Orientering er friluftsaktivitet...o-folk gjer det i friluft!! nr april 2015



Like dokumenter
nr våren 2016 Sesongstart i Movika 13. april! 26 nærløp i 2016 Kvar og når? Terminliste og kart s

Organ for Førde IL orientering

nr april 2014 Blir 2014 eit toppår for Førde IL Orientering? Organ for Førde IL Orientering Nr. 1 - årgang 38

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

årsmelding

Brukarrettleiing E-post lesar

Til deg som bur i fosterheim år

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Dommarpåmelding Test HD i 4. divisjon. Testkrav: 35 sec x 40 sec x 20 stk. Test AD i 2. divisjon. Testkrav: 30 sec x 40 sec x 20 stk.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Brukarrettleiing. epolitiker

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Årsmelding for O-gruppa 2015

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Rådgjevarkonferanse 2009

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Bruk av reiserekning i Agresso

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

Rådgjevarkonferanse 2010

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

VEL MØTT TIL O-SESONGEN 2007!

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Brukarmanual.

SFFK takkar igjen for påmeldinga, og gratulerar med avansement til sluttspelet!

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Trinn for trinn -Legge inn arrangementsøknad i Sportsadmin. -Ta ut påmeldingsfiler for import i FriRes. -Resultat/rapportering på mindre stevne.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

REGELHEFTE FOR SAMLAGSSTEMNER

HOLMØYSKARRENNET 2002

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Søking til skuleåret

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

NYE FRISTAFETTEN ARNA IDRETTSPARK TIRSDAG 14. APRIL KL. 18:00

Stemnehandboka for NKSF

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Respekt på Rommetveit skule

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Bruk av driftsmidlar Frifond

GUIDE myweblog Fjordane Flyklubb

FRISTAFETTEN 2014 ESPELAND IDRETTSPLASS ONSDAG 2. APRIL KL. 18:00

«Ny Giv» med gjetarhund

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

INFORMASJON FOR REKRUTTER

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

NOTUS PORTAL 1. BRUK AV NOTUS PORTAL FOR TILSETTE/VIKARAR:

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Administrasjon av medlemslisterog tillitsvalde i 2011

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Stord IL Orientering Årsrapport 2003

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Til deg som brukar: Her kjem Fritidskalendaren for juni 2007 i Lindås. Me vonar du har lyst å delta på dei aktivitetane me har sett opp.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Kvalitetsplan mot mobbing

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Transkript:

1 nr april 2015 www.fordeorientering.com FIL-huset i Hafstadparken er eit flott bygg, med m.a. lagerrom for FIL Orientering Organ for Førde IL Orientering Nr. 1 - årgang 39 Orientering er friluftsaktivitet...o-folk gjer det i friluft!!

Sesongkort 2015 ny design men samme pris!!! Sesongkortet kjem i år med ny «moderne» design. I tillegg er storleiken redusert til samme mål som på eit kredittkort (85 x 54 mm). Uendra pris I fjor auka vi litt både startkontingenten for enkeltløp og prisen for sesongkort. Styret har derfor ikkje funne grunn til noko justering i år. Prisen på sesongkortet er såleis den samme som i fjor for alle aldersgrupper: Under 12 år kr 100 Frå 12 til og med 19 år kr 200 Over 20 år kr 500 Også uendra startkontingent for enkeltløp Startkontingenten for enkeltløp i 2015 blir den samme som i 2014, og er: Under 12 år kr 20 Frå 12 til og med 19 år kr 40 Over 20 år kr 60 Sesongkort har fordelar Kjøp av sesongkort har fordelar både for deg som løpar og for arrangørane av nærløpa. Reknar du med å delta i dei fleste nærløpa gjennom sesongen vil det lønne seg å kjøpe sesongkort ved sesongstart. Er du under 12 år så tener du på å kjøpe sesongkort dersom du deltar på fleire enn 5 nærløp. Det samme gjeld for deg som er mellom 12 og 19 år. Er du over 20 år tener du på å kjøpe sesongkort dersom du deltar på minst 9 nærløp. Andre fordelar for degt er at du ikkje treng å ha med pengar til nærløpa. For løpsarrangørane er det også ein fordel dersom mange kjøper sesongkort. Det blir mindre veksling og styr med pengar, og påmeldinga kan gå raskare. I tillegg får vi ein større del av startkontingent inn på vår konto tidleg i sesongen. O-posten nr. 1. 2015 side 2

