Om bruk av tvang og makt i opplæring Opplæringslova gir ikkje heimel for bruk av fysisk tvang og makt verken overfor «vanlege» elevar eller overfor psykisk utviklingshemma. Dette er slått fast i førearbeida til opplæringslova. Forholdet til anna regelverk Forholdet til sosialtenestelova kap. 6A, om bruk av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemming er spesielt kommentert i førearbeida (sjå pkt. 20.4 i Ot.prp. nr 46 1997/98). Det vart understreka i debatten i Stortinget, både ved behandlinga av opplæringslova 9. juni 1998 og ved behandlinga av kap. 6A i Lov om sosiale tenester to dagar seinare, 11. juni 1998, at reglane i sosialtenestelova ikkje gav heimel for bruk av tvang og makt verken i barnehage eller i skole. Sosialtenestelova kap. 6A gjaldt frå og med1999 til og med 2004. Reglane vart så noko endra og lagde til i same lova i nytt kapittel 4A med verknad frå 01.01.2005. Frå og med 01.01.2012 vart reglane erstatta av helse- og omsorgstenestelova kap. 9. Det har vore relativt små endringar i reglane om tvang og makt overfor personar med utviklingshemming sidan dei opphavlege reglane vart vedtatt og fram til i dag. Rundskriv IS-10/2015 frå Helsedirektoratet klargjer korleis reglene skal forståast. Definisjonen av kva som skal reknast som tvang og makt er uendra, og i helse- og omsorgstenestelova 9-2 er tvang og makt definert slik: «Som bruk av tvang eller makt etter reglene i kapitlet her regnes tiltak som brukeren eller pasienten motsetter seg, eller tiltak som er så inngripende at de uansett motstand må regnes som bruk av tvang eller makt. Bruk av inngripende varslingssystemer med tekniske innretninger skal alltid regnes som bruk av tvang eller makt etter reglene i kapitlet her. Alminnelige oppfordringer og ledelse med hånden eller andre fysiske påvirkninger av liknende art anses ikke som bruk av tvang eller makt». Etter Fylkesmannen sitt syn må definisjonen ovanfor leggjast til grunn i vurderingar av om det blir utøvd ulovleg tvang innanfor verksemd med heimel i opplæringslova. Det er nyttig for alle som arbeider med opplæring, å setje seg inn i reglane i kap. 9 i helse- og omsorgstenestelova for å få eit grunnlag for nødvendige vurderingar i eiga verksemd i forhold til dei definisjonane som denne lova legg til grunn. Nødverje og nødrett Også i opplæring kan det bli nødvendig å bruke tvang, men heimelen for dette vil i tilfelle vere i straffelova sine reglar om nødverje og nødrett. Bruk av tvang i forbindelse med skadeavverjande tiltak i nødssituasjonar er heimla i straffelova 17 og 18 i ny straffelov ( 47 og 48 i tidlegare straffelov). Nødrett er definert som ein rett til å gjere ei elles ulovleg handling for å redde menneske eller verdiar frå ein fare for skade som elles ikkje kunne bli hindra på rimeleg måte. Det skal mykje til for at nødrettsregelen kan brukast. Det blir kravd at faren for skade (skaderisikoen) er langt større enn skaderisikoen ved redningshandlinga, og det må dessutan liggje føre ein redningshensikt. Nødrett til fordel for ein tredjeperson kan gjennomførast sjølv om det ikkje ligg føre samtykke. Men nødhjelp kan ikkje ytast mot den andre sin vilje, bortsett frå når livet står på spel. I førearbeida til opplæringslova (Ot. prp. nr 46 kap 20) går det som nemnt ovanfor,
fram at lova ikkje skal ha særreglar for bruk av fysisk makt, ransaking eller liknande. Det går likevel fram av førearbeida at: «Nødrett og nødverje gir en viss rett for personalet på skolen til å stoppe basketak og slåsting mellom elevar med fysisk makt og til å verje seg sjølv mot elevar som er trugande eller valdelege, jf. 47 og 48 i straffelova. Det kan altså ut frå forholda vere lovleg å bruke fysisk makt for å hindre at elevane skader seg sjølv eller andre, eller skader eigedommen til skolen eller eigedommen til andre. Skolepersonalet har dessutan ei særleg plikt til å ha omsorg for elevane på skolen. Personalet har såleis ikkje berre rett, men også plikt til å gripe inn for å hindre at elevar skader eller plagar andre elevar eller skader seg sjølv eller skoleeigedommen». I opplæringslova 2-9 er