralen ei stifting og endra då namn til Frivilligsentralen i Sogndal. Stiftinga vart avvikla i 2010 og Sogndal kommune tok formelt over som eigar av sentralen 1.januar 2011. Sogndal Frivilligsentral hadde kontor på Fjøra Intro i Fjørevegen 3, ut november månad i 2013. Frå 1.desember flytta sentralen inn i nye kontorlokale i Sogndal Kulturhus. Sogndal Frivilligsentral skal vere ein lokalt forankra møteplass som er open for alle med lyst til å vere med på frivillig arbeid. Sogndal Frivilligsentral skal vere eit kraftsenter og kontaktpunkt for einskildpersonar, lag / organisasjonar og det offentlege. Sogndal Frivilligsentral skal utviklast av dei som er knytte til sentralen. STYRET 2013: STYRET ETTER KONTAKTMØTE 26. FEBRUAR 2013 MEDLEM VARAMEDLEM VAL PERIODE Bjarte Stedje Vibeke Johnsen Kommunestyret Valperioden 2011-2015 Helga Bakken Emil U. Davidsen Rådmannen 2013-2015 Mai-Evy Bakken (Leiar) Liv Anny H. Barsnes Kontaktmøtet 2012-2014 Til kontaktmøte 2014 Gaute Olstad Jens Timberlid Kontaktmøtet 2013-2015 Til kontaktmøte 2015 Yitbarek W. Enna Oddvin Ølnes Kontaktmøtet 2013-2015 Til kontaktmøte 2015 Sogndal Frivilligsentral har hatt 4 styremøte og handsama i alt 26 saker i 2013. I tillegg er styret representert på det årlege kontaktmøte i februar månad, med styreleiar som møteleiar. Takk til Gerd Hillestad, Berhanu W. Eranu og Ingolf Fardal som medlemmer i styret frå 2011-2013. Oddvin Ølnes tok attval og klar for to (2) nye år.

4 TILSETTE: Dagleg leiar, Åge Vedvik (100 % stilling). Dagleg leiar møter som sekretær på styremøta til Sogndal Frivilligsentral. MØTER/REPRESENTASJONAR FOR DAGLEG LEIAR: Sekretær i styremøta til Nattuglene i Sogndal. Sekretær i styremøta til Sogndal eldreråd. Sekretær i styremøta til Rådet for funksjonshemma. Månadlege møte med dagleg leiar sin overordna i Sogndal kommune. Sone, nettverk og Regionsamling for frivilligsentralane i fylket og i region 3. Gjennomført det årlege kontaktmøte med frivillige lag og organisasjonar, institusjonar og andre interesserte. NETTVERK: Sonesamling/Gruppe 1: Nettverksamling/Fylket: Regionsamling/Sone 3: Årdal Frivilligsentral, Luster Frivilligsentral, Sogndal Frivilligsentral, Lærdal Frivilligsentral, Førde Frivilligsentral og Naustdal Frivilligsentral. Ingen samlingar i 2013. Alle sytten frivilligsentralane i fylket har hatt to samlingar i 2013. Balestrand i april månad og Førde i november månad. Alle frivilligsentralane i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Rogaland og Hordaland. Ei samling i 2013, Bergen i september månad. STATISTIKK: Ved utgangen av 2013 har Sogndal Frivilligsentral 353 personar registrert som frivillige medarbeidarar i teneste. Mange av dei deltek i fleire aktivitetar i regi av sentralen, så tel vi personar pr. aktivitet vert talet mykje høgare. Det har blitt utført ca. 4100 timar frivillig arbeid, noko som tilsvara ca. 2,5 årsverk. Utviklinga i tal registrerte frivillige har gått noko opp i forhold til 2012. Tal timar som dei frivillige utfører er litt fleire enn i 2012. ØKONOMI: Rekneskap v/ økonomiavdelinga i Sogndal kommune. Kulturdepartementet tildelte Sogndal Frivilligsentral 60 % av budsjett i statstilskot. For 2013 utgjorde dette kr. 310.000,- som er maks ved dagleg leiar i 100 % stilling. Resterande i budsjett, minimum 40 % ved lokal finansiering. Sogndal kommune, eigar av Sogndal Frivilligsentral er største tilskotytar av dei lokale.