Friluftslivets år 2015 Friluftslivets år 2015 er ein del av Nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv som Klima- og miljødepartementet (KLD) presenterte i august 2013. Aktivitetar i friluft gir gode opplevingar, auka livskvalitet, ei betre helse og eit rikare liv. Friluftslivets år 2015 er ei nasjonal markering av norsk friluftsliv. Friluftslivets år har eiga nettside, http://www.friluftslivetsar.no/, der det er lagt ut mykje informasjon om dette aksjonsåret. Mål for friluftslivets år 2015 Året skal gi varige resultat i form av auka deltaking i friluftsliv mellom alle delar av befolkinga, og vere med på å auke merksemda om friluftsliv. Vidare skal året medverke til auka medvit og kunnskap om friluftslivets positive effektar for folkehelsa. Auka medvit og kunnskap om «Allemannsretten» inngår også som eit mål for friluftslivets år. Filuftslivets år og orientering Orientering er friluftsliv! Jamvel om nye former for orientering har medført at vår aktivitet etter kvart ikkje berre foregår i skogen og naturen, men også i parkar og byområde, er orientering framleis i høgste grad ein friluftsaktivitet. Alle former for orientering foregår ute i friluft! Dette gjeld anten det er tradisjonell orientering i skogsmiljø, turorientering, sprintløp i byområde, skiorientering eller orientering med sykkel. Profilering av orientering i friluftslivets år Friluftslivets år gir oss eit ekstra høve til å profilere vår idrett. Organisasjonen Norsk Friluftsliv (tidlegare Friluftslivets fellesorganisasjon) har det praktiske ansvaret for dagleg leiing, planlegging og gjennomføring av friluftslivets år. Norsk Orientering er ein av organisasjonane bak Norsk Friluftsliv, og dette gir oss høve til å nytte logoar og alt profilmateriell som er laga for friluftslivets år. Dette bør vi utnytte i all vår marknadsføring både annonser, brosjyrer, plakatar og på nettsider. Hugs derfor å bruke logoen for Friluftslivets år i alle slike sammenhengar! Red. O-posten nr. 1. 2015 side 3

Trenings- og rekrutteringsrådet Sunneve Kalstad Harald Hjellbrekke Øystein Erland Thale Eliassen Fink leiar medlem medlem medlem Rekrutteringsdag ved sesongstart Den store rekrutteringsdagen i Førde blir den 22. april. Da legg Førde IL Orientering opp til informasjon og aktivitetar både for aldersgruppa 10-14 år og for dei i alderen 14-16 år. Aktivitetane blir først og fremst lagt opp med tanke på nybegynnarar, men vil også høve godt for dei som tidlegare har prøvt seg litt med orientering. Programmet for dagen er todelt og blir opplagt slik: Speidarane/KFUM og KFUK møter på Kyrkjelydshuset kl. 17:00 aldersgruppe 10-14 år. Ungdomsklubben Løa møter på Løa kl. 17:00 aldersgruppe 14-16 år. Program: Programmet startar med informasjon om orienteringsaktivitetane vi kan tilby desse aldersgruppene. Deretter blir det litt enkel instruksjon om orientering. Etterpå går deltakarane bort til Førde Ungdomsskule og startområdet for ei enkel Råtassløype, som ungdommane kan få prøve seg på. Oppfølgingsløp i mai: Det blir eit oppfølgingsløp tilpassa begge aldersgruppene på Førde Ungdomsskule den 13. mai. Ungdomsaktivitetar i regi av Sogn og Fjordane Orienteringskrins Sogn og Fjordane Orienteringskrins legg i 2015 opp til fleire ungdomssamlingar, der også ein fellestur til pinseløpa på Hedemarken inngår. UNGDOMSSAMLINGAR 13-19 ÅR: Krinssamling 1: 25. - 26. april Askvoll Krinssamling 2: 22. - 25. mai Fellestur til pinseløp på Hedemarken Krinssamling 3: 13. - 14. juni Hafslo Krinssamling 4: 26-27. sep. Naustdal O-posten nr. 1. 2015 side 4

HOVUDLØP/O-LANDSLEIR 2015 Dette årlege arrangementet er for ungdommar i aldersgruppa 14-16 ÅR. I år er Hovudløpet og O-landsleiren lagt til Larvik og Stavern i tida 7. - 12. august. Sogn og Fjordane O-krins legg opp til Fellesreise for alle frå Sogn og Fjordane. Dette blir moro, følg med på www.hl15.no, der du finn heile programmet for arrangementet. Råtasskarusellen Dette er FIL Orientering sitt rekrutteringstiltak for jenter og gutar i alderen 5-12 år som har lyst til. å lære litt om kart å vere med på enkle og kjekke orienteringsøvingar å lære å ta seg fram ute i naturen Vi har i år utvida antal råtassdagar til 8, og vi avsluttar karusellen seint på hausten med eit «nattløp» der løparane må ha med lommelykt eller hovudlykt. Råtassdagar i 2015 Onsdag 15. april: Museet i Movika kl. 18:00 Onsdag 22. april: Førde ungdomsskule kl. 18:00 Onsdag 6. mai: Slåtten skule kl. 18:00 Onsdag 13. mai: Førde ungdomsskule kl. 18:00 Onsdag 3. juni: Flatene skule kl. 18:00 Laurdag 29. aug, Førde rådhus i samband med Førde opp Onsdag 30. sep: Førde ungdomskule (nattløp) kl. 19:00 Gratis deltaking Det kostar ingenting å delta i Råtasskarusellen, og påmelding gjer ein ved frammøte. Deltakarane får kart med postar og ein enkel instruksjon om opplegget. Vi har 3 ulike løyper som deltakarane kan prøve, og den som vil kan gjerne springe eller gå gjennom løypene fleire gonger. Bilde frå tidlegare Råtass Eiga premiering Dei som deltek på minst 4 Råtassløp får premie ved sesongslutt. O-posten nr. 1. 2015 side 5

