skular bygde av Norsk Pinsemisjon indianarkoloniar



Like dokumenter
BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

IKT-kompetanse for øvingsskular

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Lønnsundersøkinga for 2014


Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Til deg som bur i fosterheim år

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Jon Fosse. For seint. Libretto

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

«Ny Giv» med gjetarhund

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Psykologisk førstehjelp i skulen

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Plassebakken Barnehage

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Sandeid skule SFO Årsplan

Frå tre små til ein stor.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Informasjon til elevane

Farleg avfall i Nordhordland

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.


Plan for overgangar. for barn og unge

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Med god informasjon i bagasjen

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Brukarrettleiing E-post lesar

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Farleg avfall på Voss og i Hardanger Handsaminga av farleg avfall hjå ulike verksemder på Voss og i Hardanger.

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Månadsbrev for Rosa september 2014

Informasjonshefte Tuv barnehage

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Heile IOP skal arkiverast i elevmappa i P360

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Øystese barneskule April - 08

Kvalitetsplan mot mobbing

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Rådgjevarkonferanse 2009

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Dokumentasjon etter tilbakemelding frå programkomiteen!

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

SAMARBEID HEIM OG SKULE

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013


Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Rektorforum 15. april

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Søking til skuleåret

Oversyn over økonomiplanperioden

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Transkript:

Evaluering av skular bygde av Norsk Pinsemisjon i forskjellege indianarkoloniar i Paraguay. Gjennomført i mars/april 2006. 1

Innleiing. Underskrivne vart beden av PYM om å leia ei evaluering av dei skulane norsk pinsemisjon hadde bygt for indianarar i Paraguay. Evalueringa vart gjennomført i mars og april 2006. Det er resultatet av denne som føreligg her. Med i evalueringsteamet var: Emiliano Vera. Ava Guarani indianar. Bur i Tekoha Pora, Paso Cadena. Er for tida president for organisasjonen til den stammen i Alto Parana-fylket. Koordinerer hjelp frå kraftselskapet Itaipu og fylkesadministrasjonen i Alto Parana til indianarane. Er og med i paraplyorganisasjonen som samlar dei indianske interesseorganisasjonane frå heile landet. Har gjennom det delteke i forhandlingar mellom anna med representantar for senatet. Var områdeleiar for folketeljinga av indianarar i sitt fylke i 2002. Nyt stor respekt både mellom både indianarar og andre. Alba Velazquez. Er utdanna innan spansk- og guaraniundervisning. Har gjennom ei rekkje år vore tilknytt Lærebokprosjektet og Språkfakultetet som eig dette. Ho er av blandingsfolket, - vanlegvis kalla paraguayarar. Har stor erfaring frå arbeid med indianarar. Er for sin store kunnskap innan guarani. Det meste av skrivearbeidet i evalueringa er gjort av henne. Inge Bjørnevoll. Norsk pinsemisjonær i Paraguay sidan 1970. Har gjennom åra opparbeidd kjennskap både til land og folk, og ikkje minst til dei indianarane som har nytt godt av desse skulebygga. Har leidd det såkalla Lærebokprosjektet sidan 1996. Har vore leiar for evalueringsteamet. Har omsett og skrive forklaringar til oppsummeringa og konklusjonen som vart avslutta i Asuncion den 10. og 11. april d.å. Sjølve evalueringa føreligg på spansk og norsk på CD, - med bilete frå dei aktuelle koloniane. Original tekst og bakgrunnsmateriale vert overlevert og teke hand om av PYM, Oslo. Dei gav oppdraget. Asuncion, den 12. april 2006. Inge Bjørnevoll. 2

Oppsummering av innsamla informasjon. 1) Vedlikehald av bygningar. Generelt sett var svara at bygningane vert Bra vedlikehaldne, nokre Svært bra og andre Nokonlunde. I dei fleste tilfelle, omlag 80 %, vert reinhaldet gjort av foreldra og / eller elevar, foreldre og lærarar i lag. Vedlikehald av skulebygningen. 20 % 80 % Foreldrekomiteen og/eller elevar, foreldre og lærarar saman. Andre 2) Kven heldt skuleplassen rein? I 75 % av tilfelle vert det gjort av elevane saman med foreldra og lærarane. Vedlikehald av skuleplassen. 25 % 75 % Elevane saman med foreldra og lærarane. Veit ikkje 3) Kor ofte vert det gjort? Nokre seier kvar 8. dag, men me trur heller at det vert gjort etter som det er trong for det. Der er tider av året då graser veks meir og det må kuttast ofte. På ein av skulane seier dei at kommunen gjorde reint ein gong. Merk: Der er i alt bygt 9 lærarbustader. Fem av desse er i bruk, og 4 står tomme. I 2 av dei bur folk som ikkje er lærarar. 4) Talet på lærarar. Opplysningane stemmer ikkje når det gjeld talet på lærarar, derfor tek me med både opplysningane frå skuleinspektørane og det me fann i felten. 3

