Referat Frå styremøte 23. september 2016 - Hotell Santi, Krakow Dato.: 3. november 2016 Til stades: Harald Lie, Bodil Mannsverk, Finn Egil Adolfsen, Tor Inge Eidesen. Linda Kristin Oppedal. Frå Administrasjonen: Frode Alfarnes, Romar Skeie Olsen, Tor Skeie Olsen og Trude Soma Augestad. Sak 38/16 Godkjenning av protokoll frå førre styremøte Protokoll frå førre styremøte er godkjent. Sak 39/16 Open post Dette vart diskutert: Per i dag finst det ingen oversikt over kven som har delteke på landbruksvikarkurs. Rekruttering- og etterutdanningsutvalet arrangerte i 2015 eit oppsamlingskurs, men dette vart avlyst grunna få påmeldte. Tor Skeie Olsen skaffar ei oversikt over kven som har delteke på landbruksvikarkurs og kven som ikkje har. Orientering er teke til etterretning og sak vert med over til neste styremøte. Sak 40/16 AU-møte 22. august 2016 AU hadde møte 22. august i samband med møte med Landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Referat er teke til etterretting. Sak 41/16 Rekneskap pr. 31.08.2016 Frode Alfarnes presenterte rekneskapen per 31. august for styret. - Inntekter på abonnement og kontingent er bokført. Det same er 9/12 av inntekter og kostnader på forsikring.
- Det er per dags dato ikkje noko som tilseier at resultatet skal bli dårlegare enn budsjettert. Rekneskap pr. 31.08.2016 er teke til etterretting. Sak 42/16 Haustsamling Tor Skeie Olsen orienterer. Kursprogram er diskutert og godkjent. Det er ønskelig med ein raud tråd som går igjen i samlinga. Landbruksmeldinga vert lagt til grunn. Det er ikkje hyra inn ekstern motivator i år, arbeidsoppgåver vert fordelt på styret og administrasjonen. Andre punkt som vart diskutert: Oppgåver til gruppearbeid Program til tillitsvalde og tilsettes time Program til samling for styreleiar og dagleg leiar Det kan vera greitt å høyra med deltakarane kva dei vil ta opp på førehand. Vedteke endringar til innhald i programpostar vert implementert. Forskjellige roller vert tildelt på styremøtet forkant av haustsamlinga. Sak vert med over til neste styremøte. Sak 43/16 Evaluering av Vårsamling Tor Skeie Olsen informerer. Det er gode tilbakemeldingar på kursa. Hotellet og tidspunkt er dei punkta som har fått negativ tilbakemelding i evalueringa. Hotell er endra. Tidspunkt er vanskeleg å gjere noko med. Evaluering er teke til etterretting. Sak 44/16 Oppfølging av arbeidsplan Ved ein gjennomgang av Arbeidsplan for i år så er det følgjande saker som er aktuelle; 1. Utvikling av produktet Webtemp; Her har vi ein god progresjon, sjølv om vi ikkje har kome opp i så mange lag som strategiplanen skisserer. Vi har konkludert med at det er viktigare at dei laga som vert med får ei god oppfølging, enn at vi får for mange med. Det vi oppleve no er at laga ønskjer å ta Webtemp i bruk, og det synar at det har vore lurt å bruka midlar på prosjektet. Vi ser at mykje av den funksjonaliteten som ligg i Webtemp fører til at laga vert meir profesjonell på fleire områder. 2. Dekkja 70% av leigd arbeidskraft i landbruket: Dette er ei målsetting det er vanskeleg å måle. Dei siste talla indikere at 65% av refusjon ferie/fritid går
igjennom oss. Når dette utgjer 728 millionar i løn og vi omset for 1,4 milliardar så har vi og ein del av den arbeidskrafta som ikkje vert løna ut via tilskott. Her er det jo vår eigen marknadsføring og sal via medlemslaga som kan betre marknadssituasjonen. Dette fordrar ønskje om meir aktivitet i laga. Dette er eit tema som kan takast opp på haustsamlinga. 3. 80% av laga skal ha aktiv heimeside: Her har det stått i ro sidan sist. Det vil seie at i underkant av 60% har aktiv side. At vi har oppretta ei passiv side til alle lag har ikkje ført til meir etterspørsel etter heimesider. Dette har med profesjonalitet i laga å gjera og i 2016 burde det vore sjølvsagt at laga har heimesider. 4. 