O-challenge/ skulesprinten 2015 O-challenge/Skulesprinten handlar om å gjere skuleelevar kjende med orientering. Førde IL Orientering har gjennomført Skulesprinten i ulike former kvart år i nesten 15 år. Deltakinga frå skulane har jamt over vore svært god, og i 2012 vart Førde IL Orientering kåra til «Årets skulesprintarrangør» av Norsk Orientering (NOF). Opplegg for 2015 Planlagt tidsrom er veke 19., måndag 4. til onsdag 7. mai, kvar dag kl. 10-12 og 12-14. Gunnar Gytri og Øystein Erland står for planlegging og organisering. Klappene-kartet med utgangspunkt frå velteplassen ved Soleide vil bli brukt som arena også i 2015. Dette kartet og området som har vist seg å vera svært veleigna for arrangementet. Vi er ute i naturen, og avstanden frå sentrumsskulane er ikkje større enn at elevane (og lærarane) kjem seg trygt til staden med sykkel. Vårt innarbeidde opplegg frå tidlegare år vil vera fundamentet i arrangementa. Men i år legg vi opp til å bruke berre ei løype, og skulane blir utfordra til meir enkeltstart for å gi progresjon til dei eldste elevane som har vore med tidlegare og kjenner terrenget. Invitasjon og informasjon til skulane Innbedne skular er dei sentrumsnære skulane Slåtten skule, Førde barneskule, Halbrend skule, Sunde skule. Vi vil i år sende ut framlegg til dag og tidspunkt for den enkelte skule, og brukar same timeplan som 2014. Målgruppene er 5.-6.-7. trinnet. Øystein held kontakt med skulane, og sender skriv til skulane i veke 15 via e-post til skulane sine klassestegskontaktar med kopi til rektorane. Kart med o-løype i PDF-versjon blir sendt skulane i lag med info-skrivet. Gjennomføring Øystein set opp arrangørar (minmum 2 frå o-gruppa til kvar økt) og informerer dei. Gunnar kontaktar grunneigarlaget ved Sjur Wie, og ordnar det tekniske med kart, tidtakarutstyr, merkeband m.m. Han er også ansvarleg arrangør på måndag og tysdag i veke 19. i lag med minst 1 medhjelpar. Aktivitetar i år Frå O-challenge 2014 Foto: Gunnar Gytri Tidsbolken på 2 timar (10-12 og 12-14) blir delt i 3 med ca. 30 minutt på kvar øving: O-løype, N-nivå, kan vere delvis merka om ikkje ledelinje. Bruk av kart og brikke. 2 Lærarar blir utfordra til å stå ved løypa (kritiske punkt) Rakettløype med brikke Stafett i skogen langs merkeband, ca. 2 minutt per løpar og 4 på kvart lag, helst 2 jenter og 2 gutar. (Dannar lag på staden, og brukar ikkje brikke eller kart. Skal vere moro og gje terrengtilvenning) Tilleggsaktivitet: Kart i stor målestokk 1:2000 med 2 postar innteikna er eit ekstra tilbod for dei som meistrar løypa bra og har «ledig tid», fleksibelt opplegg. Ingen deltakarpremiar i år. O-posten nr. 1. 2015 side 6

Prosedyrer og rutiner for Nærløp (Oppdatert april 2015) Generelt Vi har ein løypeleggar (den som står fyrst på lista) og ein eller fleire medhjelpar(ar). Løypeleggaren har ansvaret for å legge ut ei A-løype ca. 5-6 km og det kan lagast ei A-kort løype ca. 3 km, ei C-løype på 2-3 km og ei N-løype. (Sprintløyper skal leggast opp etter vinnartid på ca 15 min og på eigne sprintkart). Om du som løypeleggar vil kvalitetssikre løypene med nokon i gruppa, ta kontakt med Torodd Os, Helge Schei eller Egil Nestande. Medhjelparen har ansvar for rakettløypa. Han har ansvar for å ta med og å returnere teknisk utstyr til rakettløypa: 6 stk. postbukkar + 1 stk. ekstra startbukk, rull med merkeband og 1 stk. ekstra MTR. Medhjelparen skal førebu ein del sosiale tiltak, som; lagstelt, informasjon og frukt, saft og ev. bollar. Dei to ansvarlege samarbeider om registrering av deltakarar, innkrevjing av startkontingent, sal av sesongkort og informasjon. Prosedyre for løypelegging og tidtaking i 2015 Vi brukar også i år tidtakarprogrammet Etiming på nærløpa. Det medfører at løypene i OCADprogrammet må ha likt namn på kvart løp, slik: Løype 1 A lang Løype 2 A kort (løype 2 kan brukast som eit kortare alternativ) Løype 3 C Løype 4 N Når løypene er ferdig må løypefila og bakgrunnskartet sendast til Torodd, torodd.os@enivest.net, helst søndag kveld før løpet. Torodd vil framleis ha ansvar for Etiming, men fleire bør etter kvart lære seg å bruke det elektroniske tidtakarprogrammet. I god tid før løpsdagen 1. Merk deg dato og stad for det løpet du skal ha ansvaret for, dersom du ikkje kan på oppsett tid må du byte med ein annan på lista. 2. Byte mellom løypeleggarar/medhjelpar må meldast nærløpsansvarleg. 3. Seinast fredag før løpet sjekkar nærløpsansvarleg at dei som er sett opp kan ta nær-o-løpet, han melder deretter inn rette opplysningar til standardannonsa i Firda. (frist fredag kl. 15:00) 4. Seinast søndagen før løpet legg løypeleggaren ut informasjon på www.fjordaglimt.no i Firda Namn: Nærløp orientering. Gjentaking: til løpsdato. Legg inn: Skildring (viktig) og gjerne bilde (mindre viktig). Regi: Førde IL orientering. Tilgang: alle. Huk av i boks Bruk ropert. Løypeleggaren legg ut tilsvarande info på www.fordeorientering.com 5. Planlegg løypene, ta minst ein tur i terrenget som planlegging. Bruk då utskrift av kartet som du får ved å vende deg til teknisk råd. 6. Legg gode løyper, 4-5 kilometer A-nivå (krevjande) og ca 2-3 kilometer C-nivå, dvs. løyper med klare haldepunkt ved postane. N-løypene kan ikkje bli for lette. 7. Bruk løypeleggarprogrammet i OCAD til å teikne inn løypene (alt. Purple Pen). Kontakt Torodd Os, Helge Schei eller Egil Nestande i god tid før løpet om du treng hjelp til innteikning av løypene i OCAD og hjelp til utskriving av kart med postomtale. Skriv ut om lag 20 kart i kvar løype. O-posten nr. 1. 2015 side 7