4.1. Opplysningar frå skuleinspektørane: I 2005 var det 50 lærarar i alt. Av dei var 3 uten lønn frå staten, mendan alle dei andre hadde det. Av desse hadde 17 lærarutdanning, 14 studerte enten vidaregåande eller lærarskule samstundes som dei underviste. 1 Det var 19 som underviste uten lærarutdanning og som heller ikkje studerte. Opplysningar frå skuleinspektørane (2005) Lærar med lærarutdanning. 38 % 34 % Lærar som studerer. 28 % Lærarar som ikkje studerer. 4.2. Opplysningar innsamla i felten: Der er no (i 2006) 62 lærarar, 24 med lærarutdanning, 26 som studerer og underviser, og 10 som ikkje studerer i det heile. 5 har høgare utdanning enn vanleg lærarutdanning. Alle, bortsett frå 4, hadde lønn frå staten. Opplysningar innsamla i felten (2006) 15 % 8 % 37 % Lærarar med lærarutdanning. Lærarar som studerer. 40 % Lærarar som ikkje studerer. Lærarar med høgare lærarutdanning. 5. Talet på elevar: (Her fekk me forskjellege opplysningar): 5.1. Etter det skuleinspektørane oppgav: I 2005 var der 1163 elevar på desse skulane. 13 skular underviste frå 1. til 6. klasse, 7 skular hadde også forskule, og 3 i tillegg hadde 7. og 9. klasse. 1 Det er vanleg med desentralisert undervisning der dei går på skule på laurdagane. 4

Klassesteg undervist på kvar skule. 13 % 1. til 6. klasse 30 % 57 % Forskule til 6. klasse. 7. til 9. klasse. Merk: På skuleinspektørkontoret var der ikkje statistikk over elevar på kvar einskild skule som ikkje greidde eksamen for oppflytting, eller som slutta i skuleåret. Statistikken større område. Me har derfor ikkje opplysningar om dette frå dei. 5.2. Opplysningar innsamla i felten: No, i 2006, er det 1238 elevar i alt. 12 skular har 1. til 6. klasse, 3 har også 7. og 9., 4 har forskule, og 2 barnehage. Undervisninga vert gjort på føre- og ettermiddag. Ingen hadde kveldsundervisning. Elevar som slutta gjennom skuleåret: Av alle skulane oppgav fleirtalet at 1 10 % sluttar i løpet av skuleåret. I dei tilfelle det vart oppgjeve at 0 % slutta, trur me at det er ukorrekt. Opplysningar innsamla i felten. 90 % 10 % Elevar som sluttar i løpet av skuleåret. Elevar som fullfører skuleåret. Tal på elevar som ikkje greidde eksamen for oppflytting: For 5 fekk me opplyst at alle vert flytt opp etter andregongs eksamen. 5 seier at 1 10 % greier det ikkje, og 3 seier at prosenten er over 10 % Opplysningar innsamla i felten. 85 % 15 % Elevar som ikkje greidde oppflyttingskrava. Elevar som greidde oppflyttingskrava. 5

Merk: I internatet som vart bygt i Fortuna, fungerer no eit snekkarkurs som skal vara i 2 månader. Der var 15 innskrivne elevar. Organisasjonen SAI (Sekretariatet for Hjelp til Indianarane) driv kurser. Fylkesadministrasjonen betaler kurset, og SNPP (Det Statlege Organiet for å utdanna Fagarbeidarar) gjev kursbevis. Det er meininga at seinare skal dei ha røyrleggjarkurs og sykurs. 6. Korleis fungerer skulane pedagogisk? Fleirtalet av dei spurde, 21 personar, svara at dei fungerer Bra, 3 at dei fungerer Svært bra, 6 at dei fungerer Nokonlunde, og 4 at dei fungerer Dårleg. Korleis skulane fungerer pedagogisk. 18 % 12 % Fungerer "Bra". Fungerer "Svært bra". 9 % 61 % Fungerer "Nokonlunde". Fungerer "Dårleg". 7. Vart undervisninga betre etter at dei fekk skulebygga? Det store fleirtalet, 32 spurde, svara at Ja, 1 svara Nei og berre 1 Veit ikkje. 7.1. Skuleinspektørane svara: 4 av skulane fungerte Svært mykje betre. 4 av skulane fungerte Betre. 4 av skulane Nokonlunde som før. 1 av skulane vart Ikkje betre Informasjon frå skuleinspektørane. 31 % 7% 31% Skular som vart "Mykje betre". Skular som vart "Betre". 31 % Skular som vart "Nokonlunde betre". Skular som ikkje vart betre. 8. Korleis vart dei betre? 8.1. Etter opplysningane samla inn i felten: Det mest tydelege var at elevtalet auka. Det vart og nemnt at dei då fekk meir under visningsmateriell, betre lærarar, betre infrastruktur, at bustadane i kolonien vart etre, osv. 8.2. Skuleinspektørane opplyste: Sjølvbiletet og motivasjonen til foreldra og elevane vart betre. Dei meinte og at det som gjorde skulane betre, var arbeidet til lærarane, og ikkje sjølve bygningane. 6