5 Ulike aktivitetar / tilbod i 2013 Namn på tiltak Tal Frivillige timar Frivillige Brukarar Deltakarar Ein til ein hjelpa 65 250 25 15 Praktiske oppgåver for eldre og uføre som treng litt hjelp i kvardagen. Snørydding, hagearbeid, hekk og plenklipping er aktivitetar som her vert utført. Sluttord: Dei fleste har fått hjelpa dei etterspør, med litt stort «press» på nokre frivillige som tek mange oppdrag. Namn på tiltak Tal Frivillige timar Frivillige Brukarar Deltakarar Samling på 42 518 14 20-50 stova Dette er eit tilbod for bebuarane på Sogndal omsorgssenter(sos) og andre. Prøve å aktivisere dei eldre med litt musikk, lesing, song eller bare nyte det og vere i peisestova og vere sosial. Kaffi og kaker ev vaffel frå kjøkkenet på SOS, vert kvar onsdag servert deltakarane. Sogn kulturskule v/joakim Anselmby har i år og teke med seg unge pianistar for opptreden på stova. Oddvin Ølnes og Harald Berkvam er tilstade kvar onsdag! Sluttord: Tilbodet er 2 timar kvar onsdag mellom 10:30-12:30, unntatt i juni og juli månad. 14 faste stiller opp i ein tredelt turnus. Matlevering 365 1460 8 15-30 Utkøyring av middag til heimebuande eldre og uføre i Sogndal kommune. Her er det frivillige som køyrer rundt med varm mat kvar dag heile året, både kvardagar, helgar og raude dagar. Maten vert henta på kjøkkenet/sos, rundt kl. 12:30. Sluttord: Pålitelege sjåførar som har faste køyredagar ev byter mest mogleg internt ved behov. Brukar privat bil, får refundert km-godtgjersle. Har 1 ev 2 sjåførsamlingar i året. Nattugler 63 1265 177 Nattuglene har gått vakt laurdagar i skuleåret, og onsdagar i deler av året. Nattuglene har også stilt opp på konsertar i Parken/Gaupne, 1.mai og 16.mai. Det vert sett opp ekstra vakter ved skulestart i august, før juleferie i desember månad og sommarferie i juni månad. Blåturen for nattuglene gjekk i år til Fresvik med besøk og omvising hjå Fresvik Produkter. Rømmegraut med tilbehør/spekemat vart oss servert på bedehuset i Fresvik, der lokale frivillige stilte opp for å lage til ei flott bordseta til oss. Vidar Lægreid stilt i år og opp som bussjåfør, med sponsa buss frå Billaget. Terina sponsa blåturgjengen med spekemat. Sluttord: I samarbeid med politiet, serveringsstader, skulane, nattuglene og andre gjer styret sitt beste for att det skal vere nattugler ute til rett tid. Rekruttering av nye nattugler er viktig og alltid eit behov. Informasjon vert gitt bla på foreldremøte i skulane. Nattuglene i Sogndal har i 2013 hatt 5 styremøter.

6 Namn på tiltak Tal Frivillige timar Frivillige Brukarar Deltakarar Eldredagen 1 60 10 110 Den årlege eldredagen vart i 2013 markert på Sogndal omsorgssenter, søndag 29.september. Med samarbeidspartar i SOS og Lions Club Sogndal gjorde denne dagen til ein fin ettermiddag for mange vaksne ungdomar. Mange gode tilbakemeldingar frå deltakara har Sogndal eldreråd og frivilligsentralen fått. Sluttord: Markeringa av dagen vart annonsert + presseomtale både før og etter eldredagen i Sogn Avis, annonsert på nettsida til Sogndal kommune og det vert hengt opp plakatar. Vellukka arrangement! Så mange deltakara har det ikkje vore før! Eit utval av alle gjestene på SOS stova 29.09. Privat foto! Namn på tiltak Tal Frivillige timar Frivillige Brukarar Deltakarar Sand til eldre 1 24 6 13 og uføre Sogndal Lions Club tok også i år på seg ansvaret med å levere ut ev fylle på sand i baljar. Omtrent same tal brukarar av tilbodet i år som i 2012. Dei eldre som har stor nytte av tilbodet set pris på denne dagen. Sluttord: Lions Club stiller med frivillige og eigne bilar/hengere. Strøsand får vi av kommunen/grushola og frivilligsentralen koordinerer bestillinga, nødvendige innkjøp og annonsering( annonse vert betalt av Lions ). Vi har dette tilbodet ein gong for vinteren, som viser seg å vere nok. I tillegg er det og nokre elevbedrifter frå ungdomsskulane i kommunen som sel strøsand til inntekt for bla Polen- tur.