Seinast dagen før løpet 1. Hent nødvendig utstyr (Utleigebrikker, MTR, kart, skjermar, plastlommer, plakatar) på lageret i FIL-huset. (Jon Anders, Egil, Torodd, Sunneve og Kjell Arne har nøkkelkort og nøkkel) 2. Sett 2 stk. (MTR) Mini Time Recorder, på lading frå kveld til morgon (utan å røre batteriet) 3. Sett ut postane i A-løype og C-løypa, N-postane må ein sette ut løpsdagen. 4. Ha klar informasjonen du skal henge opp, informasjonsfoldarar, nye innbydingar til o-løp. 5. Ha mottatt revidert namneliste frå Harald Hjellbrekke (Tlf: 977 12 051) 6. Hugs å kjøpe frukt, ev. bake eller kjøpe minst 40 bollar som du tek med på løpet. 7. Hent plastdunk med plass til 15 liter vatn, saft (må ev. kjøpast for kvar gong) og drikkebeger på lageret (FIL-huset) 8. Hent lagstelt på lageret, eitt bord og 2 stolar, pluss infotavle på lageret (FIL-huset) Løpsdagen, før løpet 1. Vere klar til å ta i mot deltakarane 15 minutt før oppsett tid.(17:45). Då må all førebuing vere ferdig. 2. Merk vegen fram til frammøtestaden med o-skjermar (viktig) 3. Ha sett ut alle postane med EKT-eining. Bruk ei vanleg EKT-eining til målpost. 4. Hugs eigen startpost (som er merka START). 5. Sett opp informasjon om sal av sesongkort og startkontingent. 6. Sette opp lagsteltet, (dersom regn eller fare for regn), stol og bord, ha klar frukt, saft og bollar. 7. Ha klart ein boks (pengeskrin) med vekslepengar. Under løpet 1. Løypeleggaren og medhjelparen tar imot påmeldinga og betaling på ulike løyper, kryssar av på revidert namneliste og fyller ut manglande opplysningar (telefon, e-post, m.m.) 2. Dei yter ulik service (frukt, ev. bollar, saft, trøyst og ros, påminning om neste løp) Oppslag Startkontingentar: Til og med 11 år kr 20 Brikkeleige : Til og med 19 år Gratis 12-19 år kr 40 frå 20 år kr 20 Over 20 år kr 60 Det er høve til å delta i Rakett- og N-løype for same kontingent NB! Redusert startkontingent for Nattløpa i oktober (kr 20) Etter løpet 1. Resultatliste: Ansvarleg for tidtakinga med Etiming programmet lagar til resultatliste og legg den ut på nettesida og Facebook-sida til FIL Orientering og sender deltakarliste til Harald Hjellbrekke, harald.olav.hjellbrekke@enivest.net 2. Økonomi: Betal den samla startkontingenten inn til konto 3700.07.15094 (Sparebanken Sogn og Fjordane), og send kvittering på innbetalt beløp, pluss kladd av deltakarliste frå nærløpet til Egil Nestande, Kvamane 7, 6812 Førde. egil.nestande@online.no 3. Utstyr: Ta inn postar og utstyr slik at alt er tilbake på lageret (FIL-huset) seinast laurdagen etter løpet. Hugs at utstyret er svært verdifult når vi brukar EKT. Sett inn alt utstyr på lageret og lever nøkkel og nøkkelkort tilbake til den du har lånt dei av. Teknisk råd Torodd Os: Tlf: 913 95 912 e-post: torodd.os@enivest.net Egil Nestande: Tlf: 906 22 156 e-post: egil.nestande@online.no Helge Schei: Tlf: 907 26 290 e-post: helge.schei@mentor.no Trenings- og Rekrutteringsråd Sunneve Kalstad Tlf: 911 52 942 e-post: sunneve.kalstad@vegvesen.no Harald Hjellbrekke Tlf: 977 12 051 e-post: harald.olav.hjellbrekke@enivest.net Thale Fink Tlf: 482 21 672 e-post: thale-fink@hotmail.com Øystein Erland Tlf: 997 28 022 e-post: oey-erla@online.no Nærløpsansvarleg Kennth Husevåg-Lobben Tlf: 915 40 458 e-post: husevaglobben@gmail.com O-posten nr. 1. 2015 side 8