kommunen pålagd å gi forskrifter om ordensreglement. Her står det i tredje ledd at «fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast.» Vi har rådd kommunane til å ta med eit punkt om «nødverjesituasjonar» i ordensreglementet. Det kan for eksempel brukast formuleringar etter mønster av det som stod i tidlegare forskrift til grunnskolelova, 2-2.7: «Når det i heilt spesielle akutte situasjonar er fare for at ein elev kan skade seg sjølv eller andre, vil det vere nødvendig å stanse eleven, eventuelt skilje eleven frå resten av gruppa og plassere eleven i eit eige rom for ein kortare periode. Eleven skal då ha tilsyn av to vaksne. Når eit slikt tiltak blir sett i verk, skal ein straks melde frå til rektor, skolelegen og til foreldra. Rektor må føre opplysningar om slike tiltak og om årsaka til dei i elevmappa». Grensene for bruk av nødverje/nødrett Ein føresetnad for bruk av nødrett eller nødverje i skolen, er at ein ikkje går lenger i bruken av tvang og makt enn det som er nødvendig for å hindre den situasjonen som er oppstått. Gulating lagmannsrett sin dom av 23.06.99 i ankesak nr. 98-00844 (den såkalla Turid-saka) slår fast følgjande om nødrettsheimelen: 2 «Strl 47 gir en sterkt begrenset adgang til å benytte tvangsmidler. Bestemmelsene åpner ikke for mer enn å benytte tvang i den utstrekning det er nødvendig for å avverge, eventuelt stanse, adferd som anses farlig, dvs er egnet til å skade enten vedkommende selv eller andre. Tvangsbruken må begrenses til det minimum som antas å være nødvendig i den aktuelle situasjonen, den mest lempelige metode må benyttes, og tvangen må avbrytes så snart den akutte faren anses over. Det må dessuten være et rimelig forhold mellom graden av fare og omfanget av det inngrep tvangsbruken innebærer. Strl 47 gir ikke hjemmel for noen form for systematisk bruk av tvang med det formål å endre adferden. Det må også gjelde om tvangsbruken inngår i et behandlingsopplegg.» Fylkesmannen vil understreke at straffelova altså ikkje gir heimel for planlagde tiltak med føremål om å endre åtferda. Om åtferdsendrande tiltak Ved endringa i sosialtenestelova etter evalueringa av kap. 6A, vart heimelen for å bruke tvang som åtferdsendrande tiltak fjerna. Det er presisert i helse- og omsorgstenestelova 9-5 tredje ledd bokstav c, at det no berre er heimel for å bruke tvang i «tiltak for å dekke tjenestemottakerens grunnleggende behov for mat og drikke, påkledning, hvile, søvn, hygiene og personlig trygghet, herunder opplærings- og treningstiltak». Rundskriv IS-10/2015 side 88 presiserer at opplærings- og treningstiltak først og fremst er tenkte i forhold til barn og unge, og at slike tiltak berre kan brukast for å dekkje tenestemottakaren sine grunnleggjande behov og ikkje for å endre åtferd som er årsak til skadevoldande handlingar mot tredjepersonar. I skolen er tiltak for å redusere uønskt åtferd ofte relevante både overfor «vanlege» elevar og overfor elevar med funksjonshemmingar. Opplæring kan, med feste i lovverk og læreplanar, ofte nettopp ha til føremål å endre åtferda til elevane. Det er til gjengjeld svært viktig at ein i
opplæringa opptrer med stor varsemd når det gjeld kva verkemiddel ein tar i bruk for å nå aktuelle opplæringsmål: Bruk av tvang er altså ikkje lovleg i verksemd etter opplæringslova, verken i ordinær opplæring eller i spesialpedagogiske opplegg. Så er det vesentleg at dei som arbeider i skolen, veit kvar grensene går mellom lovlege tiltak og tiltak som må definerast som tvang og makt. Her kan eksempla i rundskriv IS-10/2015 vere til hjelp. På side 92 i rundskrivet er grensene for bruk av tvang i forbindelse med opplærings- og treningstiltak nærare presiserte. Det er poengtert at tiltak som påfører brukaren smerte eller skade, psykisk eller fysisk, ikkje er tillatne. Dette inneber eit forbod mot alle former for slag, klaps, spark, klyping og andre tiltak som har karakter av fysisk straff eller overkorreksjon, dvs. såkalla aversive tiltak. Det er vidare ikkje tillate med opplæringsog treningstiltak som inneber betydeleg fysisk eller psykisk slit, eller tiltak som medfører