7 Namn på tiltak Tal Frivillige timar Frivillige Brukarar Deltakarar Ut på tur med 13 156 28 5-20 rullestol Saman med Røde Kors har vi dette tilbodet til rullestolbrukara på SOS. Kvar onsdag ettermiddag med oppmøte på SOS kl. 16:30, i juni, juli og august månad går vi tur i Sogndal sentrum. Det vert også sett opp frivillige som kan vere «gåstøtte» på vakta, dette til bebuarar som ynskjer vere med ut, men treng ein arm å holde i. Sluttord: Grupper på 6-7 frivillige møter etter oppsett vaktliste. I samarbeid med 2 eldsjeler frå Røde Kors får vi rekruttert inn nye frivillige om behov. Etter evaluering og tilbakemeldingar frå frivillige vil vi om mogleg gjere betre avtalar ang gjennomføringa før iverksetting i 2014. Namn på tiltak Tal Frivillige timar Frivillige Brukarar Deltakarar Dugnad 1 Sogndal Namn på tiltak Tal Frivillige timar Frivillige Brukarar Deltakarar Hagearbeid 7 112 15 7 Dugnad Sogndal er ei gruppe elevar frå Sogndal Folkehøgskule som gjer ein innsats i kommunen. Etter annonsering i bla Sogn Avis, var det lagt opp til påmelding for heimebuande eldre og uføre som trengte hjelp i kvardagen. Hagearbeid med plen og hekklipping m.m. var oppdrag elevane utførte. Litt fleire brukarar som nytta seg av dette tilbodet i 2013 enn «prøveåret» 2012. Sluttord: Flott tiltak som vart sett pris på av både elevane og brukarane. Frivilligsentralen koordinerte dette tilbodet saman med Mai-Evy Bakken på folkehøgskulen og bidrog med annonse i avisa. Serviceskyss 2 40 10 Frivilligsentralen har og i 2013 koordinert dette tilbodet i kommunen. Sikre oppdaterte rutehefte med god hjelp frå tenestetorget i kommunen og kontakt med fylkeskommunen og andre involverte. Finansiert med statleg støtte frå fylkeskommunen og eigendel på kr 15,- frå kvar passasjer/pr. tur. Sluttord: Frivillige bidreg med brosjyrearbeid og utlevering av desse i postkasser i kommunen og til institusjonar m.m. Resurssenteret var i 2013 ein god samarbeidspart for klargjering og utlevering av brosjyren. Samling for dei frivillige 1 31 Arrangementet vart i 2013 gjennomført på den internasjonale frivilligdagen, 5.desember i peisestova på SOS. Personalet på kjøkkenet serverte middag, dessert og kaffi. Samlinga er på dagtid, rundt middagstid på SOS. Sluttord: Invitasjon gjekk til alle frivillige utanom nattuglene som har eigen inspirasjonssamling(blåtur). Viktig å sette pris på arbeidet dei frivillige gjer, med ein årleg uformell samling. Godt oppmøte i forhold til tidspunktet på dagen tilbodet vert gitt. Ordførar Aarvoll og tenesteleiar Skaar var tilstade og bidrog med gode ord.

8 Flyktningvenn 50 200 4 9 Aktivitet/Prosjekt i samarbeid med flyktningtenesta i kommunen. Aktivitet som og er nemnt i plandokumentet «Strategi for samhandling med frivillig sektor». Det er i 2013 starta planlegging av brosjyre for å gjere dette meir kjend og då lettare å rekruttere inn flyktningvenner/familiar. Utsending av brosjyre til alle i kommunen. Sluttord: Vi utfører «medarbeidersamtale» med flyktningvenn og flyktning enkeltvis, før vi kallar dei inn til eit felles møte. Etter det har dei sjølv styrt kor mange «treff» dei har ynskja. Flott tiltak som både flyktningar og flyktningvenner har gitt positive tilbakemeldingar på. Flaggheising 10 20 2 Flaggheising ved Kaupanger skule og Fjærland skule, dette gjeld på dagar som kommunen elles ikkje ville ha flagga på desse stadane. Sluttord: To frivillige som har teke på seg ansvaret å flagge på Nyttårsdag, Påskedag, Frigjeringsdagen, Pinsedag og Juledag. Akvarell 3 30 2 7 Ny aktivitet frå 2013. Med økonomisk støtte frå Lions Club Sogndal og Jensenfondet til innkjøp av nødvendig utstyr, var det oppstart laurdag 20.april for den første av 3 samlingar. Arbeidsstova på SOS har vore brukt som lokale for desse samlingane. Sluttord: Ynskje frå ein frivillig om å lage ein kreativ og sosial aktivitet der ein kan bruke teikning og måling som verktøy, var tanken bak denne ideen. Med kreativ initiativtakar/medhjelpar i Elin Dale og proff instruktør i Signe Fortun Veka, har deltakarane fått inspirasjon og lærdom nok til å fortsette akvarellmålinga heime.