Løpsaktivitet i 2015 Fleire nærløp i 2015 På terminlista for 2015 har vi sett opp 18 nærløp medrekna Førdebodstikka, Sunnfjordorienteringa og Romjulsløpet. I tillegg kjem eit nærløp arrangert av Tambarskjelvar IL. Sjå nærløpslista på neste side. Alle nærløp skal gjerast kjent med annonse i FIRDA (sjå døme på annonse til venstre), pluss med omtale under «Det skjer», der vi kan få inn litt fyldigare omtale av løpet enn det som er plass til i ei annonse. I tillegg skal det leggast ut fyldig informasjon om kvart løp på vår nettside og vår Facebook-side. Dei nærløpsansvarlege må lese og følgje «Prosedyrer og rutiner for Nærløp». Nattløp Sesongen blir som vanleg avslutta med nattløp i oktober og kanskje vidare i november, avhengig av vêrforholda utover hausten. På terminlista er opp ført 4 nattløp, men det kan altså bli fleire. Informasjon om nattløpa blir gitt via e-post og lagt ut på vår nettside og Facebook. Nattløpa blir arrangert med mindre krav til sørvis og løypeutvalg, og med redusert startkontingent. Nattløpet 21. oktober har status som uoffisielt lagsmeisterskap. Lagsmeisterskap Lagsmeisterskapet 2014 hadde start og mål på Høgda. Foto: Heidi Lise Orienteringsløp Sesongen 2015, kl. 18:00 A-løyper 6 og 3 km, C-løype 3,5 km. Enkel N-løype Førde IL Orientering I år prøver vi på nytt med lagsmeisterskap langdistanse og nattløp i tillegg til mellomdistanse. LM-mellomdistanse går på kartet Digernesvatnet med Førde Vassverk som arena. Løpsansvarlege er er Helge Schei og Brita Grønli, og vi forventar gode løyper! LM-langdistanse er sett opp på Bringelandskartet med Yngve Årdal og Steinar Lote som ansvarlege. Arena er Langeland Skisenter. Her kan vi få gode kart ved å bruke restopplag frå Fjord-O vest 2014. Ulvedalane ved Bulingstjønna er kart og arena for LM-nattløp K-løp i krinsen Sogn og Fjordane Orienteringskrins har 10 løp på si terminliste, medrekna Førdebodstikka, som går som nærløp. Førde IL Orientering er ansvarleg for 4 av løpa på lista, nemleg Førdebodstikka, Sunnfjordorienteringa og to løp i Vestlandsmeisterskapet (DM). Vestlandsmeisterskapet blir arrangert 5. og 6. september på kartet Kråkenesmarka. Begge løpa er individuelle løp, langdistanse på laurdag og mellomdistanse på sundag. Marius Dalin og Helge Schei er løypeleggarar. Løp utanfor fylket Nokre aktuelle løp som O-folket bør merke seg er: 18.-19. april Halden-Sarpsborg, Norwegian spring (Vårspretten- Solrenningen) 26.-28. juni Sognsvann Oslo, O-festivalen 7.-12. august Larvik-Stavern, O-landsleir og Hovudløp 14-16 år 22.-23. august Grue IL Finnskogen, Veteranmesterskapet Sjå i tillegg terminlista på Eventor. O-posten nr. 1. 2015 side 9