fysisk isolering. Skjerming kan med andre ord ikkje brukast som eit trenings- og opplæringstiltak. Dette betyr også at det ikkje er heimel for å leggje til rette for eller provosere fram åtferdsproblem med tanke på åtferdsendrande trening. Tiltak som inneber at elevar blir utsette for arrangerte provokasjonar, kan derfor ikkje vere med i ein individuell opplæringsplan. Vi kjenner til at tiltak som såkalla «framprovosering av uønskt åtferd», «ekstinksjonstiltak» og «motstandstrening» er brukte som verkemiddel overfor elevar med psykisk utviklingshemning. Slike tiltak vil vere ulovlege både i skolen og i tiltak heimla i helse- og omsorgstenestelova. Det same kan gjelde for tiltak omtalte som «stolsitting». «Nedlegging» vil objektivt sett reknast som sterkt inngripande tvangsog maktbruk, og kan berre brukast som siste utveg for å hindre vesentleg skade av betydeleg omfang. Bruk av slike tiltak er ikkje lovlege i verksemd med heimel i opplæringslova og kan ikkje brukast som verkemiddel for å oppnå læringsmål. Heller ikkje med heimel i straffelova kan tiltaka brukast som verkemiddel for å oppnå læringsmål, jf. dommen frå Gulating lagmannsrett 23.06.99. Krenkande tiltak er ulovlege Helse- og omsorgstenestelova presiserer at ingen skal behandlast på ein vanærande eller krenkande måte, jf. 9-1 tredje ledd. Dette inneber forbod mot å bruke vanærande og krenkande verkemiddel, tilsikta eller utilsikta, for å påverke åtferda til tenestemottakaren. I tilknyting til dette er det viktig å vere klar over at bruk av tvang og makt overfor enkeltelevar i skolen som ikkje klart kan heimlast i nødverjereglane i straffelova, vil bli ramma av reglane i kap 9A i opplæringslova om elevane sitt skolemiljø. Her er det slått fast i 9A-1 at elevane har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Bruk av ulovleg tvang vil innebere at eleven blir utsett for krenkande handlingar, noko skolen straks skal reagere mot. Krav om førebygging Elles er kravet om førebygging understreka i rundskrivet. Dette kravet er gitt i 9-4 i helse- og omsorgstenestelova, der det står at kommunen plikter å sørge for at forholdene legges til rette for minst mulig bruk av tvang og makt. Denne plikta må oppfyllast både gjennom tilrettelegging av sjølve tenestetilbodet og gjennom å sikre nødvendig opplæring og rettleiing for tilsette. Førebyggande tiltak for barn er særleg omtalt i kap 4.4.4 i rundskrivet, og det blir peika på at systematisk og direkte rettleiing må starte tidleg. Slik førebyggingsplikt er ikkje gitt direkte i opplæringslova, men kommunen er gitt ansvar for både å ha riktig og nødvendig kompetanse i 10-8 og for å ha eit forsvarleg system for å sikre at krava i lovverket blir følgde i 13-10. Med forankring i desse reglane er det klart at tilsvarande plikt til førebygging også gjeld for skolen. Tiltak i skoletida etter anna regelverk Til slutt nemner vi at det i pkt. 4.2.3 i rundskriv IS-10/2015, blir opplyst at opplæringslova i seg sjølv ikkje er til hinder for at tiltak med heimel i reglane om tvang i helse- og omsorgstenestelova 3
kan gjennomførast på skolen i skoletida, dersom tiltaka blir gjennomførte som ledd i tenester etter helse- og omsorgstenestelova av personell frå helse- og omsorgstenesta. Det er vidare eit vilkår at leiinga ved skolen samtykker i at tiltaka kan gjennomførast når eleven er på skolen. Men Utdanningsdirektoratet har i brev av 4 25.09.2015 presisert at opplæringslova gjeld for alle tiltak knytte til opplæringa, uavhengig av kva personell som gjennomfører tiltaka. Dermed må ev tiltak med anna heimel vere klart skilde frå opplæringa og stå under helse- og omsorgstenesta sin mynde og styring (sjå vedlegg). Lenkjer: https://helsedirektoratet.no/nyheter/rundskriv-om-bruk-av-tvang-og-makt http://www.udir.no/regelverk/finn-regelverk-for-opplaring/finn-regelverk-ettertema/laringsmiljo/udir-2-2010---retten-til-et-godt-psykososialt-miljo-etter-opplaringslovenkapittel-9a/ Vedlegg: Brev frå Utdanningsdirektoratet til Fylkesmannen i Finnmark Stavanger, november 2015 Sølvi Ona Gjul utdanningsdirektør, Fylkesmannen i Rogaland
5
6