9. Korleis verkar dette samanlikna med andre skular? For alle 13 skulane rekna dei at undervisninga vart betre då dei fekk bygningane. 10) Korleis vart skulebygga mottekne i koloniane? 12 av koloniane er glade for skulen dei fekk. For 1 av dei spelte det ingen rolle. 11) Korleis vart skulane mottekne av styresmaktene? Dei vart positivt mottekne. Undervisningsdepartementet ser på bygningane om ei stor hjelp. 12) Kunne ein få same forbetreinga med mindre utlegg? I 12 av tilfelle meinte dei at kunne ein. I 1 tilfelle meinte dei det var uvisst. Grunnlaget for desse meiningane er uklåre. Dei spurde svara med at dei ville hatt fleire klasserom, meir undervisningsmateriell til lærarane, osv. Ingen kunne gjeva direkte svar på korleis det kunne gjerast billegare reint bygningsmessig. 13) Oversyn over dei som vart spurde. Det var: 9 Hovdingar. 14 Lærarar. 11 Rektorar for einskildskular. 4 Områderektorar. 2 Skuleinspektørar. (Dei som var ansvarlege for dei skulane evalueringa gjalt). Kven som vart spurde. 10 % 5 % 23 % Hovdingar Lærarar Lokale rektorar 28 % Områderektorar 34 % Skuleinspektørar 14. Generelle merknader. Skulane har i desse åra motteke hjelp frå: - MEC 2 - INDI 3 - Fylkesadministrasjonen. - Andre. - Det vart understreka at å få hjelp er avhengig av at hovdingane eller skulekomiteane søkjer og står på. MEC saman med ein organisasjon som 2 MEC er Undervisningsdepartementet. 3 INDI er staten sitt organ for indianarsaker. 7

arbeider for indianarskular har gjeve lærarkurs. Etter det skuleinspektørane seier, er det likevel misjonen som har gjort mest for desse skulane. Behov som vart framlagde: - Trong for meir plass. - Trong for hjelp til vedlikehald av bygningane (særleg låsar, glasruter, mur rundt ein brunn, og måling. I eit tilfelle ynskjer dei seg brunn). - Bokhylle. - Kopimaskin. Andre opplysningar: - I fleire av skulane går også born som ikkje er indianarar. - Ein skule hadde i fjor lese- og skriveopplærin for vaksne. Det måtte avsluttast fordi dei ikkje fekk lønn til læraren. 8

Konklusjonar. Ut frå dei opplysningane som føreligg og det me har sett, kan me seia at skulane er i bra stand. Dei er stort sett reine og velhaldne. Samanlagt har desse skulane eit relativt høgt elevtal. Det er viktig å merka seg korleis staten tek seg av desse skulane i og med at mest alle lærarane har lønn der ifrå. Det er og viktig å merka seg at dei fleste lærarane er indianarar, og at mange har fagutdanning eller studerersamstundes som dei underviser. Det er tydeleg at koloniane støttar opp om skulane, noko som ein kan sjå på reinhaldet av bygningane og områda rundt. Undervisningsdepartementet er og takksam for at det vert bygt skular til indianarane og ser på det som ei stor hjelp for desse. Kort sagt er bygginga av skular for indianarane ein god investering i indianarane si framtid. Me vil også gjeva nokre råd med tanke på eventuelle skulebygg i framtida: - Det bør leggjast vekt på eit godt samarbeid med foreldra i koloniane når ein byggjer skular, slik at dei får eit eigartilhøve til bygningane. - Ikkje planleggja at elevar frå to etniske grupper skal gå på same skulen. - Konstruera like mange skular i kvart område. No er det 9 skular i nord, og 5 skular i sør. 4 - Vurdera talet på born i skulepliktig alder, og at kolonien fungerer godt 5. - Byggja skular som er lette å vedlikehalda, t.d. med dørar og vindaugslemmar av metall (ikkje glasruter) og hengelåsar i staden for dørlåsar. 6 Asunción, den 11. april, 2006 (Originalen har her tre underskifter). Inge Björnevoll Emiliano Vera Alba Velázquez 4 Dette er eit punkt som ikkje går fram av skjemaa, men som Emiliano Vera kom med ut frå samtalane som er haldne. Området i nord er området rundt Curuguaty, og området i sør er det rundt Paso Cadena. 5 Den skulen som truleg vert nedlagd og bygningane ståande tomme, er i ein koloni med store interne konflikter. Som fylgje av krangelen mellom leiarane, har mange flytt frå kolonien. Fleirtalet av dei som er att, bryr seg ikkje om at borna skal gå på skule. 6 Dei vedlikehaldsproblema som ein kunne sjå ved dei fleste skulane, var at dørar av tre var øydelagde, der var knuste glasruter (- det er vanskeleg å få glasrunter innsett i desse områda), samt at dørlåsane var øydelagde. Indianarane i sine hus har ikkje glasruter, og når dei skal stengja huset, vert det event. gjort med hengelås. Me meinar derfor at ein må leggja vedlikehaldet på det nivået. 9