Terminliste Nærløp og ein del andre løp i 2015 Dato Kart/område Stad Arrangørar Merknad APRIL Ons. 15. Moskog Sunnfj. Museum Movika Torodd Os/Håvard Os/Harald Hjelbrekke "Kikk off" Nærløp "Råtass" Ons. 22. Førdehuset "Løa", kl. 17:00 Sunneve/Thale og Trygve Nærløp Ons. 22. Førdehuset Førde Ungdomsskule Gunnar Gytri/Heidi Lise Bakke/Sunneve Kalstad Nærløp "Råtass" 25. - 26. Askvoll Askvoll og Holmedal IL Krinssamling ungdom Lør. 25. Askvoll sentrum Askvoll Askvoll og Holmedal IL KM sprint MAI Fred. 1. Halbrend/Flatene Flatene Skule Egil Nest./Kennet Husevåg-L./Svanhild Hand. "Førdebodstikka" Ons. 6. Førdslia/Slåtten Slåtten Skule Jostein Fredly/Johan Magerøy/Sunneve Kalstad Nærløp "Råtass" Ons. 13. Førdehuset Førde Ungdoms/Løa Harald Hjellbrekke/Thale Fink "Råtass" Gateløp Ons. 13. Vieåsen/Tefre Ballbingen Kjell Arne Hjellbrekke/Kurt Grønli Nærløp Ons. 20. Ulvedalane Bulingstjørna Torbjørn Os/Asgeir Årdal Nærløp Ons. 27. Digernesvatnet Etterli Jon Anders Schei "Sunnfjordorienteringa" JUNI Ons. 3. Digernesvatnet Høgda aust Marius Dalin/Bjørn Olav Øvrebø Nærløp Ons. 3. Flatene Flatene skule Sunneve Kalstad "Råtass" Laur. 6. Breim Breimsbygda IL "Rotekoppen " Ons. 10. Grimelandshaug Angedalen skule Harald Hjellbrekke/Ove Naustdal Nærløp 13. - 14. Hafslo Hafslo IL Krinssamling ungdom søn. 14. Sogndal Sogndal IL KM mellom Ons. 17. Digernesvatnet Førde Vassverk Helge Schei/Brita E. Grønli Nærløp " LM Mellom" Ons. 25. Digernesvatnet Høgda vest Torodd Os/Kennet Husevåg-Lobben Nærløp 26. - 28 Sognsvann/Oslo Nydalen O-festivalen JULI 4.-10. Rauland/Porsgrunn (VM Junior) Sørlandsgaloppen AUGUST Ons. 5. Halbrendslia Reset Egil Nestande/??? Nærløp 7. - 12. Larvik O-Landsleir 8. - 9. Larvik Hovudløp 14-16 år 14. - 15. Night Hawk Akershus Ons. 12. Naustdal Tambarskjelvar Nærløp Ons. 19. Bringeland Langeland Skisenter Yngve Årdal/Steinar Lote Nærløp "LM Lang" 22. - 23. Finnskogen Grue IL Veteranmesterskapet Søn. 23. Sandane/Fjellh. Vereide KM langdistanse Ons. 26. Vieåsen/Tefre Ballbingen Tor Christopher Fink/Thale Fink Nærløp Laur. 29. Førde sentrum Førde opp (Rådhuset) Rekruttering "Råtass" SEPTEMBER Ons. 2. Digernesvatnet Etterli Gunnar Gytri/Andreas Haug Nærløp 5. - 6. Kråkenesmarka Skyttarhuset DM lang og mellom Ons. 9. Kråkenesmarka Vasslia Helge Schei/Marius Dalin Nærløp 10. - 13. Verdal Frol IL NM veke Ons. 16. Klappene Soleide Jon Anders Schei/Torbjørn Holsen Nærløp Laur. 19. "Bekkjevatnet" Høgda Førde IL Orienteringsstyret "Bekkjevatnet rundt" 26. - 27. Naustdal Tambarskjelvar Krinssamling ungdom Laur. 26. Naustdal Tambarskjelvar KM natt Søn. 27. Naustdal Tambarskjelvar "Haustbløyta" Ons 30. Førdehuset Førde Ungdomsskule Rekruttering "Råtass Nattløp" OKTOBER Ons. 7. Kråkenesmarka Blomlia Gunnar Gytri Nærløp Natt Ons 14. Bringeland Langeland Skisenter Torodd Os Nærløp Natt Ons. 21. Ulvedalane Bulingstjørna Helge Schei Nærløp Natt "LM" Ons. 28. Halbrendslia Reset Marius Dalin Nærløp Natt DESEMBER Laur. 26. Helge Schei/trening og rekruttering "Romjulsløpet" O-posten nr. 1. 2015 side 10

Kvar går nærløpa i 2015? Kartet under viser korleis du kan finne fram til dei fleste av nærløpa. (Ein del løp som blir arrangert på sentrumsnære kart er ikkje avmerka) 1. Sunnfj. Museum Movika 2. Flatene skule 3. Slåtten skule 4. Vieåsen/ Tefre 5. Ulvedalane/ Bulingstjønna 6. Høgda 7. Grimelandshaug/ Angedalen skule 8. Førde vassverk 9. Halbrendslia/ Reset 10. Langeland Skisenter 11. Etterli 12. Vasslia 13. Klappene 7 12 3 9 2 4 6 13 1 5 8 10 11 O-posten nr. 1. 2015 side 11

Teknisk råd Torodd Os Helge Schei Egil Nestande leiar medlem medlem Kartarbeid i 2015 På grunnlag av kartmøtet vi hadde i 2012 der aktuelle kartprosjekt vart vurderte, er det nærmiljøanlegget «Hafstadparken» som nå står for tur. Midlar til arbeidet med dette anlegget er avsett i budsjettet for 2015, og i løpet av året søker vi både spelemidlar, kommunal støtte og ev. støtte frå Sparebankstiftinga til prosjektet. Anlegget er registrert i «Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014-2017», og har eit omfang på 0,7 kvkm. I første omgang er det aktuelt å lage eit kart som dekker om lag halve arealet, dvs. Hafstadparken og nærområdet til denne, slik som vist på skissa under. Oppdatering av kart Nesten alle våre kart treng årleg oppdatering på grunn av ulike tekniske inngrep og/eller vegetasjonsendringar. For 2015 gjeld dette kartet Bringeland der det er gjort omfattande inngrep og endringar ved Langeland fritidssenter. Det samme gjeld kartet Moskog med vegbygging, terrengendringar, nye gjerde, utviding av steinbrot m.m. I Vieåsen er det også byggeaktivitet i gang som medfører endringar på kartet. Kartet i Kråkenesmarka vil kunne trenge oppdatering til Vestlandsmeisterskapet i september, men det er avhengig av kva for del av kartet som løypeleggarane vil bruke. Den vestre delen heilt austover litt forbi Slokedalstjørna vart seinast oppdatert i fjor. O-posten nr. 1. 2014 side 7 O-posten nr. 1. 2015 side 12