85% av laga skal bruke same namn og profil: Dette punktet er vel det som skaper mest hovudbry. Når det gjeld profil så er det ikkje noko problem, men namnet sprikar i alle retningar og det er ikkje store ønske om endringar ute i laga. Ei anna problemstilling er uniformering av e-post adresser til laga. Ei bedrift med e-post adresse frå hotmail og gmail eller liknande vert ikkje oppfatta som profesjonell. Korleis vi skal få laga til å føle eit ansvar i forhold til namn og uniformering er ei utfordring. Dagens fusjonstilskot vert endra, slik at det vert stilt krav for å få dette utbetalt. Krava vil då vera at det nye laget minimum formidlar arbeidskraft, brukar logo, har korrekt namn og aktiv heimeside. Det vert innført eit nytt namneendringstilskot på 10 000 kroner som skal gå til lag som endrar namn innan 31.12.2018. Fusjonstilskot og namneendringstilskot kan ikkje kombinerast. Sak 45/16 Forsikring og bruk av meklar Forsikringspakken er fornya i Landbruksforsikring for neste forsikrings år, 01.10.2016 30.09.2017. Premie er lågare eller lik som i fjor. Det vart gjort ei vurdering på bruk av forsikringsmeklar. Informasjon er teke til etterretting og styret er einige i at meklar skal nyttast til forsikring også i framtida. Sak 46/16 Medlemskap Norsk Landbrukssamvirke I sak 3 på AU-møte 22. august vart det vedteke å sende ein førespurnad til Norsk Landbrukssamvirke om kva vi har igjen for eit medlemsskap og oversikt over kostnader. Frode Alfarnes er i dialog med Norsk Landbrukssamvirke. Saka vert overført til styremøtet i desember.
Sak 47/16 Orienteringssaker A. Førarkort traktor for utlendingar Utlendingar som har bilsertifikat har ikkje automatisk rett til å køyre traktor i Norge etter same regleverk som nordmenn. Det er usikkert om kor mange som eigentleg er klar over dette. Meir informasjon på styremøtet. Harald Lie sjekkar opp kva regelverk som gjeld. Dette er så viktig at vi må ta tak i det. Harald Lie sender informasjon ut til laga. B. Samarbeidsmøte med NLR NLT og NLR har dei siste åra hatt to samarbeidsmøter, eit vår og eit haust. Frå NLR si side er det ønskjeleg at dagleg leiar og styreleiar deltek. Meir informasjon på styremøtet. Frode Alfarnes sender ein e-post. C. Administrasjonshandbok Tor Skeie Olsen og Trude Soma Augestad orienterte. Administrasjonshandboka skal publiserast på haustsamlinga. Sjølv om denne ikkje er fullstendig så er det viktig å få den ut. Då er det enklare å få tilbakemelding på kva som manglar og kva andre kan bidra med. Ein skal opprette ei diskusjonsgruppe på Facebook der administrasjonstilsette kan spørja etter informasjon. D. Nyheitsbrev Trude Soma Augestad orienterte. Første nyheitsbrev vart sendt ut før sommarferien. Nytt brev skal ut innan utgangen av september. E. Landbrukstenester Folgefonna Frode Alfarnes orienterte om situasjonen i medlemslaget. Orientering et teke til etterretting. Sak 48/16 Referatsaker A. Dyretragediar i landbruket Bodil Mannsverk har representert NLT. B. Årsmøte - Norges Bondelag Styre leiar Harald Lie, Bodil Mannsverk og Finn Egil Adolfsen deltok på årsmøtet til Norges Bondelag. C. Forhandlingsutvalget NHO Mat og Drikke Norske Landbrukstenester var representert av Tor Inge Eidesen. D. Styremøte NHO Mat og Landbruk Harald Lie representere NLT i styret.
E. Møte med Landbruks- og Matministeren Harald Lie, Bodil Mannsverk samt Frode Alfarnes representerte NLT i møtet. F. Landbruksvikarkurs for Hordaland/Sogn og Fjordane Administrasjonen har representert på landbruksvikarkurset. G. Webtemp-samling Sør-Trøndelag Frode Alfarnes og Trude Soma Augestad har hatt møte med tillitsvalde og administrative tilsette i laga i Sør-Trøndelag for å informere om Webtemp. Ser positivt på at lag inviterer for å tileigne seg kunnskap om Webtemp. H. Dyrsku`n: Dyrsku`n 150 år. Alle i administrasjonen deltok. Vestfold Landbrukstjenester og Landbrukstjenester Sør deltok saman med oss. Viktig at vi er til stades her. Referat er teke til etterretning. Sak 49/16 Eventuelt Landbruksvikarkurs Lillehammer Avløserlag og Innherred Landbrukstjenester inviterer til landbruksvikarkurs 23. og 24. november 2016. Finn Egil Adolfsen representerer styret i NLT.