9 Andre aktivitetar / tilbod i 2013 Utplassering frå Høgskulen i Sogndal: Donaven og Grace, sosialarbeidarar frå Zambia som gjekk års-studium på Høgskulen. Dei hadde praksisplass i 5 veker hjå Sogndal Frivilligsentral i samarbeid med Diakon Gitte Torstad frå kyrkjekontoret i Sogndal. Donaven og Grace vart orientert om arbeidet til frivilligsentralen og dei tok del i aktivitetar som matlevering og nattugle m.m. Dei fekk og orientering om arbeidet til flyktningteam, norskundervisinga, sosialtenesta med dagsbesøk på Resurssenteret + Barka og orientering om Sogndal kommune v/inger Pedersen. Seniorsurfdagen 9.oktober 2013: Seniornett Noreg arrangerte ein landsdekkande internett / surfedag for seniorar. Frivilligsentralen stilte lokale og pc-ar tilgjengeleg. Sogndal bibliotek annonserer og stiller både lokal, pc-ar og hjelparar tilgjengeleg denne dagen. Seniordata-samling: Dataklubben Seniornett Sogndal hadde ikkje aktivitetar i 2013. Vert jobba med å finne aktuelle «datalærarar» som kan vere ansvarlege for gjennomføring av dataopplæringa. Bingo på Sogndal omsorgssenter: Det er aktivitøren på SOS som styrer denne aktiviteten. Frivilligsentralen hjelper til å finne frivillige hjelparar til gjennomføring av bingospelinga etter ev behov. Fjøra Intro: Vi har nytta lokalet til bla styremøte i frivilligsentralen, kommunale råd og «drop In» møte med lag/org og private/frivillige. Flyktningtenesta i kommunen har hatt faste samlingar på fredag kl. 12 15 året gjennom, og ein del tysdagar. Sogndal Røde Kors omsorg har brukt lokalet annakvar onsdag kl. 10-14, der dei har laga til Eldrekafé. Veldig populært og godt besøkt. Sogndal statlege mottak har hatt lokala til disposisjon kvar måndag i januar til april månad kl. 14 19. Hovudsak nytta til kafé, men og for informasjon til asylsøkarane. Info-dag 2013: Første gang gjennomført i 2013, laurdag 19.oktober. Invitasjon send ut til lag og organisasjonar i kommunen for å «lodde» stemninga om det kunne vere aktuelt med stand-dag i Sentrumsparken. Tilbakemeldingane var så mange og positive at vi bestemte oss for å gjennomføre dette. 17 forskjellige lag/org deltok med stand, song, musikk og talar. Evaluering av info-dagen, korleis og når den vil verte arrangert i framtidige år vil Sogndal Frivilligsentral sitt styre i lag med «primus motor» Bjørn Skjeldestad, prøve sette nokre føringar for på nyåret i 2014.

10 Kontaktmøte 2013: Vart gjennomført 26.februar i kommunestyresalen med både private, representantar frå lag/organisasjonar, kommuneleiinga, styret til frivilligsentralen og andre tilstade. Møte vart leia av Sogndal Frivilligsentral v/styreleiar Mai-Evy Bakken. Kulturelt innslag ved to lokale musikarar, Helga Farestveit og Jonas Nyløy Navarsete. Fire «låtar» vart oss presentert, inkludert hit`n «How are you». To av dei var førstegongsframføringar, «ein meter unna meg» vart skriven etter Helga sin tur til Litauen og «Nålauga» med tekst på nynorsk. Flott innslag frå to dyktige musikarar frå Sogndal. Orientering frå Sogndal Frivilligsentral, plandokumentet «Strategi for samhandling med frivillig sektor», Idémyldring og val av representantar til styret var elles på programmet denne kvelden. Sluttord Framleis er hovudmålsettinga og engasjera frivillige. Kontakten med frivillige lag/organisasjonar, einskildpersonar og kommunen er positiv. Samarbeid med andre er med på auka aktivitetsnivået på sentralen, i tillegg til at den frivillige innsatsen blir stimulert i positiv retning. Styret og dagleg leiar vil til slutt takke alle frivillige som har gjort ein innsats i 2013. Vedlegg: Vedtekter for Sogndal Frivilligsentral Budsjettert års/aktivitetsplan for 2014 Sogndal, 28.januar 2014 Yitbarek W. Enna ( Oddvin Ølnes ) Gaute Olstad ( Jens Timberlid ) styremedlem ( personleg vara ) styremedlem ( personleg vara ) Bjarte Stedje ( Vibeke Johnsen ) Helga Bakken ( Emil U. Davidsen ) styremedlem ( personleg vara ) styremedlem ( personleg vara ) Mai-Evy Bakken ( Liv Anny H. Barsnes ) Åge Vedvik styreleiar (personleg vara ) dagleg leiar