Dei fleste karta som skal nyttast til våre nærløp vil elles trenge mindre korrigeringar og oppdateringar. Nytt kart Vi har i vinter arbeidd med eit nytt kart, Flugedalen. Digitaliseringa av dette er for det meste basert på ein gammal konstruksjon frå tidleg på 1990-talet. Det er samme konstruksjon som er grunnlaget for Tefre-kartet. I tillegg har vi nytta kommunalt kart og økonomisk kartverk som bakgrunnskart for digitaliseringa. Det vart også gjennomført noko synfaringsarbeid i delar kartområdet i åra like etter at konstruksjonen var ferdig. Men av ulike grunnar stoppa dette opp og vart ikkje fullført. Kartet er derfor berre delvis synfare, og er i første omgang mest aktuelt å nytte som område for turorientering. Eit utsnitt av kartet er vist under. Utstyr I 2014 investerte vi tungt i nytt utstyr, og brukte nær kr 80 000, dvs. over 30 % av budsjettet til dette. Til NM ultralang og Fjord-O vest kjøpte vi 43 nye posteiningar og 5 nye starteiningar komplett med brakett og stativ, pluss ein Joker-post med programmeringsbrikke. Vidare kjøpte vi 100 stk. nye postskjermar, eit nytt Startdisplay ESD2. I tillegg også to brukte «Qick-up» telt. Vi har 2 stk. Quick-up telt Ved starten av sesongen har vi 134 posteiningar på stativ inklusiv nokre dublettar, pluss 11 starteiningar og ein Joker-post. Vi har 4 stk. MTR4 komplett, ei startklokke, eitt Startdisplay ESD2, pluss 50% del av Startdisplay ESD2. Av postskjermar er det i alt ca. 180 stk. der omlag halvparten er i A-kvalitet (nye eller lite brukte). EKT-brikker til utlån/leige har vi ca. 70 stk. av. O-posten nr. 1. 2015 side 13

Nytt lagerrom Det nye FIL-huset i Hafstadparken er eit moderne og flott bygg, som inneheld fleire møterom i tillegg til kontor og lager for FIL Fotball. FIL Orientering har også fått eit eige lagerrom i huset. I høve til vårt tidlegare lagerrom i «gamle» FIL-huset, er det nye lageret meir praktisk ved at det ligg på bakkeplan. Det er dermed enklare å ta utstyr ut frå og inn på lageret. Sjølv om rommet ikkje er så mykje større enn det gamle, har det god takhøgde slik at det er plass til reolar og hyller med stor høgde. Vi har kjøpt ein del nye hyller til lageret, og har laga ein spesialreol til alle postbukkane. Alt løpsutstyr, pluss telt, bord, oppslagstavler m.m. er flytt over til det nye lageret. Berre litt arkivmateriale, nokre plastdunkar m.m. ligg att på vårt gamle lager. Bilda under viser litt av korleis vårt nye lager er innreidd. Tilgang til FIL-huset og vårt lagerrom Låsesystemet i de nye FIL-huset krev at vi må ha både elektronisk nøkkelkort for inngangsdørene og vanleg nøkkel til sjølve lagerrommet. Gruppeleiar og lagerleiar har nøkkelkort og nøkkel. I tillegg bør alle rådsleiarane ha dette utstyret. FIL Fotball administrerer huset og står for utlevering av nøkkelkort og nøklar. Bruk av møterom må også avtalast med FIL Fotball. Hald orden på lageret Nytt lagerrom bør inspirere alle til å halde god orden på lageret. Det er viktig at alt utstyr som blir brukt ute, blir skikkeleg reingjort og ev. tørka før det blir lagt på rett plass i lageret. Spesielt viktig er det at alle postbukkar blir reingjorte for torv og jord. Slik at vi ikkje dreg masse «skitt» inn på lageret. Sjå og les oppslag om lagerordning på lageret. O-posten nr. 1. 2015 side 14

O-posten nr. 1. 2015 side 15

Turorienteringa 2015 Tur-O-rådet Kjell Arne Hjellbrekke Marius Dalin Steinar Lote Egil Nestande leiar medlem medlem medlem Friluftlivets år 2015 unik sjanse til å profilere turorientering! Turorientering må seiast å vera midt i blinken i høve til målsettingane for Friluftslivets år. Turorientering er ein enkel friluftsaktivitet som det er lett å komme i gang med. I Turorientering brukar vi naturen slik den er. Mangfaldet i naturen gir i seg sjølv utfordringar og moglegheiter til spennande naturopplevingar, gjerne i ukjent terreng. I 2015 vil vi derfor framheve Turorientering som ein friluftsaktivitet som høver godt i Friluftslivets år. Om lag samme opplegg som dei siste åra Også i 2015 legg vi opp Turorienteringa med turar/løyper av ulik vanskegrad. Norsk Orientering (NOF) oppmodar alle lag i år til å legge spesiell vekt på lette og enkle «Grøne turar» for å gjera terskelen låg for nye turorienterarar, som ikkje har prøvt dette før. Dei fleste av turane i 2015 vil bli utforma som ferdige løyper, med postane i bestemt rekkefølge og graderte med fargeskala etter vanskegrad. Turar med vanskegrad «Svart tur» kan ev. bli lagt opp som «postplukk» utan innteikna løype. Definisjonar på løypetype/vanskegrad: Grøn tur: Ein kort tur på stig og veg for nybegynnarar. Blå tur: Turar i lett terreng for nybegynnarar og litt vidarekomne. Raud tur: Turar i variert terreng for erfarne turorienterarar Svart tur: Turar i villmarksterreng for erfarne turorienterarar. Aktuelle område i 2015 Movika. Lett tur på stig og veg i området mellom E 39 og Movatnet. Start i Movika. Ulvedalane. Litt tung tur oppå og rundt Skjerveholten nordvest for Åsvatnet. Digernesvatnet. Litt tyngre tur frå høgda over Bekkeheia mot Hunsrasta. Bringeland. Middels tung tur i nytt område frå Soleimsdalen mot Gjøsetvatnet. Flugedalen. Litt tyngre tur på nytt kart i området opp mot Kvamsbakkestølen. NB! Bomveg opp til start ved parkering i Flugedalen. Nytt tilbod i år - Fotoorientering Vi prøver i år eit enkelt opplegg med Fotoorientering i Førde sentrum på kartet Førdehuset. Fotoorientering går ut på å finne «postar» ved hjelp av fotoutsnitt av ymse detaljar i terrenget/ gatene. Her er det ikkje sett ut postar eller merke på den aktuelle «posten». Kjøp turorienteringsposar hos Erdal Sport as. Også i år legg vi opp til salg av tur-o-konvoluttar berre gjennom Erdal Sport as. I tillegg vil alle turane med kart og «klippekort» kunne lastast ned frå nettet via turorientering.no.. eller last ned kart frå turorientering.no Alle turane kan kjøpast og lastast ned med kart og løyper frå internett (turorientering.no). Jamvel om du kjøper konvolutt med ferdige kart, kan du registrere dine «klipp» via nettet ved å logg inn på turorientering.no. O-posten nr. 1. 2015 side 16

Bruk nettsida vår Nettsida til Førde IL Orientering finn du på adressa www.fordeorientering.com og opningsbildet ser slik ut: På menyen til venstre kan du klikke deg vidare til f. eks. nyheter, eller bilder og filer der du finn ulike dokument som vi har lagt ut på nettsida, mellom anna løpsinnbydingar og løpsresultat. Men for at sida skal vera interessant og informativ er det viktig at vi brukar ho. Spesielt gjeld dette alle som er nærløpsansvarlege og ansvarlege for andre løp som Førde IL Orientering arrangerer. Innlegging av stoff krev pålogging For å legge inn nye artiklar, meldingar, dokument eller bilde må du logge deg på via verktøykassa. Klikk for eksempel på nyheter, og du får opp ein innloggingsmeny som ser slik ut: Du loggar inn som Superbrukar med passordet 3838. Skal du sette inn bilde eller f.eks. resultatlister må du først laste opp bilde eller dokument. Framgangsmåten elles forstår du sikkert av menyane som kjem opp. Men har du problem og kanskje høyrer du til dei som for lengst har passert dei 30 og såleis er godt inne i livskvelden, kan du be om hjelp frå barn eller barnebarn! NB! Store bildefiler (over 1 MB) bør krympast før opplasting slik at dei ikkje fyller opp unødvendig mykje av lagringsplassen som inngår i vårt domeneabonnement. For vising på skjerm gir filstorleik på 200 kb god nok kvalitet. Tilsvarande bør store dokument lagrast og lastast opp i komprimert PDF-format. O-posten nr. 1. 2015 side 17

O-posten for 30 år sidan..1985 Dette var midt i dei gyldne 80-åra.. da alt gjekk berre ein veg.oppover! Dette året kom O-posten berre med eitt nummer haustnummeret. Det var imidlertid eit fyldig nummer på 26 sider, med oppsummering av heile sesongen. Framsida har bilde av Førde sitt stafettlag som vann KM dette året, etter at det hadde gått heile 10 år sidan sist Førde IL vann KM stafett. Alle på laget hadde etternamnet «Eide» (!), men ingen av dei var innfødt «Førdianar». Av innhaldet elles kan nemnast at vi dette året, i tillegg vanleg turorientering på sommaren, også gjennomførte skitrim, «Skijeger n», med 29 deltakarar. Nytt kart dette året var «Viestølen», som m.a. vart brukt under Nordvestgaloppen. Vi hadde også laga nytt skulekart, og donerte 200 eks. av dette til Førde kommune ved skulesjef Gåsvær. Meir om aktivitetane våre i 1985 kan du lese ved å laste ned O-posten nr. 1 1985 frå vår nettside www.fordeorientering.com...og hugs å minne alle du kjenner om at. O-posten nr. 1. 2015 side 18